onsdag 28. november 2012

Hersketeknikker........

Hersketeknikker........... Eg sat her og tenkte litt på kva eg skulle skrive om. Det var eigentleg ganske "tomt" oppe blandt dei små grå som svømmer rundt oppi hjernemassen.
Det er jo mange ting ein kan skrive om, men det er ikkje alltid at det er så lett å kome på det der og då. Det handlar jo litt om kor i den kreative verda ein er når ein skal bruke det.
Såååååå......... Eg spurte likesågodt ein av sidemenna mine. "Kva skal eg skrive om i kveld?"
Joda, vi blei einige. Hersketeknikkar!! Teknikkar som ein brukar på ein "fin måte" for å rakke ned på andre.
Det fins mange av dei som brukar desse teknikkane både bevisst og ubevisst.
Enkelte meiner faktisk å såre, medan andre sårer utan at dei eigentleg er klar over at dei gjer det. Andre har det rett og slett som ein del av personlegdomen sin.......

Kva typar hersketeknikk har vi?? Mange...... For å nemne nokre, skal eg lage meg ei lita liste.
1) Latterleggjering.
2) Usynleggjering.
3) Rakke ned på andre.
4) Blande sak og person.
5) Setje nokon i bås.
6) Utestenging.
7) Halde attende informasjon.
8) Oversjåing.
9) Gje skuldfølelse til den andre.
10) Bruke vanskeleg språk.
11) Dobbelt straff.
12) Bruke negativt kroppsspråk når andre snakker.
13) Setje folk opp mot kvarandre.
14) Ha mange regler, men sjølv bryt ein dei om nødvendig.

Sanninga er at lista kunne ha vore dobbelt så lang, minst! Likevel, eg trur kanskje eg har truffe sakas kjerne ved å bruke mange av dei eg har ramsa opp her. Eg føler at det er ganske dekkande.

Kvifor brukar ein hersketeknikkar? Det handlar for det meste om makt. Ingen tvil om det. Å framheve si eiga meining på bekostning av andres........
Dei fleste har sikkert opplevd hersketeknikkar brukt i praksis, anten ved sjølv å bruke det, eller av di ein har vore "offer" for det.
Politiske debattar på tv vil gje oss ei ganske god innføring på dette temaet i praksis. ..... Ironiske smil og himling med augene er heilt normalt i slike situasjonar.
Hersketeknikkar gjer det lettare å kome unna med å vere frekk. Eit sitat eg går ut ifrå at dei fleste kan seie seg einige i.

Om ein blir satt ut av det dei gjer, har dei oppnådd akkurat det dei ønsker. Difor er det ein føremon om ein klarer å gjennomskue teknikkane som blir brukt.
Vi har alle mykje å lære....... Eg skriv vi av di det innbefattar meg sjølv også. Eg er slett ikkje noko dydsmønster og det trur eg heller ikkje du som lesar er. I så fall er du ganske genuin og særeigen. Då må du verkeleg ta vare på den eigenskapen det er i å ikkje bruke hersketeknikkar!!

Latterleggjering. Kva legg eg eigentleg i det ordet?
Latterleggjering førekjem når eit individs innsats blir håna, ledd av eller sammenligna med dyreatferd, om ein skal ha ein definisjon på ordet.
At mange blir håna i dagen samfunn? Gjett om!!
Dessutan trur eg at vi kan putte inn det å gje skuldfølelse til motstandaren inn under latterleggjering. For det er vel eigentleg det vi gjer? Latterleggjer den andre for å tilfredsstille oss sjølv i for eks. ein krangel i heimen? Er ikkje kvinnfolk ekspertar på det? La mannen føle skuld og vere den som må beklage?
Det trur nemleg eg at er eit ganske utbreidt problem.
Eg har har sjølv gjort det, så eg veit kor lett det er.
Når den eine i utgongspunktet har skulda og så ender det opp med at det er den andre som ber om orsaking. Er ikkje det ei form for latterleggjering?? Eg trur det..........

Usynleggjering. Kanskje ein av dei mest iriiterande teknikkane?!!  Kven liker å føle seg oversett?
Dette er nok ein teknikk eg trur det er mest menn som brukar.......overfor kvinnfolk.
Eg har ikkje noko statistikk som underbyggjer den påstanden. Det er berre det eg trur.
Det stikk nok djupt hos mange som berre blir ignorert.

Å snakke nedlatande til andre...... Kor mange har ikkje høyrt uttrykk som "Lille venn, jeg tror ikke du helt vet hva du snakker om" i enkelte diskusjonar. Berre av di ein har ei anna oppfatning av ei sak,
brukar ein ein hersketeknikk for å framheve si eiga meining til at det er den som er den "rette".

Når ein seier setninger som denne, gjer ein det på ein slik måte at ein faktisk har vore frekk, men frekk på ein "fin måte". Med andre ord betyr det at du har vore frekk, men at ingen kan ta deg for det.
Det er vel ingen av oss som likar at andre er nedlatande mot oss?!

Blande sak og person. For mange kan det verkeleg vere vanskeleg å blande sak og person. Det har eg sjølv opplevd i ei spesiell sak det siste året. Heldigvis prellar det berre av på meg, men det er slett ikkje sikkert at det gjer det på alle.
Mange kritiserer personar og ikkje det dei står for. Noko som i mange tilfeller skaper store "øydeleggelser".
Enkelte brukar denne forma for hersketeknikk berre "av di dei kan det". Sjansen er der, så kvifor ikkje bruke den? Kanskje samtidig få ei lita hevn?
Det viser sjølvsagt kor umoden mange er, men det vil dei vel aldri skjønne.

Bruke vanskeleg språk. Enkelte har ein tendens til å sjå ned på andre som dei veit at ikkje har så lang utdanning osv....... "Kva veit du om det? Har du ei utdanning som tilseier at du veit det??" Vaksne folk føler seg som små born når andre vaksne seier slikt.
Mange av dei som oppfører seg slik, sørger gjerne for å bruke eit litt vansklegare språk når dei snakkar, berre for å "herske" litt. For å vise at dei er betre.............

Enkelte lar det gå sport i å rakke ned på andre. Har dei sjansen til å snakke negativt om nokon dei ikkje likar, ja då gjer dei det. Dei har alt for vanskeleg med å halde seg for god for det.
Sanninga er at som oftast kjem det dei rette folka for øyrene. Mange likar ikkje at enkelte rakkar sånn ned på andre og er heller lojal mot den som blir rakka ned på. Då betyr det at det rett og slett berre "slår attende" på den som rakkar ned. Då er det den som rakkar ned som eigentleg blir den folk ikkje likar. Ein "farleg" tendens...........Spesielt viss du samtidig har ein leiarposisjon. For vi kjenner slike også!!

Samfunnet har nok av betrevitarar. Samfunnet kjem alltid til å ha det....... Ingen fare for noko anna.
Det vi imidlertid kan gjere noko med, er vår eiga haldning til slikt. Vi kan vise kva vi meiner når hersketeknikkar vi ikkje syns noko om blir brukt.
Er det nokon som snakkar nedlatande til oss, så fortel dei det. Konfronter dei og spør kvifor dei snakkar til deg på den måten. Om dei syns dei er så mykje betre.
La dei som rakkar ned på andre få høyre det. "Kvifor rakkar du så ned på ho?" "Veit du ikkje betre enn at det er galt å gjere det?"
La dei som er nedlatande få vite at dei er det!!
Det er mykje vi som enkeltpersonar kan gjere for å minske bruken av hersketeknikkar og sørge or at det er færre som føler seg som "ingenting".
Eg sjølv kan bli betre! Ingen tvil om det.... Eg har sikkert gjort fleire av dei tinga eg skriv her. Bevisst eller ubevisst. Så eg treng å halde fokus på det , eg også. MEN eg veit at eg i alle fall aldri er ute å snakke nedlatande til eller om nokon berre for å vere ekkel. Då må det i såfall vere ubetenksomheit, men det er like ille, det!!
Så stå opp for alle dei som føler seg mindreverdige og sei ifrå!!

