søndag 30. juni 2013

Himmel og hav. Til trass for at 99% av alle musklane har gått på minimalt av maskineri idag, så er denne jomfrua faktisk ganske trøytt. Noko ho oppdaga allereie for eit par timar sidan.
Av rein høflegheit blei det ikkje nemnt med eit ord, då, av hensyn til at det var midt i middagen.
No er eg allereie hamna i senga, om enn ikkje under dyna, så oppå. Derifrå kan eg tenke meg til at vegen ikkje er lang for å hamne på rettsida av den.
Litt lesing i min engelske roman før augene glipper for mykje, er slett ikkje så dumt, det heller!

Klokka 07.30. Sundags morgon. Det er berre å sove så lenge eg vil...........Joda....... Høyres flott ut det. Ved sida av meg, ligg to slakt og sover. Eg er vaken for lengst. Eg treng å besøke ein "nødvendig" plass, men ventar i det lengste. Det plagsommelege lengste.
Opp og hopp!
Sjøvann kan vere ein bra ting påmorgonkvisten. Kanskje litt keisamt heilt åleine, men litt saltvann har vel aldri skada? Heller tvert imot....
But......fy farsken......kven er det som har vore ute og salta det så dyrisk på morgonkvisten?
Eg trudde Gud også sov på den tida av døgeret?! Kanskje han bomma litt med saltbøssa si igår då han gomla litt pommes og flirte av alle mistaka vår i går......
Jaja.....Det fekk eg svi for idag, for havet var salt!! (Og augene var "blide" på resten av jomfrua ei stakket lita stund etterpå. But who cares?)

Klokka 08.30. Kvifor skal andre få sove bort sundagen viss ikkje eg får "lov"? "Kom dåke opp og ut av senga!" Hahahahahaha......... Minstemann er trøytt i småaugene, men smiler som vanleg til mora og seier "God morn, mamma." Herleg blid og forventningsfull til kva denne dagen skal bringe med seg av aktivitetar.
"Vi må ikkje gløm å før ned og sei ifrå korsn sang æ ska søng på idol på tirsdag. Æ har besteæmt mæ nu.. Det bi den dær Euphoria!" 
Jaujau....... Det kan jo bli gøy, det....... Spørs kven som må øve tekst i lag med han. (Svaret er vel innlysande).

Klokka 09.30. Godvèr og uteseng! Her skal alle musklar kvile! Bicepsen prøvde å løfte seg litt opp, om enn litt halvhjarta, men blei raskt stoppa og slengt ned att. "Prøv deg.....her skal du motstand finne!"
Ingen prater til meg. Lykke!
Etterkvart føler ein seg som eit slakt. Ei einaste stilling i fleire timar og utan at musklane får bevega seg noko som helst.
Sørgeleg nok, treng ein mat i skrotten. Det spørs berre om tarmsystemet virker når det er null aktivitet?!
Det er vel berre å hive innpå.

Klokka 14.45. Tør eg ligge meir i ro? Er det heilt helsebra? (Eg bryr meg vel strengt tatt ikkje, mensavitet vil i alle fall at eg skal tenke tanken......)
Klokka nærmar seg tre og tar eg ikkje mykje feil, står namnet mitt på tennisbaneblokka til nett den tida. Berre eit kvarter til..... Musklane må aktiviserast!

Tennis er jo gøy og har alltid vore det. Også i dag......... Godt det er høge gjerder rundt bana, for det er slett ikkje alle slaga som treff eitt hundre prosent (for å seie det slik....). Det hender seg at det er litt kult, det også..... Litt fliring og livet er forlenga nokre skarve sekundar! Ikkje så ille det.

No er det vel trygt å gå attende til "kvilestilling"? Tarmsystemet har fått rista seg litt og maten er kasta litt rundt om i magen. 232 kaloriar er borte (eg er god på å anslå - men det er sikkert eigentleg tuuuuusen....hahahaha....)og eg kan fylle på nye.
Herleg!

Klokka 17.00. Tanken er "Er det lov å legge seg no?" Eg seier det sjølvsagt ikkje ut høgt, men tanken er så definitivt til stades. Vel........fem? Hmm. Litt tidleg. Eg står han vel a.

Kven dusjer først?
Alle skal dusje og for å få ei rettferdig rekkefølge på køen, foreslår eg som alltid at den yngste går først og den mellomste sist.
Til no er det ingen som har reagert på at den mellomste alltid får slappe av og styre med sitt til det blir hennar tur. For sanninga er at ingen vil vere først.
Når musklane har kvilt seg i time etter time, ja kven vil vel då plutseleg byrje å bruke dei unødvendig? Sjølv om det er høyst nødvendig.......

