søndag 6. november 2011
Sundag 06.november.
Haha......Eg skreiv i går at dette kom til å bli ein deileg dag. Jaja, eg trur ikkje eg har fulgt så mykje med i timen i går då dei annonserte vèret. Det er ikkje akkurat eit deileg vèr...... Kva gjer vel det? Dagen kan jo fullt ut bli "deileg" likevel:=)
Det er enno tidleg på føremiddagen og eg sit her litt på nettet og surfar. Ei venninne frå Steigen har lagt ut ein link til ein song og eg var litt nysgjerrig og tok likesågodt og lytta til den. Den heiter "Leita etter lykka" med Hellbillies. Eg har ikkje høyrt den før, men den er eigentleg ganske fin.
Eg må innrømme at eg syns teksten er litt kort (i lengde). Det er to vers, begge versa med berre to liner + refreng. Tja, så den er vel ikkje så innhaldsrik, med andre ord. Vel......Kanskje eg må arrestere meg sjølv der. Det er vel nett det den er?! Innhaldsrik? Kva betyr det ordet? Teksten har få ord, men den seier likevel vanvittig mykje. Så sånn sett.........
Vers 1:
Leite etter lykka, finne seg ein augenstein.
Den e vanskeleg å finne, men nå skjønna eg at eg har komme heim.
Ref:
Det er med deg eg helst vil leva, ja du er den eg helst vil ha.
Eg banka på den inste døra.
Reiug og klar står og venta på svar, du må åpne grind og dør, for en stakkarsleg sjarmør.
Vers 2:
Bare du ingen andre, eg veit det varer til min alderdom.
Du er så lik idealet, som eg har drømt så mange drauma om.
Ref:
Dette er heile songen...........
I dag er det cup-finaledag. Det er vel ingen tvil om korleis dagen her i huset kjem til å forløpe. Vel, no treng strengt tatt ikkje eg gjere nett det same som dei andre, så kanskje eg skal "hobby-lere" litt nede i kjellaren. Eg er stygt redd for at eg ender opp med å sjå cup-finalen eg også. I så fall håpar eg på Brann. Ålesund har eg ikkje noko forhold til. Nei, heia Brann!
No er det ein liten gut som ber mora få opp dampen. Han har plutseleg funne ut at det skal klyves litt meir ved. Hmm... Det er jo sundag. Jaja. Kvifor ikkje? Så blir det vedklyving no, då. (Kanskje han har ein baktanke?? Det skjer det også..... om det er noko han har lyst å kjøpe seg.)
Vel, eg skal ta mp3-spelaren med meg i vedklyvinga og lytte til "min favoritt". Det er nok ikkje meir enn ein liten times arbeid att der nede, så det går fort.
Ha ein kjempefin sundag!!!
Hasta pronto:=)
I wanna feel you......

lørdag 5. november 2011
Laurdag 5.okt.
Så er laurdagen straks ved ende. Det har vore ein fin dag, men også litt mindre bra innimellom. Det siste har sjølvsagt vore inni hovudet mitt for det meste. Utad har det meste vore supert.
Vi har vore på fotballturnering på Oppeid i dag. Ein lang, men likevel bra dag. Steffen sitt lag har spelt fire kamper og eg syns dei var kjempeflinke. Slike dagar lev ein lenge på. Vi skulle eigentleg vere heime halv ti, men vi klarte å få bytta om på ein kamp slik at vi kunne ta ei tidlegare ferge. Det var deileg, for no får eg med meg kvelden her heime....
At dagen ikkje har vore heilt super heile tida, har ikkje rot i noko som har skjedd eller ikkje skjedd i løpet av dagen. Det er ikkje verre enn at det er akkurat 3 år sidan pappa døydde i dag, og at eg har tenkt eindel på nett det.
Eg har slitt litt med det i haust og eg har ikkje vore på grava meir enn ein gong sidan 12.juli. Eg vegrar meg veldig for å gå, og så utset eg det. Går det for lang tid, veit eg med meg sjølv at det blir vanskeleg. Så blir det til at eg gruar meg og utset det ytterlegare. Då blir det berre forferdeleg å gå dit, og så lar eg berre være for å slippe å ha det fælt.
