Herlege London!! Vi kunne ikkje bedt om betre vèr på ein sånn dag. Sååå utroleg bra. Det har rett og slett vore med på å setje spissen på dagen. Over 100 born har kosa seg på bana i dag og det har vore mykje glede ute og gått. Attendemeldingane har vore bra, så det tydar på at dagen har vore vellukka. Då er i alle høve eg nøgd:=)
Eg måtte spørre sonen min om han er sliten, no nettopp. Han er ikkje akkurat den som innrømmer det (i frykt for at eg skal seie at det er leggjetid....). Svaret kom raskt og tydeleg. "JA!" Han er bra utslitt. Fire kampar på ein og same dag, tar på. Alle dei små håpefulle var kjempeflinke.
For ein liten halvtime sidan, var vi på nett og telefonerte. Vi snakka med "Long Island - Amerika" og akkurat det er litt rart å tenke på. Vi sit her og jentene der og så kan vi få full omvisning i leiligheita deira. Ikkje dårleg det. Verda har hatt ei enorm utvikling på mange områder. Skype er eit av dei. Så no har vi både sett og høyrt at dei har det bra..... Så i dette tilfellet er det jo genialt med web-kamera.
No er det laurdagskveld og eg har planane klare. Om ikkje det dukkar opp noko ekstraordinært, så blir det film på meg. Eg har kjøpt filmen som byggjer på boka "Saras nøkkel". Då eg las boka, grein eg. Så får vi sjå om filmen gjer det same med meg. Boka var sterk, men språket var sånn så som så. Forfattaren kunne sikkert gjort mykje annleis, men med ein "story" som denne, er innhaldet så sterkt at det som manglar...... Ja, det gjer liksom ingen verdas ting.
Det viktigaste blir uansett at eg skal ha ein roleg kveld og berre slappe av.
I innleiinga til redaktøren av KK skriv ho følgande: Hovrfor er vi så redde for å tabbe oss ut? Ho tenker då spsielt attende på ein episode ho hadde for nokre uker sidan då ho var på Kreta. Ho datt ned i ei grøft og fekk skrubbsår på knær og hender. Det gjorde sjølvsagt vondt, men den første tanken hennar var "Såg nokon meg?? Herregud kor flaut!" Ein liten episode i livets samanheng, men likevel interessant.
Tabber er nok det verste vi veit når det angår oss sjølve. Likevel "elsker" vi det når det skjer med andre. Sjølvsagt ikkje for at vi vil dei noko vondt, men det er i og for seg litt avvepnande ved å tabbe seg ut. Vi burde verkeleg bli betre på å takle eigne feil eller frykten for å gjere feil.
No trur eg eigentleg at eg sjølv ikkje er så ille på å takle slike ting........Ehh, eller kanskje det er nett det eg er??! Kanskje ikkje ille, men dog heller ikkje normalt. Eit glimrande eksempel på akkurat det, er hikkinga eg var plaga med då eg var yngre. Det har seg slik at eg av og til fekk hikke. I og for seg ingenting unormalt i det........MEN!! Det var berre det at hikkinga MI var litt meir høglytt enn andre si hikking. Det verste var at eg ikkje hadde noko sjanse til å kontrollere det sjølv. Så det hendte eg gjekk langs gata heilt åleine og plutseleg byrja å hikke. Eg syntes det var veldig flaut og såg meg alltid rundt for å sjekke at det ikkje var nokon som var i nærleiken.
På Husnes er det slik at det er eindel rekkehus. Dersom eg byrja å hikke og gjekk forbi slike hus, tenkte eg at dei kunne høyre meg gjennom opne vindauge. Tanken på at det var superflaut, gjorde at eg byrja å flire. Så tenkte eg "Kva om nokon ser i vindauget at eg går her heilt åleine og flirer for meg sjølv? Dei må jo tru at eg ikkje er normal." Tanken på akkurat det, gjorde at eg syntes det blei flauare og difor flirte eg enno meir. Tilslutt flirte eg sånn av det at tårene trilla. Det var sikkert ingen som høyrte at eg hikka, kanskje ingen som såg den første fliringa........men eg lurar grueleg på kva dei tenkte, dei som såg meg då eg flirte sånn at eg ikkje visste kor eg skulle gjere av meg. Jaddddddda! Eg veit at det umogleg kan vere normalt, men slik var det. Godt er det at eg er ferdig med hikken då:=)
Dette var no berre eit eksempel på det redaktøren i KK siktar til. Eg flirer i alle høve av meg sjølv. Berre det er ikkje så verst. Hihihihi........(Eg ler litt no når eg tenker attende på det).
Etter å ha bladd gjennom KK denne uka, er eg komen til ein konklusjon som ikkje var så vanskeleg å fatte. Eg fann ikkje ein einaste ting som var å rope hurra for. Det var supermasse motereklame (not my favourite) og ellers ingen reportasjar som fenga noko særleg. Det er vel slik det skal vere. Det skal vel noko til for å blidgjere meg kvar einaste uke. Eg trur likevel eg vel å la det vere med bladinga denne gongen. Eg kjem ikkje til å lese noko spesielt i bladet.
Jaja, sånn går no dagane. No skal eg ta meg eit herleg bad før eg skal sjå filmen. Berre eg ikkje sovnar i badekaret...... Det går vel aller helst bra. Rein kropp i rein seng. Kan ein ha det betre?? Hehehehhe.....JA, sikkert. :=)
Ha ein fortreffeleg laurdagsaften og hugs å nyte livet!! Smask <3
Hasta luego.
I wanna kiss you goodnight....
lørdag 3. september 2011
fredag 2. september 2011
Aldri meir fem over seks!!
Aldri meir fem over seks. Akkurat det er sikkert og visst. Fytti katta eg er trøytt no. Klokka et ikkje meir enn fem på halv elleve no og eg er så trøytt at det gjer megavondt. Skikkeleg dårleg føler eg meg.
No har eg vore sein i seng kvar einaste kveld heile uka, så det er nok det som er hovudårsaka, men likevel........
Eg opna dagen med ein nettkommentar som sa "Vått i Sørliholla!". Det ga jo ei opning for ein god del kommentarar. For dei som ikkje kjenner til geografien her i Kjøpsvik, vil det vere umogleg å skjønne fleipinga som byggjer seg opp. Anten trur dei at vi er rare eller sexfikserte. Vel...eg veit ikkje kva som stemmer mest. Det blir i alle høve ein god latter av det:=)
Eg har nettopp høyrt på Phil Collins-låta "One more night". Songen i seg sjølv er ikkje så veldig fin, men det er teksten eg heng meg opp i . " Like a river to the sea, I will always be with you. And if you sail away, I will follow you." Sukk.
I morgon braker det laus på bana. Over 100 born entrar bana i løpet av dagen. Det blir fotballfest i bygda. Eg håper verkeleg at vi kjem vel i hamn. Eg har i alle høve bestilt godt vèr!!! Så det skal ikkje stå på det.
Nei, no gaper gjespen høgare enn sunt er. Eg må vel berre ta teikna og kapitulere. Sånn er den saka. Ingen kryssord, ingen bok, ingen data........berre ei deileg seng og lukka auge. Ååååååhhhh, kor eg gler meg.
Hasta luego!!!
I've been trying
oohh so long to let you know
Let you know how I feel.
I've been sitting here so long
wasting time, just starring at the phone
And I was wondering
Should I call you?
Then I thought maybe you're not alone......

torsdag 1. september 2011
Torsdag 1.sept.
Hmm....Eg skal visst på Vetten i morgon tidleg klokka halv sju. Jaja...... Håper dyna ikkje er for varm då. Det kan vere stor fare for at den skaper ein viss konkurranse der. Eg elsker dyner!!
Jaja.... Halv sju er ikkje lenge til, så god natt bør seies snarast. Om eg er i koma i morgon, så ver vennleg og ikkje spør om årsaka.
Hasta luego.
<3 <3 <3
I just wanna hold your hand for a minute or two......

onsdag 31. august 2011
Joggetid!! Thihii..........