Klokka er 19.00. Endeleg tid for å vere matvrak att! Barbeque! Det er godt, det!
Tennisen har sørga for at ein ikkje treng å vere blyg når ein lastar på tallerkenen. Nam............
Unge jomfru Marita skulle sett bordet! Då hadde det ikkje lenger hamna noko dagens mattips på facebooksida mi. For ho skulle slitt lenge med å lage til ein slik tallerken! Hahahahaha.........
(No ventar eg i spaning på neste tips! Eg skal titte innom face´n kvar dag framover.) :=)

Klokka 20.00. Jomfru Knutsen ber nesten på sine knær......... "Er det ikkje leggetid no?"
"Mamma?? Hallo? Æ e ju ikkje trøtt nu! Æ har jo ferie! Gje mæ heller litt pænga og så kan jo bære du gå og legg dæ." (Gliiiiiis og dådyrauge!!)

Som sagt har eg jo allereie hamna oppå dyna og er under ganske straks. Berre eg får gjort meg ferdig her inne.
Eg måtte jo sjølvsagt innom Vg ein tur og det første som møter meg er følgande setning.
Hun har frarøvet identiteten min som mann. Fikk livstid i fengsel for å ha skåret av ektemannens penis. 
Viss ikkje menn får vondt av å lese den setningen, skjønner eg ingenting. For det gjer eg. Unge Knutsen kjenner det godt i magen berre ved tanken på hendinga.

Det er sjølvsagt i USA det skjer. Det er alltid det. Vi er aldri så heldig at vi opplev slikt i nær krets. Vi får berre klare oss med å sjå over til statene. Kanskje like greit.......

Penisen blei faktisk kasta i ei avfallskvern. Oida!! Det betyr vel med enkle ord at det ikkje er mogleg å sy den på att i ettertid?! Kjipe greier...... Ja, då er vel identiteten eit hakk skada. Ikkje noko å seie på det.
Ein kan vel ikkje berre seie "slutt å bæs" til noko slikt.

Skilsmisse kan visst føre til såmangt. Sinne er ikkje alltid like lett å hanskes med! Det er jo denne saka eit prov på.:=)

Det er ikkje så alvorleg lenge sidan ein annan mann fekk penisen avkutta med ein kjøkkenkniv. Det skjedde i statene, det også!

Det er kanskje ikkje så lurt å lese VG på ein slik kveld? I fare for å bli påverka, må ein vel berre slutte av....Hahahaha..........:=)
Neida.........

Uansett. Ha ein fin fortsettelse på kvelden. Sjølv har eg vel allereie avsløra at den skal fortsette med augene godt attlukka og aller helst med gode draumer. Om kvite riddarar, eller noko sånt.

Hasta luego!

IWALY!


torsdag 27. juni 2013

Adrenalin? Kva er det? Eg reknat med at adrenalin er det som gjer seg gjeldande når du heng og dinglar ein plass mellom 400-800 fot oppe i lufta. Sånn rundt rekna mellom ca 132-264 m. Med tanke på at det kjæraste ein har i livet, ein herleg niåring, heng ved sida, trur eg at eg trygt kan seie at ein har litt av kvart i kroppen som jobbar for fullt.
Eg veit ikkje om ein kan kalle det ekstremsport? For då spørs det om forsikringa gjeld....... Eg vil tru at alle reiseforsikringane har forbehold om ekstremsport. Det må ein betale litt ekstra for.
I fjor var det ein 12-åring som falt......... Det trengs vel ikkje yttarlege kommentarar!?!

Eg har mange fine bilete frå denne "herlege" (hahahahaha) turen, men dei ligg på ein CD og utan CD-rom tilgjengeleg, kan eg ikkje vise noko her. (Det kjem seinare....)
Ni-åringen var "redd", mora var "redd"....... Likevel, opp skulle ein.
Stakkars gut som sa "Æ gjorde det kun førr di skyld, mamma!" Åååååh, trossa sin eigen frykt for å tilfredsstille mora. (Kanskje eg bør punge ut med litt meir lommepengar....)

Idol. Bombo - Adelen. Ei som sonen min "diggar". I alle høve låta! Tysdag stod han på scenen foran masse born og vaksne og dansa og song seg gjennom songen.
Skulle tru han er scenevant! Dommarane sa at han eigde scenen og det var ein stolt gutunge som kom til mora for å vise det flotte provet på at han hadde vore med.
Mora har sjølvsagt foreviga det heile på film.

