lørdag 26. oktober 2013

Komplimenter på toalettet. Dette må vere det kleineste som fins!
Eg har lest litt på nettavisene sine sider etter noko å skrive om. Det er ganske ille når det beste ein klarar å hoste opp er ei sak som dette.
Alex og Fridtjof skal gje komplimentar til andre som står og pisser på toalettet. Dei er "kundar" på ein kafè (som dei sjølvsagt etterkvart blir kasta ut ifrå) og stiller seg opp for å gjere sitt fornødne ved sida av andre som er der i eiga ærend.

Eg vil tru at det ikkje er normalt å spørre den ukjente mannen du pisser "saman med" om det er meininga at ein må prate med kvarandre medan ein utfører det ein skal. Som regel teier en nok berre still.
Alex spør han! Svaret er "det kommer helt an på". Alex stirrer då på mannnen og seier "kul pikk".
Joda....... Det seier seg sjølv at denne mannen blei stille og ikkje turte å seie eit einaste ord etterpå. Han snudde seg litt bort også.
Så eg lurar eigentleg på kva han tenkte då?! Det kan jo vere at han tenkte at det var ein skrulling (som det jo i utgongspunktet ikkje kan nektast for at det faktisk var) og at han blei bekymra for evetuell valdtekt. Kven veit....... Det blei i alle høve stille.

Saka er nok mest berre teit, men ho blei litt komisk også.

Mangler lik, åsted og tilståelse. Hmmm....... Kan ein etterforske ei sak utan ei einaste av desse opplysningane? Inga lik eller åstad. Korleis veit dei då at det er føregått ei kriminell handling?
No blei i alle fall eg nysgjerrig!

Det er visst ein som er forsvunnen og ikkje komen til svars det siste året. Jaja......... Då kan det jo vere......
Eg vil likevel tru at det er ei håplaus oppgåve når ikkje politiet har snøring på kor dei skal leite etter mannen.
Om han er tatt av dage, ja då kan det jo i utgongspunktet ha skjedd kor som helst. Landet er langt, så då må det eindel ressursar inn i systemet om dei skal kunne følge det opp utover sittt eiga distrikt. Jaja.......

Jeg vet det er natta. Men hor skal jeg sove i natt? Når det går fleire år utan at dei ansatte i ein bornehage klarar å fange opp at eit av borna ikkje har fast bopel......Det seier litt!

Det er ettermiddag og det er stengetid. Eitt born blir ikkje henta. Ei handling som kanskje berga nett dette bornet, men som også gjer oss den vitskapen om at det kanskje fins fleire slike born. Born som ikkje har fast tak over hovudet. Born som vekslar på å bu hos kjenningar eller rett og slett berre sover i bilen ei natt.
Korleis går det an at det ikkje blir oppdaga?

For meg er det heilt uforståeleg. Likevel kan dei i ettertid kome med at ja dei fekk ikkje sjokk, for dei har vel eigentleg trudd at det var noko med akkurat det bornet.
Viss dei kan seie det, skulle dei jo ha rapportert det for lenge sidan.

Denne saka er ikkje eineståande på nokre vis. Det fins sikkert mange av dei. Det er berre det at det må skje slikt som dette for at nokon skal fange det opp og faktisk melde ifrå om galskapen.
Og kva rørte seg oppi hovudet til den lille guten som spurte kor han skulle sove denne natta? Han trudde det var natt av di det byrja å bli mørkt ute.
Litt etter litt kommer han med detaljar som viser seg stemme. Detaljar som sørger for at dei er nødt til å varsle ifrå om forholda.

Er det for lett å teie stille? Vergrar vi oss for mykje?  Det er nok ikkje berre, berre å seie ifrå, men det er no eingong slik at ein må. Det er bornets beste som er viktigast. Det er for seint å angre i ettertid.
Det er eit borns framtid som står på spill. Det er ikkje så lite, akkurat det!
Det er ikkje særleg kult å lese ei slik overskrift. For den treff deg midt i blinken. Hjartet.

Nei, det er fotballturnering i morgon og då er det vel best om ein er sånn høveleg kvil. Vi satsar på ein fin fotballaurdag! Så då er det berre å tilte seg i seng. Det tar vel ikkje mange sekundane før augene er lukka og jomfrua borte i draumeland.
Akkurat no fryktar eg at eg kjem til å drøyme om smalahovud. Ekle greier, men eg har sjølvsagt nettopp sett enkelte kjendisar kappspise mat, deriblant sauehovud, og det sa sitt! Mildt sagt. ..... Det er nok ikkje berre eg som ikkje likar smalahovud. (Ikkje det at eg har smakt det så mange gonger. Det er berre å tenke på kva det er. Sauskolt! Fisj........)
Eg håpar eg slipp å telle sauskoltar i natt!

Uansett, ha ein fin slutt på kvelden og ei god natt!
Hasta luego.

IWALY!!

fredag 25. oktober 2013

Har du noko du skulle ha sagt til ein eller annan? Er det nokon du skulle ha vore god mot? Nokon du skulle besøkt? Ikkje vent, for i morgon kan det vere for seint.

