onsdag 19. mars 2014

Det er ikkje lenge før det eg skal til Israel. Avreise er frå Bodø no på fredag, så ergo er det ganske nært foreståande. Då er det ganske betryggande å lese på nettet at det så absolutt ikkje er fredeeg ved Gaza og sør i Israel i desse dagar. Det har tydlegvis vore bomberegn i går, og no truar Israel med full okkupasjon av Gaza.

No er det ikkje Gaza eg skal til, men Jerusalem. Det eg imidlertid har sjekka, er litt avstandar i mellom dei ulike "punkta". Frå Tel Aviv skal eg ta ein buss til Jerusalem og det eg kan lese ut frå reiseruta, er at det skal ta sånn høveleg ein time.
Når eg då ser på kartet og måler avstanden frå Jerusalem til Gaza, så er den litt lengre enn til Tel Aviv, men berre litt. Eg veit ikkje om det er snakk om to timar unna?! Skal eg sjå på millimetrane, er det kanskje kortare enn desse to timane. (Eg gidd ikkje google det, for då slepp eg å få meg ei overrasking…..)

Jaja, det er sikkert heilt trygt å opphalde seg i Jerusalem og skal eg vere heilt ærleg, ja så er eg eigentleg ikkje så bekymra at det gjer noko. Det er først når eg byrjer å tenke på sonen min og "dersom" det skjer noko. Då kjenner eg at tårene ikkje er langt unna. Det er rart med det……
Eg har lagt meg saman med han kvar kveld i det siste av di eg veit eg skal vere borte ei stund. Då kjenner eg at eg blir litt meir intens enn vanleg. Det er om å "suge til seg" mest mogleg mor/son-energi.

Hvis det ikke stilner i sørlige Israel, vil det bli veldig bråkete i Gaza. Betryggande…….

Det blir sikkert ei stor oppleving å få besøke landet. Sjølv om mykje av tida går med til studier, er det også lagt opp til at vi skal få oppleve litt. Blant anna skal vi til Dødehavet, Negevørkenen, Holocaustmuseet og på guida tur i Gamlebyen. Det blir nok ganske spesielt å vere der.
Så her ein jo også høyrt at det skal vere bra å bade i Dødehavet, og då blir det vel det også. :=)

Jaja, eg må berre få kontroll over desse morskjenslene og sleppe taket på dei tankane som ikkje treng å oppta plass i hovudet mitt. Det er rart med det…. Eg er sikkert langt ifrå den einaste mora som er slik.
Så håper eg verkeleg at det er Internett dit vi skal, for då kan eg jo "skype" heim innimellom.

Ellers er det ei som har googla og funne ut at eg er verdt 15 kamelar!! Så alle bod under det vil glatt bli avvist. Eg er stygt redd for at boda då vil utebli!! Men aldri om eg sel meg sjølv på noko billegsalg. Det er ikkje akkurat som G-sport som sel ut ei vare til 30% av opprinneleg pris av di den eigentleg ikkje er verdt meir. Dei får så dei dekker utgifta si. Hahaha…..

Nei, når eg er ferdiggaula, forhåpentlegvis før vi kjem til Gardermoen, blir det ein heilmaks tur! Definitivt.
Heimlengsel får eg uansett, det veit eg alt om……….

Eg skal vere flink til å ta bilete og så skal eg prøve å skrive litt frå reisa her inne. Eg legg nasen mot Bodø i løpet av morgondagen, så då blir det stille her eit par dagar før det kjem ei oppdatering.
Inntil då…… Ha det supert!

Hasta luego!

IWALY!!



tirsdag 18. mars 2014




Eg var litt seint ute med å få tatt bilete i går, så eg endte opp med dette. Det er to fly som er ute og "kosar" seg…….. Dei kom side om side og så vendte dei seg utover, kvar sin veg og laga eit flott mønster.
At det var to fly, oppdaga eg ikkje før etter ei kort stund. Først så eg ei sikksakkløype bortetter himmelen og trudde nesten at det måtte vere eit fly med ein rusa pilot. (Mønsteret er sjølvsagt utanfor biletet her…) Så såg eg plutseleg at det var to fly som leika seg og ergo reknar eg med at dei er ein del av den store millitærøvinga som har vore………
Eg tenker det må føles ganske befriande å fly der oppe og berre gjere dei krumspringa dei vil.

