søndag 7. april 2013

Dette er livet!

Dagens sitat: Dette er livet!! Ja, det var akkurat dei tankane som for gjennom hovudet då eg var oppe på høgda her for andre gong på to dagar. Vèret var nesten like bra som i går, berre hakket kaldare, utan at det la noko demping på opplevinga.


Her er eg med den herlege sonen min, ikkje lenge etter at vi var komen opp. På sida av oss ser du eit riktig så nymotens par ski. Herleg oransjefarga og litt ulike bindingar enn det vi to yngste er vane med!! MEN, dei fungerer. Det er jo dette biletet eit prov på. :=)  (Vi bør kanskje hinte frampå om at det fins sportsforretningar ikkje lenger unna enn 10 mil..............) 



Litago er godt! Stor i augene, lykke........mamma har kjøpt stor litago og den er med på fjellet! Jippi!! 
Ingen ordentleg skitur utan sekk med mykje godt i. 
Kva er vel betre enn å sitte der i sola og nyte ho til fulle med eit stykke sjokoladekake og varm kakao? (Sjølvsagt etter at den nødvendige dosen med mat er inntatt).
Kakao, kaffi, vann, litago.......drikke for einkvar smak. Mat, kake, kjeks, sjokolade, popcorn........ Ein toppers sekk!! 


 I bakgrunnen ser du Prestinden. Det var ein som trudde det var nasjonalfjellet vårt, Stetind, men det fjellet må du nok lenger frampå kanten for å få auge på. Det ligg bak "haugen" til venstre.
Himmelen er ikkje like blå som i går, men eg reknar med at fargeavkastninga til andleta var like bra som dagen før.
Her er det ein som ventar på at enkelte andre skal "få fingeren ut" og få på seg skia. Det er på tide å starten nedturen. Ei litt smartare rute enn det mora tok i går.
Ho tok nemleg same ruta ned som ho kom opp. Vel vitande om at det kanskje ikkje ville vere så smart.
Med to andre på slep, var det om å vere fornuftig.
Om det var så mykje hjelp i det at eg skulle vere fornuftig, ser du på biletet under!! Hahahahaha........ Det hindra i alle fall ikkje ein viss kar i å hamne i snøen!!




Snø under brillene tyda på at fallet landa med overkroppen først og akkurat det gjer grobunn til hjarteleg latter. 
I alle fall klarer ikkje denne tøtta å la vere å flire. Eg flirer nesten litt berre av å sjå biletet. 
Le først.......spørre om det gjekk bra etterpå!! :=) Thihihihi...........




















Og like etterpå tryna nestemann!! Hahaha......... 
I følge han sjølv, blei trusa hans nesten levande begravd!! (Kva no enn det skal bety...........) Eg trur kanskje det betyr at han blei ganske så fylt opp med snø. Overalt!! 
Jomfru Knutsen hamna ikkje ein einaste gong i snøen og er veldig nøgd med det! 




Denne utsikta er det vel ikkje noko å seie på. Herleg både til fjells og til havs.
Eg reknar med at dei som er ein del av hytteparadiset i bakgrunnen av biletet hadde det minst like fint som oss og var ein del av fjellet der på ein dag som denne.

Fem timar i denne vakre naturen var ikkje eit sekund for mykje. I dag var det om å kome seg tidleg ut av senga og få skia på føtene. Hadde eg vore åleine, skulle eg ha lege oppe på høgda enno!!
Lykkeleg av di fjeset har fått litt farge, håper eg på mange fleire slike dagar! :=)

Jeg tror på romvesener. Tom Cruise trur no på så mykje.......... Eg er vel ikkje den største tilhengjaren av scientologikyrkja og Tom C. er vel ein frontfigur på det området.
Romvesener?? Tja, kanskje det var romvesener ombord i SAS-flyet som strena rett over hovudet på oss i dag. Kanskje det ikkje var eit SAS-fly. Kanskje det var eit kopifly for å narre oss og så dukkar dei opp i kveld for å hente oss heim til planeten sin?! Kanskje, kanskje...........

I følge Tom`n, så er vi som ikkje trur på at det bur romvesen på andre planetar, arrogante! Hahahaha........ Yes! Då få r eg også bli medlem av den klubben! Arrogant-klubben....... Jippi!

Kjernetrua i scientologien er at romvesenet "Xenu" sendte milliardar av frosne sjeler frå eigen planet til ulike vulkanar på jorda.
Desse vulkanane har hatt utbrot og sjelene spredte seg inn i menneskelege organer.
Hahahaha......... Det største pisspreiket eg nokon gong har høyrt. Og dette trur enkelte på, Sånn heilt seriøst??
Joda, eg veit at vi skal ha respekt for andres meiningar, men enkelte ting er det vanskeleg å ta alvorleg......... Er det berre eg som syns det???

Nei, Cruise...........You are not my favourite today! Sorry..............

Her er MC´n som ikke kan velte.  Hahahahaha........Eg flirte godt då eg såg bilete av "motorsykkelen". Å kalle den for det, er kanskje å trekke det litt langt, men den er no definert som det.

Motorsykkelen er innebygd, akkurat som ein liten bil.
For meg ser den no mest ut som ein liten konebil, berre at den kun har to hjul.
Eg tippar det vil vere eit supery sjekketriks om du dukkar opp i denne for å imponere dama du liker.
Kanskje ho berre spring sin veg? (Å setje seg inn i den gjer ho vel neppe.......) Hehehe......

Toppfarta er "berre" 160 km/t. For dei fleste "bikerane" er nok ikkje dette så veldig fett, men for ei ung jomfru som meg, høyres 160 ut som eit svimlandes høgt tal.
Nok høgt til at eg engster meg halvt i hel om dei eg kjenner prøver å teste ut maksfarta. (Så skal eg heller la vere å fortelje kva mi maksfart gjenom Sverige var forrige sommar!!)
Vel, kor stor kapasitet kan ein eigentleg forvente at eit køyretøy av denne sorten kan ha?
Sikkert fint å ha på ein regntung dag, men ellers...?? Eg vil tru at "taket" rundt tar bort den ekte "feelingen" ein motorsykkel skal gje. Ingen spaning med andre ord.

Wenche vann VM i toppløsaking. Det var i helga det skjedde. Vi gjekk glipp av heile greia. Eg syns jo vi burde stille mannsterk opp og delta.
Ta eit gamalt badekar eller noko liknande og sette utfor bakken i full mondur.
Eg har allereie fått "truslar" om at eg blir påmeldt til neste år (berre at det ikkje er eg sjølv som skal stå for sjølve påmeldinga). Kanskje like greit........

Ellers så er dagens fristelse komen på facebook-sida mi. No har eg fått både middagstips, kveldstips, desserttips osv....... Så det lønte seg å mislike mat på facebook.
Hahahaha.......

Ha ein fortreffeleg kveld!
Hasta mañana!

IWALY!!




lørdag 6. april 2013

Det har vore arrangert skirenn i dag og minstemann har sjølvsagt deltatt på det. Det var jo eit alternativ i det å dra på hytta, men det ville vore eit grovt overtramp mot han. Det er ikkje ofte det er skirenn, så då er det berre å prioritere. 
Her er han på tur oppover bakken og klar for kilometeren sin. 

Det er ikkje vanskeleg å sjå på biletet at det er sol. Om ein tittar ekstra nøye, ser ein at det er blått øverst i midten. Altså eit praktfullt vèr!! 

Denne knetta vakna tidleg i dag og det var direkte lykke å sjå ut av vindauget. Dyna tapte så til dei grader. Kroppen blei levande berre ved tanken på å tilbringe ein så herleg dag ute.

Ein slik dag kan rett og slett ikkje utnyttast til noko anna enn skigåing. Med så mykje snø og sol, er det berre om å kome seg i høgden så andletet får litt farge. 
Åleine tusla eg meg oppover mot skihytta. Ikkje eit vindpust i sikte. 
I sekken låg ekstra klede (inkludert lue - min favoritt - hahaha......) i tilfelle det skulle bli kaldare enn eg hadde kledd meg for. 
Akkurat der tok eg grundig feil. Det blei så varmt at eg vurderte å kle av meg litt, men heldigvis hadde eg vit til å la vere. Ein skal vel aller helst vere forsiktig med slikt. 

Litt mat og god samtale med andre skigåarar på skihytteverandaen gjorde susen og sjølvsagt måtte mobilen arbeide litt også der. Resultatet av det er biletet under!





Havet så stille, eit nydeleg syn! Fabrikkpipene som stikk opp bakom åsen............ Industribygda Kjøpsvik som eg er så glad i.
Heller ikkje her var det antydning til vinddrag. Det var berre plass til herlege tankar blant mine små grå medan eg nytte denne utsikta. Kan ikkje kvar einaste dag vere slik?! Reine påskekjensla!
Ein annan gong bør eg så definitivt ta med lavvo eller telt. Tru kor fint det hadde vore utover kvelden med eit lite bål til å lyse opp litt og sjølvsagt avgje eit snev av varme.
Eller........varmen burde vel heller kome frå hud mot hud........men då må ein vere meir enn ein!!

Storbotnvannet. Heilt åleine ute i det fri. Ikkje ei sjel å sjå. Berre meg og den vakre naturen. Like før eg når opp på høgda. Høgda som gjer den fine utsikta ned mot Fuglfjorden..... Ein båt på tur ut av fjorden, anten etter ein liten fisketur eller rett og slett etter å hatt seg ein herleg laurdagstur på havet. Det er jo ikkje alle som svergar til snø og ski.......

Eg fekk tatt mange fine bilete der oppe, men eg har framleis ikkje fått lagt dei over på dataen. Så då får desse mobilbileta vere eit prov på det herlege vèret og fjellheimen i dag.

Turen ned var sjølvsagt eit kapittel for seg sjølv. Det er kanskje ikkje det smartaste ein gjer, det at ein vel å køyre ned med eit svært kamera rundt nakken. Det blei mest sånn der starvring nedover i djupsnøen der ein heile tida ba om at ein ikkje måtte falle.
Eg trur kanskje eg kan føye nedturen frå denne høgda og ned til hytta til i lista over ting som tar lang tid! Aldri før har det gått så sakte!
Heldigvis tok eg til vit etterkvart og fekk slegt den over i sekken og då blei livet plutseleg så mykje meir "easy"!!

No håper eg berre at vår herre har tenkt å velsigne oss med litt fleire slike dagar. Det er medisin for kropp og sjel.
Jomfrua slepp å tenke sitt om Bieber, kva andre et til alle måltida sine, kva dei får att på skatten eller ikkje og om Nord-Korea plutseleg finn på at no skal ting skje............ Ein slik dag avlar berre gode tankar. Eg vil tru det gjeld dei fleste. Sola brukar å ha den verknaden på oss menneske. Spesielt etter mørketida, sjølv om den ikkje blei så mørk denne sesongen.

Matt fløy seks kilometer med ballonger. Kult.... Det må også vere ei vitamininnsprøytning av dei store. Tenk kor fri ein føler seg høgt oppe i lufta. Det einaste som held deg oppe er ballongar.
Ikkje kvardagskost det at ein må sette sin lit til nokre ballongar, men nett den spenninga er jo med på å gje det lille ekstra adrenalinkicket og den ekstra vitamininnsprøytninga.........
Befriande.
Ikkje fritt for at denne knetta blir reint misunneleg. Kanskje ikkje så misunneleg at ho er galen nok til å gjere det same, men heller ikkje utenkeleg.

Use it or loose it. Eg trur eg skal la vere å kommentere kva det gjeld.
Eit lite hint kan vere at den er stila til menn!! (Og som regel veit VG kva dei pratar om, så ver på vakt!)

Behandler du skoene dine riktig? Tenk om den ansatte kunne spurt meg om det neste gong eg skal kjøpe nye sko. Då får eg meg ein god latter og med tanke på at ein god latter forlenger livet.........
Behandler du skoene dine........ Hahahaha..... Tja, eg behandler dei såpass bra at dei får besøk av tærne mine, sure eller ikkje, når eg har behov for det!
That´s it, liksom...... Det stoppar med det.
Med mindre at det tell positivt inn at dei står kvar for seg i ei skohylle...... :=)

Nei, det er laurdag og jomfru Knutsen skal entre sofaen om få strakser. Der skal ho ligge strak ut og ikkje gjere ein skit! Ikkje ein muskel skal få køyrt seg, med mindre det er leskende innhold som treng å bli inntatt.
Augene skal kvile på ein skjerm med forhåpentlegvis ein god film på. Etter ein slik dag er det vel ikkje mogleg at vår herre ikkje følger opp det han starta dagen med. Kan jo ikkje starte med eit smil og avslutte med å skape grinebiter.
Ha ein fortreffeleg fortsettelse på kvelden!!

Hasta mañana!

IWALY!!
Det er fantastisk herleg å vakne opp på ein dag som dette!! Utan tvil..... Himmelen er blå og fin  og sola har stått opp for lengst. Snart  er det skirenn for dei søte små og dei kunne ikkje fått ein betre dag å ha skirenn på.

Dette må vere den dagen på superlenge som har vore lettast å stå opp på. Til og med den gode dyna mi klarte ikkje å overtale meg lengre like etter at klokka bekka åtte. Ein laurdags morgon........


fredag 5. april 2013

Deo og leppestift kan være farlig. Bruker du deodorant dagleg?? Då er det stor sjanse for at du får i deg uheldige mengder aluminium.
Så kan ein spørre seg...... Kven er det som ikkje brukar deodorant kvar dag? (Av dei vaksne).
Det er jo ikkje akkurat så særleg deileg å stå atmed ein svett og "u-deo"-mann som ikkje har skjønna at det er meininga å bruke deo kvar dag, etter først å ha vaska seg under dei hårete armhulene. Deo er obligatorisk!!
Så ergo betyr det at det gjeld majoriteten av oss vaksne. Det med deodoranten altså...... Leppestiften er i eigen kategori. OG eg satsar sterkt på at majoriteten av den maskuline befolkninga rett og slett lar vere å bruke denne forma for pynt??!! Hahahaha............
Viss bror min kjem på besøk med raud leppestiftmunn, ja då vil eg verkeleg byrje å lure!!

Leppestiftgreia gjeld berre dersom leppene er sprukne og tørre. Så det betyr vel at det er om å sørge for å halde dei mjuke og fine heile tida. Då slepp ein å bekymre seg. :=)

På rotter og mus har aluminium gjeve nerveskader. Så spørs det......... Er vi samanliknbare med ei rotte?? Maybe, maybe........It´s up to you. Use it or not!

Politiet aksjonerte mot gjengmedlemmer på Sola. Ny sensasjon........... Sola er beboeleg!! Årelang vinterkulde er på veg!!

Problemfritt å gi elevene fri for å se Bieber. Mener Justin Bieber bør bli skolepensum. Snakk om skivebom frå ein rektor sørpå!!
Joda, elevne må berre reise for å sjå på Justin Bieber så mykje dei vil for min del, men å påstå at det burde vere skulepensum??
DET vil vere eit hån mot "gutta"!!
I alle fall dei gutane eg kjenner til som er i alderen 6-16 år. Majoriteten av dei "hater" Bieber.
Skal dei få han tredd nedover hovudet av di jentene totalt har forelska seg i denne ungguten?
Det er då vel ikkje såååå lenge sidan det var hysteri overfor andre artistar.
Musikkhistoria er eingong slik at det alltid kjem nye spirer til og sørger for oppstandelse ei stund. Etterkvart roar det seg.
Sjølv Bieber vil gå av moten om ei stund!!

Skulepensum? Joda, ta det med i musikkhistoria om nokre få år. Ikkje som pensum i norsk og engelsk som det foreslås.
Rektoren seier at skulen må ha respekt for ungdomskulturen og med det betyr det at tentamener og liknande skal tilpassast etter kva tid det er store konsertar.
Hipp hurra for den!!!!
Kven er det som avgjer kva tid det er ein "stor" konsert? Tar eg ikkje feil, er det "One Direction"-konsert om ein månad.
Enkelte jenter er minst like oppslukt av gutane i dette bandet som andre er av han der Bieber-guten.

Misforstå meg ikkje....... Eg har ikkje sagt noko på det at mange skal på konsert. Det er heilt greit...... Eg seier berre at resten av verda ikkje treng å tilpasse seg ein tenåringsgut på reis.
Det kan nesten virke som om at det skal klassifiserast på lik line med Nobels fredspris...........
Bieber er Bieber og dei som likar han vil nok få ei stor oppleving for livet.
La berre den andre delen av folket vårt slippe å få han tredd nedover hovudet, for det er nesten "krig" dei få gongane gutane må forhalde seg til han.
La dei slippe det å måtte sitte der og pugge tekstane hans. Det kan tilhengjarane gjere sjølv på fritida si (som dei gjer uansett). Bieber vil så absolutt ikkje skape motivasjon.......heller det motsatte.

Hever giftealderen i Spania. Og der datt denne jomfrua ut eit lite augeblikk!! I Spania har det faktisk vore lov til å gifte seg heilt nede i 14-årsalderen!
Rimeleg lav alder vil eg påstå....... Kanskje det er dei som ikkje er einig, men eg er i alle fall veldig klar på at eg meiner at det er alt, alt for lav alder til å ta stillig til slikt.
I dag har dei heva grensa til 16 år...... Så kan jo dei som vil tenke sitt om det.

Det skal også lages ein plan for å få bukt med seksuelt misbruk av born. Kanskje den seksuelle lavalderen på 13 år også bør heves?
Ein 13-åring er då vitterleg framleis eit born, så ein plass må dei jo starte.
Her i Noreg er eit born 13 år anten i siste halvdel av sjuande klasse, eller i første halvdel av åttande.......... Akkurat det syns eg set det heile i litt perspektiv.
(Eg skjønner godt at det er fleire "der nede" som er glad i dag!)

Jaja........Det er mykje rart i denne verda, men den går no vidare likevel. :=)
Ha ein fin fredagskveld. Det er Idol på tv og det er countrykveld. Ergo ingen Bieber-låtar i kveld. :=)

Hasta mañana!

IWALY!!!


torsdag 4. april 2013



Neida..........Jomfrua er ikkje blitt heilt gal enno. (Men det spørs no etterkvart....hahahaha).
Desse bileta er eit resultat av min kritiske haldning til mat og facebook!
Sånn eigentleg var det nesten det same som om å be om det. Eg burde skjønt det då eg skreiv at dette slepp eg ikkje unna. Så desse to bileta er dukka opp på MI facebookside dei siste to dagane. Sjølvsagt med litt "knegging" under! :=)
Det øverste er forøvrig kylling fylt med bacon, ost og løk, så eigentleg fekk eg jo då eit godt mattips.

To bilete som fekk meg til å le etterkvart som eg oppdaga dei. Ergo eit bra stunt og med på å gje eit lite positivt puff på denne dagen.

Denne dagen.........Kanskje litt av den sprøe sorten. Noko mitt herlege syskenborn er eit prov på!! Ho er så definitivt i slekt med meg! Heldigvis.........
At ho er vakse opp på Vestlandet, har ho såvisst ikkje tatt skade av. Dei nord-norske genene er så til dei grader tilstades i kroppen hennar.
Ho har ikkje budd lenge her nord før ho skjønna spelereglane. :=)


Isbading kallar vi det!! Sjekk dette......... It made my day!!! Hahahaha..... Like blid som meg og kanskje hakket tøffare. (DET innrømmer eg aldri!!!)

Eg skreiv jo her om dagen at ein ikkje burde legge ut lettkleddbilete av seg sjølv. Dette biletet er definitivt ikkje eit slikt bilete. Det kjem under ein annan kategori. Eg har berre ikkje fått døyp kategorien til noko enno. Dettte er berre tøft og i ein setting som fortel noko.
Bikini og LUE..........Det er jo berre heilt rått.

Maten var nok ikkje nok til å "berge" dagen min åleine (ikkje at det var noko å berge), men ved hjelp av dette biletet så blei den meir enn berga. Som sagt...... It made my day! <3 p="">
Sånn eigentleg har dette vore ein super dag. Masse herlege menneske rundt meg.
Så spørs det sjølvsagt kva eg legg i ordet herleg. Hahahahaha........Ikkje sikkert at eg syns dei er så herleg kvar einaste dag!
Av ein eller annan grunn har det vore plystring og synging i gongane i heile dag, både av dei musikalske og dei som kanskje er i andre enden av sjiktet i den kategorien.
Om det er visse tema som har opptatt dei i dag, skal vere usagt. Likevel......Det har i alle fall virka positivt inn!
Det gjekk vel sånn eigentleg veldig bra heilt fram til dei plasserte denne unge jomfrua åleine inne på kontoret med heile seks menn.
Ingen George Clooney blant dei, så inga hake nede på knærne, men likevel "skummelt".
Ikkje spør kor effektivt det blei............

Illustrert vitenskap. Quiz...... Eg skjønner eigentleg ikkje kvifor ikkje fleire speler det. Det er jo gøy!! Vel......... Til ein viss grad. I alle fall når ein tar seg tida til å la spørsmåla få synke inn. For det er ikkje alltid så fine dei orda som kjem ut når det går "rett i dass". Og det er ikkje alle som veit kven det er som kom ut av limosinen sin med raudbeter over heile seg. (Enkelte veit svaret, men eg trur dei høyrer til mindretalet.)
Dei fleste spørsmåla er nok ikkje så sære som nett det. Krig, historie, antikken, matematikk, naturfag, musikk, kultur, bibelen, teknikk......osv osv..... Temaene er mange!

I dag var det "close race" to the bitter end. Adrenalinkick.........for så å bli slått på målstreken.
Det betyr at det fins ikkje noko anna alternativ enn "rematch". Gorr-irritert over tapet!!!
Ein irritasjon som faktisk er av det positive slaget. Det skaper røyrsle i kamplysta. Det skaper motivasjon. Det setter heile meg i live.
Så ergo er det med på å gjere denne dagen så fin! :=)

Vi klagar på vèret, vi klagar på ditt og datt........ Så gløymer vi kor fantastisk ting eigentleg kan vere.
Det er jo millionar av ting å smile av. Kva gjer det no om den "hersens" snøen må måkast? Eller om brøytemannskapet ikkje klarer å halde følge med folks forventningar på ein heilagdag?
Skal vi til fjells anten på føtene eller på ski (you name it), så har ein sikkert satt av nett den dagen til det. Då gjer det ingenting om ein må gå dei ekstra metrane.

Hahahahaha....... Eg seier det berre av di eg aldri har trengt å gå dei ekstra metrane sjølv. Då er det lett å gni det inn! :=)
MEN det gjer godt å seie det. Godt å vere positiv til det også! Thihihi......så då så. :=)

No nærmer det seg kveld og det betyr at jomfrua må freshe seg litt opp før ho skal ut og gjere enkelte stader utrygg. Det er torsdag og musikkveld og denne torsdagen har eg tenkt å få det med meg.
Så det betyr at eg i dette sekund ønsker alle ein herleg kveld!!
Hasta mañana! :=)

IWALY!!!!



onsdag 3. april 2013

Joda, det skal eg ha........ Det er lett å gje seg sjølv eit forsett om å ikkje bry seg om kva andre skriv på statusane sine. Det vansklegaste blir å følge det opp.

Då eg var ferdig med å blogge i går kveld, var eg ein tur innom Facebook for å legge ut linken. Kva såg eg då, mon tru? Joda, ein etter ein skreiv kor mykje dei får att på skatten eller kor mykje dei er skuldig.
Denne jomfrua tenkte jo då sjølvsagt "Ååhhh, at dei gidd å dele det med alle andre! Viss dei vil kommentere det, er det jo berre å skrive at ein får att eller blir skuldig."
Nokre få sekundar holdt "løftet" mitt om at eg skulle bli flinkare med å ikkje "bry meg". Hahahahaha....... Så patetisk!
Heldigvis kopla eg ganske kjapt at det var nett det som skjedde. At eg gjekk imot det eg nett hadde skrive. Ergo henta eg meg kjapt inn att.
Resultatet er at eg ikkje har ofra det med skattestatusane ein einaste tanke i dag. Ikkje før no av di eg skulle arrestere meg sjølv.

Små gryter har også øyrer. Det er sikkert og visst. Ganske sikkert er det at fleire skulle reflektere litt over det.
Seinast i dag kom det til uttrykk gjennom born som fortel ting dei har fått fortalt heime. Slik dei oppfattar det som blir sagt......... Og det er absolutt informasjon av ein slik art som born i den alderen ikkje treng å ha. Så tenker ein "Kvifor i alle dager sit ein og diskuterer/fortel born og unge slikt?"

Spesielt bør ein vere varsom med kva ein seier om folk bornet/borna kjenner. Eg veit sjølv om ein veldig uheldig episode for eindel år sidan.
Mora til ei jente hadde eit litt "utsvevande" liv (om ein kan kalle det for det). Dette sat fleire foreldre med born i same alder og snakka om rundt middagsbornet.
Resultat? Treng eg eigentleg seie kva resultatet blei? Det seier vel seg sjølv...... Denne jenta blei erta av dei andre borna pga noko mora hennar gjorde og som denne jenta hadde null kontroll over.
Informasjonen om mora er det ingen born som kunne ha kome over med mindre vaksne har fortalt dei det.
Kva erting/mobbing kan føre til, ja det veit vel dei fleste?!

Dette eksempelet er berre eitt av eit hav med andre eksemplar. Eg meiner at det er veldig mange som bør tenke litt meir over kva dei seier til borna sine.
Born teier ikkje stille......... Får dei vite noko dei ikkje burde, er det stor sannsynlegheit for at dei sørger for å få informasjoen ut. OG dei er ærlege om kvar dei får informasjonen frå.
"Veit du ka han pappa sa i går?................."

Vær på utkikk etter bokstaven -s om du handler på nett. Jaha? Kva kan det kome av då? No blei eg litt nysgjerrig her eg sit. Eg skal definitivt opne saka og sjekke!