Eg fekk sjølv erfare det i dag. At det blei for seint.
Ikkje det at det er lenge sidan eg snakka med den det gjeld, men eg skulle ta eit besøk her tidlegare i uka. Den dagen fekk eg beskjed om det ikkje gjekk, for han var sendt på sjukehuset. I dag blei han borte............ No more.
Difor er det viktig at vi ikkje utset slike ting. Vi veit ikkje kva  morgondagen bringer. Ung eller gamal.....dauden spør ikkje etter alder.

Mann satt på do da han ble skutt. Tenk å sitte på do og plutseleg få ei kule gjennom veggen og rett i deg. Du har ikkje tid til å reagere. Du har ikkje tid til å oppfatte kva som skjer.
Joda, det er ganske utroleg at det faktisk går an. Bomme på elgen og treffe hytta og doen. Kanskje noko å tenke på neste gong du drar på hytta og treng å skite. Ikkje sikkert du kjem der ifrå i livet.

Eg reknar med det fins reglar for kva tid ein har lov til å skyte elgen, eller ikkje.  Å skyte rett mot ei hytte/hus er vel ikkje akkurat å foretrekke.

Ikke drøm om å bli gamle sammen. KK.no meiner at det ikkje nødvendigvis er eit mål å bli gamal saman. Istadenfor å drøyme om at ein skal sitte og gynge i ein gyngestol saman når ein blir 80år, skal ein nyte livet her og no. Det er det som gjeld.
Vi har rett og slett ikkje noko anna enn her og no. Slik er det berre.

For all del......ikkje prøv å endre partnaren din. Det er den største feilen mange gjer. Berre tenk etter kor vanskeleg det er å endre seg sjølv. Kor utopisk vil det ikkje då vere å forvente at andre skal endre seg?
Velg deg heller ein kjæreste der du kan vere deg sjølv og samtidig ha det supert med.
Det du ser er det du får.

Det er første gong eg les KK på nett og dette var det første som møtte meg. Eg har skilt lag med papirutgåva av di eg er misnøgd. Ikkje ndvendigvis på bladet, men er lei av å få det i postkassa tysdag eller onsdag uka etter at det er komen i butikkhyllene. Dei få kronene ein sparer på å abonnere på bladet, gjer ikkje at det er verd å lese eit blad som stort sett er gått ut på dato. Då kan eg liksågodt kjøpe bladet av nærhandelen vi har. Så putter eg sikkert nokre epler opp i handlekorga i lag med bladet og mest sannsynlegvis eit par andre artiklar også.......Vips så har butikken tent på at eg ikkje abonnerer på det bladet.

Sånn eigentleg trur eg at eg får siste utgåve av bladet denne uka. Nr 43...... Er det ikkje uke 43  no? Eg trur det.
Det er vel rettare å seie at det skulle kome på fredag i forrige uke, men dukka opp her om tysdagen.

Jaja, no har eg prøvd å lese litt KK på nett og trur mest at eg ikkje kjem til å legge det til som ein av lastane mine. For såååå spanande var det ikkje. Eg treng nok ikkje KK til å fortelle meg at ein må leve i dag og fokusere på den lykken ein kan sørge for å oppnå i dag framfor å tenke på at ein skal bli gamal ilag.

Henrik Thodesen fikk blackout etter å ha rumpe-slikket Morten Ramm. Dette var ikke en grei hevn. Fy fffffffffffff............. Eg klarer ikkje heilt å sjå humoren i dette!
Dette er ting som er sendt i programmet "Torsdagskveld fra Nydalen" og det er sikkert dei som ler seg skakk av dette. Berre teit spør du meg.
Korleis i all verda kan det vere god humor i det å hemne seg på nokon med å la dei smake på ræva di? Det er jo berre kvalmt!
Det er jo berre å sjå for seg sjølv i same situasjon. Då trur eg fleire vil syns det er ekkelt, ja.

Det er greit at dei "driter kvarandre ut" i sketsjane sine, men dette er slikt som ein ikkje kallar greit. Det er berre umodent, latterleg og ein heil masse andre superlativer.
Eg lurar på kva tid desse humoristane skal bli vaksne?!

Eg ler av mykje i denne verda, men denne sketsjen var berre teit. Den var å vere ekkel med ein kompis og det skal ein ikkje vere. Det er stor forskjell på å ha det gøy med nokon og det å vere ekkel.
Morten Ramm synes den dag i dag at det han gjorde er kult og driter i kva folk meiner.
Akkurat det seier ganske mykje om han som person. Eg er verkeleg glad for at han ikkje er eindel av MIN kvardag. Det ville berre vore flaut. (Mangel på antenner vil eg kalle det.)

De bor i samme gate, men de går på forskjellige skoler. Er det dette den nye regjeringen drømmer om? Det er vel lett å anta at svaret er ja.
Ferdig diskutert! Det fins ikkje noko å seie til det.
Det er like teit som mykje anna som har vist seg å ver gjeldande i den nye politikken.
Eg syns alle på biletet er like fine, men det er vel det dei har mellom øyrene som skal avgjere. Enkelte "kjøper" seg vel litt ekstra små grå. Fosåvidt ikkje noko nytt i det.

Jomfru Knutsen skal ta kveld. Etter ein litt lang dag som har inneholdt alt ifrå mørke til lys i tunnelen, skal det bli godt å få pakka dyna rundt seg og sove.
I morgon er det helg att. Tida går fort.......
Ha ein fortsatt fin kveld og set pris på dei små tinga i livet.

