onsdag 22. mai 2013

George Michael datt ut av bil på motorveien i 112 km/t. Hallo?? Korleis går det an?
Eit augeblikks villskap som seier opne døra og sjå korleis det går, eller?? Ikkje veit eg, men eg skal no prøve å finne ut av galskapen. (Det berre høyres så teit ut!)

Joda, han skulle sjekke at bildøra var lukka ordentleg!! Sjølvsagt inga føremon å ha på seg eit bilbelte då?! Og sjølvsagt for mykje forlanga å påstå at det er noko han burde ha skjønna heilt av seg sjølv! Smarte kjendisar, liksom...........

Starkkars solbriller som blei knust av fallet!!

15 år for sex med mindreårig. I dag kom eg over ein artikkel om ei 18 år gamal "jente" som hadde falt for ei venninne på 15 år. De spelte på same lag og kjente godt til kvarandre. Etterkvart innleia dei eit forhold til kvarandre. Eit forhold som innebar at dei også var intim med kvarandre (sjølvsagt frivillig).

No er det store diskusjonar ute og går av di ho risikerer å kome i fengsel og få ein dom på heile 15 år.
Ein dom som vil ramme ho hardt. I tillegg til å bli fengsla, vil ho for alltid ha på rullebladet sitt at ho har forgripe seg på ein mindreårig. (Noko ho i utgongspunktet har gjort om ein skal legge lova til grunn).

Her i Noreg er det ikkje uvanleg at ein 18-årig gut forelskar seg og innleiar eit forhold til ei 15-åring jente. Det er meir regelen enn unntaket.
Å tru at ikkje mange av dei er intime med kvarandre, vil vere det same som å vere naiv.
Det at eg påstår det, er ikkje det same som at eg seier at det er greit å bryte lova som seier at det er galt.
Det er berre det at om ein prøver å ha eit litt opent sinn, så ser ein kor lett det er at slikt skjer.
Det skjer oftare enn vi er klar over og det får ingen følger for den det gjeld med mindre dei foresatte (eller den mindreårige) anmelder det heile.
Då vil den over den seksuelle lavalderen kunne risikere ein dom mellom 3-10 år. (Her i Noreg).

I denne saka er det snakk om to jenter og då skjønner aller at det er snakk om to som har ei legning som seier lesbisk. (Ikkje at det skal påverke eventuell straff).
Jenta på atten er forvist frå laget, utvist frå skulen (måtte bytte skule) og diverse andre ting som følgje av dette forholdet.
Ingen av dei to ville avslutte forholdet (dei var jo forelska i kvarandre), men ho har blitt "pålagt" å halde seg unna den andre jenta.

Det var ikkje eit problem før dei foresatte for den yngste jenta fekk vite at dottera er lesbisk. Det er sjølvsagt den eldste jenta si skuld (at den yngste er blitt lesbisk). At det er ho som har sørga for at ho blei det. (Som om at ho ikkje har eigen fri vilje............)

Så kjem kluet..... Er det verkeleg nødvendig å ha ei strafferamme på 15 år?? Joda, det er broten ei lov og det er klart dei ikkje kan sjå gjennom augene med det. Likevel....... Det er litt bisarr straff, med tanke på at det heile har vore frivillig og at dei var i eit gjensidig forhold. Aldersforskjellen er heller ikkje så stor om ein skal legge den norske lova til grunn. Her er det slik at ein er "jamngamal" om ein er innanfor ei grense på 3-4 år.
Denne saka er ikkje Noreg................

Problemet er at i Amerika er den seksuelle lavalderen på 18 år. To år seinare enn her heime. (Men det betyr ikkje at ungdomen "over there" er mindre våryre enn dei er her.....) Alderen er nok satt for å beskytte ungdomen lengst mogleg og for å hindre overgrep.
Så spørs det......Er det eit overgrep som er skjedd i denne saka?
På grunn av lova, så seier svaret seg sjølv. Ja, det er skjedd eit overgrip. Likevel, det er fleire hold i denne saka som gjer at det ikkje virker rett å sørge for å stenge denne jenta inne i 15 år.
Det er vel heller tvilsamt at ho er ein trussel for andre i framtida. Eg vil tippe ho kjem til å trø veeeldig varsomt uansett kva som skjer. Ho vil neppe tore å gjere noko som helst galt.

Det kan kanskje virke som om at eg forsvarer at det er skjedd ei handling som strider mor den amerikanske lova, men det gjer eg så absolutt ikkje.
Så lenge lova seier det som den gjer, har det skjedd noko kriminelt, men det er systemet og strafferamma som er heilt sjuk.
Det er liksom ikkje rom for å tolke lova ut frå formildande omstendigheiter.
Ho kan faktisk få redusert straffa si dersom ho erklærer seg skuldig i overgrep. Problemet er at det då uansett vil følge ho resten av livet sitt. Ho blir uansett registrert som kriminell.

Mange av dei som har hivd seg med i diskusjonen om desse to jentene, er ganske bastante og enkelte er ganske langt under det vi kan kalle for lavmål.
Vi har alle rett til å meine noko om kva vi vil, men det går i det minste an å vere litt konstruktiv i kritikken.
Sjølv meiner eg at jenta bør få ei form for straff i og med at ho faktisk har gjort noko ulovleg. Likevel meiner eg at sidan forholdet og alt som har fulgt med det har vore frivillig, fins argument som gjer at ho ikkje treng å straffast som ein overgripar.
Det er trass alt forskjell på ufrivillig intim kontakt og det som er tilfellet i denne saka.