Eg rekna med at det handla om svindel på eit eller anna vis. Eg fekk rett.........
No er det slik at sjansen for å bli svindla når du bruker kredittkort på nett er ganske liten. Då er sjansen større for at kortet kan bli fråstolen eller at magnetstripa bli kopiert.
Likevel blir vi råda til enkelte ting viss vi handlar på nett. Blant anna denne -s´n.
Det handlar om hptts. Kryptert sikker side.
Vær spesielt forsiktig om det er på sider som casino og porno.
Yeah, right!!! Hahahaha........... Stor sjanse for det då?!!

I dag er det visst heilt håplaust å ha hovudet med seg. Feilen ligg vel kanskje i at eg ligg i sofaen og skriv medan tv´n står på. Ikkje kan eg slå den av heller, av den enkle grunn at det ikkje er eg som "har" tv´n.
Sjølvsagt går det mykje teit på den akkurat no når eg skriv, og ergo ser eg meir på tv enn på dataen. Det er nesten som om at eg blir åndsfråverande....... Ikkje bra! Hadde det no i det minste vore noko bra å sjå på. Så kvifor i alle dagar tiltrekk tv´n seg fokuset mitt når eg i utgongspunktet er totalt uinteressert i å sjå på den i kveld? Typisk........

Dårleg tv. ingen artige saker i ei einaste hovudstadsavis...............Nei, det er alt anna enn bra. Likevel ligg eg no her. Ein time etter at eg planla at eg skulle tusle meg i seng.
Så no lurar eg mest berre på kva klokka eigentleg kjem til å vere i det sekundet eg trekk dyna over hovudet.
Eg håper det blir å denne sida av døgeret!!

Jaja, eg kan jo starte med å slå av dette monsteret av ein maskin.
Hahahaha..........Monster, du! 11 tommer.............
Eg har ein god ven i eit monster!! :=)

Uansett......sov godt!
Hasta luego!

IWALY!!


tirsdag 2. april 2013

Kva er greit å publisere på Facebook og i kva grad har vi rett til å meine noko om det som blir publisert? 
Den siste tida har det fleire stader vore fokus på kva som er greit å publisere på sosiale media som blant anna Facebook og sjølvsagt då også kva som ikkje er greit å publisere. I tillegg er det slik at dei fleste har ei eller anna meining om det andre publiserer. På godt og vondt.

Eg skal vere den første til å innrømme at eg har "kritisert" enkelte ting som er publisert. Eg, på lik linje med mange andre. Eg er ganske sikker på at det gjeld majoriteten av folkemassen.
Så spørs det kva eg har kritisert.
Eg veit ikkje om eg eigentleg vil bruke ordet kritisert, men eg har i alle fall tenkt mitt.
Det gjeld som regel statusar som viser kva ein et til dei ulike måltida. Kvifor? Jo, for eg heng eg opp i at ein til eikvar tid må oppdatere kva ein har putta i seg.
Då meier eg ikkje om ein har hatt eit betre måltid og vil dele det med andre. Eg snakkar om at det oppdateres at no er frukosten inntatt, lunsjen, middagen og kveldsen. Samtlege måltid kjem med. Og så tenker eg at har dei ikkje betre ting å gjere enn å oppdatere statusen 40 gonger for dagen?
Så kjem hovudspørsmålet......... Kva rett har eg å meine noko spesielt om nett det? Kva har eg med kva andre vel å gjere? Svaret seier seg sjølv.... Eg har rett til å meine kva eg vil. Det er ingen som kan ta meg for det. Likevel, ein bør kanskje ikkje kommentere det "høgt". Halde tankane sine for seg sjølv. Aller helst ikkje kaste bort energien på å tenke negativt om slikt.

Poenget er jo, som blant anna Christine Otterstad påstår, at det er DU som bestemmer kva som er bra for DEG. Vi er alle ulike som menneske og vi har alle ulike behov. Så det beste er å kome ned frå sin høge hest og ikkje bry seg om kva andre vel å dele. Det som er interessant for meg, treng slett ikkje vere interessant for andre.
Det handlar om å vere raus på andre sine vegne!

Facebook bugnar jo over av gullkorn. Titt og ofte dukker det opp herlege setningar. Andre dager står det ting som gjer at du får innblikk i veners kvardag. Enkelte kvardagsgløtt som betyr noko der og då i det sekundet det blir posta.
Lite veit vi om kva den reelle kvardagen til desse menneska eigetleg er. Lite veit vi om kvifor dei vel å dele akkurat det dei gjer med oss.......

