søndag 2. februar 2014

Derfor tror han du er keen. Venleik og seksuell interesse er gjerne to ord av same meining om du har ein manns hovud. (Thihihii……) Slik er det berre. Kvifor, kan eg ikkje svare på, men det er nok berre slik at det er medfødt.
Venleik er nok ikkje det same som flørt, men kan oppfattast slik av enkelte. (Og der modererer visst jomfrua seg i og med ho ikkje inkluderer alle menn i det lenger, men avgrensar det til å gjelde enkelte. Berre så det er sagt…..enkelte kan også bety mange!)

Alt handlar nok draumar og fantasiar. Ønsket om å bli likt. Dersom vi likar eit menneske, er det jo naturleg at vi ønsker å bli likt attende. Då er det ikkje måte på kor mykje positivt vi kan tolke ut av eit blikk, ei berøring, eit ord…..you name it.
Medan tolkinga pågår, tenker den andre på null og niks. Han/ho er berre vanleg hyggeleg og blir gjenstand for analyse.
At det gjeld menn i større grad enn kvinner, heng nok saman med at det forventes at det er mannen som skal ta initiativ. Ergo er det dei som får den største fallhøgda og så må vere villig til å ta den sjansen. (Vi kvinner elsker å spele kostbar.)
Så i og med at menn er dei som mest tar initiativ, er det nærliggande å tru at mange kvinner ser på menn som innbilske.

No er det eingong slik at det er ikkje vi kvinner som har ansvaret for at det er slik Det får menna stå for sjølv. Det må jo sjølvsagt vere lov til å vere hyggeleg og venleg. Blid og imøtekommande……utan at det skal bli misoppfatta. Og det med klede………
Likevel fins dei menna som skuldar på kvinnene. Skuldar på kleda deira og ellers blikka osv… Dei har seg sjølv å takke.
At menn innbiller seg enkelte ting, er ikkje noko vi kan gjere noko med. Ikkje viss ikkje alle meiner vi skal kle oss som nonnene og rett og slett dekke oss heilt til.
No er det vel ikkje så stor sjanse for at nokon treffer på meg i så veldig lårkort kjørt, eller noko i den retninga……… Det kan jo vere artig å gje det eit forsøk, men eg trur eg står over. (Både for min eigen del og alle andre!) Hahaha……

Nå skal du droppe bh-en. Det er då eg skriv LOL. Kutte ut bh-en? Alt for å vere moteriktig, altså! Jaja, då blir det ikkje fleire joggeturar på denne knetta! Hehe…..
Nei, det er vel aller helst snakk om når ein skal kle seg i finstasen.

Frå hausten av skal kjolane ha v-utringing som går lengre ned. Forbi kløfta og ergo er det ikkje mogleg å ha bh utan at den vises, og då blir jo ikkje kjolen så fin som den skal vere.
Vel, det siste kan diskuterast. Kva er best? Ein bh som vises, eller hengepupper som disser innanfor kjolen så alt for langt nede? Your choice…… Eg trur eg går for bh-en.
For å vere litt meir korrekt……. Eg vel bh-en pluss ein kjole der v-utringinga ikkje er heilt nede på magen. Soory, men moteindustrien er ikkje så "important" for meg, så eg overlever det nok glatt.

En av tjue svidler på trygden. Oi….Det var eit høgt tal! Ein av tjue blir i mitt hovud det same som 5%. Ikkje skjønner eg at dei tør, for blir du oppdaga, reknar eg med at det vankar ei stor bot. Berre i fjor anmeldte NAV heile 1318 personar for svindel. (Og det er berre dei som er blitt ferska.) Så sånn sett kan det jo hende at talet er enno høgare.
Velferdssystemet vårt er basert på tillit, men det kansjå ut som at ikkje alle er tilliten verdig. Økonomisk kriminalitet! Misbruk av fellesskapets midlar! Det er nok snakk om store beløp kvart einaste år.

Det er no eingong slik at dei systema som lar seg svindle, blir svindla.
Når det er såpass mange som svindlar, må det jo bety at mentaliteten i forhold til dette seier at det er greit. Det er greit å lure staten.
Det er nesten som det er allment akseptert. Og, ja, eg veit det er mange som rystes over at enkelte er slu no til å gjere det, men likevel trur eg det er mange som rett og slett ikkje bryr seg. Dei veit at naboen fuskar, men dei blandar seg ikkje inn. Tenker berre at det blir deira problem om dei blitt tatt.

Ein av tjue…….. At dei tør.
Viss eg kjenner nokon som snyltar på den måten, trur eg nesten at eg aller helst ikkje vil vite om det. Så slepp eg å meine noko om det. I og med at talet er så høgt, så er vel faren ganske stor for at eg kjenner fleire.
Det er berre å ta noko så enkelt som dagpengar. Eg veit frå tidlegare at folk var så nøgd med å få dagpengar at dei ikkje ønska å jobbe. Kvifor jobbe når ein kunne ha fritt heile tida og samtidig få pengar inn på kontoen.
Sjølv om reglane seier at du mistar retten til dagpengar om du takkar nei til arbeid, er det fleire som slepp unna.
I tillegg skjer det jo at dersom du blir arbeidsledig, kan du tene meir på å få arbeidsløysetrygd enn å jobbe som ufaglært rundt om. Då vel du jo å la vere å arbeide……..Det er slik systemet er…..Til føremon for enkelte, alt anna for andre. Det er lett å skulde på systemet.

