Så er vi endeleg her! Dubrovnik! Jaaaa, her er kjempebra. Det var ikkje berre berre å stå opp i halvt koma midt på natta. Kvart over fire var vi på reis. 19 trøytte og forventningsfulle sjeler som la ut på langtur til herlege Kroatia. Det har vel eigentleg ikkje gått heilt opp for oss at vi er her enno.
På hurtigbåten var det eit par som byrja å vakne til liv, medan resten eigentleg berre var trøytt!! Enkelte hadde eingong ikkje sove i løpet av natta. Sjølv fekk eg meg kanskje eit par-tre timar bak augelokka. Som eg sa: koma!
Gardermoen kan vere stor nok, i og for seg, for dei som aldri har vore der før. Tax-free lokkar veldig. Så veldig at klokka kan finne på å gå fortare enn ønskeleg. Jaja.....vi kom no alle med flyet. Eit fly som skulle halde ut med oss i tre timar. Akkurat det var ikkje så vanskeleg. Dei fleste hadde nok med deg sjølv og trengte tida til å slappe av. (Det blir alltid "fine" bilete av det).
Dubrovnik!! Varmen slo imot oss. Mange og tjue grader og soool. Det var rett og slett ikkje særleg godt å gå frå flyet og inn i hallen med jakke på....... Vi reiste jo ifrå det sure og kalde regnet. Kleda kom raskt av oss. I følge yr og storm så regna det også her nede. Heldigvis hadde vi også sjekka dei loakle vèrmeldingane.
Sola var her og venta på oss. Alle var strålande nøgde med det og eg måtte berre seie "Dette kan eg lett venne meg til".
Heile bussturen sat "alle" og kommenterte kor heldige vi var og kor fint det er her. Uttrykka dei brukte, gjorde at eg reint trudde dei alle var blitt religiøse. "Herregud", Herre Jesus", "Jesus Maria"......Dei var nesten mållause. Eg må seie meg eining med elevane. Det var utroleg flott å få med seg utsikta over havet og innkøyrselen til "Gamlebyen" osv...... Heilt utroleg.
Vel framme og ute av bussen troppa vi opp i fojaeen til hotellet. Vi bor ikkje på eit førsteklasses hotell, det er sikkert. Likevel.....vi skal jo berre sove her. Sengene er gode, så vi lir inga nød. Vi brukte ikkje mange minutta på romma. i eit slikt vèr er det andre stader å vere (les: stranda). Vi var ikkje før kommen før stranda var innvadert av kjøpsvikingar både til lands og til vanns. Enkelte hadde pengar som brann i lommene, og såg for seg både scooterturar osv. "Snille" meg sa nei. Det kjem mange andre dagar. Pengane skal ikkje brukast opp første dag.
Sola var deileg og havet også i følge elevane. Eg beit ikkje heilt på kvar gong dei ropte "Beathe, må du hiv dæ utti ilamme". Eg skal bade, ingen fare for noko anna. Det var like greit å få oversyn over alt først. Det kjem garantert fleire slike dagar.
God mat har dei her, også! (Billig, i alle høve der vi var i dag.).
No er dei fleste komen seg i seng for i kveld. Varmen er til å ta og føle på. Vi har mange inntrykk å sortere i hovuda våre. Vi gler oss til dagane som kjem!!
Til no har alle vore flinke til å sørge for at alle blir innkludert og det verker som at alle trives godt. Litt fridom under ansvar vil dei også få etterkvart, men det kan vere greitt at vi gjer oss kjent først. Vi er trass alt i eit framandt land.
I morgon er planen at vi skal gå muren og Stradum (hovedgata). Langs muren er det mykje historie og kjempeutsikt. Langs hovudgata, mange kyrkjer og ander severdigheiter. Berre det å få sjå hustaka her er eit minne. Det er allereie blitt kommentert av elevane. Det er veldig spesielt. Det er i alle høve "The Old Town" som får besøk av oss i morgon. Så det er berre å leggje seg ned og prøve å få ei god natts svevn.
Vi er alle kjempe takknemmelege for at vi fekk dra på denne turen. Den blir nok å leggje seg på minnet for godt. Så får vi håpe at dei som tenker på oss heime har det bra og at alle har ei god natt foran seg:=)
Hasta luego!!
I could easily fall....... (I already have...)
tirsdag 31. mai 2011
søndag 29. mai 2011
Litt vrede her i gården......
I dag er det litt vrede her i gården. Det betyr eigentleg hos meg.......Det er eg som er irritert. For ei stund sidan (i dag) var eg ute og gjekk meg ein tur. Eg gjekk tur av di eg var sint og fann ut at om eg skulle blogge, burde eg gå av meg litt av vreden. Det er i utgangspunktet ein god idè. Då veit eg at eg ikkje skriver noko eg ikkje kan stå for etterpå.
Så no har eg gått tur og i tillegg baka knekkebrød, så den verste harmen er over. Det betyr ikkje at eg er noko blidare i den forstand, men at eg har hovudet mitt med meg på ein meir fornuftig måte.
Så til sakas kjerne. Kven er det som har gjort ho Beathe så irritert at ho brettar det ut her på bloggen???
Joda, her kjem det........ Eg har sett meg drit lei på at alle skal rakke ned på bygda. Det vil seie dei som går inn for å øydeleggje. Kanskje skal det ikkje så mykje til for å glede meg? Kanskje eg kan trives kor som helst? Ikkje veit eg om eg er så annleis enn alle andre..... Uansett, vi har prekær lærarmangel her, dei treng pedagogar i bornehagen, Norcem treng sikkert folk og det er behov for fleire over 18 i butikk her. Ergo treng vi masse arbeidstakarar.
Eg syns det er flott å bu i Kjøpsvik. Ja, det er mykje å irritere seg over politisk, men vi då vitterleg mykje å vere glad for. I alle øve eg. Eg har arbeid, eg har vener, familie, hobbyinteresser, hus, fin natur bla bla bla... Eg kan fortsette i det uendelege. Så har vi dei som er negative til ALT. Desse negative folka har null respekt for andre føles det nesten ut som. (Respekt for meg i denne samanhengen).
På grunn av at vi treng eindel folk på min arbeidsplass, syns eg at eg kan prøve å gjere mitt for å hjelpe til. Det vil jo gagne meg også om vi får fleire lærarar hit. Så kva gjorde eg i dag?? Eg var på nettet og skreiv: "Om det er nokre lærarar som har planar om å skifte beite, vurder gjerne å komme hit. Vi treng mange! Vi kan hjelpe til med å skaffe bolig, her er naturskjønne omgjevnadar....bla, bla". (Dåke skjønner teikninga). Eg skreiv tydeleg at det var retta mot lærarar. I mi fjesbokliste er det flust av lærarar. Om ikkje nokon av dei er aktuell, veit dei kanskje om andre. Kva skjedde så?? Sambygdingar går inn og rakkar ned på bygda som kommentar under mitt innlegg på MI side. Dei skreiv om dei elendige boligane og masse anna tull. Her prøver eg å gjere noko positivt for bygda og håper på ei framtidig vekst. Så er det enkelte som tar seg den friheten at dei øydelegger for meg. Kva lys set det meg i om eg skriv det positive og så kjem dei andre og påstår det motsatte. Det er jo ingen som søker om dei ser at sambygdingane mine ikkje ønsker nye folk velkommen. Hallo!???! Kor er moralen? Kor er respekten for meg???? Eg kjente det bobla over av raseri.
Det er fleire som no har fått melding frå meg i innboksen sin. Eg har skrive nett kva eg meiner om slikt. Skammeleg, spør du meg. Eg veit ikkje om dei er blant dei som les bloggen min, men innerst inne håpar eg det. Kanskje dei kan ta dette til seg. Eg står for kvart einaste ord. INGEN skal komme på mi side og rakke ned og prøve å hindre meg i å ønske folk velkommen hit. Hvis ingen prøver å positivt fokus på bygda, vil vi aldri få ei bygd i vekst. Då vil dei berre få meir å klage over. Det virker som om at det ikkje er lov til å tenke sjølv. Det kunne aldri ha falt meg inn å komme med ein negativ kommentar til nokon som prøver på noko positivt. Hadde eg ikkje vore einig, hadde eg berre hold kjeft.
Enkelte trur det er greit at dei har ei meining om alt og rett til å prakke det ned på alle andre.
For min del må dei berre vere negativ, men absolutt IKKJE på MI side. Der er det eg som bestemmer. Enkelt og greitt.
Dersom du sit og les dette og er lærar.....Her kjem mi oppfatning av bygda Kjøpsvik:
Eg syns Kjøpsvik er ei flott bygd å bu i. Eg trives kjempegodt. Vi er ikkje ei kjempestor bygd, folkemessig. Eg trur kanskje vi er rundt 1000 menneske her. Det er ikkje så ille det heller. Dei aller fleste er kjempegreie folk og vil ta godt i mot alle nye sambygdingar. Likevel, vi har også, som dei fleste andre, enkelte som berre er negativ til alt. Det som er så bra, er at det er ikkje dei som bestemmer kva nett du skal synes.
Kjøpsvik treng arbeidstakarar på skulen, bornehagen, i butikk og på fabrikken. Det kan godt vere andre stader eg ikkje er klar over. På min arbeidsplass, skulen, har vi eit godt arbeidsmiljø og eg gler meg til å gå på arbeid kvar dag.
Rundt meg er det masse fjell og natur. For ivrige turgjengarar er det ypperleg å bu her. I tillegg ligg vi ved havet, så der er det også moglegheiter. Naturen kan by på så mangt. Fjordturar, grottevandring, bestige nasjonalfjellet Stetind osv.....
Vi har ikkje eit stort kjøpesenter her. Det gjer uansett ingenting. Kva skal vi med det? Det er berre litt over ein time til næraste by (med bil).Der får vi alt vi treng. Det er jo koseleg med ein liten bytur innimellom. Det vi har derimot er to matbutikkar, bank, blomsterbutikk, bokhandel (meir litt av kvart-butikk), hotell, forhåpentlegvis ei kro i løpet av ganske kort tid, kommunalt senter........Tja, litt har vi i alle høve. Vi har borne- og ungdomsskule. Eg er rimeleg sikker på at alle får plass i bornehagen her. Kunstgressbane, flerbrukshall under bygging (snart), isbane om vinteren, skiløyper, skyttarklubb, idrettslag, korps, yrande musikkliv blant born og unge, stor bluesfestival anna kvart år, kyrkjeklubb for ungdomen og kulturskule. Eg har sikkert gløymt av fleire ting, men denne lista fekk no ein viss lengde uansett.
Eg har hyggelege naboar, det er trygt for borna å vekse opp her, vi er i stor grad skåna for kriminalitet (vi har hatt litt, men det er ikkje noko som er definert som vanleg her). Her er hobbyklubbar og hagelag for dei som har slike interesser. Så eigentleg er det ein fin plass å bu.
Vi har mykje å vere stolt over. Eg er fullt klar over at det er mykje rart som skjer politisk og ja, vi har dårlege vegar her også. Det er ikkje berre andre stader dei har det. Likevel, det viktigaste må jo vere å fokusere på det som er bra. Positivitet avlar positivitet og kan skape vekst. Legg dei negative tankane bort og gje rom for moglegheitene. Dei som berre tenker negativt blokkerer for så mange vegar at dei ikkje får eit positivt liv sjølv.
Dessutan.....Vi er ansvarlege sjølv for det livet vi lever. Vi kan ikkje bure oss inne og klage på alt utan å legge ned ein durabeleg eigeninnsats. Dei fleste er der dei er på grunn av valg dei har gjort gjennom livet sjølv. Så mi oppfordring er "Prøv å vere positiv".
Ligg i alle høve unna sida mi om du har tenkt å rakke ned på denne fine bygda. Her er godt å bu og trivsel kjem av seg sjølv om ein prøver å trives. Løft hovudet opp og sjå fram, ikkje ned og attende. Kloke ord, hæ??
Sånn.....der var dagens moralpreken over. Eg er enno irritert på dei som skriv negativt om plassen under mine forsøk på å få folk hit. Fortsett med det, så kan ein sjå kor godt livet blir........ Nei takke seg til....!
Beklager harmen. Eg skulle eigentleg skrive om noko veldig positivt i dag, men eg klarte ikkje styre meg. Harmen er kun retta mot dei som bruker nettsida mi til negativitet. Eg skreiv berre masse positivt, og så hiv dei seg på utan respekt for det som står der. Det verste er at eg skreiv kven mottakarane var. Ingen av kommentarane kom frå rett hald. Så det får bli mitt hjartesukk for kvelden.
Hasta luego!
I wanna hold you....

torsdag 26. mai 2011
Puh.........
2864 uleste "e-poster". Say no moooooore! Shit......... Om eg ikkje bommar heilt no, vil eg påstå at eg bruker hotmailsida mi kanskje ein gong i året. (Maks!) Av ulike grunner måtte eg inn på adressa mi, og gjett om eg fekk sjokk. Så her sit eg og skriv på ein pc medan eg sit og slettar e-postar på ein annan. Juhuu..........Gjett om det tar tid?? Eg er nede i 1873 no, så eg nærmar meg.
Hadde det vore ein annan, hadde eg sikkert heller sagt "finn deg ein hobby". Jaja, sånn er det. Livet er spanande!!!!!
Håper ingen høyrer at eg banner no! Pc'n min har låst seg.......No vil den vel ikkje meir for i kveld. Så om nokon vil hacke seg inn på sida mi og fullføre slettinga, skal eg ikkje bry meg med det "lovlege" i det. Det kan jo vere dagens utfordring....kva er passordet mitt????? (Hint: veldig enkelt!). Eg oppdager det uansett ikkje før sånn sirka om eit år eller noko i den dur.
For dei som ikkje er så smart.................. Nei, det er ikkje min pc eg sit og skriv på.
I går kveld var eg ute og gjekk meg ein passe lang og god tur. Eg var klar over at det draup sånn "pittelitt" frå øverste hald, men eg trur nok mister chief ikkje var heilt blid på meg i går. Då eg liksom var lengst mogleg unna heimen (uatn regnklede), valgte han å opne alle sluser for meg. Eg kan ikkje i min villaste fantasi tru at "han" gjorde det for å vere grei med meg..... No likar jo eg å gå i regn, så kven veit. Å gå langs havet i vind og blest er ikkje alltid så motiverande. Det positive må då vere pluggane som var plasserte i øyrene så musikken kunne nå fram dit den skulle. Då kom ein i alle høve ikkje heim med full øyrebetennelse! :=)
Av ein eller annan grunn trur eg og at eg fann attende den indre meg. (Flire litt, for det høyrest vel superteit ut). Det var akkurat som om alt plutseleg falt på plass. Det som har vore borte dei siste to åra var attende og eg kjente at eg også fann min eigen styrke.
