lørdag 26. november 2011

Laurdag 26.november.

Det er laurdag og ute er det rimeleg stille. Det er alt anna enn foventa. Det har vore så mykje snakk om "Berit" i det siste at eg rekna med at det ville bli ei natt med lite svevn. Så feil kan ein verkeleg ta. Eg la meg ein eller gong mellom eitt og to (trur eg) og då var det forholdsvis stille. Eg sovna og vakna ikkje att før det var morgon og har ikkje høyrt noko som helst til stormen. Den har garantert ikkje herja utan at eg har vakna, for vindauget stod ope heile natta. Så då gjekk vi rett og slett glipp av den. Like greit!!
Eg har sett nokre bilete av storfloa på nettet, og ein kan trygt seie at det var mykje sjø! Eg trur det var bra mange kjøpsvikingar som tok turen ned på kaia i går kveld for å oververe det heile. Eg kjente ikkje nokon som helst plass at eg hadde noko ønske om det, så eg tok til takke med å studere bileta etterkvart som dei blei lagt ut.
Så spørs det kor hardt det blåste på Kornes...... Eg tenker då mest på vegen ut mot Tysnes. Viss havet var like langt oppe der som her, er eg stygt redd for at delar av vegen er øydelagt. (Sannsynlegvis den biten eg treng for å kome meg på hytta). Jaja.......

Enda en "Jakten-bonde" trekker seg. I forrige sesong av programmet var det ein bonde som trakk seg (meiner eg å ha lest eller høyrt ein stad). Denne sesongen har allereie ein bonde trekt seg og no til uka skal dei visst vise at det er endå ein bonde som skal trekke seg. Kan det vere at dei bør vurdere om det er eit program å satse på? No følgjer ikkje eg med på serien, med mindre det tilfeldigvis er andre i huset som har tv'n på og ser på nett det. Likevel, om ein kan melde seg på utan å forplikte seg til å køyre løpet heilt ut...... Kva er då vitsen?
Nei, eg har aldri heilt skjønna meg på desse sjekkeprogramma. Det er sikkert god underhaldning, for eg reknat med at store delar av befolkninga følgjer med på det. Eg har liksom berre vore i ein tv-fri modus det siste halvåret. Det går vel over det også........

"Lydverket - x " (x er for eit namn) singel etter 11 år. Mr X er ein gamal klassekompis av meg frå oppveksten min på Vestlandet. No er han tydlegvis blitt singel og får det bretta ut over nettsidene til Vg. Då reknar eg nesten med at det også står på Dagbladet sine sider. Eg har berre ikkje sjekka. Det er altså medaljen si bakside. Privatlivet får ikkje mykje fred. Er ein først blitt ein kjendis, vil media få med seg det meste som skjer. Eg syns ikkje det er noko kult for nokon som helst når det er samlivsbrudd og destod mindre kult er det at "alle" kan lese det i avisa.
Han har blitt ein av landets dyktigaste musikkjournalistar og følgeleg er han av interesse for media. Han som har fått tatovert både namn og bryllupsdato osv...... Tja, det spørs om ein eventuell framtidig kjærast vil synes det er så kult. Hmm........
Eg har aldri vore tilhengjar av tatovering, men eg har no mi lille bak på skuldra. Eit resultat av heimlengt under ein musikktur til England. Når ein først skal ta ei, så er det jo kjempelurt å oppsøke ei sjappe i utlandet....... Neppe! Jaja, det gjekk jo berre bra. Dessutan er den så liten.......og den vil aldri vere til skjemsel for nokon. Ein liten S for Steffen. Enkelte vil tru at det er ein G-nøkkel, men det er det altså ikkje.