Mange nordmenn trekker Øygardsaka inn som samanlikningssak. At det ikkje er ulikskapar mellom desse to sakene av di at dersom det stemmer at han har hatt samleie med jenta som har anmeldt han, så skjedde det "frivillig" der og då og at ingen vil klare å påstå at det då ikkje er snakk om overgrip på ei som er mindreårig.
Vel, forskjellen ligg vel i at det er eit hav av alder mellom han og jenta og at han faktisk då har brukt si makt i form av embete.
Det er forskjell på å vere to tenåringar og det at den eine er ein gamal gris (dersom det stemmer) som har seg med ei som er mindreårig. Forskjellen er kjempestor.
Einaste likskap er at det i begge saker er blitt begått lovbrot.
Den eine saka er nok mykje verre enn den andre.

Her i Noreg ville ikkje jenta ha blitt straffa. Ikkje dersom den yngste jenta påstår at det har skjedd frivillig. Det fins nemleg fleire eksemplar på nett det. Eksemplar på at ein har sluppe unna straff av di det har skjedd frivillig, i eit forhold og at aldersforskjellen ikkje har vore meir enn rundt 3 år.
But, but......Noreg er ikkje Amerika.
Vi tenker vårt ut ifrå kva vi er vant med og kva aksept vi ser for ting rundt oss i det samfunnet vi sjølv er ein del av.
Difor kan det av og til vere vanskeleg å forstå mykje av det amerikanerane gjer, men samtidig er det nok det same andre vegen. Dei ser nok på oss med same auge, at vi er for lite streng og at fleire grenser burde vore satt. Det forheld seg til det som dei er vant med, akkurat som vi gjer det.
Kva som er det rette...?? Det er ikkje opp til kvar enkelt av oss å bestemme. Heldigvis.

Dette er berre tankar rundt eit tema som er litt samansatt. På ei side er det viktig å slå ned på lovbrot, medan det av og til kan vere saker som set heile systemet litt på sida. Så blir det vanskeleg å sjå kva som er rett å gjere eller ikkje.

Vi vil nok aldri få alle fakta i denne saka og vi slepp heldigvis å "bry" oss med den. Den er ute av vår kontroll og den vil uansett gå sin gong. Tilfeldigheitene avgjer om jenta vil tilbringe mange år i fengsel, eller om dei meiner at skammen saka allereie har brakt over ho, er nok.

Jaja...... Ha ei god natt!
Hasta mañana! :=)

IWALY!!

mandag 20. mai 2013

Så er pinsehelga over for denne gong. Det har vore ei fantastisk fin helg! Reine sydentemperaturar som har sørga for at "bikinien" har kunna blitt plukka fram i hytteveggen. Eg syns verkeleg at vi har fortent slike dagar no, etter at våren har vore så ustabil........
Ein ting er i alle høve sikkert. Det har vore mykje utetid denne helga! 

17.mai starta som vanleg med ungdommen som skal vere så snill med oss og sørge for at vi får føremiddagen med oss på ein slik dag. 
Eg veit ikkje........om det er så deileg å vakne til sirener, ropert og dundring i husveggen rett utanfor der eg søv. 
I alle århar eg komen dei i forkjøpet. Heilt til i fjor. Då stod eg i senga!! (Det er det som kalles suksess). 
I år høyrde eg dei heller ikkje. Ikkje før eg følte at dei var på tur inn på rommet for å ta meg. 
Veldig hyggeleg, men dog ikkje herleg! Og kaka som venta på dei?? Joda, ho blei verande i kjøleskapet. Jomfrua blei satt heilt ut av spel og då dukka ikkje kaka opp blant dei små grå. 
(Jaja, eg forsov meg i alle høve ikkje til reveljen!)

Vi spelte på Storjorda også. Det er fornøyeleg å kome over dit, for dei set sånn pris på at vi dukkar opp og speler for dei. I tillegg fekk eg jo høyre Frank A. Jenssen halde tale for dagen. Om tørrfisk!!! Hahahahahah.........Ein syttande mai-tale om tørrfisk. Ganske genialt?! I alle fall måtte EG flire litt. Eg trur og håpar det var fleire som gjorde det. 
Vel, grunnlov og tørrfisk.......to sider av same sak???

Så er det slik at det fins "idiotar" overalt. Så også på ein nasjonaldag i Storjord. (Då må ein vel kanskje påpeike at vedkommande ikkje er frå den bygda). 
Denne karen har ikkje skjønna trafikkreglane. Trafikkreglane som seier at du har plikt til å stoppe for folketoget når det kjem. Bilen skal vike for "toget". 

Det er ikkje lenge sidan det var eit bornekorps i Troms som måtte hoppe i grøfta av di ein tomsing køyrde rett fram og gjennom toget. 
På Storjord var det ikkje riktig så ille, men minst like farleg. nok farleg til at vedkommande blir anmeldt! (Til pass åt han). 
Vi er fleire som er glad vi rakk å reagere før han to armane våre. 

Vi gjekk der og marsjerte då det plutseleg kom ein ganske stor bil med stor hengar bak kom opp på sida av oss. Vi brukte heile vegen, så han pressa seg fram. 
Bak oss hadde vi mange born som for og sprang og han skal vere glad for at ingen av desse blei skada.
Ein etter ein av musikantane som gjekk ytterst måtte flytte seg for å ikkje bli påkøyrt. 
Ikkje var det knapp med tid til ferga gjekk heller. (Det ville uansett ikkje vore haldbar årsak til ein slik oppførsel). 
Det blei nokre farlege minuttar på ein ellers så hyggeleg dag. 