Det var medan eg høyrde på "You raise me up". Eg har alltid tenkt på den som kjærleik mellom mann og kvinne. Det var berre heilt tilfeldig at eg lytta til akkurat den songen. I går var det plutseleg ein heilt annan som plutseleg kom inn i songen og forklarte meg litt av kvart og sørga for at eg skulle skjønne at orda gjaldt ein heilt annan person for meg. Eg kobla plutseleg kven det var som hadde "løfta" meg opp før og så skjønna eg jo at eg har den styrken som trengs. Eg fekk ein spontan glede der eg gjekk og skuldrane blei mykje lettare. Litt rart....og kanskje uforståeleg, men ikkje for meg. Det lovar godt for framtida:=)
Vi er i slutten av mai. Kult at det då er nysnø i fjella enkelte stader. Reknar med at dei aller fleste er supereinige med meg der. Det er vel ingen som lengtar etter sommar og sol her? Kva skal vi med det?
Eg har jo utsikt rett i ein fjellvegg. Det må vel vere nok tilfredsstillande det? Nei...eg skal slutte å tulle.
Eg har nett vore på musikkøving, ei tung ei i så måte. Det var ikkje heilt enkelt å finne nok luft heile tida. Det fins vel slike kveldar også....... Det er jo gøy likevel. Vi øver til vårkonsert på hotellet og Callela-tur til hausten. Det siste inneberer at munnstykket mitt får seg nokre kilometer på beina denne sommaren. Det vil i alle høve vere lite smart å la det ligge att heime. Då straffer det seg til hausten. (Og så har eg jo lova meg sjølv at eg skal bli flittigare til å øve. Så spark meg i baken!).
Det blir uansett deileg å brette seg ut på stranda på dagtid og speling og kos kveldstid. Er vi riktig så heldig, renner det over av lekre spanjoler..................Jada. På tide å vakne, kanskje?
Når hovudet løper løpsk med tankegangen sin, er det ikkje godt å seie kva som kan kome til uttrykk. Så takke seg til at det ligg ei bok og ventar på sengekanten. Så kanskje noko blir berga denne kvelden også.
I morgon er det fredag og helg. Forutan jomfruturen i morgon, fins det null planar. Akkurat det føles veldig bra. Så for denne gong: GOD NATT!! Draum søtt.......
Hasta mañana!! (Måtte nesten komme med eit nytt utrykk no. Holdt på å gro fast i det gamle)!
Hopelessly devided to you........

tirsdag 24. mai 2011
Tysdag 24.mai.
Dagen i dag har eigentleg vore ganske interessant, utan at eg eigentleg heilt klarer å setje ord på kva som har vore så interessant. Ganske bra, hæ? Ja, eg veit eg kan vere litt ute av drift innimellom. Uansett, det har vore ein bra dag. Den byrja bra og den avslutta enno betre. (Nei...............eg snakkar ikkje om leggetida!)
I dag har eg sett for meg Nicole Kidman som drikk ein kopp kaffe på Walters kro og kjent på ordentleg knokelukt. Ikkje spør meg om kva eg meiner med det siste. Det er nok å vite at det inneberer eindel fliring:=)
Vi har diskutert jødeutryddingar, den svenkse nazismen (fortid vel og merke), lofotværingar sin vanske med uttale av u'en, elskovsjuke utlendingar som syns norske jenter er arrogante og stolte av di dei ikkje får deira merksemd (frå jentene), New Zealand og Jehovas vitne. Ei lang liste, ja. Den er eigentleg mykje lengre, men av hensyn til at ein ikkje skal sovne i lesinga............ Den kan i alle høve kallast ganske varierande! Som sagt........interessant dag.
Den har sikkert vore interessant for fleire andre også. Det er sikkert litt av eit syn å sjå meg springande rundt med ein ball på bana. Dei minste har hatt fotballtrening og eg heiv meg med litt for moro skuld. Det er i alle høve eit fint påskudd for å legge seg ned og slappe av i deileg og varmt vann (badekaret). Å ligge der og sløve og nesten sovne.........sukk. Kunne budd der, eg. Trening, bading, øving....for ei herleg rekkefølge! Sjølv om fingrane var litt feilplasserte innimellom (ofte) og fokuset litt unna det som det burde, var det veldig gøy å øve. Det er det no forresten alltid. Pulsen steig vel litt meir enn normalt av og til, men årsaka til det skal eg glatt hoppe over her:=)
Då eg kom heim i kveld, fekk eg beskjed om at det ligg ein hyggeleg liten herremann og sover i senga vår. Etter å ha lagt seg, sneik han seg musestille over gangen og inn på rommet. Då det blei oppdaga, svara han berre heilt enkelt og greitt "Dåkker må jo skjønn at sønnen i huset må få ligg i storsenga. Det e jo berre sånn det e! Skjønna du ikkje det??" I slike tilfeller flirer ein for seg sjølv og tenker at "eg har ikkje hjarte til å seie nei". Ikkje at det gjer meg noko, eigentleg. Det er ikkje eg som blir utvist frå rommet. Så då så..........
No er "Frustrerte fruer" og "Medium" over for i kveld. Eg har forsåvidt berre hatt eit halvt auge på tv i og med eg har vore her inne og skrive. Det halve auget var nok til å skjønne at Wisteria Lane er fylt opp av halvgalne mennesker, men som likevel sørger for at ein tenker at det kunne vore gøy å bu der. Tru alle dei intrigene ein kunne fått med seg. Det ville jo ha vore lykken!! Hehe.......