Hasta luego.

IWALY!!!!

onsdag 23. oktober 2013

Slik kan du vinne over giktsmertene. Både papirutgåva og nettavisa til Dagbladet har fokus på nett dette i dag. Faktisk er det denne saka som prydar forsida i papirutgåva. Den dekker stort sett heile sida.
Er du då eit gikt-menneske, er det klart du kjøper avisa.
Kven er det som ikkje ønsker svar på slikt, liksom?!

Eg kjøpte avisa, eg også. Til stor skuffelse.......... Avisa kunne fortelje at ein ikkje må røyke! Hurra, eit kjemperåd!
Ein skulle jo tru av overskrifta at det skulle stå noko om korleis ein kunne få bukt med slike smerter. Når det då kun står at det er bra om det blir oppdaga på eit tidleg stadium og at det ikkje er lurt å røyke....... Hallo?
Så står det nokre teikn på at du kan ha gikt. Hovne ledd, for det meste. That´s it!

Vel, viss ein har store giktsmerter, veit ein som regel om at ein har gikt. I tillegg rettar jo overskrifta seg mot folk som har gikt og ikkje dei som kan kome til å få det. Ergo er det ein ny journalist som har terga seg inn på jomfru Knutsen.
Det er nesten som om at eg føler meg lurt. Eg kjøper sjeldan Dagbladet i papirform. Denne gongen gjorde eg det av nysgjerrigheit til akkurat denne sida, for så å bli megaskuffa. Det var stort sett ikkje eit einaste råd dei kom med. Så først tenkte eg at det berre var bortkasta pengar.
Heldigvis var ikkje berre avisa på to sider, så då fekk ein jo samtidig lest om mykje anna viktig som til dømes korleis ein lagar kornsmoothie, den nye "dame-akevitten" og at Solskjær var ein mønsterelev. Ikkje dårleg berre det.

Stenger skole etter edderkopputbrudd. Hahahaha..... Dagens beste. Slikt skjer ikkje her, og det til trass for at det er tonnevis av dei også på vår skule. I alle fall rett utanfor1

Det er engelskmenn som er rare. Så er det sagt.......
Ein elev er bitt av ein edderkopp og difor skal skulen gassast ned. Det er ikkje eingong snakk om ein farleg edderkopp.
Når det kjem til denne type edderkopp som har bitt ein elev, er det slik at ein veps er verre. det vil i utgongspunktet bety at vi (om vi også hadde vore rar) måtte ha stengt skulen kvart einaste år, for vepsen den flyg. Den kjem inn opne vindauge og den er der definitivt i friminutta.
Skal vi stenge skulen om det kjem ein elev som seier han er bitt av ein klegg?

Vel, hos oss tar jo dei vaksne med seg edderkoppane inn på kontoret, slik at denne knetta må ha augene i nakken til eikvar tid!

Ellers er denne knetta klar for litt meir snø enn det som er komen. Snø er heilt greitt det, så lenge den kjem i passe mengde og at den ligg der med stabil temperatur. Alt anna enn slaps med andre ord.
Slik den ligg no, dug den ikkje så altfor godt til noko som helst.
Viss eg plutseleg no skulle sjå ein spark ute langs vegen, ja då er det nokon som er i overkant overirig etter å kome seg fram (og det på måte som gjer at det vil ta 2 år lengre i tid.....).
Kanskje det kjem litt snø dalande ned frå oven om eg tar til vit og karrar meg i seng no?! Så då skal eg prøve på det.
Han Stieg Larsson har enno ikkje fått besøk av meg, som eg sa at han skulle for eit par dagar sidan. Så så mykje for å lite på meg....... Kanskje i kveld? Men berre eit kanskje. Eg er god på å surre det heile bort.
Ha ein fantastisk slutt på kvelden og ei god natt. Tell ikkje for mange sauer, for då kan du kome ut av telling og DÅ får du i alle høve ikkje sove!

Hasta luego!

IWALY!

tirsdag 22. oktober 2013

"Kvinner bør gå uten truser" og "Kvinner kan ikke politikk". Jaja, det kan jo vere at det er mange som er einige i det. "Kvinner bør være hjemme", "Kvinner burde være slaver", "Kvinner burde være på kjøkkenet", "Kvinner burde ikke snakke i kirken"......You name it..........og framleis er det sikkert fleire som er einige. Mannssjåvinistar finnes overalt. Slik er det berre.

No er det ikkje ein mannssjåvinist som har ytra seg i dette tilfellet. Det er så enkelt som at dersom du søker på Google etter "Woman should......", er dette nokre av eksempla Google hostar opp som alternativ, eller forslag som andre vil kalle det.
Ergo har FN kritisert Google for å vere sexistisk.

Då dei fann ut dette, blei dei sjokka og har no starta ein kampanje. Ein kampanje som viser kor langt vi eigentleg har att før vi kan påstå at vi har oppnådd likestilling i samfunnet.