How much? Too much! Smaller? Bigger? Ord som flittig blir bruit, om att og om att. Stor som liten må lære seg kunsten å prute. Slikt blir det mengder av varer av. (Og kven kan vel seie nei til dei flotte augene gutungen set i dei som skal ha pengane.
Ikkje berre pruting........ Han er jo så sær, gutungen. Han veit kva han vil ha og det kan gå ein butikkrbeidar på nervane.
Når dei leitar fram og leitar fram varer i håp om at han skal falle for dei, svarar han berre "No, I don´t like it".
Han nektar å godta det når dei seier at akkurat DEN skoen ikkje lages i storleikar under 36. Han saumfarar samtlege skoforretningar og nektar å gje seg. Han vil ha nett dei og då SKAL han ha dei. Til no har han i alle fall vore innom 25 skobutikkar og mora er temmeleg lei!
Heldigvis nemnte han i stad at han kanskje skal vurdere nokre andre sko. Eg folder hendene og håpar han der oppe høyrer meg og sørger for at det snart blir sko på guten så mora kan slippe irritasjonen som ho til ein viss grad føler.

5 spatimar på 5 dagar! Det er herlege greier det. Sånn bortsett frå at eg seier at eg vil ha alle timane klokka ni på morgonen. Då må eg jo opp klokka åtte kvar dag når eg eigentleg kan sove så lnge eg berre ønsker.
Jaja, ingen fare for at eg ikkje skal få dagen med meg.

Det er slett ikkje berre på hytta at det fins mygg! Det har i alle fall eg erfart desse siste dagane.
Eg har ikkje sett ei einaste mygg, men føtene mine er uansett full av myggstikk og det klør akkurat like mykje som mygga på Korsnes! Ingen fare for noko anna. Jippi!

Ellers irriterer eg meg litt over Jo Nesbø. Kvifor treng han å skrive så bra at ein ikkje klarar å legge bøkene hans bort? EIt par dagar på ei bok eg antok ville ganske mykje lenger tid. Plutseleg var eg utan lesestoff'.........og kryssord.
Heldigvis hadde hyttenaboen min ei bok, men den las eg ut på ein dag. (350 sider), så no er eg boklaus att.
Til alt hell kom eg over eit kryssordblad i butikken i stad (og det hadde eg aldri trudd), så no er vel dei neste dagane også berga. Flott for meg! :=) (Eg er ikkje heilt sikkert på at 100% av dei andre sys det same)......

Betal 20 000  - få speletid i engelsk fotball. Hahahahahaha...... Det står at om ein har ein draum om å spele i England, så kan dette vere sjansen.
Det er berre å sjå for seg at denne unge jomfrua spring på sida av David Jones eller Steven Gerrard og ropar "Hit! Sentre til meg! Få ballen!" Og sjølvsagt vil dei ikkje tore noko anna enn å få ballen over til føtene mine. For tenk berre kor bitch eg kan bli om eg ikkje får viljen min. Nådelaust.........og for ei stjerne eg ville blitt!! Thihihi....... (Det står ingen stader at ein må vere mann!)

Ekorn går til brutalt angrip på slange. (Lang.........) Hahaha......Eg trur eg vil finne ut kven som vann den kampen. Vi veit jo alle korleis det gjekk i kanpen David mot Goliat.
Spørs om ekornet har nok kampvilje. Ingenting er umogleg. (Trur eg).

Kampen varte i ein heil halvtime. Eg har sett litt på opptaket. Ekornet er ikkje riktig rett! Hadde ein slange glefsa etter meg, hadde eg ikkje tatt igjen. Definitivt ikkje!
Ekornet brukr tenna sine og spis på slangen veldig mange gonger. Innimellom høyrer vi lyden av tenna mot skinnet. Creepy.........
Slangen blei berga av brannmannskapet og satt ut i ørkenen og ekornet er like uskadd som før hendinga og har sannsynlegvis hatt ei knakande kjekk oppleving for livet.
The winner is........

Stjal undertøy for ein kvart million. To tyvar..... Dei må nok slite mykje med laus mage sidan dei treng så mange truser?!
Viss det er dyre truser til 250 kroner stykket, tilsvarar det 1000 truser. Eg vil tru dei var litt billegare, så då stig vel antalet med same forholdet.
To tyvar - tre truser kvar per dag. Ingen trusevask. Det er berre å kaste dei etterkvart. Livet er herleg, eller?

Nei....Klokka er meir enn seint og jomfrua byrjer å få tunge augelokk. Kanskje ikkje så rart med tanke på at ho står opp grytidleg for å bli handsama av kjekke menn? Thihihi..............
Ha ei kjempegod natt! Sov godt!!

Hasta luego!

IWALY!

mandag 24. juni 2013

Kva skal eigentleg til for å gjere ein dag perfekt?
Ikkje veit eg, men det eg faktisk veit, er at dette har vore ein rimeleg innhaldsrik dag! (Eg kunne likesågodt ha putta 14 utropsteikn bak for å statuere i kva grad eg meiner innhaldsrik er).
Sånn går det når ein har ein ivrig 9-åring til son og som syns det er kult å delta på "stuff".

