fredag 13. november 2009

Helg!!

Endeleg er det helg!! Endeleg er det hytta!!!
Har ikkje vore på hytta på aldri så lenge..... Gjett om det skal bli delilig!?! Gler meg om ein liten unge. Eg liker godt å vere på hytta! I tillegg ser det ut som om vèret slår til. Fantastisk. Ingenting er som ei flott helg på hytta.
Den som gler seg mest, er Steffen!! Han hadde ikkje lyst å vente heilt til idag. Han har masa om å få fera på hytta lenge no! Grilling på hytta overgår alt:=)
Ei fin kvardagsuke er over og no er det helg. Måtte alle få fine dagar!

GOD HELG!!!

mandag 9. november 2009

Fear factor!!!

X-faktor, xtra-faktor, solfaktor, faktorisering........No har vi jaggu meg fått "Fear factor" også!!! Det er ikkje måte på kor mange faktorar vi skal oppleve. Må berre sei det, dagens høgdepunkt må vere den lille halvtimen av dette døgeret eg såg på tv'n. Det var til og med på ettermiddagen. (Skal ikkje tv'n eigentleg vere av då??). Uansett....Fy flate. Adrenalinkick, spenning, mageomveltning, frysninger....say no more. FFFF. Har ALDRI så mykje som høyrt om programmet "Fear factor" før. Ikkje har eg tenkt å sjå det fleire gonger heller, men er likevel mållaus. Folka som er med er rett og slett gal!!!!! Eg hadde jaggu meg glidd rett i i ei rolle der! Digg:=)

Poenget er at det skal vere 4 lag me to bestevenner på kvart lag. Tillit er grunnen til det...og det trengs! Kjenner at eg vil seie fy flate etter kvar setning, men skal prøve å begrense meg. Eindel tester må bestås før vinnerlaget stikker av med 50 000 dollar. Først var det ei dykkeoppgave som var ganske så utfordrande (berre eit lag fulførte), men ingen kunne ryke ut då. Neste dag skulle dei ha ei blodigle-oppgåve. Den eine måtte ha på seg blindebriller og dykke med hodet ned i eit kar med fleire tusen blodigler. (Creepy).... Det var om å få flest mulig inn i munnen, springe bort til ein vegg (i blinde) og spytte blodiglene gjennom eit lite hull i veggen og inn i munnen på lagkammeraten. Så var det å få dei vidare til ein bolle lengre bort i lokalet. Kven klarte å få samla flest blodigler i løpet av 2 minutt?? Trur vinnerlaget klarte heile 212 blodigler. Ekkelt!!!!!
Eit av laga måtte heim. Dei klarte berre å frakte 58 blodigler via munnen. Hm....Lite!
Siste dagen måtte dei springe på ein trommel som gjekk rundt og rundt, fortare og fortare 60 m oppe i lufta. Det var om å ikkje falle av. Vinnarane av denne dagen ville sitje att med premien.

søndag 8. november 2009

Rastlaus....

Klokka er 19.50 og eg kjeder meg. Huset har vore fullt heile helga, men alt av besøk er reist, så det blei plutseleg så stille. Steffen sover og eg sitter her og lager kort. Har laga meg nokre snømenn som skal malast og pryde deler av julekorta i år. Kreativ!!! Mest av alt har eg eigentleg lyst å ta meg ein tur ut i den "friske" lufta. Er det ingen som vil gå tur i kveld???
Ikkje har eg lyst å sjå tv, boka har eg allereie lest eindel i. Sikkert bortimot ein time..... Ingenting å angre heiter den. Skal skrive bokomtale om den seinare. Har allereie mykje klart for meg når det gjelder den!
OG DER ringte det på døra......Einar roper ned til meg at vi har fått besøk. Det er vel berre å gløyme heile spaserturen som eg vil ta......jaja.

lørdag 7. november 2009

Senil.......