Ellers er det no for det meste stoff om "Berit" som florerer på nettsidene. Sjølv om vi slapp billig unna, er ikkje det tilfellet mange andre stader. Ho er vel ikkje heilt ferdigarbeidd enno heller, så andre står nok for tur. Det florerer på nettet av filmar og bilete av stormen og det som er blitt rasert. Altså er avisa i dag ganske enkelt som ein kunne forvente. (Nettavisa).
Papirutgåva tar for seg saker som "Sjekk om du er sexavhengig" (førstesidestoff!!!) og "Derfor har vi et favorittbarn". Sjølv om foreldre ikkje vil innrømme det, har dei gjerne eit favorittborn. Det er berre å lese Vg, så får du svara på korleis du unngår å favorisere enkelte av borna dine.
Eg trur ikkje eg treng dra til Sverige for å få behandling for sexavhengigheit , og difor gidd eg heller ikkje lese denne superviktige artikkelen. (Den er vel det når den er på forsida???) Er du avhengig, er det berre å skunde seg på butikken før den stenger........ Dei har sikkert eit par eksemplarar att:=)

Det har vore julegrantenning og julegateopning i dag. (Vi har ei meeeegastor handlegate.......) Nissane dukka jaggu meg opp i år også, så då har vi vel alle hatt snille born. Julegrana er høg og dei fleste har nok tippa på lengden. Her i huset har vi tippa rett dei to siste åra. I fjor var vi åleine om det, medan året før var det to som tippa likt. Då tapte vi ved loddtrekning. Har vi tippa rett i år også, trur eg dei vil starte ei lita etterforskning om vi har juksa. Hahahahaha........ Gode augemål er jo ikkje å forakte!!!

No skal eg pleie kropp og sjel, så difor vil eg berre ønske ein riktig så fin laurdags kveld!!

Hasta pronto!!!

Let me stay with..........

torsdag 24. november 2011

Fra svindyrt til grisebillig. Vi snakkar ribbe og pris frå 1982 og fram til no. Journalisten bak dette innlegget syns sikkert at "han" har vore flink med ordspelet sitt i dag. "Han" har jo forsåvidt det...... Eg trur ikkje eg ville ha klart å kome på same setningen. Så er eg heller ikkje så opptatt av kva ei ribbe kostar. Tar eg ikkje mykje feil, har eg allereie kjøt ribbe og fått kjøtet i frysaren.

Hopp til køys nå. Då bergar du bornehageplassen. Vel, eg er ikkje interessert i  bornehageplass. Ikkje no og ikkje seinare. Betyr det at eg aldri meir skal.....?? Hmm, stakkars meg!!! Jada, jomfrua har det artig her ho sit.
Det er jo litt fint at det offentlege skal bestemme kva tid du skal ha sex. Då slepp ein jo å tenke så hardt på det sjølv. Det passar meg utmerket no..........:=)
- Sjekk med kommunen før du tar deg en hyggestund. ,......................... hvis man ikke er heldig og bor i en kommune som har en god praksis.............. Det er ulikt i kor stor grad dei ulike kommunane prktiserer denne sexlova si.............(Eg lurar på kor mykje ulovleg sex som praktiseres rundt om i landet).
Nei, no skal eg slutte å tulle. "Hopp tril køys" er vel berre ei oppmoding for å kome best mogleg ut av det økonomisk. Like I care.......... Eg likte best mi eiga tolking!!! Thihi...

Det neste som står på sida, er at pappaperm er sexy. Joda, eg skal teie stilt!!

Flest eldre pirres av "Trekant". Tja, programmet er vel i utgangspunktet retta mot ungdom for at dei skal lære av det. Eg følgjer ikkje med på programmet sjølv, men eg overvar ein episode her tidlegare for å sjå kva det eignetleg er snakk om. Det var ganske "innhaldsrikt"........ Det er sikkert mykje dei eldre også kan lære av programmet, så det er jo hyggeleg om dei finn glede i det. Å sitje og stirre på at dei skal framprovosere orgasmar på seg sjølv osv er vel ikkje akkurat det eg finn mest interessant. Det kan jo vere at mange slit med det og syns det er lærerikt, men eg trur eg klarar meg godt utan den hjelpa!!
Berre dei eldre ikkje sit og ser på det ilag med ungdommen i huset så....... Eg trur ikkje eg ville ha sete ilag med foreldra mine og sett på slikt..........(Eller besteforeldra for den del...) Det skjer sikkert det også:=)

Ååhh.... Bruce Springsteen skal til Bergen og Olso i juli. Det freistar verkeleg. Det er vel ikkje berre, berre å få tak i billettar??!! Eg reknar med dei går fort unna.
Springsteen har eigentleg ikkje så supergod stemme. Likevel, med dei rette låtane er det kjempebra. Han er uansett stor og det ville blitt ei fin oppleving å få dratt på konsert med han........