Nei, det er ny arbeidsuke straks……. Då er det vel på tide å ta turen inn på rettrommet for natta. Du får ha ein fortsatt fin kveld, eller god natt om du er på tur i seng.
Denne knetta har vore litt utspekulert i helga og har på bakgrunn av det fått seg nokre gode latrar!! (Ein god latter forlenger livet, og eg har hatt fleire av dei!) Bøllefrø er vel eit rett ord i så måte, men no blir det vel nokre dagar til neste sprell. Kven som kan forvente å bli utsatt for noko…….tja, det attstår å sjå!
Ha ei god natt!

Hasta mañana!

IWALY!!

torsdag 30. januar 2014

Først vil eg berre seie at enkelte må bli flinkere til å ikkje drive skjult digital mobbing. Skrive ting på ein måte slik at ingen kan ta dei på det, men likevel kan ein sjå "ironien". Eg tenker då spesielt på Facebook. Ein nettstad ein skal vere yderst forsiktig med kva ein skriv om. Seinast i går såg eg ein status som heilt klart var skjult mobbing og det i ei sak vedkommende så absolutt veit ingenting om.

Viss ei venninne seier noko til meg, kan eg ikkje berre publisere noko i den tru at eg sit med sanninga i mitt hovud. Skumle greier. Det er faktisk å synke ned på eit lavmål som seier mykje om vedkommande som person. Det oppnår ein ikkje respekt av.
Eg syns det er skremmande at enkelte ikkje skjønner kva dei gjer når dei driv med latterleggjering av andre på den måten. Det er heller dei som bør gå inn i seg sjølv og tenke på kva person dei eigentleg ønsker å vere.

Det er ikkje første gongen eg les statusar som er skjult mobbing. Mobbing av personar dei kjenner i form av kommentarar seg imellom under statusane til kvarandre.
Enkelte gonger har eg tenkt at eg skal kommentere det, seie at eg klarar å gjennomskue kven det er dei pratar om. Likevel lar eg vere………Kvifor? Jo, fordi ein kan uansett ikkje bevise at det er det dei gjer.
Ein burde kanskje gjere det uansett?! Er det noko eg er totalt imot, er det mobbing, og nettmobbing er nok kanskje ein av dei verste formene for mobbing som kan skje.
Har du først "uttalt" noko på nettet, kan du aldri ta det tilbake. Skaden er skjedd, og kanskje har du gjort stor skade. Kanskje mykje større enn meininga var. Og det er faktisk straffbart.
Så at vaksne menneske kan oppføre seg slik er forkasteleg, og sjeldan har dei mot nok til å beklage det dei har gjort.

Guppi. Det var eit menneske som ga meg eit hint om at det kunne eg skrive om…….Hahahahaha…. Guppi!! Akvariefisk!! Særleg………
Kva er så kult med ein guppi, liksom? Sånn bortsett frå namnet…..(For det er jo heeeeeilt på jordet.)
Ein akvariefisk med ein hukommelse som ei "apa", svinsa fram og tilbake, leitar etter mat og ellers ein sjanse til å formeire seg (for så å fortsette matjakta). Wow…….for eit innhaldsrikt liv.

Vel, om eg tenker meg litt om, så kan det jo hende at ein guppifisk har eit ganske så innhaldsrikt liv. Sånn for å ta eit eksempel…… No veit eg at det er eit stort akvarium på Hamarøy Hotel. Det er sentralt plassert nede i resepsjonen. Om det er nokre guppi oppi det, eller ikkje, skal vere usagt, men at det er fisk i det er i alle fall sant. Så la oss anta at det også er guppiar der.
Då lurer eg på kor mange menneske som dagleg gløttar gjennom glaset på fiskane. Studerer alt dei gjer. For tru for eit nydeleg syn det er om til dømes jomfru Knutsen (eller andre for den del) står der og lagar trutmunn til fiskane. Kva tenker dei då? (Viss dei evnar å tenke……..) Eller om ein unge fell for freistinga og ikkje klarar å la vere å la tunga gli oppetter akvariumsglaset……… Viss ikkje det er eit nydeleg syn for desse små krapyla, veit ikkje eg. Sjølv tunga til eit born kan virke stor og skremmande.
Kor mange gonger har vi ikkje sett at akvariefisk har stagga svømminga si og berre stirrar ut imot oss? Ein lyslugga og ein brunhåra. Snurrebart, gamle skjeggstubbar, musefletter, fregner, tenner(!)……..Tja, det er mykje for ein fisk å sjå.
Med tanke på kor mange menneske ein fisk i dette akvariumet ser i løpet av uka, ja då trur eg jaggu meg fisken skal vere glad han berre har ein hukommelse på nokre få sekundar. (Einaste aberet er at han då kan få sjokk opptil fleire gonger av ein og same person….Hahahahah…….)

Bardu-ordfører lokker befal med gratis sydenferie. Der ser eg mitt snitt til å få meg ei reise….. Her er det berre å søke om å få bli befal!! (Og så kan ein trekke seg etter ei viss tid med argumentet at "dette var ikkje noko for meg". Hahaha………
Hmm….. Det gjaldt visstnok berre dei som allereie er befal og pendler. Viss dei buset seg der, kan dei få reise til syden i to uker. Så der glapp den draumen!!!

Låste meg ute av lugaren på Color Line helt naken. Hahahaha….. Hadde eg dukka opp då, spørs det om eg hadde klart å la vere å le…. Seriøst…..Korleis klarar ein i det heile tatt å hamne på gangen utan klede i første omgang? Godt gjort!
Enno verre hadde det vel vore om det var eg sjølv som hadde klart å gjere det og så skulle det i tillegg kome folk. Då hadde eg no vel i alle fall flirt, og då hadde garantert blitt 100% meir flaut (pga fliringa). Poenget er jo er at det ville vore umogleg å la vere!

Det er Sondre Lerche som har opplevd dette. I tillegg gjekk han rundt i gangane og banka på dører. Sååååå ser eg at han berre var ti år den gongen, og då stiller jo saka seg heilt annleis.
Det er nok flaut for ein 10-åring, men viss det hadde vore ein 10-åring som hadde sett at faren hadde gjort det same, ville han nok ha syntes at det er hakke verre.

Nei, det er denne klokka då……Av ein eller annan grunn skal den heile tida nærme seg midnatt. Då er det berre å kaste inn årene og sørge for å få ei god natt med svevn.
I morgon er det fredag og helg! Forsåvidt er ikkje det særleg dumt. Helg og skirenn…….og ikkje minst tantebornkos!
Så ha ei god natt og sov godt!

Hasta luego!

IWALY!



tirsdag 28. januar 2014

Dette er kvelden der eg berre må ta ting som dei kjem. Ikkje det at det har skjedd noko som er nemneverdig, men eg berre konstaterer at om eg hadde hatt tidspress i kveld, ville det ikkje vore rette kvelden til å ha nett det.
Eg skulle køyre til Sætran for å avlevere passasjer til bussen som går til Narvik og hadde sjølvsagt lest at det er følgebil gjennom tunnelen her borti. Så for å vere heilt sikker på at tida skulle strekke til, var eg tidleg ute.
Det var berre det at vegen er opna for fri ferdsel. Eg hadde ikkje fått med meg informasjonen som var lagt ut i dag……..
Det var berre å køyre sakte, for kven gidd vel å sitte ei heil evigheit på Sætran og glo i mørkret? Ikkje denne knetta……….. Eg var uansett framme ein halvtime før det tidspunktet rutetabellen seier skal vere avreisetidspunkt derifrå. Og ingen buss kom……….Ingen andre bilar heller, for den saks skuld.
Berre eit lass med storbilar (vogntog og slikt..) frå ferga heime. Sju i talet! OG gjett om dei sjåførane er glade i fart?! Så glad i det at dei aldri ville fått lappen om det hadde vore oppkøyring på same tidspunket.

Sætran………. Eit vegkryss som i utgongspunktet er ganske så oversiktleg. Det kjem ikkje så mange plums på deg. Likevel……Eg vil tru at eit vogntog har ei viss bremselengde. Når det då ikkje bremsar ned før etter siste avkjørsla til busshaldeplassen, altså få meter før E6, så kan ein jo byrje å lure. For sååååå tidleg får dei ikkje oversikta over trafikken i krysset at dei berre kan ture på. Full fart og vips så er dei i full galopp bortetter E6.
Slike store bilar som dei sju som kom i kveld……Eg skulle "likt" å sjå dei bremse om det plutseleg kom ein bil i krysset. Eg tvilar på at dei ville klart å stoppe i tide! Så er det slik det er blitt? Har dei mista all forstand, eller er tidspresset deira med på å skape dette tapet av forstand? Ikkje veit eg, eg blei berre småredd og aller mest berre glad for at dei nådde fram til krysset før eg skulle attende heim. Då slapp eg i alle fall å møte på dei og hadde berre elgen å tenke på.

Bussen kom ikkje før 20 minuttar etter ruta. Så tru kven som angra på at ho hadde sagt til ein liten kar at han kunne få vente oppe til ho var attende?!
Plutseleg var det Greys-tid og kvelden gått……….. Det var berre å legge seg på sofaen og sjå på dei hyggelege og blodige ofra i serien. Det er alltid digg å sjå makabre bilete samstundes som ein sit og nyt kveldsen sin. Den smaker så mykje betre då!!
"Berre la vere å sjå samtidig, det", tenker du vel, men akkurat det er lettare sagt enn gjort.
Då står jo valget mellom å la vere å sjå serien, eller rett og slett vere halvt ihelsvolten ei lang stund ekstra. To like dårlege alternativer, så då blir det som det blir.

No sit eg her, mutters åleine, minstemann sover og eg burde vel strengt tatt tusle meg i seng, eg også. Lettare sagt enn gjort……..
Først må eg no ein tur innom nettet og sjå om det har skjedd noko spesielt i dag. På Facebook er det jo så grueleg mange som hadde skrive Henrik Kristoffersen i kveld og denne jomfrua har vel null peiling på kve det er……….
Eg måtte no berre google det, for eg følte meg litt teit når vener både nord og sør skreiv namnet hans og hos meg ringte det ingen bjeller.
Det kan hende at eg bør synes det er flaut, men eg gjer ikkje det. Eg har lest meg opp til informasjonen om at han har vunne noko skigreier idag, men utover det må eg seie eg aldri har høyrt om mannen.
Om det betyr at eg er lite "up to date", eller at han rett og slett er ein ny oppkomling av ein som heilt plutseleg stikk seg fram………skal vere usagt. (Eg går for det siste!)

I dag fanga eg opp følgande. Ein gullfisk har ein hukommelse på 3-5 sekundar. Det var ein kollega av meg som hadde denne særs viktige informasjonen å kome med.
For ikkje å få deg til å tenke i feile baner, kan eg informere om at vedkommande ikkje sa det som eit hint til meg. Det var meir slik at det gjaldt ho sjølv.
Du skal ha bra kort kortidsminne om du blir bedt om å gjere noko og fem sekundar etterpå så har du gløymt det.
No har vi googla gullfisk og funne ut at informasjonen ikkje stemmer heilt. Eg trur heller det at ho har eit ønske om å sjå ut som ein gullfisk og difor har overbevist seg sjølv om at ho har liknande eigenskapar som ein slik ein.
Det er nemleg slik at ho trives veldig godt under vann,og for tida trener ho på kor lenge ho kan overleve ved å svømme under vann. Kanskje ho har ein hemmeleg draum om å overvintre under vann ein gong.
Så viss ein koplar det saman med at ho har uttrykt i eit sosialt lag at ho er "lynskarp", så skjønner vi vel teikninga. (Og no kjem eg til å bli kaldkvelt når ho møter på meg. Lykken for meg er at eg skal tilnabokommunen i morgon og satsar på at det gløymt innan torsdag. For det var dette med korttidshukommelsen hennar!)
Forøvrig kan ein gullfisk lære å kjenne att eit menneske som gjer han mat. Noko som slår ihel den der myten om at han berre kan erindre noko i tre sekundar.
Så heiter det jo så fint at vegen til ein manns hjarte går gjennom mannens mage. Mat er altså ganske sentralt i både mannen og gullfisken si verd. Så kan vi finne ein samanheng der???? Mat, intellekt…….whatever……kven ser forskjellen, liksom?! Dessutan kan gullfisken bli opptil tre kilo! Mykje god mat i det…..

Årets matnyheter. Brunost på tube!! Kva er visten med det, då? Greit nok til å ha i saus, men på skiva? No trur eg det er nokon som er litt for useriøs…. Brunosten har jo alltid vore til og skal dei lage tube av den, ja då går det vel med den som det gjekk med sjokoladeosten.
Sjokoladeost var digg!! Plutseleg i løpet av tenåra var den borte. Det var sikkert ingen andre enn eg som likte den…..

Chips med smak av bacon og honning…… Hallo? Det blir like "tuillåt" som ho som baka kake i går med gulrot og sjokolade! For ei blanding!
Bacom og honning? Kvalmt!

Det er 1700 produkter som skal inn blant hyllene i matverebutikkane. Ergo betyr det at nokon må vike…… Påleggsalat med yoghurt! Nye lunsjrettar frå Fjordland. Jaja……….Det betyr no aller helst ikkje noko frå eller til, for eg har då vitterleg aldri kjøpt eit slikt produkt tidlegare, og følgeleg veit eg ikkje kva eg går glipp av.
MEN det var det der med den brunosten! Viss dei no sørger for å ta bort osten i den forma den er no, ja då skal eg personleg lage mitt eiga lille protesttog. Kanskje hamne på framsida til VG og Dagbladet (så seriøse som dei har blitt dei siste to åra).

Det handlar sikkert om at eg er litt konservativ. Mamma brukte alltid å seie at eg var/er det. Eg likar ikkje endringar i samfunnet. (Og då set eg det veldig på spissen….) Det handlar vel aller helst om dei store viktige sakene, men av og til så gjeld dei små sakene nede på golvet også. Sånn som brunosten!! Brunosten er jo litt av identiteten vår?! Eller? (Ingen får "messe" med den!)
(No trur eg enklete vil påstå at dersom vi finn identiteten vår gjennom ein brunost, ja då må vi vere mykje skada. Jajajajajaja……. Kva gjer vel det??) Hahahaha…….

Eg trur kanskje eg ikkje har så altfor godt av å vere åleine. Eg veit ikkje….. Eg ser tendensane som dukkar opp. :=)
Det er i alle fall slik no at klokka nærmar seg midnatt og då skal eg prøve og finne meg sjølv på eit eller anna vis……..for det er ein viss prosents sjanse for at det kan vere lurt med nokre timar svevn på augene. (Ferga går ikkje før åtte, men det kan no vere greit likevel.)
Så difor seier eg så fint god nattog sov godt.

Hasta mañana!

IWALY!!


søndag 26. januar 2014

Dette gjør ditt reisvalg enklere. Joda, og så putter dei med eit bilete til teksten……Digre silikonpuppar, langt lyst hår og havet rett bak.
Vel……om det digre silikonfylte brystene freistar nett meg til å opne artikkelen og sjå om det er litt meir seriøst å finne då, er vel heller tvilsamt.

Oslo Høyres leder, Nikolai Astrup, mener det er på tide å vurdere skolestart for femåringer. Jaja…… Det er jo klart. Spesielt når det samtidig er snakk om at dei då skal vere ferdig eitt år tidlegare, altså i ein alder av 14 og 15 år. I dag er det 15 og 16 år.