Skreiv om x-faktor tidlegare. Eg gløymde å ta med det siste men viktigaste avsnittet!!! Veit ikkje om det er alderen eller.......
Uansett. Slik skulle det ha sett ut:
Eg treng ikkje nokon med x-faktor rundt meg. Eg er nøgd som vi har det. Tror alle koser seg på øving!!
Så var det sagt:=)

No treng eg berre hjelp med å lage komp/melodi til den nye teksten eg har skreve. Ser for meg litt DDE-stil?? Har for det meste skreve ballader før, så eg fekk plutseleg ei utfordring når eg no prøvde meg på noko anna. Hadde eg vore betre på gitar, ville det vore enklare. :)
Her er teksten:'

FORELSKA
Lørdagskveld på lokalet.
Festen e' i gang.
Øl og vin på bordet.
Kvelden den blir lang.

I kroken, ja, der sitt du
i din flotte positur.
Men min vei ser du ikkje.
Æ trur æ trør en tur.

Refr: Æ e' forelska, håplaust forelska,
men mest naiv og dum.
Æ burde ta til vettet.
Ikkje tru at det går an.
Om æ fortsett blir æ såra,
for det e' nok ingen sjangs,
for at du skal kall mæ kjærring,
og æ kall dæ for mann.

Alt for full det blir æ,
æ må drekke mæ til mot.
Avslaget sett dypt i mæ
når æ ber om dansefot.

Oppi hodet raser ubalanse,
ut kjæm stygge ord.
Neste dag så angre æ
på alt det som æ gjor.

Refr: Æ e' forelska, håplaust forelska,
men mest naiv og dum.
Æ burde ta til vettet.
Ikkje tru at det går an.
Om æ fortsett blir æ såra,
for det e' nok ingen sjangs,
for at du skal kall mæ kjærring,
og æ kall dæ for mann.

X-FAKTOR.

Om du spør majoriteten her i bygda, trur eg ikkje det er mange som ville ha svart at dei har x-faktor. Ein ting er å ha det, ein annan ting er å skjønne at ein har det og tørre å seie det. Eg kjenner fleire som har potensiale. Problemet er at dei manglar det å tørre å slå se laus utan å vere redd for kva andre tykjer.
For å ha x-faktor må ein tørre å gjere det samme som ein tørr etter eit par drammar. Om ein klarer å ha positiv energi og utstråle den til publikum utan noko innabords, er det større sjanse for at ein er "velsigna" med x-faktor. Sanninga er vel ikkje så langt unna om eg tippar at mange syns det hjelper på med ein liten dram for å roe nervene..... Sidan det er så mange som syns det, er det vel eit faktum at det fungerer og. Ellers ville ein vel ikkje gjere det om att og om att??

Sjølv er eg ikkje redd for å feile. Eg har vel aldri tatt meg sjølv så høgtideleg. Det er ikkje i nærleiken av det å ha x-faktor, men poenget er vel mest for å påpeike at dei som har potensiale bør prøve det samme.
Mange har så lyst, men likevel har dei sperrer. Ein treng ikkje vere god til å syngje for å ha x-faktor. Eg trur x-faktor er knytta til om du har det når du framfører noko uansett art. Det kan vere ein tale, ein vits, song, instrumentspeling og ellers mykje anna!
Eit band stiger i rang om det er nokon med x-faktor med. Difor tenkte eg at eg skulle prøve å skrive litt om korvidt bandet "mitt" har x-faktor. Då tenker eg sjølvsagt på menna! For gudene skal vite at det er god blanding.
5 menn! Alle er dei flinke og alle glimtar dei til inni mellom. Men dugleiken deira kjem ikkje ordentlig fram via glede. Det vil seie at alle elsker å spele, men det ser berre ikkje slik ut. Det er nettopp kjærleiken dei har for musikken som bør kome fram.Så eit framtidig mål må vere at denne såkalla kjærleiken skal kome fram i form av "attitude". "Attitude" er ikkje x-faktor, men må likevel sjåast i samanheng med det. Ingen "attitude" - ingen x-faktor.

Ein av dei ville glidd rett inn i rolla som ein av Beatlesgutta. Stilen er ganske så lik. Måten han står på og speler...... Trur kanskje han er Beatlesfan og! Forutan det er han nok også litt "Hippie wannabe". Han har potensiale der, men ikkje nok til at han har x-faktor.

