lørdag 30. april 2011

Fredag, helg, you name it:=)

Så passerte klokka tre i dag og det var på tide å ta helg på ny. Det blei jo ei kort uke denne gongen...... Eigentleg hadde eg mest lyst til å dra på hytta, men det blei no til at valget falt på heimen. Det verste er eigentleg at eg skulle til Trondheim på klassetreff denne helga og av alle teite ting, klarte eg å gløyme det!!???!! At det går an.... Eg kom på det i går kveld og så altfor seint til å gjere noko med det. Når ein gler seg til noko og så kan ein vere så "svimåt". Nei, eg har ikkje ord. Beathe i eit nøtteskal. Jaja,, det betyr pengar spart om ein skal prøve å sjå det positive i det. Håpar resten av gjengen får ei knakande kjekk helg. (Eg tenker på dåke).

Eg hat jo tidlegare lært ein heil del berre ved å lese KK. (Eg reknar med dei fleste skjønner det er meint som ironi!!!) Det er ei stund sidan sist, men denne uka slo det jaggu meg til att. Overskrifta "Du veit du er vaksen når......." har riktig så mange punkter under seg. Eg trur kanskje eg oppfyller halvparten av dei. Er eg vaksen då?? Det står ikkje kor mange punkt som skal gjere seg gjeldande. Er det nok med eitt?
Uansett, eg skal nemne nokre av dei. Så kan jo kvar og ein sjølv avgjere om dei er vaksne:=) Lur ide, eller?

1) ..... Du kan seie "eg hugser det som om at det var igår" sjølv om det er tretti år sidan. (Eg skal ikkje påstå at eg hugser så mykje frå dei første leveåra. Betyr det at ein må vere langt over tretti for å klassifisere seg som vaksen? Jaggu meg lærte eg noko nytt av det!)
2) ......Tøfler er såååååååå deilege å gå med. (Hallo????? Kor er samanhengen?)
3) ......Du tør å inrøme at du ser på Hotel Cæsar kvar dag. (Nope.....Eller ja, det tør eg, men ser nok ikkje på det. Sorry).
Sukk, tre punkter til no og eg oppfyller enno ikkje eit einaste av dei. What am I going to do? Help!!
4) ......Datteren din har fått mensen og du kan fortelje om eigne erfaringer med Saba sanitetsbind. (Jaja. Ikkje har eg noko dotter tidleg i tenåra og hallo (!), Saba?? Kanskje ikkje heilt up to date.... Med nærare ettertanke, så er det vel nettopp det som er poenget. Nei, kva skal ein med slikt. No need for that).
5) .....Du liker å dra på helgetur med moren din, berre det ikkje blir for lenge. (Superdupert. Det må eg verkeleg seie. Kjempefornuftige punkt. Dette er jaggu meg årets artikkel. Ingen over, ingen på sida.)
6) .....Du kan steike både påskelam og svineribbe utan å øydeleggje familiefesten. (Endeleg. JA!! Det kan eg. Det fins håp for meg også).
7) .....Du elskar å mimre om barnetvpå 70- og 80-talet. (Joda, forsåvidt. No mimrar ikkje eg til tema som det, men om eg tenker etter, kjem eg på litt av kvart). To poeng til meg, foreløpig.....
8) ....Du har minst tre lån du må betjene, men det er heilt ok, for "alle" har jo det. (Nja, det var jo å ta litt i. Lån, ja, men tre?).
9) .....Du blir glad for å få satengsengetøy i gave. (JA, det blir eg. Kult!) Tre poeng. (Kor spanande...).
10) ....Du heller vil dra på Ikea enn ut på byen ein sein kveld. (Dei to alternativa er vel ikkje akkurat så forenelege i mitt tilfelle. Likevel.....Hadde Ikea vore sååååå viktig for meg, hadde eg vel ikkje sotte her i kveld.)
11) ....Du har minst to kredittkort. (Tenke, tenke.....Trur ikkje det. )
12) ....Du tar ansvar for eige sexliv, også når kjæresten ikkje er heime. (Definitivt ja! Klart det. ) Fire poeng. Juhuuuu...
13) ....Du synes Jonas Gahr Støre er kjekk. (Ehh....Har alltid hatt sansen for eldre menn, eg. Thihihihi....)
14) ....Du tør seie noko upopulært på jobben. (Joda......Så her innkasseres poeng nummer 6). Byrjer å bli litt stolt no:=) Sjølv om eg har hoppa over nokre nei-punkt innimellom. Det lar eg berre vere å kommentere her, så er det ingen som veit det.
15) ....Du har stavmikser i kjøkkenbenken. (Det har eg no hatt sidan eg var 20.) SJU.
16) ....Du, til trass for at du har stritta imot så godt du kan, er blitt akkurat som mor di. (Veit ikkje heilt om eg tør svare på den.... Farlege greier:=) Tja, det er vel litt rett i det, men likevel så er det no eingong at det er mykje av pappa i meg. Så eg trur eg gjer meg eit halvt poeng for denne). 7,5
17) ...Trangen til å vaske stuegardinene kommer kvar vår. (Om det er ein trang som kjem eller ikkje, skal vere usagt. Vaska blir dei.) Åtte,5!
18) ...Du syns det er både riktig og viktig å gå til innkjøp av oppbevaringsbokser til musli og kveitemjøl. (Tjo, i alle høve til mjølet).  9,5
19) ...Du ahr bytta karriere eller i alle høve har du byrja å tenke på det. (Jeezzzes, kor gamal skal ein eigentleg vere for å bli vaksen??)
20) ....Du trener for å få tid til deg sjølv. (Delvis rett). Ti poeng.

Det er kanskje 8 punkter eg ikkje har tatt med og alle dei ville fått svaret nei. Så 10 av 28. I mitt hovud blir det sånn rundt avrekna ca 36%. Trur det skal stemme bra.... Det betyr jo eigentleg nei til 64%.
Oh, my God. Det er berre å konstantere at eg framleis er ei skitræv. Det kan i tillegg sjå ut som at det vil ta maaaaange år før eg får nok poeng til å score høgare. Jaja......Med tanke på at eg elsker å vere litt barnleg, så passer det jo forsåvidt godt. Det veks eg vel aldri av meg (håpar eg!!).
Det er mykje nytt å lære i denne verda......

Sidan det er så mykje å rope hurra for i kveld så kan ein jo velje å ta med at minstemann har hatt DS-LAN i kveld. Jepp! Det er sikkeret ikkje noko som heiter det, men alle forstår vel kva som meines med det. Det blei jo eigentleg ganske interessant. Eg fekk med meg alt om kven dei er kjæreste med, kven dei har kyssa osv....Mange røyndomer kan eg informere om. Sa eg at dei er i alderen 6 og 7 år?? Bør eg uroe meg?? Eg berre spør. 6-åringar som kyssar kvarandre....er det heilt normalt? Hehehehehe..... Eg flire no litt for meg sjølv.

Så skal eg også krype til korset og innrømme at eg har brukt seinkvelden til å sjå på dagens bryllaup. Rørande var det. Brura var vakker og så trur eg det nesten må vere den lengste kyrkja eg nokon gong har sett.
Litt dumt at dei gløymte å invitere meg til festen i kveld. Tru kor artig det kunne vore. Eg og prinsen:=) Eg skulle ikkje spart på kruttet.

Wish you could be the one, the one who puts the arms around me.

Hasta luego!
'
<3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar