lørdag 20. august 2011

Helg!

Så er fredagskvelden historie. Det er natt og på tide å køye. Det er stille i huset og det er det forsåvidt overalt rundt oss også.
Det er kun eg som sit att her i stua, stuptrøytt, men likevel er det deileg med litt åleinetid. Kven syns ikkje det? Til og med minstemann har vore oppe til no nettopp. Han slukna rimeleg kjapt då hovudet traff puta. Det skal vere sikkert. Det er ikkje kvardagskost å få vere opp til nesten midnatt. Untak skjer, og denne gongen var det av di søstrene hans drar i morgon og då ser han dei ikkje før til jul. New York blir langt unna, så han/vi må nøye seg/oss med skype.

Det har vore ein fin dag og eg har no lært eitt og anna i dag også. Er ikkje det bra?

Nei.....Eg hadde eigentleg tenkt å finne eit tema å skrive om, men eg kjenner at det er for seint. Eg gidd rett og slett ikkje likevel. Eg får heller gjere det  morgon. Laurdagar passar bra til slikt!?! Så eigentleg var vel denne turen innom her no i kveld heilt bortkasta. Bortkasta kan jo forsåvidt vere bra det også:=)

Nei, hasta manana.

It was really nice to see you.

torsdag 18. august 2011

Jada....

Sidan Harry har tatt ut skilsmisse med meg, så sviktar eg Jo Nesbø frå denne stund. Eg har allereie funne ein arvtakar. Snille frøken Bremnes har nemleg tipsa meg om han Jussi Adler-Olsen........så no skal han til pers i haust. Eg håpar tipset hennar er bra:=) Bergenserar kan jo av og til vere rare dyr, men denne skjønne jomfrua har aldri vore rar!

Det store skulle skje i dag på stordoen til Vardehorn. Ei viss knette skulle til pers, men heldig for ho at Jomfru Knutsen gløymte att reiskapen heime. No tenker vel du ditt, men du tenker feil ditt svin!! Thihihi..... Vardehorn gjekk som avtalt og vi var begge tilstades. No skal vi med ferga i morgon tidleg også, så kanskje eg slår til då. Stakkars lille høne!!
For ikkje å forvirre deg fullstendig, så endar eg det heile her........ Vi er litt skrudd i hovudet, men ellers heilt normal!

Akkurat no føle eg meg litt i koma. Det er ikkje berre, berre å sitje på ein stol og bli forelest for ein heil arbeidsdag. Det tar nok nokre dagar før ein er komen heilt inn i den nye dagsrytmen. Eg, "stakkars", har jo levd DET slaraffenlivet heilet sommaren og har vel ikkje vore oppe før ni meir enn maks to gonger. Klokka ni var for at det ikkje skulle høyrest så veldig ille ut. Klokka ti er vel meir korrekt!! (+++).
Av ein eller annan grunn klarte eg å vere på ferga eit heilt kvarter før ho skulle gå i morges. Då hadde eg til og med innatt ein større frukost og tatt livet ganske med ro. Kanskje eg har tenkt å byrje ein ny livsstil? Normalt ville eg ha vore der 5 min før tida, akkurat slik at eg ikkje skal føle at eg er i siste liten, sjølv om det er det eg eigentleg i realiteten er.  Jaja......Hvis det inneberer at eg ikkje blir i koma kvar gong, så kan det jo vere noko å trakte etter (det å vere ute i god tid). Hahahahahaha.....Eg lurar på kor lenge denne haldninga varer!?! Eg gjer meg maks tre uker (og då har eg verkeleg vore generaus av meg!).

I morgon er det no helg etter endt arbeidsdag, så det blir deileg!! Det blir også deileg å vere heime ei helg. I sommar har eg kun vore heime ei einaste helg, blueshelga. Så no er det veldig greit å halde seg i ro her heime. Hytta freistar veldig, men den er sikkert superlei av oss no på ei stund:=)
Det får vere måte på kor artig ho syns det er at vi ligg der og sleng på verandaen og ikkje løftar ein einaste finger forutan når det er mattid. Om eg ikkje tar mykje feil, har vi nok grilla i alle fall over 30 gonger i sommar. Bakt potet dag etter dag har satt sine spor. Like greit at det går nokre uker no til neste gong.

Eg kjenner det godt på meg at det har vore øvingsfri i sommar. Det verker i meg etter å få spele. Det er rett og slett usunt for kropp og sjel å ikkje følgje opp slikt. Det har berre vore eit par halvhjarta forsøk for meg sjølv her heime i stova. Eg veit kva eg saknar!