Biletet over vitnar jo også om at vi har fine dagar for tida. Vi har hatt fleire slike soldagar no, og eg må ærleg innrømme at det har vore deileg. Kanldt, men nydeleg.

I går las eg ein artikkel om det å få born og ikkje greie med det. Eller…… Det handla vel sånn grovt sett om at det skal kuttast ned på bornevernsida. Uansett, eg kjem no vel til poenget etterkvart.
Eg skal vere litt forsiktig, for det er eit litt ømtåeleg tema for enkelte og meininga mi er alt anna enn å "dømme" nokon. Men det er no eingong slik at eg har eit spørsmål som eg ønsker å stille, og denne artikkelen gjer tankane mine og spørsmålet gras å gå på.
Eg kan likesågodt, først som sist, stille spørsmålet og det er "Kva rettigheiter har eit born som er på tur til å kome ut av mora og inn i den vide verda?" Det blei kanskje litt teit formulert og eg er slett ikkje sikker på at du som lesar skjønnar kor eg vil med spørsmålet. Ergo må eg utdjupe det litt…….

Av og til hender det at unge menneske som ikkje burde bli foreldre enno faktisk går hen og blir gravid. Unge menneske med ein bakgrunn som gjer at det vil bli vanskeleg å oppdra eit eige born.
"Thea" på 21 år er eit slikt menneske. Ho var berre seksten år då ho fekk det første bornet sitt. No ventar ho nummer tre. Sånn rundt rena betyr det at det tredje bornet kjem innanfor ei tidsramme på fem år. Rimeleg tett, med andre ord.
I utgongspunktet er ikkje dette verdas undergong. I ei perfekt verd ville dette gått heilt greit. Problemet er at då det første bornet meldte sin ankomst, hadde ho inga peiling på korlei ein skulle ta ansvar for ein baby. Det endte med at bornevernet tok seg av dei begge.
Det er noko som heiter "Senter for familie og born". Her endte "Thea" opp og fekk delvis opplæring i det å vere mamma.
På sikt klarte ho det ikkje og gav frå seg bornet for at bornet kanskje kunne få det betre ein annan stad.
I dette tilfellet kan det hende at det var ein smart ting å gjere.

Så går ho hen og får endå eit born. I dag har ho ikkje den daglege omsorga for dette bornet heller. I dag er ho gravid med nummer tre og fryktar at viss det kuttast i midlane til "Senter for familie og born", har ho ikkje nokon plass å kunne kome til når bornet kjem til verda og er difor redd for at ho kan bli frateken bornet sitt ved fødselen.
Ho meiner ho har blitt meir moden og at ho med rettleiing kan klare å få det til med dette bornet.

Så attende til spørsmålet mitt. Kva rettigheiter har bornet? Å få born er ein egoistisk handling. Det er noko dei fleste får av di dei ønsker å formeire seg og bringe slekta vidare. Likevel, det er ikkje ein menneskerett å få born?! Eller tar eg heilt feil?
Er det å få born noko ein kan eksprimentere med? At dersom det ikkje går så er er det berre å sette det bort. Så kan ein få nye og nye born heilt til ein endeleg klarer å ta seg av eit born……
Eit born har aldri bedt om å få bli født, og det kan umogleg vere slik at det er eit mål å skape flest mogleg fosterborn?
Det er fantastisk at det er såpass mange som tar til seg fosterborn. Det er nok nokre born som blir født inn i "feil" familie, og då er det flott at det fins menneske som kan hjelpe desse borna. Likevel meiner eg at ein i utgongspunket ønsker at antalet på slike born er minst mogleg.

