søndag 27. juni 2010

Laks meg her og laks meg der......!!

Eg har oppdaga ein ting og det er at vi er hamna midt i noregs hovudstad når det kjem til fisking!! Etter å ha køyrt i 80 mil var det endeleg tid for å køye, trudde vi. Neida...... Sidan vi visste det er flust av overnattingsstader langs E6, ringte vi ikkje og bestilte noko rom. Så lur var vi!! Følgjene blei at vi endte opp med 90 mil med køyring, eller rettare sagt 89,8 mil!!!! På kvar einaste overnattingsstad fekk vi beskjed om at det var fullt pga fisking. Det er tydlegvis mange fiskarar i landet..........

Ein ting er sikkert, og det¨er at det er ein "liten" gut som skal ha masse skryt!! Han var berre så flink heile vegen. Det var stort sett ikkje masing i det heile! At ein seksåring sit i bil i 90 mil (vaken heile tida) utan å klage......Ja, det syns eg er bra!

Kvelden før vi dro la vi oss allereie klokka halv åtte. Slå den!?! Det gjorde at vi kunne starte tidleg med å køyre frå Korsnes. Vi starta rundt åtte (laurdag) og sundag kveld klokka åtte var vi framme her på Husnes, ca.160 mil lengre sør i landet.

Det er store ulikskapar her til lands. Eigentleg er det ganske fasinerandes å studere korleis det meste endrar seg jo lengre sør ein kjem. Det med at Nord-Noreg har dårlege vegar skal vi berre gløyme å kommentere. Dei som påstår det har ikkje køyrt langs Hardangerfjorden og ellers på Vestlandet! Standarden til E6 er eit eige kapittel. Det burde jo vere ein veg som har høg standard heile vegen. Neida.....Slik er det nok ikkje. Det er ikkje mange stadene den er ok. No skal sjølvsagt den rare vinteren som har vore i år ha eindel av skulda. Det er vel ikkje så lenge sidan telehiva forsvann og vegane har vel ikkje heilt fått retta på seg. Det gjeld der vegen er brei nok!!! Så kjem alle dei strekningane som vegen er smal. Huttetu!!!! At det går an.....Eg sei ikkje meir.
I løpet av turen hr det vore eindel fjellovergangar. Prøver meg på ei lita oppramsing, men kan ikkje garantere at eg hugsar alle. Saltfjellet, Dovrefjell, Valdresflya, Golsfjellet, Hardangervidda og så er det vel ein fjellovergang nær Majavatn?? Uansett, det er mange fjell å køyre over. Ikkje eitt av dei hadde god standard. (No er sjølvsagt ikkje Hardangervidda langs E6. Det kjem vel heller inn under vestlandvegar). Vi kom oss velberga over dei alle!

Fram til vi kom til Mo såg vi stort sett ikkje eit einaste dyrr. Etter Mo tok det seg opp meir og meir til ein eksplosjon av dyr på slutten. Eg går ut frå at klimaet rundt om i landet er med på å avgjere kva dyr som er på dei ulike områda. Det samans med andre årsaker. I nord var det ei og anna ku som dukka opp. Då vi entra fylkesgrensa og Trøndelag dukka det opp litt sauar også. Titt og ofte såg vi kyr og innimellom litt sauer. På veg ut av Trøndelag var vi så heldige å få auge på ein liten dådyrunge. Då visste vi at vi var entra sørlegare strøk, ja! Den var superskjønn....
Jo lengre sør vi kom, jo fleire hestar dukka opp. Då vi passerte forbi eit pittelite føll og Steffen høyrte at eg "sukka" spurte han meg: "Mamma, sku vi ønska at æ hadde det føllet??" Eg sa sjølvsagt ja og fekk då til svar: "Æ ønska at du kjøp den i bursdagsgave tell mæ!!" Ferdig med den saken. Sjølvsagt er det berre å kjøpe eit føll!?!
Vi hadde sjølvsagt som hovudmål at vi skulle få sjå ein eller annan moskus på vår ferd over Dovrefjell....... Hmm! Den gang ei. Jaja, vi har sett moskusar før, så det går greit.