Ops..... no hende det plutseleg noko som gjer meg så glad som eg "aldri" har vore på leeeenge!! Det brusar av jubel i magen min, så herved er denne dagen på dataen avslutta!!!!!!!! Sorry.........:=) O lykke!!!!!

Hasta luego:=)

tirsdag 16. august 2011

Tysdag 16.august i Herrens år 2011!!

`Till death do us part.......... Det er med sorg å meddele at Harry Hole og Beathe har gått kvar til sitt. Sorgen er til å ta og føle på. Harry er daud og Beathe må gå videre. Sukk..... Jaja, det var kanskje på tide. Trur kanskje det vil bli stor lettelse her i gården når ho ikkje lenger er så oppslukt av desse bøkene. I forrige uke gjekk det med tre romanar, den eine på heile 650 sider. Likevel, det er jo meininga at ein skal slappe av når ein har fri. Kva er vel då betre enn ei god bok og masse deileg sol på kroppen?? Eg berre spør....

Eg har gjort lite eller ingenting i sommar. Eg har vel aldri vore så god på akkurat det som i år. Om ikkje eg er kvil, ja, då veit ikkje eg. Eg har utnytta kvar ein solstråle heile sommaren. 35 dagar har eg tilbringt på hytta. Det må vere ny rekord. Veranda, strand, sol, romanar.......alt har vore lagt til rette for meg i år. Takksam? JA!! Men no er det attende ti kvardagen. Den byrja delvis i går. Då gjekk det i brødbaking heile dagen. Frysaren må jo fyllast opp til skulestart. I dag er det eigentleg husvask osv...........men lysta sit så langt inne at det vil bli strevsamt å leite ho fram. Stakkars hus:=)

Så fantastisk lenge borte frå sivilisasjonen. Det freistar til å bli tradisjon! Det har sikkert vore mykje, både spanande og trasig, som har skjedd i sommar...... eg er ikkje i tvil om det. MEN, eg veit berre ikkje kva. Då ser eg sjølvsagt bort frå Utøya og finansmarkedet.
Eg skal vere den første til å innrømme noko: Det er faktisk kjempedeileg å ikkje vite!!! Det er så avslappa forhold oppi den lille skrotten i desse dagar at det er ein fryd. Det er liksom ikkje så mykje å ha meiniger om. Eg er stygt redd for at akkurat det vil endre seg fort no:=) No er det attende til sivilisasjonen og kvardagslivet. No er det ikkje berre å pleie seg sjølv lenger som gjeld. No må det egosentriske vike..... Det er like greit det.

 At eg kjem til å sakne han Harry, er ikkje berre "jåss"........ Sjølvsagt mest "jåss", men eg har vore så mykje innom verda hans dei siste ukene (eller litt lengre) at det er blitt eindel av kvardagen min. Det måtte jo sjølvsagt ta slutt ein gong, og det passar jo godt at eg blei ferdig før skulestart. No er det anna lesestoff som gjeld.
Dersom det sit nokon å les dette no, som ikkje har lest Jo Nesbø sine Harry Hole-bøker, vil eg påstå at det er vel verdt å lese bøkene. Det vil kanskje vere ein fordel å lese dei kronologisk! Det gjorde ikkje eg. Eg starta med "Snømannen". Det var den som ga meg lyst til å lese fleire. Så har eg hoppa litt att og fram.
Det bør kanskje nemnast at enkelte detaljar blir litt for heftige (sjølv for meg), men det er vel sikkert med på å gjere bøkene ekstra spanande. Sørg også for at dei siste 100 sidene hamnar i nærleiken av ei helg. Du klarar garantert ikkje leggje frå deg lesestoffet når du nærmar deg slutten. Kanskje til og med dei siste 150 sidene. Eg har lege i senga og lest både til klokka fire og fem på morgonkvisten, så det er ikkje berre, berre:=)
Eg kan til dels forstå lettelsen til dei andre no då.........

Eg må nok ta meg sjølv i nakken no!! (Og det hardt)........ Det nyttar ikkje å sitje her og tru at alt ordnar seg av seg sjølv. Husmora i meg må nok slå inn, i alle høve for nokre timar. Alle monner drar, heiter det så fint. Hehe....... Så fram med vaskebøtta og slå til!!

Hasta luego!!!!!!

Why have you stopped sending me songs?................

tirsdag 2. august 2011

Fjærmakk er fasinerande!!

Det er måndag og ei ny uke er i gong for fullt. Vel, alt er relativt. For fullt kan i mange samanhengar tolkast som litt stressande...... Det er alt anna enn det eg legg i det i dag. Vi drog heim i går ettermiddag av di det er ein som måtte opp klokka seks og kome seg på arbeid i dag. Stakkars! Hehe.... Det betyr ikkje at eg må sitje heime og la det gro mose på kroppen min av den grunn. Nei. då er det betre å finne på noko på eigenhand. Eg er godt igong:=)
I dag pakka eg bilen og drog attende hit på hytta. Det er betre mose her enn heime, så om det gror mose på meg her, ja, då overleve eg vel det!
Det har vore upåklageleg og deileg i ettermiddag. I dette vèret er det ikkje heilt lovleg å sløve på sofaen. Difor har eg tusla rundt i fjæra (langfjæra!!!) og sett på fjærmakk! Jepp, det var faktisk ganske gjevande...... Tru det eller ei. Eg har fått meg ny hobby. Fins det studier som omhandlar fjærmakken?
Eg lurte valdsamt på ein ting medan eg gjekk der og spankulerte. Har fjærmakken ei eller annan form for vit? Dei lagar jo slike haugar som liknar på alt i denne verda. I dag såg eg fjærmakk som var hjarteforma, sol med stråler, blekksprut, hus (nesten), tre osv.....berre for å nemne noko. Sjølv om vi har bekka over til august, er ikkje alt heilt på stasjon enno, så det er dei eksempla eg hugsar blant mange.
Stakkars små fjærmakkar som blei trampa sønder og saman der eg hoppa frå "tue" til "tue" av di egoismen min var større enn omtanken for dei søte små makkane. Eg kunne jo ikkje bli våt på føtene mine.
Nei, nei, nei........eg skal ikkje overdrive. Fjærmakk er ikkje søte og små skapningar i mitt hovud. Det tok berre litt av her. Sorry!! Thihihihi...... Eg må no le litt av meg sjølv. Du kan tru eg har evna til å ha det gøy sjølv om eg sit her heilt åleine. Om det er normalt er ei heilt anna sak:=)

Først fjærmakkstudie og så Harry Hole, ein myggspiral og flott veranda. Oh, my God, hundre gonger betre enn å sitje foran tv-skjermen heime. Eg trur eg held meg her ute denne uka. Opp og avgjort i dette sekund:=)
Akkurat no nyt eg berre det at det er heilt stille. Ingen kakofoni frå hverken bilar eller andre rare dyr. Rett og slett heilt stille.
Harry Hole har fått seg ein liten pause, men han blir nok med meg i senga ein tur etterkvart. Håper berre det ikkje blir slik som natt til sundag. Plutseleg var klokka nærare fem. Eg får styre tida med streng hand. Maks ein time med han Harry.

Hmm.......Kakofoni og kakofoni....... Om eg ikkje tar heilt feil no, høyrer eg duren av eit helikopter. Kven er det no som treng hjelp? Dei siste dagane har ambulansehelikopter flydd rett over oss her ute. Då meiner eg også rett over oss. Det har nesten vore sånn at tretoppane har vaia i vinden av helikoteret. Eg må ærleg innrømma at eg blir litt nervøs av slikt. Og så er det så lett å byrje med å spekulere i kvar det er på veg hen. Sist gong tippa vi Tysnes og det er veldig nært her. Om det stemte veit vi ingenting om. Ikkje har eg så lyst å vite det heller.
Eg tar ikkje turen i vindauget no, så får eg håpe at det ikkje er eit slikt helikopter som er ute i kveld.

At det nærmar seg haust er lett å sjå. Heile sommaren har det vore lyst ute. I kveld (no) er det ikkje akkurat lyst ute. Det er ikkje problem å sjå trærne eller anna ute, men det er merkbart mørkare. I tillegg høyres det godt om det er eit eller anna dyr som går og dultar borti hytteveggen. Akkurat som det nett gjorde. Det er lett og tru det er andre lyder ein høyrer når hovudet er fylt opp med kriminalroman. Eg har ikkje tenkt å gå i den fella.=) Det beste er å vere realistisk. Spesielt når det ikkje er andre vaksne her akkurat no.

Jaja...... Klokka er halv to og sidan eg kanskje innvilgar meg ein time saman med Harry Hole, så er det kanskje på tide å ta til vitet og krype under dyna. Ei vinterdyne, vel og merke!! Superteit. Vi har flust med dyner her på hytta og likevel presterer eg å liggje med ei vinterdyne heile sommaren. Som sagt manglar det av og til noko der oppi skrotten. Det er berre slik det er. Det blir vel heller ikkje noko betring med åra!?!
Som sagt, det er på tide å ta kveld. Så no førebur eg meg sakte men sikkert på at han Jon Blund kjem på besøk snart og gjer augelokka tunge. Det er rart med det. Han blir aldri lei av det, og kjem kveld etter kveld. For ein triveleg jobb han har. Han har vel sett mange gufsne andlet i si tid. Får håpe at mitt ikkje er av dei verste:=)
Natta!! Sov godt:=)

Hasta luego!

You're still the one......

fredag 29. juli 2011

Fredag 29.juli og olsok.

Harry Hole er ein horbukk!! I ordets rette forstand! I alle høve om vi tar vekk det faktum at ingen av kvinnfolka det er snakk om er horer........ Jaja, så er han ingen horbukk, men i mangel på betre ord. I løpet av dei fire siste månadane (frå påske og fram til no) har han Harry nedlagt fleire kvinnfolk i antall enn eg har SETT på mannfolk. (Og eg har sett på mange!!). Ein melankolsk og alkoholisert etterforskar....Korleis i alle dagar klarar han det?? Han har oppfunne eit nytt begrep: pule av seg melankolien! Slå den..... Eg er litt usikker på om det begrepet bør gjes som eit råd til dei som slit med melankoli.
Av ein eller annan grunn hamnar han til sengs til alle kvinnfolka han treff (vel.....nesten alle). Begrepet er vel ikkje akkurat så poetisk, men kanskje eg tar feil der........ Poesi kan jo vere så mangt.
Forhåpentlegvis er det ikkje lystene til herr Nesbø som får satt sitt preg i bøkene. Ikkje at eg på noko tidspunkt har sagt at slike lyster er unormale:=)

Ja, eg veit..... Tenk å gruble på slikt. Det var eigentleg i mangel på noko betre å skrive..... Det verste er at eg har sansen for mannen. Får håpe han ikkje ville ha hatt same verknaden på meg om eg hadde møtt han.

Det er fredag og vi er på tur inn i ei ny helg. Gårdagen var rett og slett fantastisk. Eg bretta meg ut på stranda og der blei eg, berre avbrutt av litt grilling og andre nødvendige saker. Skuffelsen var difor stor då eg vakna til skyar i dag. Jaja...... Vi får sjå kva helga bring med seg av godsaker.
Uansett vèr, så fungerer kortspel godt. Olsen, vri åtter eller kva folk no enn kallar det, er blitt flittig spelt kvar einaste kveld. Her er det slik at den som står att som vinnar etter x antal rundar, får bestemme kva den andre skal gjere. La meg seie det enkelt: Denne uka her har EG rett og slett vunne kvar einaste kveld. Så, som seg hør og bør, har "straffa" stått i riktig Knutsen-stil. Kvar dag høyrer eg ord som revansj o.l.. Eg lurar på kva som er så viktig med denne revansjen!??! Det blir jo berre ny kveld med nytt tap....... Eg koser meg, eg, så eg seier ikkje nei til ein real sjanse til på ny og på ny få gleden av å vere storsjef. Eg er stygt redd for at om eg fortsetter med å vinne, vil kortspelinga bli dratt langt inn i haustmånadane. Kva eg er i stand til å forlange når eg vinn., ja, det får dåke berre tenke dåke til sjølv:=)

Det er olsok i kveld. Eg veit det er ei form for feiring inne på Korsnes, men eg gadd ikkje ta turen inn dit. Det blei heller litt "kubb" på sletta og ein roleg kveld her på hytta. Det blir vel litt tid til han Harry Hole også. Han er ikkje store frelsaren, men du dækelen han er smart:=)
Den lille trompeten min ligg og sleng borti sofaen i håp om at den skal bli løfta opp og spelt litt på. Eg burde verkeleg gjere det...... Trikset mitt om at dersom den ligg synleg, vil den bli nytta meir, fungerer visst ikkje heilt. Eg veit eg må skjerpe meg. Ikkje det faktum at den er raud og difor meir synleg betyr noko heller.

Klokka er ni og langt over leggetid for ein sjuåring (sjølv om han mest sannsynleg ikkje har vore i seng før det heile sommaren). Så no skal eg hive meg rundt og leite opp litt lesestoff til å ha på sengekanten og sørge for at kvelden får seg nokre timar utan born. Så med tankane på Harry Hole og hans evinnelege forbruk av kvinnfolk, seier eg godt natt og på gjensyn:=)
Med andre ord: Hasta luego!! <3

When will we meet again?

tirsdag 26. juli 2011

Tysdag 26.juli.

