søndag 9. oktober 2011

Laurdagskveld og festivitas:=)

Så var første dag i Calella over for min del...... Eg er vel den einaste som er rusa på pepsi (hehe....). Eg kjenner at eg er stup trøytt. Kroppen skrik etter senga, så det blir ikkje lenge til dyna er bredd over ein sliten, men nøgd kropp. Først skal eg berre bryte i meg litt pizza. Det er rart med det......Ein blir så sulten med kvart:=) Så medan eg ventar på at den skal steikast ferdig, sit eg liksågodt her.

Sjølv om det siste døgeret stort sett har vore svevnlaus, har det vore ein kjempefin dag. Vi var framme i Barcelona rundt klokka ni og ein time seinare var vi i Calella. Der fekk vi alle saman lekre og rosa t-skjorter. Vi blei einige om at alle skulle bruke desse skjortene i kveld, noko som var til stooooor glede hos mannfolka. Berre så synd vi ikkje hadde rosa bukser til dei også. Dåke som kjenner dei som er med, ser vel for dåke alle desse staute karane i rosa?? Eit vakkert syn:=) Sjølv har eg gått i uniform. Vi var to som måtte representere korpset på scena, og vi måtte bære full uniform. No skal den ikkje på før på tysdag. I morgon er det rein ferie=)
Når eg først er inne på temaet scene, så kan eg jo i forbifarta nemne at det blei ein scenetur litt seinare på kvelden også. (Sa eg at eg berre var rusa på pepsi?? Sukk........Då kan eg ikkje skulde på noko som helst). Eg kyssa dirigenten for kvelden (på kinnet vel og merke) og fekk han til å dirigere ein song med hjelmen min på. Vi har fått eindel merksemd pga den svartens hjelmen, så då var det berre å utnytte det. Så fekk eg og han eg drassa med meg opp på scena (etter oppfordring frå dei andre) dansa litt der oppe også. Så prøvde vi å få folk litt med.
Ein ting er sikkert. Det tar heilt av i teltet. Dei som spelte i dag, var sjukt gode. Det er eit anna orkester som spelar no, men eg orka ikkje vere att for å høyre på dei, så eg tusla likesågodt dei tjue minutta det tar attende til hotellet. Så her sit eg....... Eg kan ikkje gå god for formen til dei andre i morgon, men mi form kjem til å vere knakande god. Det blir digg å brette seg ut på stranda og å boltre seg litt i havet. Eg ser fram til det.

I halv sekstida var det parade rundt i gatene. Innimellom tok det heilt av. Enkelte korps var litt meir frampå enn andre, og enkelte var det i alt for stor grad. Dei trudde dei eigde verda og hadde nesten ikkje pause i spelinga for å sleppe andre til. Det var eindel som irriterte seg over det. Om det var nokon som rakk å starte opp ein song, venta dei ikkje på at dei skulle bli ferdig. Dei berre starta opp medan dei andre var midt i songen. Ganske arrogant, spør du meg. Arroganse er noko ikkje eg likar.
Uansett, det var veldig gøy. Gøy er kanskje ikkje det rette ordet, men eg er sikkert på at du som lesar skjønner kva eg meiner. Vi rakk å spele åtte marsjer på runden vår, så eg er glad vi ikkje skulle spele i kveld også. Stemninga under paraden var kjempemessig. Så det lover til å bli ei kjempeflott uke her i Spania.

Ellers så er det ikkje tatt heilt av med shoppinga enno. Den starar vel ikkje opp heilt fullt før på måndag, når vi skal på guida tur til Barcelona. Sjølvsagt har det ikkje vore ein heilt shopping-fri dag. Eg har kjøpt Barcelona-skjorte til "hjartet" mitt heime (han heier på dei). Eg kan jo ikkje kome heim utan noko bygåve til han. Det ville vore litt av ei mor. Hehehe...... Og så måtte eg jo berre ha meg ei veske. Eg veit ikkje heilt kvifor, men det siste halvåret har eg vore litt opphengt i vesker. Så no har eg anskaffa meg ei til. (Men den er veldig fin, då.....til mitt forsvar).
Hatten som eg kjøpte borti teltet, trur eg berre eg skal teie stilt om. Sjølv syns eg den er grusom og har inga idè om kvifor eg i 100% edru tilstand kunne finne på å kjøpe den. Den er blå og glitrar. Dei andre meiner den står i stil med uniformen. Den har no gått på rundgang i løpet av kvelden. Eg reknar med at den kjem med heim i kofferten. Vi får sjå.........Så blei den nemnt likevel.=)