"Mamma, mamma, du må kom med en gång! Det e vektig!" Augene var nesten ville og eg lurte sjølvsagt på kva det var som var så viktig.
"Æ træng ei mamma som kan syng en ABBA-sang. Skyndt dæ førr vi træng poenga."
Joda........... Eg kan vel ein eller ABBA-låt utenat, men........

Konkurranseinstinktet har han vel etter mora, sjølv om han ikkje er like kjapp i vendinga alltid.
Superivrig ropte han berre "Æ har ei mamma som kan søng. Æ har ei mamma som kan søng! 
Oppstilling. Mamma mia. Godkjent! 40 poeng til team Herøyvika.

"Mamma! Vi træng et ektepar som kan kyss kværainner!! Han pappa må kom så du kan kyss han! Vi får 60 poeng vess dåkker gjær det." Oioioioi......... Var det ikkje det eine, så var det det andre.
Dei to yngste på laget sørga for å bringe ein "kyssemann" fram til stadion og innkaserte veldig stolt 60 poeng.
But, but, but..........Tredje og siste deltakar på laget, ei jente, såg forsiktig på meg og spurte fint "Eeeh, Beathe, har du en bikini-bh tell? 
Eg må ærleg innrømme at eg verkeleg lurte på kvifor ho lurte på det. 
"Jo, du skjønna det at vi får 100 poeng (som er det meste) om vi får en mann tell å gå med bikinioverdel og så tænkte æ at kanskje du kunne skaffe en tell han......." og peika på ein viss kar.
Hahahahahaha........ Som om eg skulle gidde å gå opp i leiligheita for å skaffe ein bikini til......
Jomfrua var rask i vendinga og vips så var ho sjølv fri for bikini og vips var det ein heilt annan som hadde fått på seg bikini (til bornas store begeistring!) 
Jomfrua sjølv måtte berre gjere sitt beste for å dekke seg til med dei nevane Gud  tileigna ho ved fødselen. Dog ikkje raskt nok til å hindre at ein 13-årig gut fekk seg eit lite puppesyn og kanskje blei "skada" for livet. 
Stakkars......han visste ikkje kor han skulle sjå etterpå. Han stod som klistra fast både i alt av musklar og syn og tenkte sikkert at dette måtte vere ei gal mamma!! (Han har vel kanskje litt rett i det uansett...)

Jaja......Ingen skal påstå at ein ikkje ofrar seg! Dei fekk i alle høve sanka seg nokre poeng og då var det vel sikkert verdt det.
Like etterpå bar det til "green-room" og "backstage" med gutungen og ei venninne som hadde øving til morgondagens idol-tilstelning. Vi vaksne måtte halde oss laaaangt unna, for vi skal ikkje få sjå noko som helst før "performance" i morgon kveld. Spent gut, spente foresatte! 
Så då var det berre å leite fram tennisrackettane og vere litt sportsleg medan idol-øvinga stod på. 
Trim har vel aldri vore å forakte - ei heller i dag. 
(Eg fekk meg no ein liten sniktitt i det eg skulle levere rackettane og det eg såg var ganske bra, så eg gler meg til morgondagen. 

OG kva gjer ein når hyttenaboen ligg der og halvsover og ein sjiraff plutseleg koser "øyret" sitt mot nakkehåra hennar? 
Kanskje ikkje så vanskeleg å forutsjå korleis dei første sekunda fortona seg då ho såg opp? Til ho skjønna at "there´s no danger".......... Artig var det lell! :=)

Å ta drosje kan i for seg av og til vere ei prøving for dei fleste (om det er bykøyring). Når sjåføren strenar ned gatene i nitti (minst) når det er snakk om at det er tett trafikk......då er det fleire som folder hendene sine eller stryker mora forsiktig på låret, som for å seie at "mamma, æ e litt redd". 
I slike situasjonar er det også ein lærer at lyskryss, der ein ser nedtellinga i antal sekund til lyset skal skifte, slett ikkje er ein bra ting!! 
Eg har fleire gonger tenkt at DET må vere ein smart ting. Heilt til i dag...... No syns eg ikkje det lenger. Enkelt og greit av di eg veit kvifor det ikkje er så lurt likevel. 
Det er nedtelling. 10 sekundar att. Vi står midt i rundkøyringa (eller på tur inn i ho). Lyskryssrundkøyring! 
Seks sekundar att. Kva skjer?? Drosja gassar på for fullt i denne trafikale tida! Wow.......Om vi ikkje var redd ifrå før av, så blei vi det i alle høve då! 
Raudt lys betydde plutseleg ikkje noko lengre. Han visste at det snart kom til å skifte og då var det berre "tut og køyr"! 
Sannsynlegvis er det praksisen til fleire og ein dag vil det gå galt. SMASH!! 

