tirsdag 3. september 2013

Jomfru Knutsen er djupt inne i Ibsens si verd og akkurat no er det "Et dukkehjem" som står for tur.
Ein kan seie kva ein vil, men strengt tatt trur eg eigentleg at han Ibsen var ein kul fyr.
Det er ikkje mange forfattarar som kan titulere seg så mykje som han som tidlaus.
Anten var han særs smart på nett det området, eller berre rett og slett veldig heldig. Your choice.........
Uansett, han Henrik tok for seg tema som var aktuelle for den tida han skreiv i, men også i minst like stor grad i dag. (Kanskje større.......)
Einaste ulikskapen mellom den "gamle" tida og no, er det moralske aspektet.
Før var det uhøyrt å forlate mann og born. I dag er ikkje det så "stort"....... (Misforstå meg rett her..)

"Eit dukkehjem" handlar i svært grove trekk om at Nora ikkje har det så bra i heimen sin. Så kjem ho til det stadiet at ho må velgje om ho skal tenke på seg sjølv eller "mann og born".
Når mannen, Torvald, over lang tid har handsama ho som ei fille han kan gjere kva han vil med, kjem ho til det punktet at nok er nok. Ho ender opp med å satse på seg sjølv og splitte denne familien.
Så kan vi meine kva vi vil.......På den tida var det uansett ein ting som blei sett på som uhøyrt.

Vi skal sjølvsagt ikkje gløyme at Ibsen i si tid "rømte" landet av di han ikkje blei særleg satt pris på, litteraturmessig, her heime. Han koste seg andre stader i Europa og fekk anerkjenninga si derifrå.
Blant anna tyskerane var superglad i han og fulgte han med argusauge.
Då han skreiv "Et dukkehjem", kunne han raskt fått avkappa karrieren sin av illsinte tyskarar.
Dei godtok såvisst ikkje at ei kjerring av Nora sitt emne kunne gjere det ho gjorde. Det blei rett og slett stor opstandelse av det.
Ibsen berre løfta armane sine og sa "calm down, calm down"............og så var han så smart at han skreiv ein alternativ slutt som tyskarane kunne svelgje! (Som sagt.....ein smarting!) :=)

Eg vil i alle høve påstå at Nora ikkje var hjartelaus, noko dei meinte ho var på den tida.
Er du usikker på kva du skal meine, er det berre å skaffe deg stykket og lese det. Ibsen var som sagt ein kul fyr, så du treng ikkje vere redd at du skal forgå av keisamheit om du faktisk vurderer å gjere det.

Vg nett lyg så det suser!! Eg har personleg sotte og høyrt på debatten mellom Jens og Erna og eg veit med sikkerheit at hørselen min er god. Det er absolutt ingenting som feiler den.
No er det pause i debatten og Vg er raskt ute med å skrive følgjande: "Derfor snur Erna om handlingsregelen. Stiller ultimatum til Frp. Godta handlingsregelen eller glem regjering." 

Erna Solberg har såvisst ikkje stilt dette ultimatumet. Derimot poengterte ho fleire gonger at ho ikkje kom til å stille ultimatumet. Ho var så sikker i sin tale at ingen journalist kan misforstå det.
Ho sa med reine ord at ho ikkje kom til å stille noko ultimatum til Frp eller andre om dette.
Ho meiner det er nok at dei faktisk veit at Høgre ønsker å forhalde seg til handlingsregelen.

Det spørs om eit samarbeid kan fungere om det er slik at ein meiner det er nok at andre veit kva du står for.
Frp er eit parti i vekst, på bekostning av Høgre. Det betyr at dersom Frp blir stort nok, er Erna nøydd til å ta hensyn til Frp (som seier at dei ikkje vil følge den regelen.)
Det kan jo bli spanande å følge ein statsminister som er så til dei grader på kant med finansministeren i ei slik viktig sak (dersom valget skulle ende i deira favør). Slikt blir det lapskaus av!
(No er eg veldig glad i lapskaus, men akkurat denne lapskausen vil vel aller helst innehalde eit altfor seigt kjøtt.)

Er det rart at eg i stor grad har konventert over til Aftenposten? Til no har i alle fall dei vore hakket meir truverdig enn Vg nett!

Så varmt at du kan steke egg på fortauet - i London! No trudde verkeleg eg at dei har kanonbra vèr i London for tida. At det var sydenstemning der.
Så var det berre ein ny skyskrapar som har spesielle veggar som "samlar opp" alle solstrålane og sender dei konsentrert ned i fortauet nedanfor veggen.
Då blir det nok ikkje noko helgetur til London på denne knetta denne uka. (Eg såg jo for meg både syden og shopping på Oxford street!)

London er ikkje så attraktiv for meg at eg har noko ønske om å reise over for å teste om eit steikt egg smakar like godt når det er tilreia på eit fortau kontra ei steikepanne.  Det blir meir sånn der "Mr.Bean-vibbar" ute og går..........

Frp forberedt på asylmotstand.  Dei må no berre kaste ut alle asylantane. Kanskje dei då ser at Noreg ikkje vil klare seg?!
Noreg er avhengig av ein viss prosentandel "utlendingar" for å gå rundt. Det er ikkje nok nordmenn til å klare det.
Dessutan er vi nordmenn blitt så kravstore at vi ikkje tar kva som helst jobb. Mange av dei jobbane vi ikkje ønsker å ha, er betent av utlendingar.
Blir desse borte........Ja, det seier seg sjølv!

Michael Douglas bekrefter brudd. Jaja, menn. Då er det berre å hive seg rundt. Catherine Zeta Jones er jo berre lekkerheita sjølv, men ver snar.......for elles risikerer du at toget går. Med alle dei friarane som no vil slå til, er det best å vere først ute!
Douglas sjølv er nok ingen Clooney-look-alike, så ingen kvinnfolk får noko konkurranse der ifrå meg!

Berre tenk på kor stort og flott bryllaup ein vil få om ein slår kloa i ein av desse to skapningane?! "A dream come true"...liksom. Hahaha...... Særleg!  (Då er det om å gøyme valkane godt! Spesielt når "Se og hør" dukkar opp og vil ha "Hjemme hos - reportasje".

Kollapset i sjokk da han fikk vite at kvinnen han hadde voldtatt har HIV. Til pass åt han, grisen. Når han er så idiot at han gjer eit slikt overgrip, ja då håper eg han er smitta så det suser.
Sjokk? Jaujau......
Det ender vel med at han stemnar kvinna om han er smitta.

Denne knetta har tenkt å innføre same stilen som Lady Gaga. Når ho tørr å leve ut denne stilen, ja då skal vel også eg tørre det! Gjennomsiktige toppar, blonde-bh´ar og bar rumpe............  Done deal! Det blir med andre ord eit nydeleg syn som vil møte dei som hamnar på same fest som meg neste gong. (Hmmm........Eg er stygt redd for at det kan vere eit visst bryllaup....... Eg håpar verkeleg presten ikkje er av dei mest kontroversielle! Det kan jo i såfall bli eit spanande prosjekt når eg snur ræva til presten på veg ut....Thihihihihihi.........)

Nei, det er på tide å seie natta, så sov god alle i hop! Om det er i skikkeleg Lady Gaga stil eller ikkje. I morgon er det Mittwoch og det som følger med det.

Hasta luego!

IWALY!!

mandag 2. september 2013

Eg har nettopp høyrt dagens vits. Ein fotballspelar går til Real Madrid og får ei ukeløn på 2,8 millionar. 
Det tar heilt av i den sporten og det er ganske usmakeleg at eit par leggar kan vere verdt så mykje. 
Berre eit lite hjartesukk frå ei som kanskje ville fått ei ukeløn på 32 kr.-!

Reiste 7000 km for 7 minutter "Jakten"-date. Joda, sikkert ei hyggeleg oppleving, men det var litt langt unna. 
Når eg tenkter meg om, så er det 150 mil herifrå og heim til trappa hos mor mi. Nord i Nordland og til Hordaland, Kvinnherad. 
Eg leitar febrilsk oppe blant dei små grå for å fnne ut om det er praktisk mogleg å reise ein slik avstand her til lands og tenker at det i alle høve må bety tur-retur. 
350 mil.......Hmm, ja ikkje usannsynleg, tenkte eg først. Såååååå gjorde fornuften seg gjeldande. Frå Nordkapp til Lindesnes er det i overkant av 230 mil (om eg ikkje hugsar heilt feil). Så viss nokon har gidda ei reise på over 100 mil ekstra, ein veg, så trur eg ikkje dei kan legge til dei ekstra mila i "Jakten"-reise. 

Jaja, eg måtte jo sjølvsagt opne saka og sjå. Matematikken og geografien høyres jo heilt grell ut og då er det klart at denne jomfrua må sjekke stoda.
Ein ting er sikkert, og det er at denne knetta oppdaga noko som var heilt uventa. Dei små, grå hadde visst ikkje vore heilt vakne. Kanskje ikkje så rart når ein veit at det er måndagskveld og snart leggetid. 
Då sit ein jo med eit halvt auge på tv´n og Irene Huss. At ein innimellom får sjå at dei stikk ei saks inn i auget på eit lik, hjelper ikkje akkurat på konsentrasjonen til ei slik ei som meg. For det er berre ekkelt og då er det ikkje så lett å samle tankane om "Jakten-kjærleik"!

Uansett...... Kva var det eg oppdaga som ikkje så mykje som besøkte hjernen i forkant? 
Joda, så enkelt som at friaren det er snakk om (ei kvinne), har reist heilt ifrå Kansas til Kragerø for å møte mannen i sitt liv. 
Heldigvis for ho så likte ho det ho såg. Eg vil tru det hadde blitt trasig om det hadde vore omvendt. 

Eg tvilar på at eg ville gjort det same. Bladd i ei norsk nettavis og endt opp med å sende friarbrev. 
Det er mange "hotte" menn på nettet. Om dei er draumemenn, er ei heilt anna sak. (Med mindre dei har eit så fengande namn som George Clooney, sjølv om også han er utgått på dato). 

Så attstår det å sjå om ho har investert pengane sine riktig. På ein norsk bonde........ 
Det er ikkje såååå lenge sidan vi emigrerte herifrå til "over there". Kanskje det er tida for at bølgja snur seg?! 
Det er i alle høve ganske dristig å hive seg ut i det på denne måten. Måtte ho finne den store kjærleiken!

Jeg får hundrevis av mailer om denne kjolen hver dag. Huff, så slitsomt. Viss eg hadde fått hundre e-postar om dagen (om så ifrå ulike avsendarar), så trur eg kanskje eg ville blitt "hautuillåt"! Skulle det då vere snakk om eitt og same tema........ Oh, my God!! 
Kva kjole er det som er så vanvittig fin at den får slik merksemd? 
Eg vil tru at det er mange som skriv berre av di dei diggar innhaldet på innsida av kjolen. 
Medaljens bakside ved å vere kjendis. Så det kunne jo vere ein idè å ha ei e-postadresse som ikkje var så offentleg. 
Med tanke på at det kan dukke opp ei seriøs melding innimellom dei andre hundrevis, så må ein jo nesten opne dei alle saman?!
Jaja, ei crazy verd, spør du meg. 

Enke risikerte 298 år i fengsel for utroskap i Taiwan. Hahaha.....sjukt! Her er det snakk om lover på høgt plan. 
Det er ikkje vanskeleg å sjå at verda enno har laaaaang veg å gå når det gjeld kvinner sine rettigheiter. Det er jo direkte skummelt å bu i land som dette. 
Enka endte opp med to års fengsel og ei bot som tilsvarar over 150 000 norske kroner. Horibelt, men dog ikkje så ille som det kunne vore. 

I teorien kunne enka blitt straffa for kvart einaste stemnemøte ho hadde med den gifte mannen. (Ho sjølv var singel - for dei som ikkje er så vaken at dei oppfattar tvert at ei enke er det same som singel). 
Med andre ord så blei kvart enkelt kyss ganske dyrt! 
Snart 60 år, åleine i eit slikt land og samtidig må punge ut eit slikt beløp?! Joda, ho har ei lykkeleg framtid i sikte. 

298 år......... Det blir jo berre så tåpeleg at det er vanskeleg å ta slikt seriøst. (Sjølv om det i aller høgste grad er superseriøst for dei som hamnar i uføret på denne måten). Systemet er rett og slett latterleg. 
Kanskje på tide at dei får nokre oppegåande leiarar der som kan gripe fatt i lova, denne og fleire andre, og endre litt på dei. I mitt hovud ville ikkje akkurat det vore så ufatteleg dumt. 

80% av folket er imot avkriminalitisering av utroskap......... 
Ikkje veit eg.......men eg lurar jo på om det kun er menn som har uttalt seg, eller om kvinner får seie si meining dei også.

Det verste er at det står ingenting om mannen i heile artikkelen om saka. Det står berre at ho har vore i eit forhold med ein gift mann og må straffast for det. 
Kva straff har mannen fått? DET lurar eg på!
Hahahahaha..........Han har vel nok med å måtte leve resten av si tid med eit kvinnemenneske som har funne ut kva han har gjort. 
Det er jo sikkert i og for seg straff nok, det! 
Viss utroskap er kriminelt, ja så er det vel heller ikkje lov til å skille seg? (I just wonder..)

Hus smadret. Hjemmebrent....... Wow, det må verkeleg vere snakk om mengder sprit når eit heilt hus går til vers pga eit heimebrentapparat. 
Spørs om pengane han har tent på å selge spriten er nok til å dekke eit nytt hus. 
Slik eg ser det, har han vel ikkje akkurat rett til å få forsikringspengar til det formålet når ulovleg verksemd er årsaka bak ulykka? (Kan eg aldri tenke meg til at noko selskap går med på....)

Berre dunsten åleine er vel nok til å få fleire til å sjangle!
(Hmm...... At det gjekk sånn heeeeeilt til vers, er vel kanskje å ta det litt vel langt, men det var det dei sa på tv. Har dei sagt det på tv, ja då er det slik!!!!) 

Jaja...... Det er måndag og ei ny uke har starta. Helga viste seg frå ei særs god side med sol og herlege temperaturar begge dagane. 
I alle fall klaga ikkje denne knetta då ho kunne vrenge av seg klerne og brette seg sjølv ut under sola med ei god bok i hendene. 
Eg er rimeleg sikker på at den i alle fall avga pittelitt farge til kroppen. I alle høve ønsker eg å tru det. 
Viss psyken meiner der, ja då er det jo verdt det! :=)


Kva er vel meir avslappande enn ein hytteveranda på ein slik dag? 

Dersom du no trudde at den avkledde jomfrua skulle vere med på biletet, så må eg nok skuffe deg! Diverre.... Hahahaha...:=)
Bo er det berre å håpe på at dette legg malen for korleis hausten vil arte seg vèrmessig. 

No skal eg ta kveld, så då attstår det berre å ønske alle saman ei god natt med mykje skjønnheitssvevn. 
Hasta luego!

IWALY!!!

torsdag 29. august 2013

Eg er nett heimkomen frå sesongens første musikkøving. Eg kan trygt seie at munnen ikkje duger til noko som helst anna enn å spise i kveld, men så har vel planen heller aldri vore noko anna.
Popcorn-skåla er fyllt og då er alt heilt greit.

I ettermiddag hadde eg nokre småting eg måtte kaste og følgeleg tok eg turen ned til miljøstasjonen for å hive det i containarane der.
Eg er kjempeglad for vi har eit slikt tilbod og det trur eg no aller helst at dei fleste er

Den siste tida har eg sett fleire poste bileter, på nettet, som viser søppel på utsida av containarane. Ikkje noko nydeleg syn for ein vanleg oppegåande person, men tydlegvis er det ikkje alle som er einig.
Det kan i alle høve verke slik når dei trur at dei pyntar opp området ved å berre droppe det av der nede.

Eg må ærleg innrømme at då eg sjølv kom ned dit, var det hakket verre enn eg hadde sett for meg.
Det går ikkje eingong an til å skulde på at containarane var fulle, for det var kjempegod plass i dei enno og søppelet har nok lege der ei stund.
Ganske skammeleg, eigentleg.


Det er ikkje lite søppel det er snakk om!
Eg er ganske sikker på at det er lett å finne ut kven syndarane er, for blant så mykje søppel er det garantert "ark" eller anna som inneheld namn. 
Mi meining er at desse burde bli straffa i form av ei bot (som kjennest). Då trur eg det er færre som hadde "turt" å gjere dette. I verste fall fell heile tilbodet bort for alle dei som faktisk brukar tilbodet på rett måte. 

Ein skulle berre tatt søppelet og tømt det ut over hagen til dei det gjeld, så kan ein sjå om dei syns det er så frykteleg kult.
No veit ikkje eg kven det er sitt søppel, for eg gadd då vitterleg ikkje stå å leite i andres søppel, men eg veit det er folk som har observert litt av kvart. Så nokon er det som veit........

Det er berre trist........

Asia Bibi ble dømt til døden for èn slurk vann. Henging! Asia er ei firebornsmor som er dømt til dauden.
- Jeg, Asia Bibi, har blitt dømt til døden fordi jeg var tørst. Jeg er en fange fordi jeg drakk vann av den samme koppen som de muslimske kvinnen gjorde, og fordi vann servert av en kristen kvinne blir regnet som skittent. (Utdrag frå boka ho har skrive medan ho har vore fengsla i påveta av sjølve henginga). 

Ved å drikke av den same koppen som ei muslimsk kvinne, har ho spotta profeten Muhammed og følgeleg må ho døy. Det er slik det er i Pakistan. 
Kanskje ikkje så rart at verda no vender nasen sin mot Pakistan og dei riv ruskande gale haldningane som eksisterer der. (I alle fall for ein nordmann). 

Det heile blir rekna som blasfemi. For dei som ikkje er heilt fortrulege med det begrepet, så betyr det "snakke stygt om". Veldig ofte blir det brukt om gudsbespottelse. Gudsbespottelse er det visst når ein kristen gjer ei handling som dette. 
Satkkars både mor og born!

- Jeg vet ikke hvor lenge jeg har igjen å leve. Hver gang døren til cellen åpner seg slår hjertet litt raskere. Mitt liv er i guds hender, og jeg vet ikke hva som vil skje med meg. Jeg er uskyldig. Jeg begynner å lure på at å være kristen i dagens pakistan ikke bare er en tabbe, men at det er kriminelt i seg selv, skriver Asia Bibi i boken. 

Eg har sagt det fleire gonger tidlegare.........Eg er glad eg bur i Noreg!

Uinformert føleri. Dette er såvisst ein ny ordkombinasjon for meg. (Håper ikkje eg er den einaste...). For kva i alle dagar betyr uinformert føleri? 
I og med at ordet sluttar på -ri (føleri), kan det verke som at det er snakk om ei bedrift. Snekkeri, bakeri, konditori, rederi.......you name it........ og no føleri! Til og med uinformert.

Handlar det om ei bedrift som sel følelsar, kanskje? For det ville ikkje vore så dumt. :)
"Hei, har du enno inne glede i sortimentet ditt og kva kostar det eventuelt? Kan du sende meg eit par esker?"
I og med at føleriet er uinformert, kan det jo hende at varane kjem i sånn der "lykkepakke" som mange har. 
Betal for ein pakke og så får du vite kva den inneheld først når du opnar den. Kanskje er du heldig, kanskje er du det motsette.........Who knows?

Når eg les litt nærmare på saka i Aftenposten (jepp.....eg har faktisk byrja å lese Aftenposten også, i håp om at dei har litt betre journalistar enn dei to andre hovudstadsavisene), ser eg at det omhandlar "Norge AS". Noreg er blitt eit firma! 

Jaja......så var eg jo ikkje så ille langt unna sanninga i mine refleksjonar. Det omhandla jo då ei form for bedrift! :=)

Kvinnelige dirigenter har for mye seksuell energi til at orkesteret kan fokusere på musikken. Hahahahaha........ Eg trur kanskje eg kan like denne avisa! 
Jaja.....Viss ikkje dette kan kallast for mannssjåvinisme på høgt plan, ja så veit ikkje eg. 
Eg tvilar på at alle kvinnfolk har så mykje seksuell energi at det gjer noko. I alle fall ikkje med augen godt planta på notene til ein sonate eller liknande. 
Då trur eg heller det er menna som er overgått av testosteron! Feigt å skulde på kvinnene når problemet ligg hos overkåte mannfolk. (Så var det sagt!)

Nei, verda er vel komen lenger enn dette......

Jomfru Knutsen skal pelle seg i seng. Leppene har fått attende kjenslene sine og fungerer som dei skal att. Så då er at berre velstand. 
Dyna ventar og det gjer eigentleg "Salander" også, men eg trur ikkje augene er heilt klare for lesing i kveld. Dei vil vel aller helst berre lukkast og forhåpentlegvis vere i dvale ganske raskt. (Så får ein håpe at Jomfru Knutsen sitt hovud ikkje tenker fo hardt medan dyna varmar seg, slik at augene får den roen dei treng).
Uansett...... Ha ei god natt! 

Hasta luego. :=)

IWALY!!! 

onsdag 28. august 2013

Denne knetta har vore ute og trimma. Ein trimtur som var alt anna enn deileg medan den stod på.
At det regna, er ikkje så nøye. Det hender at det er deileg å springe i regn også.
Problemet i dag var vel heller at beina ikkje spelte heilt på lag på resten av kroppen. Dei sørga for at det heile blei ein tung tur.
No sit eg berre her i sofaen og er enegilaus og tenker at resten av kvelden er det kun oppe blant dei små grå det skal vere noko form for aktivitet.

Mullah Krekar oppfordrar folk til å stemme Ap, Sv eller Raudt.
Då eg var yngre, lærte eg at avisene skulle vere politiske. Kanskje ikkje upolitiske, men upartiske når det kom til politikk.
No er eg eldre og veit betre. Heile valgkampen har ifrå media si side vore ganske så partisk. Så er også denne sida.
Ved å fronte at Krekar ønsker ei raud regjering, oppnår dei at "motstandarane hans" skal bli irriterte og kanskje gjere det motsatte.
Det viser berre kor mykje makt media eigentleg har.

Advarer mot saueslakting før Celtic-kamp.  Så har eg høyrt det også, at saueslakting brukes som rituale foran storkamper. Overtru på høgt plan??
Ikkje rart dyrevernorganisasjonar reagerer på det, når ein bruker ein fotballbane til slikt.

Slakting av dyr i tilknytning til sport er vel strengt tatt både uetisk og upassande. Men, men...... så lenge EG slepp å springe i blodet det avgjer, så er det vel ikkje så nøye. Berre ingen blir gana i prosessen!
Med tanke på at iforrige kamp hadde det tapande laget 17 bomskudd på mål.

VG helg hadde ein megastor tabbe her sist helg. Det er greit at journalistar gjer feil, men enkelte ting er rett og slett utilgiveleg. Spesielt med tanke på saker der ein kan hente informasjonen rett frå nett.

I følge VG helg, hold George Washington ein tale som er verdskjent og heiter Gettysburgtalen. Årsaka til at den var nemnt i avisa, var at det var ei oversikt over dei viktigaste talane som er blitt holdt og denne talen er på ein av dei øverste plassane.
But, but, but............
Washington var den første presidenten dei hadde "over there" og han levde då vitterleg på 1700-talet.
Gettysburg-talen blei holdt i 1863! Så med mindre Washington blei ein grueleg gamal mann, heile 131 år, så kan han så absolutt ikkje ha holdt denne talen.
Med andre ord er det ein annan stor mann som skal ha æra for ein slik tale, nemleg Abraham Lincoln.

Talen handla om fridom og demokrati. Heilt klart viktige moment med tanke på det vi har erfart i ettertid. Slavene skulle få rettigheiter og rasediskrimineringa skulle opphøre.
Så når ein journalist har klart å bomme så grasalt....... er det litt pinleg.
Dårleg forarbeid, eller noko liknande.
(Ikkje at eg kjem til å slutte med å lese avisa heretter, men eit lite spark i sida er på sin plass!)

Vet ikke hva han skal bruke 440 millioner på. Hahahahaha....... Dagens beste!
440 millionar? Viss han slit med å bruke dei og dei absolutt må brukast, ja så send nokre av dei til meg! eg tar gladeleg imot dei.
Rikingar no til dags......

I følge staten er Stine blitt far. Stine fekk brev frå Nav og like etterpå skreiv ho følgande på Facebook: Jeg skal bli pappa.
Jaja, undere skjer heile tida, så i dagens samfunn er det aller helst lite som sjokkerer.

Systemet har tydlegvis ikkje fanga opp ekteskapslova frå 2009. Den omhandlar då lesbiske og homofile. Så difor må Stine ta ut pappaperm etterkvart

Med fare for å bli definert som "tulleforelder", kan det jo vere greit at det i skjemaer og liknande er korrekt.
Ellers er nok det heile berre morosamt.
Forslag kan vere "medmor", "medmødre".....eller noko i den dur. :=)

Ellers er jomfrua hakket skuffa over at Johan Olav Koss ikkje har tatt kontakt og beklaga haldningane sine til OL etter at eg tok opp temaet her i går kveld.
Eg går sterkt ut ifrå at han har lese kva eg har skrive og meiner heilt klart at han må ta til vit no.
Eg forventar at når han tok i frå meg draumane om drøymemannen (han), så er det minste han kan gjere vere å bøye seg i støvet og endre til meir riktig kurs! Heilt klart!!

Eg får vel sove godt likevel.........

Nei, dei små grå blei lei av å halde seg vaken når ikkje resten av kroppen følger med. Då vil dei heller ta kveld og slippe den urettmessige handsaminga dei føler dei får når "alle andre" får fri, berre ikkje dei.
Eg er berre ein, medan dei små grå er mange.......så eg må vel berre gje etter for presset frå fleitalet. (Eit snev av litt av kvart..........Joda.)

Ha ei god natt! Sov godt!
Hasta mañana! :=)

IWALY!!!

tirsdag 27. august 2013

Jan Thomas angriper Anne-Kat - igjen. Det eg er mest nysgjerrig på, er om han kjem til å ta ein inner venstre eller høgre.....for eg har høyrt at ho er sjukt godt på å ta i mot ifrå høgresida. Då vil det ikkje vere godt å vere Jan Thomas etterpå.

Kva er det no dette kvinnemennesket har gjort som er så ille at sjølvaste "motekongen" reagerer?
Jan Thomas er vel ikkje akkurat ein muskelbunt av dei store, så eg reknar med at heile angripet er verbalt. (Beklager viss du føler deg ille til mote JT, men så har du vel heller aldri hatt som mål å bli ein slosskjempe.)
Berre Jan har nok vit til å ikkje angripe for hardt. Då er han garantert med i det neste showet hennar! (Etter å ha sett ho i aksjon "live", så veit eg at ho kan vere ganske "hard" mot andre, så......... :=)

Johan Olav Koss. Mitt tenåringsideal. Mannen med stor M! Vi var fleire som var oppover øyrene forelska i denne flotte skapningen av eit mannfolk!
Vel, det var den gong.......
No fronter han "Ja til OL" og blei plutseleg lite interessant.
Han må berre ha den sukkersøte rompestumpen og det fine smilet sitt for seg sjølv.
Når han er så lite lur at han lar seg lure av "ulvane" i svarte klede, så må han berre ha det så godt.
Jomfru Knutsen mista nettopp interessa!!

Norske Anette Iren: Kunne blitt spleiset med Tom Cruise. Ho hevdar at ho var på audition for å bli filmstjernas kone.
Jojo........Viss han er blitt så superhøg på det at han faktisk treng å ha ein audition for å bli gift....... Stakkars mann!
Kanskje berre bra at ho ikkje blei det.?!

Eg må ærleg innrømme at det første eg tenkte var at det måtte vere snakk om ei filminnspeling. Heilt klart!
Så feil kunne eg ta..... Det var i regi av scientiologikyrkja at auditionen blei holdt. Dei skulle vurdere om ho var aktuell som hans neste kone. På den tida.......før Katie Holmes. Så lite veit eg om KAtie var til audition også.

Hmm....... Kanskje, kanskje...... Jomfru Knutsen sine små grå sit i skrivande stund og tenker som det knaker.
Kanskje eg også skal halde audition? Hahahahahahahaha............ Det ville vore "berre lekkert"!


Ellers er det veldig koseleg å kome på arbeid om dagane! 
Eg er veldig facinert av Helen Keller (og ikkje minst læraren hennar - ho Anne). Så plutseleg er det eit snilt vesen av ein kollega som tenkte at ei skrivebok som dette må Beathe få og følgeleg kjøpte det til meg. (Med rosa teip også). <3 nbsp="" p="">
I kept my face to the sunshine that day!! :=)

Det spørs om Jan Thomas ville likt kombinasjonen rosa og Helen Keller........... 
(Eg skal vere forsiktig med kva eg skal skrive i ho. Eg må først ha ein plan!)

Eg har liksom lest litt på VG nett dei siste minutta av livet mitt sålangt. 
No tenkte eg at eg kanskje skulle pensle over på Dagbladet og sjå om deira verd var like "spanande" og innhaldsrik som VG si.
Kva trur du var første-oppslaget deira? Joda...... Jan Thomas langet ut mot Anne Kat. igjen! 
Hahaha.... Dei er ganske samstemte, desse avisene, på kva som er viktigast i denne verda. 
At Amerika og Storbritannia kanskje kan finne på å angripe Syria, får hakket mindre spalteplass. 
Jaja, i er jo alle skapt ulik og har ulikt syn på kva som er viktig. 

Eg håper berre Jan Thomas og Anne Kat. lever i beste velgåande, begge to, når dei ein gong blir ferdige med ordkrigen sin som blir omtalt som "angrip" og "langer ut".

Slik gjør du Iphonen din mindre irriterande. Ja, takk! Det ville vore herleg. Eg veit ikkje kor mange gonger eg har irritert meg over ting Apple ikkje har tatt hensyn til, eller manglar som dei burde ha hatt. 
Etter ei viss tid no, så har eg kontroll på det eg treng, men det er ikkje fritt for at det ergres kvar einaste dag. 
Eg skal definitivt lese kva dei skriv!

Hadde sex i midtsirkelen. Ops, det er visst mykje ei fotballbane kan brukast til. 
Om det er å anbefale....? Tja, eg veit ikkje heilt. Spørs kva du er ute etter.

Brøndby stadion. That´s the place. 
At laget tapte kampen dei spelte rett før dette blei oppdaga, var litt kjipt. Likevel vil eg tru at humøret til sikkerheitssjefen steig betrakteleg etter å ha fått observert sexakta "live". 
Mannen skora visstnok mål der nede på bana, berre at det ikkje var ein fotball som hamna i målet. 

Javisst er vi alle ulike........

Nei, med desse ord skal eg ta og slutte av for i kveld. Tåka ligg langt nede og det kjennest. 
No er det ei varm og god dyne som ventar for nokre timar før ein ny og forhåpentlegvis fin dag startar opp. (Vel....dyna må vel strengt tatt varmast opp først....)

Ha ei fortreffeleg god natt!! 
Hasta mañana!

IWALY!!

mandag 26. august 2013

Etter å ha sett på VG-nett at det er ein hund som er riktig så lykkeleg og nøgd etter å ha blitt farga lilla, så tenkte eg "Nei, Knutsen, no er det jaggu på tide å blogge att!" Så her sit eg foran skjermen og er skråsikker på at ein hund ikkje har kjensler i forhold til slikt og at eigaren berrre er teit og innbiller seg at hunden er så lykkeleg pga fargen.
Betre sjølvtillitt osv osv.......bla, bla.......
Eg tenkte mest "stakkars hund".

Jenta som lekte med ilden. Er det berre eg som syns at denne boka er utroleg detaljert?
Tidlegare har eg høyrt at triologien til Stieg Larsson er knallbra og vel verdt å lese. No har eg starta med den første og ber til høgare makter om at det vil bli mindre detaljar etterkvart.
Detaljar er vel og bra, det, men eg har då vitterleg lest mange bøker opp i gjennom åra og veit at det fins grenser for også det.
At Salander er ein racer i matematikk, treng ikkje å kome fram ved å skrive veeeeeldig mange sider i strekk om Dimensions in Mathematics. Boka for dei største matematikarane........... Side opp og ned med formlar osv....
Det skal jo ikkje akkurat vere nødvendig å tenke så hardt medan ein les. Uendelege kombinasjonsmoglegheiter.......... Differansen mellom neste potens av 2 og 1..... og bra mange sider seinare, ser eg ikkje heilt at det har vore relevant for "storyen".
Det attstår å sjå. Kanskje eg tar heilt feil!

Viss eg skal nå målet mitt om å lese 40 romanar før neste sommar, så treng eg ikkje akkurat ei bok som sørger for at eg må tenke matematikk medan eg les.

Følg din lengsel. KK har overskrifta under kropp og sjel. Så spørs det kva dei meiner med lengsel. Ein lengtar jo etter bra ulike ting i livet.
Poenget er vel at KK meiner at ersom ein alltid tenker "safety first", kan ein lett gå glipp av spanande moglegheiter. (Det har ho nok særs rett i).

Kva er det som gjer at vi byrjer å lengte? For det må jo ligge noko bak......  Det er eit signal som sendes innanifrå og sørger for å la oss vite at det er noko som er ubrukt i oss.
Så kan ein like det eller ikkje.
Om ein vel å oversjå lengselen, så vil det fortsatt stå ubrukt......

Mange lengtar etter å få leve livet fullt ut. Alt for få gjer nett det. Lev livet fullt ut.
Draumane deira. Drøymen om å tørre å ta fleire sjansar. Ta steget ut av komfortsona si og sjå om sona vil utvide seg eller ikkje. (Eg går sterkt ut ifrå at dei fleste veit kva ei komfortsone er).

Det er slett ikkje feil å søke tryggleik. Tvert imot. Det er heilt forståeleg. Det er berre det at dersom ein er komen dit at ein går og lengtar etter noko/nokon, kan det vere tida for å gjere noko med det.
Dersom ein blir i det "trygge", så er det klart ein veit kva ein har. For mange kan det vere godt nok......., men dersom ein ønsker ei endring og er villig til å hente fram litt villigheit når det kjem til risiko, kan ein faktisk oppleve at ein tar valg ein før ikkje kunne tru at ein ville våge å ta.
Resultat?? Kanskje oppnå det ein drøymer om........
Å ta det første skrittet dit ein ønsker kan vere tøft, men då er ein i alle fall tro mot seg sjølv.

Snart er det valg og landet rundt blir i desse dagar besøkt av kjente og mindre kjente politikarar som ønsker at folk skal stemme på dei.
Det siste er Frp som deler ut 50-lappar til folk av di Ap deler ut roser. Eigentleg berre teit. Rosa symboliserer noko og har vore eit varemerke i mange år. Viss dei ikkje klarer å kome noko betre, er det ikkje særleg kreative.

Bompengar........ Mange roper høgt om bompengar. Dei er imot det.
Joda, enkelte stader kan ein skjønne det, men eg vil tru at det er fleire stader det er urimeleg.
Eit enkelt eksempel på det er rett og slett: Kor mange bompengestasjonar er det ikkje som erstattar ei ferge? Det bygges bruer og tunnelar der det tidlegare har gått ferger. Bilistane slepp ventetid og fergekø. Mykje reisetid blir spara......
Kva kostar det eigentleg å ta ei ferge?
Kvifor klagar ein på at ein å betale bompengar på ei vegstrekning der ein tidlegare måtte ta ferge til ein pris som var mykje høgare enn det bompengane tilseier?
Kortare reisetid og billegare enn å ta ferga. Hallo??

Frå eg passerte Vøringsfossen og til eg kom heim hit, passerte eg ikkje ein einaste bompengestasjon bortsett frå i Trondheim. (Her er det snakk om å køyre i frå Hordaland til nord i Nord-Noreg!)
Den eine bomstasjonen kosta 5 kr. Den neste trur eg kanskje kosta 12 kr.
Ingen uoverkommeleg sum, med andre ord.
Har eg råd til å køyre bil 300 mil (tur-retur), så har eg råd til dei kronene begge vegane.

Kva med vegane her rundt om i distriktet? Er det ikkje ganske nyleg gjort utbetringar på dårlege vegar i Hamarøy? Berre eit lite eksempel i det store havet, men rundt om i landet er det tonnevis av slike småeksemplar. Der er heller ingen bompengestasjon.

Vi er ekspertar på å leite opp dei sakene som ein kan lage noko negativt ut av.
Om det er ei sak som er uheldig når det kjem til helse, slås det stort opp. Alle gladhistoriane kjem ikkje fram.
TV2 lyg og seier at dei har tatt 10 000 telefonar og skapt eit bilete av helse-Noreg som ikkje stemmer.
Dei kontakta 1700 og fekk nokre få svar. Spørsmåla dei stilla var veiledande......
Kor blir det av seriøsiteten? Betyr det ikkje meir for dei?

Vi har parti som er veldig mykje meir kapitalistiske enn det som har vore til no. Dei klagar på den store ulikskaen mellom fattige og rike her i landet.
Ser dei verkeleg ikkje at den kapitalistiske verda dei prøver å skape, vil gjere ulikskapen endå større?
At dei svakaste vil bli enno meir "uthengt"....... Eliteskolar for dei rike.....

Betre vegar, betre helsevesen, betre alt saman........og skattelette!! Eg trur ganskeså visst at det er fleire sentrale politikarar som må ha strøke i matematikk under utdanninga si!
Noko anna er ikkje mogleg.....

Kven er det som peikar på at det er mange årsaker til at enkelte sjukeheimar og sjukehus som slit? Det er ikkje alltid det at dei ikkje har fått nok pengar av staten som er skulda.
Kommunane får pengar dei..... Det er berre det at i kvar ein kommune så bur det mange slike som deg og meg. Personar som "ausar" ut pengar på dårlege prosjekt. Personar som fordeler pengar på ein liten økonomisk måte.
Som regel er det skule og helse som får li for nett det.

Staten kan gjerne pøse på med meir pengar. Det betyr ikkje at vi vil få betre skulevilkår. Det betyr ikkje at sjukeheimane vil få det betre.
For at nett det skal vere mogleg, må alt av pengar som kjem frå staten vere øyremerka dei formåla.
Kva er då vitsen med kommunestyrer rundt om i landet? Kva er vitsen med at lokale er med å styrer dersom staten skal styre kva pengane blir brukt til? Og kva menneske i dette landet er i stand til å ta den jobben det er med å detaljstyre kvar og ein kommune?
Eg berre spør......

Eg er sikker på at dei aller fleste kjenner til saker som har kosta mange kroner og som rett og slett er bortkasta pengar. Pengar som kunne vore brukt meir nøysomt.
At det er fleire kommuneadministrasjonar som gjer blaffen i kva dei ulike kommunestyra har vedtatt, fins det mange eksemplar på også. Administrasjonar som eigentleg har lite kontroll på det heile.
Eg vil tru at ein stor del av skuldtyngda også ligg der. (Og vi veit alle at dette gjeld kommunar med både blåe og raude leiarar).

Så lenge det fins "menn" heilt ned på bakkenivå, hjelper det ikkje uansett kven som styrer landet. Leiaren vil alltid ha "svikarar" under seg uansett. Noko anna er umogleg.
Difor er det viktig å sjå dei store linjene.

Å tru at pengar løyser alt....er som å tru på nissen. Det er nemleg ikkje mogleg å drive fleire skular og sjukeheimar utan ansatte.
Sjukeheimsplassar krever ansatte som kan ta seg av dei.
Kven skal tvinge folk til å bli sjukepleiarar? Eller lærarar for den del........
For tru meg.......Det er ikkje overfylt på høgskulane innanfor desse yrka. Det er ikkje der skoen trykker.
Det er mangel på folk som gidd.
Folk ønsker ikkje å bli sjukepleiarar eller lærarar. Då hjelper det fint lite med mange sengeplassar og pengar så det suser etter.

Når folk berre høyrer kor negativt det er å arbeide i helsesektoren.....er det då vitterleg nokon som trur at det lokkar folk til det yrket?
Media og opposisjonen har fokusert så mykje på det under valgkampen at det er sikkert fleire som tenker at dersom det er slik, vil ikkje eg arbeide i den sektoren.

Det meste som skjer i denne verda, heng som regel fast i ein heilskap som er vanskeleg å kome unna.
Fattigdom er det ingen som vil klare å utrydde. Slik er det berre. MEN vi må alltid halde fokus på det.
For at vi skal klare det, er vi avhengig av eit skattesystem.
Alternativet er lågare lønninger.........
Eg betaler meir enn gjerne dei skattepengane eg gjer, så lenge eg veit alle føremonene det gjer oss. Sikkerheiten det gjer oss.
Så kan vi gjerne samalikne oss med andre land som har "gode" vegar og liknande. For det er mykje viktigare enn at dei faktisk har eit mykje dårlegare helsevesen enn det vi har. (For å ta eit døme.........).