Det betyr i realiteten at dei skal lære det same, men i yngre alder. Hjelpes….. Elevane modnes på mange områder for kvart år som går, noko som har mykje å seie for kor "lett" dei syns det er å lære seg nye ting.
Skal dei starte når dei er fem år (då vil enkelte enno berre vere fire!!), vil det seie at dei skal lære like mykje som dei startar og er eitt år eldre.
Eg vil tru at det tar lengre tid å lære ein fire-femåring å lese enn ein som er året eldre. Ein skal jo klare å halde seg i ro lenge nok til å lære noko og ein fire-femåring må ha ei viss tid til å leike og drive samhandling.
Dei klarar sikkert å argumentere med at mykje av den første opplæringa skal vere meir leikprega enn det som er no. Vel……. Det kjem dei ikkje langt med om dei skal vere ferdig eitt år tidlegare.

Kva er hovudmålet med det heile? Få folk tidlegare i arbeid? Eg vil tru at det er mange yrker som treng at ein som menneske har modna eindel. Ein tenker annleis som 18-åring enn om ein er 19. Eitt år har mykje å seie. Det er ikkje utan grunn at det fins ulike utdanningslinjer som no vurderer å innføre aldersgrense på å starte eit studium, nett av di mange ikkje er modne nok når dei startar.

Nei, born skal visst ikkje få vere born lenger. Kanskje dei sparar pengar på det? Det trengs færre ansatte i bornehagen viss det går gjennom, og i skulen blir det akkurat som før i og med at tidsaspekteret før dei er ferdig er like langt som no.
Vel, det er jo ein måte å imøtekomme det at det utdannes for få førskulelærarar (bornehagepersonell), men for ein slett måte det blir gjort på i såfall. Det kalles å løpe ifrå ansvaret sitt.

KVA MED oss som bur slik til som det vi gjer??? Skal vi sende borna våre bort enno eit år tidlegare? Det er nok mange som syns det er nok smerteleg å sende dei på hybel med den alderen dei har i dag, om ikkje dei skal vere eitt år yngre. Det vil i praksis seie at dei som er født siste halvdel av året berre er 14 når dei reiser ut for å lære hybellivet å kjenne.

I England startar dei på skulen det året dei fyller fem. Denne grensa jobbes det med å få flytta. Dei har gjort sine erfaringer og no prøver mange å få endra grensa slik at dei skal starte eit år seinare.
Viss vi, som vi mange gonger gjer, skal sjå til andre land……Kvifor ikkje legge merke til nett dette i denne saka?

La born vere born!!

Glemte at hun vant. Skylder på fylla. Jaja, no er det eingong slik at dette er verdas dårlegaste unnskyldning. Golden globe awards…….. Cate Blanchett. Ho vann rolla for beste kvinnelege skodespeler. Du skal vere bra full for å gløyme noko slikt!! At hennar kategori blei delt ut seint i løpet av showt har vel eigentleg ingenting å seie. Eg går sterkt ut ifrå at ho var klarover at ho var nominert.

Å vere så full når du held takketalen din, at du neste dag ikkje hugser det……Tja, kva skal ein eigentleg seie? Jaja……Fylla har skylda!

Are Kalvø, humorist, har verkeleg funne eit viktig poeng. Det er veldig mange som kritiserer at legar skal kunne bruke reservasjonsretten sin når det gjeld abort. Mange av dei same har teke parti med mannen her nordifrå som nektar å bruke flytevest. Så spørs det……. Poenget til Kalvø lyder som følgjande: Kva er det som skil reservasjonslegar frå den nordnorske herren utan flytevest? 

Det er sant som han seier……at mange av oss mest sannsynleg fleire gonger har tenkt tanken at det ville vore flott om ein kunne sleppe å forhalde seg til absolutt alle lover og reglar.
Det heile handlar om samvit. Samvit er ein indre følelse om kva som er rett og gale.
Mannen frå nord meiner sjølvsagt at lova om flytevest er "Faen steike inn i helvete idiotisk". Hadde det ikkje vore for akkurat det, hadde det vel heller ikkje vore så artig for norske journalistar å intervjua han.
Det er jo alderen og språket som har sørga for den store mediadekninga.

Flytevestsaka handlar også om liv og daud…….. Joda, om du dett på havet utan, hjelper den deg ikkje. Likevel, skulle båten havarere, rekk du å ta på deg veste og då kan ein ofte prise seg lykkeleg for at ein hadde ein vest i båten.
Så kva skil legane frå den nordnorske mannen?? Det er visst berre språket. Kanskje noko å tenke på…..

No kan du velje å vere vanskeleg og misforstå meg med vilje. Då klarar du nok å la deg provosere.
Klarar du derimot å sjå gjennom det, skjønner du eigentleg hovudpoenget og skjønner at provokasjonen du føler er ugrunna.
Eg har ikkje skrive kva eg sjølv meiner, sånn eigentleg. Eg ser heilt klart fleire forskjeller mellom sakene, men om ein set det heile litt på spissen, handlar det i "bunn og grunn" om det same.
Likskap for lova.
Alle har vi ulike meininger om kva som er rett og gale, men det er likevel viktig å respektere dei lover og reglane som er gjeldane. Viss ikkje er det håplaust å sette ei grense for kva tid ein skal reagere eller ikkje.
At ein mann er gammal og har eit språk som ikkje liknar grisen, er slett ikkje ein god nok grunn til å sleppe unna.