Facebook er blitt noko som kanskje kan sjåast på som den mest naturlege delen av kvardagen til mange.
Dei som klagar mest, er gjerne dei som bidrar minst....... Deler minst. Kanskje ikkje så rart?!
Å vere på Facebook er høgst frivillig. Det er ingen som tvinger deg til å vere der. Liker du ikkje å lese andre sine statusar, så er det ikkje påtvungen å vere der. Det er berre å la vere.
Det er ikkje lenge sidan eg skreiv litt om han Jante her inne. Om eg ikkje tar heilt feil, er det berre ein liten månad sidan.
Dette med Facebook er med på å gje Jante meir "styrke". Difor trur eg vi alle bør bli flinkare med å hindre at han slepp til. Jante har ingenting på Facebook å gjere. Ingen andre stader hell for den saks skuld...........Det blir kva vi sjølv gjer det til.

Eg deler ikkje alle måltida mine på Facebook. Likevel gjer det meg ikkje rett å "diskriminere" andre av di dei gjer det.
Berre så det er sagt...... Måltida er berre EITT av mange eksempel. Det var berre så lett å bruke akkurat det i denne samanhengen.

But, but....... Det er likevel enkelte ting ein bør vere varsom med. Då tenker eg av årsaker som betyr noko. Kanskje ikkje akkurat der og då, men seinare. Ting som kan få konsekvensar for framtida, eller ting som berre blir flaut om nokre år.
Eksempel på det er festbilete. Unge som legg ut masse bilete der dei sit med øl og andre alkoholvarer i hendene.
Arbeidsgjevaren som googlar deg, syns kanskje ikkje det er så kult å finne masse slike bilete av deg. Det kan faktisk vere avgjerande for om du får jobben eller ikkje. Det påverker inntrykket av deg.
Lettkleddbilete.......... Dei kan såvisst bli misbrukt!
Nakenbilete av dei småborna! Kor herleg ser det ikkje ut med ein flott unge som spring naken på ei lang og herleg sandstrand? Motivet kan vere råflott, men er likevel grobunn for andre ting.
Dessutan er det ikkje sikkert at bornet, som etterkvart blir 15 år, syns det er så kult at det ligg eit nakenbilete av seg sjølv på nettet.
Ellers blir ein råda til å ikkje legge ut bileter av born som er lei seg og skrik. Der og då er det berre søtt, men seinare.............
Og så har ein alle dei kommentarane om sure og tverre born. Dei som klagar på kor lite dei får gjort pga borna som er så viltre og ulydige.
Det er greit nok å kommentere det ein gong i ei naturleg setting, men ikkje klage på borna sine offentleg.
Kva vil borna tenke når dei blir eldre og kanskje kjem over desse kommentarane? Vil dei tenke at "oi, var eg eit så vanskeleg born?" "Var det berre ille med meg då eg var unge?" Osv osv.... Kven veit korleis ein tenåring vil reagere på å lese desse negative kommentarane om seg sjølv som born?

Eg trur ikkje at mange skriv slikt for å vere ekkel. Dei berre lar vere å tenke over konsekvensane.
Eg har sjølv bilete av sonen min inne her på bloggen. Også på Facebook. Eg vel å tru at det er bilete som er rimeleg "safe" å bruke. Dessutan spør eg alltid han sjølv om eg kan publisere det. Så han er klar over at andre kan sjå det. Så spørs det når han blir eldre........... Eg syns likevel det er greit at han får betsemme det sjølv. På lik linje med andre. Andre.....
Dei fleste veit at det ikkje er lov til å publisere bileter av andre utan samtykke. Åndsverklova er klar på akkurat det og det er straffbart. Likevel er det eit stort antal menneske som ikkje bryr seg om nett det.
Viss andre skal legge ut bilete av sonen min, er dei forplikta til å spørre meg om det er greit. Det er faktisk min fulle rett som foresatt å nekte andre å bruke bilete av han (eller seie ja).
Difor er eg sjølv veldig forsiktig med å legge ut bilete av andre. Eg spør først.......

Det er mange meininger om temaet eg tar opp og meiningane sprike i alle retningar. Ikkje alle er like konstruktive.
Eg veit berre at eg sjølv skal bli flinkare til å ikkje irritere meg over andre sine statusar. Vi har alle noko å lære.......

Greys byrjer, så det betyr at det ikkje er meir tid til dette!

Hasta mañana. :=)

IWALY!!