Kjempehull åpnet seg midt i Oslo-vei. Alt er relativt…..Kva betyr midt i, liksom? I dette tilfellet er det snakk om i eit hjørne og rett foran ein garasjeport.
Ikkje veit eg, men eg syns no overskrifta er litt villeiande. Eg såg sjølvsagt for meg ein traffikert veg då eg las det.
Innrømmer å ha kokt mannen. Hahahaha…….. Vel, det er nok ikkje noko å flire av, men hallo?? Les no overskrifta og sei at den ikkje er litt komisk!?
Ein pengekrangel var alt som skulle til for at slikt kunne skje. Jaja……..Ei crazy verd!
I går las eg på Facebook om ei mamma som hadde vore på handballkamp utan å fått med seg at dattera spelte. I dag var det ei av sakene som var omtala i Fremover.
Heile saka er berre trist, det syns eg verkeleg, men det som er enno meir trist er at dei gjer dette mot denne mammaen. Denne mora skjønner garantert at det er ho det skrives om, og kva vil dette gjere med ho? Det blir berre så teit og umodent gjort.
Hadde dette vore ei enkeltsåande sak der denne mora ver eit enkelttilfelle, ja, då kunne eg vere tilbøyeleg til å seie at dette er på sin plass, men slik er det ikkje.
Alle som har deltatt, som tilskodar, på ei eller anna turnering rundt omkring har sett dette. Dette er slett ikkje noko nytt. Det er rett og slett eit heilt vanleg fenomen som har oppstått. Trist, men ikkje uvanleg.
Det gjeld nok veldig mange vaksne (og born!).
For dei som ikkje har fått med seg kva saka gjeld, er det snakk om at ei mor var med dottera på handballturnering. Då dattera var ferdig med ein kamp, spurte mora om ho ikkje skulle spille snart. Dattera svarte at ho akkurat var ferdig. (Mora hadde brukt tida på å prate i mobilen i stadenfor å sjå på ungen sin. Ungen blei sjølvsagt lei seg.)
Eg syns ikkje det er greit at ein gjer slikt, men det er slik samfunnet har utvikla seg til å bli. Vi har sett det mange gonger.
Poenget mitt i det heile er at det er galskap at ein person kan henge ut eit anna menneske på denne måten og at media grip fatt i det og gjer det same. Når dette faktisk er noko som er ganske "normalt", vil eg påstå at det er eit veldig legitimt tema å ta opp, men ikkje i form av å trakkasere eitt enkeltindivid som gjorde denne tabben. Ein burde ta det opp som eit tema utan å trekke inn ei enkelt hending.
"Håper du ser dette og skjemmes………" Eg er ikkje hundre prosent sikker på om det var ordrett slik det stod, men det var i alle fall bodskapen bak det.
Sjølv syns eg det er forkasteleg at foresatte ikkje bryr seg meir enn at mobilen må vere hovudmidtpunktet i livet til eikvar tid. Ein kamp er viktig for eit born og som forelder bør ein vise interesse for kampen når ein først er tilstades. La bornet få føle den annerkjenninga som følger med smilet den foresatte sender.
Det er trist at det er slik, og eg forstår at dei som ikkje er slik reagerer på det. Eg reagerer på det sjølv!!
Det er likevel meir trist at eit menneske blir uthengt på Facebook og i ei avis for noko ein burde gjord til ei generell sak.
Det kan hende at mange vil vere ueinige med meg og at dei syns at det er på sin plass at denne mora får føle på dette….. Då spør eg: Er du sjølv feilfri og eitt hundre prosent tilstades for ditt eige born konstant? Gjer du aldri feil? Vil du synes det er heilt OK at andre heng deg ut i avisa om dei ikkje syns om noko du gjer?
Denne mannen som starta dette kunne ha sagt kva han meiner direkte til dette kvinnfolket. Då hadde han vist seg meir rakrygga. Eigentleg syns eg berre saka har utvikla seg til å bli ei "mobbesak".
Ei sak som verkeleg er "up to date" har blitt til eit angrip på eitt einaste kvinnfolk istadenfor ei heil gruppe "syndarar". Ei stor gruppe…………
Hadde ein ikkje skrive ord som "du" og "din" osv……..Hadde kanskje saka vore annleis, men denne saka har gått direkte på ho (henvendt til ho).
Ei lita utblåsing frå ei som er i alle fall ikkje er feilfri. Eg ser på kampen om sonen min speler, men eg gjer garantert mykje anna "feil".
Uansett, ha ein fortsatt fin kveld og sov godt til natta!
Hasta luego!
IWALY!!!
tirsdag 8. april 2014
mandag 7. april 2014
For ein herleg dag det har vore!! Sol frå knall blå himmel er rett og slett berre digg. Berre så synd at det er prøveeksamensdagar og at ein då ikkje får lufta seg noko som helst i denne sola før utpå ettermiddagen. Difor er det jo stas at klokka er stilla ein time fram slik at vi får nyte dagen litt ekstra lenge. Eg er klar over at fleire ikkje syns noko om denne stillinga av klokka, men akkurat i dag slo det positivt inn.(Vel vitande om at ein etterpå må sveitte litt over eindel oppgåver før ein får ta heilt kveld.)
I følge ei annonse på nettet har vi historisk lite testosteron. Hahahaha..... Dårleg triks for å få salget av varen sin til å gå opp. Likevel, det er sikkert fleire som går rett på limpinnen og bestiller seg produktet. Som om at verda plutseleg skal stoppe opp av di det ikkje kjem nye tilskot til ho...... JADA! Så lenge det fins menn, fins det meir så nok av det her såkalla testosteronet i omløp. Ingen fare for noko anna. Enkelte kunne gjerne hatt litt mindre av det, til og med..... :=))
Opsibopsi……..Eg er visst så fokusert her at eg har heilt gløymt av at eg bakar brød. Dei var ferdig for tre kvarter sidan, så det blir god skorpe det! Thihihi…. Jaja, det er ikkje første gongen at eg svimlar slik, og det er kanskje ikkje rart med tanke på at eg har sett på "Det tredje øyet" og så blei det litt spanande og vips……jomfrua gløymte at det er noko som i det heile tatt heiter brød.
Er det greit at andre ammar bornet ditt? Tja, tjo, njei….kva skal ein svare til det? Min umiddelbare tanke er definitivt nei, men om eg tenker meg litt om….ja då kan eg vere tilbøyeleg til å tenke at "mat er mat". Om enn litt motvillig……
I dag fins det eindel puppetabuar, men likevel færre enn tidlegare. Før kunne ein jo ikkje amme offentleg utan at det blei oppstyr av det. Akkurat på det området er det blitt litt likare. No er det ikkje så veldig mange som reagerer så kraftig på at det sit ei mor og ammar.
Sjølv om det er blitt betre, fins det også andre puppetabuar. Det som skapar mest reaksjonar er vel mest sannsynleg et spørsmålet eg stilte, "Er det greit at andre ammar bornet ditt?".
Eg er rimeleg sikker på at det er veldig delte meiningar om dette rundt om i landet (eller verda for del).
Viss eit born er utrøysteleg og svolten….. Skulle vi då nekte det mat? Nekte det mat om vi visste at det var mat i umiddelbar nærleik, berre at maten var i ei anna kvinne sin pupp, eller feittklump for dei som meiner det.
Ved å tenke slik at ein nektar eit svolten born mat, stikker det litt i meg. Då får det heile ei litt anna vinkling enn om ein berre lot vere å tenke på den biten og berre sjå for seg bornet til puppen til "feil mor".
Kva er det i så fall som gjer at vi ikkje syns noko om det, dersom det er slik at vi ikkje gjer det? Kva er det som blir utfordra i oss? Kan det kallast sjalusi, eller er det berre det at det er rart?
Om du spør meg, vil eg sannsynlegvis svare at det er eit vanskeleg spørsmål. Kjempevanskeleg av di det er lett å møte seg sjølv i døra. I døra av di ein skal forsvare dei moralske aspekta i det uansett om ein seier ja eller nei. Kva er viktigast? Bornet eller mora……?
Kvifor er det eigentleg litt tabu å snakke om eit slikt tema?
Vel, kanskje eg må arrestere meg sjølv litt der……. Eg vil då vel aldri la meg stoppe av at enkelte syns det er tabu å snakke om det. Er det interessant nok, ja då seier eg det eg vil og så får heller andre synes det er tabu eller ikkje. Det er eigentleg ikkje noko eg tenker over i det daglege, berre no når eg skriv om det. Plutseleg slår tanken meg at det faktisk kan vere eit tema som er tabubelagt hos mange. Berre ikkje hos meg… Eg ser ikkje i det heile at dette er noko som treng å vere tabubelagt. I alle fall ikkje i 2014.
Tabu eller ikkje….. Eg køyrer på!
Vi har alle saman ulike haldningar til forskjellige tema. Akkurat det er berre sunt. Tru kor kjedeleg det hadde vor viss noko anna hadde vore tilfelle?!
Enkelte meiner faktisk at det er perverst at ein ammar offentleg. Då tør eg ikkje tenke på kor perverst dei må meine det er når ein ammar ei anna mor sitt born.
Andre syns ikkje det er perverst, men syns likevel det er utenkeleg å låne bort puppen sin til andre enn sine eigne. På lik linje som andre syns det er rart å låne bort bornet sitt til andre sine matspreiarar.