Google på si side går tvert i forsvar. (Noko anna var vel ikkje å vente?!) Spørsmålet er berre om Google kan lastast?
Google lagar ikkje alle alternativa sjølv. Det er nødvendigvis ikkje deira haldning som blir attspegla her.   Forslaga avspeglar berre kva det blir mest søkt på.
Det er likevel ein liten tankevekker når følgande dukkar opp i søkefelta.
 Skriv du «kvinner bør...», blir svaret «... gå uten truse, ... ikke få barn, og ... drikke mer kakao» alternativa.
Skriv du «kvinner kan ikke...», blir svaret «... politikk, ... kjøre, ... lese kart og ... få alt». 
Skriv du «kvinner burde ikke...», ble svaret «... få barn og ... tale i forsamlinger». 
Skriv du  «kvinner trenger...», ble svaret «Forsvaret trenger flere kvinner»,«... mer jern», «hvorfor menn trenger kvinner» og «hvor mange kalorier trenger kvinner».  
Så alt i alt seier jo dette litt. 

Likestilling? I mitt hovud betyr det lik løn for likt arbeid. For andre betyr det visst ganske mykje meir. 
Det komiske er også då at vi jobbar mot likestilling innan det meste, men i mange heimar går det motsatt veg. (På bekostning av menna.) Hahahah......... I og med at det er slik at veldig mange kvinner er "sjef" i heimane, så burde kanskje også menna jobbe for likestilling der. 
Menn må vere ettergjevande og la kjerringa få viljen sin dersom han ønsker husfred. Ergo lar han få bestemme utan at ho eigentleg tenker over at ho heile tida får viljen sin. (Altså......Ikkej alle heimar er slik,men fleire enn det vi trur.) 
Det er sikkert og visst at det er avla opp mange fleire tøffelheltar dei siste tiåra enn tidlegare. No er det meir vanleg å høyre utsagn som "Joda, æ må nu bærre høyr med kjærringa først" , eller "Joda, æ må nu bærre høyr med sjefen først". 
Menn lar seg nok lettare "dikkedares" med lettare enn tidlegare. 
Med likestillinga og det at kvinnfolka blei meir sjølvstendige kom også sjølvtilliten som gjorde at kvinnene i større grad turte og bli sur og tverr. Ergo blei det ikkje lettare å vere mann. 
Mannen som skal forstå at vi meiner nei når vi seier ja og mannen som skal forstå oss til trass for at vi ikkje seier eit einaste ord om kva som plagar oss. 
Er det rart dei kan bli frustrerte? 

Eg veit ikkje kva eg syns om forslaga som dukkar opp på Google........ Sjølvsagt kan dei virke provoserande, men eg ler no mest av dei. Det er jo eigentleg litt komisk! 
Ein kan sjølvsagt gå rundt og ta seg sjølv superhøgtideleg, men det må jo vere mykje lettare å leve eit liv der ein klarar å sjå det komiske i ting?! 
Det heiter jo at ein god latter forlenger livet.......... :=)

Nei, at ein maskin skal fullføre tankane våre........Hahaha.....

Neil glemte sitt eget bryllup og sendte inn bombetrussel. Hahahaha...... Tragikomisk! Likevel, det viser berre at det eg skreiv om menn og kvinner her overfor stemmer! 
Han klarte å gløyme å bestille lokale til sjølve seremonien. Utan lokale, ingen bryllaup. "Shit happens all the time". 
Hadde eg vore mann, trur eg kanskje at ikkje eg heller hadde turt å sagt ifrå om det til brura. Litt seint å oppdage det same dagen som du skal gifte deg. 
Likevel.....Han var jo supersmart! Å ringe inn ein bombetrussel ville jo sjølvsagt sette ein stoppar for all aktivitet der den dagen og då ville han slippe unna. Ho ville liksom aldri få vite det....... Hahahahaha og i stadecnfor så veit "heile verda" det! Snakk om "shit happens"! 
I tillegg er jo det beste at han må i fengsel i eitt år. Så det spørs om det blir noko bryllaup i det heile. Det spørs kor stor evne kvinna har til å tilgje, men eg vil tippe at ho er bra sint, skuffa og frustrert akkurat no.
Så er det også slik at dersom du får ei kvinne sint nok, er det vanskeleg å få henne til å svelgje stoltheita si. Slik er det berre. Så stakkars mann, seier eg berre!

Du kan nekte naboen å bruke søppelkassen din! Ja, for det er jo det største problemet eg har......
Det er vel ikkje så mange hundar som går på tur rett forbi huset mitt og finn ut at dei skal skite nett der. For det er vel aller helst det som er hovudproblemet. At hundeeigarar ikkje gidd å ta med seg skitposen heim for å kaste den. 
Eg syns no eigentleg berre at det er supert at dei i det heile har med seg pose og tar opp driten så vi slepp å trø rett i den. 
Skulle det vere ein stakkar som ikkje klarar å bære driten heilt heim, ja så skal eg no vere så grei å la han få putte den i "kassa" mi! Hahaha......... 
Spørs om det då hamnar i vanleg avfall eller matavfall?! Det er jo god gjødsel i hundedrit. 
Vis  ein humdeeigar samlar opp driten eit heilt år, er det sikkert nok til eit heilt blomabed, og tenk berre då på kor fine blomane vil kome til å halde seg. Ekte gjødsel, liksom.

Nei, det er tid for Farmen (som eg ser ein sjeldan gong), så då er det å pakke bort dete vesenet eg har foran meg og plassere augene i retning av tv´n. Det kan jo bli hyggeleg det. 
Det kan jo bli ein liten time med både konfliktar og greier. Ikkje akkurat kriml, men det fungerer vel det også. 