Nei, eg kan trygt seie at eg gler meg meir til å sjå guten danse og synge "Bombom" (Adele) i morgon kveld enn til neste drosjetur (med mindre den foregår på ruta Bakkanvegen - Varmannsvei, eller noko i det høvet. (For det er jo stor sjanse for at eg nokon gong kjem til å trenge drosje på den biten. 
Føtene er ikkje lagd for å gå på.........

Så inhaldsrik dag avsluttes no med eit herleg ønske om ei fantastisk fin natt (usj.......så klisjeaktig!! Poff.)
Uansett, det er snart midnatt og eg skal rulle meg rundt (dog ikkje i rytme) og om eit lite kvarter har eg nok funne den magiske roen som dryssar sovestøv over den venstre hjernehalvdelen og seier "sov søtt" og mest sannsynleg "pass deg for kva du drøymer om. Det er ikkje alt som passar seg!!" Hahahahaha....... 

Hasta luego! 

IWALY!

lørdag 22. juni 2013

Harry Hole!!

Aldri har eg vel nokon  gong vore så forelska som eg var i han Harry Hole. Den fordrukne politietterforskaren som på eitt eller anna vis klarte å få både frelsesarmèberta og leiaren for AA til sengs. (Og halve stokken av bekjentsskapskretsen hans også, for den del.......) Så noko må det vere med han og det er vel då heller ikkje rart at ein går hen og forelsker seg hovudstups i han. Denne rå mannen som har ei løysing på det meste. Han som set prikken over i´en. (Så skulle det stått mange flotte superlativ her!)

Sorga var til å ta og føle på då Jo Nesbø turte å gjere det vi alle ikkje ønska at han skulle gjere. Ingen "rører" Harry Hole og aller minst tar livet av han. Likevel var det nett det Jo Nesbø lot oss tru. Han lot oss kjenne på sorga over å miste ein trofast ven i livet. Vi skulle ikkje få lese meir om han. Han blei tatt av dage.
Eller..........?

Tida går, presset blir for stort. Jo Nesbø ser seg nøydd til å skrive ei bok til. Harry Hole.
Når det endeleg er tid for å legge sorga på hylla, tar han oss på ny med til høgda. Harry Hole er slett ikkje daud! Han lev i beste velgåande.
Kunne han ikkje latt vere å seie at det ikkje skulle kome fleire bøker? Kvifor må alt vere så spanande?
Så spørs det kva ein legg i ordet velgåande.
For det første så lar Nesbø oss tru at Harry Hole ligg i koma og kan døy. Identiteten hans skal vere hemmeleg for alle på sjukehuset og det er politi som vaktar over han til ei kvar tid. Trur "vi".......

Harry Hole ligg ikkje på noko sjukehus. Han underviser ved politihøgskulen. Det er ein heilt anna mann som ligg på sjukehuset og døyr....
Harry Hole har fått eit liv som familiemann. Han "vil" ikkje lenger etterforske. Han vil satse på ekteskapet.
Kan dei tidlegare kollegaene akseptere det? At denne geniale mannen ikkje skal sørge for å halde prosentandelen på oppklarte saker oppe?
Ikkje lett......
Og aller sist......Klarer Hole å stå imot presset då dei byrjar å presse på for å få han til å hjelpe?

Ein mann som Harry Hole treng spaning i livet. Ein mann som han er født til å leve med livet som innsats og å bruke det ekstremt smarte hovudet sitt.
Han er til og med blitt så snusfornuftig at han klarer å la andre kvinnfolk i fred. Faktisk blir han berre irritert over at ei studine er så håplaust forelska i han (læraren sin) og ho gjer alt for å fange interessa hans. Han står imot og det er det slett ikkje sikkert han ville gjort tidlegare.
No veit han at skal han halde på sin elskede, er det nett det han må gjere. Halde seg sjølv i skinnet. Ingen andre kvinnfolk og ingen alkohol.
Ingen alkohol av di han ved å smake på det, risikerer å hamne på kjøret att. Ruskjøret. Akkurat som politietterforskning gjer han rus. På akkurat same måte som alkoholen......
Det er difor det er lett å seie at han er født til å ta kriminelle. Født til å gjere oss kvinnfolk geleaktig i føtene. Kjenne at han er "hot" og det utan å ha møtt han.

Eg er ikkje ferdig med boka "Politi" enno, men i løpet av eit par dagar har eg fått unna over 200 sider. Det er litt meir enn planlagt.
Tanken var å fordele den ut over dei neste tre ukene, men det lar seg rett og slett ikkje gjere. Boka må lesast og det er vanskeleg å leggje ho ifrå seg. Så på måndag må eg vel prøveå skaffe meg ei ny bok. 300 sider att å lese, men reknar med det går fort!