Ha ein fin kveld!!   :=))

Hasta luego!

IWALY!!



lørdag 25. januar 2014

Dag 2 - tomatprosjektet…. Tomat nummer to er testa. I dag gjekk det heile litt rolegare for seg (betre vil det seie). Den blei tygd og hamna sjølvsagt også i dag i søpla etterkvart, men i meir "slow motion" enn i går. Setningen "Eg spyr!" dukka nok opp i dag også, men turen inn på badet var alt anna enn hurtig, så her er det håp å spore. "Mamma, det smaka nu ikkje så ille i dag so i går."
Han prøvde seg likevel med å spørre om dette ikkje kunne vere dag 2 av 5. Hahahahahha…… Aldri i verda. Er avtalen tolv, ja då er det tolv som gjeld. Eg gler meg allereie til i morgon!

Skal amasjøren opp - ja då skal den opp! 

Her er det snakk om å gjere fleire ting på ein og same gong. Er ein sulten, så er ein sulten. Treng ein amasjør, så treng ein det. Kva er vel då betre enn å kombinere det med kvarandre? Ein sparar i alle høve ein god del tid på det! 
Kanskje ein ide å ta den med i dusjen også?? Hahahaha……. Det ville gjort susen.

Her er gavene hun vil elske til valentine. Usb-penn, høghelte sko, lang kåpe, krem……… What? Til valentinsdagen? 
No har ikkje eg noko spesielle ønsker til denne dagen, men hadde eg no vore ei slik berte som forventa å få noko superflott og romantisk på ein slik dag, ja då trur eg at eg ville håpa på noko anna enn nett desse alternativa. Så å tru at eg vil "elske" det om eg får noko av dette, er å ta hardt i. 
Eg blir sjølvsagt glad for uansett kva det er  om det plutseleg skulle dukke opp ei gåve, men det er langt mellom det og det faktum at eg slett ikkje ser for meg å få høghelte skor. Då trur eg berre latteren vil sitte laust og så hamnar dei vel på "my walk in closet" for resten av mi levetid. That´s life……

Ei romantisk reise er jo noko å trakte etter! Hahaha…… Kve ønsker seg ikkje det? Paris, Roma, Venezia………Skiweekend med spa i Noreg er heller ikkje å forakte. 
Smykker? Tja, både og. Smykker er fint.
Eg kunne faktisk finne på å bli superglad for ein medisinball på 4 kilo! Hahaha……Sjølv om nett det er alt anna enn romantisk. Einaste aberet er at om ein mann gjer meg ein medisinball til valentinsdagen, så får han eit forklaringsproblem for å sørge for at eg ikkje skal tru at det er av di han meiner at eg treng å trene kroppen min meir! 
At eg på førehand seier at det er noko eg ønsker meg, speler så absolutt inga rolle. Kvinner er kvinner og då er det klart at hensikten blir analysert ned til minste detalj uansett. (Stakkars menn!)

Så foreslår dei enkelte artiklar som skal hjelpe kvinna til å kome seg gjennom den mørke vinteren. Hahaha……No når det går mot lysare tider liksom? Då burde dei heller legge valentinsdagen til november. Då kan vi snakkast! 
Romantiske og sexy gåver……. Tja, det er vel noko alle vil ha.

Den ekle sannheten om tyggis. Dropp mintsmak! 
Det er no eingog slik at mange, veldig mange, er avhengige av å tygge tyggis. Det vere seg om dei er på arbeid, på bussen, på butikken, på fest, ja overalt - stort sett. Tyggis er eit "must".
Så spørs det kvifor vi har lagt oss til denne vanen. Det fins mange gode årsaker. Ei av dei er dårleg ande. Viss du då i tillegg velger ei sukkerfri variant, kan du legge til argumentet at det er med på å beskytte tenna. Auka spyttproduksjon beskyttar betre. 

Kvifor skreiv eg eigentleg at du bør unngå tyggis med mintsmak? Joda…… Det er av di du får meir lyst på "søppelmat" av det. Med det meines sjølvsagt potetgull og godterier. Akkurat det er ikkje bra for tenna. 
Mintsmak gjer frukt og grønt ein bitter smak og då vil ein ikkje ha det. 

For mykje tygging kan føre til ein lidelse i kjeven. Kven ønsker seg det? Neppe nokon som helst…..
Likevel er det ein sjanse for at det skjer. Rørslehemming og mykje smerter. Alt anna enn godt. 
Har du syreskader på tennene, blir skadene forverra av sukkerfri tyggis. I tillegg er tyggis dårleg nytt for magen din. Den blir blant anna oppblåst. (På vanleg godt norsk kaller vi det for luft i magen!)
Slik blir det luftsmerter av. 
Så er det jo slik at mange har sølvfyllinger i kjeften. Kvikksølv! Det som blir frigjort av kvikksølvet når du tygger, hamnar i magen og kan føre til nevrologiske problem, kroniske lidingar og psykiske lidingar. 
Hmmm….no syns eg strengt tatt at denne negative lista byrjer å bli litt lang!! 