Ha ein fin kveld! Jomfru Knutsen har i alle fall tenkt å kose seg. :=)

Mutasjonsfeil hos NRK?? Hahaha....... Dårleg ordvalg!!!

NRK-lisensen...... Eg må først poengtere at eg ikkje har noko som helst imot å betale denne lisensen, men eg ser på nettet i dag at leiinga har tenkt å endre eindel av vilkåra for lisensen.
Det er nett desse endringane eg reagerer på. Endringar eg ikkje heilt ser poenget med. I alle høve ikkje i forhold til argumenta dei sjølv brukar.

Som tv-tittar får endringane absolutt ingenting å seie for meg. Det er i hovudsak tre endringar som vil la seg gjelde.
Viss ein skal ramse dei opp sånn utan forklaring til kvar enkelt endring, vil det sjå slik ut: 1) Ein månads lengre frist ved daudsfall, 2) Må ikkje gje beskjed om du gjer bort ein brukt-tv og 3)Ambisjon om e-faktura i 2013.
Du skjønnar sikkert allereie at eg ikkje lar det vere å kome med kommentar til dei enkelte.............

For å starte med den første. Forfallsdatoen endrast frå den 1.jan. til den 31.jan. Heilt greit det....... Det passar sikkert mange bra at ein slepp å betale den midt oppi jule- og nyttårsstyret. For meg speler det inga rolle.........
I følge nettet, står det at dersom nokon går bort, får dei etterlatte ein månad lengre tid på seg for å varsku om at dei ikkje lenger er lissenspliktige.
Då lurar eg verkeleg på ein ting. Er det større sjanse for at det døyr eit menneske i slutten av desember og byrjinga av januar, enn det er resten av året?
Om forfallsdatoen er den første eller den siste i månaden har vel ingen innverknad på slikt? Ikkje på sikt.......Det betyr berre ei endring for enkelte akkurat denne første gongen, men folk døyr heile året.
No blir det slik at dersom nokon døyr første februar, må ein likevel betale lisensen fram til neste forfall. Den "gamle" metoden hadde same ordninga om du døydde andre januar. Som sagt......folk døyr heile året.

Til no har det vore slik at dersom ein vel å gje bort eit brukt tv til andre, så må ein melde ifrå om dette. Eigentleg ein teit regel av di det er ikkje mitt problem å opplyse om at andre har tv. Det er kvar enkelt sitt ansvar å sørge for at ein seier ifrå om at ein har tv og betale lisensen. Så difor kan ein vel seie at denne endringa er til det positive.

Ambisjon om e-faktura?? Tja, sikkert heilt greit det. Kva det gagnar oss, er eg ikkje sikker på, men det er sikkert positivt.
For ei tid attende var det ein som ikkje betalte dei siste ti øra som var på fakturaen og fekk purregebyr for det. Det betyr med andre ord at du er nøydd til å betale lisensen over nett. Betalar du kontant i banken, er det ikkje mogleg å betale dei ti øra som er bak kommaet. Alternativet er at ein må runde opp of faktisk betale meir enn ein skal.
Det er sjølvsagt ikkje snakk om store beløpet når ein rundar oppover...........Det er prinsippet i det heile. Viss mange vel å betale kontant, vil det for mottakaren utgjere ein heil del.

Eg er så dum at eg faktisk ikkje veit korleis eg brukar ein e-faktura!! Sånn er det berre............ Eg har ingen eg har e-fakturaavtale med.
Likevel, sannsynlegheita for at det er både logisk og enkelt å bruke og at eg sikkert ville skjønna det på null komma niks, er nok svært stor. Eg berre seier at eg ikkje veit det av di eg ikkje har prøvd det. Det er sikkert ikkje anna enn at ei rekning kjem til deg via nettet i stadenfor postkassa og at ein sparar fakturagebyret.

I dagens samfunn forventes det at dei fleste har data og internett. Eigentleg forståeleg nok, men likevel meiner eg at alle må ha retten til å velje om dei ønsker å ha det eller ikkje.
Me dså store individsforskjellar som det er i landet vårt, er eg ikkje det minste i tvil om at det eksisterer dei som faktisk ikkje skjønner "beret" av nettet.
E-faktura er sikkert positivt!

Eldre fedre kan få tykke barn. Kan ikkje alle det? Sånn teoretisk sett?? Viss ein ser bort frå det genetiske (om du skjønnar kva eg meiner..........?)
Eg trur eg nett at eg blei litt nysgjerrig på kva eg kan avdekke når det gjeld denne saka. Eg lurar på kva som er så spesielt med at menne er eldre og korleis det påverker anatomien!

Denne gongen er det faktisk snakk om ei norsk undersøking. (Som regel høyrer vi jo på amerikanarane osv osv........)
Menn som bli født av fedre over 50 har 55% sjanse for å bli feitare enn menn som er født av fedre i tenåringsalderen.
Hahahahaha..........Der gjekk eg i mi eiga lille felle (som eg ikkje fordrar at journalistar gjer)...... Menn før ikkje babyar. Ikkje med mindre det er skjedd store omveltningar i menneskets natur.
Eg meiner sjølvsagt ikkje menn født av fedre, men MED fedre i den aldersgruppa!
Vel.......min eigen son har ein far som var 51. Betyr det at sjansen er stor for at han blir "diger"?? Eg har mine tvil. Med det aktivitetsnivået han har i forhald til favoritthobbyane hans, så må han endre seg kraftig av natur......... Så var vel dog prosenten på 55.
Eg for min del, trur at det heile er ganske tilfeldig uansett kva slike undersøkinger seier.

Punktmustasjon er visst namnet på delar av årsaka. For dei som lurar på kva ordet betyr, så er det ei lita endring i DNA. Dei meiner då at denne lille endringa kan påverke eit menneske sin BMI.
I tillegg er det snakk om ein kopifeil. Eit litt rart ord eigentleg, men det er det ordet dei brukar for at vi skal forstå kva som skjer ved ein mutasjon.
Sædproduksjonen deler seg mange gonger i løpet av eit år. Då er det slik at det er fleire og fleire delingar jo eldre ein blir. Kopi av kopi av kopi..............Ja, du skjønner sikkert teikninga. Ergo aukar sjansen for ein kopifeil!!

Sjølv trur eg meir på teorien om at det er forskjell på korleis ein mann oppdreg guten sin om han er 20 eller 50 år. Det er mange faktorar som speler inn når det kjem til det temaet og ein 20-åring og ein 50-åring har svært ofte ulikt utgongspunkt.
For å forsvare det siste opp mot BMI, kan eg nemne at det kan gjelde til dømes i forhald til kva dei puttar i munnen til bornet sitt.
I tillegg trur eg på det som har med arv å gjere................

Vel..........Unge jomfru Knutsen har ikkje tenkt å plumpe ut fleire born, så problemet vil vel ikkje gjelde meg i så stor grad. Det er litt rart, men for første gong har eg faktisk tenkt over at tida mi til å få fleire born faktisk er i ferd med å renne ut. Eg nærmar meg jo 40 år og då minskar jo sjansen ein god del.
Hmm....... Eg har eigentleg aldri tenkt over det på den måte og plutseleg føler eg meg litt gamal (for første gong). Om eg likar det?? Eg er jo alt anna enn gamal. Det var berre tanken på at tida renn ut som slo meg inn på dei tankane............ Jaja.......Eg er vel 50 før eg veit ordet av det!!

Jomfrua er på tur i seng. Ho har vel eigentleg vore det ei stund no, men fingrane har visst ikkje heilt forstått det. På tide å overføre litt av vitet til dei kroppsdelane også.
I morgon er et onsdag og sånn sirka halvvegs i arbeidsuka. Snart helg med andre ord. Med dette tempoet blir eg vel 50 leeeeenge før eg er klar for det!! :=)

Ha ei god natt med mykje svevn. Ha ein fin dag i morgon og så vips så ses vi!

Hasta luego!!

mandag 26. november 2012

Justin og proteingutta!!

Jeg vil ikke vise meg uten henne. Det er snakk om Justin Bieber. Halve verdas ungdomsyndling. Heldige Selena som har ein kjæreste som ikkje viser seg offentleg utan henne (av hensyn til henne). Då hindrar han at ho føler at han skammer seg over henne. Så omtenksamt!! Sukk....... Kvifor er det ingen som vil gjere det same for  meg??
Hahahaha........ Eg hadde vel sprunge for livet før sjansen baud seg! Rett og slett av di det høyres frykteleg slitsamt ut å ha det slik. Enno godt vi alle er ulike......og at vi har retten til det. Så eg forbeheld meg retten til å slippe!

Proteinpulvergutta! Hahahaha....... Jon er kul!! Han har akkurat slått Andreas ut av årets "Farmen" og sa like etterpå at han ikkje fryktar nokon av dei andre proteingutane. Den einaste han nokon gong hadde frykta, var Andreas.
Så at enkelte går rundt der inne på garden og viser fram dei muskuløse kroppane sine, skremmer ikkje denne guten!! :=)

Dømt for voldtekt - Sæd stammet fra annen mann. Løslatt etter at store deler av dommen er sonet.  Hmm.......Det er vel det vi kan kalle for kjipt!! Viss ein blir dømt for noko ein ikkje har gjort, er ikkje livet særleg kult å leve! Ingen tvil om det!!
Han blei lauslatt no i ettermiddag etter å ha sona nesten fire år i fengsel. Tapt fridom med andre ord.

At samleie har funne stad, er det ingen som prøver å skjule, men han fekk aldri utløysning og DNA-prøver (av sæd) viser at ho må ha hatt sex med ein annan rett før denne påståtte valdtekten.
Noko som eigentleg vitnar om ei som kanskje er litt i overkant aktiv på det området.
Ho prøvde først å lyge det heile bort med at det første samleiet var to uker tidlegare.
Vel.....Det er å skyte seg sjølv i foten av di cellene berre overlever maks tre-fire dagar. Så då blir jo spørsmålet "Kvifor valde ho å lyge om dette?"

Mannen har heile tida hevda si uskuld og har i fleire år prøvd å få saka gjenopptatt. Uansett, skuldig eller ikkje, ein bør vel vere forsiktig med kven ein gjer seg ut med. Å møte ein eller annan på eit ein utestad er i utgongspunktet ganske dristig..............om ein ikkje kjenner vedkommande.

Det er en fordel med vann når en stuper. Her trengs vel ingen nærmare skildring?!!

Utroskap burde vært straffa av staten! Farmen-Andreas......... Det å møte jenter, skal skje med "hellighet" og ære. Med andre ord bør du ikkje møte opp i bikini eller lårkort skjørt!! Det vil ikkje vere særleg smart........
Andreas er djupt religiøs og meiner at sex før ekteskapet eller det å bu i sambuarskap strider direkte mot Guds bodskap. Det største problemet er likevel svik og utroskap. I og med at han syns det er så alvorleg, meiner han at dette er noko staten burde straffe. (Lykke til......stat!) Kanskje han sit med fasiten på koleis dei skal kome til bunns i kven som er utro eller ikkje. Interessant!

Sjølv har han to alternativ for si eiga framtid. Det eine er å gifte eg å få born, medan det andre alternativet er å leve som slave. To ganske ulike alternativ vil eg tru............ Sjølv om det sikkert for mange kan kallast for slaveri å gifte seg med eit kvinnfolk. (Vi kvinnfolk er jo slettes ikkje alltid så lett å hanskes med).

Det har vore mykje som har blitt sagt om Andreas etter at Farmen-episodane byrja å rulle over skjermane rundt om i dette langstrakte landet vårt.
Eg trur eigentleg at han er ein grei fyr. Dog syns eg at enkelte av meiningane hans er ganske sære, men han har jo på lik linje med oss rett til å meine det han vil.
Sånn i bunn og grunn syns eg rett og slett at han er litt tøff. Tøff av di han tør å framstå som ein slik person som han er og det at han tør å stå for det han meiner.
Vi er vel alle sære på kvar våre områder. Sær?? Det spørs kva vi legg i det ordet..... Det er ikkje sikkert at han er så sær som vi seier. Kanskje det er vi som er sære??

Han har nok mange gode meininger, men at staten skal straffe dei som vel å ikkje leve etter Guds vilje, er nok litt i dristigaste laget å foreslå.
Ein ting vil vere at det vanskeleg kan gjennomførast, men det viktigaste er vel retten til å bestemme over sitt eige liv.
Religionsfridom!! Religionsfridom er viktig. Alle må få ha retten til sjølv å bestemme om dei ønsker å vere religiøse eller ikkje. (Mi meining, vel å merke).

Det var "Farmen"................

I og med at eg først er komen inn i denne her bakestimen, lot eg den berre forsette i dag. Denne kvelden har det gått i sirupsnippar.
Ikkje det at det er så ufatteleg gøy å renske alle desse mandlane ein og ein, men det er jo deileg når ein først er ferdig. (Og ikkje minst den deilege dufta som entrar huset når dei steikes!!)

Ellers har eg hatt ei aldri så lita opprydding nede i bokhylla mi. Det viser seg at eg faktisk kjøpte "Fifty shades" allereie før sommarferien! Eg hadde berre gløymt det.......... Riktignok var den på engelsk, men det speler jo inga rolle!
Vel, eg tvilar faktisk på at eg kjem å lese eksemplaret på engelsk når eg allereie har lest alle tre bøkene på norsk!!
Eg får heller lese dei andre bøkene som ligg der og "glitrar" med engelsken sin.

Kvalt av kakkerlakker under spisekonkurranse. Jeeeeeezes!!!! Det var no også ein konkurranse å ha. Spise kakkerlakkar!! Eg føler eg blir skikkeleg freista til å prøve det! Hmm......... Eg satsar på at du ser ironien!

Det handlar om å spise flest kakkerlakkar. Levande, vel å merke. Og han spiste fleire dusin!! Berre for å vinne ein pytonslange!! Heilt normalt..........jada!!

Illsinte melkebønder sprutet ned politiet. Det høyres i utgongspunktet artig ut, men eg trur nok eg bommar om eg tippar på det.
Ein "brannslange" full av melk rett imot deg, liksom...... Det er berre å løpe, det!!

Nei, jomfrua skal for ein gongs skuld vere fornuftig og krype under dyna om få minutt. Klininga som er på tv-serien rett foran meg, kan dei ha for seg sjølv. Eg trur eg har meir nytte av boka som ligg på nattbordet og ventar.
Så då attstår det eigentleg berre å ønske dåke alle ei god natt!! Husk å oppføre dåke, for visst ikkje kan det hende staten kjem tuslande etter dåke.................

Hasta luego! :=)

søndag 25. november 2012

Vi har hatt overnattingsbesøk natt til i dag. Det eine tantesnusket har forært oss litt av si tid og ein stykk son har vore veldig nøgd med det!
Gårkvelden og formiddagen i dag gjekk med til sjakk, faktisk!! To åtteåringar og eit sjakkspel...... Kanskje ikkje heilt det ein ser for seg når det er snakk om slike gutar, men dei er faktisk flinke i det, begge to.

Eg hugsar godt frå då eg var yngre og budde heime hos mor mi. Vi spelte ein god del sjakk. Det er faktisk ganske gøy å spele det, men det blir liksom berre bortgløymt kvar einaste dag. Eg trur eg ikkje tar for lite i om eg seier at eg speler sjakk to gongar i året.
Det er noko eg ser for meg at eg må gjere nok med!!

Eg har styra sånn i kjellaren i ettermiddag at eg følte eg måtte ut og trekke litt frisk luft. Så då blei det slik....... Eg må verkeleg seie at det var fantastisk å gå! Ute var/er det passe temperatur og heilt stjerneklårt. Alle stjernebileta kom til sin rett.
Eg la merke til at eine stjerna i Karlsvogna var utroleg svak. (Noko eg forsåvidt har registrert lenge). Kanskje den har ein utdøyande stjerne?? Tida vil vise........
Uansett, det klåre vèret sørga for "opplyste" gater sjølv der det ikkje er gatelys.
Musikk i øyrene og berre sine eigne tankar som kunne forstyrre litt......... Håper det blir fleire slike fine kveldar.

Cupfinale!! Joda, det har jo vore finale i dag............ Ein finale eg ikkje såg sjølv med mine eigne auge, men eg rakk ikkje å kome innanfor dørstokken heime før resultatet blei forkynna til meg av to fotballgalne hankjønn. Og tru meg....... Eg var ikkje særleg "happy" for det dei kunne fortelje.
All ære til Hødd.....Det er ikkje det. Likevel syns eg det er heilt "feil" at eit førstedivisjon skal klare å danke ut fleire tippeligalag og vere det laget som skal representere Norge i Europa. (I tillegg til Molde då).
Eg unner sjølvsagt Hødd sigeren, men eg syns verkeleg at det er eit godt eksempel på kor ustabilt fotball-Noreg er.
Det er mange som seier at Glimt ikkje er gode nok for å vere i øverste divisjon. Vel, dei slo Hødd med resultatet 4-0 no i november. Så har Hødd danka ut både Brann og Tromsø?!! Fotballen er ganske tilfeldig!!
Mange seier at "cup er cup", men likevel meiner eg at eit lag har sine kvalifikasjonar uavhengig av kven dei møter. To lag som Brann og Tromsø skal IKKJE la seg slå av eit førstedivisjonslag.
No er eg berre glad for at eg ikkje såg på..............

Vil forby "babybokser" for uønskede barn. Rundt om i Europa er det fleire slike boksar og det er fleire hundre born som har blitt etterlatt på ein slik måte som desse boksane legg opp til.
Saka dreiar seg no om at desse boksane skal fjernast.
Det er vel inga tvil om at dette er ei moralsk sak ein kan diskutere opp og i mente og sannsynlegvis er det gode argumentar for både ja og nei! Synd.......men slik er det.
Kva side av det moralske ein skal synast noko om, må kvar enkelt ta stilling til, men eg meiner sjølv at det er mogleg å identifisere seg med både føremoner og ulemper i denne saka.

FN's komitè for bornerettigheiter har bedt om at saka må setjast på dagsorden. Bakgrunnen er nok at dei føler at dette er boksar som krenkar borns rettigheiter.
Når born settes bort slik som dette, hindrar det dei å kartleggje sosiale problemar rundt om. Dei vil heller tilby desse hjelp.
Ein slik boks vitnar jo om eit syn som seier at det er greit at ein berre leverer frå seg eit born for så å stikke av. Noko eg sjølv ser på som forkasteleg!!
Samtidig er det kanskje no enkelte vil prøve å motargumentere for dette. Argumentar som at det er bra med slike boksar av di dei kan redde born som kanskje ville fått eit elendig liv om boksane ikkje var der. Kanskje er det born av narkomane, prostituerte osv osv...... Ei slik liste kan føre til mange motargument.

I tillegg trur eg nok at fleire før utan medisinsk oppfølging når dei har sjansen til å levere bornet frå seg.
Paradokset i det heile er at dersom dei faktisk føder på eit sjukehus for så å forlate bornet sitt etterpå, så er det straffbart.
Om dei først har bestemt seg for å forlate bornet, vel dei sjølvsagt å fø på eigenhand av di dei ikkje vil ende opp med straff. Ergo er det ikkje berre farleg for bornet, men mora også.
Eg tvilar på at ei mor vil klare å forlate bornet sitt om ho ikkje veit det blir tatt vare på, så difor kan eg nok sjå for meg at å fjerne boksane kan vere ein føremon. (Men eg veit ikkje.......)

Boksane har nok vore med og redda fleire liv så det er nok stor usemje om det heile.
Sjølv syns eg eigentleg at det berre er trist at det er slik at enkelte born er så "uheldige" at dei må leverast frå si eiga mor. Det vitnar berre om at vi lev i ei urettferdig verd.
Born er born og alle av dei burde få lov til å ha det bra.

Hogger seg til blods. Kerbala i Irak er ein heilag by. Sundag samla det seg masse folk i nett denne byen. Årsaka var at dei ville markere sørgehøgtida Ashura. Sjiamuslimer slo seg sjølv på brystet og kutta seg med sverd og kniver som eit symbol på sorgen over Hussein sin daud i 680.
Så altså så lang tid etter, gjer dei framleis dette. Høgtider som feires av sjiamuslimar, har mange gonger vore utsatt for bombeangrep og liknande. Difor er det høg sikkerheit rundt det heile.

Det er drapet på Hussain som er bakgrunn for de konfliktane som er mellom sunni- og sjiamuslimane innanfor islam.
Som ikkje-muslim er det nok vanskeleg å forstå slike handlingar mot seg sjølv. Det har vel kanskje litt å seie kva ein blir "mata med" frå ein er liten. Religion er jo særs viktig blandt desse.

Klokka tikkar så mykje raskare enn eg ønsker ho skal gjere. Eg er liksom ikkje heilt klar for å ta kveld enno. Det er nok likevel det mest fornuftige å gjere............ Ein liten halvtime på sengekanten med ein god roman, så kjem vel augelokkane med på det laget som seier "takk for i kveld".
Ei fin helg er over. Det har blitt baka mykje. Ikkje lenge til dei sju sortane er i mål!! (Eg trur dog at enkelte av dei må ha påfylling lenge før jul.
Eg viet ikkje heilt kvifor, men denne uka har eg berre hatt så grueleg lyst til å bake. Difor har det faktisk vore bakt noko kvar einaste dag!!
No skal berre adventstida kome. Julestemningen har byrja å sige inn i jomfru Knutsen...........Herleg!

Ha ein fin kveld og sov godt når den tid kjem!

Hasta luego........:=)

fredag 23. november 2012

Seint ute......

Hahahaha.........Så spørs det kva eg er seint ute til! Thihi......... Forhåpentlegvis trur du no at eg skal informere deg om at anten er eg stressa av di eg har noko eg skal nå, eller så trur du eg berre skal nemne noko eg er ute i siste liten til. (Hmmmm....... Kva som utgjer forskjellen på dei to alternativa, tja, det får du finne ut av sjølv). Juhuu.......
Eg er faktisk ikkje for seint ute til noko som helst. Eg har akkurat inntatt eit betre måltid (tilreidd av meg sjølv, sjølvsagt!!) og ligg henslengt på sofaen med eit lite "raudt" glas på sida av!
Neida............ Seint ute betyr rett og slett berre at eg er litt seint ute med å skrive dagens innlegg. Klokka er jo i nærleiken av elleve (litt over faktisk) og då er det ikkje mykje att av døgeret.
Jomfru Knutsen har sine årsaker. :=)

Då eg kom heim frå arbeid i ettermiddag, fann eg ut at vi (my son and I) måtte fullføreprosjektet vi starta på i går. Pepperkakehuset!! Så då blei det pyntinga av huset til den store gullmedaljen. Eg er sikker på at 75% av nonstopen hamna i magen til denne "utspekulerte" guten!! Eg kan ikkje hugse at eg sjølv var så "godtegalen". Hahahahahahaha......... (Håper ikkje mor mi ser den setningen!! )

Etter at vi fekk eit riktig så flott produkt, bar det på arbeid for å rekne litt med ivrige elevar. Tre og ein halv time med matematikk ein fredagskveld er eigentleg berre hyggeleg. Spesielt med så lærevillige ungdomar.
Det einaste aberet er middagen! Ein fredagsmiddag er ikkje klokka midt på ettermiddagen. Vel, klokka ti om kvelden er vel heller ikkje heilt normalt, så då kan eg informere at det føles heilt greit å ikkje vere normal!! Hahaha.........Det har ein vel aldri vore.
Så etter å ha vore "fornuftig " i fleire timar, var det å hive seg over grytene.
Om eg sjølv skal seie det, så blei resultatet veldig bra. Alle "mann" blei nøgd med det dei blei servert og då skal jomfrua vere nøgd også!! :=)

Av og til hender det seg at ein anten blir litt sentimental, eller rett og slett berre har ein nysgjerrig unge. Kva som lot seg gjeldande i kveld, skal vere usagt, men i sluttfasen av måltidet kom vi sjølvsagt inn på eit tema som betyr "verda" for meg.
Kanskje ikkje så vanskeleg å skjønne at det då er snakk om han Walter..............
Sjølv om det er passert fire år sidan han døydde, går det ikkje ein einaste dag utan at han er sakna. Djupt sakna!
Enno snakkar eg til han som om han er fullt i live. Han "veit" om det meste som skjer i livet mitt og det er slett ikkje alltid at eg forlet grava utan at augekrokane er litt fuktige. (Det er vel meir regelen enn unntaket). Vel.........Han var jo ikkje kven som helst. Alle som kjente han, veit han var ein snill mann. Då kan ein berre tenke seg til kor snill han var mpt sine næraste. Eg var definitivt ein av dei!!

Eg veit ikkje heilt kor samtalen starta, men det blei i alle fall ein del artige "historiar" av det. Blant anna snakka Steffen og eg om dagen han blei født.
Vi var einige om at det i alle fall tar ein time og eit kvarter å køyre i normal fart til Narvik.
Vel......Då Steffen blei født gjorde Walter følgande: Han var på kroa då eg sjølv ringte og fortalte den gledelege hendinga som hadde funne stad. Frå han la på røyret tok det akkurat ein time før han stod i døra hos meg.
No er ikkje ein time noko særleg å "skryte" av, for det er sikkert mange som har klart det. Det er berre det at i løpet av denne timen var han først innom Coopen for å rope ut at det blei "ein glunt"....... Så bar det ned til Smilneslia for å informere dei andre der i tillegg til at han skulle hente med deg seg det eldste bornebornet. I Narvik stoppa han ved ein blomsterbutikk og henta eit par skor med blomster til Steffen. Så frå han la på røyret, tok det EIN time før han stod på terskelen inn til rommet mitt og sa "Hei, gulldokka mi!".
Ein time............ Eg tør ikkje eingong så mykje som å tenke på kva speedometeret må ha vist.

Ei anna historie som for meg er litt artig, er den siste vinterferien han var i livet. Påska var veldig tidleg og difor blei vinterferie faktisk lagt til uka etter påskeferien.
Eg skjønte då at eg mest sannsynleg ikkje ville ha far min så veldig lenge lenger, og difor spurte eg om han ikkje kunne vere med Steffen og meg på hytta i vinterferien. Heldigvis sa han ja!!
Ein av dei mest herlege filmane eg har av han, er nett frå denne turen.

Steffen var så heldig at han fekk sitje i framsetet med han "Beste". Eg har teke bilete av det og må verkeleg seie at det er det beste biletet eg nokon gong har tatt "ever". Det var berre heilt herleg.
Vi tok ferga til Drag og køyrde så vidare derifrå.
I løpet av turen, spurte den snart fire år gamle guten ei rekke med spørsmål. Eg kan vel trygt seie at rekka med spørsmål var så lang at alle kan sjå for seg kor "lei" vi vaksne blei av å svare. Med andre ord var det uendeleg mange spørsmål.
Så er det no eingong slik at born trur at vi vaksne veit ALT!! Så då vi passerte Ulvsvåg, spurte han så fint: "Beste, kæm e det som ei de der båtan som ligg der på havet?" Etter å ha svart på 462 andre spørsmål................ Svaret blei rett og slett: Det e nok han Knut og han Jakob!!" Hahahaha....... I stadenfor å berre seie at han ikkje visste kven det var sine fortøyninger med båtar, dikta han opp eit par namn.
Jaja........... Det er jo ikkje i utgongspunktet så artig det. Det er eg einig i!! MEN.........Når guten fleire månadar etterpå klarar å prestere å seie "Sjå, dær e båten tell han Knut og han Jakob", då vi køyrde forbi same området....... Då blei det plutseleg litt herleg artig.
Han hadde berre blitt stilt eit tilfeldig spørsmål og fått eit ytterst tilfeldig svar. Fire år gamal...........
Eg sa jo at eg kanskje hadde vore litt sentimental i kveld!!

Eg er så heldig at eg har ein son som hugsar bestefaren sin. Det betyr ufatteleg mykje for meg!
Pappa og eg hadde eit utroleg nært forhold og då han blei sjuk, ba eg om at han måtte få leve lenge nok til å brenne seg fast i hardisken til sonen min. (For han er verkeleg verdt å hugse!!)
Han rakk å setje djupe spor i bornebornet sitt. Så den dag i dag kan han finne på å seie at han saknar "han beste".
Så var vel han Walter han som introdusert han for sjokolade og anna godterier!!
Eg hugsar godt den gongen eg ferska dei på kjøkkenet. Pappa og Steffen......... Dei sat der bak veggen og gomla på melkesjokolade. Eg høyrte berre sånn heilt svakt "Husk, du må ikkje førtell for mor di at han Beste bruka å gje dæ sjokolade. Då kjæm ho tell å bli bisk. Å det vil vi vel ikkje??" Han var knapt halvanna-to år og mora sverga til at han ikkje skulle få bli kjent med godteri på mange år..........
Er det ikkje no ein skal seie "Og sånn går nu dagan...."?

Det var han Walter................

No er visst ikkje klokka sånn litt over elleve likevel. Ho nærmar seg visst meir eller mindre tolv. Kva i alle dagar er det jomfrua har brukt tida på??? Jaja....... Det er ikkje min feil at klokka går litt for fort her eg sit. Det føles ikkje som meir enn fem minutt, men litt meir må det nok vere!!

Ææææsj!!!! Plutseleg er det ein som slår på tv'n her............. Den første setningen som kjem opp er "Skal ei truse lukte?" Svaret?? Vel, det som stod var "Tja, dersom ein ikkje vaskar seg!" Fisj for eit tema....... Det er rett og slett obligatorisk å vaske sjura kvar einaste dag, Noko anna vil vere heslig! Ferdig diskutert, liksom!!!
(Eg trur dei kallar det for hygiene!!)
Med mindre ein er høgt oppe på fjellet utan tilgong til vatn.............Say no more!!
Kvifor i alle dagar stiller dei eit slikt spørsmål på tv??? Føler di at det norske folk ikkje skjønnar noko så elementært? Jaja........

Steike ta......... Mannfolk kan til tider vere treig!! For få sekundar spurte eg "Kan du vere så snill og skaffe meg litt salt? Det hastar!!" Trur du ikkje at det fluksens står ei skål med "bacongull" foran meg?? Hallo?? Potetgull?? Eg ba liksom om salt??
Jeeeeezes!! Salt er salt. Potetgull er potetgull!! Ferdig med den saka.

Nei, unge jomfru Knutsen følerr at tendensane til å bli litt frekk er tilstades. Det kan ein vel ikkje ha noko av?? Best å slutte av medan leiken er god, som dei vettuge seier!
Så difor ønsker eg alle ein fortreffeleg fin kveld!
Når natta kjem, håpar eg den blir fyllt med god svevn osv osv osv.......

Satsar på at det kan vere riktig å seie "Hasta luego eller hasta mañana!"
Natta:=)

IWALY
 

torsdag 22. november 2012

"Jul i vårt hus".

Det har vore familielykke mellom mor og son her i huset i ettermiddag. Det har rett og slett vore ei hrleg stund!!
Det er visst den store bakeuka, så eg har baka både måndag, tysdag og onsdag. I dag er det torsdag og i går kveld då eg la minstemann, spurte eg han om vi skulle lage pepperkaker i dag. "JAAAAA!" Gleden var spontan og då blei det slik.
Han stod og venta på meg utanfor huset då eg kom heim frå arbeid. Han kunne nesten ikkje vente til vi skulle starte. Pepperkaker og pepperkakehus!
Vi hadde sjølvsagt gløymt å kjøpe seigemenn og nonstop, så vi måtte først ein superrask tur på butikken. I tillegg fann han ut at vi måtte jo ha konditorfarge. Det er jo litt kulare om glasuren har farge!! (Det er eg forsåvidt einig i).

Masse deig, kjevler, former i fleng og ikkje minst mel............ Ut av høtalarane ljoma "Nå har vi vaska golvet" og andre julesongar. Det er klart vi song med!
Både forklede, bord og golv var "fine" etter ei stund. Det er lykke i det også! Definitivt!!

No er det pause før huset skal lagast. Det er jo eit prosjekt for seg sjølv. På eitt eller anna vis klarar eg alltid å brenne meg når eg smeltar sukker på panna. Spørs om eg ikkje skal finne anna "lim" i år....... Sånn for å vere på den sikre sida. (Smelta sukker blir veeeeeldig varmt!!)

Ellers så har det vore kommunestyremøte i dag. Kulturskulesaka er ganske betent og sjølvsagt hadde dei ikkje nok "guts" til å fullføre saka i dag.
Som foresatt i kulturskulen, er det i mi interesse å vite at sonen min har eit kulturskuletilbod etter jul. At dei då i slutten av november har nok "is i magen" til å utsetje saka, er for meg heilt uforståeleg.

På slutten av arbeidsdagen hadde eg på radioen i bakgrunnen. Eg finn det ganske så rart at ikkje politikarane stoppa  rådmannen når han dreiv med det eg kallar for direkte politikk. Administrasjonen skal ikkje drive politikk, men det meiner eg så absolutt at var tilfelle i denne saka. Veldig uheldig!

Foreldregruppa har stått samla i denne saka og ønsker at kommunen skal ha sin eigen kulturskule. Det kan hende at foreldre frå "andre sida" vil motseie dette, men dei har på lik line med dei foresatte på denne sida fått innkalling til foreldremøte.

Vi hadde ein kulturskule som fungerte bra for nokre år sidan. På grunn av sjukdom måtte det leitast etter ei naudløysing. Svaret lå i samarbeid med nabokommune for å få avhjelpa den prekære situasjonen. No er ikkje dette behøveleg lenger.
Tysfjord er unik på så mange områder. Det er heilt klart at vi må satse på vår spesielle eigenart og spille på det lokale som eg vil påstå mange kan misunne oss.

Samarbeidet har ikkje fungert optimalt og både ansatte og foresatte har følt stor misnøye med forholda. Det er mykje som ikkje har blitt fulgt opp og sett på som viktig.
Det er sjølvsagt ikkje det politikarane skal ta hensyn til. Dei må tenke økonomi og så videre og så videre. Så må dei heller stille krav om at det som ikkje fungerer skal fungere.
Vel......... Det er enkelt å forstå det............ MEN det vil ikkje vere enkelt å forstå det når ein om få år då mest sannsynleg står utan eit kulturskuletilbod her i bygda. Då er det forseint å bite i det sure eplet!!

Det påstås at det er så mykje pengar å spare på eit samarbeid. Hmm.......... Det reknestykket kunne eg gjerne tenkt meg å sjå.
Ved eit samarbeid er sjansen nesten bortimot hundre prosent sikker for at vi mistar to skattebetalarar her. Dei som er ansatt her no, er ikkje særleg villig til å skifte arbeidsgjevar og eg vil sjå dei som flyttar hit for å overta. Vi vil nok få eit kjempeproblem.

Vestsida påstår at det er så mange kulturskuleborn på den sida og at det difor gagnar dei å ha eit samarbeid med Hamarøy. Vel, dei som blir betjent av kulturskulen der, blir betjent av dei to vi har her i tillegg til ei som faktisk bur i DENNE kommunen på vestsida. Av ein eller annan grunn er ho blitt flytta over frå Tysfjord kulturskule til Hamarøy kulturskole. Vel........Viss lojaliteten er tilstades, så ser eg ikkje problemet med at ho heller skal tilhøyre den skulen der ho bur og då samtidig dekke dei elevane ho gjer i dag. Eit veldig enkelt reknestykke og også veldig fornuftig. Samtidig vil då også denne sida av fjorden få eit dansetilbod.
Ergo vil det ikkje gå ut over ein einaste av borna her i kommunen og denne sida vil faktisk få eit betre tilbod.
Viss ikkje det er viktigare å tenke slik, ja, då veit ikkje eg.................

Hamarøy har allereie lenge før saka skulle opp til handsaming sagt opp samarbeidsavtalen. Litt umodent med tanke på at det kanskje skal vere eit samarbeid dersom kommunen her går inn for det. Forstå det den som kan.
Eg veit med andre ord ikkje om sonen min har eit tilbod etter jul. Difor syns eg det er veldig uheldig at dei ikkje kunne ta ei endeleg avgjerdsle i saka i dag.

Eg veit at det har skjedd tidlegare at enkelte har fått telefon frå administrasjonen og blitt informert om at dei har "dolka" arbeidsgjevaren sin i ryggen. Eg berre seier det. Det må ikkje skje at dei prøver det mot meg i det eg har skrive i dag. Då prøver dei seg på feil "knette".
Eg skriv ikkje som ansatt for kommunen. Eg skriv som privatperson og som foresatt i kulturskolen. Eg har på lik line med alle andre ytringsfridom.

No skulle ein vel tru at unge jomfru Knutsen var ferdig med å lire av seg for denne gong. Sorry.....Så heldig er du ikkje. Du må nok ofre eit par minuttar til. :=)

Eg har sett meg lei på all diskusjonen om kommunedeling og alt det enkelte gjer for å arbeide for dette. Eg veit med sikkerheit at det er enkeltpersonar som av ein eller annan grunn sit på så mykje makt. Makt som dei eigentleg ikkje er i besittelse av, men likevel utøver.
Eg har høyrt frå enkelte av dei som har følt seg pressa i saker. Dei tør ikkje gjere anna enn det dei blir bedt om. Dei får ikkje ha si eiga private meining.
Akkurat det syns eg er ganske skremmande!! At enkeltpersonar kan virke så skremmande at ein ikkje skal kunne ta vare på noko av det mest dyrebare vi som menneske har, nemleg ytringsfridomen og det å ha eigne meiningar.

I tillegg er det faktisk slik at det sit ein i kommunestyret som absolutt ikkje burde ha sitte der og burde kjenne si besøkelsestid.
At eg seier det, er på bakgrunn av forrige kommunestyremøte som blei avholdt på vestsida. Vedkomande trua faktisk ein av dei andre representantane. Han sa klart i frå om at han hadde eit stort ønske om å klappe til den andre vedkomande. Ein oppførsel som ikkje høyrer heime hos ein politikar som skal representere folket.
Det er nesten som at eg syns det er dumt at han faktisk ikkje gjorde det. For då ville han ha vore ferdig i politikken for alltid.

Det kan godt vere at enkelte no vil meine at eg går litt for langt i det eg skriv, men det er fullt lovleg å meine det. Eg meiner sjølv at eg ikkje har skrive noko eg ikkje kan stå for.


 

onsdag 21. november 2012

Nudistprotest mot nakenlov. Eg har rett og slett sett ein biletserie frå ein nudistprotest i California. Då eg trykka på overskrifta, var eg overbevist om at eg ville få opp ein tekst som omhandla kva det dreiar seg om. I stadenfor kom det berre mange svære bileter med ein liten bilettekst til. (Stort sett den same linja til kvart bilete - Fra en demonstrasjon mot ny nakenlov).
Så no har eg sett nakne romper og tisselurer i fleng, men skulle eigentleg ha vore det forutan. Hjernecellene brukte berre litt for lang tid til å absorbere bort det augene såg og skjønne at det berre var å klikke seg ut.

Viss eg no først skulle protestere mot noko, trur eg kanskje eg ville valt ein litt annan innfallsvinkel enn det å stille meg naken - totalt blotta- midt i sentrum foran rådhuset og til dels inni rådhuset. Men, men......vi er alle ulike og akkurat det er vel kanskje ein positiv ting???!! (Håpar eg...) :=)

Kva den nye lova seier, har eg inga peiling på. I og med at journalisten ikkje brydde seg med meir enn det å publisere desse bileta, så er visst det alt ein får "vite".
Kva eg meiner om dagens journalistikk er vel heller inga røyndom!!

KK. Siste ukgåva av bladet kom litt forseinka i forhold til kva som vanleg er. Om eg ikkje tar heilt feil, fekk eg det på måndag.
I alle fall.......... Eg opna det og ikkje fullt så overraska såg eg at "Fifty shades" var eitt av temaene i bladet. (Det måtte jo kome......)
Det heile handlar om at tre damer fortel om sexlivet sitt. Litt privat tema, kanskje, men dog ikkje for alle, tydlegvis! (Dessutan er dei jo skjult under kvar sine pseudonym....)

3 shades of grey. KK advarer om at det kan bli "rødming". Tja, tviler på at denne unge jomfrua vil få slike tendensar. Eg har trass alt lese alle tre bøkene som dei har som utgongspunkt.

"Vi har sex i full offentlighet". Det er "Bente" på 33 år som fortel om episodar som omhandlar sex i forsetet på bilen til svigermor, på ein stappfullt utestad eller rett og slett i ein tilfeldig hekk.
Jaja.......Ingen skal påstå at dei ikkje er kreative!!

"Jeg ser PORNO hver dag". Tja, det er vel mange som gjer det. Trur nok at den klubben er ganske stor sjølv om mange aldri ville ha innrømma noko slikt. (Men det var det der med det private........)
Sex skal aller helst vere litt "dirty" og inkludere litt av kvart. (Eg vil ikkje heilt gjengje kva dei siktar til her........)
Ipad'n blir brukt til to ting. Facebook og porno. Enkelt og greitt!!

"Vi har skuffen full av LEKETØY". Ei heller så uvanleg. Med tanke på tala kondomeriet kan vise til, må det nesten bety at det er meir regelen enn unntaket.
Sex skal vere gøy!!

No vil eg berre presisere at det frå bladet KK eg refererer til. Mitt eige liv held eg glatt utanfor. Berre sånn i tilfelle nokon skulle falle for freistinga å gå i den fella å tru at eg skriv mi eiga meining. :=)

Det er ikke noen god idè å drikke øl med motorsag. Nei, det vil eg tru! Kven er det som fyller ei motorsag med øl for å drikke rett at tanken til saga? Det er jo berre teit. Snakk om å lage ein vanskeleg situasjon for seg sjølv!!! Hahahahaha.........
Jada, jada......Eg veit at det var ein "blond" ting å seie!! Eg klarte berre ikkje å dy meg, for det er jo nettopp det teksten betyr.
Ei lita avsporing frå dagens journalist-Vg. (Dessutan har eg ei formeining om at Vg seilar opp og blir ein god "Se og hør" nummer to!! (Eg veit det er fleire som er einige med meg i det.)

Kan du nok om kaninen din? Tja, det spørs vel kva dei meiner vi treng vite. Mine tankar er no at det må sørges for bur, mat og litt kos. Utover det står nok kunnskapane til under pari. Synd for den eventuelle kaninen som hadde måtta bu ilag med meg.
Eg trur dei fleste kaninane er overlykkelege over at jomfru Knutsen held seg til heile andre ting enn kaninar.
Dei er liksom berre til for å spisast!! (Kanin er faktisk godt!) :=)

Utsett betaling av regninger. Vel.......Etter at ein av dei andre huleboerane her i huset såvidt var innom ein eller annan kanal der dei viste "Luksusfellen" (eller noko i den dur), trur eg at eg glatt kan påstå at det denne overskrifta seier, ikkje er heilt heldig.
Det kan vere bra "skummelt" å bruke pengar ein ikkje har. Slik gjeld kan ofte bli dyr!
Det er ikkje for ingenting at dei lagar slike program. Det er nok mange som har gått i akkurat den fella og må slite for det i dag.
Det er vel eit ordtak som seier at ein skal leve etter evne. Det er nok noko i det..........

Nei, eg skal setje meg ned og sjå "Farmen". Det kan vere koseleg å berre bruke sofaen til å kose seg litt med den skjermen som er plassert midt på veggen. (Hmm......Den setninge blei visst like dårleg formulert som det journalisten gjorde med ølen og motorsaga).
Dei tre siste dagane har gått med til baking. Eigentleg skulle kvelden fortsetje med det (for kvelden er ein god bakar!!!!), men eg falt heller for dei tøffe gutane som er ein del av gardslivet til Tv2.
Hmm.......Tøffe?? Jaujau. Eg skal ikkje seie eit einaste negativt ord om dei. Det er allereie mange som har gjort opp sine meinigar og det får vere nok. :=)

Ha ein fin kveld!





tirsdag 20. november 2012

Hmm.....

Etter å ha sett gårdagens episode av Farmen, kan eg trygt seie at enkelte der inne faktisk er hakket meir utspekulert enn det eg sjølv er. Eg elsker sjølvsagt "fanterier", men å bruke tannbørsten til andre på hest, ku osv osv..........Det er berre kvalmt og ekkelt!! Til og med eg ville ha stoppa det om eg hadde fått sjansen. Det er liksom å ta det litt for langt.
Ikkje veit vi kva bakteriar dyra har i munnen heller! Jaja...... Det var sjølvsagt artig, men eg kjente det snørte seg i magen også. Ingen tvil om det!
Sånn eigentleg tenker eg mest på om at det er avslørt overfor dei "uheldige" tidlegare, eller om dei også fekk denne hyggelege overraskinga i går kveld?! Hadde det vore meg, ja, då trur eg at eg hadde spydd....... Viss dei først såg det i går, reknar eg sterkt med at dei ikkje var så blide då dei la seg! Sjølvsagt berre ei antaking.........
(Ellers så skal eg ikkej stikke under ein stol at eg ville ha hemna meg, eg også!) :=)

Vellydende ubehag. Jaha?? Det må då vere dagens setning?! Eg veit ikkje heilt om eg skal analysere den setningen, eller om eg rett og slett skal analysere journalisten BAK setningen.......... Tolvfingertarmen vibrerer lett her eg sit. Svetten lar enno vente på seg, men om eg les meir, dukkar den vel opp den også!
No gidd eg faktisk ikkje opne saka for å sjå kva måte journalisten brukar for å ro seg i land med denne overskrifta, men eg kan seie såpass at det lille hovudet mitt er ikkje i stand til å på eigenhand sjå ei fornuftig forklaring på det.
Eg veitd et er snakk om Rhianna, så ergo er det nok ei konsertvurdering. Jaja.......Kanskje ho syng så flott at det er ubehageleg?? Kven veit?

Vekter fant pytonslange på kjøpesenter. Denne slangen frå Vest-Afrika har visst forvilla seg tul Noreg og nærare bestemt Moss.
Kva du trur om det hadde vore eit hysterisk kvinnfolk som hadde funne slangen ved eit tilfeldig dobesøk? For det var på eit toalett denne kongepytonen blei oppdaga. Ein slange på 150cm. Ikkje så altfor grueleg lang, men sikkert lang nok til å skremme dei aller fleste.
Så spørs det korleis den hamna på dette kjøpesenteret. Litt utroleg om den har krype heilt frå Afrika og inn på eit kjøpesenter i eit av nordens kjøpesengter. Hahahaha...... Tippar det er fleire som vegrar seg for å gå på do der den næraste tida.
(Den er dog ikkje giftig!)

Kvinne hadde leiligheten full av kroppsdeler. 37-åringen har tydlegvis hatt det ganske så gøy! Berre så det er sagt.....Ho er ikkje norsk. (Likevel...ikkje så langt unna. Gøteborg.)
Politiet fann eit heilt skjelett og dei trur ho brukte det til seksuelle formål. Nekrofili, kalles det!! (Ekkelt....)
Berre tanken på alle hovudskallane som låg der på golvet er nok til å bli kvalm av. å kvar sine lyster, seier eg!
At ho hadde tilgang til desse kroppsdelane som ho hadde mange av, skuldast nok at ho hadde låsekoden til eit likhus. Akkurat det kan vel ikkje kallast heldig??!!

Nei, eg trur eg tar meg ein pause!!!!
Ha ein fin dag :=)


mandag 19. november 2012

Ein herleg dag!! :=)

Jomfrua evnar visst å vere litt ironisk på ein måndag........ Dagen er vel ikkje fullt så herleg om ein skal vere eitt hundre prosent ærleg. Det kan den vel heller aldri bli når ein ikkje sovnar før klokka er nesten halv fem på morgonkvisten og klokka skal ringe for å vekke deg like etter sju. Jaja, så lenge ein kjem seg ut av senga og får starta dagen, så brukar den stort sett å gå seg til.
Halv fem høyrer nok til untaket!! Det ligg vel sine årsaker gøymt bak det heile............

Akkurat no sit eg her og drøymer om å dra til Københamn og "vintertivoli". Det var jo sesongopning i helga og eg veit frå andre som har vore der før at det er gøy!!
Karusellar er digg og det er sikkert stilig med vintertivoli. Shopping og tivoli!! Adrenalin..........
Vel....... No er det ein del år sidan ein var seksten år og at tivoli var så ufatteleg digg. Den tida då ein kunne ta "spykoppen" 16 gongar etter kvarandre og berre synast at det var kult. I dag derimot...... Eg trur nok ikkje iveren er like stor. Ein "lup" kanskje, men ellers er det no vel eigentleg litt greit å sjå på at dei andre testar ut "instrumenta".
At eg har lyst på ein slik tur handlar meir om opplevinga rundt det heile. Det er mange som seier at det er utroleg bra og dessutan er vel ikkje shopping i Københamn å forakte heller.

Så....... Jomfrua er stup trøytt og heller uopplagt, men klarar likevel å prestere å seie at ho vil på tivoli! Kanskje dagen blir bra likevel??

Den siste tida har eg lest bøkene om Fifty shades. Det vil seie at eg held på med bok nummer tre. Så om eit par dagar kan eg seie at eg har lest ein plass mellom 17- og 1800 sider dei siste ukene.
Ikkje eit unaturleg høgt tal, for det er sikkert dei som les mykje meir......, men livet har jo også bestått av litt meir enn lesing og det er ikkje alltid at ein kan prioritere å lese denne form for litteratur.

Sånn alt i alt, har eg eit litt anna inntrykk av "serien" no når eg har lest store delar av den. Når ein først forstår heile handlinga og bakgrunnen for den, blir den med eitt litt meir spanande. Den har også litt meir handling enn berre det "erotiske" som var i eine halvedelen av den første boka. (Alle tre bøkene kan nok klassifiserast i den kategorien, men dei to siste er litt mindre "hard").

No er det berre om å fullføre boka før ein er attende i kriminallitteraturen (som eigentleg er det eg likar best å lese).

Eg sit her og et lunsjen min. Normalt sett skriv eg aldri på dagen, men i dag fekk eg plutseleg lyst til å ta turen innom. Ikkje det at eg trur skjeva mi smakar så mykje betre av den grunn. Sanninga er vel at eg gløymer meg litt bort når eg skriv og har plutseleg fortært heile tre skjever. Det kan vel aldri vere bra??!
Jaja........Betre å proppe seg med mat enn å vere sosial når augene ser ut som dei skal dette ut og henge ed på knærne.
Nei, det er eigentleg ikkje så ille.....Det går heilt greit. Eg vil nok aller helst merke det best i ettermiddag/kveld.
No er ikkje akkurat eg den store "middagslursnikaren", men det vil vel ikkje skade med nokre minuttar på sofaen, sånn aller sanrast, etter mat. Berre det ikkje blir ein vane!! :=)

Det er november og det er snart advent. I år er eg tidleg ute! Eg har fått skifta gardinar allereie og har byrja med rundvasken. Adventskalendaren er stort sett ferdig (og akkurat det må vere rekord. Ikkje normalt til å vere meg!!) og hovudet planlegg som berre det. Så då kan det vel ikkje bli betre?

Når det gjeld adventskalendar, trur eg kanskje at vi har eit ansvar for å lære opp borna til å forstå at ein ikkje kan ønske seg kva som helst.
Det er ikkje så altfor lenge sidan min eigen gut kom heim og sa "Mamma, du veit den der pakken som skal ha tall nummer 24? Sånner der pakka som æ ska åpn kvær dag i desember..........." Joda, eg er jo fullstendig klar over dei der pakkane, ja....
"I nummer 24 må det ju vær sånn litt meire og beire enn i de ainner?!! Og då lura æ sånn på om ikkje æ kan få en sånn derrane ipad i den?? Pleeaaaaaase....!!! Då e du værdns beste!!" Dådyrauge!!!!(Som heldigvis prellar av på mora!)
Ein realistisk unge?? Neppe............. Synd for han at eg stort sett er ferdig med han og at det ikkje er noko som er i nærleiken av ein ipad eingong. :=)

September og oktober går med til å glede seg til halloween. November og desember til å glede seg til jul. Frå januar-mai går det i netelling til geburtsdag, så det er det ikkje mange månadane att der det ikkje er noko å sjå fram til. (No er vel sommarferie og slikt også eit høgdepunkt, så..........) Med andre ord må det vere lykke å vere ein liten gut i dag. Når store delar av året går med til å glede seg slik.
Eg kan ikkje hugse at eg sjølv var så oppteken av det, men så er det dog nokre år sidan no, og vi aller fleste blir vel litt "senil" med åra.
Vel....... gamle og nye tradisjonar. Tradisjonar er nok viktig. Spesielt i dagens samfunn. Eg trur nok at vi fleste kan vere einige i det?! Eit travelt samfunn bør ta seg tid til å stoppe opp innimellom.

Nei, eg skal ta skrotten min og "hive meg rundt". Håper dykk alle har ein fortreffeleg dag (i alle fall betre enn min!).
Uka er såvidt i gong. Stå på! :=)