I dag oppdaga eg plutseleg ein liten ting. Han der sonen min, han kan vere riktig så artig, men dog ikkje heile tida. Her om dagen laga vi pepperkakehus og pynta det med masse nonstop og seigmenn. I dag såg eg plutseleg på huset........Ops, kor var all nonstop'en og alle seigmenna?? Trur du ikkje det er ein liten kar som litt etter litt har sneke seg litt godsaker?? Då eg oppdaga det, var det ikkje måte på kor uskuldig han skulle spele. Jaja....... Det var jo litt komisk også........ Det er godt det berre er jul ein gong i året.

No skal jomfrua ta kveld og bysselalle. Ha ein fortsatt fin kveld.

Hasta pronto.

DY

onsdag 23. november 2011

Onsdag 23.november

Er mannen i ditt liv 178 cm? Vel, eg har ingen peiling! I så fall kan eg visst ta høgde for mange born...... Ehhh, tja, då trur eg nok at eg veit at han ikkje er 178 cm høg. Eg har då vitterleg berre født eitt born og har heller ingen planar om fleire. Så viss forskarane seier det, ja, så har dei vel rett??!
Lite visste eg at teoriane fram til no har sagt at høge og mørke menn får flest born. (Er det verkeleg ein samanheng mellom desse "tinga"?)
No er det i alle fall ein annan teori som gjeld. Dei som har størst hell med å reprodusere seg, er menn med normalhøgde. Normalhøgde er då tydlegvis 178 cm. Så no har vi ikkje berre normallengde på penis.......... (For dei som veit kva den er).

Det heile kan tyde på at lave og høge menn har mindre lyst enn normalhøgdepersonen!! Enkelte familiar får jo mange born av di dei faktisk prøvar å få det, medan andre får få av di dei brukar piller, pessar osv osv osv....
I tillegg er det slik at menn med denne høgda etablerer seg tidlegare. Jeeeezes, for noko fjåååås!!! Høgde og graskap har vel ingen som helst samanheng med kvarandre, og eg vil tru at dei fleste born blir til gjennom dei vaksnes graskap og tilgjengelegheit. Jaja....... Forskerane måtte jo sjølvsagt kome frå Nederland. Kanskje menn i Nederland er litt ulike nordmenn?? Ja, eg trur det!!
Det er no ikkje akkurat mangel på eiga graskap som gjer at ein ikkje har fleire born..........

Angripes etter fem år gammelt intervju. We are talking about Signy Fardal, redaktør for Elle. Ei 50 år gamal dame som må tåle litt av kvart.
Då ho var 45 år, ga ho eit TV-intervju. Eit intervju som den gong vakte stor oppsikt. (I og for seg greit nok). Eigentleg er det heile litt komisk. Ho trua TV 2-reportaren med "å slå han i trynet". Årsaka var at ho fekk eit spørsmål ho sleit med å finne svar på. Jaja......Det var jo ein naturleg reaksjon. Hehehe.......Not.
No blir ho skjelt ut av enkelte pga innslaget (dei trur det er eit nytt innslag), medan andre (slike som meg) flirar av det.  Kvifor vere så nådelaus og hard. Det blei jo eigentleg ganske komisk (i tillegg at det blir for teit!). No må ho forhalde seg til kommentarar som "det dummeste mennesket på planeten".
Sånn kan det gå:=)

Politikktemaet styrer eg glatt unna. Frp og Ap er i full konflikt no og det blir vel nok skriverier i det i media dei neste dagane. Ergo orkar ikkje eg å dvele med det. Jens er mykje "hottare" enn Siv, så mi stemme går uansett til han.