Som eg skreiv lengre opp, skal ikkje eg "dømme" nokon, men eg syns at det blir heilt feil av "Thea" å seie at ho føler seg meir moden no og at det kan gå greit viss bornevernet hjelper ho.
I utgongspunktet er jo det å få eit born og følge det opp, noko ein skal klare på eigenhand. (Sånn satt litt på spissen.) Blir det ikkje så feil overfor bornet å ha den haldninga at ein skal prøve og sjå korleis det går, og viss det ikkje går så får andre overta?
Kva utgongspunkt kjem dette bornet til verda i? Det er nesten som at det å få born er som "tombola".

Når "Thea" seier at kanskje konsekvensen av nedskjæringane vil føre til at endå eit born må vekse opp utan si biologiske mor, er det kanskje noko ho burde tenkt på før ho går hen og lager nummer tre. Det er nærliggande å tru at ein skal lære av det livet bringer og etter å ha fått to born som er satt bort……….
Det blir litt for enkelt å berre bli gravid av di ein veit at det fins eit vern som tar seg av bornet om det ikkje går.

Det er nok mange som gjer nokre uheldige valg i løpet av livet. Ingen er feilfrie. Likevel er det viktig å ta vare på alle dei borna som blir fødd inn i denne verda. Å kjenne inni seg at ein har lyst på eit born er ikkje alltid nok. Det er ikkje alle som har nær familie som kan hjelpe. Spesielt viss det er snakk om unge mødre.
Det fins mange solskinnshistorier, men det fins for mange av dei historiene som er det motsatte også.
Born burde ha ein rettigheit som seier at dei skal fødast inn i trygge armar. Ikkje finne dei når dei først har rukke å ha levd litt. Dei første ukene er dei viktigaste ukene.

Det er klart at det er trist at borneverntenesten må ta sine kutt. Det er sikkert "katastrofalt" for enkelte. Jo sterkare bornevernsteneste, jo betre! Men tenesten skal ikkje vere den back-up-planen ein har i tilfelle ein ikkje får det til.
Viss ein er redd for at bornet skal bli tatt i frå seg, stemmer det kanskje ikkje heilt at ein er så mykje meir moden. Hadde ein vore meir moden og klar for å få born, hadde ein vore meir trygg på seg sjølv og at det vil gå bra. Eg vonar og trur at eit bornevern ser slikt……

Dette er ei ømtåelege sak, men diverre er den ganske "up to date". Ein skal på ein måte vere forsiktig med å meine noko som helst, men det er vanskeleg å la vere. Eit morshjarte kjenner det innerst i hjarterota når ho tenker på at born får ein slik start på livet.
Heldigvis fins det mange flotte menneske som stiller livet sitt til disposisjon for gjere sitt ytterste at slike born skal få ein trygg og god oppvekst. All ære til dei!

Nei, det er seint og eg kjenner augelokka har byrja å henge litt. Det er på tide å finne Jon Blund. Han er sikkert ikkje langt unna. Wallander blir "dissa" i kveld, det får han berre tåle. Unge jomfru Knutsen har andre planar. Zzzzzzzzz……..
Ha ei god natt! Sov godt!

Hasta mañana!

IWALY!!

søndag 16. mars 2014

Oh, my God, det var herleg å gløtte ut av vindauget i morges……og det til trass for at klokka berre var seks. Det er fint å sjå ut når du på ny går under dyna veit at når du skal stå opp så er himmelen heeeeeeilt blå!! Sol og blå himmel gjer noko med med både kropp og sinn.

No har eg ikkje lest KK på ei god stund. Eg sa jo opp abbonementet for ei tid attende, litt sånn der av di eg ikkje var nøgd med utviklinga bladet for framtida. Det blei veldig mykje som ikkje fenga meg, så kvifor abbonenere på det då? Så…….
No har det gått ei stund og dei i KK har tydlegvis tenkt at dei kanskje kan prøve å freiste meg med ein velkomstpakke verdt ein god del om eg kjem attende til dei. Det er jubileumsår og eg har fått ei "feit" utgåve av bladet. Diverre for dei har eg ikkje tenkt å bli kunde på ny. Skulle behovet trenge seg på, tar eg berre turen opp på daglegvarehandelen og kjøper eit blad.
Med tanke på at bladet hamna i postkassen hos meg rundt 14.februar (ifølge framsida på bladet) og eg les det først i dag…….. Svaret er vel allereie gjeven.