"Er det nokon som blir med på ein liten joggetur, no på morgonkvisten??" Tøff i trynet og enno i senga........ Selvfølgelig var det eit menneske som måtte svare ja og spørre kor vi skulle møtes. Shit!! Der blei eg tatt på senga (i ordets rette forstand). Ho kom liksom veldig mange kommentarer i forkjøpet og eg måtte sjå meg slått i dag.
Dagens høgdepunkt blei likevel kommentaren til ein kollega. "Du er eit sjukt menneske, Beathe. Det er ingen som jogger om morgonen." Sitat slutt. HAHAHA..... Hvis nokon hadde sett meg akkurat då, ja, då ville dei vel hengt seg på det sitatet. Eg sat her for meg sjølv og las det og så flirte eg så tårane spratt i lause lufta. "You really made my day!!!!"
Kva er så galt med ein joggetur om morgonen?? Det er jo berre sunt, det?!! (Sjølv om eg ikkje har gjort det på 6-7 år og neppe kjem til å gjere det heller). OG bror min lurer framleis på om eg er adoptert. I alle høve etter i dag........ Livet er herleg, folkens!!! :=)
Ustabilt vèr, ustabil vekkerklokke, ustabilt nett på skulen og ustabil Beathe. Hmm....livet er merkverdig på ein onsdag. Likevel kjem ein i mål. Skål for den! :=)
Eg har akkurat hatt litt dill i håret. Då eg skulle skylle det ut, blei badekaret heilt blått (av alle ting). Så no spørs det.....Kjem ho Beathe heilt blå på arbeid i morgon?? That's the question. Det ville jo vere litt digg, det. Då trur eg i alle høve at eg treng meg ein joggetur.
Ååhhhh...No kom eg plutseleg på noko. Noko som eg syns er heilt herleg og berre MÅ nemnast. I går, på fotballtreninga til dei minste, hadde dei eindel ulike aktivitetar dei skulle gjennom. Ein av dei var å ta innkast. No var det slik at enkelte av dei kasta så hardt at ein nesten var redd for å ta imot ballen då den kom flygande. Eg klarte sjølvsagt ikkje å dy meg og sa: "Gurimalla kor kraftig dåke hiv ballen. Kor dåke har fått musklane ifrå??" Då kom det hurtig og tydeleg frå ein av dei små: "Vi har jo træna foran pc'n!!!" Og så flirte han så godt som berre det. Joda.....foran pc'n får dei sjølvsagt megamuskler!! Han var rett og slett heilt herleg og eg kunne ikkje anna enn å flire:=)
I morgon er det torsdag og snart er det plutseleg helg att. Det beste er at det faktisk er meldt bra vèr. Det lover godt for dei unge som skal spele fullt av kampar her i Kjøpsvik på laurdag. Ei tilstelning blir så mykje betre når vèret speler på lag med ein. Så håper eg sjølvsagt at så mange som mogleg tar turen innom stadion av løpet av dagen, anten for å heie eller berre for å oververe det heile. Det blir sikkert ein kjempefin dag.
Som sagt er det snart helg og med tanke på at det nett var helg, så er eg nok blitt litt eldre. Det må jo vere difor eg syns tida får så fort. Ikkje det at ikkje vil ha helg, for akkurat det er jo kjempedeileg. Døgera i mellom helgene kunne likevel ha hatt litt fleire timar.
No høyres det visst ut som at eg har DET stressande livet. Eg har jo ikkje det........ Eg er berre ei god blanding av A- og B-menneske.
No er Jomfru Knutsen stup trøytt og skal definitivt leggje seg. Det er riktig så synd at Herr Hole har slått opp med meg, for han blei nesten som ein besettelse og no er det ikkje like gøy å lese bøker. Eg får finne meg ein ny x-faktormann....... Ja, eg trur Mr. Hole har x-faktor. Sjølv om han ikkje er noko særleg sexy, så får han jo akkurat så mange kvinnfolk han vil. Heldige han........ Eehhh....ikkje det at eg har lyst på så mange kvinnfolk, akkurat. Hehe.....
Som sagt.....stup trøytt!!! Skjønnhetssvevn må til for å vere klar for "stortrim" i morgon tidleg. Så ha ei super natt alle saman. Eg veit kva det siste eg tenker på før svenen tar meg blir...... Sannsynlegvis det same som nesten kvar kveld.