(Ein pupp kan verkeleg spreie mat!! Det veit eikvar mor. Eit lite klyp i puppen og mjølka spruter utover. Det kan det joforsåvidt bli nokre artige episodar av, utan at eg skal avsøre om eg snakkar ut frå eigne erfaringer. Dei som kjenner meg veit at eg likar å gjere "djævelskap", og så kan du jo sjølv avgjere kva du trur.) :=))
Viss vi set det heile litt på spissen, så kan vi sette ein pupp og ei ku opp mot kvarandre. Kva er det som gjer at det er greit at born får melk frå ei ku, men ikkje eit anna menneske. Kven har den verste utsjånaden, verste lukta, skitnaste kroppen…osv……..Kua eller kvinna? I´m just asking……..
Borna våre er jo ikkje akkurat nokre kalvar, så kvifor er det liksom greit å dele pupp med ein kalv og ikkje ein "kompis"?
(Berre så det er sagt……… Å bytte om på det og la ein kalv suge ein menneskepupp……. Der seier denne knetta STOPP! )
Det er jo slik at dersom du har puppene dine ekstremt fulle av melk, kan du levere melk til sjukehuset som sørger for at born som verkeleg trenger det får det. Mødre som av ein eller annan grunn ikkje får amma, men så sårt treng at bornet får den næringa dei treng. Eg trur ikkje dei mødrene ser på det som ekkelt. Dei er aller helst takknemmelege for at det fins nokon som deler av godene sine.
Likevel, det blir kanskje eit lite sidespor frå hovudtemaet. Å få melk på den måten er nok ikkje det same som å direkte amme eit born.
Vel, det er delte meininger om temaet og eg veit sanneleg ikkje kor langt vi er komen om femti år frå no. Meiningane er kanskje like delte då som no…….?
Uansett, denne jomfrua skal ikkje få fylt brystene sine med noko næringsrikt innhald i form av mjølk, så problemstillinga vil nok aldri gjere seg gjeldande for meg.
Ha ein fortsatt fin kveld!! Hasta luego!

søndag 6. april 2014
Det har vore hyttehelg og den har stort sett gått med til kvalitetsting som kubb på sletta, kortspel, skattejakt og grilling. Med andre ord hadde eg eigentleg ikkje så ufatteleg lyst til å dra heim i dag og ønska mest at det skulle vere berre laurdag.
Vi dro heim tidleg så eg skulle rekke å få litt tantetid med to av gutta som har vore her i bygda i helga. Vi fekk nokre fine timar ilag og deler av tida gjekk med til musisering.

Her er søskenborna i fullt driv på trommer og song. Resten av "bandet" kjem ut av høgtalarane i form av singback. Ei artig stundfor meg og dei små. Dette kan vel også klassifiserastt som kvalitetstid!!
I morgon er det måndag og uka før påske. Ute er det lite som vitnar om at det er tida for det no. Å tru at det blir mykje skigåing i påska er det same som å tru på julenissen (eller påskeharen er kanskje meir rett å seie i denne tida). Jaja, vi skal vel klare å finne andre aktivitetar å helde på med. Det handlar berre om å vere kreativ.
Påske……. Eg kjem nok til å tenke på Jerusalem i løpet av påska. Det var jo der "det" skjedde, ifølge historia, og etter å ha vore der sjølv og "tatt" på stemninga som ein får ved å vere i kyrkja der……. Det gjer noko med ein. Det var verkeleg spesielt…….
Då eg reiste heim med ferga tidlegare i dag, kjøpte eg papirutgåva av VG. Spent på kva som var dei ulike temaene i dag, bladde eg først raskt igjennom ho.
Det som fanga interessa mi først var ei overskrift som sa "Kim§ knallharde lover". Vi snakkar då Nord-Korea! Joda, eg er fullstendig klar over at det er eit strengt regime der, men etter å ha lese denne artikkelen, tja……kva skal eg seie? Det er nesten som om at eg ikkje tar det som står der seriøst (vel vitande om at det mest sannsynleg stemmer i stor grad).
Han der Kim kan ikkje vere heilt normal! Noko teitare form for maktutøving skal ein leite lenge etter. Og ein ting er sikkert og visst…… Kan eg ikkje reise til det landet med ei dongeribukse på, ja då reiser eg ikkje dit. Ikkje av di eg på "død og liv" må ha på meg ei dongeribukse, men rett og slett av prinsippet! Eg vil då vitterleg reise i det eg føler for sjølv utan at ein fjomp av ein leiar skal fortelje meg noko anna.
Joda, ein skal vise respekt for andre kulturar, men ein stad går det ei grense. Det er noko anna å reise til Jerusalem og dekke låra og skuldrane sine der det er nødvendig og det at ein ikkje skal velge kva type langbukse ein skal ha på seg.
Eg vil aldri klare å reise til Nord-Korea utan å bli lovbrytar. Det er vansklegare å halde seg lovlydig enn å gjere noko gale. Når alt som skal til er å brette avisa feil, ………..
Norske statsborgarar ville aldri ha gått med på at dei skulle måtte gå rundt med ein pin på brystet med biletet av statsministeren vår. (Heldigvis er dei ikkje så PR-kåte at dei forlanger det.)
Kvinnfolk kan velje mellom 18 hårfrisyrer…. Tja, akkurat det er vel ikkje så ille. Menn kan velje mellom ti. (Eg lurar på kva som skjer om ein mann er skalla??! HAhahaha………Eller er det èin av dei ti?!)
Servitørar og resepsjonistar må ta kirugiske inngrep. Dei må fikse litt på seg for å sjå meir vestleg ut. Stakkars Kim……… Joda, det er sjølvsagt folket det er synd i, men det no noko stakkarsleg over det å ha sånne teite reglar og ikkje minst vere den som står bak slike.
Er du så uheldig at du hamnar i fengsel, ja då må du verkeleg stå på slik at du blir ferdig med samtlege av dei oppgåvene du blir pålagt der. Om du ikkje blir det, blir det daudsstraff på deg, og kven vil ha det? (Kanskje dei som hamnar i eit fengsel i eit slikt land……)
Du kan faktisk bli henretta om du står i ei klynge med eit par-tre andre. Så som eg skreiv lengre oppe på sida, er det lettare å bryte lova enn ikkje.
Det verste er kanskje det at ein ikkje berre straffar personar som har gjort noko gale, men heile familiar og slektningar. Familiestraff kalles det. Det er også difor det er lite vanleg at ein tar sjølvmord i Nord-Korea. Dei veit at om dei gjer det, blir resten av familien straffa for det.
Kvifor?? Joda, av di Kim vil ha det slik. "The crazy man, himself".
Som det står under biletet i avisa……"Kim ser deg". Jaujau…….Han blir som ein skitunge i mine auge og eg veit ikkje heilt kva eg skal tenke om det heile. Finnes det liksom slikt i 2014? Og korleis kan det eigentleg gjere det? Kvifor er det ingen som gjer noko med det? Menneskerettigheitene blir det jo kjempa så hardt for på mange områder, så kvifor er ingen tøff nok til å hjelpe folket der og sørge for at det blir ei maktforandring "down there"?
Det fins vel heilt sikkert gode årsaker for det. Det er jo ikkje noko nytt at Nord-Korea har eit regime som ikkje heilt appellerer til resten av verda. Det har det forsåvdt aldri gjort.
Eit høyst aktuelt tema i dag, så absolutt!
Det er ikkje lenge sidan eg las ein artikkel om at du ikkje har lov til å ha med deg mobil inn i landet. At du blir frateken telefonen din om du blir oppdaga….. Om det stemmer, eller ikkje, veit ikkje eg, men stemmer det, er det alt anna enn bra.
Britisk mommentator mener nordmenn bør si unnskyld. Vikingene var som Nazi-Tysklands SS-divisjoner. Hallo??? Der datt denne frøkna ut eit lite augeblikk. Vikingetida? Er ikkje det veldig langt attende i tid? Er det eg som har misforstått alt då vi lærte om vikingetida og kva tid i historia den tida høyrer til?
Viss eg skal be om orsaking for noko vikingane gjorde, jaja, då er det noko i denne verda som ikkje stemmer. Det vere seg om det er snakk om massemord eller ikkje. Kva godt skal det gjere om eg ber om orsaking for kva andre gjorde for eit hav av tid sidan? Så lenge sidan at eg ikkje var ein del av Guds plan med verda eingong.
Korleis skal verda gå framover om vi skal halde fast i fortida som går så langt attende som vikingetida? Kor mange generasjonar vil eigentleg sånn rundt rekna 1000 år seie?
Joda, vi kan godt lære om kva som skjedde og vi kan gjerne lære at vi har forfedre som gjorde mykje galt. Likevel, eg kjem ikkje til å beklage det som skjedde den gongen viss nokon forventar det. Det er ingen som får noko betre liv av den grunn. Ikkje ein gong eg……for eg vil ikkje få noko betre samvit av å gjere det. Nei, tusen år gammal "tullferd" er ikkje noko som tynger skuldrane mine. Sorry, men slik er det berre. Ikkje trur eg at du heller ikkje får sove av di vi har nokre "villingar" til forfedre.
Nei, denne knetta skal ta og slutte av. Eg skal sjå over litt skulearbeid før eg legg meg. Så då attstår det berre å ønske deg ei fantastisk god natt! Sov godt!! :=)
Hasta luego!
IWALY!!!
fredag 4. april 2014
Nei, når eg ikkje fekk tilbod om meir medgift enn ein stakkars dromedar, var det ikkje vanskeleg å velje heimlandet foran å bli verande. Hahahahaha……….. Eg var vel ikkje jomfrueleg nok! (Forstå det den som kan…..Thihihii…..)
Eg har lufta tanken om å dra til Israel og vere der eit år, men har nok ikkje heilt fått gehør for det enno. (Som om det blir å skje….)