Det har nok vore nok intreiger og mord for i kveld, så då er det berre å tenke på at det ventar nokre deilege timar utan at vitet skal fungere. Først må eg vel prøve å nærme med slutten på "Pengemannen". Eg er rundt side 400 no og det nærmar seg slutten. Eg har enno ikkje fått tak på den eigentlege "storyen" til boka, så eg er ganske spent på kva som ventar. Eg har i alle høve ikkje tenkt å bruke nattetimane til det formålet, så ein liten halvtime får duge for denne gong.
På fredag ventar ein liten jomfrutur til Narvik på meg. Fleire timar åleine på bytur. Lurar på kva det kan resultere i. Kanskje ikkje så spanande å spise middag ute åleine, men all den andre tida gjer det sikkert verdt det. Stor sjanse for at eg legger merke til meir, då:=) Juhuu.....kor spanande.
Med tanke på at det heile no ser ut til å vri seg i retning av berre "møl", tar eg hintet og avsluttar. Så håper eg alle har hatt ein fin dag og at morgondagen blir like bra.
Hasta luego.......
You are the one my eyes are on........

søndag 22. mai 2011
Sundag 22.mai.
Så var helga over. Ei varierande helg i så måte, på alle plan...... Det beste var då eg sat på ferga til Bognes og snakka i telefonen med mamma. Plutseleg ser eg eit kvinnfolk hiv seg ned i setet rett over meg, smilande og blid. Først blei eg heilt perpleks, men då eg fekk summa meg litt, såg eg jo at det var Silje, ei venninne frå høgskuletida. Mamma forstod nok ingen verdens ting då eg plutseleg berre sa at eg ikkje kunne prate meir og la på. Silje.......Ja, vi har opplevd mykje gøy ilag. Det var forøvrieg ho som klipte bort alt det laaaaaaaaaange håret eg hadde. (Det rakk langt nedanfor brøsta). Fredagskvelden tok ho mesteparten av håret (ja, eg fekk rikeleg med merksemd på "byen" den kvelden) og laurdagen tok Steinar (ein kompis av oss) resten. Trur kanskje det stod att 3mm etter at han var ferdig. Som sagt.....mykje gøy ilag.
Det var så gøy å treffe ho. Det er berre så synd at fergeturen der over går så alt for fort. Likevel...det blei tid til litt mimring. I tillegg held ho hus på ein gard i Steigen, og det betyr at Steigen må avleggjast eit besøk i sommar!!
Å kome på hytta denne gongen var litt likare enn sist. Då var det ein som hadde mala utan å ha noko under seg på verandadekket. Eg vil ikkje akkurat påstå at det er fint med malingsflekkar over heile verandaen. Heldigvis ordna han opp i det.
På trass av regnet, har det blitt mala litt denne helga også. Kven er det som er så lur å gå over verandaen med malingsstøvlar?? Trur ikkje kvinnfolk klarar å vere så lur, så svaret gjer seg sjølv. Jaja...... Ein lagar seg unødig arbeid.
Eigentleg har eg avtalt med hyttenaboen min at eg skal legge ut eit bilete av ho og meg her på sida. Biletet viser to oppgitte damer blant uhelbredelege menn. No har det seg slik at eg ikkje har lasta bileta over på dataen enno, så dei slepp billig unna.
Ellers så har sonen min fått oppleve korleis det er å kome i mellom fleire "kvinnfolk" i dag. Det kan jo vere direkte farleg......... Ikkje at han syns det var så ille. Han var lykkeleg og glad han då han kom inn og fortalte at alle jentene hadde krangla sånn..... Då eg spurte kva det var dei krangla sånn for, svarte han galant "Det e jo førdi æ va dær. De klarte ikkje å bi enig om kem som sku bli kjæresten min". Det er ikkje kvar dag ein kan velgje og vrake:=) Så det var visst reine lykken.
Sjølv har eg gått meg ein passe lang tur i dag. Med musikken i øret, var det berre å følgje rytmen og gå. Som regel blir tempoet litt høgare då. Innimellom, når eg no eingong kom på at det gjekk an å tenke sjølv om musikken rulla, svirra tankane rundt to tema. Det eine var at vi sørger for at det bygges skuler i u-land, men vi gløymer at det ikkje er nokon til å arbeide som lærarar der. Om ingen kan lære borna noko, er jo bygga bortkasta. Bistandshjelp som virker?? Det andre var om årets tema på skriftleg eksamen. Temaet som er valgt ut er "Ord". Eg trur ikkje ein kan finne eit meir vidt begrep enn det. Ord kan jo vere så mykje. Hadde temaet vore "Miljø" eller noko liknande, hadde det vore litt lettare å avgrense seg og lettare å førebu seg. Korleis førebur ein seg til eit slikt tema. Ord? Kva oppgåver kjem dei eigentleg til å få. Det er så vidt tema at dei kan få kva som helst type oppgåver.
