mandag 31. oktober 2011

Celine Dion har mange fine songar...... Sukk.
I must be crazy now
Maybe I dream too much
But when I think of you
I long to feel your touch

To whisper in your ear
Words that are old as time
Words only you would hear
If only you were mine


I wish I could go back to the very first day I saw you
Should've made my move when you looked in my eyes
'cause by now I know that you'd feel the way that I do
And I'd whisper these words as you'd lie here by my side

I love you, please say
You love me too, these three words
They could change our lives forever
And I promise you that we will always be together
Till the end of time

Måndag 31.oktober.

Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å ta turen innom her idag, for eg klarer ikkje heilt samle tankane mine om det eg skal skrive. Dei er ein heilt annan stad, og då er det ikkje berre, berre å finne ord til denne sida. Eg har øva på kornetten, pianoet........ Nope, har ein tankar som svirrar, er det ikkje berre å slå dei av. Eigentleg har eg ikkje så lyst til det heller, så sånn sett gjer det ikkje noko.

Akkurat no lurar eg grueleg på kor det blir av sonen min. Han "stakk" klokka fem, og no går ho mot halv sju. Han har ikkje klokke med seg, så eg håpar verkeleg han skjønnar at han må vende nasen heimover før og ikkje etter leggjetid. Det er sikkert ikkje vits i å gå på leit i alle høve.
Han har aldri fått lov til å vandre fritt i bygda. Eg er liksom vant til å ha kontroll på han. No er det halloween og han er ute og går ilag med ei venninne. Hvis det er godteriet som driv dei, kan det jo ta si tid før dei får lyst til å slutte av. Jaja..... Eg får vente litt til og sjå det an. Ingen tvil om at halloween er komen for å bli her. Akkurat det er berre å innsjå.

I dag skreiv ein kompis av meg følgande på nettet: Det kreves meir politi i Oslo på grunn av voldtektsbølgen....... mens på Helgeland har de kanskje litt lite å ta seg til . Han sikta då til ein avisartikkel som hadde overskrifta "Ville ta med seg ljå inn på utested". Hahaha.......Kan ikkje skjønne at han ikkje skulle få lov til det. Ein ljå er vel ikkje farleg??! Det er på Helgeland det skjer, trudde eg før eg las artikkelen. Etter å ha lest den ferdig, veit eg ikkje kva eg skal meine. Eg ler no i alle høve litt. Det heile er snakk om ein lekeljå i anledning eit halloweenarrangement, og ljåen er laga av alt anna enn noko farleg. Politiet blei kontakta og mannen blei satt i fyllearresten i tillegg at han fekk 8000 kr i bot. Godt jobba!!
Eg går ut ifrå at kompisen min i denne saka meiner at dersom ikkje politiet har betre å gjere (for lite å gjere), kan dei reise til Oslo....eller noko sånt. Kva veit vel eg?? :=)

Sjekk om du har migrene.... Nei, det hoppar eg glatt over. Eg er nok ikkje blant dei som slit mest med hovudpine.
Hadde halv kilo kokain i håret. Jeeeeezes....... Går det an, då? Tydlegvis! Kvelden 20. oktober ble en 36 år gammel spansk kvinne stoppet av tollerne på Gardermoen. Tollkontrollen avdekket at hun hadde skjult 447 gram kokain i håret. - Kvinnen kom fra Brasil, som gjorde at vi ønsket å ta en utvidet prat med henne. Håret hennes var satt opp på en 1960-talls inspirert måte, og så høyt og unaturlig ut, sier Tor Fredriksen, kontorsjef hos Tollvesenet på Gardemoen til VG nett. Ja, så går det an........

Sosiale medier overtar for mobil. Vel, det er jo ikkje noko nytt. Det har vi visst lenge.
Etterlyser mann med "sossete" stil. Ja, det blir jo eit lett signalement å forhalde seg til.

Nei, det var ikkje noko "spanande" saker i dag. Minstemann er komen til rette og mora er nøgd med det. Han stod i døra like etter at eg skreiv at han er ute og går, så det er bra.

Konsentrasjonen er like mykje på avveie enno, så eg får finne på noko å gjere. Eg veit kva eg aller helst vil, men så heldig er eg nok ikkje.

Ha ein fortsatt fim måndagskveld, den siste denne månaden. I morgon er det november..... Tida går fort!

Hasta pronto.

I can't stop dreaming...........

søndag 30. oktober 2011

Sundag 30.oktober.

I dag tar det heilt av på nettavisene. Eller....Det er vel ikkje avisene som tar av. Det er nok aller helst det merkelege samfunnet vi lev i. "Dekket i blod", "Offer rømte i taxi", "Vi hørte skrik", "Drept i eget 70-årslag", "Kraniebrudd etter festival"........ Med andre ord: lystig lesing. Nope.... I mange tilfeller er det typen som får skulda. Det er vel som oftast han som først blir sjekka. Eg går ut ifrå at det fins statistikk som seier at det er god grunn til å sjekke dei. Stakkars menn, hvis det stemmer at dei påfører sine eigne kvinner skader av ulike årsaker. Dei fleste gjer det sikkert av sjalusi. Ikkje veit eg. Det er i alle fall noko som manglar om dei bankar opp eller drep eit anna menneske, nesten uansett grunn. I dag blir visst kranglar tatt opp til nye høgder. Synd for dei det gjeld. Det må jo nesten ha noko å gjere med det samfunnet vi lev i idag. Det må vere noko som er fundamentalt galt. Det må vere ein årsak til at fleire og fleire bekkar den negative vegen . Jaja.....Det kan sjå ut som at det er ein ny trend i hovudstaden vår. Kanskje eg bør revurdere min lille svipptur åleine til Oslo i byrjinga av desember.

