Ååååååhhh.......Det byrjer å gå opp for meg at vi snart skal til Calella. Eg har nettopp skrive ein e-post til Spania for å oppdatere kor mange vi er, bilete av oss osv osv osv...... I det augeblikket eg trykte på send, kjente eg det kribla litt i magen. Det var akkurat som om det først då gjekk opp for meg at vi faktisk skal på tur. Eg kjenner eg gler meg!!
Calella er ein turistby som ligg ganske nært Barcelona. Det er omlag 56 km unna (altså ein liten "svepptur"). Tidlegare har eg høyrt at det ikkje er så veldig stort der, men etter kva eg kan sjå på nettet, bur det over 13000 menneske der. Det er like mange som i Kvinnherad, så lite er det ikkje. No skal det seies at antalet er ganske difust. På nettet varierer det veldig. Enkelte stader står det faktisk at det er over 17000 innbyggjarar, så ikkje veit eg.
Eg gler meg uansett. Ein ting er sikkert. Plagget som skal brukast mest er forhåpentlegvis bikinien. Eg håpar det er kjempefint vèr heile tida. Då finn du ikkje meg på noko bar........ Playa de Calella here I come:=)
No kjem vinden eg har venta påi dag. Eg fekk rett......Vinden blei å tilta når mørkret seig på. Eg ser ingenting, men det ikkje vanskeleg å tyde lyden utanfor. Eigentleg er det no eg burde hyra meg godt og tatt turen ut for ein liten trimtur. Det ville vore friskt og deileg. Likevel, eg trur eg står over i kveld, med mindre det sit andre og tenker det same og plutseleg seier KOM. Eg sit no her i stova til det skjer............. Vel, ikkje bokstaveleg talt. Eg reknar ikkje med at det er nokon som sender meg melding i dette vèret og ei heller har eg tenkt å sitje her heile natta.. Thihiihihi.......... Så artig eg har det.
Sanninga er eigentleg at eg keiar meg i dag. Dette er andre gongen eg er innom her denne onsdagen. Eg kunne brukt kvelden på å lese, men eg gidd ikkje. Så då blir det å liggje henslengt på sofaen. For eit liv.......:=)
Før eg la meg i går kveld, tenkte eg at eg heilt garantert kom til å drøftegårdagens kamp. Eg gidd ikkje det heller. Fotball får vere fotball. Livet mitt blir ikkje særleg påverka om dei kjem med til EM eller ikkje. Det er sjølvsagt litt kult om dei greier det, men eg skrik ikkje om det motsatte skjer. Eg har sansen for Drillo, men, men, men....... Sixpack'n til spelerane er ikkje mykje å sjå på. Når ikkje dei då speler bra, er det jo ingenting å følge med på. Ingen god fotball og ingen flotte magar. What a life......Poor Beathe. Jada, jada, jada.....eg er superteit, men sei ikkje at du aldri ser på fine kvinnfolk eller menn. Då er det du som er unormal!
Her i huset er det visst Sandra Bullock som er hottest. Eg skulle ønske ho plutseleg stod her på trappa. FOR ei natt han då skulle fått. Kanskje han då ville leve lykkeleg resten av sitt liv? Sandra........Welcome!! Eg viker plassen for deg, utan tvil. Alt for å glede andre:=) Hihihihi.... Eg trur eg bør gå å leggje meg no. Det kan i alle høve virke sånn. Viss ikkje kan det hende eg får det litt for gøy her. (Og det er ikkje bra).
Eg fekk akkurat spørsmålet om kva eg flirer sånn for. Ærleg som eg er, klarte eg ikkje å la vere å seie kva eg har skrive her om ho Sandra. "Du får ikkje lov tell å skriv det!! Ta det vekk!" Hahahahaha......særleg. No lir det i alle fall ståande. For ei avslutning på ein elles så kjedeleg kveld. LOL!!
Jaja, kva er det eg brukar å seie? "Sånn går no dagane."
Det er ikkje SÅ stor forskjell på dagane i livet, så då må ein jo lage litt skøy sjølv. Eg trur eg er sånn høveleg god på det. Eg flirer i alle fall sjølv!!