Det første som dukka opp då eg opna sidene til Vg.no, var brystene til ho godeste Anka. Det er visst laga ei sak på utringinga hennar i kveldens episode av "Skal vi danse" og det at Tor Fløysvik ga ho tommelen opp. Wow..... Eg logga av der fortare enn svint. Er det noko eg ikkje bryr meg døyten om, må det vere puppene til denne kvinna. Jaja.... Det stod sikkert mykje fornuftig, men det gidd eg ikkje finne ut. Pizzaen er kommet og allereie fortært medan eg har vore her på dataen. Difor er eg veldig klar over at det endeleg er dynetid. (Men ingen armkrok å liggje i.....). I morgon tidleg blir det nok ein liten svømmetur før frukost og såååååå soling av kvar ein centimeter Beathe.

Så ha ei fantastisk fin natt og sov godt. Eg kjem til å sove hardt. Det kjenner eg godt. Så er det berre å håpe på ein fantastisk fin dag i morgon, både her og heime. (Har høyrt rykter om at det er falt litt snø. Stemmer det??)
Quiero un cola, gracias...........og så var det slutt for i kveld.

Hasta luego:=)  <3

My minds are filled with you......

lørdag 8. oktober 2011

10.000 m, men utan å vere medlem:=)

Her er det berre å oppføre seg! Hahahahaha....... Trur ikkje eg skal prøve å ha det så altfor gøy no på morgonkvisten. Det er ikkje mange timane sidan eg var her inne og skreiv, men no er eg her att. Eg er forflytta frå Gardermoen airport hotel til opp i lufta over Europa, ein eller annan stad. På øyret har eg "Part og me, part of you", datae ligg fint i fanget og rundt meg fins det maaaange trøytte sjeler. Det er ikkje kvar dag ein må opp i otta (halv fire). Det måtte ein dusj til for å kvikne til liv. Eg fekk i alle høve eit par timars søvn. Dei andre trudde sjølvsagt eg la meg med ein gong vi kom til hotellet. "Kor det blei a dæ i går kveld?" Eg var nok her på denne sida og skreiv. I dag er eg glad eg valgte det istadenfor baren i lag med dei andre (dog ikkje alle).
Ikkje er eg vant med å innta frukosten midt på natta heller. Ei ny oppleving. (Skulle tru ein ikkje har vore med på slikt før.......). Jaja. Då funka frukosten med kylling, her på flyet, betre. Full av proteinar. Jippi!!

Eg hamna først i alg med to austlendingar. Ei dame med ei dotter. Plutseleg (veeeeldig plutseleg) kom det ein mann (sikkert loverboyen hennar) og sa at det var to ledige seter heilt der framme. O lykke, kallar eg det. Plutseleg fekk eg ei heil rad for meg sjølv. Meir heldig kunne eg ikkje bli. Ingen auge som smugkikkar på det eg skriv og heller ingen pliktsnakking med folk eg ikkje kjenner så tidleg på morgonen. Eg får lov til å berre vere trøytt. Digg...........

Vèrmeldingane er gode.... Om to og ein halv time skal vi ut av flyet og trer inn i eit heilt anna klima enn vi har vore vant med den siste tida. Det var ikkje vanskeleg å reise frå vèret heime. Det kan fort bli ein vane:=)
Den neste timen vaknar vel store delar av bygda opp og skal på arbeid. Eller?? Det er jo laurdag. Eg er litt døger- og dagvill. Jaja....... Skiftarbeidarane må i alle høve opp.

Hmm....Eg blei litt borte her. Plutseleg oppdaga eg at dei sender "Tom og Jerry" på skjermen rett over hovudet mitt. Det er jo berre ein så herleg serie. Lett å flire av, for å seie det sånn. Eg må likevel innrømme at det ikkje er like spanande å sjå på utan lyd. No har eg musikk i øyret (Genie, with the light....). Kan jo vere ein fordel å ta proppane ut av øyrene, men eg trur ikkje det hjelper så mykje på. Dei tar vel hensyn til dei som vil ha det stille rundt sine trøytte kroppar.

I dag har dei kabinansatte tatt på seg eit litt blidare andlet enn i går. Fantastisk. Høflege er dei også. Gløym det!! Sjølv med internett ombord og god frukost, held eg min knapp på SAS.
Flyet vi flyr med i dag, er faktisk det nyaste av alle flya til Norwegian. Det er ganske stort og litt mindre trangt enn alle dei andre gongane eg har reist.