Hasta luego:=)
You are my dream........

tirsdag 30. august 2011
Tysdag 30.august.
Så er eg attende her bak skjermen. Det har vore lite med temadrøftinger, men det vil nok ta seg opp i løpet av hausten. Akkurat no har eg sett på Greys og de tvar faktisk litt ok å sjå tv.
Det har vore ein lang dag som stort sett har gått slag i slag. Det er ikkje ofte det er slik, men i dag slo visst alt til...... Så då kvelden sneik seg ordentleg på, var det berre å krype oppi eit godt og varmt kar og slappe hundre % av. Faren med det, er at ein blir så dyrisk trøytt etterpå. Eg overlev vel det også:=)
Nei, det her blei berre (eller vil berre bli om eg fortset) dilldall. Eg hadde først lyst inn hit fior å skrive, men hovudet klarer ikkje områ seg heilt. Like greit å la vere. Sånn er det berre i kveld. Lite å gjere med slikt. Må ein ikkje, så ma ein ikkje.
Eg er heldigvis ikkje meir borte vekk enn at eg hugser på å ønske dåke alle ei god natt! Etter at internettverda har ekspandert i grueleg tempo, er det fleir og fleir som er pålogga både til tre, fire og fem om natta. Så då passar det vel betre å seie ha ein fortsatt fin "kveld".
Hasta luego.......
I hope I'll se you real soon.........

mandag 29. august 2011
Bigbrother 24/7.
Eg har bestemt meg..... Eg skal sørge for å få meg "Big brother 24-7". Noko anna er utenkeleg!! Kva kan vel vere betre enn å sitje foran tv-skjermen og få med meg alt som skjer i det spanande huset. Huset der alle skal sove i same rom (sannsynlegvis ikkje berre sove) og såklart all kranglinga som vil oppstå. Eg gler meg!!
Nei, eg har ikkje blitt tullerusk (eg kan ikkje bli noko eg allereie er), men eg klarar berre ikkje å dy meg. Eg hugsar sist dei viste "Big Brother". Eg var definitiv anti, anti og syns det var superteit at alle "borna" fekk lov til å sitje å se på slikt "søppel". Eg skal ikkje vere høg på pæra og påstå at det blir likeeins no, men eg har nok ikkje blitt noko meir begeistra for programmet i dag. TV 2 i kjempe sendetid.....Klart dei vil få mange sjåarar. I beste fall kan det vere at mine auge dumpar innom ein sjeldan gong, men eg trur nok eg heller kjem til å gjere anna enn å følgje med på "huset".
Det er greit at eit realityprogram blir sendt på tv, men hallo..........?? Kva er eigentleg vitsen med å kunne følgje med på kva dei gjer 24 timar i døgeret alle sju dagane i uka? Eg veit med sikkerheit at sist gong det var, hadde fleire kjenningar kjøpt seg nettopp denne pakken og såg på programmet mesteparten av tida. Om eg ikkje tar heilt feil, gjekk nok delar av arbeidstida bort i kikking også. Akkurat det er vel ikkje så moralskt forankra.
For all del......Folk må berre sjå på kva dei vil for min del. Eg har ingenting med det å gjere. Det bekymrer meg likevel litt om folk set livet sitt på vent berre for å følgje med på programmet. Alt med måtehald:=)
Som eg skreiv tidlegare har eg fått fleire morosame kommentarar på sitatet mitt som var "Opp og hopp, folkens" tidleg på morgonkvisten. I dag morges skreiv eg "Syng, folkens, syng". Enkelte heiv seg i synginga då dei las det, men den beste kommentaren kom i frå bror min. "Er du sikker på at du ikkje er adoptert?" Oh my God kor eg flirte. Heile meg rista. He made my day!!! Eg flirer enno når eg tenker på det.