I dag (i kveld) kunne eg ikkje la vere å gå. Eg må jo i det minste tenne lys på denne datoen. Så no har eg vore der. Kanskje ikkje heilt normalt å stå ein heil time ved ei grav, seine laurdagskvelden i mørkret. (Men ein får sagt mykje på den tida). Det var ikkje noko særleg å vere der og eg veit eg må gå attende ganske så kjapt. Det gjekk så fint når eg gjekk ein gong i uka. Eg var glad for at eg klarte å begrense meg, samtidig at eg fekk dekka behovet for å prate med han. Eg må nok kome meg attende til den rutinen att, for det går ikkje an sånn det er nå at eg skal usetje å besøke grava av di det gjer for vondt. Livet er gått vidare og det er på tide å akseptere det.
Eg har mange gonger trudd at eg faktisk har gjort det, men det viser seg fleire gonger at det ikkje stemmer heilt. Det er heldigvis ingen andre som merker noko til det....... Eg held det for det meste for meg sjølv og så lenge eg ikkje "plagar" andre med det, så får det no berre ta den tida som trengs.
Han kan ikkje svare meg på så mykje, men eg får i alle høve stilt dei spørsmåla eg treng svar på. Det hjelper litt.......
Så det gjer litt vondt akkurat no, men det går fort over.
Knekte nakken på baby etter incest. Eg tenkte eg skulle lese litt på Vg nett for å få tankane over på noko anna. Det stod absolutt ingenting som ein kunne vere einig/ueinig med. Det einaste som lot seg feste ved meg var denne overskrifta om babyen som fekk nakken sin knekt. Sjuke, sjuke menneske............ Jævla idiot. (Unnskyld språket. Kanskje eg blir litt tøffare i trynet når eg ikkje er heilt meg sjølv?? Hmm.....Det kan umogleg vere bra.).
Uansett, to menn skal ha tvunge den eines dotter til sex. Datteren skal ha blitt utsatt for grove, seksuelle overgrep siden 1990. Da hun ble gravid og fødte, skal spedbarnet ha blitt drept og begravd. Eg kjenner eg blir heilt klam. Kva er det eigentleg som styrer desse menneska?? Jenta skal ha blitt utsatt for gjentatte voldtekter og seksuelle krenkelser siden hun var to år gammel. Da hun som tenåring ble gravid, til tross for å bli fôret med svangerskapsfordrivende medisiner, fødte hun et levende barn. Frå ho var to år gamal?!!! Dei fortener ikkje berre fengsel, men tortur også! Det siste er eg eigentleg imot, men ikkje i ei slik sak. Eg kjenner det vrir seg i magen berre ved tanken på det ekle dei har gjort. Nei, fysj......
Atle innrømmer at han ikke er en "bad boy". Sat det langt inne.......? Det er jo lett å sjå at han ikkje er det. No rakk ikkje eg å sjå så mykje til dansinga hans i kveld, men det lille eg såg, avslørte at han var meir maskulin enn eg nokon gong tidlegare har observert at han er. (Og ganske "hot"..... Nyt det medan du enno kan, Atle, for i morgon er det lille dryppet ganske sikkert gått over). Han er fink til å danse, det skal han ha. Ellers syns eg han verker litt for "glatt". (Eg er nok berre ein av få som ikkje er begeistra for han). Eg trur ikkje han lar seg påverke så altfor mykje av det...........
Jessica Simpson åpner opp om gass. Gravide promper visst enormt mykje. Skikkelg interessant tema. Not! Ho er tydlegvis opphengt i dette temaet...... I alle høve ifølge Dagbaldet.no. Ho er gravid sjølv, og i denne samanhengen promper ho sikkert mykje. Litt merkeleg hobby å få av den grunn. Prompestudie?? Eg trur kanskje eg ville klart å kome opp med eit litt betre tema om eg hadde vore gravid. Det kjem aldri meir til å skje, så eg slepp å finne på noko:=)
Hennar kommentar på at eit gjennomsnittleg menneske promper 15 gonger på ein dag, er at gravide promper antalet femten gonger meir. Det betyr i realiteten 175 gonger i døgeret. Jaja........
Tannlege kjøpte tanna til John Lennon. Litt dyrt å betale 177 000 kr for ei tann........
No er sexverktøyet alle par trenger kommet. Kan til og med brukes i bilen, på vei til og fra jobb. Ha, eg trur kanskje eg må byrje å køyre på arbeid om morgonane. Om eg startar ein halvtime tidlegare, kan eg jo ta meg ein liten rundtur. Haha.......
I stedet for å snakke om hva vi ønsker, virkelig sette oss ned og snakke om hvordan vi opplever egne og partnerens lyster, nytelser og hva som fungerer godt og enda bedre, går vi rundt og lar partneren gjette hvordan vi har det. Javel?? Kva har det med eit sexverktøy å gjere? Eg får lese litt til......
Vanligst er det å leke «gjett-hvorfor-jeg-er-sur-leken». Men det er en farlig og lite konstruktiv lek. Snakk om det i stedet, gjerne ved kjøkkenbordet, eller i bilen på vei til eller fra jobb, råder Thomas Cottis, mannen bak boken «Snakk om sex - elsk mer». Eg byrjer å ane konturane av saka. Kan det vere at dette verktøyet det snakkes om er "snakk saman"??? Hmm...Det stemmer visst, det. Så spanande! Gjett om eg fekk lyst på ein køyretur kvar morgon frå no av......... Eg står gladeleg opp ein halv time tidlegare av den grunn! (Nei, eg er ikkje seriøs no...).
Nei...... Eg skulle ein snartur innom og blei litt lengre enn det. No skal eg avslutte kvelden med å sjå resten av ein film som har starta for ei god stund sidan.
Ha ei fin natt. I morgom blir det ein fin dag her. Det er meldt kjempevèr, så det blir deileg!!
Hasta luego.
I miss you more than you know.....

fredag 4. november 2011
Fredag og helg:=)
I dag har verkeleg vore den stooore dagen. Eg har altså flira og flira. Med andre ord: Ein herleg dag!
Før eg gjekk heim frå arbeid, fann eg plutseleg eit lite kort som stod på datamaskinen min.

Det var jo veldig koseleg å finne, då:=) Eg er ikkje heilt sikker på kven som har satt det der (eg rakk aldri å spørre), men eg kan jo kanskje tenke meg til svaret. Helga starta med andre ord bra!
Eg for rett frå arbeid og ut på ein litt lengre køyretur. (Impulser er veldig bra). Returen er den gøyaste eg har hatt på leeeenge. Eg flirte så tårene trilla. Årsaka var ikkje anna ein ein sjuåring, men Gud for ein herleg sjuåring det var snakk om i dag. Han kom med gåte etter gåte som perler på snor. Dei var så dårlege at dei blei megabra. I tillegg blei dei sagt med ein sånn entusiasme og spenning at det heile blei heilt supert.
Eg hugser ikkje heilt alle gåtene, men nokre av dei ligg enno gøymt på hardisken min.
1) "Ka e det som har en fot og en hatt, men ingen fengra?"
2) "Ka tøy kan ikkje vaskes?"
3) "Ka e det som lægg sæ med sko på?"
4) "Ka e det som e veldig lite og firkanta, men likevel kan reise rundt jorda?"
5) (Dette er den beste.) Ka e det som flyg i lufta og har fire føtter?"
Om eg ikkje tar heilt feil, har han lært dei av læraren sin i fjor. Han (Steffen) har rimeleg god (veldig god) hukommelse og i dag leita han opp alle saman i hovudet sitt. Dette var berre nokre av alle han kom med. No kan jo du lure på kva svara er, og så kan eg kome med fasiten heilt til slutt. (Dei er heilt elendige, men det er det som gjer dei så bra!). Han kom med dei på ei tid eg mistenkjer han for å vere overtrøytt. Han flira like mykje som oss og så heilt plutseleg så sov han. Det var ikkje berre, berre å bære han inn ifrå bilen og rett i seng. Eg kan ikkje hugse at han var så tung sist, men så er det vel ikkje så ofte det skjer at ein må få han inn på den måten. Det er nok ikkje lite slitsamt å halde seg vaken ein fredagskveld. Eg trur ikkje det er mange fredagar han ikkje har vore sliten. Det tar på med ei heil skuleuke.
