søndag 8. september 2013


Selfie!



Kva er selfie? Joda, selfie er definert som at ein tar bilete av seg sjølv der ein planlegg at det skal leggast ut på Facebook, Myspace eller anna sosiale nettverk på nettet. 
Så no har eg gjort nett det. Tatt bilete av meg sjølv og lagt det ut her! 
Eit bilere frå fjellturen tidlegare i dag i eit fantastisk herleg vèr. 

No fins det ulike grader av selfiar. Det er stor forskjell på at ta bilete av seg sjølv for å stadfeste at ein har vore ein stad (slik eg har gjort her) og det å dagleg ta bilete av andletet sitt for å skifte profilbilete kvar einaste dag på Facebook. 

Det er narsissistisk, men alle gjør det jo......... Alt er relativt . 
Det er i alle fall populært blant kjendisar. Blant anna på Instagram. Instagram blei oppretta i 2010. Sidan då har det rukke å bli ei av verdas største (mest populære) app´ar. Det er faktisk over 100 millionar aktive brukarar kvar månad. 

Ein trend som har gjort seg gjeldande der, er selfies. Gjerne med trutmunn, hovudet endt mot sida og gjerne lite klede. 
(Hahahahaha.......Når eg ser nærare på mitt eige bilete......Til sides og "lite klede"! Sjølvsagt heeeeeeilt planlagt. 
Neida.....Det er vel aller helst vèret som har skulda der. At hovudet går litt på skakka, joda, men det gjer det naturlegvis av seg sjølv. Ellers vil jo du måtte vere nøydd til å halde armen rett fram og då kjem den jo berre tydeleg med på biletet. 

Om eg går på nettet og ser kva dei skriv om temaet der, finn eg ut at dei har ei forklaring på kvifor så mange ønsker å ta bilete av seg sjølv. 
Blant anna på Dagbladet sine nettsider står det følgjande: Jeg fanger personlighet. Alle har sine ting de vil at folk skal se og ikke se. Det har du i hodet. Det er derfor folk tar bildene sine selv, fordi det er vanskelig å få noen andre til å skape det uttrykket du ønsker.
OK! Det må jo då med andre ord bety at bilete som det eg tok i dag eigentleg ikkje er eit 100% selfie-bilete. Eg har såvisst ikkje prøvd å skape eit uttrykk. Eg har berre tatt det av di eg vil ha eit bilete av meg sjølv frå turen eg var på. Det var så fint eit vèr og slikt.......
Hadde eg villa hatt eit best mogleg bilete, ser eg for meg at andre måtta ha tatt det. For eg vil aldri klare å ta noko bilete av meg sjølv i rett vinkel (slik at det skal sjå normalt ut). Då må eg jo ta hundrevis av bilete og DET gidd eg ikkje!
Eg vil tru at for å bli ein ekte selfiar, må ein ta bilete av seg sjølv litt oftare. (Eg kjenner dei som tar heilt av på det området!) 

Duckface! I dag har eg for første gong høyrt ordet "duckface". I alle fall i den meining som i det temaet eg skal skrive om her. Duckface er jo eit engelsk ord og eg ser jo då for meg nett det. Eit duckface. 
Så difor er det kanskje best at eg slår opp ordet på nettet og sjekkar kva det eigentleg er, dette nymotens ordet. 
Eg er ganske sikker på at det må ha med rare fjes å gjere. Kanskje grimasar, trutmunnar eller liknande. 
Eg veit ikkje, men er rett og slett på tur inn no for å finne ut av det. 

Hahaha...... dei har faktsik klassifisert det som eigen generasjon. "Møt duckface-generasjonen". Jaja......
Presset opp leppa og tatt bilete for så å legge det ut på nettet. Javel, då var eg vel ikkje så langt unna då? 
Eit selfie-bilete med oppressa munn kanskje?

Ei av årsakene til at dei pressar leppene opp er at kinnbeina ser finare ut då! Wow.....Det kunne ikkje denne jomfrua klart å kome på sånn heilt av seg sjølv. På det området er ho nok ikkje smart nok......
Kanskje eg skal lage duckface heile dagen på arbeid i morgon....Sånn berre for å sjå om elevane legg merke til det og om dei brukar begrepet duckface.

Det er visst ikkje uvanleg at unge mennesker tar over hundre bilete av seg sjølv DAGLEG! Så legg dei ut nokre av dei av di dei ønsker at folk skal trykke liker. Jaja.....
Det handlar i stor grad om få god sjølvtillit. Om eit bilete får over 200 "likes", ja då stig sjølvbiletet betrakteleg. 
Jaja....Då er det vel berre å leite fram sminken og stasje seg opp og ta eit tonn bilete. Skal ein få hundrevis med "likes" må ein vel skjule den "nakne sanninga". Hahahahaha.......... Det er heldigvis ikkje berre eg som ser ut som eg gjer.
Om alle andre tar av seg det tonnet med sminke dei har på seg og vi får sjå det ekte andletet som er bak, så får vi vel heller sjå fleire som er av normalen. 
Jomfru Knutsen går heller for normal enn oversminka. Då veit du i alle fall kva du ser. Då får du ikkje sjokk om du vaknar opp med ho på morgonen og sminken er fjerna. Thihihihi..... Som om du nokon gong blir så heldig. Vaknar opp med jomfrua i eigen person. (Jaja, det kan jo hende ho får solstikk ein gong og kven veit då kva ho kan vere i stand til?)  What is love?.......liksom........

Følelsene ligner de man finner ved avhengighet til kokain, heroin og andre narkotiske stoffer. Oh, my God!! Her er det berre å kutte alle linjer, leidningar osv osv....... Internett tar meir og meir over kvardagen til folk. Og skal ein tru Wasim Zahid, så er det på godt og vondt. Mest vondt vil eg påstå om ein kan samanlikne internett med narkotiske stoffer. 

Joda, det skjer vel at det fins folk som får heilt hetta når dei vaknar på morgonen og skal sjekke nettet og oppdagar at det er borte. Internett dukkar ikkje opp på pc eller mobil. Full krise! Panikk! 
Eg trur det gjeld mange. 

Det er sikkert ikkje så kult å vere avsondra frå resten av verda når ein er vant til å vere i ho heile tida. Tenk det. Avsondra frå resten av verda........? Ein er jo ikkje det. Ein har jo framleis kollegaene sine, sambygdingane.........you name it. Og sikkert heile telefonkatalogen du har på mobilen. 
Det er jo berre å ta ein telefon. I dagens samfunn har du jo inkluderte ringeminuttar i abbonementet og då gjerne ubegrensa. 
Avsondra frå verda. Alt er relativt.