Forskjellen på Nesbø og andre forfattarar er at Nesbø skriver så bra at ein berre må lese kvart einaste ord han skriv.
Joda, eg les sjølvsagt det meste i kvar bok eg les, men av og til hender det at ting blir for detaljerte og du berre veit kva dei neste to linjene seier utan å lese dei.
Dette er ikkje mogleg når det gjeld Nesbø. Ein må berre lese ALT! Det er ingen linjer å hoppe over. Er det rart ein blir bitt av Nesbø-basillen? Er det rart at det er så mange som diggar han? Til og med fleire som ikkje les bøker til vanleg.
Eg har sjølv vore vitne til dei siste dagane at ein kompis som nesten ikkje les til vanleg har saumfara kvart eit ord i Nesbø-boka. Nokre få dagar brukte han på å lese heile boka.
Når ein mann som sjeldan les, ikkje klarar å leggje ifrå seg ei bok, ja, då er ho vel bra, då?!!

Så har du ikkje lest boka eller ikkje eingong summa deg ferdig til å kjøpe ho......løp og kjøp!
Eg kjøpte ho same dagen som ho kom på markedet. Eg har "spara" ho til denne helga (noko som har vore vanskeleg). Kven vil vel utsetje ei lesing om Harry Hole?
Det holdt hardt, men no er eg igong! (Kanskje litt kjedeleg for dei rundt meg, but who cares?)

Ha ein fantastisk kveld!
Hasta luego :=)

IWALY!

tirsdag 18. juni 2013

Til no har dette vore ein innhaldsrik dag, noko som har sørga for at denne jomfrua ikkje har så mykje av dagens energi att. Kanskje eg burde vurdere ein time på sofaen. Det er jo ikkje sikkert at det berre er oppskrytt (at det er så deileg........).
Det er vel kanskje ille når ein sit og fører ein samtale og midt i eine setningen berre sovnar! Hyggeleg selskap, liksom.

Det har vore "Tinestafett" og fotballkampar i dag. Stafetten var forbeholdt dei søte små, men fotball inkluderte alle aldrar.
For ei middelaldrande jomfru var det ikkje lite slitsamt. Eg reknar med stilen var upåklageleg. Eg netta i det minste! Ikkje dårleg, berre det.
Gøy, men slitsamt! (Og sikkert mange betre halvdelar som sit heime med utslitte "kailla" i dag. Innsatsen til dei fleste var upåklageleg.
Ein vellykka dag som ei stakka lita stund såg ut til å ikkje ende bra, vèrmessig. Heldigvis letna det opp og temperaturen steig eit lite hakk.

Når energien først skulle brukast opp, var det berre å guffe på. Så då har eg likesågodt konfrontert enkelte som eg har vore litt "irritert" på i over ei uke. Det gjekk jo over all forventning, så det må ein visst gjere oftare! (Eller........får vel heller satse på at det ikkje blir nødvendig.)
Enkelte treng å høyre litt av kvart innimellom og enkelte gonger kan det faktisk føles bra av å få sagt det.

Har du gått i oljefella? Jepp, det kan eg garantere at eg har gjort, og det utan å vite kva fellene er.
Så lenge det er feller å gå i, kan eg vel rekne med at eg trør i enkelte av dei.
Så spørs det....... Kva feller kan ein gjere med olje?

For det første går det stort sett i olivenolje og rapsolje. At det fins andre typar, er vel ikkje akkurat ukjent, men eg ser berre ikkje heilt vitsen med og sette meg inn i kva den og den olja passar til.
Hahaha.......... Det beste er at no når eg opnar saka,så står det følgjande: Du trenger bare to oljer. Slik bruker du dem riktig.

Steiking, grilling, salater, kakebakst, dressing.......you name it. Er det rart ein kan bli forvirra?
Det er då det er herleg at ein kjem langt med to oljer (og berre to!)
Det er dog ikkje sikkert at eg har dei rette to, men eg reknar med at eg straks finn ut av det.

Rapsolja tronar på toppen. Så jomfru Knutsen kan klappe seg sjølv på skuldra der. :=)
Olivenolja er mest helsebringande.
Sjå der, ja!! Eg overgår meg sjølv. Eine olja mi tronar på toppen og den andre fremjar god helse. Så fantastisk!! Hahaha........ Korleis går det an at denne knetta har klart det? Olje er olje, liksom. Eller......... Jaja, når tilfeldigheitene rår, så er det mykje som går an. Eg plukkar ut frå kva som ser mest innbydande ut og denne gongen klaffe det faktisk på ein bra måte. Supert!