Hun er brannskadet over hele kroppen. Ikkje noko særleg, det nei. En norsk kvinne i 50-årene er livstruende skadet etter hotelleksplosjonen i Puerto Mogan på Gran Canaria. Når det er snakk om liv, er det vel ikkje så viktig med korleis kroppen ser ut. Flere av hotellets 149 norske gjester havnet midt i infernoet av glass, røyk og blod.
Eg har i mange samanhenger tenkt på det der med brannskader. Det er mange mennesker som lever med store og godt synlege skader. Enkelte har eit heilt vansira andlet......... Eg ser for meg at det må vere tøft å møte kvardagen etter slikt. Spesielt andletet må vere "grusomt" å få øydelagt. Det er jo det første dei fleste legg merke til hos folk.
Har ein allereie familie, skal det nok eindel til for at den andre parten "stikk sin kos", naturleg nok. Er ein einsleg, vil ein nok slite med tankar rundt det å få seg livsledsager (vil eg tru). Eg må ærleg innrømme at eg syns det er utroleg flott at enkelte ser forbi skadane og ser det som er bak det ytre. Det fins mange av dei også. Fleire gonger har eg lurt på korleis eg sjølv ville ha reagert. (Eg tenker då på begge vegar - vere vansira eller leve med ein vansira). Eg trur eigentleg eg er ein person som ikkje ville ha hatt problem med det. Eller...... Det er i alle høve ein slik person eg håpar eg er......at eg ser forbi det ytre og at eg ser mennesket. Likevel, det er så lett å seie/skrive det. Ein kan vel aldri vite det med sikkerheit før ein hamnar i ein slik situasjon. Eg er ganskes sikker, då! Eg nektar å tru noko anna!!
Eg håpar det vil gå bra med denne kvinna som no ligg der og kjempar for livet sitt og eg håpar ho har ein familie som støttar ho opp med dei skadane ho sannsynlegvis må leve med om det går bra.

Unngå klesfellene på julebordet. Tja, om det er klesfeller, får det berre vere det. Eg har allereie bestemt meg for antrekk, så om det er ei gedigen klesfelle, så må det berre vere det. Eg skal ikkje opne sida og sjå kva det er dei plaprar om i denne samanhengen. Ingen påverknad her i garden. Eg kjem som eg kjem. Om nokon skulle gremmast over klesvalget, må dei berre gjere det.
Eg hadde først tenkt å kome i superlårkort kjole, men det er det ein som seier eg ikkje får lov til.... Neida. Eg berre tullar. Hehe....:=) Det kunne jo vore litt kult å opptre i lårkort nissekjoledrakt. Eg får spare den til julebukktida (julebukk med dramglass!!). Hahahaha.......Det ville jo blitt litt av eit syn. Då må det i såfall berre bankast på hos mannfolk!!!! Ingen tvil der.
Det verste er at vi har spøka med det så mange gonger at eg sikkert kjem til å bli utfordra...... Sukk! Då er det ingen veg attende:=)

Ha ein megafin onsdagskveld!! Skulle nokon ønske seg meg i julegåve, er det berre å kidnappe meg...... Eg veit ei det skjedde med i går (her i bygda) og eg er litt misunneleg på ho!!!!!!! Beathe med litt julepapir på og ei fin lita sløyfe eller litt bånd. Sukk, for eit vakkert syn:=)

Hasta pronto.

I belong to you.



tirsdag 22. november 2011

Tysdag 22.11.11

Mads har 12 000 femtiøringer. Har spart i 15 år. Ha! Han er jo like sær som eg...... Då eg var yngre, samla eg på tiøringar. Då eg var komen opp i x antall tusen stykk, freista det litt meir med store pengar. Det var berre å veksle dei inn.

Ving-eigaren er nesten tom for penger. Det er visst Thomas Cook det gjeld. Ving vil tydlegvis ikkje gå med i dragsuget. For mange reiseglades skuld, håper vi det stemmer. Litt kjipt om du snart skal ut og reise og ikkje kjem deg avgarde. Turoperatøren har visst hatt eit aksjefall på 70 %. Det vil ein vel kalle mykje??
Vingsjefen seier berre at det er vanleg at det går ned i desember. Det spørs om det brukar å vere sååå mykje.
Eg veit det er folk som skal ut å reise i jula.............