I dag bruker du nettet om du lurer på noko. Det er berre å google det der og då. Easy..........
Informasjonsteknologien er særs viktig for samfunnet vårt. Likevel vil eg påstå a vi mistar noko viktig om vi lar den verda ta over styringa av livet vårt. 
Kva gjer det om ein må klare seg ei helg på hytta utan nett av di dekninga er så dårleg? Er ikkje det berre sunt?
Kunnskapsnivået aukar nok pga  tilgongen vi har til nettet, men også uroen i oss. Når ein eigentleg skulle vere mentalt tilstades, går ein rundt i eigne tankar og bekymrar seg for ein e-post som må lesast. Det er krise om ein ikkje kan få sjekke e-postkontoen sin rimeleg ofte. Slikt blir det stress av. 

Abstinenssymptomar er nok tilstades hos mange. Dei som har skapt seg eit problem ved at dei er blitt avhengige av å bruke nettet konstant, har hjerneforandringar i områder for merksemd og følelsar som ein finn ved avhengigheit til narkotika. Difor overskrifta.........

Tenk om ein berre kan sette seg i ein hegestol og nyte sola, ei god bok, kanskje høyre på radioen (men slå den av når nyheitene startar). Rett og slett berre slappe av og ikkje la tankane stresse av garde.
Det er den biten av livet vi mistar når vi blir nettavhengige. 

I dag var eg på fjellet. Det var ein fantastisk fin tur der vèret viste seg frå si beste side også temperaturmessig. Heilt herleg. 
Først var det om å kome seg opp. Så var det om å halde seg der, nyte utsikta, slappe av med litt god frukt, nyte stillheita osv...... Tilslutt var det om å berre nyte tida og bruke lang tid på vegen ned. Bruke alle sansane og kjenne naturens underverker i kroppen. 
Det var rein lykke å sette seg i bilen og tenke "For ein herleg dag og tur det har vore." Berre så synd det ikkje er sundag i morgon. For hadde ein fått to slike dagar etter kvarandre...........Då kunne ein snakka underverker mentalt!! 

Til dette landet får du ikke ta med mobilen. Hahahaha.... Så har ein det gåande att. Mobilen, a mans best friend! 
Nord-Korea. Når du landar på flyplassen, står dei klare til å ta frå deg telefonen din. Kult.......neppe. 
Dette er nok ikkje det største turistlandet. Kanskje ikkje så rart, for å bli overvåka til eikvar tid er vel ikkje akkurat å trakte etter. 

Jaja, eg har ikkje tenkt meg dit, så då blir det ei bekymring mindre!

USA - 107-åring skutt og drept av politiet. Oi, det var ein høg alder. Tippar at han ikkje var særleg store trusselen for politiet. Kjipt å leve så lenge og så bli fratatt sjansen til å slå alle rekordar!

Hahahaha.........Det er kanskje ikkje noko å flire av, men han er skutt av di han nekta å overgi seg. Dei rykka ut pga ei melding om valdsbruk i heimen. 
Berre det at han var i stand til å ha våpen og klare å true andre med det i ein alder av 107 år. 
Kul fyr!! Thihihihi...........
(Eg meiner sjølvsagt ikkje det, men misforstå meg no rett!)

Grov legemsbeskadigelse. Korleis i alle dagar er han (var) i stand til å utføre det? Han skaut til og med mot politiet. 
Jaja.....og jula varar heilt til påske! 

Ha ein fortsatt fin kveld!
Hasta luego! 

IWALY!!!



Akkurat no kjenner eg ein botnlaus irritasjon over at det er ein viss prosents sjanse for regjeringsskifte  snart.
Så spørs det kvifor eg iriiterer meg over det då.

Når to partileiarar som Siv Jensen og Erna Solberg lyg så det renn av dei når det kjem til skulepolitikk......... Når dei lyrer av seg "stoff" dei rett og slett har null peiling på......Er det då rart ein blir frustrert.
Viss folk biter på det som blir sagt av dei, ja då skjønner ikkje eg. Då bit dei på på feil grunnlag.

Dei snakkar om skule som om dei veit kva som eigentleg foregår i den norske skulen. Når dei kjem d
med direkte feil informasjon, avslører dei samtidig at dei seier det som trengs for å skaffe seg stemmer.
I tillegg nektar dei å svare på det som dei blir spurt om.

Dei påstår at den sittande regjeringa har auka timeantalet pr uke i borneskulen. Elevar som slit med teorien har fått fleire timar teori.
Kor i alle dagar har dei det ifrå? Kvifor seier dei slikt?
Elevane på mellomtrinnet har fått EIN time meir i uka, ja. Det stemmer....... EIN time og det er alt anna enn teori. Det er ein time fysisk aktivitet. (Noko som dei to partia etterlyser meir av.) Elveane er ute i "frisk" luft og beveger seg. Rett og slett ein pause frå teorien.

Vidare påstår dei at svake elevar som blant anna slit med matematikk, får fleire timar med matematikk og sørger for at motivasjonen deira fell pga det.
Hmm....... No er det ikkje slik at om ein elev slit i eit fag som matematikk, så må han/ho ha fleire timar i faget. Nei, det er ikkje slik. MEN det betyr at eleven treng meir hjelp til faget. Meir oppfølging.

Når Erna og Siv påstår at dei 600 nye lærarane som er tilført skulen er satt til å sørge for meir teori, veit dei vitterleg ikkje kva dei snakkar om. Lærarane er satt til å gje ekstra hjelp til dei svake. Det betyr meir lærartettleik i forhold til antal elevar for at dei svake skal få meir hjelp.

Eg kan ikkje i min villaste fantasi tru at dei meiner at dersom ein er svak i matematikk, så skal timeantalet i faget ned. Dei klagar på at desse elevane får meir teori.
Meiner dei at Noreg skal skore høgare i faget om dei svake elevane får færre timar i eit slikt fag? At om dei får færre timar, så kjem motivasjonen og talforståinga så mykje betre fram?

Det er slik at dersom du slit i faget, kan du få hjelp i mindre grupper eller at ein ekstra lærar er tilstades i klasserommet med det formålet at du skal få meir og betre hjelp. Hjelp til å forstå det som er vanskeleg.