Om eg ikkje tar mykje feil, sit alle dei andre og søv i denne stund. Det er sikkert berre eg som ikkje har vit til det. Typisk! Så når dei andre kjem i festmodus i kveld, går eg og legg meg. Ha!

I følge Vg.no går menn i Texas med hæler!! Femi?? Under en veldedighetsinnsamling i Texas gav menn sin støtte for kvinner som opplever vold i hjemmet ved å gå i tog i høye hæler. Og de fikk mye oppmerksomhet. Hmm..... Eg såg for meg litt anna bakgrunn då eg såg overskrifta. Jaja, det var jo kreativt, då:=) Det må ha vore litt av eit syn!
Ellers å står det om ei Ida på 20 som ikkje ville ha klaga om ho hadde vakna med George Clooney ved si side. Hahaha...... Kva kvinnfolk ville ha gjort det då?? Han er jo heit!! Thihihii...... Trur vi skal vere glad vi slepp unna:=)  Eg viet kven eg heller ville ha vakna med..........

Det var berre desse to sakene som ikkje var av særleg alvorleg karakter. Ellers var det berre om kriminalitet, terror, brannar og skip som har gått ned. Triste hendingar som ikkje skal få påverke meg i dag. Statsbudsjettet opptar jo sjølvsagt stor plass også, men det hoppar eg glatt over. Det er nok av dei som syt om ikkje eg også skal byrje. Eg kunne ikkje brydd meg mindre. Eg fortset vel ganske så sikkert å ha det høveleg likt slik eg allereie har det. Regjeringa gjer vel ikkje så mykje med det. Så då får statsbudsjett vere statsbudsjett. Opposisjonen vil vere ueinig med forslaget, uansett kva som hadde stått i det. Banna bein!!

No skal eg få meg ein ørliten time på auget. (Når berre "I could eaasily fall........" får spelt seg ferdig). Så difor vil eg først berre få spredt mitt ønske om ein god dag. Nyt laurdagen og alt den vil bringe med seg av positive ting. Er den berre skit, så gjer noko med det:=)

Hasta luego!! :=)

I could easily........... Already done! <3

Gratangen menighetsråd!!

Lurar du på overskrifta? Vel, eg har ikkje tenkt å drøfte så mykje om Gratangen menighetsråd. Såååå kjedeleg har eg det ikkje. Tvert imot....... Men eg kjem innpå det litt lengre ned på sida:=)

Adressa er Gardermoen airport hotel. Rommet er internasjonalt belasta, dog eigentleg berre nordisk. Grei standard er det også, så ingen grunn til å klage. Det er enno 4 timar att til det er på tide å stå opp. Eg er ikkje heilt sikker på om det i realiteten betyr at eg eigentleg skulle ha sove no?! Kven veit? Om ikkje eg veit det, så kan vel ei heller du gje meg noko godt svar. Ikkje det at eg trur så mykje på at dei andre ligg godt gøymt under dyna si. Heller tvert imot, er eg rimeleg sikker på. I alle høve om det eksisterer ein bar under oss....... Vel, eg skal ikkje nærme meg deg hjørnet i kveld. Eg slappar av her for meg sjølv og har nok med det.

Klokka nærma seg fem. Ein skeptisk liten gut gjekk og såg på at mora holdt på å pakke. Siste liten..... Han hadde liten eller inga lyst til at ho skulle dra ifrå han ei heil uke, og var veeeeldig kosesjuk. Han lova sjølvsagt at han skulle ta godt vare på hovudputa hennar. Den skulle såklart han sove på. Klokka blei fem og tida kom for å seie ha det bra. Tårene kom ikkje heilt fram (heldigvis), men det er rart med det.  Ein blir litt prega....
Uansett, mora dro........
Bilturen blei triveleg og det gjekk eigentleg raskt unna. MEN!!! Det er alltid eit men. Då utsikta til havet dukka opp på netthinnene til alle tre i bilen, oppstod det ein viss skepsis. Fy søren for nokre bølgjer. "Skal vi over der?" blei sagt i det stille. Jaja, det kunne jo bli gøy.
Dei var ikkje dei første som hadde dukka opp på kaia for å vente på båten. "E det nån som veit heilt sekkert at båten går?" Det var visst mange skeptiske sjeler. (Bekymra er vel heller eit meir passande begrep, av di fleire ikkje likar seg på havet i slike bølgjer).
Båten kom den og det var ikkje berre, berre å leggje seg til kai. Ikkje for å gløyme det å kome seg av og på båten med all den bagasjen på slep. Puh...... Kaia er ikkje så solid at ho ligg i ro i eit slikt vèr. Alle kom seg velberga over. Det beli eindel fliring ombord i båten, for det var ikkje mange som klarte å sitje i ro. Kroppan for att og fram........ Ingen spydde!!