11-åring ble far etter sex med kameratens mor. Ja, det er vel til å bli svett av. Stakkars unge. New Zealand vurderer å endre lova og det burde dei faktisk gjere.
Denne 36 år gamle kvinna blir ikkje straffeforfulgt for valdtekt, noko ein såvisst kan kalle det når ein har fokus på gutens alder. (Sånn sett er det litt rart at guten allereie er kjønnsmoden).

På New Zealand er det faktisk slik at kvinnfolk ikkje kan bli tiltalt for valdtekt. Eg går sterkt ut ifrå at då dei laga lova, ikkje heilt såg for seg at det skulle gjelde overgrip mot born.
At ei vaksen dame kan slippe unna så billig...........
Då er det verkeleg noko som er galt med systemet, spør du meg. (Og sjølvsagt det kvinnemennesket som sørger for at slikt skjer).

Våknet opp fra koma og hadde fransk aksent.  Hahahaha........ Så "bra". Viss eg nokon gong hamnar i koma og skulle vakne med ein annan aksent, håper eg det blir noko anna enn fransk.
Litt kjipt med ein aksent som tilfaller eit språk eg ikkje kan. (Med mindre det følger med eit heilt språk i denne oppvåkninga).

Kva betyr eigentleg dette? Betyr det at reinkarnasjon er svaret?
For dei som no blei litt usikker, så betyr reinkarnasjon at ein blir gjenskapt/født på ny.  Så spørs det kva karma ein har hatt........
Viss reinkarnasjon faktisk har noko sanning i seg, kan ein jo då anta at kvinna har levd som fransk i eit tidlegare liv.
Det er ikkje fritt for at det innimellom føles som om at ein faktisk har levd tidlegare. Kanskje det ikkje er innbilning likevel?

Det er tysdag og klokka er faktisk ikkje halv sju enno. Det betyr at det framleis er eindel timar å halde seg vaken på. Om det er så ønskeleg, er ein ting. Ein annan ting er at ein er "pukka nødt". Kan jo ikkje risikere at natta skal kortast inn svevnmessig pga at ein går i "sove-på-ettermiddagen"-fella. Ikkje denne knetta.

Uansett.... ha ein fantastisk kveld!
Hasta luego!

IWALY!!





lørdag 15. juni 2013

Skuespiller sovnet bakfull på scenen........ i en barneforestilling. Det kan vel trygt kalles for flaut, ja!  Kanskje ikkje så artig etterpå når ein har fått mediedekning for å ha gjort det. Likevel, mediedekning er vel kanskje å forvente når ein gjer slikt.

15 sexy badeshorts til gutter og menn. På biletet ser eg åtte og ingen av dei er særleg sexy eller fine. Kanskje det er eg som er sær i smaken?
Sånn sett burde eg vel ta og leite opp bilete av ein badeshorts eg syns er kul og poste det her på veggen. Ikkje liker eg speedo-truser, ikkje liker eg dei som VG klassifiserer som mest sexy, så kva er vel eigentleg dugandes då for denne jomfrua? (Gudane veit........... )
Hadde eg visst det, skulle eg kjøpt ein viss kar ei slik!

Kvinner, skjerp dere. Det holder ikke å blogge om hus og hjem.  Hahahahaha......... Føler meg skikkeleg truffen der!! For eg bloggar stort sett berre om hus og heim......
Joda, det kunne sikkert vore gøy det. Hus og heim........, men eg trur kanskje enkelte vil tru at denne knetta har fått solstikk om det skulle vere tilfelle.

Brutalt vakkert da Nick Cave forettet svart messe. En renselse av en konsert.  For eit ordspel!! Brutalt vakkert! Hmm.......Slettes ikkje dårleg, med andre ord. Svart messe - vakkert? Renselse........ Synd for meg at eg ikkje har fått oppleve denne konserten.
Så spørs det kva svart messe betyr. Er det snakk om "mørk og dyster" musikk? Så dyster at ein går ut av sitt gode skinn og kallar det vakkert......
Eg tvilar på at eg har gått glipp av noko. Nick Cave er sikkert dyktig, men eg lyttar heller til andre.

Hevder Messi må ut med 180 millioner for å slippe fengsel. Jeeeeeezes!! ( x 1000).
Viss han har gjort noko kriminelt som tilsvarar 180 millionar i straff, ja då må det vere noko ille! 180 millionar!! Hallo.........
I og med at eg ikkje har lest sjølve saka, veit eg ikkje heilt kva det dreiar seg om, men eg må ærleg innrømme at det høyrest "sjukt" ut.
Han er rik og kan betale seg ut av noko han har gjort.
Mest sannsynleg kunne eg ha gjort det same kriminelle som han og sluppe unna med ei bot som ville vore på under millionen. For det må jo vere at dei har lagt den summen til grunn av di han er styrtrik? At ei straff må vere så høg at den merkes.
Viss ikkje må han jo ha tatt livet av 100 menn.........og eg tvilar på at det er det som er saka!