Det er satt inn ekstra ressursar på dei svake elevane av di dei treng det. No nektar både Erna og Siv det enkle som er å svare på kva dei ønsker skal skje med dei 600 lærarane som er "skutt inn" i det norske skulevesenet.
Er dei snart utan arbeid?
Det er feigt å unngå å svare på det. Viss dei meiner at dei ikkje skal vere der, må dei også tørre å stå for det og seie det rett ut.
Eg skjønner dei er redd for å tape velgjarar, men hallo........
600 lærarar er eit ganske høgt tal og dei gjer ein viktig jobb!

Dei vil etterutdanne fleire lærarar i stadenfor å ha så mange. Joda....For det vil jo auke kvaliteten til dei svake.
Det er mange dyktige lærarar som har svake elevar som fell utanfor i store klassesamanhengar.
Lærarane skal også ha tid til dei fagsterke elevane.
Mange elevar treng ikkje ein betre lærar, men tettare oppfølging i eit vanskeleg fag.

Vi har aldri hatt det så bra som no. Den generelle nordmann har det kjempebra. Så skal vi ha skifte av styre for å få det enno betre?
Skal liksom eit nytt styre klare å få bort enkeltepisodane/menneska som er? Skal privatisering hjelpe oss opp og fram?
Kva med at dei anklagar Jens for å ha gjort litt, men likevel for lite på områder der dei sjølv ikkje gjorde ein dritt på same området då dei hadde sjansen?
Det er lett å stå der og kritisere, men ein bør heller velge sakene sine med omhu.

Eg kjenner at eg blir litt "trist" av at folk forventer at vi skal få det betre. Maten er ikkje blitt dyrare...... Sjølvsagt går prisane opp i takt med at lønningar går opp. Det er heilt naturleg!
I 1980 var maten dyrare enn no. Kjøttdeigen kostar mindre no enn då. Med tanke på at 50 kr i  1980 var mykje meir enn 50 kr i dag, så er kjøttdeigen faktisk mange gonger billigare.

Vi går i operaen, teater, kino, sydenturar.......eg trur ikkje eg gidd å liste opp alle alternativa som kunne stått her.
OG JA, eg veit at det ikkje gjeld absolutt alle, men store deler av folket blir truffe av akkurat det utsagnet.
Vi drar på konsertar rundt om i landet osv osv osv........
Årsaka til at eg nemner det er at det er mange av desse som har råd til alle desse tinga som syt og bæser for at vi må få det betre.

Viss vi skal ha skattelette og anna dilldall, ja så kan dei fattigaste dra nytte av det og så kan jo alle vi som har det bra ifrå før bruke det ekstra vi vil tene på det på å hjelpe den fattige delen av verda. Vi treng vel ikkje vere så egoistiske at vi berre skal karre til oss heile tida og forvente å berre få meir og meir.

Kor går eigenleg grensa for kva vi kan forvente? For eg lurar på kor egosentriske vi eigentleg kan bli.
Eg håper av heile mitt hjarte at mangen verkeleg går inn i seg sjølv og søker etter kva det er som gjer at dei ønsker ei endring. For tru meg........ Hverken Erna eller Siv kan klare å fange opp dei enkeltmenneska som fell igjennom systemet.
Det vil alltid finnes folk som blir ramma av det, uansett styre.

For all del....Berre gløym kven det er som har kjempa fram rettigheitene du har. Retten til pensjon osv....
Den dagen eg må ha pengar i lomma når eg skal på sjukehuset, ja då kjem det til å kome ei tåre. Ei tåre for det vi har tapt!
Den dagen eg står og heng over små born og smittar dei av di eg ikkje kan vere heime om eg er sjuk. For då får eg ikkje løn. Ikkje dei første dagane.
(No er ikkje eg den som ofte er sjuk og treng det å legge seg heime, men eg snakkar det generelle mennesket.)

Det er jo berre å la dei prøve seg!! Det kjem jo eit nytt val om fire år.......Hahahahaha..... Dårleg vits! Viss dei "raserer" noko, ja då tar det lang tid å bygge det opp att.
Det tok si tid sist gong og det vil det gjere denne gongen også.

Nord-Noreg. Distrikt. Frp? Høgre? Eg trur ikkje vi er glad nok i landsdelen vår om vi stemmer på dei.
Og det går ikkje an at det er så mange her nord som er så dårleg i matematikk at dei ikkje skjønner at reknestykket vi blir forelagt gjennom heile valkampen ikkje går opp. Det seier seg sjølv. Så det er rart at  ein ikkje ser det. Veldig rart.

Jaja....Det er no vi får sjå demokrati i praksis. Eg antar, men håper alt anna, at Frp og Høgre gjer det godt på måndag. Det kjem vel ei tåre på kinnet......... Ei tåre for fellesskapet. Ei tåre for solidariteten som ikkje blir verdsatt høgt nok.

Vi har fått det så altfor godt at vi er blitt blind!!

Godt val.......@@@

Jomfru Knutsen er nok blid her ho sit.......Sjølv om frustrasjonen gjer seg gjeldande. Ho har jo nett sett på partidebatten og berre latt seg påverke av løgnene og alt anna teit som kjem fram i ein slik debatt.
No har ho fått det ut og då er alt attende ti normalen att.

På tv sender dei Aksel Henie og Hodegjegerne. Eg har lest boka  og akkurat no då eg såg opp frå pc´n og på tv-skjermen, var det ein kar som steig opp av utedoen (full av skit!). Så då er det nok brotstykker av boka eg har gløymt........ Herleg!!

Eg har hatt ein kjempefin dag i Steigen i dag. Fotballturnering på grasbana på Engeløya. Det er utroleg flott utover der.
Ungane spelte to uavgjort og to sigrar, så det reknar eg med dei er nøgd med. Det blei no nokre meter med springing!

Hasta luego!

IWALY!!!!

fredag 6. september 2013

I kveld har eg vore på konsert og hatt ei musikalsk oppleving."Tango". Det var dyktige musikere og ergo føler eg at eg "fekk" noko att av å gå på konserten.
Einaste aberet var sjølvsagt at det er fredagskveld og mange mest sannsynleg er på hyttene sine. Det kunne gått vore nokre sjeler til, men dei som var der fekk nok ei fin stund.

Gjenåpner svensk "skrekkskole". Jeeeezes....... At det går an. Ein skule som er kjent for valdsepisodar, år etter år. "Torturskulen".
At episodar kan oppstå rundt omkring, er vel ikkje så unikt, men denne skulen tar verkeleg kaka. Privatskulen som ikkje sørger for at elevane er trygge. For korleis kan dei vere det når dei får bind rundt augene og blir brent med strykejern? Det er jo rett og slett horibelt! Når dette også berre er eitt av mange eksempel, kan ein verkeleg byrje å lure.