Ein ting er sikkert. Den norske fjellheimen er vakker! Vi treng ikkje å reise til viddene sørpå for å få oppleve ein herleg dag i fjellet. Vi har den rett utanfor døra.
I dag har vi trødd i fjellet. Dog ikkje så fantastisk mange meter over havet, men meir enn nok til at det er fjell. Eg trudde at det skulle vere fritt for multer, men vi fann bra mykje likevel. (Eg "hær" ikkje multebær, men det er jo "gøy" å plukke). Berre det å gå der og nyte dagen til det fulle...... Det fins ikkje ord.
Når ungane er så lett til beins, er det ikkje noko problem å ha dei med på tur. Dei spring langt foran, så det er vel aller helst dei som må vente.
Sjølvsagt har eg lagt kameraet heime, så noko forevigelse kan eg berre sjå langt etter. Ikkje det at eg ikkje har mange bilete av stort sett same motivet heime. Det er ikkje akkurat første gong eg tar turen oppherifrå. Det er fint å gå opp i Herøyvika, men neste gong trur eg kanskje at eg vil prøve å kome ned att på Tysnes-sida. Det kan ikkje vere anna enn fint.

I dag har temperaturen vore kjempefin, trass i at det ikkje har vore mykje sol. Den har vel gløtta litt ned til oss i løpet av dagen, men ikkje nok til å skryte av ho. Kanskje ho vil velsigne oss med litt meir varme snart. Det er jo lov til å håpe.
Det er rart at vi alle skal bruke så mykje tid på å prate vèr. Eg gjer det, dei fleste andre også. Eg har ikkje talet på kor mange gonger eg har nemnt vèret her inne, og kven syns det er så ufatteleg skøy å lese det om att og om att?? Likevel fortset ein å skrive om det. Er ein eit fe, så er ein eit fe.......:=)

Det er fint å ha fri lenge, men det betyr også at ein får tid til å sakne enkelte. I alle høve gjer eg det. Enkelte meir enn andre og både med og utan x-faktor. Kanskje dukkar det plutseleg opp ei melding på mobilen din der det står "Eg saknar deg!" Det hadde vel vore fint? :=)  Joda.....men det skjer vel ikkje.
Det skal bli godt å få kvardagen attende om litt. Neste uke blir eg plutseleg "åleine", og gudane skal vite kva eg då vel å gjere. Kanskje eg berre skal ta stand her på hytta og ta alt som det kjem på sparket? Ein Bodø-tur ville heller ikkje vore å forakte....... Mest av alt vil eg berre vere heime og øve og prøve nyopptakaren min, men det har ein jo sjansen til heile året. Og så er det ikkje så motiverande å øve åleine for tida......
Forresten har eg for nokre få timar sidan sotte og trompetert litt her på verandaen. Eg har med meg min lille raude trompet og stakkars småfuglane og dei andre småkrypa som er rundt om her. Det er nok ikkje daglegdags med slike lydar her omkring. Skal eg ha god amasjør til spaniaturen i oktober, må eg vel starte med haustsesongen allereie no. Eg kan ikkje leve i den trua at eg berre skal liggje å late med på stranda for det meste der nede. (Sjølv om det er akkurat det eg kjem til å gjere......). Dei altfor store sprella skal eg i alle høve ikkje gjere. Det blir deileg med ein slik tur før vinteren kjem for fullt. I tillegg slipper eg å gå rundt som ein bleikfis:=) Eg er ikkje akkurat den store solariumbrukaren. Det får andre ta seg av. Huden min skal ikkje vere øydelagt lenge før eg rekker å bli 45. Det er nettopp det mange har blitt. Det er lett å sjå kven som har overforbruk av solarium og ikkje. Det er uansett ikkje min "buissness" å ha ei meining om kva andre gjer og ikkje gjer, så eg skal la vere å drøfte akkurat det meir inngåande.