No er det slutt. Eg tar ikkje kveld, men tenker eg skal finne noko anna ubetydeleg å gjere. Sånn for eksempel å løfte kroppen ut av sofaen og inn på kjøkkenet (eg sa jo tidlegare i dag at eg er eit matvrak!). Huff, for eit slit...
Ha ein fortsatt fin kveld. Enjoy life while you can.
Hasta luego <3
Sing me a song.,,....
onsdag 7. september 2011
Onsdag, sa du onsdag???
Så er vi over halvvegs av denne arbeidsuka og det nærmar seg helg på ny. Jaja.......Eg har skrive det så mange gonger før. Tida går altfor fort! No har ikkje eg tenkt å sitje her og klage. Eg måtte berre kommentere det sånn aller raskast.
Det er onsdag og vinden "uler" ute. Eller.....Den er ikkje så sterk her utanfor, men ifølge andre her på nettet, får dei både sjøvann og meire opp etter rutene. Så då går han vel sterk fleire stader i bygda.
Det kan jo vere litt koseleg med vind også. Når kvelden blir mørk og vinden aukar på, er det fint å tenne stearinlys. Så det skal eg gjere i kveld.
Eg skal tenne stearinlys, spele ballader på pianoet og rett og slett berre kose meg og nyte livet. Det er lov det også. :=)
No er det berre litt over tre uker til eg skal "heim" ein liten tur. Sidan mamma og dei kom hit i sommar, tenkte eg at eg heller kunne dra sørover på hausten istadenfor på sommaren. Så får ho liksom spredt den her bestemortida si litt utover. Så det blir skøy.
Sidan eg er eit matvrak for tida, ser eg allereie fram til grilling med gode vener osv........ Det blir digg!! Forhåpentlegvis har dei ekle brunsneglane "tatt kveld" som vi seier det når eg kjem dit. Dei er ikkje akkurat noko herleg syn. Ikkje er eg så interessert i delikatessemat at det gjer noko heller, så dei freistar meg ikkje på nokon som helst måte. (Sjokk - ser eg for meg at Eve seier no!!). Eg trur kanskje ikkje at eg "hæres" å ta livet av dei heller......... Heldige sneglar!
Plutseleg blei det så stille her. Kanskje eg er heilt åleine her heime?? Akkurat det er vel noko ein burde ha kontroll på? Hmm......Kanskje dei har snakka til meg og at eg berre ikkje har oppfatta det heilt kva dei sa.... Det er i alle høve så stille at det går ikkje an at det er nokon her. Kanskje eg skal prøve å rope!?!
Hmm....Ingen svar. Jaja, eg får sjå det positive i det. Det betyr jo rett og slett at eg skal pelle meg av her og heller setje meg ned på den lekre svarte krakken rett her borte. Kanskje det då vil kome nokre fine tonar om eg løftar hendene og legg dei ned på tagentane:=) DET var ein god idè. No blei eg faktisk litt glad:=) Mon tru kor lenge eg er åleine? Eg får skunde meg:=)
Då blir det berre å seie hasta luego her og ha ein fortreffeleg fin kveld!!!
You are my star!!

tirsdag 6. september 2011
Kva er overbefolkning?
I verda i dag har vi ein stor befolkningsvekst og samtidig er det ein vekst vi prøver å kontrollere. Alderssamansetnaden i befolkninga er varierande og vi har fleire typar flytting. Truman Capote sa eingong "Hvis det virkelig finnes så mye hat i verden, hvordan skal vi da forklare befolkningseksplosjonen?" Om ein set det litt på spissen, så er jo spørsmålet i og for seg berettiga.
I dag er verdas befolkning på bortimot 7 milliardar mennenske. Det vil seie at det i 2008 var over 6,6 milliardar. Sidan vi veit at antalet veks med to per sekund, er det å anta at 7 milliardar vil vere eit høveleg korrekt antal.
Om vi går 10 000 år attende i tid, var folketalet rundt 8 millionar. I byrjinga av vår eiga tidsrekning hadde talet auka til ca.200 millionar. Frå det tok det over tusen år å fordoble talet. Så blei veksten begrensa av sjukdommar, sult, krig og ulykker. Dei som kjenner brukbart til historia veit at dette gjeld heilt fram til rundt 1700.
Den industrielle revolusjonen førte til ei auking av levesstandaren vår og følgeleg også til ein nedgong av dødelegheita. Dette førte då sjølvsagt til at vi fekk ei eksplosiv auking av befolkninga. Eit godt eksempel på det er Nord-Amerika og Europa. Vi passerte ein milliard i 1802. I 1928 psserte vi 2 milliardar. Frå då av tok det "berre" 46 år å fordoble det til 4 milliardar.
Korleis såg folk eigentleg på denne veksten? Eg veit sjølvsagt ikkje svaret på det, men om eg skal prøve å resonere meg fram til det, så har eg ei viss meining. Eg trur at dei brukar begrepet befolkningseksplosjon når dei skildrar utviklinga av di mange var bekymra for utviklinga. Tankar som "Vil det bli nok plass til alle?" osv.... opptok sikkert mange. Ordet eksplosjon er (i alle høve etter mitt hovud) negativt lada.
Korleis ville verda bli på matfronten? Veksten av folk var på ein måte utanfor kontroll og ville det vere mogleg å skaffe nok mat til alle? Det er på denne tida ein byrja å prate om familieplanlegging og befolkningskontroll.
Heldigvis kom ikkje den store "eksplosjonen" på same tidspunkt over heile kloden. Barnekullaa i Europa for. eks. hadde alltid vore store, men likevel var veksten ikkje så stor pga av dødelegheita. Fødselsraten var alltid "litt" høgare enn dødsraten. (Med raten meiner eg antal fødte/daude per 1000 innbyggjarar pr år).
Eg nemnte den industrielle revolusjonen i stad. Ernæringssituasjonen blei betydeleg betre på den tida. Helsetilstanden blei i stor grad betre. i tillegg gjorde legevitenskapen store framskritt og for å nemne eit eksempel der, kan eg seie at koppevaksine blei innført. Desse punkta gjorde at vi fekk ei stor vekst som det ikkje var noko som helst økonomisk forrankring i. Løysinga på dette problemet blei då at vi fekk ei stor utvandring og då først og fremst til USA. (Så vi er sikkert mange som har ein eller annan amerikansk slektning. Eg har det i alle høve........).
Før i tida hadde vi ein mentalitet som sa at vi måtte få store bornekull slik at ein hadde garanti for at ein skulle bli forsørga i alderdomen. No blei dette eit problem. Det blei rett og slett for mange munnar å mette. Dei måtte bli flinkare til å kontrollere bornefødslane. Så kombinasjonen av utvandring og synkende fødselsrate løyste Europas befolkningsproblem.
I det tjuande århundret har vi hatt ei eksplosiv vekst i verda. Årsakene er stort sett synkende dødsrate og høy fødselsrate. dersom desse folkereike landa går gjennom same utviklinga som Europa, vil det kanskje vere mogleg å stabilisere verdas befolkning på 9-10 milliardar mennesker. Det attstår å sjå!
For å klare å halde antallet mennesker stabilt er det nødvendig at kvar generasjon føder like mange jenteborn som deira eigen generasjon bestod av. No fødes det litt fleire gutar enn jenter (105 per 100) og difor bør alle kvinnfolk få 2,1 barn for halde nivået stabilt.
Til slutt vil eg påpeike korleis utviklinga er i mange vesteuropeiske land og Noreg. Fleire befolkningspyramidar viser ei "eldrebølgje" somvi kaller det så fint for. Aldersgruppa rundt 50-60 år er den største, og reproduksjonen er liten. Med enkle ord vil det seie at i løpet av 10-20 år vil prosentandelen pensjonistar bli mykje høgare enn den er i dag. Det blir rett og slett færre yrkesaktive menneske for kvar pensjonist.
Akkurat denne aldersfordelinga vil bli ei stor utfordring for politikarane i framtida.
Dersom du spiser eit eple kvar dag i meir enn 36 500 dagar, blir du garantert 100 år gamal!!
(Eg kunne gått nærare inn på land som Kina og eittbornspolitikk osv.....men eg vel å stoppe her).
Det er tysdag og det er ein fantastisk deileg temperatur ute. Fargane byrjar så smått å dukke opp ute og dagane er hedigvis lyse enno.