I og med at vi er i eit jubileumsår, er det klart KK vil framheve at dei er ei norsk moderne historie. Dei gjer jo trass alt tips, guiding og inspirasjon til den ellers så grå kvardagen. (Neida, den er ikkje grå…..Det berre passa så godt inn.)
Tusenvis av kvinner er dressa opp, så det blir mange "Bli ny-damer", det. I dag har dei Noregs største nettstad for kvinner og dei samlar kvinner til store eventer.
Så med jubileumsår for heile Noreg og jubileumsår for KK (140 år) kan ein kanskje forvente at dei slår på stortromma. Så attstår det å sjå om dei klarar å halde rytmen og ikkje minst om dei kjem til å gå i takt med resten av korpset.

Eg må faktsisk bla heilt til side 50 før det kjem noko som kan kallast for noko anna enn mote. Det kjem ikkje til å skje at eg studerer dei der klesbileta, for kvifor skal eg glo på noko eg aldri kjem til å vurdere å kjøpe eingong? Så avansert er eg ikkje.
Vil eg ha nye klede, dukkar eg opp i nokre klesbutikkar og gløttar om dei har noko av ineteresse. Null stress…..
Men så spørs det…….. Kva er det som dukkar opp på side 50 som gje at eg ikkje vil kalle det for mote lenger? Joda, eg får blant anna vite kva Erna Solberg brenner for og kva huslege syslar ho ikkje føler at ho får til. I tillegg får eg lære kva Kristin Halvorsen gjer  blaffen i og kva ho gjer for å slappe av.
Linn Skåber er singel og blir mest provosert av kvinner. Jålekvinner som er mest opptatt av kor jakka si kjem ifrå og det å stå i parken og ta selfiar for å vise fram kleda sine. (Hmmm……Kanskje ikkje ho Skåber les motesidene ho heller….nett som eg? Tøft!)
OG kor interessant er det ikkje å få vite kva Cecilie Skog vil bruke dagen sin på om ho får ein fridag i morgon.

Side 61 står det noko eg definitivt ikkje visste. Jens Stoltenberg har faktisk vore spaltisk i KK!! I eit jubileumsår er det klart at han må få slippe til, han også. Så han har skrive "Til en mor". (Sjølvsagt eit kvinnetema.) Så eg skal lese kva han skriv og vurdere om han faktisk egnar seg til å vere spaltist.

Joda, det er vel ingen som ikkje veit at mannen kan snakke for seg. Til ei mor klarte også å formulere seg bra. Mora var alle kvinnfolk med born. Han veit kva vi kvinnfolk vil høre og seier sjølvsagt ingenting vi kan arrestere han på. Viss han i tillegg meiner alt han seier, er det sikkert mange som forelsker seg i han og ønsker han var deira. :=) (Han har faktisk forstått at kvinner KAN gjere fleire ting på ein og same gong, i motsetnad til ei anna gruppe menneske - som eg skal la vere å lage fellesnamn på. Kvinner vil skjønne kva eg meiner tvert……..medan den andre gruppa sikkert vil fundere litt på det først og så forstår dei det sikkert dei også.)

"Hjemme hos"-reportasjer er berre  å styre unna.Dei er berre fulle at eit hus eller ei leiligheit som er nyvaska og "shaina" som om det er daglegdags at det ser akkurat slik ut. Nei, skal det vere "Hjemme hos" så burde dei dukke uanmeldt opp og verkeleg fange augeblikket. Då kan det hende det er treningsbukse istadenfor den kuleaste buksa, kanskje eit surt og usminka "tryne" istadenfor smil som gjer at dei lekre nypussa tennene er på tur ut av kjeften og ikkje minst får fok sjå at det faktisk er heilt naturleg at alt ikkje er tipp topp til eikvar tid.
(No har KK ein slik reportasje i denne utgåva, men akkurat i denne er det meir sånn der rot med system i og heilt greit smil.)