Heime i Kjuttavika rakk vi å få med oss alt av underhaldning og jomfru Knutsen fekk sin første russeplakat!
Det har jo alltid hengt plakatar på inspektør og rektors kontor. Denne gongen hang det på mitt kontor også. "Blogg.no". (Eg tenker at der er enkelte blant dei føresette som har hatt ein finger med i spelet der.......Hahahaha....) 
I tillegg fekk far min ein fin russe-gest på kroveggen, sjølv om den blei tatt ned ganske tidleg på dagen. 

Såååå var det klart for langhelg på hytta for ei rimeleg sliten jomfru som blei vekt i otta. 
Den som var mest sliten, var nok minstemann som nett er fylt ni. Han vakna for første gong i historia av russen og stod likesågodt opp medan dei var her. Så å vere redd for at han skulle bli bilsjuk etter å ha trykt i seg to softisar rett før avgong til hytta,............. Det tok ikkje mange minuttane før det var ein i baksetet som sat og sov. Heilt utslitt! 

Ei hyttehelg med god blanding av sosial samvær, litt arbeid og soling på verandaen er ikkje å forakte. 
Heller ikkje å arbeide nattestid! Denne knetta fann ut i eittida i natt at ho skulle ha noko gjort ute og då var det berre å få det gjort. 
Når noko veier nesten eit tonn, så er det berre å leite fram spett og greier og starte det harde arbeidet. Resultatet blei sjølvsagt bra. Like sjølvsagt som at det var trasig å vere klar over at det var siste fridag i dag. 
Sola skinte så fint og då vil ein så gjerne at det skal vere minst ein fridag til. 
Det er berre å håpe at vi får syden-tendensar dei neste dagane også! 

Maur og edderkoppar har byrja med å vakne, til glede for enkelte og på grensa til sorg hos andre.
Eit par mygg blei vel også oppdaga, men berre nattestid. (Ein kan nesten tru at eg ikkje har brukt nettene til det eg skal.......) 

Fire døger utan tv (minus siste del av Grand Prix), data (sjølvvalgt!!), delvis utan telefon (den låg no berre der), nyheiter....osv.........Ganske deileg, vil eg påstå! Det er då ein kan seie at ein har "slappa av". 

I løpet av neste uke entrar vi årets juni. Tenk det...... Det er litt rart å tenke på at det allereie er komen så langt. Noko som aller mest sannsynleg kjem av di vi ikkje har hatt noko vår å skryte av. 

Ellers planlegg jomfrua å få seg ny kropp på forsikringa si. Heilt klart at forsikringa bør dekke brystimplantater og fettsuging!! Det er vel ikkje så galt å svindle til seg litt silikon til puppane sine heller, eller?? 

Så i år skal eg bestille meg ein tur til eit land der ikkje forsikringsselskapa har så god kontroll og så skal eg finne meg ein "seriøs" lege som skriv at eg har vore i ei bilulykke og difor måtte opereres. Så kan eg reise heim til vakre Noreg, nøgd og gla over dei nye kroppsdelane mine som er fiksa på. Rekningane blir jo fordelt på mange! 
Om brukarane får auka forsikringspremien sin, så er det ikke snakk om så mykje når det deles på alle brukarane. 
Det er trass alt ikkje så altfor mange titusenar det kostar for operasjonar.
For............Kvifor skal ikkje eg når så mange andre gjer det?? (Bortsett frå at det må vere det siste eg vil ha på denne jorda!.......Fake bubbies.....)

Ja, vi er moralske innbyggjarar av dette landet. Nasjonalistisk til tusen og ikkje minst solidariske! (Noko  dette med forsikringssvindel er eit godt eksempel på!) 
Ellers kan dei som heiv seg med i kritikken mot andre flagg på syttande mai vere etterpåklok og tenke at det faktisk ikkje var andre flagg i folketoget i Oslo, på lik linje med i fjor. 
Ganske flaut at det har vore eit tema, eigentleg. For det burde jo bli eit reelt problem før ein startar ein krangel om det. Så det er flaut å vite at det har vore ein så lavtnivå-diskusjon om flagget vårt når det ikkje har vore eit problem. (Det dukkar vel opp til neste år også..........diskusjon om flagget og det nasjonalistiske).

Ha ein god natt!! Sov godt.....:=)

Hasta mañana!

IWALY!!



torsdag 16. mai 2013

16.mai

Ja, så er det 16.mai og kvelden før årets nasjonaldag. Denne knetta har tenkt seg i seng om ikkje så lenge (og det tenker eg kvart år - og så klarar eg ikkje kome meg tidleg i seng likevel).
Det er ikkje så altfor mange timane til dei grønkledde kjem for å vekke oss. Kan vere greit å få seg nokre timar på auget før den tid. (I fjor var faktisk første gong dei klarte å "ta meg på senga" og det skal så absolutt ikkje gjenta seg!!) Hahaha..........

Jomfru Knutsen har brukt dei to siste timane foran tv-skjermen. Det er semifinale i Grand Prix og i dette augeblikk les dei opp kven som går vidare til laurdagens finale. Spaning, med andre ord.......
Og YES!!! Der gjekk det vår veg! Margaret Berger jublar og er strålande nøgd med å få vise seg fram i helga. Lykke til! :=)

Skremte elefant i fylla. Hahahaha....... Det er det teitaste eg har lest på lenge. Ein full mann og ein vill elefant.
Viss eg hadde møtt på ein vill elefant, så spørs det om å skremme elefanten ville vore den første tanken som slo meg. Jaja, verda er jo full av galne folk, så ingenting sjokkerer!