Då alle hadde sjekka inn på flyplassen, venta den herlege sikkerhetskontrollen. Ingen av dei reiseglade blei stoppa. No action. Merkelege greier......... Hmm......Eg trur eg går over til å skrive i første person. Det byrja liksom å bli litt komplisert her:=) Uansett, eg lura frykteleg på kva dei andre passasjerane måtte tenke om oss galne kjøpsvikingar då vi entra flyet. Det gjekk ikkje heilt stille for seg på "restauranten" og det var vel aller helst ikkje så stille fliring.
Vel ombord på flyet, var det berre å konstatere at Norwegian aldri kan måle seg med SAS. Så her kjem litt gratisreklame. Norwegian har mykje å lære. Først av alt må dei få bytta ut desse sure tryna som skal yte service ombord. Eg kan ikkje hugse at eg såg dei smile ein einaste gong. Det var berre trasige tryner å sjå. Så då stod heller eg der og vinka fint og smilte.......
Piloten burde verkeleg slå av motorane oppe i lufta då han skulle gje beskjedar. (Lur idè??) Det bråka sånna at det var umogeleg å høyre kva han sa over høgtalarane. Jaja, vi har vel alle reist med fly før, så vi visste vel allereie før kva han kom til å seie.

I lufta prøvde vi å "flørte" litt med menna foran oss, men dei hadde så dårlege antenner og så var dei fri for visa-kort (og då var dei ikkje så interessante lengre)....HAhahaha..... Flyturen innehaldt allr delane av ein kjekkheitsskala. (Finst det?? Herved oppfunnet!). Vi rakk ikkje å finne på så mykje sprøtt (kanskje like greit), men vi sørga for å splitte opp enkelte ektepar. Litt tøff i kjeften innimellom og då fungerer det meste.

Då vi landa og skulle gå av flyet, spurte dei som sat foran oss om vi kom ifrå Gratangen meninghetsråd. Vi svara sjølvsagt JA! Klart vi kjem derifrå. Ser vi såååå prektige ut? Hmmm, eg trur vi bomma grasalt på den flørtinga:=) Thihihi.......... Heldig for oss, for å seie det slik. Vi kom oss no heil av flyet. Alle koffertar og instrument fann fram i mengden og ingen var så heldige at instrumentet fekk skade, slik at ein kunne få ei heil uke med berre fri. Shit happens...........

Så hamna vi her på hotellet då. Eg har allereie sløsa bort eindel tid her inne og dei fire timane er blitt til litt mindre enn fire timar no. EG SLIT!!! Hahaha......Eg er bra naiv. Eg tippar eg går rundt og trur at det blir så mykje søvn på flyet i morgon tidleg. Særleg! Kanskje eg er litt lettlurt? Eg overleve vel det også.
Eg trur nok ikkje det er så mange kjendisar på Gardermoen så tidleg på dagen som vi skal avgarde, så det er ikkje så nøye om skjønnheitssvevnen ikkje blir hundre prosent.

Ha ei fantastisk god natt og sov godt. Eg skal også prøve på det. Går det ikkje bra, får eg heller "dagdraume" om helten min. <3 Ikkje noko nytt akkurat det:=)

Hasta luego:=)

I should have been you next to me..........

fredag 7. oktober 2011

Home sweet home.....

I alle høve for eit lite døger:=)  Det har vore ein rimeleg laaaaang dag. Vi starta litt før ni i morges, og var ikkje heime før nesten halv tolv. Sørover tok det berre 6 timar. Ikkje det at det gjer noko at tida går sin gang ein slik dag. MEN det er lite kult når du plutseleg står der med ein son som spyyyyyyyyr!!!! Han la seg litt seint i går kveld og brukte lang tid på å sovne. I tillegg måtte han opp tidleg. Han var rett og slett ikkje i reisemodus. Langt ifrå!! Så då vi kom på båten, i bølgjer, gjekk det som det måtte gå. Der spydde han. Han spydde på Flesland, på Gardermoen, på flyet, i bilen heim.....og såååå stoppa det. Puh, det er til å bli svett av. Han brukar ikkje å bli slik, så det er jo typisk at det skulle skje på ein slik dag. Jaja, vi kom oss heim. Noko anna var aldri noko alternativ.
Ein ting skal han no i alle høve ha: Han er verdas flinkaste unge når han er sjuk. Han er berre så lett å ha med å gjere. Han klaga og sutra ikkje ein einaste gong. Ikkje eingong når han holdt på å brekke seg ihel. Han berre sa i frå kvar gong det var på tur, slik at han kunne få pose. Det var ikkje eg som var slik i den alderen. Eg hugsar godt at eg syntes veeeeldig synd i meg sjølv og at ingen måtte så mykje som prate til meg eller ta borti meg. Då kom "gorrsinne" fram. Då kunne eg bannes, ja! Det er godt ein har vekse det av seg:=)

No er eg i alle høve heime og skal sove i mi eiga seng. Det ser eg fram til. Det er rart med det, men ordtaket "borte bra, heime best" stemmer godt. Hmm....Eg som skal på tur att i morgon:=) Det er no ikkje før seint på ettermiddagen, så det er nok av tid til å gjere rampestreker før ein fer avgarde.
Ikkje minst må eg setje av tid til pakking. Det er eigentleg ikkje noko stress. Eg leiter berre fram uniformen no før eg legg meg....... Eg skal alt anna enn å stresse i morgon. Ein tar alt som det kjem:=)
Eg skal i alle fall ta meg tid til å holde litt på med musikkprogrammet eg har kjøpt til den nye ipad'n min. Eg fekk meg ein no når eg var sørafor. Trur kanskje eg kjem til å få meg ny hobby framover (på musikkfronten). Det er gøy!!!!

No er det visstnok berre tull at eg sit her og skriv i stadenfor å leggje meg. Vi får lite med svevn i helga og ikkje har eg tenkt å sove lenge i morgon. Så då sluttar eg av. Pc'n blir sikkert med på reise den også. Eg er stygt redd for det. Eg skuldar berre på at eg må leggje inn bileta eg tar etterkvart på pc'n. God grunn, det?! Eg får prøve å ikkje ta så masse nakenbilete........ Eg ser det for meg. Alle dei "staute" musikk-karane kjem der langs strandkanten i si lille "speedotruse".... Hahahahahaa:=) Eg trur eg døyr!! Heldig for dei at eg ikkje  legg ut bilete av andre.

No fekk eg det så artig her eg sit. Lite lyst å leggja meg når eg kjem i det hjørnet. Eg gjer det likevel. Ellers veit eg ikkje kva eg skriv ...... Så ha ei god natt. Sov godt:=)

PS! Eg gler meg til Helle skal fritere sneglar til meg og dandere det skjønne pinnsvinet eg har med:=)

Hasta luego!

Wish you come with me.........

tirsdag 4. oktober 2011

Tysdag 4.oktober.

Shopping for ein liten gut utan vit for pengar...... Her har han spara og spara til han skulle på haustferie, og så har han ikkje råd til å bruke ei einaste krone. "Mamma, æ har løst på en sånn dæran. Æ har ønska mæ det længe!" Eg svara jo sjølvsagt at det var hans pengar og at det berre var å kjøpe det om han hadde så lyst på det. "Æ bruka ikkje mine pænga nu, mamma. Du må betal den. Avtale??" Uansett kva han skulle ha, så poengterte han at det ikkje var hans eige pengar som blei brukt. Sleipingen...... Hehehe. Han er no eindel eigedelar rikare og har minst like mykje pengar som då han forlot heimen sin. Lur, med andre ord:=)
Blant anna har han kjøpt seg ny lærball. Ikkje veit eg kva han skal med den. Heime i garasjen er det eit utall lærballar og det held ikkje med berre eitt ballnett. Likevel blir han ikkje lei av ballar. Er han på tur, kjøper han seg ball. Slik er det berre. "Du skjønna jo det mamma...... Æ e jo ikkje interresert i bila. Ball e så mykje kulare." Så det var berre å ta nyballen med seg og ta turen til fotballbana her borti strøket. Ein kan i alle høve ikkje påstå at eg ikkje strekk meg bra langt for dette bornet. I ausande regn, sprang eg der med han og dribla og sentra på den runde lærkula. Så var det heim til kinasjakk og vanleg sjakk.

Det er mykje ein kan sakne når ein flyttar til ein ny stad. Spesielt mange av venene ein har. Skal eg nemne èin ting som ikkje blir sakna, ja, då må det vere regnet. Det slår i bakken og det skal visst berre bli verre. I morgon skal det visst bli riktig så ille. Litt kjipt når ein ikkje har noko ønske om å sitje inne den tida ein er her. No har ikkje eg vore mykje inne, men det spørs om ikkje morgondagen blir slik. Jaja....... Det er godt vi er vanntett.