Viss du skal halde tale ein gong i løpet av dette året, kan faktisk Mia Gundersen hjelpe deg! Eller eit heilt foredrag om du vil……….
Akkurat det kan jo bli interessant, eller? Kva kan ein forvente då? Ikkje lett å forutsjå…….  Då er det vel hakket betre å be han der Peder Kjøs om å gje forholdet eit piff. (Ditt eiga forhold, sjølvsagt…. Eg tvilar på at du får innleie noko forhold til han.)
Tone Kroken kan pusse opp stova di! (For min eigen del, er stova rimeleg fersk….., men kan eg no få velge ein annan del av huset…….Meir spesifikt nede ein stad, ja då kan det jo kome på tale.)
Kven kan vel få eit betre år enn at Tone Kroken pussar opp for deg, Peder får forholdet ditt på glid att og Mia Gundersen sørger for at du held DEN glitrande talen i "feiring av nyoppussa heim"-festen? Det må jo vere lykke på jord!
Alt kan skje berre ein sender KK ein e-post med ei eller anna ufatteleg god forklaring på kvifor nett "du" skal vere den heldige. (Kan ein vere så heldig at ein vinn alle tre?….Neppe…..)
KK påstår at dette er fantastiske ekspertar, og står det i KK, ja då stemmer det vel.
(Hmmm…..kjenner eg nokon eg kan sende inn forslag for?? OG ikkje minst- kva er straffa om ein blir avslørt?) HAhahahaa……

Nei, eg pakkar heile bladet bort. Eg skjønner kvifor eg "ga opp" heile prosjektet.
Klokka no er berre halv ni, så det er jo eit hav att av denne kvelden. Kva skal eg finne på når eg allereie  har skrive her? Han Wallander får kanskje ta støyten……. og så har eg vel strengt tatt ting eg må byrje å planlegge. Eg har jo nedtelling til noko spanande. Five days left…… Tjajajaja……. Det kjem alltids ein onsdag og kanskje ein torsdag. Dei egnar seg sikkert til slikt.
No er det lesing med minstemann. Kvalitetstid på sengekanten! Så det er berre å skunde seg så han ikkje må vente.
Uansett, gammal eller ung……ha ein fortsatt super kveld. Nyt sundagskvelden, for i morgon er det ny uke att. :=)

Hasta luego!

IWALY!!!


lørdag 15. mars 2014

Etter å ha drøymt kampoppsett over halve natta til idag (og delvis natt til i går) og etter å ha forbanna heile Vardehorn (eller uansett anna ferge som krysser fjorden her), så har eg funne sofaen og fått stadfesta for meg sjølv at det er deileg å berre strekke føtene ut og ikkje gjere noko som helst.
Ein lang dag er over, lang, men likevel fin. 260 fotballglade born som har berika dagen vår på mange måtar.
Mange foresatte og ungdom som som har vore i sving………. Det er mykje som skal klaffe på ein slik dag, og eg syns vi kom bra ifrå det!
At eg forbannar heile ferga, skuldast at det er vanskeleg å få sydd ihop eit opplegg der eit hav av lag som er avhengige av ferga skal tilretteleggast for. Jaja, "ferga sjølv" skal i alle høve ikkje klage. Dei har gjort sine pengar på denne dagen! Det er ikkje berre, berre å skulle ta unna alle bilane som har vore eit prov på at ting skjer, også her i bygda. Då eg var nede og leverte noko på to-ferga, kom ho seg ikkje frå kai før ti minuttar etter skjemaet.