Så får eg sjå kva eg skriv i morgon tidleg:=)
Dagen i dag starta omtrent i det tidspunktet vi trygt kan kalle tidleg. 04.53 viste klokka. Joda.....Av ein eller annan merkeleg grunn klarte eg å vakne då. Fekk eg sove etterpå? Nope...... Kjipt. Så i eit par timar låg eg og venta på at den hersens alarmen skulle ringe. (Eit par timar trudde eg). Då eg tilslutt falt for fristelsen for å sjå på klokka var den allereie halv åtte. For ein fin start på ei ny uke. Alarmen var visst stilla inn på at den skal ringe først på torsdags morgon. Så lenge har eg definitivt ikkje tenkt å sove. Enno godt eg hadde vett til å sjå på klokka.
Ikkje for det......... Det kunne jo vere litt gøy å forsove seg til arbeid for ein gongs skuld. Lurar på kor lang tid det ville gått før elevane hadde byrja å etterlyse meg?!! Nei, det likaste er å kome seg opp om morgonen. Noko anna er berre stressande. Verkeleg!!
Eg seier det berre, i morgon må altså ingenting kome i vegen for skjønnhetssvevnen min.
Ute er det bekmørkt og enkelte stader har hausten byrja å setje nye fargar på trærne. (For det meste gul). Det er i alle høve tydelege teikn på at hausten er komen og at det ikkje er lenge att før vi skal inn i ei ny mørketid. Vel.....Nokre månader er det vel strengt tatt, men det går jo kjempefort. Altfor fort. Hausten er jo så fin. I alle høve om den ikkje regnar bort. Vi har vel alle hausten for to år sidan friskt i minne. Heile september regna bort, mildt sagt. Det ser meir lovande ut i år.
Eg syns eigentleg det er koselge å sitje her inne og sjå ut på mørkret. Det gjer meg også bevisst på at eg er heldig som har eit godt og varmt hus å kome til. Det er jo ikkje akkurat sjølvsagt hos alle. I tillegg er det så koseleg med litt stearinlys. Lysa verker positivt inn på sinnet. I alle høve på meg. Eg kjenner eg blir meir avslappa med litt stearinlys i rommet. Det er sikkert av di det er så koseleg:=)
Haust eller ikkje, kveldane blir ikkje akkurat lengre av den grunn. Så då er det berre å ta seg i nakken og løfte legemet ut av sofaen. Det kan av og til vere litt for godt å sitje der, så det er ikkje alltid klokka er på mi side om kvelden. Eg skal vere flink i kveld:=) Kanskje ikkje så vanskeleg med tanke på kor lenge eg eigentleg har vore vaken det siste døgeret. Eg skal runde av her og avslutte kvelden med boka mi. Så difor seier eg berre ha ei behageleg natt og drøym søtt.
Hasta luego:=)
Eehhhh......er akkurat inne og ser på nokre songar. Teksten på den eine er litt.....tja....kva skal ein kalle det?
"I want you to love me baby, 'til I drop dead in front of your door". Jaja......bodskapen er sikkert heilt ok og har kanskje ein tendens til å vere romantisk. Vel, eg er ikkje heilt sikker på det siste. Eg syns ikkje det var så utroleg romantisk....... Eg trur kanskje eg må finne ein annan hobby.......
You're the first thing I think of each morning when I rise.
You're the last thing I think of each night when I close my eyes.

søndag 28. august 2011
Jada:=)
Det er sundag, men det er likevel naturleg at eg startar med fredagskveld. Fredag kl.16.00 legg Vardehorn frå kai. Vi skulle på hytta. Eg hadde vore lunken til det heile uka (rart med tanke på at eg er den som brukar å ivre etter det), men fredagen byrja eg ikevel å sjå fram til det. Regnet ausa ned, men vèret er ikkje det som bør leggje noko dempar på slikt.
Etter å ha sluppe av ein blindpassasjer på Storjord, bar det rett på hytta. Lykken var stor då eg oppdaga at det stort sett var regnfritt i Herøyvika. Enn så lenge....... Gleden var kortvarig!! Like etterpå ausa det ikkje ned, men det AUSA!!! Mildt sagt. Regnet hamra hardt i bakken og ulykkeleg blei eg av at eg ikkje klarte å ta noko bra bilete av det heile. Steffen blei berre mållaus då han såg ut. Det blei ingen hull i bakken......:=)
Trass dårleg vèr har eg fått gjort bra mykje. Eg har mala til den store gullmedaljen og ordna litt plenmessig ute. Romanmessig har eg gjort lite. Når romanen ligg att heime på sengekanten, får ein berre ha det så godt. Bra at det blei kjøpt inn kryssord i det minste.