Då eg var liten, høyrte eg frå mange at ein absolutt ikkje måtte svelgje tyggis! DET var farleg det! Magen kom til å blåse seg opp osv osv……
Det var fleire skremselspropagandaer. Noko som fins i stor grad enno, for eg sjølv har brukt det overfor min eigen kar. Husk at du ikkje må svelgje tyggisen!" Det sit vel i meg enno…….

Eg har høyrt at tyggisen blir liggande i magen i fleire år. Dette stemmer neppe. Tarmane klistrar seg saman! Hahahaha…….. Dagens beste, men likevel effektfull om du tar den for born. (Ikkje det at eg har prøvd akkurat den taktikken.)
Sanninga er at den kjem ut på lik line med alt anna. Einaste ulikskapen er at den brukar litt lenger tid enn det andre, dog ikkje meir enn at det ikkje gjer noko. (Eg meiner likevel at ein bør unngå å svelgje tyggis, berre så det er sagt!)

Å svelgjeein heil pakke Hubba-bubba på kort tid er kanskje ikkje det smartaste ein gjer?! Då går eg sterkt ut ifrå at du ender opp med forstopping. Forstopping er alt anna enn godt! Då hjelper det ikkje særleg på at tyggisen brukar litt lenger tid på å kome ut av det anale rom.
Så i pakken, munnen eller søpla er dei tre alternativa vi bør gå for når det er snakk om tyggis. 

No arbeider eg dagleg med menneske, så det er lite sannsynleg at eg etter dette sluttar med å tygge tyggis. Eg er nok ein av dei som har skapt meg eit behov. Jaja…… Eg trur no uansett at skjebnen har bestemt seg for kva som skal skje meg allereie, så då går det som det går. :=)
Ha ein fin laurdagskveld! No skal jomfrua nyte eit glas med sukkerfri brus (i håp om at det er sunnare enn med sukker - eit tema som aldri vil bli ferdigdiskutert). Popcornet er komen i skåla og eg trur kanskje det er krim på tv. Sofaen er lang, så det skal eg utnytte i fred og ro og så håper eg at dei to "håla" eg gløttar med ikkje finn på og speler meg eit lite puss. Å sovne å sofaen ein laurdagskveld er ikkje heilt det eg har planlagt. Likevel…..trøytt er eg! 

Hasta mañana!

IWALY!!



Prosjekt 12 dagar! 

Her i huset har vi starta opp prosjektet "12 dagar". Det betyr rett og slett at i 12 dagar i strekk skal det smakast på noko ein ikkje likar. (No gjeld ikkje dette meg sjølv, men minstemann.) Første produktet som skal til pers er tomat!
Kvar dag i tolv dagar skal han smake ein tomat (av dei som er små i storleiken). Heile skal i munnen og må tyggast. Etter det er det lov til å spytte det ut om det er motbydeleg. 
Første dag…….. Han tygger og smaker på tomaten………Æ spyr!! Og så sprang han på badet! Hahahahaha………MEN forsøket blei såvisst godkjent! No er det berre elleve att! 

Det har seg slik at eg kom over ein artikkel der det stod at ein må smake på ein ting tolv gonger før ein venner seg til smaken. (På produkt ein ikkje sånn umiddelbart liker.) Så no skal vi teste ut dette. Følgeleg er det minstemann som skal til pers, for eg aktar ikkje å vere forsøkskanin. 
Eg skal då vitterleg ikkje plage meg sjølv på den måten! Det handlar rett og slett berre om å vere smart, så då får ein andre til å gjere det. Så spørs det kva neste produkt blir. (Kanskje ananas, for det veit eg at han ikkje liker.)
Så skal eg heller ikkje gløyme å seie at det medfølger ein premie om han klarar det. Altså om han ikkje trekker seg før det har gått tolv dagar. Smakar han alle dagane, så får han hundre kroner. (Og tomat er slett ikkje godt!!!!) 

Det er kanskje eit slikt prosjekt vi skulle hatt med meg og lutefisk. (Aldri i verda!!!) Det prosjektet blei lagt daud det året eg var ni og kjem aldri i verda til å bli fulgt opp på noko som helst område all den tid eg lever her på jorda! (Etterpå blir det kanskje litt vansklegare å få det til…..) Lutefisk og grønerter! 
Grønerter blei også avslutta i ein alder av ni og går med meg i grava. 

I stad sat eg i sofaen og såg på Norske talenter. Det er ikkje ofte at eg blir rørt inn til hjarterota, men det var nett det som skjedde i kveld. Ei trønderjente som hadde laga song sjølv, der temaet var mobbing. Ho var 14 år og hadde sjølv opplevd mobbing og musikken var staden ho hadde til å jobbe seg oppover i kvardagen. 
Gitarspeliga hennar var veldig behageleg og fin å høyre på, og då ho starta å synge, kjente eg det innerst inne. Så fin stemme og så fin formidling av eit slikt tema. Eg kjente plutseleg at eg var litt våt langs eine kinnet. Det kom frå auget…….
Når eit menneke klarar å fange deg sli ja då har det oppnådd noko! 

Den nye trenden!

                                                         (Foto: Steve Rosenberg. Bilete frå Aftenposten.)