Frp-politiker anmeldt for voldtekt og sextrakkasering. Jaja.....Eg syns det har vore mykje slikt i det partiet dei siste åra. Så eg tenker berre "Kva er det no?" (VG Nett) Bystyrepolitiker Beate Helland (Frp) hevder stortingrepresentant Henning Skumsvoll fra samme parti har utsatt henne for seksuelle overgrep. Det er visst snakk om episoder som er skjedd i 2008 og 2009. Hallo, kvinne?! Kvifor kjem du med det no?? Fleire år etterpå, liksom......... Viss ikkje det er snakk om at saka har vore under "etterforskning" lenge og at det berre ikkje har vore i media før. Det kan jo godt hende.
Skumsvoll sjølv meiner det dreier seg om pengeutpressing. Han vann 7,7 millionar i mars og ho byrja å bli pågåande mot han etter det (ifølge nettavisa). Hmm..... No er det ikkje noko nytt at mange lar seg falle for freistinga til å tene seg ekstra penger på andre si bekostning. Eg klarar aldri å forstå kor langt enkelte er villige til å gå.
No skal eg vere forsiktig her, for eg veit jo ikkje om det faktisk er hald i anklagane som Helland kjem med eller ikkje. Sånn eigentleg burde eg vel heller då ikkje ha noko meining om det. Så det eg ytrar her må nesten sjåast på som litt generelt. Det er nok mange som føler dei har blitt urettmessig behandla opp gjennom åra.

Sjølv seier Helland at ho var så full at ho nesten var bevisstlaus av all alkoholen. Kjære, kvinnfolk..... Korleis er du då istand til å vite om det var valdtekt eller ikkje. Viss du nesten var bevisstlaus, gjorde du sikkert ingen motstand heller. Kanskje han oppriktig ikkje oppfatta deg som uvillig. Kva med å begrense inntaket av alkohol og ikkje minst kva med å ikkje bli med han heim (eller kor dette skal ha skjedd)? Dei har jo tydlegvis (ifølge avisa) vakna opp i lag morgonen etterpå. Så dei må ha hamna i same rom åleine på eit eller anna vis.

No er det ikkje meininga å vise lite empati med kvinnfolk som hamnar i slike situasjonar. Langt ifrå. det fins maaaaange idiotar blant menna...... Det er bra at det er fokus både på vald og sextrakkasering. Det er berre det at ein må sjå litt lengre enn berre kva ein forventar av andre. Kva signal sender ein sjølv ut?

Eg veit ikkje kva eg skal meine i denne saka. Som eg skreiv lenger oppe på sida, må nok ytringane mine sjåast på som generell og ikkje i lys av denne hendinga. Eg er ingen dommar eller jury som kan avgjere kven som har rett.........Eg berre brukar dei opplysningane eg les på nettet og gjer meg nokre tankar ut ifrå den ståstaden.

Lady Gaga - med eller uten truse? Ho har tydlegvis vore på prisutdeling med høg splitt i kjolen. Sjølv syns eg at eg kan skimte ein tynn strek som går over hoftene, så eg trur nok ikkje ho var truselaus. Ho har berre valgt ei som "skjuler" seg litt. Dette er heilt klart noko media brukar for å få folk til å lese. Kva betre har dei eigentleg å gjere?
Kjolestuntet kommer dessuten beleilig for Lady Gaga. Den siste tiden har nemlig flere kjendisnettsteder anklaget den eksentriske artisten for å ha blitt kjedelig i klesveien.
Tidlegare har det stått artiklar som for eks. Lady Gaga mistet hodet. Huffdå..... Så ille det må vere å stå der utan hovud! På direkten på tv!!! Slå den:=) Hahaha.......... Kanskje dei kan selgje det til fansen? Det fins sikkert ein eller annan tulling som er interessert i å betale mykje for eit så søtt hovud...........

Få flatere mage på null komma niks. Wow.....Viss ikkje det er ny rekord, så veit ikkje eg. Null komma niks. Kult...... Kvinnfolk, her er det berre å melde seg på. Det er jo garantert ikkje like "bullshit" som alle dei andre reklamane vi ser. Hiv deg på bølgja!!!

Fredriksens rederi filleristes. Huffdå... Ta no ikkje så hardt i. Eg lurar på kven den heldige er som har slike superkrefter. Det er sikkert snakk om sånn der legoutgåve!!!!!!

Nei, no fekk eg det litt for artig her eg sit, så takk for meg:=) Ha ein fortsatt fin dag!!

Hasta pronto!!

I miss you......

lørdag 19. november 2011

Laurdag, laurdag, laurdag.....

Jomfrua har fått hakk i plata og om det er bra eller ikkje, må du finne ut av sjølv. Ikkje er ho i stand til å svare på det sjølv!