No skal eg ta å dukke ned i reggaen og blant anna Bob Marley si verd. Jamaica, narkotika, rytme osv...... Så får eg sjå kva spanande som kjem ut av det. Er eg heldig, dukkar det opp informasjon eg ikkje allereie sit med:=)
Så for denne gong......
Hasta luego!!
I will be there.................

lørdag 3. september 2011
Laurdag 3.september.
Herlege London!! Vi kunne ikkje bedt om betre vèr på ein sånn dag. Sååå utroleg bra. Det har rett og slett vore med på å setje spissen på dagen. Over 100 born har kosa seg på bana i dag og det har vore mykje glede ute og gått. Attendemeldingane har vore bra, så det tydar på at dagen har vore vellukka. Då er i alle høve eg nøgd:=)
Eg måtte spørre sonen min om han er sliten, no nettopp. Han er ikkje akkurat den som innrømmer det (i frykt for at eg skal seie at det er leggjetid....). Svaret kom raskt og tydeleg. "JA!" Han er bra utslitt. Fire kampar på ein og same dag, tar på. Alle dei små håpefulle var kjempeflinke.
For ein liten halvtime sidan, var vi på nett og telefonerte. Vi snakka med "Long Island - Amerika" og akkurat det er litt rart å tenke på. Vi sit her og jentene der og så kan vi få full omvisning i leiligheita deira. Ikkje dårleg det. Verda har hatt ei enorm utvikling på mange områder. Skype er eit av dei. Så no har vi både sett og høyrt at dei har det bra..... Så i dette tilfellet er det jo genialt med web-kamera.
No er det laurdagskveld og eg har planane klare. Om ikkje det dukkar opp noko ekstraordinært, så blir det film på meg. Eg har kjøpt filmen som byggjer på boka "Saras nøkkel". Då eg las boka, grein eg. Så får vi sjå om filmen gjer det same med meg. Boka var sterk, men språket var sånn så som så. Forfattaren kunne sikkert gjort mykje annleis, men med ein "story" som denne, er innhaldet så sterkt at det som manglar...... Ja, det gjer liksom ingen verdas ting.
Det viktigaste blir uansett at eg skal ha ein roleg kveld og berre slappe av.
I innleiinga til redaktøren av KK skriv ho følgande: Hovrfor er vi så redde for å tabbe oss ut? Ho tenker då spsielt attende på ein episode ho hadde for nokre uker sidan då ho var på Kreta. Ho datt ned i ei grøft og fekk skrubbsår på knær og hender. Det gjorde sjølvsagt vondt, men den første tanken hennar var "Såg nokon meg?? Herregud kor flaut!" Ein liten episode i livets samanheng, men likevel interessant.
Tabber er nok det verste vi veit når det angår oss sjølve. Likevel "elsker" vi det når det skjer med andre. Sjølvsagt ikkje for at vi vil dei noko vondt, men det er i og for seg litt avvepnande ved å tabbe seg ut. Vi burde verkeleg bli betre på å takle eigne feil eller frykten for å gjere feil.
No trur eg eigentleg at eg sjølv ikkje er så ille på å takle slike ting........Ehh, eller kanskje det er nett det eg er??! Kanskje ikkje ille, men dog heller ikkje normalt. Eit glimrande eksempel på akkurat det, er hikkinga eg var plaga med då eg var yngre. Det har seg slik at eg av og til fekk hikke. I og for seg ingenting unormalt i det........MEN!! Det var berre det at hikkinga MI var litt meir høglytt enn andre si hikking. Det verste var at eg ikkje hadde noko sjanse til å kontrollere det sjølv. Så det hendte eg gjekk langs gata heilt åleine og plutseleg byrja å hikke. Eg syntes det var veldig flaut og såg meg alltid rundt for å sjekke at det ikkje var nokon som var i nærleiken.