Skulen blei stengt, den, for ei uke sidan. No er den opna att. Så spørs det kor mange elevar som er interesserte i å kome attende.

Europeiske menn har vokst 11 cm det siste århundret. Når helsa blir betre, skyter vi i véret! Haha....Betyr det at viss du ikkje er nøgd med høgda di så er det berre å trene og spise sunt?
Berre så synd at det kun gjeld menn, då..........

Eg veit ikkje...... Eg trur kanskje eg er litt glad for at eg lev no og ikkje for hundre år sidan. Viss alle menn hadde vore 11 cm kortare?! Det hadde blitt mange lave menn.
Ikkje at det er noko galt med lave menn. Det har vel berre mest med kva ein ser for seg, og eg tenker at eg ikkje vil vere høgast. Så det er godt vi alle er ulike....
Det blir nesten som "Nokon likar mora, medan andre likar dottera".
Hahahahaha......... Kanskje ikkje heilt samanliknbart når eg ser litt nærare på setningen, men det høyrtes så mykje betre ut oppi hovudet før eg skreiv ho!
Samanlikninga var retta mot "Nokon likar høge menn, medan andre likar korte". Sjølv syns eg den første høyrtes litt meir "fresh" ut.........

Frå 167 cm til 178cm. 178 cm er ganske greit!
Som nordmenn flest, har vi høyrt at det er typisk norsk å vere god. Difor kan eg ikkje utelate å kommentere resultatet på svenske menn........ 10 cm!! Dei blei slått på målstreken med ein heil cm. Sjølvsagt!

Vi får satse på at tilsvarande vekst ikkje gjer seg gjeldande dei neste hundre åra også.
Året er 2300 og gjennomsnittshøgda er 210 cm. Tja.........Vel høgt spør du meg, og enno verre er det om alt på mannen veks proporsjonalt med høgda. Huff og huff.....
Då er eg i alle høve glad eg lev akkurat no!

HIV-smitte risikerer fengsel (livstid). Hadde over 300 sexpartnarar. Wow....... Ikkje ser han ut som George Clooney og likevel har han klart å nedlegge over tre hundre kvinnfolk. Her må det vere snakk om karisma!
At snakketøyet er i orden, kan vel ingen vere i tvil om. Sperr mannen inne før nye tre hundre gjer same feilen som dei første!

Eg lurar veldig på kva som foregår oppe i hjernen til ein mann som veit at han er smitta og likevel vel å gjere som han. Leve det gode liv og berre tømme seg, gong på gong, i heilt tilfeldige kvinner.
Det er verkeleg snakk om å vere ondskapsfull!!

Rasteplassar, parkar, avsidesliggande stader.......you name it.... Det er rart at kvinnfolk går med på å gjere slikt på slike plassar og det med ein dei aldri før har møtt. Ein avtale via ei kontaktannonse på nettet er det som skal til.
Jaujau............ Det er ikkje alle som er riktig navla, tenker eg når eg prøver å finne ei viss form for logikk oppi det heile. Logikken uteblir visst heilt....

Gratis "vaksine" mot hårtap. Det er visst den store "menn-dagen" i media i dag. Det er ikkje berre høgda som har blitt mykje betre på herre-fronten. No skal dei kunne få hår på ein stad som naturen vil at dei ikkje skal ha (enkelte). Det er jo sjølvsagt supert, det. Eg reknar med at det går nokre lykkelege sjeler rundt omkring i dette sekund og smiler av di dei er nøgd med å få attende håret dei mista for ei tid attende.

I avisa er det ein mann som påstår at det er så mykje trivligare å sjå seg sjølv i speilet med hår enn utan.
Det er nok slik at ikkje alle er einige. Enkelte barberer rett og slett bort alt med viten og vilje. Macho, liksom. (Eller for å skjule gråe hår!)

"Hydracell vaksine"! Hydracell.......Duracell....... What´s the difference? Kanskje mannen løper løpsk etter vaksinasjonen? Hår med energi i.
Joda, berre energien kjem på dei rette stadane!

Fylla-tatoveringer er aldri lurt! Eg kjenner faktisk sjølv personar som har dei villaste historiane om korleis dei fekk nett den tatoveringa dei har. Og tru meg.......Enkelte av dei er grueleg flinke til å fortelle, så eg har flirt mine tårar! :=)

Eg las i Dagbladet litt tidlegare om han som skulle tatovere fotballhelsten sin sitt namn på foten (i fylla). Lettare omtåka av tilstanden sin, sjekka han sjølvsagt ikkje resultatet og vakna neste dag med "Touro" på armen istadenfor "Toure".
Med tanke på at det ikkje berre er enkelt å fjerne ei tatovering (og sikkert ikkje billig heller), så er det rett og slett litt kjipt.

No syns eg sjølvsagt at dette er ei "snill" historie med tanke på dei andre eg kjenner til. Så han skal ikkje klage så altfor høgt. Han kunne trass alt ha latt vere å få det gjort i påverka tilstand.
No må han leve med denne feilen.
Det beste er vel at sjølve fotballsplaren faktisk har sagt at han kanskje kan tenke seg å endre namnet sitt pga denne feile. Sånn for å gjere det lettare for følgjaren sin.
Er det det ein kallar storhjarta?

Den svenske kongen er litt smågal! (I og med at alt er relativt, så spørs det nett kva ein legg i "litt").
Dottera er gravid og han kjem som vanleg med sine litt spesielle kommentarar.
Ja, til ære for deg skal jeg fortelle at hun er så syk at legene må skjære av henne ørene." Kanskje ikkje heilt normal oppførsel av ein konge, men det er vanskeleg å vite kva ein skal meine om det heile.

I utgongspunktet kan ein jo synes det er kult (morosamt), men i same augeblikk er det berre teit.
Så spørs det.....Er det folket som legg for mykje i det når kongen prøver å vere artig, eller er det kongen som er superteit?
Eg berre lurar. Lurar på om det er slik at ein konge berre skal vere seriøs.

Det er vel ikkje akkurat første gongen "konungen" er i hardt vér, så han står an vel av.

Jomfru Knutsen skal tidleg opp i morgon. Tidleg som i klokka sju. Minstemann skal delta på fotballturnering og då er det tidleg opp og avgarde. Difor er det vel på tide å tenke på at det ligger ei dyne og ventar på å bli brukt i dette sekund.
Ho må nok vente litt til, for denne knetta er ikkje av dei raskaste i vendinga når det kjem til slikt, men ho overlev vel det også.
Uansett, det er fredags kveld og helga er såvidt starta. Då passar det godt å seie god helg og sov godt. Drøym søtt og lenge!