Jaja, no er eg snart attende i rett dagsrymte (takk og lov), no er det helg og då skal eg prøve å få vere mest mogleg ute. Det er alltid fint å sette seg mål, sjølv om dei ikkje alltid blir etterfulgt.
Å leve i nuet er vel det rette begrepet i så måte. Leve og leve, fru Blom…… Det kjem an på kva ein legg i det "å leve". Betyr det at ein får oppleve mest mogleg, eller betyr det at ein tar ting som dei kjem? Sjølv går eg for det siste. Er sofakroken litt for god, går det på bekostning av naturen, men målet er sjølvsagt å vere mykje ute.
Eg har akkurat vore innom Vg ein snartur. Der hadde dei dette biletet publisert. Det vil seie at eg har redigert det litt. Eg har laga svart og kvit ring rundt det for å skjule kven det er som er avbileta.
Eg går sterkt ut ifrå at dei fleste seg kva det er som er avbileta, men skulle det vere nokon som tvilar, ja så er det ein mage. Ein "10-pack"-mage!!
Veldig, veldig mange strevar noko grueleg for å få det vi kallar for "six-pack". Dei som klarar det har ein god del trening (og rett trening) bak seg. Denne mannen som er på desse to bileta er frå Sverige (utan at det betyr noko) og har knallhard innsats bak seg for å få denne veltrente magen/kroppen.
Så kjem spørsmålet mitt…….. Er dette fint?? Alle desse bulkane på magen………
Kva er det som gjer at det er så mange som er så opptatt av nett dei musklane vi hari mageområdet? Eg tenker då ikkje på "normal" trening. Å vere slank rundt midjen og ha ein bra kropp treng ikkje nødvendigvis henge saman med at ein har "six-pack" og aller minst med ein 10-pack.
10-pack har eg forsåvidt aldri høyrt om før. Eg visste ikkje at det gjekk an før eg såg desse bileta.
Ein ting som i alle fall er sikkert………Denne magen egnar seg ikkje som noko kvilepute. Å legge hovudet på desse klumpane kan aldri vere behageleg?!
Om eg hadde møtt på denne mannen på ei sydenstrand, tja då kan det nok hende at eg måtte streve for å dra augene mine til meg. Eg hadde heilt garantert stirra (jomfrueleg som eg er). Likevel, stirringa hadde ikkje komen av di eg ville syntes han var det vi kallar for "hot", men av di det er noko "unormalt" og eg mest sannsynleg ville bli forbausa over at det fins menn med ein slik mage. Eg syns ikkje det er særleg sexy.
Med fare for å fornærme enkelte som meiner dei er guds nådegåve når det kjem til kropp, men ein muskuløs kropp er ikkje alltid det same som deileg.
Eg er stygt redd for at skulle eg vere så "heldig" at ein slik mann skulle flørte med meg (så heldig er eg ikkje…..ahhahahaha…….), ja då ville eg snudd meg rundt med nasen i sky med vissheita om at her er det ein som er meir opptatt av kropp enn alt anna. Og ikkje for å vere fordømmande, men eg ville kome til å tenke at han er overfladisk. (Sorry, no sat eg visst alle med "fine" muskelmagar i same bås……Slett ikkje meininga, men om du gidd prøve å misfortså meg rett, ja då ser du vel sikkert poenget også.)
Nei, det er helg og no blir det avslapping på høgt plan. Ha ei god helg!!
Hasta luego!
IWALY!!!
torsdag 3. april 2014
Torsdag 3.april.
Mai er den måneden hvor det skjer desidert flest voldtekter. De aller fleste er festrelaterte. Ni av alle overgriperne i fjor var kvinner. No var eg litt kjapp i vendinga og hadde tenkt å skrive "Snakk om å ikkje vere vaken. Viss ikkje dette er dårleg norskspråk, ja då veit vitterleg ikkje eg. Ni av alle overgriperne i fjor var kvinner ...…. Hallo?! Kva planet er journalisten på? "
Så er det faktisk slik at det er meg sjølv eg må stille spørsmålet til! Det er eg sjølv som slett ikkje er heilt på stasjon.
Først trudde eg at det dreia seg om alle overgrepa som skjedde og at ni av ti av dei som blir utsett for valdtekt er kvinner. Det er jo ikkje akkurat noko hemmeleg bak det at det er menn som syndar mest på det området.
Eg vakna heldigvis etterkvart. I alle fall urpittelitt, og nok til at eg fekk med meg at det ikkje dreiar seg om det eg først tenkte og at journalisten berga seg der. Det blir ingen fine superlativer osv…..
Det siste året har det vore ni overgriperar på kvinnesida. I alle fall om vi skal tru på rapporten som kom ut i februar. Som om at eg kjøper den om at det er berre ni…..
Det heile baserer seg nok på det antalet som blir anmeldt. Då er det lett å anta (i alle fall gjer EG det) at det er fleire som ikkje blir anmeldt.
Eg vil tru at det er fleire menn som ikkje anmelder slikt enn det er som faktisk gjer det. Kva veit vel eg? Likevel…….Kor flaut er det ikkje for ein mann å innrømme at han har blit valdteken av ei kvinne?
No skal ikkje eg påberope meg den kunnskapen at eg veit korleis ein mann tenker på dette området, men mannen som det sterkaste kjønn……….Det er nærliggande å tru at han vil synes det er flaut. Kan hende at eg tar grueleg feil.
Statistikken viser at ein av ti kvinnfolk har blitt valdteken. Då seier eg berre "For eit høgt tal!!" Ein av ti?! Det er mange det………..
Så spørs det…..I kva samanheng har det skjedd. Har dei gått ute langs gata og blitt overfalt, har dei vore på fest og kledd seg "usmakeleg", har dei drukke seg så sanselaus at dei ikkje greier å seie nei, eller vaknar dei berre på morgonkvisten og ikkje veit at dei har hatt sex anna enn at dei faktisk kjenner at det har skjedd, men ikkje hugser det.
Alternativa er mange, og det er nok ganske mange fleire enn dei eg lista opp her.
Kva er det som gjer at så mange blir lovløyse i forhold til dette temaet?
At nett mai er valdtektsmånad nummer ein er neppe vanskeleg å skjønne. Det er jo den store russefeiringsmånaden. Fest og moro står høgt på planen for mange tusen ungdommar. Reglane blir berre galnare og galnare. Blant strykemerkene du kan ha på klerne dine står det noko som på ein måte legitimerer valdtekt. Blant anna oppmodar dei til bruk av valdtektsdop.
At alkohol har ein del av skulda denne månaden er det vel ingen som tvilar særleg på.
At Oslo er den byen som er hardast råka er heller ikkje så vanskeleg å forstå. Noko anna ville vel aller helst ha vore rart.
No er det april, og det er ikke lenge att til årets russekull skal ut og feste. Det er vel dei aller færraste som vel å gjere som eg……..vere edru heile russetida. Natt til første mai brakar det nok laus. Så er det fleire jenter (eller gutar for den del) som blir ein del av statistikken. Kanskje den statistikken som dei skal vise til neste år. Eg håpar dei fleste veit å ta sine forholdsreglar. I dagens samfunn er det noko som burde vere lett. At det fins overgriparar er noko "alle" veit. Difor kan det vere ein smart ting å gjere og halde seg samla med andre til eikvar tid. Sørge for at ein aldri går åleine, hverken full eller edru.
Jaja, det fins kvinnelege overgriparar også. Jomfru Knutsen som sendte dei små grå ut i tankeverksemd før ho hadde fått satt seg inn i innhaldet i artikkelen. Ho har i alle fall skjønna at det kan vere lurt å ta seg tida.
Augene går på kryss og tvers på akkord med all anna hjerneverksemd. Det er så absolutt tida for å finne fram til soverommet og den gode dyna. Viss ingen kjem med fyrstikker til å halde augelokka opp ganske straks, er eg redd eg må kapitulere. (Eg trur eg gjer det uansett.)
Jaja….Hasta luego!

onsdag 2. april 2014
Onsdag 2.april…..
…….. og 1.april blei forbigått utan at eg prøvde å lure nokon som helst. I år hamna dagen i det minste på ein skuledag, men i og med at eg ikkje var heime, klaffa det ikkje med å lure hverken elevar eller kollegaene mine. Dagen gjekk og eg holdt meg til å lese kva alle andre har/hadde gjort. Enkelte meir krative enn andre, sjølvsagt.
Eg har vore utan nyheiter frå moderlandet i ganske lang tid no, og etter å nett å ha vore innom eit par av hovudstadsavisene, kan eg trygt seie at eg ikkje har sakna det. Det er nesten sånn at eg tenker "at eg gidd" når eg opnar nettsidene. Det er liksom ingenting som er særleg revolusjonerande. Det er nesten som om att eg har lest det meste før.
Det einaste eg ofra litt tankeverksemd på medan eg las, var at Krf vil prevensjonere 16-åringar med hormonspiral. Det er sjølvsagt eit ledd i det å få ned aborttala, men likevel. Det kan virke som om at dei ikkje er heilt klar over kva dei held på med. Hormonspiral er vel strengt tatt ikkje å anbefale før etter at ein har født eit born. Eg kan ikkje tenke meg til at det er noko ein 16-åring bør sørge for å få. Då må det no finnes mange andre alternativ som er mykje betre, sjølv om ein hormonspiral faktisk sørger for at du slepp å tenke på å beskytte deg i det heile. Du er beskytta dei neste fem åra om du får den rett satt inn. I og for seg ganske greit, men likevel ikkje å anbefale ein 16-åring.