Det er laurdag og halvvegs inn i helga er det ikkje mykje som skjer her i garden. Det kan sjå ut som om at det blir ein stille kveld foran tv-skjermen. Med mindre eg gjer som i går - og går ned og øvar ein time på kornetten ein time..... Eg syns eigentleg eg var flink som øva så lenge. Det er jo konsert om få dagar, så då skal i alle høve eg gjere mitt til at det skal gå bra:=)

Slik eg har forstått det, har Jo Nesbø sagt at det det ikkje skal lagast film om Harry Hole. No står det alt anna enn nett det på nettsidene. No skal det visst lagast film likevel, og det med ingen ringare enn Leonardo Di Caprio. Vel, det står kanskje ikkje akkurat det, men det er han som er den heitaste kandidaten. Harry Hole som er ein avdrukken politimann og Di Caprio? Eg ser for meg alt anna enn det. Di Caprio er jo "litt" hot, noko som eg ikkje ser for meg at Harry Hole er. (Til trass for alle kvinnfolka han har nedlagt). No har eg jo hatt eit hemmeleg forhold til Hole over lengre tid det siste året og eg føler eg blei ganske kjent med han. Nei, finn ein annan enn Di Caprio, for han blir garantert å øydeleggje "imaget" til Hole. (Sorry, Leonardo).
Don't mess with my Hole!!! (Hahahahhaha-...........).

 Nabo fjernet ambulanse mens pasient ble hentet. Hahaha...... Fjott!! Eg ler ikkje. Det er meir sånn der hånfliring. Det er vel ikkje første gong at enkelte manglar litt av det vi på godt norsk kallar for IQ. Å setje seg inn i ein ambulanse (som står foran eit hus) og flytte den til ei sidegate lenger bort, er vel noko alle skjønnar at ein ikkje kan gjere?  Ein ambulanse står vel aldri foran eit hus på denne måten utan at det er ei årsak til det. At folk set seg sjølv foran alvoret i at ein ambulanse må hjelpe ein pasient, er uforståeleg. Kva om det hadde vore snakk om liv?? Jaja......Det skal mykje meir til for å overraske meg!

Dette tv-spillet gir deg fin rumpe! Hahahaha....Eg vil heller ha den rompa eg har (take or leave it) enn å bli speleavhengig. Viss eg må spele meg til fin rompe, så kan eg heller klare meg med den eg har. Rompa har vel ikkje såååå stor funksjon at den skapar problem om den ikkje er heilt perfekt?? Hallo??
Det beste er at dette kan skje i di eiga stove!! Hmm.....
Det som gjør Microsofts Kinect for Xbox 360 spesiell, er at du ikke trenger en dings i hånden eller et brett å stå på.

Et avansert kamera som er i stand til å skjelne ansikter, og registrerer bevegelse i tre dimensjoner, følger bevegelsene dine til punkt og prikke. Og det gir den friheten som skal til for at treningsspillene med Kinect faktisk fungerer. Gud kor lyst eg har på eit spill som kan skjelne ansiktet mitt!!!! Tre dimensjonar?? WOW,,........ Like I care??
Det eg lurar mest på, er eigentleg korleis dei kan påstå at vi får så fin rompe av dette spelet. Det er vel ikkje slik at alle kan få fin rompe?? Vi er vel alle skapt ulike, og eit spel kan vel ikkje akkurat sørge for det??! Fast rompe, kanskje, men det er jo eit heilt anna uttrykk enn fin. Fast eller fin?? Kva er forskjellen?? Steike ta...... Det er søren meg ikkje rart det er krig i verda!! Tenk på alle dei kjerringene som hissar seg opp av nett reklamen til dette spelet. Sinte kjerringer skal ein ikkje ta lett på. Stakkars menn!!!!  Eg er imponert over at dåke held ut med oss. Vi kan såvisst vere vanskelege vesen!!!............ Godt det går fort over.

Steve -O. om ville stunts, skader og tidleg sædavgang........ Hmm, kanskje ein ikkje burde lese om dette?? Ville stunts og skader har nok ein nær samanheng med kvarandre. Kva tidleg sædavgang har med dette temaet å gjere, er eg eigentleg ikkje heilt sikker på. Det må kanskje vere at om det er lenge sidan sist ein har hatt sex, så vil det kome ein tidleg sædavgang??! Vel, kva gjer vel det?? Eller så kan det jo vere at ein eller annan (kanskje Steve-O sjølv) slit med akkurat dette problemet. Eg kjem nok ikkje til å få svar på dette av den enkle grunn at eg ikkje gidd å opne saka. Eg har då vel betre ting å gjere enn å lese om dei som har for tidleg sædavgong.