I dag har eg vore i lag med ei venninne i fleire timar. Det var sååå koseleg å sjå ho att. Når ein ikkje er så ofte heime, møtes ein jo då så altfor sjeldan. Det er slik det blir kvar gong. Ein rekk ikkje over alt ein ønsker på så få dagar. Det er så mange eg har lyst å møte, men ein må berre prioritere. Familien kjem sjølvsagt først. No er det berre morgondagen att. Torsdag set eg meg på flyet og reiser heim att. Då blir det nok ei stund til neste gong.

Eg gløymte visst å nemne at vi var på dans i går kveld. Ikkje det at eg følte meg så veldig heime, men triveleg var det dog. Det var masse folk (rundt 50 stk) i samfunnssalen, men dei aller fleste (99%) var pensjonistar. Ikkje misforstå meg.... Det var koseleg, men det var ikkje heilt 100 % på min stasjon. Vi var ikkje så lenge av di eg hadde med Steffen, men han rakk no å få seg nokre rundar på dansegolvet (både med mora og mormora). Det artigaste var vel reinlender. Det blei mykje snurring på han.......
Ellers så var det ein heil del som kjente att meg og kom for å helse på. Kvar gong dei sprurte om eg kjente dei att, turte eg ikkje svare anna enn "Ehh, joda, eg ser godt kven du er". Heldigvis var det ingen som testa akkurat det på ordentleg. Eg veit ikkje kva eg villa gjort om dei hadde spurt meg om å seie namna deira. Det ville vore litt flaut med tanke på at eg berre kjente att halvparten av dei. Ein kan klare seg lenge om ein berre gjer eit smil eller to og viser interesse.
Nok om dansen.......

Brunsneglen er her i år også. Det er visst ikkje håp om noko anna. No når det er regnvèr, er det som om han der artigkaren der opp ropar dei fram. Det er ikkje akkurat så skøy å gå langs mørke fortau og ikkje vite om du plutseleg skvisar enkelte av desse herlegdomane som åler seg bortover, slimete og ekkel.
For kvar som blir drepen, blir det produsert 500 nye. Herleg!!!! Så IKKJE trø på dei.
Det seies at det er minka pittelitt på dei, men ingen her vil vedkjenna seg at dei har lagt merke til akkurat det. Så sjefen sjølv "from above" må nok berre innfinna seg med at han må lage litt betre vèr den neste tida..... Så kanskje dei held seg til litt meir jordrike stader enn fortaua. (Ikkje at det angår meg....Eg er her jo berre til torsdag. Men som det solidariske mennesket eg er.........). Kofferten min skal ikkje trillast ut i bilen. Den skal berast!! Ferdig med det:=)

I morgon er det onsdag. Onsdagar er alltid bra, så det lover godt. No er det augeblikk midnatt og eg skal sørge for å få nok timar på auga mine. OG der blei eg litt avspora........ Dei fiskar etter kongekrabbe på tv og når dei skal ha krabbane opp, så viser det seg at dei har fiska ein bil. Jeeeeezes.........Det er ein anna båt som har "kødda seg" med dei. Juhuuu, artig!
Tilbake til midnatt og søvn. Beauty comes first. Hahahahaha....... Så eg sluttar av no. Ha ei fantastisk fin natt (søvnmessig:=) Hehehehe). 

Hasta luego!

I wanna hold you......

mandag 3. oktober 2011

Hahaha......

Kanin. Kanin!! KANIN!! EG av alle personar har spist kanin! Tru det eller ei. Verda står ikkje til påske.......(Beklagar at eg kan virke litt nevrotisk her og no, men.............).Desse små, søte og uskuldige vesena som så mange har til kjæledyr. Jepp, det er slike eg snakkar om!
Eg som er skeptisk av natur, turte å opne kjeften og putte maten i munnen. Akkurat det er jo heilt utroleg!
Eg var ikkje særleg høg i hatten i går kveld der eg stod med DEN kjøttøksa i handa. "Ut med deg!" var komentaren og handa hans peika mot buret. Eeehhh...... Det tok eit par sekund før eg fekk områda meg og tok spøken. Kaninen var nok ferdig partert allereie. (Gjett kven som blei letta då?). Så no har eg faktisk overgått meg sjølv. Grilla villgeit og kanin er veeeeldig godt. Det kan anbefalast. Kanin er ikkje så veldig langt unna kylling i smak.