Det evige prevensjonsfokuset Krf har, gjer at det kan framstå som at dei syns det er heilt greit å ha sex i hytt og pine. Sjølv om vi lever i 2014, bør eit parti som Krf gå foran som eit godt eksemepel og heller spreie kva dei eigentleg meiner.
Tidlegare var det fleire som påstod at ved å bruke prevensjon, hindrar du eit liv å bli til. Så det er ganske stor endring som har skjedd. Frå å meine at prevensjon ikkje skal brukast av di det hindrar liv, til i dag å kjempe for flire gratisalternativ for ungdom.
Misforstå meg rett! Eg seier ikkje at EG er imot at ungdom skal bruke prevensjon. Eg reagerer på at Knut-Arild Hareide no frontar eit syn som eigentleg går imot mykje av det som er blitt sagt for ei tid attende. Krf er bygd på dei kristne verdiane og bør kanskje då halde seg til dei.
At han foreslår seksualundervisning heilt ned i åttande klasse, høyres jo supert ut. Berre litt dumt for han som viser at han ikkje følger med i tida. I dag har dei faktisk slik "undervisning" mykje lengre ned enn i åttande klasse. Ergo kan det vere ein idè å lese læreplanverka før ein offentleg går ut og foreslår endringar.
Penis og vagina er ord ein fjerdeklassing kjenner til……….. Blomster og bier blir introdusert litt etter litt.
Filmane statens helsetilsyn laga for 20 år sidan om seksualkunnskap, var laga for 11-åringar. I 2014 passar dei sikkert for ein 9-åring.
Det verste med det heile blir dobbeltmoralen som dukkar op i saka. De kjempar for at legar skal ha reservasjonsrett til å henvise til abort. Samtidig ønsker dei at ungdom skal få bruke hormonspiral.
Så spørs det…….Kva er det som er dobbeltmoralen i det?
Jo, det er enkelt og greit slik at det er snakk om at legar også må få kunne reservere seg mot å sette inn spiral også. Ved å sette inn ein spiral, går dei på "akkord" med seg sjølv i forhold til det dei trur på. Med andre ord at dei "hindrar liv å bli til". (Som eg skreiv lengre oppe.)
Dei vil ha gratis prevensjon og samtidig la legane få nekte å plassere denne prevensjonen.
Eg trur dei treng ein tur på kammerset for å finne ut kva dei skal stå for og kva dei eigentleg ønsker for ungdomen. Kor skal grensa deira gå for kampen mot aborttala?
Vil dei ha ned tala, må dei vise det på ein litt anna måte enn dette. Det første dei må sørge for er haldningsskapande arbeid. Kan dei gjennom haldningsskapande arbeid sørge for at eitt eller fleire menneske ikkje blir gravid eller tar abort, så burde det vere nok til at det er verdt det.
La ungdommen få prevensjon viss det er det partiet meiner er rett, men sørg ikkje samtidig for å arbeide MOT ungdommen ved å presse på reservasjonarettar.
Eg er rimeleg trøytt akkurat no. Eg var heime litt før fem i morges og då eg skulle legge meg, høyrde eg berre "Ååååå, mamma!!" Gjett om det var ein som låg og venta på mora. Han har sikkert berre halvsove heile natta. Det var berre å krype inntil og legge seg for å sove. Sove ei kort stund……for eg stod opp i lag med han og så la eg meg for ei kort stund til, men eg var grueleg tidleg oppe likevel. Klokka ni, om eg ikkje tar heilt feil.
Då er det strengt tatt lov å vere trøytt no! Så eg er på tur i seng om få straksar.
Ha ein fortsatt fin kveld. :=))))
Hasta luego!
IWALY!!

tirsdag 1. april 2014
10 000 meter!!
Hahahha….. Eg kjenner eg må flire litt. Eg sit høgt oppe i lufta, sånn rundt rekna 10 000 meter og eg har faktisk akkurat snakka heim "for real". Skype er ein fin ting!
Det er greit at dei tilbyr internett her i luftrommet, men eg trudde verkeleg ikkje at det var såpass stabilt at eg kunne ringe heim, og samtidig ha videosamtale. Kult!
Nettet er litt treigt, og då er det naturleg å tenke at å skype går i alle fall ikkje an. No har eg prøvd det også……:=) (Første reaksjonen eg fekk då eg sa at eg sit oppe i lufta var at eg berre prøvde meg på ein første april-spøk. Den gong ei. Eg har faktisk ikkje funne på eit einaste sprell i dag, så det betyr at eg har vore veldig flink.
I morges, då eg vakna, tenkte eg at det jaggu meg er synd vi ikkje får oss ein heil dag i Tel Aviv når vi først er der. Sola lyste over den digre byen og temperaturen var bra. Hotellet kunne ikkje ha hatt ei betre plassering. Å sitte og spise frukosten med utsikt over Middelhavet er ikkje så forakte!