Mannen var safari-guide og det er vel ikkje så akseptabel oppførsel å storme mot dyra ein skal vise fram?! Kanskje ikkje så rart at han fekk sparken etter episoden........ Tippar det at han var full ikkje hjalp så veldig på utfallet.
Du skal vere bra full om du finn på slikt!

Lottomillionæren. Tidenes lottoutbetaling. På VG-nett er det to ulike "innslag" om akkurat denne saka. Det latterlege er at det i den eine innslaget går fram at Norsk tipping gjer alt dei kan for å skjerme vinnaren slik at ingen skal finne ut kven det er.
Joda......... Berre litt paradoksalt at det litt lenger nede på sida kjem eit nytt innslag der du kan få høyre telefonsamtalen der mannen som vann fekk beskjed om at han hadde vunnet. "Hør mannen fra Troms få vite at han har........" Skikkeleg "protection" med andre ord. Det er jo nok at nokon som kjenner mannen høyreropptaket og vips......så er nyheita ute. Proffe greier........Uuuh!
(Viss det ikkje var Dagbladet som var syndaren....Eg kan vere litt svimmel til tider!!)

Kroppen din. Mange gonger kan det dukke opp tankar som seier at kroppen er finurleg. Det er ikkje alt ein blir klok på, men det er no berre naturens gong. Ikkje det at det er normalt å gå rundt å tenke på at ein nys faktisk kan komme opp i 160 km/t, sjølv om det høyres direkte idiotisk.
Likevel......Dei fleste veit at vi ikkje kan halde augene opne når vi nys. Kanskje like greit med tanke på hastigheita den kjem ut i. Eg reknar det er av di augene ikkje skal falle ut når vi nys! Haha.....

Sædcellen er den minste cella av alle i kroppen. (Hahahah.....Det burde eg vel ha skjønna?!)
Den minste cella gjer det beste resultatet!! .:=)

Nyfødte babyar har mange fleire knoklar enn eit vaksent menneske. Som nyfødt har ein 300 stykk.Ein vaksen har berre 206.
Eg har rett og slett ikkje peiling på kva åesaka til det er og eg skal i alle fall ikkje prøve å lage meg sjølv ei logisk forklaring. (Sjølv om det sikkert fins ei).

Den beste årsaka som fins for å vere flink med kroppshygiene, er at kvar kvadratcentimeter av kroppen inneheld heile 5 millionar bakteriar. Tenk på det neste gong du tar på eit menneske som ikkje er nydusja!
Bakteriar er fine greier!!

Kor mange er det som biter tåneglene sine?
Tja......Dei færraste vil eg tru. Ikkje så rart med tanke på at fingerneglane veks 4 gonger så raskt som tåneglene. Behovet er ergo ikkje like stort!
(Hahahaha......At vi ikkje er mjuk nok, er ikkje noko haldbart argument. Heller ikkje at det er lite hot å slikke "surtær"!! Fisj...........

Oppi kvar og ein sitt hovud bur det ein hjerne. Den består av 85 % vann. Thihihih.........Då er vel resten berre luft, då?! Vann og luft........ Det forklarer mykje!!!! LOL.......:=)

Nei, det var det der med å kome seg i seng til høveleg tid! Klokka er veeeldig nært midnatt og timane til russen kjem, ja dei skrumpar inn Her er det om å vere disiplinert med kroppen sin. Så då er det vel berre å pakke seg under dyna!

Ha ein fantastisk fin dag, 17.mai! Min startar med nasjonalsongen og flotte flagg klokka åtte. Vèret skal, ifølge dei som trur dei veit, visstnok bli flott, så eg håper det slår til!!

Hasta mañana!

IWALY!

tirsdag 14. mai 2013

Steroider gjorde at penisen krympet. Likevel var Rod Stewart avhengig i flere år. Viss ikkje den siste setningen set menn i bås, så veit ikkje eg! Likevel........står det.
Sjølv om penisen krympa, tok han stoff. Tenk det! Kva mann er det som utset "dicken" sin for det, liksom? Penisen som er det viktigaste for dei fleste menn (kan det virke som....)

Rod Stewart er vel ikkje den som har hatt det enklast i livet, til trass for at han er god for ein heil del pengar.
Det betyr vel med enklare ord at pengar ikkje er alt. Pengar kan ikkje gjere eit menneske lykkeleg, med mindre det viktigaste ligg i botnen.

Stewart har vore gjennom to skilsmisser og adoptert bort eit born, noko eg trur ikkje kan vere lett for ein forelder å gjere. I tillegg var han avhengig av steroider i lang tid.
Steroider av ein årsak som ikkje heilt held mål. Eller? Kanskje med tanke på kva han har levd av....... Det er likevel ikkje lett å kjøpe argumentet om at dersom han tok steroider foran konsertane, så ville det kome stemmebanda hans til gode. Det lindra skadar.

Den gong var dermed stemmen viktigare enn penisen. Han berre gjorde det han måtte for å halde showet sitt igong. Joda.......
Med tanke på at steroider gjer deg både feit og oppblåst, søvnlaus og irritert, kan ein vel kanskje sjå på nettd et stoffet som det verste narkotiske stoffet i verda. I alle fall om vi skal ta Rod Stewart sjølv på ordet.

Stewart har i stor grad slutta med stoffet, men har innrømma at han, dersom han har periodar der han slit, enno tar litt steroider.
Er det rart han har hes stemme?

Om penisen no har funne attende til sin normale opprinnelse når det kjem til storleik, seier han ingenting om. Det må vi berre gå rundt og lure på.
Ikkje det at det betyr så mykje. Det er vel aller helst ingen av oss som skal i buksa på akkurat han......

Jaja........ Eg er berre glad eg ikkje er mann!
Ha ei god natt!

Hasta mañana!

IWALY!



Måtte avbryte flyturen da kvinnen nektet å slutte å synge "I will always love you". Jaja, så har ho vel anten kjærleikssorg eller så er ho svært så lykkeleg. Det er liksom eitt av to........
Så i stadenfor å spekulere i det eine eller det andre (for då blir det det andre), så får eg vel heller sjå til å opne saka og sjå kva det gjeld.

Det var ikkje berre berre då kvinna insisterte på å synge denne skjærande og langt frå klokkeklare versjonen av låta. 
Ikkje berre ein og to gongar, men om att og om att. 
Som vanleg skjer ting når eg ikkje er tilstades........ Det skjer aldri der EG er. (Kanskje like greit?!)

Det beste ved det heile var at sjølv om politiet satte handjern på ho, ja så fortsatte ho berre å synge på denne låta.
Så spørs det om Dolly Parton (som skreiv den opprinnelege låta) syns det er så kult at songen hennar blir brukt på denne måten.
Eg syns det freista med å prøve.(Å synge om att og om att på flyet). Berre det at eg ville ha venta til flyet hadde flydd såpass langt at dei ikkje ville snudd for å få meg av flyet!! Hahahaha.....

Kva skjebnen hennar blei? Tja..... Ho må vel rekne med at det vil bli vanskeleg å få bestilt seg flybillettar framover. Litt synd for ho om ho planlegg ein lengre utanlandstur og ikkje kjem seg frå A til Å.

Fire av ti sykemeldinger skyldes "slapphet/trøtthet". Fire av ti? Oi, det var eit  høgt tal. 
Eg vil tru det er grunn til bekymring om dette attspeiler dei norske innbyggjarane. 

Sofaen ein feinde............. Ikkje bra om det er blitt slik. 

Som vanleg har eit innslag som denne saka engasjert eit hopetal av meiningsytringar blant lesarane. Enkelte som kritiserer dei som legg seg for lett heime, medan andre tar seg nær av det heile og argumenterer hardt for at det faktisk kan vere slik at dei er alvorleg sjuke. 
At teksten kanskje er meint for å provosere, tja det er det ingen som klarer å avsløre.
(Så då er vel alt ved det normale......)

Joda, det er sikkert dei som har ein alvorleg lidelse. Det er sikert ikkje berre "slaskar" som legg seg heime Det er berre det at det ikkje er det som er sakas kjerne. Den er meir det som går på at det faktisk er ei kraftig auking i antal personar som legg seg heime og at det er bekymringsverdig om det er slik at fleire av desse faktisk er frisk. 
På fint nosk kallar vi det for å utnytte systemet.........

Amerikansk abortlege dømt for å ha drept tre spedbarn med saks. Og der kjenner ein på ny att tårene nesten vil kome seg ut og fram. Historien er barbarisk. Blod på golvet, urinlukt i lokalet og sist (men ikkje minst) at det var posar med fleire daude foster i frysaren. 
(Kva er det eigentleg med drapsmenn og frysarar??)

Tidlegare har mannen blitt dømt av di han "hjalp" ei kvinne (i 2009) ved å gje ho ein beroligande og smertelindrande dose medisin slik at ho døydde. 
Tanken var nok å hjelpe henne og at det var ho sjølv som ynskte det slik. Likevel, det er viktig å vise respekt for dei lovane vi har. Spesielt med tanke på slikt. 
Kven er det som skal sette grensa for kva tid det er greit eller ikkje å gjere slikt? Eit vurderingsspørsmål? 
Aktiv daudshjelp er ikkje lovleg og då er det særs viktig at spesielt legar overheld det. Sjølv om tanken i utgongspunktet er god frå legen si side. 

Desse borna som han no er dømt for å drepe, var født i levande live.......... 

Det verste er at han er anmeldt heile 46 gonger. Likevel kunne han halde på slik han gjorde. 
Ganske tragisk!! 
"Snipping". Det er ordet han brukar på det han har gjort. Å ta livet til uskuldige og små spedborn. Sørge for at dei ikkje skal få vekse opp som ein del av samfunnet vårt. Det at han gjer seg til "Gud" over enkelte ting her i livet. 
Det er til å bli kvalm av!
Han stakk ei saks inn i babyens nakke for å kutte ryggmargen. Han "snippa" dei...........

Jaja......Kanskje likegreit at klokka plutseleg passerer midnatt. Det betyr at det er ei ung jomfru som må sørge for å få skjønnheitsvevnen sin! Det kjem ein ny dag i morgon. Måtte den bli herleg!! 
Uansett.....Ha ei god natt og sov godt! :=)

Hasta mañana!

IWALY!


søndag 12. mai 2013

Hva er det med menn med skjegg? Ikkje av di eg er så frykteleg einig, men det hottaste no om dagen er visst menn med skjegg! Jepp........ Forstå det den som kan...

Eg må vere så ærleg at eg seier rett ut at enkelte menn aaaaaldri bør tenke tanken på å anlegge seg litt skjegg. Skjegg er definitivt ikkje for alle! (Med mindre du ønsker at kvinnfolka skal springe ifrå deg).
Dessutan er det ikkje snakk om skjegg i alle variantar. Det nyttar nok ikkje å dukke opp med kva som helst skjegg i andletet. Du kan risikere at du bommar totalt.

"Figurane" som har stått som rollemodell for skjeggveksten som "ruler" for tida, heiter blant anna Brad Pitt, Bradley Cooper, George Clooney(!), Johnny Depp og Ben Affleck. Hotte menn med andre ord.
Så kan du ta og sjå rundt deg og oppdage røyndomen. Kor mange slike menn kan du klare å få auge på i løpet av ein heilt vanleg kvardag i livet ditt?
Eg kjenner ingen som kan måle seg med desse karane her i nærleiken, men det kan jo vere at eit "hot" skjegg kan hjelpe på.......

Eg har prøvd å kome på om eg veit av nokon som faktisk har skjegg som ein kan definere innanfor norma som desse kjendisane har for skjegg.
Den einaste eg kjem på, er mannen til ein kollega av meg. Skjegget liknar mistenkeleg på Johnny Depp! Eg har mine mistankar om at han er redd for at ho skal bruke "frikortet" sitt med Mr.Depp, så for å hindre det, har han sørga for å sjølv likne mest mogleg på han!! Hahahahaha...........

Hakene til menn skal ikkje lenger vere like glattbarberte som sommarklare kvinneleggar. No er det kjønnsmodning som står i fokus. Andletshår (skjegg) er sjølve symbolet på at dei er maskuline menn.
I tillegg symboliserer skjegg ei rekke kvalitetar (som i alle fall ikkje eg nokon gang har fundert på før) som til dømes at han evnar å ta vare på eit avkom. Han har god helse og kan med sin agressivitet forsvare kvinne og born! Modenskap og alder.........viktige trekk vi som kvinnfolk ser etter når vi vel oss mannfolk.
Jeeeeezes kor mykje det er eg ikkje veit om mannfolk og skjegg, altså!! Dette burde eg vel ha lært på min veg frå ungdom til vaksen? Elementær kunnskap!! Skjeggvekst!! Thihihihihihi............
Jaja, det er no enkelte ting som er best utan skjegg som "klorer"!

Tidagarsskjegget får oss kvinnfolk til å tenne. Så om du skal legge deg etter meg, bør du planlegge godt. Start allereie ti dagar før du planlegg å ha hellet med deg...... :=)

Så gløym reklamen "Gilette, the best a man can get!" Menn kan få så uendeleg mykje meir!!!!!!

(Eg veit ikkje om eg bør tørre å innrømme at eg syns menn utan skjegg er hakket meir sexy enn menn med skjegg. Kan vere fare for å bli klassifisert som umoderne då!)

Mat. Facebook. Instagram. Problem? Lykke? Avhengigheitsskapande?!? Psykologar kan kome opp med så mangt. Også om mat! Så er det opp til oss om vi orker å ta den kunnskapen dei legg fram innover oss eller ikkje. Vi står heilt fritt til å tenke våre eigne tankar.
Likevel.......Noko av det som blir sagt må vel ha litt hald i seg? I alle fall såpass mykje at det er verdt å tenke over om det kan vere noko i det.

Denne gongen er det ein psykolog som har uttalt seg om dei som har eit behov for å legge ut all maten dei lagar på Instagram, Twitter eller liknande media.
Då er det ikkje snakk om dei som ein gong innimellom gjer det, men dei som gjer det kvar einaste dag og gjerne legg ut KUN statusar om mat.
Det vitnar enkelt og greit om at ein er veldig oppteken av mat.
Når heile det sosiale livet på nett handlar om mat, ja då er det på tide at ein ropar eit varsku om at her er det noko som ikkje er bra.
Maten blir det viktigaste og kjem foran kor vi er og kven vi er saman med.

Når ein legg bilete av mat ut på sosiale nettstader, er det eit teikn på at ein har behov for å vise kor sunn ein er, kor eksklusiv mat ein et, kor fint ein har det osv..............
Mange ligg ut bilete av mat på lik line som andre legg ut bileter frå feriar dei har vore på.

Ein treng nødvendigvis ikkje ha eit usunt forhold til mat om ein har hovudfokuset på det, men det erker litt logisk at ein legg ut bilete av det ein er oppteken av.

Eg skal så absolutt ikkje uttale meg her og no om mi private meining om temaet. Eg har forsåvidt vore innom det tidlegare ein gong. Så når eg skriv at ting ikkje er bra, er det på bakgrunn av psykologen sine ytringer og meininger.
Eg vil tru at dei som er vant til å analyse folk opp i mente, i alle fall evnar å trekke nokre rette slutningar på enkelte område. Dessutan høyres jo meiningane ganske logiske ut. I alle fall om ein tenker litt betre etter.

One direction har hatt konsert i Noreg. Oslo....... Denne kjente guttegruppa har mange tilhengjarar blant dei norske ungdomsjentene. Ergo vil eg tru at det var fullt i salen då dei opptredte.
Dei aller fleste hadde vel sine forventningar til konserten og dei fleste ungdommane kunne sikkert teksten til dei fleste songane.

No kan eg lese på VG sine nettsider at konserten hadde null truverdigheit, var sidrompa og dårleg.
Det einaste som var bra, var publikum. Dei var visstnok fantastiske.......
Litt synd at ikkje konserten var heilmaks då. (Om det stemmer, eller om det faktisk er slik at journalisten bak heile innlegget er ein gammel gubbe med liten sans for den ungdommelege musikken.........) Kva veit vel eg?