Eg kan sikkert klare å skrive lange avhandlingar med ord som tema, men utfordringa ligg i at ein skal prøve å tippe på korleis dei som sit litt lengre opp i systemet tenker og kanskje kome med gode tips om kva oppgåver dei kan forvente. Eg er like spent som dei. Vi har morgondagen på oss. Det går sikkert heilt flott:=)
Eg minnast så vagt at vi hadde ei tid med askeskyar i fjor. Om eg ikkje hugsar heilt feil, var det mange som blei råka av det. Islendingane er no eingong så heldig at dei har desse flotte vulkanane. Akkurat det er det ikkje noko å gjere med. Likevel.....I fjor kom denne aska på våren, og no er det vår på ny. Kva skjer? Joda, vi får askeskyar no også. Eg håpar inderleg ikkje at dette er eit nyt fenomen som er komen for å bli. Askeskyvår for alle reisehungrige. "Få deg eit litt lengre ferieopphald enn du reknar med!" Flyselskapa sitt nye slagord.... Jaja. Sånn går no dagane.
Så kan ein spørre seg om kvifor eg gidd å henge meg opp i kva som skjer på Island på denne tida. Svaret er veldig, veldig enkelt. Eg fryktar at eg kan bli ramma av desse mørke skyane. Eg skal jo til Dubrovnik om litt over ei uke. Vi er 19 stykk i reisefølget, og det vil bli riktig så surt om det ikkje blir tur. Eg er sjølvsagt opptimist, naturlegvis, men likevel er det ikkje gøy å vite at det faktisk i verste fall kan ramme oss.
No er det jo ikkje den største vulkanen som har utbrott, og det var vel ei heller uventa. Den har utbrott med jamne mellomrom og det har som regel gått bra. Det er berre det at dei aldri kan garantere noko. Vi får berre smøre oss med tolmod. Det vil i såfall ikkje vere første gongen.
Eigentleg hadde eg tenkt å drøfte problemstillinga med at vi bygger skuler i u-land og "gløymer" biten som kjem etter ferdigstillelsen. Eg ser fort no at tida kjem til å fordufte megaraskt og at det er altfor seint til å sette seg ned å gruble på eit slikt tema. Eg tar rett og slett avgjerdsla om at det temaet blir utsatt til litt seinare i uka som kjem. Så får vi samtidig håpe at det skjer noko spanande i livet innan den tid.
Hasta luego:=)
I can't help falling in love with you.......

torsdag 19. mai 2011
Torsdag 19.mai.
Her ligg eg....henslengt på sofaen. Har eigentleg ikkje anna å ta meg til enn å liggje her og høyre på musikk. Eller........Det blei vel litt feil. det er sikkert nok å finne på, men dette alternativet var det beste. Så her ligg eg med dataen i fanget, noko som er svært lurt i følge ulike artiklar. Nope.....men eg har heller ikkje noko stort ønske om å vere så lur i dag. Eg får ha den biten til gode til ein annan dag. Alt til si tid=) Eigentleg ligg eg her og grublar på kva eg kan skrive om. Det er nesten på tide å skrive noko fornuftig, men begge hjernehalvdelane er ikkje heilt med no heller, og då er det ikkje lett å fungere.Temaet kunne jo ha vore "Kva er det med menn og vèret". Skal vi verkeleg dra på hytta når det regnar slik??? Å jada....Det regnar grusomt mykje. Minst fjorten dråpar i timen!!! Hallo......Den problemstillinga gjer seg i alle høve her i dette huset i dag, men det går vel over. (Syng, syng, syng og ver glad....).
I KK står det for det meste om tid, og tid er ikkje det eg har mest lyst å tenke på no. Vi draumer om å stopp opp og fange tida.......(Påstås det). Vel, eg har fleire gonger sagt at tida går for fort, så det er ikkje noko unikt ved det.
Slankekurar er vel heller ikkje eit heitt tema?! Heile våren er vel alle ukeblada fylt opp med slikt stoff.
Det einaste eg kan bøye meg etter og vere delvis einig i, er ei side der det står om facebook. Heile den nye generasjonen er totalt oppslukt i facebook.....tja, så kvifor ikkje. Fleire av lesarane mine er ivrige facebook-brukarar, så det må vel vere eit tema som vil treffe mange (og kanskje mange vil seie seg einig i det eg skriv). Det handlar om alt det positive som blir skrive på denne såkalla fjesboka. Vi elskar positivitet.I alle høve gjer eg det. Positivitet er det beste i verda. Likevel........Kan det bli for mykje av det gode?? Eg berre spør. I følge artikkelen i bladet, kan alle dei positive tinga som står på nettet føre til at fleire får problem med sjølvtilliten. (Eller noko i den dur......Det er eit par dagar sidan eg leste det, og med ein hjernehalvdel ute av drift....say no more).
Det heile går vel ut på at mange samanliknar seg med den glansbileteversjonen mange gjer uttrykk for over facebook. Difor har dei "skapt" ein ny lidelse, nemleg facebook-depresjon. Gjennom forskning har dei funne ut at dei som har mesteparten av sitt sosiale liv over nettet, lettare blir deprimerte enn andre. Facebook-misunnelse er at vårt eiga liv bleiknar mot alt det gøyale andre viser fram.