No er det rukke å bli ganske seint, så eg skal ikkje sitje så lenge her på dataen. Eg skulle eigentleg berre innom ein snartur for å sjekke noko. I morgon (laurdag) skal eg til Oppeid. Steffen skal på fotballturnering og eg skal heie på han:=) Det blir koseleg....... Han gler seg verkeleg! Det blir ein lang dag. Dei har ikkje siste kamp før kvart over sju, så det betyr at vi ikkje er heime før halv ti på kvelden. Om han var sliten i dag, ja, då skal han i alle høve få merke det på kroppen i morgon. Ingen fare for at han sovner på turen der (i og med at det er mange andre born med også).
Svar på gåtene:
1) Soppen 2) Syltetøyet 3) Hesten 4) Frimerket 5) To fugla.
Ha ei kjempefin helg!!
Hasta luego.
I was listening to you when your message arrived.......
torsdag 3. november 2011
Torsdag....
Så var det torsdag! Regnet har stagga og vi får fint vèr. Endeleg. Perfekt vèr for vedklyving. Eg kom aldri så langt i går, men i dag derimot.......
Klokka var litt over tre. To unge gutter gjekk og planla ettermiddagen. "Ja, førr vi har jo bære læselekse tell i mårra, så då kan vi jo vær ilag heeeile ettermiddagen!!" Stakkars, det var ein som blei ilter når mora fekk den setningen med seg og informerte om at dagen i dag betydde lekser, middag og vedklyving. Wow..... Det var ein som var lett antenneleg. Han skulle såvisst ikkje i noko vedklyving. Det måtte eg berre forstå. Ikkje snakk om.
Eg svara berre "synd for deg, men slik blir det". Då var det visst ikkje så kult å gå ilag med meg meir. Det kunne sjå ut som at dei begge to blei sur.....
Ved middagsbordet spurte Steffen kva tid vi skulle ned og klyve den her hersens veden. Eg svara at vi skulle ned med ein gong han var ferdig å lese leksa si. Då kom det galant. "Haha....Æ bi kje å læs den, førr då kan vi kje klyv ved". Han trudde sjølvsagt at han var veldig smart akkurat då........
Vi kom oss avgarde og i arbeid med veden. For å demonstrere litt leika han og gjorde alt anna enn å hjelpe til. At ikkje det blei lagt merke til, var nok litt skuffande, for han trudde jo sjølvsagt at han skulle vere sentral i arbeidet. Sååååå tok han borti noko medan han klatra i eit tre. Hellig overbevist om at det måtte vere ei snegle, blei han heilt fortvilt. Gud betre meg, eg lurar på kven han har arva å vere fisefin av. I alle høve ikkje meg! Han var desperat etter å få vaske handa. Det var nesten verdas undergong. Det nytta ikkje kva eg sa..... I tillegg kunne han plutseleg berre bære ved med ei hand. Eg måtte jo skjønne at han ikkje kunne bære ved med ei hand han hadde tatt i ei snegle med. Raring...... Eg spurte om han hadde tenkt å slikke på handa. "Neeeei......." Eg måtte spørre kva det då var så problematisk med å bruke handa. Så tok eg handa hans og strauk ho på kinnet mitt og sa "Ser du? Det er ikkje meir heslig enn at du får ta meg på kinnet mitt. Kom deg i arbeid gut!"
Eg trur han blei så forfjamsa at han arbeidde for to. Han er eigentleg eit lite arbeidsjern. Skikkeleg flink kan han vere. Eg syns det er viktig at han lærer seg at alle må trø til for fellesskapet. Så då han først var i gong, gjekk det radig unna. (Bortsett frå at muffinsane han baka i går, heile tida låg å lura i bakhovudet hans. Det var ikkje måte på kor han hadde lyst på muffins).
No er klokka over halv sju og eg har fått tatt ut mykje energi. Veden blei klyvd og er komen på plass i garasjen. Om litt over ein time er det tid for øving. Vi har jubileumskonsert den 24.november så det er berre å stå på.
Dommer banker sin handikappede datter. Ein dommar som jobbar med "sweet justice" og så gjer han dette! Snakk om å vere komplett idiot........ William Adams, til daglig dommer i familiesaker, ble filmet mens han brutalt mishandlet sin handikappede datter. Nå har gått under jorden. Han er til og med dommar i familiesaker. Det gjer det heile enno verre. At det går an.
I åpningssekundene av klippet kan man høre Adams si til konen sin: «Gå og hent beltet. Det store. Jeg skal slå henne nå».
Med beltet i hånden, slår han av lyset og tvinger datteren ned på senga.
På klippet kan man se hvordan dommeren brutalt bruker vold mot henne, fordi hun skal ha lastet musikk ulovlig ned fra nettet.
Til vanlig jobber Adams som dommer i familiesaker, i tillegg til saker som berører kone- og barnemishandling. Sjuke menneske. Korleis kan han klare å sitje der og døme andre for det same som han gjer sjølv. I tillegg mot ei som er handikappa og meir forsvarlaus enn andre. Jaja...... Tru alle dei tilfella vi ikkje veit om.
Nei, klokka raser avgarde. Om eg skal få tid til eit avslappandes bad først, må eg hive meg rundt. Jaja....eg dansar i alle høve ikkje i dusjen slik som Knut Nærum, Marita og Eve........... Dessutan påstår Marita at eg garantert ville ha kyssa ein kjendis (alt etter kven det er). Hmm...... ikkje bra!
Ha ein knallfin kveld:=)
Hasta luego.
I miss you a lot.

onsdag 2. november 2011
Onsdag !
Knut Nærum må vere den raraste personen eg veit! (Beklager så mykje Knut, men du er litt merkeleg). Nærum er kjent for å servere "morosomheter" med alvorleg mine på TV. 1,3 millioner menneske følgjer med på han (ifølge statistikk....). Han er i den siste tida blitt intervjua og eg har lest svara han kom med. Det er dei som gjer meg grunnlaget for å seie at han er rar.
For det første påstår han at han aldri har brutt ei einaste lov. Han er faktisk lovlydig inntil det kjedsommelege. Det aller sprøaste han har gjort, er å kjøpe leiligheit på 80-talet. Med andre ord har han ikkje vore med på mykje sprøtt, spør du meg.
Han vil ikkje kysse ein superkjendis av di han ikkje veit kor deo leppene har vore...... (Vel, eg ville ha sagt nei til ein superkjendis eg også).
Han danser i dusjen (faktisk......og det er rart). Han vil aller helst ikkje spise knappenåler (fjott!!).
Det første han ser på hos kvinner, er dei små teikna som avslører om ho er vennlegsinna eller akter å angripe. Stakkars mann! Trur han at alle kvinner har eit innebygd monster i seg?? Tviler på at den generelle mann ser etter det kvar gong han møter ei kvinne. Jaja.....Som eg sa, rar!
Nærum hugser ikkje sist han gret. Vel, det er kanskje ikkje noko rart ved det. Det fell ikkje naturleg for alle menn å gråte. Så det får bli hans sak. (Det gjeld jo eigentleg alt........). Det som er litt kult oppi det heile med gråtinga, er nettopp det som faktisk kan få han til å gråte. Det er retta mot enkelte typar filmar (med happy ending osv.....). So real life don't make him cry, but movies....... Hmm. Rart??
Sist gong han lo så tårene trilla, var i august. Årsaka til det, var ikkje verre enn at "Happy birthday" blei syngt litt for sakte. Eg trur kanskje han må ha eit litt kjedeleg liv??? Eller så svarar han som han gjer av di han skal prøve å vere moro......
Om huset hans brenner ned, og han redder EIN ting, så er det brannslukkingsapparatet. Haha...... Vel, han gjer jo det som er sikrast då:=) Ein skal jo ikkje prøve å berge med seg noko. Det viktigaste er å kome seg unna. Likevel, om sjansen hadde bydd seg, trur eg kanskje (og berre kanskje at eg ville sneke med meg noko. Etter først å ha slengt ut Steffen).
Hans beste venn er kjerringa!! No meiner ikkje eg å påstå at det er rart. Langt ifrå. Det er jo berre fint at han ser det slik.......Om han berre ikkje hadde fulgt opp med neste setning. Det er mest praktisk sånn. Hallo?? Eg kjenner eg får lyst til å seie "Faen for ein idiot", men av respekt for han lar eg vere.