Under konserten på Telenor arena, fekk låt etter låt terningkast to eller tre. Dårlege "kast" med andre ord.
Det beste med songane er korleis jentene hyler frå salen kvar gong vokalen byttar.
Jaja, så kan ein jo sette det opp mot Beatles sin tur til statane. Historisk tur som har betydd supermasse for musikkhistoria og Beatles sjølv.
EIn tur som blei prega av lite utstyr, enorme folkemengder som sørga for å hyle så høgt at store delar av tilskodarane faktisk ikkje fekk med seg ein einaste tone i løpet av konserten.
Så kan ein spørre om at det var så fantastisk å høyre all hylinga at folk gjekk mann av huse pga "Beatle-mania"...........

No kan aldri One Direction samanliknast med Beatles. Forøvrig er det få som kan det.........., men eg vil likevel tru at dei som var på konsert i Telenor Arena hadde ei oppleving der dei verkeleg følte at dei hadde fått høyrt songane "live".  (Ikkje dårleg, berre det!)  :=)

Nei, det har vore langhelg på hytta. Ei fin ei sådan. Varierande vèr, men kva gjer vel det når ungane storkosar seg ute mesteparten av tida.
Torsdagen kan jo også skildrast som "lykke"! Singletvèr har det vel ikkje vore så altfor mykje av denne våren og det føltes veeeeeldig riktig då sola sørga for kjempevarme i hyttevggen og det berre var å brette opp buksene og vrenge av seg på overkroppen.
Gitar og fleirstemt song med borna "i" hytteveggen var ikkje feil.

No er det ikkje lenge att av denne uka. Ein liten halvtime, kanskje. Ergo er det på tide å finne senga og håpe på ei god natt med mykje svevn. Forhåpentlegvis står ei ny og fin uke for tur. Det er berre fem dagar til nasjonaldagen og då betyr det vel eigentleg at sommaren er like rundt hjørnet!

Ha ein fortsatt fin kveld om du er B-menneske. Er du A-menneske, er det vel ein viss sjanse tilstades for at du allereie er hamna under dyna og sover som ein stein.
Eg er midt i mellom......... Sånn der A-B........... Så det betyr vel at eg straks er på veg. Sov godt!!

Hasta mañana!!

IWALY!

tirsdag 7. mai 2013

Systemidioti.

Dumskapens system. 
Det er mange som av ein eller annan årsak treng å "nave". For ein kort periode, eller rett og slett resten av livet. Då håper eg at ordet "nave" også dekker dei som blir trygda?!!

Mange har ulike oppfatningar av systemet, alt etter korleis dei som personar har blitt handsama i sitt møte med trygdesystemet.
Alle forten å bli handsama med respekt, men diverre er det no eingong slik at det ikkje er sånn systemet er.
Ein kan skulde på at det har med kven du møter frå NAV si side, men sånn eigentleg trur eg det er ganske uvesentleg. I alle fall i større byar der dei to motpartane ikkje kjenner kvarandre. (Det har både sine føremoner og bakdeler - som alt anna).
Eg er komen fram til at det er ikkje dei som handterer sakene si skuld. Det er systemet. Systemet er blitt sånn at det også settes krav til arbeidstakarane innanfor trygdesystemet. Krav som ikkje er heilt lite idiotiske. Krav som går ut over nett deg som person, om det er slik at du er den som treng hjelp.

Så kan ein spørre kor eg har informasjon ifrå som gjer at eg kan påstå dette. Joda, det fins menneske i denne verda som er såpass tøff at dei tør å gå imot systemet, som arbeidstakar i det same systemet.
Ganske tøft, vil eg påstå.

Heidi Follett.......... Det er ho som er så tøff! Det er ho som arbeidar innanfor systemet og for lengst har sett galskapen med eigne auge.
Ho deltok i ein kronikkkonkurranse og vann denne med sin kronikk om systemet. Sjølv vel ho å bruke stor forbokstav i "Systemet" for å gje det eit namn.

Det er ikkje lenge sidan at det var eit NAV-kontor som fekk bombetrussel mot seg. Det er heller ikkje lenge sidan at ein "kunde" gjekk beserk mot ein sakshandsamar.
Då blir spørsmålet "Kan vi forstå gjerningane?" (Eigentleg ikkje, men satt litt på spissen, så kanskje ja).
Eller spørsmålet kan stillast på same måte som Heidi Follett uttrykka det......"Kva er ein sunn reaksjon på eit sjukt system?" For systemet er sjukt, i høg grad!!

Kva er bakgrunnen for at Follett fekk arbeid i NAV? Jo, det er av di ho har bachelorgrad i helse- og sosialfag. Sosionom.
NAV trengte (i utgongspunktet) ein arbeidstakar som kunne utjamne sosiale ulikskapar. Ein som skulle ta utgongspunkt i folks ressursar og legge til rette for endring.
Som arbeidtakar er det då kjempelett å vere naiv og tru at du kan vere med på å forbetre verda. Sjølv kallar ho seg for herleg naiv.

Ho blei ansatt som sosionom, men arbeider som byråkrat. Og det er vel nett slik vi opplev NAV. At det er eit stort byråkrati.
No har ikkje eg noko negative opplevingar med NAV, men ein har av og til litt lange øyrer og høyrer litt av kvart. Då føler ein av og til for å riste på hovudet.
Sosionomen som må gjere alt anna enn å vere nett det. Jobben består i å produsere dokumentar.
Dokumentar som skal sørge for at NAV held ryggen sin klar i alle saker der du som kunde "taper". Taper av di dei har køyrt deg så hardt og plukka deg i små biter før dei er ferdig med deg (i håp om å finne noko som gjer deg ukvalifisert til hjelp).

Follett sitt vitnesbyrd er sterkt å lese. Ho fortel heilt nøyaktig korleis ho opplev det som vi mange tenker, men ikkje veit om vi har nok kunnskap til påstå noko i fryjt for å seie noko galt.
Blant anna kallar ho folket i systemet (inkludert seg sjølv) for ein eigen rase. Ein rase som er umogleg å nå på telefonen. Dei svarar knapt på e-post.
Det er ikkje berre brukarane som meiner det. Ho seier rett ut at det er slik det er! (Det er liksom enklare å få til eit møte med Elvis, sånn for å få det satt litt på spissen).
Ho har sjølv sett at stønadar blir trukken attende på diffuse grunnlag og krava som blir tredd ned over hovudet ditt er rimeleg uforståelege.
Ho veit det av di ho har vore med på det.

NAV-systemet plukkar livet ditt frå kvarandre. Av og til går dei langt over grensa for kva vanleg folkeskikk tilseier og du sit der i stolen og vrir deg. Du sit der og opplever at livet ditt blir plukka frå kvarandre bit for bit.
Du kan ikkje hisse deg opp over galskapen for den som sit på andre sida av bordet skal vurdere din samarbeidsvilje. Då nyttar det ikkje å "klikke", sjølv om det av og til kan føles som om det er nett det du vil.

I løpet av to uker skal minst eit tosifra dokumentar opprettast på deg. (Ikkje så reint få med andre ord).
Masseproduksjonen av dokumentar om deg er det som skal sørge for den frie ryggen til systemet. Dei har gjort det dei skal og du kan ikkje ta dei på noko.
Du gjer valg som latterligjeres på personalromma. Galgenhumor, kallar dei det. Kanskje seier dei hakket for mykje om deg i farta. Litt meir enn nødvendig. Follett kallar det å flørte med tausheitsplikta. Jaujau........

NAV-ansatte skal ikkje gjere det som tener deg som kunde. Dei skal trykke på deg ei løysing som gjer at dei når eit måltal.
Når dei ser at du speider i bakken etter eit hol du kan krype ned i av di du må utlevere livssituasjonen din i all offentlegheit...... Dei berre fortset.
Bortforklaringar er dei ekspertar på!
Det menneskelege aspektet forvitrar berre mellom fingrane deira.

I følge Follett kunne likesågodt ein robot gjort deler av arbeidet hennar (eller andre). Det seier litt, vil eg påstå.
Føremonen deira er at dei kan få vist fram nokre diplomar av di dei kan vise til gode tal i NAV sin favør. Stjerne i margen. Dei same diplomane kjem på veggen og du trur du er i trygge hender av di det heng så mange flotte diplomar der og trur at DET må jo bety at vedkommande er dyktig i faget sitt.
Joda, dersom det å "lure" deg er faget.......
Så med andre ord så er det byråkratiet som har fått definisjonsmakta. I og med at dei legg til rette for at ein absurd konkurranse om å vere mest vansklegstilla.
Det er ikkje deira problem om du ikkje taklar det.

Det er sikkert mange av dei som arbeider i systemet som er ueinige med drifta av det. Heilt klart. Det er berre ikkje så lett å tale imot sin eigen arbeidsgjevar. Noko som vi fleste kan forstå. Det er trass alt eit menneskeleg aspekt, det også.
Likevel, det er digg at det fins menneske som Follett som tør å seie ifrå om at det heile dreiar seg om økonomiske måltal.
Logring og smisking blir fort ein del av blodomløpet. Dei fleste vil merke seg positivt ut hos leiaren sin. Du gjer det du blir bedt om.
Dei overbetalte leiarane si evne til å forvalte samfunnsansvaret sitt, ja det er det ingen som stiller spørsmål ved.

Joda, det prøves og det feiles. Det skjer på din og min bekostning. Omorganiseringar skjer for eiga skuld, ikkje for deg som brukar.

Om eg då skal gjere eit iherdig forsøk på å svare på spørsmålet om kva som er ein sunn reaksjon på eit sjukt system, trur eg at eg heller lar vere. Det er så lett å forstå at det fins ein som klikka foran ein sakshandsamar, uansett kor teit eg eller andre syns det må vere. For slik oppfører ein seg ikkje. MEN det er forståeleg.
Ein eller annan gong innimellom må det jo vere nokon det "bekkar over" for. Vi veit jo at det er mange ulike årsaker til at folk treng hjelp av nett dette systemet for å få kvardagen til å gå rundt.
Det siste dei treng, er at at nokon "messar" med hovudet deira.

Det er samfunnet vårt eg snakkar om. Det er dette fantastisk flotte samfunnet vi lev i.
Eg vil ikkje påstå at dette kan bruks politisk.......av den enkle grunn at eg er rimeleg sikker på at uansett kven som styrer samfunnet, så vil det vere slik.
Med mindre fleire gjer som Follett. "Ropar" ut om galskapen..... Jo fleire som gjer det, jo større sjanse for at ei endring blir pressa fram.

Eg håper eg blir over 60 før eg treng systemet til å sørge for at eg skal ha det leveleg økonomisk........

Ha ein fin kveld!
Hasta mañana!

IWALY!!