Så har du enno ikkje bestilt deg ferietur i år, er Tel Aviv verdt eit forsøk. Der får du det meste. Det er noko for einkvar smak. Strandliv (syden) og storbylivet på ein og same gong. Du velger sjølv om du vil prioritere det eine eller det andre, eller rett og slett begge deler. Det er heilt opp til deg. Moglegheitene ligg der til rette for alle.
Så kan du jo ta deg ein dagstur eller to til Jerusalem, Dødehavet osv osv………Eg garanterer at du vil få ei oppleving du vil hugse resten av di tid.
Som eg skreiv, sit eg no i flyet som er høgt oppe i lufta. Eg er på veg mot Bodø, Nordland, og eg gler meg mest til å kome heim. Det har vore ein lang dag!
Og når eg no tenker meg om, så har eg faktisk gjort eit lite sprell. Eit seriøst eit sådan. :=) Hehehe…… Vi stor utanfor flyplassen i Tel Aviv og så sat det ei kvinne på eit søppelspann med ei venninne ved sida av seg. Ho som sat opna ein sigarettpakke og slapp berre plastikken rett ned på bakken. (Og JA med rompa på søpla!!) Vi var fleire som såg det og så sa eg berre at eg hadde lyst til å gjere ho litt forlegen. Dei andre skjønna kva eg meinte og var heilt med på idèen. Så eg gjekk bort til dei, og utan eit ord bøyde eg meg ned til skoen til eine dama og plukka opp plastikken, heiv den i søpla og gjekk.
Ho som hadde sluppe det på bakken blei så flau som berre juling. "Oh, my God,……." og så kom det ein masse ord ut av munnen hennar om kor flaut det var. Thihihihih……. Vi flirte litt for oss sjølv då vi gjekk inn.
Såååååå……. Vi måtte vise passet rett før sikkerheitskontrollen. Kven andre enn nett den berta var det som stod der for å sjekke passa og slapp folk inn til sikkerheitskontrollen?! Jepp…..Det var ho!
Eg kjente eg blei sveitt i hovudnerva! I Israel er det super strengt. Eg hadde allereie måtta vist anna legitimasjon enn berre passet fleire gonger av di dei ikkje trudde heilt at det var meg det er bilete av i passet. Eg ville alller helst ikkje at ho skulle få den gleda…
Heldigvis var dei to stykk, så eg gjekk glatt til den andre vakta, blinka med auget og slapp rett inn. :=)
Då vi kom til Danmark, før tida faktisk, blei det rimeleg hektisk. Den flyplassen der, altså. Den er ikkje laga turistvenleg i det heile. Då vi først hadde gått langt om lenge, måtte vi gjennom ein kontroll der også. Så måtte vi gå i ein evigheit lenger enn lengst for å kome til gaten. Vi blei både sveitt og varm på den turen, heile hurven. Kor mange meter som blei unnagjort, veit eg ikkje, men det tok i alle fall ein halv time å gå. Akkurat det er lang tid og stressande når du har femti minuttar til flyet skal gå frå du forlater det første flyet. Først litt gange, så kontroll (pluss passkontroll litt etterpå) og så ein evig gange….. Flyet måtte nok vente litt på dei siste…….. Vi kom oss ombord og vi hamna til slutt i Noreg. No er vi som sagt på veg mot nord og om ikkje så alt for lenge kan vi sette oss i bilen og køyre heimover.
Siste delen av ruta må eg reise åleine, men det overlever eg. Trøytt er eg nok når eg kjem heim på morgonkvisten, men då blir det ekstra godt å krype under ei god og varm dyne og berre nyte det å kunne sove litt lengre ein dag (vel vitande om at det blir lange arbeidsdagar med tentamensretting heile neste uke).
No skal eg prøve å få meg ein liten halvtime på auget. Det er slett ikkje sikkert at det går, men eg får prøve. Viss ikkje blir det 23 timar med våkenheit i strekk, og difor kan det vere lurt å i alle fall få duppa pittelitt i det minste.
Eg håper det er "fine vegar", så går det vel radig unna. Eg forstått det slik at det er blitt litt meir kvitt på marka nordafor no enn då eg dro derifrå……..
Ei fantastisk reise er over for denne gong. Eg sit att med ufatteleg mykje inntrykk og er så takknemleg som berre det for at eg har fått vere med på dette.
Det har vore mykje arbeid også, for det var jo difor vi dro til Israel, men det har vore mykje anna også.
Sjølv om det har vore lange dagar der vi har stått opp i otta, er det ikkje noko eg vil ha vore forutan.No vurderer eg det å reise attende dit på eigenhand, eller med følge, men i eigen regi.
Plutseleg seier piloten at det berre er 20 minuttar att til landing. Hmmm….det er litt før tida det. Jaja, det skal ein no ikkje klage på! Ha ein fortsatt fin kveld!!

Abonner på:
Innlegg (Atom)