Han skal ha injisert lim i kvinnens bakdel. Au!!! Det kan vel umogleg ha vore deileg?! En amerikansk mann er arrestert av politiet i Florida etter å ha brukt særdeles uvanlige ingredienser for å forstørre en kvinnes rumpe.
Prosedyren skal ha inneholdt en serie innsprøytinger av en hjemmelaget silikonblanding bestående av blant annet superlim, mineraloljer, tetningsmasse og «Fix-A-Tire», som er en type dekkfiks, i kvinnens bakdel.
Huff...... Som sagt........ Om nokon ikkje er nøgd med den rompa eg allereie har, så synd for dei!! Tek å gjere slikt frivillig!! Eg blir heilt satt ut berre av tanken. Feilen hennar er at ho har brukt ein som ikkje har lisens til å praktisere som lege. Klart ho har fått problemar etter dette. Kven ville ikkje det?? Nei, ver nøgd med den du er, seier eg!!

Northug mistet "mest sexy"-tittel etter fotonekt. Ja!! Der får vi svaret på kor djupt slikt eigentleg stikk. Eg har aldri skjønt meg på desse kåringane, og no ser vi jo at det er fleire ting som speler inn. "Hei! Du er kåra til den mest sexy sidan den mest sexy'e har takka nei." Eg kjenner eg blir dårleg her eg sit...... Finn no noko anna å publisere i VG. Det er trass alt ei riksavis. Ei riksavis bør vel innehalde ein viss prosent info om litt viktigare saker enn kven som er mest sexy??! (Ja, eg veit det....Eg nemner dei jo her også. Eg trur eg har tapt for lengst!!).

Eg trur eigentleg at akkurat no er eg istand til å sitje her heile natta om eg ikkje avgrensar meg. Så difor skal eg kakke meg sjølv i nakken og slutte av. Måtte verda fortsatt leve om ikkje folk vil fikse rompa si, la  ambulansane redde liv om nødvendig og Northug få vere akkurat så sexy som han sjølv vil. (Han stiller ikkje på første rad hos meg, men kva gjer vel det??).

Ha ein fortsatt fin laurdagskveld, natt til sundag,........what ever.......

Hasta pronto!!!

 <3 <3 <3

fredag 18. november 2011

Helg!

Ein kan trygt seie at media gjer oss nok av saker å gjere "narr" av. Familien Frp er i full konflikt og det er jo verkeleg mat for sultne fuglar. Det spørs om Torry Pedersen blir så happy av at eg kallar undersåttane hans for fuglar.

I går var det kvinna med den utrolege hårmanken som farga forsida til papirutgåva til VG. Heldige ho. Det må jo vere superkult å få slikt eit fokus på seg?! Den gamle ørna ho er gift med, er fornærma på den nye jomfrua og som god hustra skal vere, sleng ho seg rundt han som ein skotsikker vest. "Ingen kødder med mannen min!"
I følge framsida, kan det sjå ut som at det er eit trekantdrama som står på. Ho sleng jo ut ein kommentar som "Siv er sjalu på Carl". Kva er ho sjalu på?? At han Carl har ho Eli? Det vil i så fall bli meir så nok nok mat til fuglane, det. Hahaha..... Nei, eg reknar med at det er misunning som er ordet ho eigentleg siktar til. Sjalu kan sikkert brukast i denne samanhengen, men eg er no mest vant med å bruke det i litt andre samanhengar. Jaja....... That's me:=)

Carl I. Hagen har for det meste støtta Siv som leiar. No når han ikkje fekk viljen sin, har han blitt som ein liten sutregut og slaktar leiarstilen hennar. Han går så langt i kommentarane sine at han antydar at ho ikkje er i stand til å styre landet.
No er ikkje eg Frp-tilhengjar, men eg stiller meg spørsmålet...... Kva er forskjellen på Siv for nokre uker sidan og i dag? Med ein gong han ikkje fekk plass i den komitèen han ønska, så er plutseleg haldninga hans til henne snudd heilt på hovudet.
Det er greit at ein kan bli skuffa, men ein kan ikkje gå rundt og sjå på seg sjølv som ein Gud og tru at ein kan få alt ein vil. Han er då vitterleg ikkje uerstatteleg.

