mandag 6. mai 2013

Skjuler penger for partneren. Vi lev i eit samfunn der det er blitt meir og meir vanleg å skjule pengar for partnaren sin. Enkelte har hemmeleg konto, nokon gøymer kvitteringer, medan andre berre nektar den betre halvdelen sin innsyn til kontoen sin.
Årsakene kan vere mange, men ei av årsakene er at dei sparer til skilsmissen. Dei veit at dei vil skilles, men men ønsker å sitte att med mest mogleg pengar og held difor ein del av dei ute av partnarens vitskap. (Det ein ikkje veit - har ein ikkje vondt av).

Kva betyr eigentleg dette med at "vi" gøymer pengane våre for den andre? Har vi blitt meir kalde og kyniske enn før? Eller var det slik tidlegare også?
Er skilsmissestatistikken så høg at vi vil gardere oss mot eventuelle "mistak"? At vi er redd for at ekteskapet er feil...........
Er vi redd for å tru på at noko kan vare "evig"?

Mange spørsmål og eg kan ikkje svare på eit einaste av dei. Sikkert ikkje du heller, men det er jo ikkje forbode å anta.
Om ein studerer litt statistikk osv, kan ein jo forsåvidt kome fram til noko som kan likne på eit svar. I alle høve delvis.

No er det ikkje slik at skilsmisse-spøkelset er den einaste årsaka til at det ikkje er full openheit. Det er ulik alvorlegheitsgrad når det kjem til dette temaet om å skjule pengar for partnaren.
Å gøyme unna pengar for å sikre seg sjølv, tja.......det treng i utgongspunktet ikkje vere så ille. Då vil eg heller trekke fram noko som i alle fall EG syns er hakket verre. Nemleg det at ein tar opp forbrukslån på fleire hundre tusen og lar kjerringa (eller mannen for den del) leve i uvissa om det heile.

Ikkje alle tar opp lån etter at dei har blitt eit par. Enkelte har lån før dei møter den dei vil dele livet stt med. Problemet ligg vel heller meir i det at ein ikkje er open om at ein har mykje gjeld og etterkvart kan det "balle på seg" og plutseleg har ein problem med å betale det attende. Spesielt om ein då i fellesskap har tatt opp huslån, hyttelå, billån.....you name it, og utan at den eine delen av partnarskapet veit om at det faktisk er ein del meir som skal finansierast enn det dei trur.
Om det framleis fortset med at det skal vere full hemmeleghald om forbrukslånet som var ifrå før, så er sjansen stor for at det etterkvart kjem eindel kredittkortgjeld. (Som verkeleg er dyrt).

Ikkje alle tør å søke hjelp. Økonomi er kanskje ein av dei temaene som par kranglar mest om. I alle fall om det er mykje skal betalast og pengane må prioriterast på ein fornuftig måte.
Held du då noko skjult for partnaren din og det blir oppdaga, ja då er sjansen for at partnaren verkeleg føler seg lurt og tilliten vil heilt klart forsvinne.
I mange tilfeller fører det rett og slett til skilsmisse. Har ein først mista tilliten til eit menneske, er det ikkje så lett å finne attende til den.

Likevel går det bra med enkelte. Innimellom les ein om dei som blir med i "Luksusfellen" på tv og får livet sitt "uthengt" foran andre. Dei har som regel verkeleg innsett problemet og er villige til å ta tak i det. (Noko som gjer at partnaren er villig til å prøve å få forholdet opp og gå att).
Får du det offentlege auget på deg, er det liten sjanse for at du tør å gjere så store sprell som sørger for at du ikkje klarar å gjere opp for deg.

Mange av dei som ønsker skilsmisse lurer ikkje berre pengar unna. Dei er så kyniske at dei sørger for å skaffe seg ein skilsmisseadvokat som skal sørge for at dei kan "suge" mest mogleg ut av ekteskapet, materialistisk, før dei stikk.
Andre hyrer advokat av di dei ønsker hemn.
Dei føler seg forsmådd og har bestemt seg for at partnaren ikkje skal slippe så lett unna. Vil "han" ut av ekteskapet, ja då skal det få svi.
Kva eit slikt "oppgjør" mellom to menneske kan få av konsekvensar etterpå, er veia lite tanke. Det er berre om å få mest mogleg sjølv. Gløymt er det at det ein gong var kjensler av den gode sorten tilstades og at eigentleg burde eit eventuelt brot forgå i meir minnelege former.
Sjølvsagt vil det vere vanskeleg å gjere det som vener, men fiendskap fører ingenting godt med seg.

Samfunnet HAR endra seg. Om vi likar det eller ikkje, er ei anna sak. Likevel er det stor sjanse for at vi er blitt meir kyniske. Kanskje det heller vil passe betre om eg brukar ordet meir oppvakt i stadenfor. Eller opplyst, for den del.......... Det kan virke som vi skjønner meir i dag.

Eg meiner det nok ikkje heilt slik eg skriv det. Det blei berre så vanskeleg å sette ord på kva eg meiner. Det blir sånn nesten.........
Det er nok slik at vi veit at det er meir og meir vanleg at ein skiller lag og det gjer oss meir førebudd på nett det. Egosentrismen har nok auka i forhold til tidlegare.
Samstundes er det komen fleire freistingar på markedet som gjer at folk lettare tar opp forbrukslån eller brukar kredittkort. I tillegg er det blitt mykje enklare å få lån og kredittkort.
I dag er det nesten som om at du blir pressa på eitt eller anna kort.
Det er ikkje sjeldan at det dukkar opp tilbod om kredittkort i postkassa.......... Eg veit ikkje kor mykje pengar dei kastar bort berre på meg ved å sende ut kredttkortreklame. Og det er faktisk slik at dersom eg ikkje bit på (noko eg aldri gjer), så dukkar det opp eit nytt tilbod nokre månader seinare (frå akkurat dei same).
Eg vil tru at dei send det ut til veldig mange samtidig og det må då verkeleg koste dei eindel pengar å få laga alle desse brosjyrane?!

Har du eit kundeforhold til Sparebanken Narvik (og sikkert alle andre bankar også, vil eg tru) får du tilbod om å ha noko som heiter ubekymra.
Istadenfor å bli trekt masse i gebyr kvar månad, kan du få ein avtale om at det skal trekkast 30 kr fast kvar einaste månad.
Eit tilbod kjem aldri utan at det er ei hake som må oppfyllast. Det er meir regelen enn unntaket i desse dagar.
Kva er så haka ved å vere "ubekymra"?? Joda, ganske enkelt å svare på! Du må rett slett ha eit kredittkort gjennom sparebanken.
Eit kredittkort du i utgongspunktet ikkje treng å bruke, men likevel er der til freistnad om du "treng" det til den nye og råtøffe skinnjakka du plutseleg kom over, men eigentleg ikkje har råd til.

Lar du vere å bruke kortet, blir du belasta med gebyr. Det må brukast minst ein gong pr år.
Ikkje så kjempestort beløp du må ut med, men det er meir prinsippet.
Så alt i alt lev vi i eit samfunn der det er både kjøpepress, kredittkortpress, krav om ein viss standard osv osv i det uendelege.

Så sånn bunn i grunn er det ikkje så vanskeleg å forstå at enkelte går "rett i baret" og opparbeidar seg mykje gjeld på denne måten.
Vi veit jo at det er fleire som slit økonomisk og då kan det fort gå i den retninga.........
Det er ikkje alle forunt å vere i fast arbeid år etter år. Utdanning har vel aldri vore viktigare før enn no!!

Konklusjonen når det gjeld skilsmisse eller ikkje..............Folk tenker for mykje!!

Ha ein fortsatt fin kveld!! :=)

Hasta mañana!

IWALY!!

søndag 5. mai 2013

Dagens ord: audmjuka!! Hahahaha......... Ikkje det at det er noko spesielt med dette ordet. Ikkje annna enn at ho som leia sportsending som nett blei avslutta, sa at Brann blei audmjuka av Sogndal. Noko som gjorde at eg blei litt flirfull. Audmjuka!!
Det er berre å smake litt på ordet så skjønner du kvifor eg ler. Like nynorsk som åtgaum , kverrsetja og skalkeherming.

No tippar eg at om du ikkje er vestlending (eller liknande vesen), ja så kan det vere vanskeleg å forstå kva desse orda betyr.
For å seie det enkelt. Det er ikkje berre å tenke logisk og tolke orda, for dei betyr noko som ikkje liknar på desse orda i det heile.
Åtgaum har ingenting med å ete å gjere. (Åt). Åtgaum betyr å vekke oppsikt........ Noko eg trur du vil klare å gjere om du bruker ordet, av den enkle grunn at folk vil sjå rart på deg av di dei ikkje forstår kva du bablar om!!
Så var det ordet kverrsetja. Det betyr rett og slett å beslagleggje.
Til slutt var det skalkeherming..........parodi. (Jaja, denne kan vel i ytterste tilfelle, om personen er særs smart, løysast ut frå logisk tenkning. But I have my doubts!)

Audmjuka......... Det var det som starta det heile. :=)

Kjøp og salg av sex. Ille eller ikkje?
I det siste har det vore mykje fokus i media når det kjem til temaet sex. Då med tanke på ei verksemd som seier kjøp og salg av denne sorten. Med andre ord sex utan kjærleik. Ufrivillig eller ikkje. Det er det berre den som utfører handlinga som veit.

Burde kjøp og salg av sex vere lovleg? Eit spørsmål som i første sekund, for meg, har eit svar som er ganske openlyst. I sekunda etterpå derimot........
Det første eg tenker er at det heilt klart burde vere ulovleg. Utan den minste tvil. Eg kan ikkje sjå kva godt det skal føre med seg om vi har ein legalisert form for kjøp og salg av sex.
Så var det dei sekunda som kom etter det første.....
Saka er så mykje meir komplisert enn det vi først vil vere i stand til å tenke. I alle fall kva eg sjølv kan klare å tenke, eller rett og slett forstå.
For korleis skal eg skal klare å ta stilling til ei slik problemstilling når eg ikkje veit kva som ligg bak kvart einaste knull som skjer, lovleg eller ikkje?
Hverken eg eller dei fleste andre kjenner noko som helst til skjebnen til desse damene som sleger sex. Vi veit lite om kvifor dei tilbyr desse tenestene.
BUT........ Vi veit sjølvsagt litt! Vi veit nok til at vi kan meine at det burde vore ulovleg i enkelte (mange) tilfeller. Tilfeller der det er ein hallik som står bak. Ein hallik som krever at dei skal selge sex og gje pengane til han. Så skal liksom han ta vare på dei.
Tilfeller der halliken verkeleg burde bli satt bak lås og slå.
Likevel, vi veit ikkje kva som ville ha vore kvardagen for desse damene om dei ikkje hadde vore "under" denne halliken. Vi veit ikkje om livet deira ville vore betre utan han. For alt vi veit, kan det hende at det hadde vore hakket verre.

Eg trur ikkje (for eg er ganske naiv) at det fins nokon som gjer dette for eiga glede. Selger kroppen sin for pengar. Likevel er det lett å skjønne at enkelte kjem frå kår som gjer at dei har det veldig vanskeleg. Såpass vanskeleg at dei ikkje ser noko anna alternativ enn å ty til "gata".

Vel, no er eg ikkje så naiv at eg ikkje skjønner at det er nokon som gjer det frivillig. Vi har jo dei som er luksusprostituerte. Eg tenker meir på desse du finn langs gatene i byen osv...... Dei som kven som helst kan plukke opp og betale for å få seg eit ligg (eller anna for den saks skuld).
Eg veit jo at det fins luksusprostituerte i god jobb som selger sex. Fleire av dei seier at dei elsker livsstilen.
Forskjellen er vel at dei har sine faste kundar som dei kan stole på. Det er ikkje kven som helst om slepp til og det skjer ikkje under tvang.

Sjølv meiner eg at kjøp og salg av sex ikkje bør vere lovleg, men eg ser problemet med at vi ikkje veit korleis livet til enkelte av dei prostituerte vil bli om dei ikkje har sjansen til å selge sex.
Kanskje teit å tru at dersom dei blir bedt om å slutte, så gjer dei det. Det er ikkje slik det fungerer.
Det hjelper ikkje kor mykje ulovleg det er. Dei berre forflyttar seg. Finn nye område....... Dei finn berre meir skjulte metodar.
Vi vil berre få bort den synlege delen av problemet. Den delen som påverkar oss andre av di vi openlyst kan sjå at det skjer.

"Jeg får det jeg vil ha og hun får det hun vil ha". Eit sitat som i utgongspunktet stemmer. Han får sexen som han ønsker. Ho får pengar.
Joda....... Det er nok det ho ønsker. Pengar. Berre det at det slett ikkje er sikkert at det er den måten ho ønsker å tene pengane sine på. Det er rett og slett ikkje sikkert at pengane "smakar så godt".
Ho gjer det ho må for å kunne leve.............. Han gjer det for å få seg ei kroppsristning. Orgasme for dei som heller brukar det ordet.

Prostitusjon er ei vanskeleg problemstilling. Det er lett å ta avstand frå det, men samtidig veit vi så lite.
For alt eg veit, kjenner eg kvinnfolk som selger sex.
Eg trur ikkje dei det gjeld går rundt og sprer at dei gjer det. Difor kan ein heller aldri seie aldri.
Ein ting er sikkert. Eg er glad eg ikkje veit.

Derfor er du en premenstruell møkkakjærring. Oioioioioi......... Her det snakk om å sette damene i bås! (Sikkert med rette......hahahaha....). Premenstruelle møkkakjerringer! Er det nett det vi er?
Eg veit ikkje heilt.... Eg føler meg ikkje heilt truffen, men kan vel aldri seie aldri.
Kven veit vel kva ein mann tenker på?
Menn er faktisk vansklegare å forstå enn kva vi trur.

PMS kjem alltid attende. Det er ikkje noko vi har berre eit par gonger og så forsvinn det. Er du PMS, er det komen for å bli. Då erobrar det rett og slett kroppen din resten av di menstruelle tid. (Enkelte opplever vel kanskje også at ikkje PMS´n forsvinn sjølv om mensen blir borte. Den følger rett og slett med kvinna inn i overgongsalderen. Uheldige menn.... Hahahaha...... Sure kjerringer er digg, liksom.

Symptomar startar som regel rett etter eggløysing og varar til mensen er ferdig. Altså rundt omkring ein to ukers tid.
Halve samlivet, med andre og enklare ord!!

PMS kan samanliknast med narkomane som får abstinensar!
Så spørs det kvifor vi blir så "bitchy" i desse periodane våres.........
No måtte eg no berre sjekke litt fakta her heime og spørre om eg er/har PMS. Svaret var jo då ganske oppløftande. "Neida, du e kje nåkka premenstruell".
Då er eg kanskje ikkje så "bitchy" likevel då! (Sjølvsagt fint å vite det......... For då kan eg jo bli litt meir "bitchy, slik at det blir litt meir rettferdigheit i samfunnet. Kvifor skal enkelte ha det betre enn andre kanskje?? Hahahaha........)

Det er sundags kveld og i morgon er det ny arbeidsuke. Ei kort ei sådan. Så ha ein fortsatt fin kveld og ei fin ny uke!!
Hasta mañana!

IWALY!!




lørdag 4. mai 2013

Stor mage er ingen hindring for sex. Så dei vordende mødre som tenker at det vil bli deileg med litt fritid frå mannen.......ja, dei må nok tenke seg om på ny. Dei må no finne på ei litt betre årsak enn det lille nurket i magen.

Eg trur ikkje eg skal gå like langt i konklusjonane mine som han "professoren" som har komen fram til dette. Han reknar med at "Fifty shades" har delar av skulda for dei som går gravide i desse dagar og at det difor er nødvendig å seie at dei reiskapa som blei investert i rett etter lesinga, slett ikkje treng å gøymast bort i skuffa.........
No skal ikkje eg avsløre kva som er i mi skuffe eller ikkje, men eg kan seie så mykje at sjølve triologien eg las i haust, ikkje hadde like stor påverknad på meg som på enkelte andre. Med andre ord så rann eg ikkje ned kondomeria for å kjøpe erotiske reiskapar berre av di eg las ein serie som var temmeleg hard. (Sjølv om den til sjuande og sist endte med både bryllaup og born...)

Sex kan ikkje skade fosteret, så uansett kor velutstyrt den betre halvdelen din er, så er det berre "tut og køyr".
Og akkurat i den tida der du føler deg mest som ein floshest, ja då kan det faktisk hende at din kjære ser på deg som DEN sexbomba!!
Graviditeten er tida der du kan legge misjonærstillinga på hylla. Eit genuint høve til å teste ut andre stillingar utan at du treng å lure på om du skal tøre å foreslå det eller ikkje. Det tvinger seg fram av seg sjølv!!

Kor slappar du best av? Svaret ligg vel i stor grad i om du er ein person som er innadvendt eller om du er utadvendt. Det er rimeleg stor skilnad på kva ein trives best med ut ifrå kven ein er som person.

Eg vil tru at dei personane som er innadvendte gjerne slappar best av den tida dei får vere åleine med seg sjølv.
Utadvendte, derimot, trivst nok best i andre sitt selskap. Energien kjem vel mest sannsynleg gjennom å vere med vener.
Så kan ein jo då lure på korleis eit innadvendt menneske kan ende opp med eit som er utadvendt.

Eg trur nok mange ser på dei utadvendte som meir vellukka enn den som ikkje er det. Gjennomsslagskraft og sjarm er to stikkord her.
Så kan ein jo diskutere om ein vil vere einig i det eller ikkje.
Ein ting som er sikkert, er i alle høve at det er dei utadvendte som dominerer i samfunnet vårt, på godt og vondt.

Enkelte prøver å vere utadvendte, men det er ikkje gitt at kven som helst kan vere det. For enkelte ligg det nok berre ikkje i deira natur.
Det er ikkje alle som syns det er ok å delta på arrangement etter arrangement, medan for andre kan det hende at det er nett det som er lykke. (Eg vil tru at for dei første så vil dette berre vere "slitsomt").

Å vere åleine for å hente energi.......... For den utadvendte kan det hende at nett det å vere åleine er det som faktisk tappar ein for energi. Altså har det motsatt verknad.
Så det er inga tvil at vi som menneske er ganske ulike.

Av og til kan det virke som om at samfunnet rundt oss forventar at vi skal vere sosiale. At vi skal menge oss og bli kjent med mange nye menneske.
Den innadvendte brukar nok meir tid enn den utadvendte på å reflektere over ting. Det blir sjølvsagt meir tid til det blant dei!

Sånn eigentleg er det berre bra at vi er ulike. Dersom enkelte syns det er stresande å vere sosial ofte, så må dei respekterast for det. Det er ikkje slik at ein treng å sjå på dei som særingar av den grunn.
Sjølv er eg ganske utadvendt, men eg set også pris på den stille stunda og eg kunne ikkje tenkt meg å vere sosial kvar einaste helg.
Det er deileg å dra på hytta, berre for å kople av frå det vanlege A4-livet ein lev til vanleg.

Det er klart det er gøy når det skjer noko, men blir det for mykje, stoppar lysta seg sjølv.

I dag er det laurdag og det er kveld. Dette er ein kveld der det er deileg at det ikkje skjer noko. Det er deileg at det berre er meg, sofaen og dataen.
Ikkje det at eg reflekterer så alt for mykje, men eg stressar i alle fall ikkje med noko som helst.
Ein tilpassar seg............. :=)

Som sagt det er laurdagskveld...... Anten er du ute på fest, deltar i sosialt lag på eitt eller anna vis, eller du gjer som eg........berre slappar av og gjer katta i kva elles som skjer i verda.  Det er berre deg sjølv og det du vil ha rundt deg.
Om du i løpet av kvelden les dette, er det vel ikkje så stor fare for at du er så sosial nett denne kvelden.
Det kan vere herleg det også!

Ha ein fortreffeleg kveld, uansett om du er utadvendt eller ikkje. It´s your life!
Hasta mañana!

IWALY!!!
Du ble et mindre og mindre minne. Nå er du et mareritt.  Kva er det som får ei mor til å forlate sine born og ikkje gje lyd ifrå seg på elleve år? La dei tru at ho er daud......
Utan eit ord, berre vips....borte.
Eg trur aldri eg kan forstå noko slikt.

Eg kan skjønne jenta på 19 år som ytra at mora blei eit mindre og mindre minne. Heilt til ho plutseleg dukka opp på ein politistasjon og gjorde seg til kjenne. Då blei ho eit "mareritt". Eg forstår det godt.
For først lot ho jenta (og broren) gå gjennom ein stor sorgprosess for å ha mista mora. Ikkje berre sorg for å miste ho, men også sorga over å ikkje vite kva som skjedde.
Dei måtte leve i uvissa om det var skjedd noko kriinelt og kva det i så fall kunne vere.
Kva born er det som enkelt taklar det?

Det er vel slik med oss aller fleste.....at ein "gløymer" meir og meir etterkvart som tida går. Ein lærer seg metodar for å stenge enkelte ting ute.
Viss ikkje ville det ha vore ein del uuthaldelege skjebnar rundt om i verda. Det er på ein måte eit av våre overlevingsinstinkt. Det må til for at vi skal kunne gå vidare.

Viss ein etter mange år, slik som i denne saka, oppdagar at ein er blitt "narra", at ein har gått i gjennom ein tung og vanskeleg prosess og at det kunne vore unngått....?! Ja, det seier seg sjølv at første reaksjon neppe vil vere glede.
Det spørs om gleden over det nokon som helst gong vil gere seg gjeldande. Det kjem kanskje litt an på i kor stor grad ordtaket "blod er tykkere enn vann" lar seg gjelde, og i kor stor grad mora til desse to ungdommane verkeleg får vist dei kor ho angrar eller får fram at det låg ei god årsak bak det at ho berre stakk.

Ekteskapet gjekk mot skilsmisse, men det åleine er ikkje årsak nok til å lemne dine eigne born.
Ho haika med heimlause som ho hadde blitt kjent med og blei hos dei.

Politiet erklærte ho ikkje daud før i 2009, sju år etter at ho forsvann, så ho har kosta samfunnet mange pengar og voldt sine eigne stor smerte.

Eg vil tru at for å forstå ei slik handling, så må ein nesten vere i stand til å kome inn i hovudet på den det gjeld.
Ei mors kjærleik er som regel ganske sterk og det skal mykje til for at ei mor berre kan stikke av sånn utan vidare. Utan ein einaste lapp..........
Eg kan ikkje anna enn anta korleis borna må ha hatt det og samtidig forstå at dei ikkje er interessert i å gjere det enkelt for ho.
Ho tenkte på dei kvar dag, men tok aldri kontakt.

Gir barna våpen før de begynner på skolen. Normal livsførsel, påstår ein dommar!
Det er greit at Amerika har eit anna våpensystem enn oss, inkludert det med kven som har lov til å bære våpen eller ikkje. Likevel er det eit grovt overtramp mot eit born å vise det nok tillitt til at den kan få tilgong til eit våpen før ein når skulealder.
Vis meg det bornet som er i stand til å beherske noko slikt til fulle. (Då tenker ikkje på det å mestre å skyte med det, men det å mestre det i form av å IKKJE bruke det).

Gutt (5) skjøt og drepte lillesøster. Ei sak som verkeleg prover galskapen i det heile.
Å få eit forhold til våpen i ein så ung alder....... Ufarleggjere våpen på ein slik måte når det er alt anna enn ufarleg. (Og alle burde frykte våpen og det eit våpen kan gjere mot eit anna menneske).

I Kentucky er det tvilsamt at det er særleg mange som ikkje har skytevåpen i husa sine, også berekna på born...... Det er meir vanleg enn at det ikkje er det.
Å skulde på at det er ein viktig del av den amerikanske historia, blir rett og slett for dumt.
Greit nok at det har vore "tradisjon" i lange tider, men historia treng jo ikkje la vere å fornye seg berre av di noko var vanleg før. Alle skulemassakrane burde jo vere glimrande eksemplar på nett det!

Jaja.....Ei crazy verd!! Enno godt at vi ikkje merker så mykje av den sjølv!
Det er fredag, det er helg. Nyt det! :=)

Hasta mañana!

IWALY!!

torsdag 2. mai 2013

Endrer reglene om navlestreng. No skal det kome nye reglar for kva tid navlestrengen kan kuttast. For tidleg avklemte navlestrenger kan føre til hjerneskadar og adferdsproblem hos born.
Jaujau........ Det er mykje dei forskar på og ikkje veir eg korleis dei kjem fram til svaret.
Det eg imidlertid veit, er at det har blitt født born etter born i all tid før no og det er rart om born plutseleg no skal bli påverka av kva tid navlestrengen klippes.
Dei finn no så mykje rart i dag.........

Om eit born får kutta navlestrengen litt tidleg og får vanskar. Kva då med det andre bornet som også blei kutta altf for tidleg og likevel ikkje fekk eit einaste problem. Smartaste kniven i skuffa, kanskje........ Er det då det bornet med vanskar som skal legge grunnlaget for kva som verkeleg stemmer?

Eg er ikkje noko lege, eg kan ingenting om navleklipping så eg er rett og slett blank på området. Det betyr likevel ikkje at eg ikkje tenker mitt.
For tida tenker eg mykje på at det er mykje rart dei prøver å finne ut for å ha noko å skulde på.
Det skal vere ein diagnose på alt.
Har ein litt mykje energi, har ein adhd. Heilt klart!! (Berre for å ta eit eksempel.)

Viss det å ha navlestrengen eitt minutt ekstra, betyr forskjellen på om du får vanskar eller ikkje, ja då må dei vel berre sette ei ramme for kor lang tid det skal gå,........... men............

Når hunder rir. Dei fleste har sikkert ein eller annan gong opplevd at ein hund er vårkåt Det er nok ikkje berre vi menneske som er det.
Sjølv hugser eg at eg rundt tiårsalderen opplevde at ein hund plutseleg byrja å jokke på foten min. Lite visste eg om kva det var han gjorde, men eg dytta han berre vekk. Litt småredd gjekk eg unna og eigaren tok hunden med seg og gjekk.

Det er vel eit ord som er ganske dekkande når det kjem til våryrskap. Hormonar!! Hormonar er ordet. Ingen tvil om det.
På lik line med oss menneske, så har hunden plenty av hormonar. Det er berre det at mengden varierer med årstidene. Våren er då ei av dei betre (for hunden). (Men det fins sikkert kjerringer blant hundane også som seier nei til litt hygge). Hahahaha.......

Når hunden "rir", skiller kroppen ut endorfiner. Noko som ger at hunden har ein slags følelse av rus.
Desse endorfinene er med og sørger for at hunden ikkje klarar å styre seg sjølv, noko som kanskje kan vere med på å forklare kvifor ein menneskelegg kan vere så interessant.
Er ein desperat så er ein desperat. Det er berre slik det er!

Berre så det er sagt. At ein hund rir, treng ikkje nødvendigvis bety at den har sex. For det er nett det dei fleste tenker (inkludert meg sjølv).
På lik line med oss, fins det hundar som er meir sexfikserte enn andre. Har du til dømes ein labrador i hus.......ja, då treng du ikkje bli forbausa om den er i overkant ivrig. Hunderasen er kjent for det......

Jaja, det er ikkje berre vi som har behov for å formeire oss.

Nei, heilt sånn utan vidare har denne jomfrua oppdaga at det bekkar midnatt kvart augeblikk. Ikkje bra.
Eg skulle akkurat til å leite opp eit par djusie saker, men det får vente........ Det kjem trass alt ein dag i morgon også.
Så sov godt!!
Hasta mañana!

IWALY!!!


onsdag 1. mai 2013

Dagens høydare......

Det er 1.mai og dagens høgdepunkt var rett og slett det å få treffe på denne kjekke og unge mannen!! På 13 år er det berre litt kraftigare lår og litt meir mage som er å spore av endringar. (Hahahahaha......Eg måtte berre kommentere magen, sjølv om den nesten ikkje er merkbar større).

Av alle studentane frå høgskuletida mi, er nok dette mannen som er komen seg mest opp og fram. Går det som han sjølv ønsker, har han stortingsplass frå hausten av. Då kan eg skryte på meg at eg kjenner ein på tinget!! Digg! :=)
Så for at eg skal kunne gjere det, må eg nok be deg om å gje han ei ekstra stemme!! Hahahahaha....... Sjølve politikken er vel ikkje så nøye?? Eller??? 

Nei, det siste var no mest berre på skøy. Mannen på biletet heiter Marius Meisfjord Jøsevold. Han har studert ilag med meg og er ein knakande kjekk, ung og lovande mann. 
I dag har han holdt tale i sjølvaste Kjøpsvik og det er megasynd at det ikkje var fleire som høyrte på den bra talen han hadde her. Sjølv om eg ikkje er SV´ar, er det inga grunn til å tvile på at eg kjem til å føre Marius opp på mi liste. 
Det er nesten synd å seie det, men eg trur han som er helgelending faktisk vil gjere meir for distriktet vårt enn ho som allereie bur i regionen vår.

Han har trua på det han gjer og han er flink til det. Han har gode verdiar og god kjennskap til kva som rører seg rundt om i distrikta. 
Difor meiner eg at det er viktig at vi som bur sånn til som vi gjer, gjer det vi kan for å få slike folk opp og fram. Difor meiner eg at du bør gje denne mannen ei stemme til hausten!! 

Etter alle desse åra sidan høgskuletida, var det kjempemessig å få gleda av å treffe på han att. Vi er alle saman spredt rundt om i landet og det er ikkje ofte at sjansen byr seg for å treffe nokon "medstudentar". Det set fart i tankane rundt både musikalar, festar, turar, samtalar, venskap og elles alt som høyrer studietida til. Ei fin tid eg trur vi alle ser tilbake på med glede.   

Heilt oppriktig.......Eg trur det vil vere ein bra ting å gjere om du gjer han anten ei stemme eller slengstemme!! Med hjarte for Nordland........

1.mai betyr tog og tale, men det betyr også at gatene fylles med ungdom i grøne drakter. På godt norsk blir dei vel kalla for russ. Russ på godt og vondt. Dei aller fleste ungdommane som er russ, er snille ungdom som berre har det litt gøy. Likevel fins dei vel dei som gjer mykje ugagn også. Heldigvis har vi stort sett blitt skåna for slikt her.
I alle fall er det stor "ståhei" (i positiv forstand) blant dei minste......... "Mamma, æ træng vanngeværet mett! Kan du fyll det for mæ?" Det er full guffe heile dagen.
Dei minste plagar seg på dei eldste i håp om at russen skal ta dei. Enkelte blir tegna på, andre blir våte og dei aller raskaste kan vere heldig og kome seg unna. Adrenalinet pumpar uansett for fullt hos dei små håpefulle!!
Min kar var mest "iriitert" på mora for at ho tvinga han inn for å få på seg tørre klede. Orda "Viss ikkje du får på deg tørre klede, ja då må du rekne med å bli sjuk!" prella av på ein som straks er ni år. At mora kan ha rett i ei slik sak, kan vere vanskeleg å fatte. Det er jo berre teit. (Og ikkje minst sløsing med artig tid.)

Med eit halvt auge ser eg på fotball. Eg ser ikkje, sånn eigentleg, men det er vanskeleg å unngå at noko kjem med i synsvinkelen til mitt blotte auge. Uavhengig av om eg ønsker det eller ikkje.
No er det ikkje så ille med tanke på at det er Bracelona som speler, berre det at det er trasig fotball å sjå akkurat i dag.
Kva er det som skjer med tyskerane? Dei har verkeleg arbeidd seg opp i det siste. Målforskjellen Bayern Mûnchen har mot Barcelona er sju null. Barca har sluppe inn heile sju mål utan å skore sjølv. Det er noko som ikkje stemmer.
Ein ting er sikkert og det er at eg ikkje kjem til å nemne noko resultat for gutungen min når han vaknar i morgon tidleg.
Ikkje av di han kan melde seg inn i klubben for gretne gubbar, men rett og slett av di han er ihuga Barca-fan og vil bli alt anna enn lukkeleg for det.