Er det slik at vi prøver å vise oss fram meir positiv enn kva vi eigentleg er?? Ikkje veit eg. Eg har vel eigentleg aldri tenkt over det. Ikkje før no når eg på ein måte må ta stilling til det her. Eg må ærleg innrømme at eg er tilbøyeleg til å seie at eg delvis er einig. Enkelte (ikkje alle) skriv masse positiv om seg sjølv, born osv kvar einaste dag. Det er sjeldan ein les noko anna (om ein ser bort frå at ein skriv om sjuke born osv...). Som sagt gjeld ikkje dette alle, men mange. Eg syns det er litt viktig å poengtere akkurat det.
Vi tenker og føler negative tankar åleine, medan vi deler det positive. Sidan dette er noko dei aller fleste gjer, får vi eit inntrykk av at mange er oftare glade enn triste (sjølv om det kanskje ikkje er realiteten). Det er feriane sine folk legg ut bilete frå...ikkje kvardagane. Dei skriv gjerne om ting som dei gler seg til og ting som har gått bra. Dei skriv som regel ikkje om kva dei gruar seg til eller kva som ikkje har gått så bra. Det er berre å sjå på profilbileta. Dei fleste smiler! Kven har ikkje lyst til å ta seg ut best mogleg?? Eg skjønner godt at ein ønsker det.
Eg trur nok at bladet sitt hovudmål var å ende opp med konklusjonen om at vi burde bli flinkare til å dele meir av det som er leit og vanskeleg med venene våre på facebook. For dersom fleire ga eit meir realistisk bilete av korleis vi eigentleg har det, kunne alle føle seg mindre åleine.
Eg er forsåvidt einig i konklusjonen til KK, men så kan eg ikkje for at det dukkar opp ein heilt annan tanke i det hjernehalvdelen kjennes ut til å vakne til liv. (Hurra!). Treng vi eigentleg dele så mykje informasjon på facebook. Utleverer vi oss sjølv i alt for stor grad. Burde vi avgrense oss meir. Eg spør........ Eg trur kanskje eindel folk burde vurdere tanken. Det skjer jo innimellom at ein les ting ein meiner ikkje har noko på nettet og gjere. Ting som blir litt for personleg. Eg veit ikkje. Mine tankar er jo berre få blant millionar av andre. Kanskje er det meininga at det er slik det skal vere.
Det er berre å sjå på alle bileta som blir lagt ut på nettet. Det er veeeeldig langt frå lov slik det fungerer i dag. I følge åndsverklova har vi ikkje lov til leggje ut bilete av andre utan samtykke. Om nokon vel å anmelde at dei er lagt ut på nettet, kjem avsendaren seg ingen veg. Likevel.......det er blitt så vanleg at det er ytterst få som reagerer på det. Er det ei utvikling vi vil ha?? Det fins tilfeller der halvnakne fyllebilete er blitt lagt ut og i same slengen sørga for at ansettelsesforhold ikkje har blitt inngått. Litt kjedeleg om andre legg ut eit bilete av deg som ein framtidig sjef kan oppdage om han googler deg før eit eventuelt jobbintervju. Kor mange er det eigentleg som tenker på den biten når dei legg ut bilete som er litt "på kanten"?? Igjen...eg berre spør. Har utviklinga gått for langt?? Det er nok mange ulike haldninger til akkurat dette. Lova er klar på det....men dei fleste gjer blaffen.
Plutseleg kom "Total drama action" opp på tv-skjermen. Her er ein som har funne ut at klokka har passert seks og det er høveleg med litt bornetv. Jaja......då blir det lett å konsentrere seg om dette. Nope. Sidan eg er lite villig til å løfte ræva opp av sofaen, får eg vel berre vike for den yngre og pakke bort dette lille udyret av ein data. Det merkes på den at den er bltt nokre år no. Kanskje på tide med ein ny..... Må jo vere "up to date". Så hasta luego! Have a nice evening!
You're a part of me........

onsdag 18. mai 2011
O lykke!!!!
Som overskrifta seier, er det lykke i huset i dag. Då Steffen kom heim frå skulen i dag, var det kommet ein pakkeseddel om at han kunne komme på coopen og hente pakke. Det er sjølvsagt av di han nett er fylt sju år..... Ein "norgespakke" lett som berre det. Spent opna han den, og han hadde ikkje i sin villaste fantasi villa klart å tippe på innhaldet. EGG!! Jepp.....det stemmer. Bursdagsgåva var ein pakke full av egg:=) Korleis kan det bli lykke i ein heim pga at nokon har sendt nokre egg?? (Han blei faktisk veldig glad).