Laurdagskvelden skulle hyttenaboane kome ein tur til oss. Stakkars naboar! Eg var så trøytt at eg var nøydt å legge meg nedpå ei stund tidleg på kvelden. Eg skulle bli vekt ein halvtime seinare. Joda....... Det skjedde jo. Eg vakna rundt halv ti og lurte veldig på om dei hadde det så gøy at dei ikkje hadde tenkt å innvie meg i selskapet. Eg tusla ut av senga og der, i sofaen i stova, låg det ein kar og sov så godt. Trur du ikkje han hadde slukna av...... Ikkje rart at eg ikkje blei vekt. Naboane?? Dei hadde vore innom, men då dei såg at han låg der og sov, gjekk dei heim att. Litt av eit vertskap, hæ???!! Jada:=)
I dag, på hytta, tok eg fram kornetten og øva litt. Var ein tur på nettet og skreiv "Amasjørtrening" som status. Tankane mine sa "Kva får folk ut av det??". Rett fekk eg riktignok....." Beathe, hva driver du egentlig på med nå??" "Det lurer æ åssa på!!" Hihihi...... Veit ikkje heilt kva dei såg for seg, men eg skriev berre at eg måtte trene opp leppene til svar..... (For det hjalp jo på...) "Du gjer no mykje rart".... HHAHAHA...... Treigingar!!! Då eg skreiv kva det gjaldt, stod det plutseleg "Det skjønna æ jo!". Særleg...........
No er eg no i alle høve heime. Eg som er edru 356 dagar i året, har satt fram jordbærdram (nam) og koser meg storveis. Berre eg ikkje koser meg for mykje.
Sånn sett er det rart at eg ikkje tøyer bloggen min enno lenger no når cellene har delvis pause frå kvardagen. (Dram nummer to er halvvegs borte). Kanskje eg byrjer å bli for gammel??! (Det skreiv eg ikkje!). Eller det kan vere at eg syns alt er så bra i denne verda at eg berre skal vere snill. Jaha......Det kan sjå ut som om det byrjer å slå ut likevel. Merker det på det tullet som blir skriven no!! Jaddddda.....
På tv'n er det fotball, fotball, fotball og atter fotball. Det vil seie "Tippeligaen". Litt frå kvar kamp. Eg har fått med meg at Tromsø spelte uavgjort mot Brann, men det var vel ikkje i dag???? Eehhh, no blei eg litt usikker. Det halve auget som har fult med (eller ikkje)) kan jo ikkje vere på stasjon heile tida!?! Eg er jo ikkje akkurat "Superwoman" heller..........Give me some credit!! Jaja, jakkene dei viser i reklamen etter sending er jo riktig så fine. Litt får eg med meg.
(Og dei bare overkroppane med sixpakk!!) Nei, den parantesen var berre tull..... Eg såg lekre overkroppar, men ikkje det at eg såg for meg noko som helst:=) Kva reklame det var, veit vel ikkje eg. Eg ser jo ikkje noko særleg på tv (ifølge meg sjølv).
Det einsate som har fanga interessa mi må vere ho "Irene". Ho er ikkje mykje snill som gjer så stor skade. Det berre dagar før vi har to som skal til Long Island. Enno godt dei er her i landet framleis. Dei har flyavgang i morgon frå Gardermoen. Det spørs om dei kjem seg avgarde....... Stormen har stilna litt, så det ser ikkje heilt mørkt ut. "Irene" er snart historie og det er snart denne kvelden også. Det er på tide å finne senga. Det kan vere ein føremon å kome utkvilt på arbeid. Eg skal på "date" med smukkasen i romanboka mi.
Med tankane mine på stader dei kanskje ikkje burde vere, seier eg hasta luego! :=)
I believe in loving, my oh my......
I wanna hold my dear...forever and ever.

Abonner på:
Innlegg (Atom)