Eg har ikkje berre sett dyr. Eg såg Ikea og!!! Dit skal eg!!! Problemet blir eigentleg å skjønne kva tid ein skal ta av vegen for å ikkje hamne langt forbi butikken. Den er liksom på feil side av vegen når vi skal nordover. Med ein mann bak rattet som har fryktelig "god" retningssans så går vel det bra!?! Eg får hoppa av bilen og springe over vegen!! Hehe......

Som mor har eg lært ein ting i dag. Det er at når det kjem til Vøringsfossen så skal eg aldri meir ta med meg nokon som betyr meir enn verda for meg dit for å gløtta på fossen. Så viktig er faktisk ikkje denne serverdigheita!! Eg veit det ikkje er meir enn to år sidan sist ei kvinne døydde etter å ha falt utfor stupet der. Ikkje skjønnar eg kvifor dei ikkje set opp eit gjerde langs kanten!??! Går du utpå kanten og føler det suget det kan gje deg, ja, då slit du! Fleire hundre meter rett ned.......Eg var sjølv heilt utpå kanten for n'te gong i livet mitt. Eg er like redd kvar gong. Forkjellen denne gongen var at son min var med. Endå etter at eg hadde satt meg i bilen att ville eg grine! Det var heilt grusomt!!! Berre tanken på at Steffen har vore i nærleiken av den kanten gjer meg heilt skjelven. Så det er siste gong han får sjå den før han bestem slikt sjølv....
Eg trur eigentleg at han syns det var meir fasinerande med tunnelane som gjekk ned fjellsida der. Det at ein kunne køyre i spiral var veldig rart!!

På stader som ned frå Vøringsfossen skjønnar vi kvifor dei har så mykje betre vegar i Sverige, blant anna. Det er ikkje like lett å lage så fine vegar som i Sverige her til lands. Steinrøys på steinrøys, fjell etter fjell. Det er nok meir kostbart å lage veg her i Noreg. Vi har eit spesielt landskap!!
Frå Eidfjord og heim til Husnes er det berre fantastisk fint, men smaaaaalt!! Der kan dei med rette klaga på vegane...... Sjølv om det er smalt har dei fantastiske forhold langs vegen. Det skal dei ha. Utroleg vakkert!!
Ingen stader har dei vel så mykje frukttre som i Hardanger. For meg så er det ikkje akkurat så stort å sjå dei trea, det har eg gjort flust av gonger før. Eg er liksom vekst opp med det..... For ein som ikkje har sett det før, så er det ei mektig skue å sjå. Langs heile vegen......

På denne smale vegen som går langs Hardangerfjorden var vi så heldig at vi fekk ein bil i frå Mosjøen foran oss. Ikkje veit eg, men det virka neste som at føraren av bilen ikkje var heilt edru (men det var han sikkert). Han varierte heile tida på farta. I 80-soner varierte han frå 30 km/t og opp til 70. Aldri var han oppe i den rette grensa, og han låg MIDT i vegen heile tida. Då seier det seg sjølv at det ikkje gjekk an å passere han heller. I slike episodar er det lett at mange irriterer seg over andre i trafikken. Berre for å ha det sagt....Det var IKKJE eit kvinnfolk bak rattet!!! :=)

No er vi framme. Endeleg! Steffen har gleda seg slik at han ikkje har fått til å sove i bilen. No er han her, og morgonplanane har han lagt allereie før han kom hit. Mommo fekk full rapport i det same han entra dørstokken. Det er nok noko som inneber bruk av pengar!!! :=)

Vi har sol!! Vi har forhåpentlegvis gode og late dagar foran oss. Det er ferie!!

See you later alligator...:=)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar