lørdag 13. april 2013

Iransk forsker hevder å ha funnet opp maskin som kan spå framtiden. Joda, born trur på nissen og han trur på dette. Same greia sikkert..........

Den vil ikke bringe deg med inn i framtiden, men den vil bringe framtiden til deg. (Sitat frå Dagbladet på nett).
Eg veit ikkje heilt korleis eg skal forstå den setningen....... Men det er kanskje ikkje meininga heller?!
Maskinen skal i alle høve kunne spå 5-10 år fram ti tida ved at du tar på den. Det beste er at det er 98% sikkerheit! Tru det eller ei.... Hahahaha......Så kan du jo lure på om denne jomfrua bit på! :=)

Kina skal få skulda for mykje i denne verda.
Forskaren seier det ikkje vil kome noko prototype av maskinen dei første åra. Årsak?
Dei er redd Kina skal stjele idèen og produsere millionar over natta!
Kanskje eg skal kontakte denne forskaren og prøve å "forhandle" meg til eit eksemplar?

Gamle kroppsdeler omgjøres til veiskilt.  Fisj.......Creepy! Ekkelt!!

Ukas KK er forseinka. Det er i alle fall ikkje dukka opp i postkassa mi enno. Akkurat i dag er det litt kjipt for hjernecellene mine har litt problem med å svømme fort nok til at dei kan skape eigne tankar.
Når avisene ikkje har noko som helst spanande og hjernecellene ikkje "funker", kan KK vere løysinga!
Sånn der naudsituasjon......... Det står jo alltids litt om "sex og samliv" og slanking. To tema som aaaaldri blir diskutert ellers. Hahaha......
Kanskje eg tar heilt feil og blir overraska denne gongen?! Håper det kjem i morgon og ikkje først på måndag.
Det heiter så fint "Posten skal fram".

"Siste" nytt er at ordføraren frå vår kjære nabokommune ønsker bomstasjon på Kråkmofjellet. Pengane som kjem inn skal brukast til å utbetre vegen over Hamarøy.
Viss det skjer, treng ikkje tungtransporten gå over Kjøpsvik lenger og ifølge papira som er i denne saka, innebærer det at dei foreslår at ferga Drag-Kjøpsvik legges ned.
Ei sak dei sjølvsagt ønsker at vi skal støtte.

Har eg ikkje ledd før, så ler eg i alle høve no!! Støtte ei slik sak?
Her er det mange som ønsker fergefri E6 og så skal dei sitte der på andre sida og kuppe heile greia? Nåneidu!! No håpar eg politikarane her er vakne og sørger for at det aaaaaaaldri kjem noko bomstasjon på Kråkmofjellet! (Eller andre stader der målet er det same, for den saks skuld).

Transportnæringa har sagt ifrå til styresmaktene at dei ønsker fergefri E6, så tvilar på at dei ønsker ei utbetring av vegen som allereie er.
Det skal i alle fall bli meg eit holoi om ferga skal tas ifrå oss.

Nei, når hjernen tar kveld, då tar jomfrua også kveld. I´ll give it another try tomorrow!
Hasta luego! :=)

IWALY!


torsdag 11. april 2013

No trur eg det er enkelte som tar heeeeeilt av!! Dagbladet har ein artikkel som seier "Kvinner trenger ikke BH".
Eg vil tru at det er menn som står bak det sitatet og det må verkeleg vere nokre mindre smarte glupisar som har konkludert med det!

Neida, det er sikkert berre tull at BH hjelper på ryggen og på nakken. Eg treng ikkje lese artikkelen for å skjønne det.
I tillegg står det garantert om at ein ikkje får hengjepuppar om ein spring utan BH. ALt er sikkert heilt korrekt også. Det er det verste av alt.
Likevel........ Eg vil sjå dei mannfolka som har testa ut korleis det er å ha bryst og ikkje ha BH på. Korleis det er å springe utan.
Det er ubehageleg om ein berre skal gå også. (Med mindre ein har størrelse A på brystene eller er brystlaus.............)

Viss ein har hengjepuppar, er det lite sexy å gå utan BH. Definitivt.
Kor lekkert er det å sjå at enkelte har niplane sine nesten nede ved navlen?? Dei skal jo vere midt mellom albue og skulder. Og kor deileg er det eigentleg at dei sprett opp og ned når du hoppar eller løp rundt omkring?

Sanninga er at ein professor har sagt at dersom ein brukar BH, ja DÅ får ein ryggplagar og hengjepuppar. Det er til inga nytte å nekte pupene tyngdekrafta. Slik er det berre.

Det er jaggu meg godt vi ikkje er pålagt å følge desse forslaga som desse viktigperane kjem med. Eg brukar BH og kjem alltid til å gjere det.
Så kan du jo sjølv tenke deg til kva tidspunkt den hamnar på golvet...... (knaggen). Hahahahaha..........

Før måtte man være smart for å si noe på tv. Trond Viggo Torgersen...... Du har heilt rett!! Så kan du sjå på Paradise Hotel og finne ut om du nyter forskjellen. (Utviklinga). Eg veit du har sett sexscenene, så det er vel difor du har kome med denne ytringa.
Ei verd i utvikling!!! (Samfunn....)

Jaja...... Nord-Korea har soldatar med stiletthelar, vi teng ikkje BH og Paradise Hotel er programmet vi skal lære av i dag! Kan det bli betre? I´m just asking...........
Eg får nok sove godt uansett!!

Ha ei fortreffeleg "resten av kvelden-tid" og sov godt!!

Hasta mañana!!

Wish......

Ein herleg dag!! :=)))

Så fekk vi ein ny herleg og fin soldag! Sola som avlar positiv energi....... Heilt utroleg deileg. Så no håpar eg det er vår vèret som gjer seg gjeldande.
Så spørs det kven som har tilbringe dagen på ein sofa foran ein skjerm og kven som har utnytta sola.
EG har gjort det siste.
Eg var såvidt innom heime etter arbeid før eg var ferdig påkledd og klar for tur. Skitur. Skihytta. Mutters åleine.........

Det nydelege vèret sørga for at det var vindstille opp langs heile dalen. I heilt eigne tankar, var det berre å trø på. Eg naut kvart sekund!

Diverre kan ikkje ein slik dag vare evig.........

Nå har Kim Jong Un skaffet seg kvinnelige soldater i høye hæler. Eg må ærleg innrømme at det er eit av dei mest tåpelege bileta eg har sett. Kvinner i soldatuniform og stiletter. AG3 og stiletthæler!!! Slå den. Det er noko ein bør ta seriøst......... Hahahaha...... Berre teit, spør du meg!

No er det eingong slik at Nord-Korea er avhengig av kvinner i forsvaret. Jaja...... Greit nok det, men stiletthæler?
Jomfru Knutsen har nok med å klare å gå "normalt" med slike hæler, og då er det rett og slett vanskeleg å sjå for seg at desse nette kvinnfolka skal klare å spurte i ein naudsituasjon.
Og for dei som ser for seg "Sovjet-stilen", så er altså hatten også med.

Nei, eg kjem plutseleg på at eg skal på musikøving snart. Så då er det berre å pakke saman. Kanskje det kjem litt meir i kveld.

Hasta luego........

More than words......
Skihytta 11.april 2013

onsdag 10. april 2013

ADHD. Attention deficit hyperactivity disorder. Eit "begrep" vi byrjer å bli riktig så vane med no. Ein diagnose som stilles på mange born i dagens samfunn. Gjerne på litt viltre born.
Så kan ein spørre seg om alle dei som blir satt på medisin faktisk har fått rett diagnose, eller om dei faktisk aldri skulle ha hatt noko form for diagnose i det heile.

I Amerika har dei forska på nett dette. Kor realistisk er det når ein av fem ungdomar i vidaregåande skulealder har fått diagnosen ADHD?
Berre sidan 2007 er det ei aukning på heile 16%. Ergo vil eg tru at sjansen for at enkelte er feilmedisinert er rimeleg stor. Samtidig veit vi at personar som blir medisinert for ADHD og ikkje har det, lettare kan ende opp med misbruk og avhengigheit.
OG......Veit vi kor mykje av pillene som endar med at dei blir gjevne bort til vener og likande?
Ikkje veit eg.......

Noreg ligg etter USA, men likevel ikkje så veldig langt. Berre dei siste 10 åra har born med diagnosen auka med heile 53%. Viss ikkje det er eit høgt tal, ja då veit ikkje eg.
Vi har nett dei same tendensane her som dei har i USA. Ingen tvil om det!

På lang sikt kan det vere at medisinering ikkje var det som skulle til. Uroen bornet hadde i kroppen kunne kanskje kome av uroen i samfunnet rundt oss. Uroen i familien......... Det er mange faktorar som gjer seg gjeldande når det kjem til eit borns liv.

Sjølv om det er lett å anta at det er fleire som blir medisinert enn det faktiske antalet personar som har fått rett diagnose, så er det inga tvil om at dei som har det i stor grad verkeleg treng denne medisinen.
Det er jo viden kjent at born med ADHD har større sjanse for å utvikle følgevansker, depressivitet, angst og psykososiale problemar.
Langt frå alle gjer det, men statistikken viser sitt. Då er det supert at det fins medisin som kan forebygge nett dette. Kjempebra!

Det blir feil i det augeblikket diagnosen stilles på bakgrunn av symptomer. Skal ein stille ein slik diagnose, vil eg påstå - sjølv om eg ikkje er noko lege - at ein bør gjere grundige observasjonar av bornet og dets livshistorie. Då er sjansen for at ein treff rett litt større........

Det er mange born som kan vere i overkant aktive. Eg meiner fast bestemt at mange av desse borna ikkje treng noko diagnose. Dei treng utfoldelse! Få lov til å vere i aktivitet og ta seg heilt ut.
Skal far i huset ut og stable ved, ja så ta med gutungen (f.eks) og la han også få stable litt.
Legg til rette for at bornet kan få lov til å vere aktiv og så må heller bornet lære seg at enkelte stader er det nødvendig at "han" sit i ro og gjer det han blir bedt om.
Blir ettermiddagen til ein rastlaus unge brukt foran tv-skjermen, nintendoen, dataen......ja, you name it, då finn bornet garantert på enkelte sprell når han er ferdig med å spele. Han har ikkje fått ut energien sin  og då kan ein jo berre tenke seg følgene av det.

Det fins eksemplar på at born har "mista seg sjølv" pga medisinering. Ein gut eller ei jente som til vanleg er blid og kanskje litt uroleg............ Medisin..............blir sløv, stille, uttrykkslaus i andletet, gjer det han/ho skal, men er alt anna enn det bornet (som var essensen i akkurat det bornet) som det var før medisinen.

No er det viktig å påpeike at eg ikkje tar utgongspunkt i noko som helst form av eigne erfaringar ved eigen skule!! Det ville vere eit grovt overtramp........ Eg snakkar ut frå tidlegare erfaringar der foresatte til kjenningar har hatt meininger om dette. Andre, frå same yrket som eg, men frå heilt andre stader i landet, har lufta sine meiningar i frustrasjon over dette, gjerne for å høyre kva andre meiner og at dei ønsker tilbakemelding på kva dei bør gjere i forhold til slikt. Nett av di dei opplev å hamne i situasjonar der dei meiner dei har med born å gjere som aldri burde vere medisinert.
Fleire av dei har faktisk bedt om at det skulle tas med i det skriftlege at dei motsette seg at bornet burde medisinerast, kanskje av di dei er redd for at det seinare skal hamne noko på deira bord som gjer at dei må forsvare kvifor dei gjekk med på det. Eg veit ikkje.........

Det er eit følelseslada tema dette med ADHD. Det er mange som reagerer sterkt, både på godt og vondt, når det dukkar opp diskusjonar rundt denne diagnosen.
Diskuterer du med ein forelder som har eit born med ADHD, er det viktig at ein trår forsiktig. Ein må vere varsom med kva ein seier. Nett av di det er så følsomt for dei som lev midt oppi det.

Eg lurer på ein ting........ Eg antar at enkelte får biverknadar av medisinane?! Ikkje berre antar, men eg går sterkt ut ifrå nett det.
Viss dei gjer med borna som dei gjer med dei eldre her til lands, betyr det at dei blir medisinert mot biverknandane også. Altså ADHD-medisin pluss medisin for dei biverknadane medisinen gjer.
Kanskje får dei nye diagnosar etter kvart som åra går og må medisinerast for et også.
Dette må då verkeleg vere grobunn for at borna til slutt kan ende opp som kronisk sjuke. (Kanskje ikkje allereie i bornealder, men seinare......)

Kva med borna sine tankar?
Vil alle born som tar medisin eigentleg ta den? Kvifor gjer dei det eigentleg?
Dei fleste borna som får diagnosen er veldig lydig og grei når det kjem til å ta denne medisinen sin. (Untak fins det vel alltids.....). Kven tar seg tida til å spørre kva bornet sjølv føler og vil?
Dei tar medisinen. Dei gjer det for samfunnet, skulen og foreldra si skuld. (Dei borna som eigentleg ikkje ønsker det).

ADHD er verkeleg eit vanskeleg tema og det er sikkert ikkje lett å vere forelder til eit born der du må vurdere om dei skal medisinerast eller ikkje. Eg reknar med at dei fleste foreldre er skeptiske og eigentleg ikkje ønsker at borna skal få i seg all medisinen. Likevel blir dei nøydd til å veie det opp mot det positive som medisinen fører med seg og dei positive følgene det kan kome til å ha for bornet.
Vi veit vel ingenting om nett dei følelsane som blir satt i sving før vi hamnar i situasjonen sjølv.

Det er lett å anta. Det er lett å vere betreviter. Eg trur det sit mange foreldre rundt om som kan seie mykje om temaet. På godt og vondt. Dei har verkelege erfaringar å vise til. Primærinformasjonen!

Eg håper eg har klart å la vere å skrive noko som eventuelle foreldre til born med ADHD vil føle seg provosert av. Det er i så fall ikkje meininga.
Hovudmålet mitt er vel eigentleg å få fram at det fins born med rett diagnose og som verkeleg treng den hjelpa medisinen kan gje dei. Likevel ser vi at det motsatte fins også. Konsekvensane for dei borna er like viktige.......... Alle borna er ulike individ, men alle er like viktige.
Det er viktig at eit samfunn ikkje hiv seg med på ei bølgje.........

Eg føler det er blitt litt meir fokus på feilmedisinering i det siste. Difor håper og trur eg at vi vil sjå ei betring på det området.
Bornet i fokus!!

Hasta mañana! =)

IWALY!!

tirsdag 9. april 2013

Boff.......... Eg har visst heilt gløymt av å skrive i dag. Plutseleg er klokka passert elleve og eg er stuptrøytt!! (Mildt sagt).
Eg kan jo sjølvsagt hente meg eit par fyrstikker og satse på at dei gjer jobben sin med å halde augelokka mine oppe, men det høyres ikkje heilt behageleg ut, så eg trur eg lar vere.
Dessutan trur eg at eg er litt lett antenneleg i dag, og då er det vel ikkje det luraste ein gjer.........å leike seg med fyrstikker!! Hahahaha.......

Det beste sitatet eg har lest i dag, var frå ei venninne. Ho skulle kommentere humoren som eg har i dag. Eller i dag og i dag.........
Tenk innimellom ......... djiiiiiiises førr en dårlig humor....... men så tar æ mæ sjøll i å flir godt t dæ likavel ;))))
Herleg!! I just love it!! Thihihihihi...................

Cruise om skilsmissen: Tragikomisk. Tja, så er det vel det.
Cruise har i alle fall opna seg for pressa slik at vi kan få oppdatert vår kunnskap på den fronten. Important information we call it!.
Uansett, det er hans humoristiske sans som bergar han. (Marita, kanskje han skulle byrje med meg?? Tippar du vil synes det er ein god ide!! Hahahaha...... Så kan vi ha sjuk humor ilag!) :=)

Du kaster vel ikke tørketrommel-lo rett i søpla? Åjoda, det gjer eg vel det!! Rett i søpla!
Eg skjønner såpass at det no kjem eit eller anna som skal overbevise meg om at det er gale. Frykteleg gale! Don´t do it!!

Tørketrommel-lo skal visst ikkje hivast. Ikkje i søpla.........men den skal komposterast! Tenk det!!
Så no kan du som lesar av desse linjene sitte der og ha dårleg samvit, for eg er ganske sikker på at heller ikkje DU kastar den andre stader enn i søpla!!
Tar eg feil, kanskje? Neppe...............

Så no har både eg og du lært noko nytt. Berre at forskjellen på meg og kanskje deg er at du kanskje har ein kompostbinge.
Kom og sjå i min hage, så skal du få leite deg halvt ihel før du finn ein binge. Og sjølv då vil du ikkje finne den!!

Nei, eg veit om enkelte som har det i bygda og dei har problemar med kvite og heslige makkar.........
Eg gidd ikkje ta meg bryet. Så får heller eg berre bli uglesett av dei som meiner det er galt! :=)

Det hender at kvinner rett og slett er ubrukelige. Hahahaha........ Andres har skjønna det!! Thihihi.... Bondeknøl!!

Joda, vi er nok ubrukeleg til mykje rart, men det er jaggu meg han og alle hans medkjønn!!
Eg trur ikkje heilt eg skal innlate meg på å avsløre kva vi eller menna er ubrukeleg til, men lista kunne blitt lang.
Farmen-Andreas sjokkerer i alle fall aldri (sjølv om det er nett det avisa påstår). Etter å ha sett han i aksjon i framen, er det vel ikkje noko sjokk å høyre at han kan uttale seg slik? Då er det enkelte som ikkje har fulgt med i timen.

Viss vi ikkje er lydige, har menna lov til å tukte oss. Hahaha.......Crap...... Prøv fysiske virkemiddel på denne knetta og du vil angre!
Det å tukte nokon handlar om å vise kven som er sterkast. Så på spørsmål om kvinna kan tukte ein mann......ja, då berre flirer han. Ho vil uansett tape av di han er sterkare.

Jaja, Andreas. Du har ikkje lagt inn noko god giftemålssøknad!! Tippar ein som risikerer å bli svigerfar til deg tar saka i eigne hender! (Og pass på......for han kan vere sterkare og smartare enn deg og då spørs det kven som tuktar kven!!)

Nei, med Andreas-tuktinga frisk i minne, skal eg slutte av og få skjønnheitssvevnen min. Det blei ingenting av fyrstikkene og eg er faktisk vaken enno (enn så lenge). I alle fall i nokre få minuttar til!
Så ha ein fortsatt fin kveld og sov godt!

Hasta mañana!

IWALY!!!



mandag 8. april 2013

Galskap??

Fastsatte reglar og uskrivne reglar. No er det eingong slik at vi lev i eit samfunn som er proppa full av reglar, både på godt og vondt. Mange av reglane er heilt greie og nødvendige, medan andre att er reglar som skaper full debatt. reglar der enkelte stiller seg eitt hundre prosent bak regelen samtidig som andre raser over at regelen i det heile tatt fins.
Slik er det og slik kjem det alltid til å vere.

Som personar er vi svært ulike og kva vi interesserer oss for er nok med på å forme oss som menneske.
Likevel, sjølv om vi ikkje alltid har dei same meiningane og dei same interessene, er det viktig at ein viser respekt for andre. At ein ikkje berre overkøyrer andre med det ein sjølv vil og gjer katta i kva følgjene for andre blir.

At det fins trafikkreglar, er det neppe nokon som seier noko på. Ei heller på at det er straffbart å ta livet av andre. At det fins reglar for korleis eit valg skal gjennomførast for at det skal vere mest mogleg demokrati, sjølv om det berre er indirekte.

Det er ei årsak til at vi har eit levedyktig samfunn. For at vi skal ha eit levedyktig samfunn, treng vi eit bærekraftig samfunn og då må vi ha reglar som til ein viss grad kan vere med på å styre dette. Vi må ha reglar slik at vi kan bli beskytta mot ytre fiendar. Vi treng politi og rettsvesen.

Dette er logisk for dei fleste. Det er ikkje vanskeleg å skjønne at det treng å vere slik.
MEN, så kjem eg til sakas kjerne. For som eg skreiv i første setning.......Reglar og uskrivne reglar.
Det er desse uskrivne reglane som ofte ikkje blir fulgt opp. Enkelte av di dei ikkje bryr seg og andre att rett og slett av di dei er uvitande til at det dei gjer faktisk ikkje er bra.

Eg kunne ramse opp ei heil side med slike saker! Likevel, eg har kun tenkt å nemne EI!
Ei sak som faktisk er regulert av reglar, men som skaper stor harme blant dei som har det som interesse og ikkje er einig i reglane som gjeld.
Saka gjeld scooterkøyring.
Det er faktisk slik at det ikkje er lov til å køyre snøscooter overalt. Det fins reglar, også uskrivne.
Likevel er det mange av dei som likar å køyre scooter som ikkje bryr seg om kva andre måtte meine eller om det fins reglar for det. Har dei lyst å køyre, så køyrer dei.
Noko som har skapt eindel diskusjonar og direkte kranglar. Kranglar som har sett både venskap og naboskap på prøve.

Det speler inga rolle om ein er ueinig i ein regel. Er regelen der, er det berre å innfinne seg i det. Dei same personane som bryt scooterreglane, er gjerne dei som ropar høgast i andre saker der dei faktisk er eininge i dei reglane som gjeld.
Det er berre at moralen møter seg sjølv i døra. For kven er det som kan bestemme kva saker som skal gjere seg gjeldande når det kjem til reglar? Arrogansen lenge leve.

I helga har eg vore to gonger på ski i fjellet. Her er mykje natur rundt oss, men på denne sida er det faktisk slik at det ikkje er så mange områder som egner seg til å legge ut på ski i. Det er på ein måte traseet opp mot skihytta og vidare oppover som gjer seg gjeldande.

No skal ikkje eg påberope meg det at eg veit med sikkerheit kva scooterreglane i det området er. Då tenker eg ikkje på scooterbruken til idrettslaget, for det er meint som ei hjelp til oss turgåarar. Dei køyrer opp løyper til oss i organisert form.
Det er den private bruken eg tenker på! Folk som køyrer som galne og øydelegger for oss som ønsker å bruke naturområdet til blant anna å stå på ski.

I løpet av helga og no etter helga også, er det komen mange reaksjoner på at det er køyrt med scooter, blant anna innerst i huken på Storbotnvannet og oppover fjellsida der.
Det er rett og slett nokon som har leika tulling med scooter der. Det ser ikkje ut. Farleg er det også, med tanke på ras (sjølv om det akkurat no ikkje er for mykje snø der inne).
Eg tok ikkje bilete av det, men det skulle eg gjort, så kunne eg lagt det ut her så folk fatisk får sjå galskapen.

No veit ikkje eg kva regelen seier om dette, men eg er ganske sikker på at det fins ein uskriven regel som seier at dette gjer ein ikkje.
Storbotnvannet er drikkevannet vårt! Kva om det oppstår ein lekkasje på scooteren og det kjem olje eller liknande og legg seg på snøen som etterkvart smeltar.

Det er sikkert fleire som syns at det er heilt greit at nokon leiker seg tulling på scooter der oppe, at dei ikkje heilt ser problemet. Eg tvilar at dei som faktisk brukar naturen syns det same. Dei fleste er vel berre rysta.
I alle fall er det nett det inntrykket eg sit att med etter å ha prata med andre turfolk som har observert det same som eg.

Ei typisk sak som vil skape diskusjonar.
Kven skal ein ta mest hensyn til? Stakkaren som har scooter og sjølvsagt må få lov til å få ut litt adrenalin ved å leike seg i turområdet til andre, eller tutgåaraene som er i høgste grad i fleirtall i forhold til scooterkøyrarar her?? That's the question.

Nei, eg måtta ha visst kven det er som viser så lite hensyn............ For vekommande burde verkeleg få beskjed.
Uskrivne reglar.............. Eg lurar no mest berre på om det ikkje faktisk fins ein regel for denne køyringa med tanke på at det er drikkevannet vårt!