HAhaha…….Eg har sotte her i alle fall ein halvtime og berre sett ut i lufta. Hjernen evnar ikkje å kome på noko å skrive om. Snakk om skivebom då eg tenkte eg skulle innom for å skrive. Akkurat den tanken vitnar no i alle fall ikkje om særleg høgt nivå innnanfor sjangeren "det å tenke på ein laurdagskveld". Sånn eigentleg var det berre bortkasta energi. Like bortkasta som at eg faktisk sit og skriv enno.
I tillegg er det ein yngre kar som sit og stiller spørsmål om kor mykje 100 820 minus eitt eller anna er. Hallo? Han har verkeleg ikkje forstått at han ikkje vil få noko fornuftig svar i kveld. Det er berre slik det er!
Nei, det er berre å innsjå at det er liten vits i det å stirre på ein skjerm utan målog meining, eller rett ut i lufta for den del. Så då blir det ikkje slik resten av kvelden. No blir det heller heimlaga pizza (sjølvsagt oppvarma frå "farne tider"……..og sløving.
Uansett….Ha ein fortsatt fin laurdags kveld!

Hatsa luego!

IWALY!!!

fredag 14. mars 2014

Det blir ein "hektisk dag i måro, så difor går jomfrua til sengs allereie no. Ho er vel vitande om at døgeret enno har ei stund att, men vitet har tatt overhand! :=)

Så då er ho attende i mårokveld.

Hasta mañana!

IWALY!!
Brudeparet kranglet så mye at flyet måtte nødlande. Kanskje ikkje det smartaste ein gjer rett etter at ein giftar seg………Å starte det nye livet saman med ein krangel som er så heftig at eit fly må naudlande. Hahaha……. Ein skal vel ikkje flire, men korleis kan ein eigentleg la vere. Det blir jo på ein måte litt komisk. Tragikomisk.

Det er vel ingen som får sjokk av at alkohol var ein del av biletet. Brudgommen var nok bra full. (Det måtte jo sjølvsagt vere mannen sin feil!! Thihihi……)
Så då blei det naudlanding og hjelp av politiet som blei løysinga. Den stakkars brura måtte starte brureferda si åleine, men det treng ikkje vere negativt, det. For alt eg veit kan det hende at ho syns det var heilmaks. (Sjølv om eg har mine tvil…)

I og med at det har vore så mange overstadig berusa folk ombord i fly dei siste åra, er det jo nærliggande å tru at selskapa snart innfører nulltoleranse for alkohol på flygningane sine. Det handlar trass alt om folks tryggleik og det er ingen som tar skade av det om dei må gjennomføre ei flygning utan prosentinntak.
Samtidig vil det vere positivt for dei borna som "må" reise på ferie med foresatte som blir alt for full på flyturen nedover mot reisemålet og ferien blir alt anna enn det dei ønsker.

Eg seier ikkje no at folk ikkje skal nytte alkohol i løpet av ferieturane sine. Dei fleste drikk nok med måte……Eg siktar kun til dei som har små born og blir overstadig berusa. Korleis klarar dei å ta vare på borna?
Og så vel utgongspunktet denne rusa mannen som sørga for mellomlandinga. Sjølv trur eg at eg hadde blitt veldig så ublid om eg ikkje kunne få dra direkte til reisemålet mitt av di ein eller annan fjomp ikkje hadde vit til å oppføre seg høveleg normalt.

Så spørs det korleis det gjekk….. Det står ingenting om kva starten på ekteskapet fekk å seie for fortsettelsen.

At det fins mange galne kvinner i denne verda er vel ikkje noko nytt. Eg har tidlegare skrive om at i Amerika må ein sikre seg mot søksmål i bruksrettleiinger ved å ta "alle" forholdsreglar. Døme på det er at ein ikkje kan tørke ei katt i ein mikrobølgeomn.
Greit nok det……., men kva når ein brukar mikrobølgeomnar for å straffe ei katt?
Det er ikkje berre "over there" dei er galne. Galne kvinnfolk finn du i England også. Uheldigvis sel dei mikroomnar der også.