Hasta luego!

IWALY!!!




torsdag 5. september 2013

Trond Giske har fått mage. Det tar på å vere ståtsråd! Det tyder på mykje god mat på alle reisene og "kursa" ein er ein del av.
Skjegg og mage! Det kan sjå ut som at Stoltenberg trener hakket meir enn han.

Scandinavian Star. Joda, saka er stor og viktig, men den blei omhyggeleg mykje omtala for eit hav av år sidan.
No er saka tatt opp att og då er sjølvsagt media på bana att.
Ikkje det at det er så mykje galt i det, men det er grenser for kor mange dagar etter kvarandre eg gidd lese om nok som skjedde då eg var tenåring.
No har saka florert i stor mengde i lang tid og då syns eg ikkje det er så spanande å opne nettsidene. Det er nesten som om at eg mistenker journalistane for å vere lite kreative for tida. Dei klarar ikkje kome opp med noko nytt og så heng dei seg på denne knaggen for å "overleve". Jaja....

Eg er fullstendig klar over at saka er viktig for mange, men likevel.....

Solgte salongen for 5 millioner. Kjøpte den tilbake for èn krone. Ganske grei deal, vil eg heilt snarleg påstå.
Eg trudde først det var litt "småsvindel" ute og gjekk, men det salget er heilt utan spekulsjonar og då er det jo greit. Ein heldig mann, med andre ord! (Lurar på om han er gift........?) :)))

Se verstingene fra New York Fashion Week. Gufs og meire gufs.... For nokre forferdeleg stygge klede! Dei er faktisk så stygge at eg nesten (men kanskje berre nesten) faktisk kunne tenke meg å skaffe med nokre av dei (OG bruke dei).
For så stygge klede kan faktisk vere så stygg at dei blir kul!
Ikkje det at dei er så fin på dei modellane som brukar dei, men likevel...... Smaken er som baken. :=)

Skinn-kjole med fransk åpning slår jo det meste! Ingen tvil der, for å seie det sånn. Så eg trur eg må revurdere det der med å gå med rompa bar foran presten. Eg trur heller eg tar denne kjolen.
Spørs om presten klarar å gjennomføre talen sin om eg sit meg på første rad.

Fugledrakt og treningstøy med tyllskjørt. "Herleg!" Håper dei forblir dr dei er.......
Striesekken er vel heller ikkje det ein ønsker å få attende på markedet. I alle høve ikkje klesmarkedet.
Marita........... Har du kjøpt deg bryllaupskjole? (Eg berre lurar, for viss ikkje, veit eg kva du kan få i gåve.)

Jon Almaas vil hevne Eias tissing. Eg skjønner jo tvert at det er snakk om at Eia må ha tissa på tv-sending. Ingen tvil der, vel?
På ny har Eia vore ganske tåpeleg. Det er mykje som er gøy, til trass for at det er barnsleg. Likevel, det må då gå ei grense ein eller annan stad? Uavhengig om du heiter Jomfru Knutsen eller Harald Eia?!!

No har Jon Almaas sagt at han skal til TVN for å bæsje i resepsjonen der. Joda............ Komiker-Noreg renner snart over av superkomikere i internasjonal klasse! Say no more.... (Rister på hovudet og lurer på kva eg kan gjere som slår begge desse to fjompane ned i støvlane.)

Tissinga bunna i eit ønske om å bygge kunnskap. Hahahaha...... Dagens beste!

Syv av ti bekymret for gift i hverdagsprodukter. Oi......Det vil seie majoriteten. 70%. Eit høgt tal.
Eg må berre innrømme at eg ikkje er blant den største gruppa der.
Med vissheita om at det er farlegare og større sjanse for å døy i trafikken enn innhaldet i ei osteskive, ja så må eg innrømme at det er ikkje akkurat det eg tenker mest på.
Ikkje at eg høyrer så mange andre klage på det heller, så om 70% faktisk er eit reelt tal eller ikkje, veit eg slett ikkje.

Eg puttar i meg det eg vil, stort sett og sover like godt sjølv om det er mykje e-stoffar eller liknande i maten.
Eg trur eg lar vere å seie kva kveldsen min har bestått av.

Kvardagen har så mykje anna å fare med enn å mat. Den der artige magen vi er utstyrt med, den gjer no beskjed innimellom at den er sulten, men eg vil påstå at det går med mindre tid til mat enn til andre ting. Ergo er det vel ikkje vits i å gå rundt og bekymre seg for den biten?

Eg vil tru at å vere sofasliter er verre enn å ete litt "gift".

Ellers er Carl I. Hagen ein flopp. Det er valkamp og han synk så lavt at han skuldar drapet på den unge kvinna frå Ålesund på Ap.
Så ergo meiner han vel at med Frp i spissen så er vald og sjuke mennesker borte frå samfunnet. Korleis går det eigentleg an å ta slike framtredande personar seriøst? Desperat, kallar eg det for.

I morgon er det helg att. Vèret dei siste par dagane har vel ikkje akkurat vore det beste. Kanskje vi blir like heldige som dei foregåande helgane då solaskein så fint.
Det er lov til å håpe!

Ha ei god natt! Sov godt.:=)
Hasta luego!

IWALY!!


onsdag 4. september 2013

Hadde over 100 slanger på loftet. Viss ikkje det kan kallast lovbrot, så veit ikkje eg!

No fins det sikkert verre lovbrot enn å oppbevare slangar på eit loft. Det er berre det at eg ser for meg kva som kan skje om eg heilt tilfeldig skulle finne på å gå rett på ein av dei som i all villfarelse har stukke av....... DET ville vore creepy de luxe!!!
Eg trur kanskje eg ville sove dårleg resten av livet. Minst.....

Eg vil tru at det er mogleg for ein slang å formeire seg også, så 100 kunne jo då fort ha blitt til eit større tal. Eg kjenner vibbane heilt ned i tolvfingertarmen (og dei er ikkje bra). Forresten er det snakk om ein stad mellom 150 og 200. Det var berre overskrifta som var missvisande.

Kommenterte babynyheten for første gang. Førstenyheiten i kveld er nett denne overskrifta med it stort bilete av kronprinsessa frå Sverige.
No skal systera bli mamma og akkurat det var umogleg å ikkje legge merke til med tanke på all publisiteten som var her om dagen.
No har Victoria opna seg om kva ho syns. Det blir selvfølgelig veldig gøy, og vi krysser fingrene." 
Eit stor ovesrskrift og eit enno større bilete for å få sjansen til å lese den setningen.
Spørs om bror min hamnar på forsida til Avisa Nordland neste gong eg skal ha born?! Det burde han vitterleg........ Sånn bortsett frå at her er det stopp i produksjonen! Reint hypotetisk........