Vi var hos verdas greiaste famile i går kveld. Årets grilling........ Ingen Husnes-tur utan ein slik kveld. Det kan ikkje vere mange familiar som er så greie som dei i dette landet. Det er heilt utrleg. Det er ikkje måte på kor eg flira medan eg og min kjære kompis stod ute og grilla. Det er beste venen, ever.
Steffen var mest oppteken av ålen Otto. Ja, dei har ål:=) Det er noko av det første han spør etter når han er der.

Etter å ha rangla litt kvelden før, var det ikkje fritt for at auga merka det. Eg hadde eigentleg tenkt å be mamma hente Steffen etterkvart som kvelden lei på, men han kosa seg sånn at eg hadde ikkje hjarte til det. "Stakkars" gut som holdt ut til det siste. Då vi kom heim, bar det rett i seng. Han slukna med ein gong. Det er sikkert og visst. Hmm..... Det gjorde visst eg også. Eg vakna i morges, fullt påkledd og DEN stålanden. Eg la Steffen og kom visst aldri ned att. Om ikkje det er varmt nok her frå før, så hjalp det ikkje akkurat på å ha klede på seg nattestid. Det var eit nydeleg syn som møtte spegelet i dag. Sminken var jo også enno på. Jaja..... Eg er i alle høve kvil i dag!

No er det shopping som står for tur. Sentrum skal gjerast utrygg:=) Så får ein sjå kva dagen bring med seg av koselege hendingar. Ha ein fortreffeleg dag. Husk å nyte den:=)

Hasta luego!

I miss you:=)

lørdag 1. oktober 2011

Home sweet home :=)

Så sit eg her.......Sist eg sat i denne sofaen, var i byrjinga av sommarferien i fjor. Adressa er Tørreshaugen, Husnes. På bordet står ei deileg kake, så no skal vi til å spise. (I dag også....)

Vi fekk ein roleg start på dagen i og med at flyet ikkje skulle gå før halv eitt. Det er deileg at ein ikkje må opp i otta og stresse for å nå noko.
Vi reiste med SAS og er veldig nøgd med det. Alt var 100% i rute og sjølv om det var god tid til neste fly frå Gardermoen, fekk vi opplyst over høgtalerane på flyet frå Bodø om kva "gate" vi måtte gå til. I tillegg hadde vi mykje betre plass enn dei gongane vi har reist med Norwegian.

Då vi hadde fått satt oss godt til rette på flyet frå Gardermoen, såg vi plutseleg han Hirtsfeldt, keeperen til Vålerenga. Ein staut og flott kar, sjølv om det ikkje var mykje hår å skryte av.... Med svære hodetelefonar kom han gåande ned midtgangen og satte seg rett foran oss. Det var ikkje måte på kor stort smil flyvertinna klarte å gje han. Det var like før kjeften revna! Hahaha.....Det var berre såååååå tydeleg. Det tok ikkje lange tida før vi såg både han der Santos-fyren og resten av Vålerenga-laget. Den eimaste vi ikkje klarte å sjå, var sjefen sjølv, han Martin. Ikkje det at det var noko sakn. Det er ikkje sååååå stort å reise med Vålerenga.... For det var nett det vi gjorde. Vi blei rett og slett omringa av heile laget. Jaja, litt kult var det vel, men eg er ikkje akkurat så stor fan av dei. Mange søte gutar, men dei såg så små ut i forhold til det ein er vant til å sjå på tv. Det var ikkje slik at ein fekk inntrykk av at vi menga oss blant nokre av Noregs beste spelarar.
I morgon speler dei kamp. Eg trur ganske sikkert at eg held ein knapp på Brann. Vålerenga treng nok poenga for å klare medalje, men den unner eg Brann mykje meir. Så eg sa glatt at eg heia på Brann. Då han Berre fekk servert "Lykke til med kampen i måro", kom det ikkje akkurat frå hjartet.

Sjølv om eg ikkje er fan av dei, er det èin ting dei skal ha. Dei var skikkeleg gentlemen og høflege. Det er ikkje ofte ein blir kalla for frue og frøken når ein er ute og reiser. Akkurat den biten kunne dei!! Det var nesten så eg blei litt smigra:=)

Vi blei henta på Flesland og då vi hadde køyrt ei kort stund, passerte vi bygget der halve Kjøpsvik (kvinnfolka - berre ikkje eg) legg att store summar. Hovudlageret til Sparkjøp. Det er ikkje sjeldan at ein ser at Coop-hyllene er "fulle" av Sparkjøp-pakkar. Det er vel ein årsak til at bygget er så enormt:=)

Vi stoppa ei stund i Eikelandsosen. Der bur ei venninne av meg. Eg var ikkje heilt klar over at vi skulle køyre den vegen heim, og difor hadde eg ikkje nemt for ho at eg kom til å dukke opp der. Eg ringte på ho, men ho svara sjølvsagt ikkje. Det var håplaust å nå ho, så vi køyrte berre vidare. Det viste seg at då eg ringte ho, sat ho i ein kinosal i Bergen. "Knerten" og eitt eller anna heitte filmen. Typisk. Så då eg stod utanfor landhandelen i Eikelandsosen, sat ho i Bergen. Nedtur!!
Like etterpå køyrde vi forbi heimhuset til ho Liv Grete Skjelbreid Poirèe. Ikkje det at eg har hatt ein draum om det, men det er no noko med desse kjendisane. (No har jo eg køyrt der x antal gonger før, så det var ikkje ei altfor stor happening).

Mor mi er god til å lese fergeruter. Halv sju går ferga, sa ho. Vi hadde kjempegod tid....... Trudde vi! Ho hadde sjølvsagt lest kva tid ferga gjekk frå andre sida. Så då vi parkerte bilen i fila, hadde ferga gått for berre fem minuttar sidan. Kult..... Det innebar at vi måtte ta ei ferge som gjekk fem på halv sju (fem minuttar tidlegare enn først antatt), men som først skulle innom Varaldsøy. Fergeturen blei då dobbelt så lang.
Det positive med det, er at vi då møtte familien Medhus. Han var den som konfirmerte meg og kjerringa er supergrei. Dei er faktisk onkel og tante til ei i Kjøpsvik (utan at eg skal nemne kven her). Så då blei ikkje fergeturen så lang likevel:=)

Klimaet her er nok litt varmare enn heime. Definitivt! Vèret er bra, noko som lovar godt for oss. Spesielt i morgon når Kvinnheradsløpet arrangeres. Utfordringa er allereie komen. Innan i morgon må eg avgjere om eg skal stille opp på 5 eller 10 km. Vi får sjå....... Eg skal i alle høve ta turen inn til Rosendal med treningsbukse på.

Eg har ikkje vore her lange stunda, enno, men har allereie møtt fleire kjenningar. Det er så koseleg!! Så eg har mange kaffi-avtalar dei neste dagane. (Sånn bortsett frå at eg ikkje drikk kaffi då. Hehe.........).
Vi åt på Peppes i stad. Ho som var i serveringa er ei eg kjente godt då eg var tenåring. No har eg ikkje sett ho på fleire år, men det var ikkje vanskeleg å kjenne ho att. Ho er eit tydeleg eksempel på at vestlendingar trur at heile Nord-Noreg er snø, scooter, reinsdyr osv.... Ho lurte på om joikaboller er det same der nord hos oss. Om dei er sånne på boks, eller om det er slik at vi lagar dei sjølv. Reinsdyr er vel noko alle nordlendingar har........ Og sonen min må vere den kulaste guten ho har møtt på lenge. Ho fekk servert fleire herlege svar på superherlege spørsmål. Det blei eindel fliring:=)

No er eg her og no skal eg kose meg til det fulle. Eg håper det er mange vener heime........I tillegg skal eg prøve å få pressa inn litt tid til nokre studievener frå lærarhøgskulen. Det blir supert:=)

No skal eg nyte siste del av kvelden før eg går og legg meg. Det er ikkje lenge sidan minstemann kraup til sengs. Eg må jo skjønne det at han må få vere lenge opp i lag med "Mommo" første kvelden. Noko anna vil vere frykteleg urettferdig. Kvifor skal berre eg vere den som får kose meg på ferie? Eg kjøpte det argumentet og ergo blei det seine kvelden på han. No satsar eg på at det blir like seint på morgonkvisten før han vaknar.
Vindauga står opne på rommet, men likevel er det "dyrisk" varmt der inne. Eg er spent på om natta blir lang om det blir for varmt. Eg satsar på at det går greit. Eg får heller liggje utan dyne. Det som er sikkert er at eg i alle høve skal kjøpe meg ei ny jakke her nede. Det blir heilt feil å bruke den eg har med, og eg har berre med meg èi. Eg trur kanskje eg kan samanlikne temperaturen med ein varm vårdag for oss der nord., (Eg klagar ikkje).

Ha ein fortsatt fin laurdagskveld (den er vel mest sannsynleg over snart) og ei påfølgande god natt. Sov godt!! <3  Buenas noches!!

Hasta luego:=)

Te echo de menos.........

When I need you, I just close my eyes and I'm with you......