På Husnes er det slik at det er eindel rekkehus. Dersom eg byrja å hikke og gjekk forbi slike hus, tenkte eg at dei kunne høyre meg gjennom opne vindauge. Tanken på at det var superflaut, gjorde at eg byrja å flire. Så tenkte eg "Kva om nokon ser i vindauget at eg går her heilt åleine og flirer for meg sjølv? Dei må jo tru at eg ikkje er normal." Tanken på akkurat det, gjorde at eg syntes det blei flauare og difor flirte eg enno meir. Tilslutt flirte eg sånn av det at tårene trilla. Det var sikkert ingen som høyrte at eg hikka, kanskje ingen som såg den første fliringa........men eg lurar grueleg på kva dei tenkte, dei som såg meg då eg flirte sånn at eg ikkje visste kor eg skulle gjere av meg. Jaddddddda! Eg veit at det umogleg kan vere normalt, men slik var det. Godt er det at eg er ferdig med hikken då:=)
Dette var no berre eit eksempel på det redaktøren i KK siktar til. Eg flirer i alle høve av meg sjølv. Berre det er ikkje så verst. Hihihihi........(Eg ler litt no når eg tenker attende på det).
Etter å ha bladd gjennom KK denne uka, er eg komen til ein konklusjon som ikkje var så vanskeleg å fatte. Eg fann ikkje ein einaste ting som var å rope hurra for. Det var supermasse motereklame (not my favourite) og ellers ingen reportasjar som fenga noko særleg. Det er vel slik det skal vere. Det skal vel noko til for å blidgjere meg kvar einaste uke. Eg trur likevel eg vel å la det vere med bladinga denne gongen. Eg kjem ikkje til å lese noko spesielt i bladet.
Jaja, sånn går no dagane. No skal eg ta meg eit herleg bad før eg skal sjå filmen. Berre eg ikkje sovnar i badekaret...... Det går vel aller helst bra. Rein kropp i rein seng. Kan ein ha det betre?? Hehehehhe.....JA, sikkert. :=)
Ha ein fortreffeleg laurdagsaften og hugs å nyte livet!! Smask <3
Hasta luego.
I wanna kiss you goodnight....

fredag 2. september 2011
Aldri meir fem over seks!!
Aldri meir fem over seks. Akkurat det er sikkert og visst. Fytti katta eg er trøytt no. Klokka et ikkje meir enn fem på halv elleve no og eg er så trøytt at det gjer megavondt. Skikkeleg dårleg føler eg meg.
No har eg vore sein i seng kvar einaste kveld heile uka, så det er nok det som er hovudårsaka, men likevel........
Eg opna dagen med ein nettkommentar som sa "Vått i Sørliholla!". Det ga jo ei opning for ein god del kommentarar. For dei som ikkje kjenner til geografien her i Kjøpsvik, vil det vere umogleg å skjønne fleipinga som byggjer seg opp. Anten trur dei at vi er rare eller sexfikserte. Vel...eg veit ikkje kva som stemmer mest. Det blir i alle høve ein god latter av det:=)
Eg har nettopp høyrt på Phil Collins-låta "One more night". Songen i seg sjølv er ikkje så veldig fin, men det er teksten eg heng meg opp i . " Like a river to the sea, I will always be with you. And if you sail away, I will follow you." Sukk.
I morgon braker det laus på bana. Over 100 born entrar bana i løpet av dagen. Det blir fotballfest i bygda. Eg håper verkeleg at vi kjem vel i hamn. Eg har i alle høve bestilt godt vèr!!! Så det skal ikkje stå på det.
Nei, no gaper gjespen høgare enn sunt er. Eg må vel berre ta teikna og kapitulere. Sånn er den saka. Ingen kryssord, ingen bok, ingen data........berre ei deileg seng og lukka auge. Ååååååhhhh, kor eg gler meg.
Hasta luego!!!
I've been trying
oohh so long to let you know
Let you know how I feel.
I've been sitting here so long
wasting time, just starring at the phone
And I was wondering
Should I call you?
Then I thought maybe you're not alone......

torsdag 1. september 2011
Torsdag 1.sept.
Hmm....Eg skal visst på Vetten i morgon tidleg klokka halv sju. Jaja...... Håper dyna ikkje er for varm då. Det kan vere stor fare for at den skaper ein viss konkurranse der. Eg elsker dyner!!
Jaja.... Halv sju er ikkje lenge til, så god natt bør seies snarast. Om eg er i koma i morgon, så ver vennleg og ikkje spør om årsaka.
Hasta luego.
<3 <3 <3
I just wanna hold your hand for a minute or two......

Abonner på:
Innlegg (Atom)