Joda, kongelege foraukingar er jo alltid hyggeleg og noko ein kan forvente at kjem i media. Likevel....

Får frierbrev til tross for at han har kjæreste. Oi, så trasig......... Hm, det må verkeleg vere slitsamt! Hahahaha...... Luksusproblem, kalles det på godt norsk.
Eg ser ikkje heilt den at ein nordisk mann ikkje ønsker friarbrev. Då seier han det berre for å vere viktig.
Alle menn har vel eit skjult ønske om å kunne velje på øverste hylle?!

Det kan jo vere ta kjæresten blir litt sjalu. Akkurat det kan jo skape litt problemar for han. Dei har trass alt berre vore i lag sidan juni og ho veit vel då at ho ikkje er alt for trygg.
Det er nok hakket meir slitsamt med ei sjalu kjerring enn eit tonn friarbrev! Det likaste er vel berre å lavere å lese dei!

Mammagodkjente dointervjuet. Joda, mødre har vel ei viss makt. Dei blandar seg i alle høve inn i det meste, uavhengig om dei har rett til å gjere det eller ikkje. Mødre er mødre og kjem alltid til å vere det. That´s life.
Eg trur nok at dersom eg hadde vore mann og skulle gje eit intervju medan eg sat på "dassen" og dreit, ja............eg ville nok kanskje også spurt mamma om lov. Sånn for å slippe det peset det ville blitt etterpå.
Mødre gløymer ikkje! Slik er det berre. Gjer du noko frykteleg dumt, ja då vil du slite bra lenge (med mor di).

Forøvrig trur eg at eg kjem til å bli ei mor som garantert kjem til å nekte son min å gjere eit intervju av eit slikt kaliber.
Eg vil ikkje berre seie at eg ikkje ønsker det....men rett og slett "Nei, det får du ikkje lov til". (Sjølv om han er aldri så gamal.....)

Det er godt vi er ulike, alle saman. For tru for ei kjedeleg verd vi ville få om alle hadde vore like pripne som meg på det området? Då hadde vi ikkje fått fyllt hovuda våres med slikt "trash" og det ville vore ille.
Så viss eg skal vise til gårdagens tekst her inne, så er det greit å gå med rompa bar i kyrkja (bryllaup), men ikkje la seg intervjue halvnaken i dritinga.

Fikk ikke lov til å ta med morkaken hjem. Nei, det skulle då berre mangle. "De ville ikke at vi skulle spise den."
Fisj......Det er greit at ei morkake ser ut som ein rundbiff, men ein stad går grensa. Viss eg skulle delt opp kaka i biffar og stekt det til middag, ville eg hengt over gelenderet lenge før eg hadde tatt i ho. Berre tanken gjer meg............

Kva skal ein med ei morkake etter fødselen? Fryseden ned så ein kan vise den til bornet når han eller ho blir større? "Sjå her kva som holdt liv i deg då du var i magen min." Jippi!
Då kan eg banne på at mannen i huset ein eller annan gong tar feil av den og biffen........ Say no more!!

Vinn tur til Spania med Ole Ivars. Hahahaha..... Det kunne jo vore skøy! Berre så synd eg ikkje har eit bra bilete av dei.
Kva trur du? Jomfru Knutsen i midten av Ole Ivars?! Thihihihi.....Eg ser det for meg.
Då kan eg for alvor seie "Jag trodde englarna fanns".

No var vel "gamle" Ole Ivars hakket betre enn dagens, men turen ville sikkert blitt digg, den! :=)
Gruppa består jo berre av menn!

Det er onsdag og på tv´n er det krim i skrivande stund. Det betyr med andre ord at denne knetta kan tenke seg å skifte beite for ei stakket lita stund. Først krim på tv og så krim i form av bok. Kan det bli betre? Ingen tvil om at eg likar krim best. :=)

Så då er det vel berre å seie hasta luego! Sov godt og oppfør deg resten av døgeret.
I tilfelle det er nokon som ikkje har fått det med seg, så er det vel verdt å få med seg konserten som skal vere på klubbhuset no førstkommande fredag.

Ha ein fortsatt fin kveld.....

IWALY!!


tirsdag 3. september 2013

Jomfru Knutsen er djupt inne i Ibsens si verd og akkurat no er det "Et dukkehjem" som står for tur.
Ein kan seie kva ein vil, men strengt tatt trur eg eigentleg at han Ibsen var ein kul fyr.
Det er ikkje mange forfattarar som kan titulere seg så mykje som han som tidlaus.
Anten var han særs smart på nett det området, eller berre rett og slett veldig heldig. Your choice.........
Uansett, han Henrik tok for seg tema som var aktuelle for den tida han skreiv i, men også i minst like stor grad i dag. (Kanskje større.......)
Einaste ulikskapen mellom den "gamle" tida og no, er det moralske aspektet.
Før var det uhøyrt å forlate mann og born. I dag er ikkje det så "stort"....... (Misforstå meg rett her..)

"Eit dukkehjem" handlar i svært grove trekk om at Nora ikkje har det så bra i heimen sin. Så kjem ho til det stadiet at ho må velgje om ho skal tenke på seg sjølv eller "mann og born".
Når mannen, Torvald, over lang tid har handsama ho som ei fille han kan gjere kva han vil med, kjem ho til det punktet at nok er nok. Ho ender opp med å satse på seg sjølv og splitte denne familien.
Så kan vi meine kva vi vil.......På den tida var det uansett ein ting som blei sett på som uhøyrt.

Vi skal sjølvsagt ikkje gløyme at Ibsen i si tid "rømte" landet av di han ikkje blei særleg satt pris på, litteraturmessig, her heime. Han koste seg andre stader i Europa og fekk anerkjenninga si derifrå.
Blant anna tyskerane var superglad i han og fulgte han med argusauge.
Då han skreiv "Et dukkehjem", kunne han raskt fått avkappa karrieren sin av illsinte tyskarar.
Dei godtok såvisst ikkje at ei kjerring av Nora sitt emne kunne gjere det ho gjorde. Det blei rett og slett stor opstandelse av det.
Ibsen berre løfta armane sine og sa "calm down, calm down"............og så var han så smart at han skreiv ein alternativ slutt som tyskarane kunne svelgje! (Som sagt.....ein smarting!) :=)

Eg vil i alle høve påstå at Nora ikkje var hjartelaus, noko dei meinte ho var på den tida.
Er du usikker på kva du skal meine, er det berre å skaffe deg stykket og lese det. Ibsen var som sagt ein kul fyr, så du treng ikkje vere redd at du skal forgå av keisamheit om du faktisk vurderer å gjere det.