Vi veit kva vi har og vi har det jæ......godt. Nesten for godt, med tanke på at vi krever enno meir.
Vi vil uansett aldri bli nøgd. Uansett kor godt vi får det, vil vi vere misnøgd.

Klokka er sengetid og jomfra skal ta kveld.
Så med vissheita om at det spradarein lilla hund rundt der ute ein stad, så trur eg at eg får sove godt. Hunden er jo lykkeleg og då er det jo greitt! :=)

Ha ei fantastisk god natt!
Hasta mañana!

IWALY!



lørdag 3. august 2013

Wow.........

Wow.........Seier eg berre! Du veit ikkje kva regn er før du har opplevd Vestlandet "live". Det dei nordafor klassifiserer for regn, ja det er berre lett yr.
Akkurat no REGNAR det!! Tordnar, lynar og regnar om einannan. Tunge dråpar. Ekte vestlandsvèr.
Eigentleg ganske heilt greit, det også.
Eg satsar no på at det blir både grilling og badestamp i kveld, uansett! (Med mindre lynet finn vegen gjennom veggen og tar knekken på oss.) Hahaha.......

Gårdagen var super. Sola varma og vi var på havet bak "Sommeråpent"-båten. Den vitja Rosendal og følgeleg tok vi havvegen dit. Litt bølgjer, men ikkje uoverkommelege. Det er berre å ha ein båt med litt storleik på, så går det bra.
Vi var ni stykk i båten, så då var det vel passe stor båt som la ut på havet. (Men vi kjente bølgjene godt!)

På land blei det servert gode mjølkekaker (noko ein nordlending ville kalla pannekaker). Mykje kvinnheringar og Tore Strømøy........... Ikkje så dumt, det heller.

Ein sliten Vestlending sovna stittande i sola og steike seg i båten. Havluft og sol blei for mykje for ei som ikkje hadde sove det siste døgeret.
Torsdag kl.13 køyrde denne jomfrua frå Drag og fredagsmorgonen kl halv elleve stod ho på ei trapp på Husnes, trøytt i trynet.
Eg trur rett og slett bilsoving aldri har lege denne knetta så nært hjartet, så då betyr det null svevn på turen.
Det blei berre med tannpussen før det var å kome seg på havet. Så då var det kanskje ikkje så rart at jomfrua ikkje klarte å halde seg lengre enn til heimturen starta.
(Det var i alle fall godt med litt svevn.....)

Den største lykka var nok å få minstemann i armane! Lykke på jord! Etter over ei uke ifrå kvarandre, var det deileg å putte armar og kroppar rundt kvarandre og berre kose.

Når ein køyrer 150 mil i eitt, får ein som regel sjå mykje langs vegen. Denne gongen blei halvparten av strekninga køyrt nattestid og då har ein som regel nok med å halde augene på vegen slik at ein faktisk ser kor vegen svingar eller ikkje. 
I alle fall dukka det opp masse revar og harer langs heile vegen etter å ha passert Mosjøen. Elg såg vi ingen av, men eit par dådyr dukka opp og rista på revo si litt før dei stakk inn i skogen og herja for seg sjølv. 
Når det gjeld moskusar, så blei eg vel litt skuffa på det området. Det har jo stått i media om at det er mykje moskusar på Dovrefjell no. (Det er no eg ikkje skal innrømme at det var mørkt over Dovrefjell og det uansett ikkje ville vore mogleg å sjå ein einaste moskus, med mindre den fann ut at den skulle hoppe foran bilen medan eg køyrte. Så spørs det kva ein er mest glad for.) :=)

Sjølv om det auser ned ute, betyr det ikkje at denne jomfrua har tenkt å halde seg inne. (Inne som i inne i heimen). Dårleg vèr betyr eigentleg at ein bør ta turen ned på shopping. Butikkane held seg forhåpentlegvis tørre innvendig og då er det jo alltid hyggeleg å ta nokre blikk på varene og kanskje svi kortet litt. 
Eg skulle gjerne hatt med ein hengar, men eg trur eg berre skal vere glad for at eg ikkje har det. 

Ifølge Vg, er det ei hytte som står i brann på grunn av lynnedslag. Så då er det vel ein prosentvis sjanse for at det kan skje her også (veeeeeeldig lite trolig). Vi å vel vere takksame for spaninga det gjer ved å vere usikker. Blir vi trufne eller ikkje? Haha......

Krf meiner rødgrøn familiepolitikk gjer høge aborttal. Så feil ein kan ta! For mykje feil sengehyggje gjer høge aborttal! Akkurat det er vel ikkje diskuterbart. 
Omfolk tok sine forhaldsreglar, ville dei ikkje blitt gravide og ei heller komen i ein situasjon der dei treng å vurdere det eine eller det andre. (Og ja, det fins sikkert unntak frå dette, men eg snakkar om den generelle graviditetsmengden av menneska her til lands......ikkje dei som er utsatt for noko kriminelt). 

Om folk vel abort, er det av di dei har blitt gravide og at det anten ikkje passar eller rett og slett ikkje ønsker born i det heile. Likevel, uansett korleis vi vrir og vrenger på det, så er det til sjuande og sist vi sjølv som gjer vala. 

No ser eg for meg at det er fleire som tenker at ein er uvitande som kan påstå slikt. At vi måtenke på dei som.....og dei som...... og så vidare og så vidare. 
Joda, eg er fullstendig klar over dei tilfella og at det er mange årsaker bak, Likevel er det mange heilt oppegåande folk som tar abort av di dei ikkje meinte å bli gravid og det rett og slett ikkje passar inn med planane deira. 
Hadde desse menneska tatt sine forhaldsreglar, ville tala vore mykje mindre og Krf sannsynlegvis litt meir nøgd med tala. (Egvil tru at talet må på null for å oppnå lykkestatus). 

No skal jomfrua ut i den vide verda og sjå i butikkar. Regn får vere regn. 
Ha ein fortreffeleg fin dag. Spesielt dei para eg kjenner som skal gifte seg i dag. Eg håper dei får ein strålande og minnerik dag!! 

Hasta luego! 

IWALY!