Ha ein strålande tysdags kveld! 
Hasta luego!

Part of me......

mandag 21. oktober 2013

Klokka er straks elleve og eg har leita fram boka "Luftslottet som sprengtes" av Stieg Larsson. Det betyr med andre ord at det er over 700 sider som skal pløyast gjennom den næraste tida. Den forrige boka slutta jo på ein sånn måte at eg ønsker å lese denne siste boka. Det er vel det ein god forfattar skal sørge for?!
Larsson er nok dyktig, men dog ikkje den dyktigaste. Det er få som klarar å skrive som forfattaren bak Harry Hole, så det er nok han som er favoritten min. Det er berre så synd at eg ikkje har noko bok å lese i som han har skrive. Dei er allereie lest.

Vi lev i eit såkalla demokrati og skal sjølvsagt ha respekt for det. Likevel har det vore ein nedtur å vite at det er ei blå-blå regjering, som vi kallar dei, som skal styre.
Blant anna av di dei allereie no har vist at dei ikkje står for store delar av det dei sa i valkampen. Dei har seld mykje av seg sjølv til andre parti for å få lov til å sitje i regjering.
Greit nok det, dei er ikkje dei første og sannsynlegvis ikkje dei siste. Likevel........

Det som gjer at eg idag har ergra meg eindel, er at det er mykje eg ikkje får til å stemme oppi mitt lille hovud.
Eg brukar å tenke som sådan at dersom ein blir statsråd, ja då er ein litt smart. Ein må jo ha gjort eitt eller anna som har blitt lagt merke til, på ein bra måte, for å hamne i ein slik posisjon. Ein treng sjølvsagt ikkje meine det same som eg, men det må på ein måte vere veloverveid.

No har det seg slik at eg syns den nye regjeringa ikkje er så veloverveid som den burde vere. Det er fleire statsrådar som allereie har gjort og sagt mykje "rart". Seinast i dag las eg ein artikkel som verkeleg rysta meg. Eg måtte stille meg sjølv spørsmålet "går det verkeleg an?"
No var det ikkje ein statsråd som var hovudpersonen i saka frå i dag, men leiaren av utdanningskomiteen på Stortinget og Høgres frstekandidat frå Telemark. Altså to personar som lett kan vere med å påvirke systemet.
Så spørs det........ Kva er det dei har sagt som er så ille? For det er ille!

Aftenposten har ein artikkel i dag som heiter "Vil gi gullmedalje til de beste 1.klassingene". Ine Marie Eriksen og Torbjørn Røe Isaksen talar varmt om det å premiere dei flinkaste elevane.
Ei slik premiering skal motivere elevane til å gjere det enno betre. Ei premiering på lik linje med idrettens svømmeknapp. Dei flinkaste får gullmedalje, dei neste sølv osv........
I ungdomskulen nemnes det faktisk også at det bør henges opp "hederslister" der dei beste elvane rangeres. Denne lista skal henges opp på skulen i tillegg til at dei beste elevane får diplomar.

Viss ikkje dette skaper eit grusomt skille, så veit ikkje eg. Kva med den eleven som strever og strever alt han maktar? Innsatsen er kanskje 10 gonger betre enn den flinke eleven, men resultata blir likevel ikkje betre enn hans........ Han vil aldri klare å få noko gullmedalje og det til trass for at han verkeleg gjer alt han kan for å oppnå den. Urettferdig!!!!
Kva oppegåande menneske er det som kan meine at dette er rett? Kva oppegåande menneske er det som meiner at det er greit å la dei svakaste få føle enno meir på kor det svir å ikkje vere blant dei beste?

Når dei samanliknar med idretten, er det ikkje då slik at når det byrjer å bli eit visst nivå at fleire fell ifrå? Er det slik vi vil at den norske skulen skal bli? At dei flinke skal bli flinkare og dei svake skal falle meir attende og berre gje opp av di dei heile tida må forhalde seg til at dei likevel aldri kjem til å nå opp. Dei er og forblir blant dei som ikkje får gullmedalje og då kan ein likesågodt la vere å prøve.
Skremmande!

At Høgre faktisk foreslår noko så dumt som dette....... Å tru at dette skal skape meir motivasjon i skulen. Kva tid blei det politikaranes si oppgåve å bestemme det pedagogiske innhaldet i skulen? Har politikarane kvalifikasjonar sjølv som tilseier at dei i det heile kan prøve på det?

Dette vil i så fall bli ein nasjonal politikk som vil føre til meir mobbing (av både dei flinkaste og dei svakaste), dårlegare sjølvbilete hos dei svake osv...... Lista kan sikkert lages lang berre ein prøver. Likevel vil eg påstå at berre desse to punkta eg nemnte her er meir enn gode nok argument for å legge tankane på is.

Det kan virke som om at dei som sit langt der oppe på stråa og liksom skal vere betrevitarar, kun tenker på kva som kunne vore fint å få gjennomført og så gløymer dei konsekvansane for dei det ikkje gjeld.
Dei flinkaste får sine gullmedaljar, motivasjon, sjølvtillitt osv......medan i andre enden skal vi bygge  ned.
Det dei ikkje skjønner, er at det kan vere skummelt å ta avgjerdsler som omhandlar born utan å ha noko som helst kjennskap til samfunnet borna er i når dei er på skulen. Utan å vite kva det kan gjere med borna.
Det fins mange gode tankar, men ikkje alle er gjennomførbare. Denne tanken om å medaljere dei flinkaste elevane og det allereie frå 1.klasse er alt anna enn ein god idè. Den burde aldri ha vore tenkt. Aller minst burde den ha sett dagens lys i ei avis som mange les.
Eg ser for meg at det no sit foresatte rundt om som har fått med seg denne saka og som bekymrar seg for at det faktisk kan bli ein realitet. Dei er redd for kva det vil få å seie for bornet deira som faktisk slit med å lære og som treng alt anna enn konkurranse.

"Lykken" oppi det heile er at Frp sin skulepolitiske talsmann er litt overraska av at Høgre har slike tankar. Viss ikkje dei får Frp med på det, kan det heller ikkje bli ein realitet.

Nei, det var vel meininga at Larsson skulle få underhalde meg i kveld, så då må eg nok snart starte på boka. Viss ikkje går eg glipp av heile oppstarten i kveld. Å tru at det er lurt å begynne med å lese etter midnatt........ Forget it. Eg skal starte no! :=)
Så ha ein fortsatt fin kveld og sov godt til natta!

Hasta luego!

IWALY!






onsdag 16. oktober 2013

Erotikkforfatter: Pappa klarer ikke å lese bøkene mine. Vel, det er no vel eigentleg ganske forståeleg. Kva far er det som ikkje berre ser på dottera si som den søte, yndige og uskuldige dukka? At ho skal ha skitne tankar........Det går rett og slett ikkje an! I alle fall vil han nok ikkje vite om det!  (På lik linje med at ungdom aller helst ser at dei slepp å få den kunnsakpen som seier at foreldra enno har sex. Det syns dei berre er ekkelt å tenke på.)

Ti ting du ikke sier til gravide. Det er jo alltids eindel ting ein ikkje bør seie til ulike grupper folk. Ting som blir klassifisert som tabbar. Gravide er inga unntak.

Hovudtabben! Det kan bli ganske så pinleg om du stiller spørsmålet "Er du gravid?" og det viser seg at vedkommande ikkje er det.
Nokon vil sjølvsagt berre le av det, men eg trur nok mange vil reagere heilt annleis enn det. Kven syns det er kult å få eit slikt spørsmål om det ikkje er berettiga? Få følelsen av å vere feit, til dømes.........
For det er vel difor dei som spør, spør. Dei ser at ho har lagt på seg litt og tenker at ho kanskje har hatt seg ei hyrdestund i halmen med eit "heldig" utfall.

Å spørre  "Har de begynt å sjekke deg nedentil?" to uker før fødsel, og det foran ein skokk med andre menneske (til dømes 17.mai.....). Tja, det er kanskje ikkje det intime spørsmålet dei ønsker å få.

Er du svigerfar, spør du IKKJE "Nå som du er gravid, er du mer lysten på sex?" Hahahahaha...... Det er jo berre kleint!
Kun venninner kan spørre om det!

"Svangerskap er ingen sykdom!" Prøv å seie det til meg....... Svangerskap var ikkje anna enn sjukdom. Korleis kan ein eller klare å gå ned 12 kilo på under ein månad, anna enn å henge over bøtta og spy? (Eg vil tru at dei som får omgangssjuka med spye, ringer arbeidgjevaren sin og seier at dei er sjuk.)
Vel, å spy i fire og ein halv månad, 24 timar i døgeret....... Viss ikkje det kalles å vere sjuk?! Ja, då veit ikkje eg.
(Svangerskap treng ikkje vere ein sjukdom, men i visse tilfeller er det faktisk det.)

Å vere "dramaquen". Det kjenner vi vel alle tilfeller av?! Dramaqueener. Dei fins overalt og dei legg ut i det vide og breie om det verste og mest grufulle ved fødslar.
Det er skikkeleg digg å høyre på ei som fortel at å fø føles som om at ein traktor har parkert med hjulet mellom føtene dine og at den står der og spinner oppi XXXXX di.
Hahahahaha.......  Det er også berre kleint. Slikt er vel ikkje allment greit å seie?

Å fortelje ei gravid dame om den grufulle fødselen din, ja det er å klassifiserast som at du er eit grusomt menneske som berre vil andre vondt. I alle fall er det ikkje å vere medmenneske når ein overdriv på den måten. Bom basta!

Så stor du er! Hahahahaha...... Ikkje det smartaste du seier til eit kvinnfolk. Du risikerer faktisk at ho klappar til deg. Eg er ganske sikker på at akkurat det må ha skjedd ein eller annan gong. Verda er full av spesielle kvinner og ei og anna må vel reagere på den måten.
"Jeg syns du er blitt litt feit i det siste" er kanskje ikkje det smartaste du seier.

Enn denne? Du er kompis og ergo kan du stille litt meir nære spørsmål. Men...............
"Er det sant at det ser ut som sprengt roastbiff  med hår og majones etter fødselen?"
Ungen blir klassifisert som "det" og samalikninga er jo berre ekkel.
Dette spørsmålet er rett og slett stygt!

Er du sikker på at det ikke er tvillinger? Thihihi....... Der er på gyngande grunn! Det er jo det same som å seie at ein syns den gravide er stor og kanskje litt feit. Farleg......
Når det gjelder denne, trur eg mest at den gravide berre vil sjå dumt på deg å seie "Er du så lite smart at du trur du er den einaste som kan kome på at DET kan vere årsaka til at eg er så stor? At eg har gått gravid i 9 månadar utan å vite at eg har tvillingar i magen? Fjott!!!!!"
Det handlar om å ha filter! (Eg går ut ifrå at du som lesar forstår kva filter betyr.)

Du håper vel på en gutt denne gangen? Vis meg det kvinnfolket som svarer ja til det.
Dei fleste meiner det er akkurat det same kva kjønn som kjem ut, men dei håpar nok alle at bornet som kjem ut skal vere frisk.

Akkurat det siste eg skreiv om å vere frisk, kan også vere sårande. Viss ein seier til ei gravid at det ikkje er så nøye kva kjønn det blir, berre det blir friskt, så kan det provosere ein god del. Spesielt er det sårande overfor dei som faktisk føder eit born med spesielle behov.
Er liksom ikkje bornet velkommen då (om det ikkje er friskt)?

Det stemmer nok at dersom du seier at magen er for liten, er det feil. Seier du at den er stor, er du rett og slett ein dust.
Seier du at ho ser bra ut, ja då blir du tatt for å lyge. (Altså ikkje særleg enkelt.)

Kva med dei som seier til den gravide at ho ser sliten ut? Eg trur dei berre må rømme.
Så konklusjonen må jo då berre bli at ein teier stilt. Ein lar vere å seie noko som helst og så kan den gravide få følelsesmessige nedturar og låse seg inn på do fordi ho meiner det er mangel på interesse.
(For gravide er jo trass alt overfølsomme!)

Å publisere ei slik sak som omtalar i alle fall deler av det eg har kommentert her, er jo å be om haugevis av kommentarar. Eit hav av menneske skal sjølvsagt få fram meininga si om temaet og alle er nok neppe like saklege.
Eller...... Neppe er feil ord å bruke, for eg har sjølv sett nokre få av kommentarane folk har lagt ut og dei er alt anna enn saklege.

Sjølv om ein skal ha respekt for enkeltmenneset osv osv....., er det vanskeleg å ta alle kommentatorane seriøst.
Alle har rett på eiga meining, men av og til blir det berre teit. Men, men...Så lenge media opnar for at folk skal kommentere, ja då må ein jo også berre godta at usaklege og ufine menneske fins og dei vil la resten  av omverda få vite at dei er der.

Når enkelte meiner at dersom ein kan bli sjukemeldt når ein går gravid, ja då burde ein hoven fot, litt vondt i ryggen o.l gjelde vel så mykje som gyldig grunn.
Dei skjønner rett og slett ikkje det at det er umogleg å gå på arbeid, med mindre du kan henge over bøtta foran alle andre, noko eg tvilar nokon ville gått med på.
Å spy foran alle andre vil vere uakseptabelt både av den som spyr og dei som må vere tilstades medan vedkommande spyr. Lykke på jord............

Nei, lista over kva ein ikkje bør seie til gravide kan nok vere lang. Kanskje uendeleg lang, for den del.
Eg vil tru at om ein la ut spørsmålet om kva det verste ein kan seie til ei gravid kvinne vil vere, så ville ein fått ganske så mange harrysvar attende. Det er eg ikkje i tvil om.
Det er nok av gravide rundt omkring som har mange gode dømer på tabbar rundt graviditeten.

Heldigvis skal ikkje denne knetta bli gravid dei neste 10 åra, så då slepp eg no lett unna desse fine kommentarane/spørsmåla.

Jaja, klokka er ikkje min ven i dag, så no er det nattatid. Ha ei god natt og sov godt!
Hasta luego!

IWALY!!





tirsdag 15. oktober 2013


Møt min nye ven, Reidar, som er eit positivt tilskot i skulekvardagen! Dagens høgdepunkt! Utan sidestykke! Særleg........

Sånn eigentleg så har det til dags dato vore heilt greit å dele kontor med dei eg har delt med til no. Berre at no byrjer eg å ha mine tvil. På bakgrunn av min eigen sikkerheit.
Eg veit ikkje heilt om det er så trygt å sitte der eg sit lenger.

Tidlegare har det vore skorpionar (det er eg heilt sikker på, sjølv om det kanskje var noko heilt anna), ekle fiskeskoltar, firfirsle(?), augestikkar og ein heil del andre småkryp. (Småkryp kan faktisk vere rimeleg store!!!! Prøv ikkje å påstå noko anna.) Alt dette av di eg deler kontor med ein som er grueleg glad i naturen og då sjølvsagt alt som lev i naturen. 
No må eg jaggu meg dele kontor med TO som har den "sære" interessa. 