Vg nett lyg så det suser!! Eg har personleg sotte og høyrt på debatten mellom Jens og Erna og eg veit med sikkerheit at hørselen min er god. Det er absolutt ingenting som feiler den.
No er det pause i debatten og Vg er raskt ute med å skrive følgjande: "Derfor snur Erna om handlingsregelen. Stiller ultimatum til Frp. Godta handlingsregelen eller glem regjering." 

Erna Solberg har såvisst ikkje stilt dette ultimatumet. Derimot poengterte ho fleire gonger at ho ikkje kom til å stille ultimatumet. Ho var så sikker i sin tale at ingen journalist kan misforstå det.
Ho sa med reine ord at ho ikkje kom til å stille noko ultimatum til Frp eller andre om dette.
Ho meiner det er nok at dei faktisk veit at Høgre ønsker å forhalde seg til handlingsregelen.

Det spørs om eit samarbeid kan fungere om det er slik at ein meiner det er nok at andre veit kva du står for.
Frp er eit parti i vekst, på bekostning av Høgre. Det betyr at dersom Frp blir stort nok, er Erna nøydd til å ta hensyn til Frp (som seier at dei ikkje vil følge den regelen.)
Det kan jo bli spanande å følge ein statsminister som er så til dei grader på kant med finansministeren i ei slik viktig sak (dersom valget skulle ende i deira favør). Slikt blir det lapskaus av!
(No er eg veldig glad i lapskaus, men akkurat denne lapskausen vil vel aller helst innehalde eit altfor seigt kjøtt.)

Er det rart at eg i stor grad har konventert over til Aftenposten? Til no har i alle fall dei vore hakket meir truverdig enn Vg nett!

Så varmt at du kan steke egg på fortauet - i London! No trudde verkeleg eg at dei har kanonbra vèr i London for tida. At det var sydenstemning der.
Så var det berre ein ny skyskrapar som har spesielle veggar som "samlar opp" alle solstrålane og sender dei konsentrert ned i fortauet nedanfor veggen.
Då blir det nok ikkje noko helgetur til London på denne knetta denne uka. (Eg såg jo for meg både syden og shopping på Oxford street!)

London er ikkje så attraktiv for meg at eg har noko ønske om å reise over for å teste om eit steikt egg smakar like godt når det er tilreia på eit fortau kontra ei steikepanne.  Det blir meir sånn der "Mr.Bean-vibbar" ute og går..........

Frp forberedt på asylmotstand.  Dei må no berre kaste ut alle asylantane. Kanskje dei då ser at Noreg ikkje vil klare seg?!
Noreg er avhengig av ein viss prosentandel "utlendingar" for å gå rundt. Det er ikkje nok nordmenn til å klare det.
Dessutan er vi nordmenn blitt så kravstore at vi ikkje tar kva som helst jobb. Mange av dei jobbane vi ikkje ønsker å ha, er betent av utlendingar.
Blir desse borte........Ja, det seier seg sjølv!

Michael Douglas bekrefter brudd. Jaja, menn. Då er det berre å hive seg rundt. Catherine Zeta Jones er jo berre lekkerheita sjølv, men ver snar.......for elles risikerer du at toget går. Med alle dei friarane som no vil slå til, er det best å vere først ute!
Douglas sjølv er nok ingen Clooney-look-alike, så ingen kvinnfolk får noko konkurranse der ifrå meg!

Berre tenk på kor stort og flott bryllaup ein vil få om ein slår kloa i ein av desse to skapningane?! "A dream come true"...liksom. Hahaha...... Særleg!  (Då er det om å gøyme valkane godt! Spesielt når "Se og hør" dukkar opp og vil ha "Hjemme hos - reportasje".

Kollapset i sjokk da han fikk vite at kvinnen han hadde voldtatt har HIV. Til pass åt han, grisen. Når han er så idiot at han gjer eit slikt overgrip, ja då håper eg han er smitta så det suser.
Sjokk? Jaujau......
Det ender vel med at han stemnar kvinna om han er smitta.

Denne knetta har tenkt å innføre same stilen som Lady Gaga. Når ho tørr å leve ut denne stilen, ja då skal vel også eg tørre det! Gjennomsiktige toppar, blonde-bh´ar og bar rumpe............  Done deal! Det blir med andre ord eit nydeleg syn som vil møte dei som hamnar på same fest som meg neste gong. (Hmmm........Eg er stygt redd for at det kan vere eit visst bryllaup....... Eg håpar verkeleg presten ikkje er av dei mest kontroversielle! Det kan jo i såfall bli eit spanande prosjekt når eg snur ræva til presten på veg ut....Thihihihihihi.........)

Nei, det er på tide å seie natta, så sov god alle i hop! Om det er i skikkeleg Lady Gaga stil eller ikkje. I morgon er det Mittwoch og det som følger med det.

Hasta luego!

IWALY!!

mandag 2. september 2013

Eg har nettopp høyrt dagens vits. Ein fotballspelar går til Real Madrid og får ei ukeløn på 2,8 millionar. 
Det tar heilt av i den sporten og det er ganske usmakeleg at eit par leggar kan vere verdt så mykje. 
Berre eit lite hjartesukk frå ei som kanskje ville fått ei ukeløn på 32 kr.-!

Reiste 7000 km for 7 minutter "Jakten"-date. Joda, sikkert ei hyggeleg oppleving, men det var litt langt unna. 
Når eg tenkter meg om, så er det 150 mil herifrå og heim til trappa hos mor mi. Nord i Nordland og til Hordaland, Kvinnherad. 
Eg leitar febrilsk oppe blant dei små grå for å fnne ut om det er praktisk mogleg å reise ein slik avstand her til lands og tenker at det i alle høve må bety tur-retur. 
350 mil.......Hmm, ja ikkje usannsynleg, tenkte eg først. Såååååå gjorde fornuften seg gjeldande. Frå Nordkapp til Lindesnes er det i overkant av 230 mil (om eg ikkje hugsar heilt feil). Så viss nokon har gidda ei reise på over 100 mil ekstra, ein veg, så trur eg ikkje dei kan legge til dei ekstra mila i "Jakten"-reise. 