Det var ei katt som blei litt for ivrig i jakta på mat. Ho valgte rett og slett å spise familiens gullfisk. Det falt sjølvsgat ikkje i god jord hos eigaren, så kva eigna seg betre som straff enn ein mikrobølgeomn? Ho putta katta inn i omnen og starta den. Er det rart eg seier ho er galen???
Eg trur vi skal vere glad for at det ikkje fins så store mikrobøleomnar at det er plass til born inni. Tenk berre på kor mange born som kunne risikert å hamne i omnen etter å ha gjort litt "djævelskap".

Nei, jomfrua har hovudet alle andre stader enn der det skal vere i kveld. Ute er det alt anna enn godvèr. Vinden uler……Eg håper berre at det ikkje blir så mykje i natt at det blir vanskeleg å sove. Noko øyreproppar skal eg i alle fall ikkje putte inn i øyrene.
Jaja, eg er vel meir på stasjon i morgon, så då får eg heller vere litt meir kreativ då.
Ha ei god natt! No legg eg meg…..

Hatsa mañana.

IWALY!!

onsdag 12. mars 2014



Det er dei små tinga i livet som gjer glede………sånn som til dømes det å kome på arbeid om morgonen og finne eit ark som dette på arbeidspulten sin. Snakk om fin start på dagen!



Eg vil påstå at vedkommande har truffe ganske bra…… Thihihihihihihi……… sånn bortsett frå at eg er litt usikker på kor han der "Per" kjem inn i biletet. (Hahahahahah…..)
Uansett….. Om eg tar alle desse ulike delane som er rundt omkring på arket, ja då blir vel fasiten MEG.
Veldig hyggeleg <3 nbsp="" p="">(Den med utedoen var jo då best! Eg er glad eg ikkje er mann, for då hadde vel håra fryst fast i ræva på den kaldaste vinteren…….Hehehe…… Sånn sett er det litt rart at ikkje menn er meir pågåande for å få innetoalett på hyttene sine.)

Medieverda har verkeleg lite å skrive om når ein dag etter dag kan lese om at eit kvinnfolk har måtta avlyse ein konsert i 2004 pga ei kvise. Juhuuu….så spanande! Eh……
Det er snakk om ei som speler trompet, og sidan kvisa kom på leppa blei det vanskeleg å spele. Javel? Kva er så spesielt med det, liksom?
Det er stort at ein må lage sak på det 10 år etterpå…………… Eg såg at det var ei sak om det i går. No nettopp la eg merke til at same saka er med i dag, men med anna layout. Ergo er det ein annan som har laga sak om det same som ein gjorde allereie i går (om ei sak som straks er like utdøydd som dinosaurane).
Det er nesten som om at eg føler for å omskolere meg. Kanskje ta jobb i VG eller Dagbladet…….. Eg veit i alle fall forskjellen på "nok og nokk", og "skal og skall".
Dessutan har eg eit utedo eg kan gjøyme meg på om det blir for heitt rundt øyrene mine!

Er du rammet av farlig forelskelse? Hahahaha…… Den definisjonen skulle eg likt å hive meg utpå! Farleg forelskelse…….. Farleg……. Eg kan til og med ta ein test for å sjekke om eg er i faresona. For VG sit nemleg på fasiten om eg er i den sona eller ikkje. Så spøs det……. Tørr unge jomfru Knutsen ta testen for å finne svar?? That´s the question……
Nei, eg trur det er best å la vere…

Det er ganske tåpeleg å halde ei heil helg open berre sånn i tilfelle ein viss kar skal ringe. Å avlyse alle avtalar av di ein er så hekta at ein må halde alle sjansar opne. Det til trass for at det faktisk ikkje er noko som tyder på at det skal skje……. (Som sagt…..hekta!)
Allereie no skjønner eg kva spørsmål dei stiller i testen uten å lese dei. Ein treng vel ikkje ein data til å seie ifrå at no må du passe på…….eller? Jaujau……

Nei, det er ikkje så ufatteleg lenge til at eg skal på musikkøving, så eg får hive meg rundt og få gjort eindel småplukk før den tid.
Ha ein fin onsdagskveld!!

Hasta luego!

IWALY!!