Akkurat no nett kom "Øppna din dørr" ut av høgtalarane her. Stemningen er difor no heilt avslappa. Eg datt litt bort i mine eigne draumar (utan at det trengs noko utdyping der) og solarium får difor vere solarium. Eigentleg var det vel Calella som var utgongspunktet. Jaja......
Neste song er Tir na noir...... Sukk! Eg håpar ikkje det er meininga at det kun skal kome rolege ballader resten av kvelden. Då er det nok ikkje vits i at eg sit her og skriv, for då vil eg berre bli hilt oppslukt i songane og skrivinga vil bli hakkete. Eg har ein tendens til å leve meg litt vel mykje inn i songane.
Eg burde få utvida mp3-spelarlista mi, men eg er tom for idèar til passande songar. Hovudet er rett og slett i feriemodus og då er det ikkje mykje som fungerer.
Akkurat no er det Mr.Big med "To be with you" (eller noko sånt) som er her i bakgrunnen. Det er ei låt det er lenge sidan eg har høyrt. I tenåra var det songen vi verkeleg drøymde oss bort i. Sukk....Den er fin."Deep inside I hope you feel it too". Ååååhhh......

Myggspiralen har ikkje lange levetida att. Den er komen til innerste ring og eg har ingen planar om å la mygga få dele det deilege blodet mitt. Dei der små byllane vi får på kroppen vår, er alt anna enn deileg. Ikkje er det særleg gøy å gå rundt å klø seg sjølv heile tida heller. Eg veit eg fekk eit par stikk på fjellet, men det må ein rekne med når ein ikkje dekkar til kroppen sin. Fjellmygga klør likevel ikkje så mykje som den her hersens kveldsmygga som eglar seg innpå.
Korleis eg har kome fram til den konklusjonen?? Det er mykje eg veit.........

"Liggja mjukt i ei eng som gjer nytta si som seng..........." Joda, no tar songane seg opp her:=) Hehe...... Hmm, kven ville eg ha delt tida med på ei eng?? Sei det........ Svaret er vel opplagt:=)

Eg er ferdig med boka eg har holdt på med dei siste dagane. No passar det perfekt å gå inn og starte på ei ny. Det får bli han "Harry Hole" att. Harry Hole og eg har ein grei dialog! Denne gongen trur eg det får bli boka "Frelseren". Eg er ikkje heilt på den kronologiske rekkefølgjen, men kva gjer vel det?
Eg får seie meg einig med han der trønderfyren som heiter Midjo til etternamn. Boka "Sannhetens pris" funker. Eg klarte å leggje den ifrå meg, sjølv om han påstå at det ikkje går an. Likevel, den var bra. Heilt grei og ikkje bortkasta tid å lese. Så får eg håpe at han Harry Hole ikkje skuffar meg no heller.

Hasta luego:=)

What's wrong with me? I can't think of anything else but you..........

mandag 25. juli 2011

Sundag (eigentleg ikkje etter klokka) 24.juli.

Det er nokre dagar sidan eg sist skreiv. Eigentleg hadde eg planar om å fundere litt fredagen, men det var berre å gløyme. Eg har bevisst ikkje skrive noko desse siste dagane av ein enkel grunn. Om eg sat meg ned og skreiv, ville eg ikkje klart å skrive om anna enn det ufatteleg triste som hende på fredag ettermiddag. Det er nok av fokus på temaet og mitt innlegg ville berre blitt eitt av fleire tusen. Eg tenkte difor at eg heller skulle la vere å skrive noko som helst. Så tenkte eg at det kanskje var nokon som "forventa" at det ville kome drøftingar om det som skjedde. Eg valgte å la vere......
Då eg logga meg på for få minuttar sidan, var eg klar i èi sak. Eg skal ikkje nemne det som er skjedd med eit einaste ord. Eg skal berre ha fokus på andre ting og tema. Likevel....... Eg burde skjønt det. Eg klarar uansett ikkje å halde meg trufast til mine eigne avgjerdsler. I alle høve ikkje denne. Eit tema som opptar så mange, og i stor grad meg sjølv, vil uansett ligge å vake i bakhovudet til det er komen ut. Så det er berre å gjere det først som sist.

Eg har vore ei heil evigheit på hytta. Eg har vore langt unna nyheiter og verda ellers. Som eg har sagt før, så har eg ikkje sakna det så mykje. Difor var overgangen til røyndomen ganske brutal då eg kom heim utpå fredagen. Det var ei som kviskra meg i øyret at ho hadde lest noko om bombe i Oslo på nettet. Eg var snar med å få på tv'n og nyheitskanalen. Joda, det stemte! Kunne eg ikkje berre ha vore på hytta??......
Ufatteleg. Eg håpa lenge på at det var gass som var årsaka. Eg tenkte også at det godt kunne vere ein nordmann. Då Utøya kom inn i biletet, var eg ganske sikker. Det stemte jo også då!