Jaja, eg måtte jo sjølvsagt opne saka og sjå. Matematikken og geografien høyres jo heilt grell ut og då er det klart at denne jomfrua må sjekke stoda.
Ein ting er sikkert, og det er at denne knetta oppdaga noko som var heilt uventa. Dei små, grå hadde visst ikkje vore heilt vakne. Kanskje ikkje så rart når ein veit at det er måndagskveld og snart leggetid. 
Då sit ein jo med eit halvt auge på tv´n og Irene Huss. At ein innimellom får sjå at dei stikk ei saks inn i auget på eit lik, hjelper ikkje akkurat på konsentrasjonen til ei slik ei som meg. For det er berre ekkelt og då er det ikkje så lett å samle tankane om "Jakten-kjærleik"!

Uansett...... Kva var det eg oppdaga som ikkje så mykje som besøkte hjernen i forkant? 
Joda, så enkelt som at friaren det er snakk om (ei kvinne), har reist heilt ifrå Kansas til Kragerø for å møte mannen i sitt liv. 
Heldigvis for ho så likte ho det ho såg. Eg vil tru det hadde blitt trasig om det hadde vore omvendt. 

Eg tvilar på at eg ville gjort det same. Bladd i ei norsk nettavis og endt opp med å sende friarbrev. 
Det er mange "hotte" menn på nettet. Om dei er draumemenn, er ei heilt anna sak. (Med mindre dei har eit så fengande namn som George Clooney, sjølv om også han er utgått på dato). 

Så attstår det å sjå om ho har investert pengane sine riktig. På ein norsk bonde........ 
Det er ikkje såååå lenge sidan vi emigrerte herifrå til "over there". Kanskje det er tida for at bølgja snur seg?! 
Det er i alle høve ganske dristig å hive seg ut i det på denne måten. Måtte ho finne den store kjærleiken!

Jeg får hundrevis av mailer om denne kjolen hver dag. Huff, så slitsomt. Viss eg hadde fått hundre e-postar om dagen (om så ifrå ulike avsendarar), så trur eg kanskje eg ville blitt "hautuillåt"! Skulle det då vere snakk om eitt og same tema........ Oh, my God!! 
Kva kjole er det som er så vanvittig fin at den får slik merksemd? 
Eg vil tru at det er mange som skriv berre av di dei diggar innhaldet på innsida av kjolen. 
Medaljens bakside ved å vere kjendis. Så det kunne jo vere ein idè å ha ei e-postadresse som ikkje var så offentleg. 
Med tanke på at det kan dukke opp ei seriøs melding innimellom dei andre hundrevis, så må ein jo nesten opne dei alle saman?!
Jaja, ei crazy verd, spør du meg. 

Enke risikerte 298 år i fengsel for utroskap i Taiwan. Hahaha.....sjukt! Her er det snakk om lover på høgt plan. 
Det er ikkje vanskeleg å sjå at verda enno har laaaaang veg å gå når det gjeld kvinner sine rettigheiter. Det er jo direkte skummelt å bu i land som dette. 
Enka endte opp med to års fengsel og ei bot som tilsvarar over 150 000 norske kroner. Horibelt, men dog ikkje så ille som det kunne vore. 

I teorien kunne enka blitt straffa for kvart einaste stemnemøte ho hadde med den gifte mannen. (Ho sjølv var singel - for dei som ikkje er så vaken at dei oppfattar tvert at ei enke er det same som singel). 
Med andre ord så blei kvart enkelt kyss ganske dyrt! 
Snart 60 år, åleine i eit slikt land og samtidig må punge ut eit slikt beløp?! Joda, ho har ei lykkeleg framtid i sikte. 

298 år......... Det blir jo berre så tåpeleg at det er vanskeleg å ta slikt seriøst. (Sjølv om det i aller høgste grad er superseriøst for dei som hamnar i uføret på denne måten). Systemet er rett og slett latterleg. 
Kanskje på tide at dei får nokre oppegåande leiarar der som kan gripe fatt i lova, denne og fleire andre, og endre litt på dei. I mitt hovud ville ikkje akkurat det vore så ufatteleg dumt. 

80% av folket er imot avkriminalitisering av utroskap......... 
Ikkje veit eg.......men eg lurar jo på om det kun er menn som har uttalt seg, eller om kvinner får seie si meining dei også.

Det verste er at det står ingenting om mannen i heile artikkelen om saka. Det står berre at ho har vore i eit forhold med ein gift mann og må straffast for det. 
Kva straff har mannen fått? DET lurar eg på!
Hahahahaha..........Han har vel nok med å måtte leve resten av si tid med eit kvinnemenneske som har funne ut kva han har gjort. 
Det er jo sikkert i og for seg straff nok, det! 
Viss utroskap er kriminelt, ja så er det vel heller ikkje lov til å skille seg? (I just wonder..)

Hus smadret. Hjemmebrent....... Wow, det må verkeleg vere snakk om mengder sprit når eit heilt hus går til vers pga eit heimebrentapparat. 
Spørs om pengane han har tent på å selge spriten er nok til å dekke eit nytt hus. 
Slik eg ser det, har han vel ikkje akkurat rett til å få forsikringspengar til det formålet når ulovleg verksemd er årsaka bak ulykka? (Kan eg aldri tenke meg til at noko selskap går med på....)

Berre dunsten åleine er vel nok til å få fleire til å sjangle!
(Hmm...... At det gjekk sånn heeeeeilt til vers, er vel kanskje å ta det litt vel langt, men det var det dei sa på tv. Har dei sagt det på tv, ja då er det slik!!!!) 

Jaja...... Det er måndag og ei ny uke har starta. Helga viste seg frå ei særs god side med sol og herlege temperaturar begge dagane. 
I alle fall klaga ikkje denne knetta då ho kunne vrenge av seg klerne og brette seg sjølv ut under sola med ei god bok i hendene. 
Eg er rimeleg sikker på at den i alle fall avga pittelitt farge til kroppen. I alle høve ønsker eg å tru det. 
Viss psyken meiner der, ja då er det jo verdt det! :=)


Kva er vel meir avslappande enn ein hytteveranda på ein slik dag? 

Dersom du no trudde at den avkledde jomfrua skulle vere med på biletet, så må eg nok skuffe deg! Diverre.... Hahahaha...:=)
Bo er det berre å håpe på at dette legg malen for korleis hausten vil arte seg vèrmessig. 

No skal eg ta kveld, så då attstår det berre å ønske alle saman ei god natt med mykje skjønnheitssvevn. 
Hasta luego!

IWALY!!!