Når ein har levd eindel år, burde ein etterkvart ha lært seg at ein burde vente med å uttale seg til etter ein har fått roa seg litt. Ofte kan det vere greit å sove på ting. At media brukar saka for det den er verdt, ja det er jo forståeleg nok, men at dei sjølv gidd å profilere seg slik på denne måten, er langt over kva min fatteevne kan forstå. Ikkje er det gått berre èin dag heller. Det har faktisk gått fleire dagar og både Herr og Fru har fått tid til å tenke.
Carl blei advart mot å angripe Siv. Det rådet har han absolutt ikkje fulgt. Det spørs om han ikkje øydelegg veldig for partiet med måten han oppfører seg på. "Får ikkje eg vere viktigper i partiet lenger, kan det vere det same!!"
Nei, Carl, voks opp og ta det som ein mann. Eg skjønner godt du vil ha posisjon, men alt i denne verda blir ikkje servert på gullfat. (Uansett kva du har tilført partiet tidlegare.)

Dagens søteste nyhet. Neida, det er ikkje meg dei siktar til. Sorry........:=) Berre eit pulver som er søtare enn sukker og samtidig sunnare. Juhuu!!

Fisk spiser føttene dine deilig myke. Hmm...... Eg er ikkje heilt sikker på om eg hadde turt å prøve. Mine føter har ikkje heilt behovet for å bli eit festmåltid for sultne fiskar. Eg ser for meg at det resulterer i både latterkrampe og ikkje minst hyling. Det går tydeleg fram av biletet i avisa.
Dei gjer nok ein framragande rensejobb, men neitakk........"Funny fish", stay where you are!

Aune Sand og Marianne aulie gifter seg. Sjekk denne kommentaren: Jeg fikk over meg en brunst av gammel storhet, og hun ble gravid på første forsøk. Hahahaha........ Her blir han kåt og resultatet av eit brunstigt knull blei både born og bryllaup i same slengen. Så folkens, hald dåke unna "one night stands". Dåke veit ikkje ordet av det før dåke er gift!!

I dag hadde eg eit skikkeleg "flashback" før eg gjekk heim frå arbeid. Heilt tilfeldig fekk eg opp Matti Røssland på dataen. Det dukka opp songar som "Den aller siste songen" (men teksten passar ikkje heilt inni mitt hovud), "La meg få drømma" (ååååhh, den høyrte eg masse på før) og "Fra vett og forstand".
No høyrer eg ikkje særleg mykje på reggae, men i dag høyrte eg på "I want to wake up with you,...." med Stevie Face. Det er vel mest teksten eg lyttar til........

Det er fredag, det er helg.......... Ha ein fantastisk fin fredagskveld!! Denne kroppen har ingen store planar for kvelden. Like greit:=)

Hasta pronto!

You know.......

torsdag 17. november 2011

Går det an????

Eg kjenner eg blir svett her eg sit. No er eg alt anna enn blid. Det er nesten som om kvelden er øydelagt!! Sukk.......
I dag var eg verkeleg i skrivemodus. Eg har sotte her og skrive bra lenge no og eg syns sjølv at det eg var bra morosom og hadde mykje å ry utav meg. Det er lenge sidan sist eg var i same modusen.... Eg var ferdig med å skrive og trykte på publiser...... Plutseleg var alt borte. ALT!!! Ikkje eit ord.... Ikkje veit eg kva som kan ha gått galt heller.
No skal eg på musikkøving snart, og då kan eg jo ikkje skrive på nytt heller. Det er nesten så eg tar til tårene.
Kva som helst anna innlegg kunne ha blitt fjerna, men ikkje akkurat dette, no når eg verkeleg var nøgd med det eg har skrive. Det blei jo så bra.
Eg er sikker på at mange ville flirt eindel av det som stod her.....No blir det ingenting. Drit altså!!!

Jaja...sånn kan det gå. 

Ha ein fin kveld....

Hasta pronto.'

Part of me.....