I tillegg kan han ikkje telle. (Ser det ut som). Han skildrar seg sjølv som beskjeden! Jaha? Han er jo verre enn eg.
Eg trur kanskje ikkje det er så mange som har sett han le. (?) Dei har faktisk avbilda han og kjerringa av den enkle grunn at dei klarte å finne eit bilete dei faktisk lo på. Så er han jo moromann med alvorleg mine.......
Sånn går no dagane. Det er onsdag og onsdagar er bra til det meste. Til og med det å gå til tannpleier. Eg trur det snart nærmar seg tre år sidan sist eg var der. Det plumpa no ned ei innkalling til kontroll her om dagen. Dei har vel oppdaga at eg ikkje kjem på eigenhand om dei ikkje innkallar meg. Eg ELSKER tannlekjarar. Not...... Eg veit ikkje kvifor. Eg har eigentleg ikkje noko imor dei, men eg har berre ikkje behov for å besøke dei utan at eg må. Heldigvis var det ikkje fullt av hull som måtte tettast. Det gjekk no berre bra.
Eg trur nesten eg døyr her eg sit..... (Ler..) Steffen spurte meg nettopp om vi kan bake muffins. Eg svarte at eg skal vurdere det. Så kjem plutseleg faren heim og Steffen har no funne ut at han og faren kan bake. Då ler eg. Eg trur kanskje eldstemann blei litt stressa når spørsmålet kom. Kanskje ingen muffinsbakar. I alle høve ikkje om det må lagast frå botnen av. Spørs om eg ikkje bør tilby min ekspertise.
Det kan sjå ut som om at dei har funne ut at det må vere løysinga. Dei kviskrar fælt, men ikkje lavare enn at eg høyrer at dei planlegg kva dei skal seie til meg. "Kjæææææære mamma. Æ e så glad i dæ. Kan ikkje du bak muffins tell mæ". Steike, det er sleipt når fleire rottar seg på lag. Vel, dei yngste augene funkar betre enn dei eldste. Eg får vel slutte av og stille opp. Det er vel ikkje lenge før eg kan byrje å bestille ferdig mat kvar dag. Hmm.....Det var jo ingen dum idè. Sjølv måtte eg koke poteter kvar einaste dag då eg var 9-10 år gamal.
Han har jo allereie baka sjokoladeskuffkake på eigenhand, så det fins håp:=) <3
Så då er den neste timen lagt. Muffinsbaking. Juhuu, eg gler meg!
Ha ein flott kveld!!
Hasta luego.
Squeeze and hug you all trough the night.
Yes, I wanna dance......

Tysdag.....
Det er seine kvelden før eg viser meg på dataen i dag. Fine greier.... Dagen har verkeleg vore innhaldsrik, og det meste positivt. Det er faktisk ein elev som har gjort denne dagen supermasse verdt, uavhengig av kva anna som kunne gått galt i denne verda. Den gleden ein viss elev ga meg i dag, lev eg kjempelenge på. Det gjer at ein føler at ein faktisk gjer noko kjempeviktig i yrket sitt. Det kan kome 100 nedturar, men denne eine oppturen vil i så fall veie opp for dei alle. (Eg satsar på at det ikkje kjem nokre nedturar)......
No er det eingong slik at klokka er stilla og mørkret kjem ein time tidlegare. Akkurat det kan vi ikkje gjere noko med. Fotballaget til Steffen skal på turnering til Oppeid no i helga. Dei skulle ha si siste oppkjøring i dag. Sidan skulebana er den einaste som har ei viss form for lys rundt seg, har dei trena der. Joda, det var jo ok det. I alle fall om vi tar bort regnet (som også gjorde at det blei kaldt) og det faktum at det å sjå ein ball, som kjem susande mot deg i mørkret, ikkje er det lettaste ein veit. Stakkars den lille keeperen som fekk køyrt seg god idag.
Å springe ein time i regnet er ikkje berre gøy. Likevel, det var ikkje ein einaste unge som klaga. Dei spelte med stort mot alle saman. Det spørs likevel om det ikkje var siste utetreninga for i år, idag. Problemet er at gymsalen er stengt dei neste ukene. Vi får satse på at lysa rundt storbana snart er klar til bruk og at treningsforholda held seg ok ei stund til.
Se hva pytonslangen hadde spist. Æææsj!!!! No har eg sett ein pytonslange som er skoren opp. Av alle ting hadde han ein hjort i magen sin. Jaja...Det er vel nok prov på at i alle høve ikkje eg har noko ønske om å møte på ein slik slange. Eg skjønner godt at forskarane blei overraska. Ingen tvil om det!
Pappa etter kort flørt. Jaja, Hugh Grant!! Kanskje ein føremon å spørre kvinna om det er "safe" før du køyrer på.
Slik så Eriks hals ut etter møtet med haien. Hjelpe meg. Det kan ikkje ha vore greit. California er tydlegvis ikkje staden for surfing om ein er redd for hai. (Det er eg......men eg har heller ingen surfeplanar).
His balls have dropt. Det er snakk om Justin Bieber. 95% av alle tenåringsjenters draum. Sikkert eindel vaksne. (Eg sjølv kunne ikkje brydd meg mindre. Eg veit berre kven han er av di enkelte av ungdommen er 100% oppslukt i han. Han er visst Gud!!). Stakkars gut, han sleit visst med stemmeskiftet. Det er jo særleg gøy når ein er ein kjent artist.
Etter å ha lest artikkelen, kjenner eg at eg må le litt. Hahaha..... Han er 17 år og først no kjem han i stemmeskiftet. Dei aller fleste er ferdig med det innen då. Jaja.....Det spørs korleis han taklar det, då.
Eg må jo verkeleg berømme manageren hans for å finne eit ganske så treffande sitat å kome med i saka. (His balls have dropt! Haha....).
Skytespill bør forbys. Det var vel ikkje ny tenkning. Akkurat det har no eg meint i fleire år. Berre her i denne lille bygda her er problemet tilstades. Det er ikkje så mange kull sidan det var enkeltpersonar som spelte eit skytespill tett opp til 100 timar i uka. Mange av dei var riktignok lagt til helger, men dog..... Ikkje skjønner eg kva tid som blei brukt til å sove. At ein speler mellom 25 og 50 timar, trur eg er heilt normalt. Det kan i alle høve virke sånn. Eg vil tru foreldra er dei som burde ha kontroll på dette. Ungdommen sjølv seier berre at dei ikkje blir påverka. Vel, det spørs på sikt.
Om nokre år kan det vere min son som gjer det same, men det spørs om det lar seg gjere så lenge eg er her. Eg tviler på at det blir noko problem. Enkelte seier berre at det ikkje er så lett å seie nei. Det er nettopp det det er. Stakkars gut...."Ein gong bitch....alltid bitch" :=)
Englands nye superstjerner har silikon, er heftig sminka, går i korte kjoler og gjer "dum og deileg" til eit levebrød. Spørs om dei er så dum likevel i og med at dei klarer å lage eit levebrød av det. :=)
Bileta avslører at det snakk om store mengder silikon.
Eg trur ikkje menn flest syns det er så heftig deileg med silikon....... Sjølv om eg eigentleg veit lite eller ingenting om det. Eg har ikkje akkurat spurt mannfolka rundt meg om temaet.
Bakdelen med dei "sexy" silikonpuppene er blant anna at dei må ha livvakter. Kjipt..... Då er det ikkj erom for særlege sprell. Neida, men det må vere grueleg kjipt å ha livvakter diltandes etter deg heile tida for at du skal føle deg trygg. Dei om det.....
Det er tysdag, eller ikkje, 00:03 betyr vel onsdag. Eg er på tur i seng og skal sørge for skjønnhetssvevnen min..... Eg har eigentleg planar om å klyve litt ved i morgon, men om det fortset å regne slik som idag, spørs det rett og slett om eg gidd. Mørkt og vått på ein og same tid.... Ikkje akkurat motiverande. (Men har ein lova, så har ein lova...)
Uansett, ha ei fin natt:=)
Hasta luego!
In my toughts......

Abonner på:
Innlegg (Atom)