Å elske å vere i sentrum burde vel eigentleg også bety at utstråling er tilstades i høg grad. Om ein liker å vere midtpunkt, nyttar det ikkje å spele bra medan ein berre står der rett opp og ned utan eit blikk på publikum. Då fanger ein ikkje augeblikket. Å ha såpass sjølvtillit at ein kommuniserer med dei ein speler for, ja, då kan ein nå langt. Vi har ein som liker å vere i sentrum. Her må "attituden" opp.

Eit anna ytterpunkt er ein som gjer uttrykk for at han ikkje ønsker å vere i sentrum. Likevel er han nødt til å vere det ein god del. Han gjer vel eigentleg uttrykk for at han ikkje er så god, når han veit at sanninga er noko heilt anna. Mi personlege meining er at han ønsker å vere der, men vil ikkje vere den som brautar seg fram. Han lærer gjerne opp dei andre og viser dei korleis dei skal spele soloar i stadenfor å berre ta dei sjølv. Han har ofte glimt i auga på øving. Bør ta det med seg i evnt. spelejobbar.I tillegg må han stenge nervene ute. Det gjeld forresten dei alle.

Når ein har spelt eindel år, burde ein klare å lausrive frå ark med akkordar og slikt. Musikk er logikk, kjensler (det å føle seg fram), naturleg og det er formidling. Å bli betre på dette området vil utvilsamt gjere ein av gitaristane til ein mykje betre musiker.Han har tildels evnen til å vise publikum at han liker å spele. Årsaken til det er gliset og knebøyen han tar innimellom. Det sprer humør....

Alt i alt vil eg påstå at ingen av dei har x-faktor. MEN!! Det betyr ikkje at det ikkje finst potensiale. Om eg hadde fått lov til å bruke litt tid på det personlige til kvar enkelt musiker og tvinga dei til å tenke på korleis dei speler og ter seg, trur eg at stor framgang ville vere å spore. Men det er tidkrevande og ein får mindre tid til anna.
Trur kanskje ikkje ein skokk med menn,som speler slik dei har gjort i 40 år, syns det ville ha vore så skøy me instruksjon frå ei som ikkje er halvvegs i livet. Det beste vil vere å la vere å spørre.

tirsdag 3. november 2009

Advent???

Ein skulle tru at det snart er jul..... Eller, det er jo det, men ikkje så kjempenært. Det er sikkert eit par uker sidan eg oppdaga at adventskalenderen var komen i butikkhyllene. Er det ikkje meininga at det er borna som skal ha dei?? Kanskje ikkje... I så fall ville det jo vere teit å kjøpe ein allereie no, berre for at borna skal glo på den i over ein månad. Julemarsipanen er og komen. Nidar er vel ikkje større enn at dei er avhengig av å selge jule- og påskeprodukter det meste av året for å få det til å gå rundt!
Nei, når det blir desember og snøen kjem, ja då skal eg kjøpe julegodter. Adventskalenderen må dei no berre ha for min del. Eg er ikkje ein av kundane der. Eg lager heller eigen. Tror kanskje eg skal legge inn nokre "aktivitetsgaver". Noko som tvinger meg til å setje av tid til kvalitetstid. Ingen dum idè!

mandag 2. november 2009

Svigermor på besøk.....

Det finnes jo eigne ordtak om svigermødre....... Av ein eller anna grunn så har den "myten" oppstått. Her i huset har ikkje det vore noko problem. Svigermor til "Einar" er ikkje av den værste sorten. Likevel...... Onsdsag kjem ho. I dag ved middagsbordet byrja han plutselig å snakke om at huset måtte vaskes. Det er ikkje mange dagane sidan sist, men joda, huset måtte vaskes. Eg tenkte meg litt om, og etterkvart skjønna eg jo årsaka. Eg prøvde å overbevise han om at det sikkert gjekk bra om det ikkje dufta grønnsåpe i samme augneblikk ho entrar døra. Plutselig var det å bortforklare seg..... Neida, då var det ikkje det som var grunnen. Så då måtte eg spørre han om kor mange gonger han hadde spurt om vi skulle vaske huset på ein mandag dei siste ti åra.
Han var jo litt søt då.... For å vere grei heiv eg meg rundt og vaska litt. Så nå kan mamma trygt komme på besøk på onsdag. Ho vil ikkje i alle høve ikkje døy av overflod av støv!!