Eg er glad det berre er snakk om eit halvt auge...... Eit halvt auge irriterer seg mykje mindre enn to auger. Det eg ikkje får med meg, kan eg vel heller ikkje irritere meg over.

No skal eg ta med meg halvanna auge og gjere noko fornuftig, så du får ha ein fortsatt fin kveld (sjølv om det ikkje er lenge att av den).
Hasta luego! :=)

IWALY!!


Gratulerer så mykje med dagen! Det er arbeidernes internasjonale "kampdag" i dag. Dagen der ein kan vise arbeidarklassen sin styrke og føre fram viktige saker som vi idag meiner er viktige for oss. I utgongspunktet...........
Det er i alle fall det dagen er meint til å vere. Om arbeidarane stiller opp og gjer dette, er ei heilt anna sak.

Vi må heilt attende til slutten av 1800-talet for å finne "starten" på feiringa. Om eg ikkje tar heilt feil, var den første 1.mai-feiringa her til lands i 1890. Då sjølvsagt i Oslo (eller Kristiania som det heitte). Det kan hende eg bommar litt på årstalet, men er ganske sikker på at eg er bra nær!

Den gongen var det nok arbeidsdagen (i tid) som hadde hovudfokus. Først i 1919 nådde dei målet om 8 timars arbeidsdag.
Først i 1935 blei dagen ein offentleg flaggdag. Ein festdag, kampdag og symbol på styrke. Ein dag som mest sannsynleg er komen for å bli.
Dei siste åra har også den politiske verda blitt ein del av markeringa.

Sjølv om dette er ein dag som innbefattar mesteparten av innbyggjarane i dette landet, er det nok langt færre som "bryr seg" om det dagen står for. For mange er det berre deileg med denne dagen av di dei får fri frå arbeid. (Dog ikkje skiftarbeidarar..........men den vanlege dagarbeidaren).
Før i tida var det slik at dersom ein var med og gjekk i 1.mai-toget, så viste ein seg som en del av eit fellesskap. Akkurat det var viktig for folk. I dag handlar det gjerne (for mange) om kva dag datoen landar på, vèret og dagsforma.
Er dagen på ein måndag eller fredag.....ja då er det vel "langhelg" på hytta som gjeld, eller sjansen til å reise bort andre stader. (Altså berre ein fridag som passar godt inn).
Regnar det ute, skal det vel litt meir til for at ein stiller opp og deltar i toget og høyrer på talen enn om det er sol.
Innstillinga vår er heilt anna enn for eindel år attende i tid. I dag har vi forbunda som arbeider fra rettigheitene for oss. Vi lit på at dei skal kjøre kampen for oss. Vi har betre enn nokon gong og difor er det ikkje alltid like lett å sjå at meiniga med dagen framleis er like viktig.

No skal det i same slengen seiast at dette umogleg kan gjelde alle. For all del.... Det er mange som stiller opp år etter år og deler sitt fellesskap med alle dei andre som møter opp. Det er ikkje det. Det er berre det at antalet i stor prosentmonn er mykje mindre enn tidlegare. Det er fleire som "gjer blaffen" enn tidlegare.

Sjølv har eg aldri gått glipp av ei einaste 1.mai-feiring. Då tenker eg på i form av tog. Eg kan ikkje skryte på meg at eg har høyrt alle talane, men toga har eg deltatt. Så kan eg jo lure for meg sjølv om det er av di eg er musikant, eller om eg ville ha møtt opp uansett.
Fram til eg var 12 år, dro mor mi meg med kvart einaste år. Etter den tid har eg spelt........
Eg speler i dag også. I dag skal eg faktisk høyre på talen også. Så spørs det om det kjem av at det er ein studieven av meg som skal tale, eller om det er av di eg ser på det som viktig å gjere.
Fellesskapet blir eg jo ein del av uansett gjennom toget.
Talen blir jo etter all sannsynlegheit av politisk art og ikkje frå arbeiderrørsla si side, men ganske sikkert som eindel av valgkampen.
Er talen i dag god, er sjansen for å få stemmer ved valget mykje større enn om den ikkje er det.
Så fokuset er kanskje endra litt frå "gammeldaga"......... (Sjølv om ein kan forvente at einkvar talar ganske sikkert kjem inn på betydninga av denne dagen).

Ha ein fin dag!
Hasta luego:=)

IWALY!!