Heile Noreg står no samla. Solidaritet og nasjonalisme står sterkt. Ingen skal få kome her og øydeleggje demokratiet. Ein forskrudd tulling (etter mi meining) skal ikkje få kjenne noko som helst form for makt. Tenk på all den publisiteten han no får.
Han blir publisert i heile verda. Det er klart han også har tilhengjarar. Vi får be om at ingen av ekstremistane på det området blir påverka til å følge opp det han har starta. All den publisiteten han får....... Det er no vel akkurat det han ønsker. Han får blest om det han står for. Det er jo ikkje akkurat ein angrande syndar som er tatt. "Grusomt men nødvedig". Korleis kan han utrykkje noko slik? Ein sjuk djevel, men likevel kjempesmart og oppegåande. Det er ikkje berre, berre å stelle i stand dette levenet han har starta. Det skal vere sikkert og visst.
At ein har både slekt og vener i Oslo og fleire vener tilknytta AUF, gjorde sitt at eg blei rimeleg kvalm av det heile. Enno er ikkje namneliste av dei omkomne frigjeven.....Eg ber til høgare makter om at eg ikkje kjenner nokon som helst av dei. Mest redd blei eg av tanken på at eit yngre søskenborn av meg skulle vere innblanda. Eg er litt usikker på om ho har kontor i området katastrofen skjedde. Heldigvis fekk eg beskjed om at ho var utanlands på ferie.

Ein kan stille seg mange spørsmål etter ein så stor tragedie. Kva i all verda er det som får eit menneske så sterk i trua på noko at han henrettar så mange uskuldige? I morgon skal han uttale seg om det han har gjort offentleg. Det er ingenting han kan seie som vil gje noko som helst form for meining. Det einaste som kan skje er at han får den pr'n han ønsker. På facebook er det oppretta hatgrupper mot han. Eg veit det er tilhengjarar som også har oppretta sider i hans favør. Så ikkje alle avskyr han.... Eg gjer det!!
Eg har ikkje vore på facebook på ei stund, men i stad var eg innom ein tur. Eg såg nesten ikkje ein einaste kommentar der som ikkje gjekk på dette temaet. Støtteerklæringar og så vidare. Det virker som at "alle" viser respekt for dei som er ramma ved å ikkje bruke facebook som vanleg, men som ei side der dei vis at dei bryr seg. Eg heiv meg på bølgjen og tok det norske flagget med i profilen min, slik dei fleste andre også har gjort.

Ei slik hending kan ha fleire utfall. Det er ikkje tvil om at det skremmer mange. Så spørs det kor mange av dei som blei ramma det er som tør å kome attende i det politiske liv (utan frykt for at noko slikt skal skje på ny). Dei seier at Utøya skal bestå som festivaløy for AUF. Eg syns det er veldig viktig og riktig. Det vil nok bli tøft neste år, men eg trur det er viktig for å prove at terror ikkje skal styre landet vårt.
Som Siv Jensen sa fredagskvelden: "I dag er heile det norske folk AUF'ere". Det trur eg også. Samtidig syns eg synd på ho som får det slengt i trynet at han var tidlegare Frp-medlem. Det er jo ikkje Frp som står bak dette. Det har ganske sikkert ingen som helst tilknytning til noko som helst som har med det partiet å gjere. Difor syns eg det blir heilt feil av media å ha det som undertekst i store delar av sendingane gjennom heile helga. (I tillegg til at journalistane spør ho om det).
Frp har utroleg mange negative sider ved seg (mi personlege meining vel og merke). Det er veldig mykje av det dei står for eg tar laaaang avstand frå. Likevel, vi bur i eit demokratisk land og Frp-tlhengjarane har lov å ha sine eigne meininger dei også. Sjølv om dei er ganske ytterleggåande i enkelte saker, er det ingen som skal kome her og påstå at Frp står for slike hendingar som var fredagen. Ergo burde dei bli spart for ydmykelsen media no gjer dei. Dei bør skilje mellom enkeltperson og parti.