No er det jo sjølvsagt slik at denne pakken har ein forhistorie.Det er faktisk ikkje snakk om nokre egg frå ei ellers så vanleg høne...... På Husnes, beste vestlandsbygda ein finn, bur verdas greiaste ektepar/familie. No er det eingong slik at denne familien har "mange" rare dyr. Dyr er vel ikkje akkurat rare, men dei har i alle høve mange. Eg veit ikkje heilt om det er heilt normalt med ein ål som heiter Otto som "husdyr". Ål er vel ikkje akkurat det første dyret eg ville ha skaffa meg........ Mora i huset såg ålen i dyrebutikken og ga borna grei beskjed om at ål skulle dei ikkje ha. Seinare same kvelden (utan noko som helst form for kommunikasjon i mellom mann/kone og born) kom mannen heim frå arbeid. Kva anna enn ålen var det han hadde med seg??!! Han hadde sett same ålen same dag og han falt heilt for den. Så der sat dei med ein ål dei både ønska å ha og ikkje ønska å ha. Det blei til at dei tok vare på den (og kalla den Otto av alle ting). Så difor vel eg også å skrive rare dyr.......... Ålen er liksom berre ein av mange.
Eg har ikkje gløymt at eg eigentleg skriv om egg her.....Hehe. Egga kom sjølvsagt frå denne fantastisk greie familien. Vi grillar med dei årleg og alltid har dei ei overrasking på lur. I fjor var det at dei har bygd seg ein fuglegard ute i hagen. Då snakkar eg om ein storleik langt unna dei vanlege fuglebura. Ein fugl må jo sjølvsagt ha nok plass å boltre seg på både ute og inne. Så bak i hagen er det ein heil fuglepark med mange vaktelfuglar. Desse fuglane gjer nett det same som hønene! Jada, dei gjer det. Eg tenker ikkje på klukkinga i tide og utide, men meir på den biten om at dei legg egg i fleng:=) SMÅ egg!! Det er litt anna volum på eit vaktelegg enn eit høneegg, og du dyre kor godt det er med v-egg.
Då vi var på Husnes sist, fekk Steffen sju vaktelegg hos dei. Han syns dei var så gode at han nesten ikkje ville dele. Mormora fekk smake det eine, men så var det stopp. Han kokte seg eitt egg kvar dag. Desse egga er noko han hugsar veldig godt og han syns dei er riktig så kule. SÅ....... i dag kom pakke til han. Kva anna enn vaktelegg var innhaldet. Så unikt genialt å sende det. Han blei så ufatteleg glad. Trur nesten det må vere den beste gåven han fekk denne bursdagen. Det ligg liksom litt meir tanke bak denne pakken. Det heiter seg jo at det er tanken som tel, og akkurat denne tanken var veldig god, då! I alle høve om ein spør meg! Så difor.....O lykke!!
Vi har hatt langhelg, og eigentleg kan ein definere heile "helga" som "O lykke". Det har jo vore eit knakandes fint vèr (ein skam å dra heim frå hytta). Minstemann måtte jo få gå på diskotek, det er jo ikkje 16.mai så ofte heller! Det i seg sjølv var jo ein lykke verdt å leve på i minst ei uke.
Etter 16.mai kjem alltid 17.mai (korleis klarte eg å rekne meg fram til det????). Det er som regel lykke det også for born i alle aldre. Om det blei så mykje lykke for min del........tja, eg er usikker på den:=) Om det å bli vekt grytidleg på morgonen (og det så grasalt) er lykke, skal vere usagt. Eg komla meg no ut av senga og ut til ungdommen. Dei blei glade då dei oppdaga at eg hadde kake på lur. Det var vel mest synd i naboane i strøket. Eg var jo veldig førebudd på at dei skulle kome. (Var liksom ikkje i tvil der). Lykken låg kanskje i det at minstemann sov seg gjennom heile greia(?????), tru det den som kan. Med det spetakkelet utanfor husveggen, så er det ganske fantastisk. (Han er ein som treng mykje svevn, og 17.mai ville blitt alt anna enn det som det blei om han skulle vore stup trøytt). Så litt lykke finn ein vel i det.
Eg har konstantert for meg sjølv at årets russ er den som bråka mest under vekkinga på mange år.
Med tanke på at eg spiste kvelds med dei til litt over midnatt og at eg ikkje sovna før halv to......ja, stemmer, eg var veeeeeldig trøytt heile dagen. Faktisk så trøytt at eg la meg (eigentleg berre for ei kort stund) klokka fem. Resultatet av det blei 14 timar med svevn. Eg stod ikkje opp att før sju i morges.. Her i huset gadd dei ikkje eingong prøve å vekke meg. Eg var heilt i koma og det var det. Så dagen i dag har jo då sjølvsagt vore heilt super. Eg kan ikkje hugse å ha vore så utkvilt på mange år. Eg trur kanskje ikkje at det er noko ønske frå dei to andre om at dette skal bli ein vane. (Hmm....lurar på kvifor. Hehe...).
Jaja....og sånn går no dagane.
Det er kort uke denne gong og det er berre to dagar att til ny helg. Om det ikkje skulle dukke opp eit fristande tilbod, veit eg kor eg kjem til å tilbringe den.Fram til då er det berre å nyte desse fine dagane som forhåpentlegvis har tenkt å vare ei stund. Sjølv om det ikkje akkurat er så vakkert med dei få regndråpane som er i lufta nett no. Reknar med at det berre er forbigåande.
Hasta luego:=)
Baby can you teach me - how to.
Baby can you reach me - I am calling out for you.......
Underneath your window tonight
I am no Juliet so help me make it right.

Abonner på:
Innlegg (Atom)