Hahahahaha…….. At kvinnfolk slår følge når dei går på do (når dei er i sosialt lag), er vel ikkje akkurat noko nytt. Det skjer heile tida det. Så står den eine utfor døra medan den andre gjer sitt fornødne. 
No har dei funne løysinga på dette problemet. Eit avlukke - to do!! Hahaha….. Eigentleg ganske genialt, men eg tvilar eg nokon gong vil nytte høvet om det skulle by seg. 

Sender du litt toalettpapir? Standardspørsmålet som stilles oftast på dei offentlege toaletta. 
Desse toaletta er frå Sotsji og er meint brukt under OL. Då er det vel nærliggande å tru at eitt do er til deg og eitt til sikkerheitsvakta….. Hahaha…….. Det er jo trass alt snakk om Russland. 

Berre så det er sagt……Det er ikkje kun i Russland dei har slike toalett. Det har jaggu meg Oslobyen også, og det på opptil fleire stader. Det er vel ikkje lenge til før det er meir regelen enn unntaket.
Eg tvilar på at det gjeld begge kjønna. Til o er det stort sett berre på damedo, og eg håpar verkeleg det forblir slik. Aller helst ser eg at dei held seg til eitt do, men viss menn skal gå på do, to og to……. Blæh, det er berre ekkelt.
Eg veit ikkje kva det er, men kvinnfolk som går i lag er meir akseptert i samfunnet enn at menn skulle finne på å gjere det same. Det blir bere kleint………
Jaja…..Dobbeldo……..dobbelt så gøy!!! 

Nei, no tar eg kveld. Sov godt!!
Hasta mañana.

IWALY!!





torsdag 23. januar 2014

Det er mange som har delte meiniger om kva som er lykke i livet. Berre så det er sagt, har eg ikkje tenkt å begi meg inn på den "vegen"…….langt ifrå. Likevel, eg vil berre seie at det fins små og store gleder i livet og ein vel sjølv kva ein vil sette pris på eller ikkje. Ein ting er sikkert. Det er dei små tinga som ilag skaper den store lykken.

Eg er så heldig at eg er omgjeven av gode kollegaer. Innimellom ligg det ein koseleg gul lapp på pulten min, og denne uka kom eg faktisk til ein pult med eit wienerbrød!!! Viss ikkje DET kan karve seg inn som eit punkt på ei liste over kva som kan definerast som lykke, ja då veit ikkje eg.

At eg holdt på å sprekke av di eg allereie var så mett, gjekk det ikkje an å ta hensyn til. Eg var så svak for brødet at eg berre måtte spise det. 
Då avsendaren dukka opp, sa eg at "Eg trur du blir nøydd til å spise halve, for eg har ikkje plass." Halvanna minutt etterpå hadde visst heile greia hamna i jomfru Knutsens mage! (Svake menneske….) 
Som om eg nokon gong skulle klare å karre i meg litt middag etter eg kom heim…..Jada…… Hahahaha……. Eg kunne sikkert ha trilla bort etter golvet! 

Eg hadde eigentleg tenkt at eg skulle skrive litt i dag, men etter å ha vore på arbeid heilt til ni i kveld, så føler nok kroppen at den ikkje har så altfor mykje energi å gå på. Det likaste vil vel aller helst vere å traske inn på nattens rom, men akkurat det er lettare sagt enn gjort. 
Hmm….. Plutseleg tikka det inn ei melding her….. Ei venninne som i ein alder av 35 år ønsker seg ein piercing i navlen!! Hallo???? Sømmer det seg då??? Hahahahahaha…….
Eg ser det for meg. Sommaren og greske øyer……piercing i navlen, bikini og lange strender. Thihi….
Piercing…….

Eg tippar at dersom eg hadde kommet heim med piercing i navlen no, ja då trur eg at eg ville fått oppgitte auge mot meg. Då ville eg i alle fall blitt stempla som å vere kommen i midtlivskrisa. 
35 år?? Tja, eg veit ikkje. Det spørs jo om ho har innovernavle eller utovernavle og kva type piercing det er snakk om. 
Jeeeeeezes! Var det nødvendig å sende meg ei slik melding no seine kvelden?! No blir eg jo garantert å sjå det for meg (i mange variantar) før eg sovnar, og då kjem eg garantert til å drøyme om det i natt også. Ikkje snilt gjort! 
Det verste er at ho nettopp faktisk utvida kommentaren sin til at ho faktisk kjem til å gere det! Her er gode råd dyre! 
Då kan ho heller tatovere ein elefant på rompeballen. 

Piercing i navlen…… Er ikkje det sånn der "midtlivskrise" i tenåra? Ein liten sommarfugl eller liknande… 
Skal ho først ha i navlen, ja då bør ho no vitterleg sørge for å få i niplane sine også. Sånn berre for å sette den der berømte prikken over i-en. (Mannen hennar har sikkert ikkje noko imot det.) 
(Eg må no le litt for meg sjølv.) 

Nei, eg var på tur ut herifrå, og no ska eg jaggu meg skunde meg ut før et tikkar inn fleire meldingar her inne. Eg skal då vel ha natta god! 
No blei det berre mykje tull her, så akkurat det er vel eit tydeleg teikn på at dei små grå er utslitt etter den lange dagen. Så ha ei god natt og sov godt!! 

Hasta mañana!

IWALY!!!