I dag, då forsvararen hans blei intervjua, tenkte eg "Korleis kan ein seie ja til å forsvare noko slikt?" Når hovudpersonen sjølv har utpeikt han, byrjer eg å lure på kvifor. Korleis kjenner han til nett denne forsvararen? Er han kjent for å ta slike spekulære saker og det å forsvare dei verste? Eg veit ikkje svaret, eg berre spør..... Han sa sjølv at han først var usikker på kva han skulle svare. Han hadde tenkt seg godt om før han sa ja.
Klart det er rett at han skal ha ein forsvarar. Det er ingen tvil om det. Det er likevel så vanskeleg å fatte at det fins mennesker som seier ja til å forsvare ein mann som har begått slike handlinger. Han har trass alt sagt ja heilt frivillig. Han blei ikkje oppnevnt av di det ikkje var andre som ville. Kva skal han eigentleg forsvare? Kva er hovudmålet hans i rettsaka? Vil det vere å få han frikjent? Vil det vere å få redusert straffa mest mogleg?
Eg skjønnar ikkje heilt kva svar som kan bli gjeven på desse spørsmåla. Ein forsvarar skal jo alltid gjere det slik at klienten skal kome best mogleg ut av ein situasjon. Denne situasjonen er ikkje slik at det manglar prov på at det er rett mann dei har teke. Han prøver heller ikkje å benekte det heile. Så sånn sett er saka grei. Sjølv om det er slik, skal det likevel vere ei rettsak. Ei rettsak som skal munne ut i noko. Det skal sikkert koplast inn fleire medisinskkyndige personar som skal vurdere han opp og i mente. Psykologar osv...... Var han tilregneleg? Akkurat det er det vel ingen tvil om. Det er jo noko som er blitt planlagt over lang tid. Svaret seier seg vel sjølv!??!
Noko anna straff enn livstid vil vere utenkeleg. Livstid her til lans er berre 21¨år. Eg vil tru at han får livstid og at han blir sikra på ein eller annan måte resten av sitt liv. Ein slik mann må aldri få kome ut i fri luft att!
Nei........å prøve å starte ein revolusjon på ein slik måte..... Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie.

Den næraste tida vil det kome til å prege landet. Litt etter litt vil det bli mindre og mindre fokus på det og vi vil vere attende i vårt daglege virke utan at tankane våre i stor grad vil omhandle det grufulle som skjedde. Eg vil berømme både statsministeren og alle dei andre for måten dei har "takla" det heile på. Dei må vere utslitte!
Sjølv kjenner eg at det er på tide å gjere anna enn å ha nesen foran skjermen heile tida for å få med seg alt som blir sagt. Det er ganske demotiverande og det skapar fleire gråe hår.
I morgon, klokka tolv, skal det vere stille eit minutt. Eg skal vise min respekt ved å følgje det opp, men så trur eg at eg skal skru av og fokusere på andre ting. Jaja.......

Sjølv om det har vore trasige dagar, har det vore liv i bygda her og vi har vore invadert av mange menneske. Vèret har ikkje vore på bygda si side, men det har likevel gått bra. Det er alltid fint når det er noko som set farge på vår lille tettstad. Det har vore mykje bra musikk. Festivalen her har også vist respekt for det som er skjedd fleire gonger i løpet av helga.
Ein slik festival gjer at ein møter på ulike folk. Enkelte sørpe full, andre berre brisen og enkelte heilt edruelege. Mange vider ulike sider ved seg sjølv og fulle mannfolk er ikkje alltid så digg!! Enkelte kan vere direkte vanskelege. Sånn er det berre og sånn vil det vel alltid vere. (Ikkje det at eg skal glorifisere kvinnfolka så veldig......).
Laurdagskvelden tok vi med mamma og hennes "kaill" og dro på bluesaften. Det blei veldig triveleg med mykje fliring. Teltet var bra fullt og stemningen var kjempegod. Folk var heilt med. Sjølv om vi ikkje dansa heile tida, trur eg nok foten køyrde sitt eiga løp under bordet når vi sat.
Ellers trur eg kanskje eg blei medlem av ei heller tvilsam bedrift i løpet av kvelden. Det attstår å sjå:=)
Etter å ha lagt seg midt på natta etter å ha vore vakt i teltet, for så å sjølv gå ut kvelden etter........ Ikkje skjønnar eg at eg er i stand til å halde augene opne akkurat no. Klokka er faktisk halv to på natta. Eg er eigentleg stuptrøytt. Det beste ville vore å få seg ei skikkeleg natts svevn, men ein er vel aller helst skuldig i dette sjølv.
Det er stille i huset, besøket har dratt og vi er heilt åleine. Ute er himmelen lyseraud og eg er spent på kva eg vaknar til i morgon. Det er vel slik at ein skal ta livet som det kjem. Så like så greit at ein ikkje har dei store planane.

Hasta luego:=))

I wanna feel your heartbeat!