No veit eg svaret.......... Det er skattesvindel! Beløpet er på sånn ca 30 millionar. (4 mill euro). Så då vil eg no påstå at det likaste hadde vore betalt skatten med glede.
Frå 30 til 180 millionar? Tvilar på at det er verdt det. (Eller kva tsyns du, Messi?? Godt du ikkje er min mann. Då skulle øyrene dine få slitt...........)

Knekt av kulda! Gladmelding!! Hurra!! Brunsneglen......... Periodane med barfrost blei for tøff for dei. No er det mindre snegler enn normalt. "Lykke på jord"! (Dei er jo rett og slett heslig ........... sjølv om eg i utgongspunktet har ein gamal, ståande avtale med ei kvinne her om at ho skal tilreie dei for meg som ei delikatesse om eg tar nokre av dei med meg nordover!)

Nei, jomfrua er stuptrøytt i augene, så det er vel berre å tusle seg under dyna. Kanskje ho blir hakket meir kreativ i morgon. Det er jo lov til å håpe.
Uansett må du ha ei god natt og sov fantastisk godt på favorittputa di.

Hasta mañana!

IWALY!

mandag 10. juni 2013

Popcorn! Eg spis popcorn og eg kan diverre ikkje seie at det er ei sjeldan hending. Popcorn er popcorn og då blir det berre slik. Popcorn må ein ha......ofte!
Så då fann eg ut at eg burde lese meg litt opp på kva eg puttar så ofte i kjeften. Liksom sjekke at det ikkje er ei farleg "bombe" eller noko sånt.

Sjølv seier eg til dei som er framtida at dei ikkje kan stole heilt på Wikipedia. Det handlar om å vere kritiske til det dei les på nettet. Wikipedia er moglegvis ikkje den nettstaden som er mest til å lite på. Det er likevel der eg er no. Eller var.......i stad.
Eg er sjølvsagt ferdiglest, så no skal eg områ dei små grå for å sjå om eg kan bruke noko av det.
Eg fann i alle høve ut at eg ikkje kjem til å døy av det, sjølv om det inntas minst fire gonger i uka.

Kva kan eigentleg vere galt med tørka maiskorn som eksploderer?
Viss du veit kva tid Columbus hamna i Amerika, ja då veit du kva tid dei første europearane spiste popcorn. Han var vel framme i 1492, så det betyr at lille meg var alt anna enn planlagt (om ikkje han der oppe hadde ein plan med meg frå jordas opprinnelse).

Wikipedia kan berre seie meg at popcorn er meiskorn som kan poppast og etast. I tillegg trur dei at dei treng å informere meg om at det ofte inntas når ein er på kino!!
Joda...... Så ofte som eg er på kino......
Popcorn med smør og salt........
Ellers er det viktig at du følger bruksrettleiinga. Viss ikkje, risikerer du at heile kjøkkenet blir fyllt av popcorn!
Hahaha........ Då veit eg kva eg skal gjere neste gong. For kven vil vel ikkje ha eit heilt kjøkken fullt av popcorn? (Sjølv om kjøkkenet ikkje akkurat er av dei største). Det vil i alle fall vere nok til eit par ukers forbruk! :=)

Så Wikipedia var visst berre skit. Ingenting å lese om når det kjem til kva grad ein bør la vere å spise det eller ikkje.

Popcorn er sunt!! Eg fann det, eg! Endeleg nokon som kan overbevise meg om at eg gjer det rette. Endeleg ein som gjer sin velsignelse til å ete denne herlegdomen. Flotte greier......
Det har faktisk fleire helseinnbringande effektar. Og kva er vel betre enn det i denne verda vi lev i?
Vi blir proppa full med informasjon om kor bra det er med antioksidantar. Vel...... Popcorn er antioksidantar. Så spis i veg!
Popcorn beskyttar celler, dei hjelper til mot kreft og hjartesjukdomar. Eit vidundermiddel med andre ord, vil eg tru.
Det er i alle fall fullt ut på høgde med både frukt og grønsaker. Då kan det i alle fall ikkje vere så ille.
Så då er rådet rett og slett: La popcorn bli ein av dine "fem om dagen"! Herleg!! Dette kan eg like!!
Det skal berre kome fleire slike studiar.
Eg skal i alle fall fortsette med å gjere det eg gjer. Spise popcorn. Både godt og sunt!! :=)

Det byrjer å bli seint. Så då skal denne knetta spise opp popcornet sitt og kravle seg i seng.
I morgon tidleg ser eg nok sola og det blir deileg!
Du får ha ein fortsatt fin kveld og ei fortreffeleg god natt.

Hasta mañana!

IWALY!