"Gå å sjå ka som står i hylla mi!" Eg berre registrerte orda i forbifarta der eg stod og kopierte i matpausen.  Eitt kvarter etterpå var eg ikkje komen særleg lenger enn der eg var. Ting tar tid. 
Vedkommande som slengte kommentaren til meg då ho passerte meg, kom plutseleg attende smilande og lurte på om eg hadde titta. 
Spent måtte eg jo sjå i hylla hennar då eg kom inn på kontoret  (mitt) og eg hadde jo gjort meg opp ei meining om at ho sikkert hadde fått ei lita "gåve" frå ein eller anna elev og at det var det eg skulle får sjå. Få sjå kor koseleg, liksom.........
Så såg eg rett på Reidar! Fysj, seier eg berre! OG der i hylla skulle han faktisk vere resten av skuledagen. Så medan eg skulle sitte der og konsentrere meg om arbeidet mitt, skulle dette krapylet stirre meg i nakken.
Eg er ganske sikker på at han hadde eit ønske om å stupe rett i nakken på meg, men som du ser så var det eit lite glas i mellom oss. "Stakkaren" kom seg ingen stader. Lykke!

Krypet blei brukt i naturfagundervisninga, til elevane si store begeistring (noko eg veit av di min eigen gut var ivrig etter å fortelje om den då han kom heim). Så det elevane syns var veldig kult, det syns denne knetta berre var ekkelt. 
Lykken var likevel stor over at læraren og elevane slapp han fri på baksida av skulen etter å ha "brukt han" ferdig. For ein kan jo ikkje drive med dyreplageri og la han slite inne i glaset?! Jaujau......
Så lenge han ikkje framleis står der i hylla på kontoret, så går det greit. For eg er sikker på at han hadde kommen til rømme på eitt eller anna vis om han berre hadde stått der lenge nok. Eg er heilt overbevist om det.

Så no er eg berre glad vi går vinteren og mørketida i møte, av den enkle årsak at då er vi mest kvitt desse krypa for nokre månadar. 
I tillegg er det mindre sjanse for at desse naturforskarane eg deler kontor med plutseleg dukkar opp med slike skumle "gjenstandar" som ikkje høyrer heime bak jomfru Knutsen si skulder. 

Den siste tida har det vore fokusert, i media,  dagleg på den tragiske hendinga som skjedde på Stord i forrige uke. Eg har bevisst holdt meg unna denne saka, her inne, av di eg kjenner til familien det gjeld. Ergo syns eg det er vanskeleg å skrive om saka og om ein slik problematikk som denne saka omhandlar. 
Eg føler eg må vere hakket meir "forsiktig" i mine formuleringar i og med at det ikkje er "kven som helst" og det i seg sjølv gjer det vanskeleg.

Så kan ein spørre seg.....Kvifor no? Kvifor vel eg å kommentere det heile i kveld? 
Svaret er ganske enkelt.
Ei slik sak er klassifisert som tragisk. Ikkje berre for den som blir offer, men også for gjerningsmann og ikkje minst familiane som blir råka og dei andre som står dei nær. 
I slike saker er det viktig å halde hovudet på rett plass. 

Det er så lett å anta. Det er så mange som har meininger om det som har skjedd. Slikt blir det rykter av. 
Det er alt for mange som gløymer at det er snakk om eit samfunn som ikkje er så stort og det er snakk om at ein familie skal leve vidare i dette samfunnet. Difor er det berre trist at enkelte sprer rykter om saka, rykter dei ikkje har hald i. Dei antar.........
Dette er nok noko som er svært vanleg mange stader, men det er alt anna enn bra. 

Det siste ein familie som hamnar i ein slik situasjon treng, er at det spres ein heil masse usanne rykter. Det gjer det berre vansklegare for dei. 
Eg har aldri vore i ein liknande situasjon, men det er ikkje vanskeleg å forstå at det familien treng no er ro og fred rundt seg til å bearbeide det som har skjedd. 

Samtidig som alt for mange sprer rykter, syns eg media har opptrådt riktig så uprofesjonelt i saka. 
Berre det at dei intervjua klassekompisar av guten det gjeld og sendte det på tv i går, viser kor langt ned på stigen dei legg seg i "moral". Eg veit der var ungdom som syns det var ekkelt at tv dukka opp og ville intervjue dei. Ei av jentene hadde heldigvis mot nok til å seie til dei kva ho meinte om at dei prøvde å få ungdommen i tale. 
Skoleungdommen må då vitterleg få lov til å ha fred for media på skulevegen sin heim frå skulen. Trygg skulevei, heiter det!! 

Som sagt syns eg det er vanskeleg å kommentere sjølve saka pga den årsaka eg nemnte i stad. Så difor kjem eg heller ikkje til å gjere nett det. Det er nok av folk som ytrar seg.
I det eg har skrive her, til no, har fokuset vore på korleis omverda/samfunnet har "takla" saka. 
Eg syns berre det er trist at ein familie som er i djup sorg også må forhalde seg til ondsinna sladder og det er DEN biten eg vil påpeike her.

Det er ikkje sikkert at eg når fram til nokon som helst med det eg har skrive her nett no, men målet mitt er jo sjølvsagt nett det.
Eg håpar jo at i alle fall dei som les dette kanskje tenker seg litt om før dei ytrar seg "høglytt" og skråsikkert om dei skulle hamne i ein liknande situasjon. Ein situasjon der det skjer ei tragisk hending i samfunnet der dei bur.  
For all del...... Det kan godt hende at eg sjølv må gjere det same. Tenke meg meir om...... Eg vil tru det gjeld oss fleste! 

Så vil denne knetta berre ønske alle ein fortsatt fin kveld og sov godt når den tid kjem. 

Hasta luego!

IWALY!!