I dag har eg høyrt eindel på musikk. For det meste har det gått i Joe Cocker og Rod Stewart. Dei hese stemmene deira treff som regel rett i hjarta på kvinnfolka, og eg er inga unntak. Det er rimeleg mange fine songar dei har. Eg kunne sikkert høyrt eit heilt døger på dei utan at same songen ville blitt spelt opp att 2 gonger. Eg høyrte faktisk eindel på Joe Cocker i slutten av tenåra. Då drukna eg nesten i enkelte av tekstane.
I dag har eg blant anna lytta til "It's only love", "Need your love so bad"og You are so beautiful". Alle tre er med Joe Cocker. Han er ikkje noko å sjå på, men Gud kor deileg å høyre på!!
Det er ein song som eg syns er så utroleg fin. Eg har brukt å høyre på den eindel innimellom. Songen heiter "When I need you" og den er knallfin. (Spesielt teksten). Eg har berre høyrt han med Celine Dion tidlegare. Idag fekk eg oppleve same songen med Rod Stewart. Eg trur kanskje det må bli hans versjon som blir lytta til i framtida. Stewart i falsett.....sukk! Herleg song med herleg stemme.

Eg høyrte på ein song som heiter "Lost in you". Først tenkte eg den var veldig fin, men det var berre første del av teksten som passa inn i mitt hovud, så den blei raskt skippa.  Då gjekk eg heller over til "What am I gonna do (I'm so in love in you). Can I tell you what you mean to me. You're as central as the air I breathe. Almost impossible to believe that you're mine. You're like weekends all year long under a hot Jamaican sun. You are a winner at a hundred to one, yes you are.
Lista med songer kunne altså ha vore uendeleg lang.

Det har vore tid til litt pianospeling også. Då har det gått i "There's a place for us" frå West side story (veldig fin). Den heiter vel kanskje ikkje akkurat det. Lurer på om den ikkje heiter "Somewhere"?!

Ha ein super sundagskveld!

Hasta pronto!

I just close my eyes......


Spotify og anna dilldall......

Eg byrja plutseleg å tenke "Kvifor har eg ikkje lasta ned spotify?" Så då gjorde eg likesågodt det. No har eg tilgang til spelelistene som mange av dei eg kjenner har. Kom nettopp over ei låt av June Lodge "Someone loves you honey". Først tenkte eg den ikkje var noko, men etter å ha høyrt den eit par gonger, liker eg den faktisk. Det har sikkert med teksten å gjere. Den vil sikkert ha vore eindel finare om det hadde vore ein annan vokalist.
No har eg spotify, så attstår det å sjå kor mykje det kjem til å bli brukt. Det er no greit å ha:=)

Eg har akkurat henta ein lykkeleg gut på "gamleskola". Trur du ikkje han slo til denne gongen også, i rolegdans. Han og denne her såkalla kjæresten som han har gifta seg med bak skulen (ho Sofie-Henrikke) har dansa og vunne. Tippar dei såg riktig så søte ut på dansegolvet. Dei er sikkert like stolt begge to:=) Kven han har sjarmen ifrå, veit ikkje eg, men Sofie er jo bedårande med sine lange augevipper då.
Han sit no her i sofaen utan å seie eit ord akkurat no. Eg er eitt hundre prosent sikker på at han er stille av di han håper eg ikkje skal merke at han er her. Han er veldig klar over at han er laaaangt over tida han har lov til å vere oppe og han har nok ikkje lyst til å finne Ole Lukkøye enno. Det må han nok med ein gong eg logger av her. Reknar med det er mora han vil kose med i kveld.

Eg har tråla heile VG (orginalutgåva), men eg fann ikkje ein einaste ting eg kunne drøfte. Hovudfokuset i dag er visstnok den boka som er komen ut om dei tidlegare kongsemna våre, Haakon og Olav. Eg skjønnar ikkje heilt poenget med boka no så lenge etter. Historia er viktig og også det at den blir korrekt. Likevel, eg tvilar på at nokon som helst av dei var i nærleiken av å vere nazistar. Alle var vel prega av det som skjedde rundt dei og alt har nok eit heilt anna perspektiv enn det vi i dag kan klare å sjå for oss.

VG helg brukar å ha med ei side som dei kallar "Barnemunn". Mange gonger kan det vere riktig så hyggeleg lesing. I dag fekk dei spørsmål om "Hvorfor dør bladene?" Svara varierer ganske mykje. Ei jente seier: De kan ikke leve videre på bakken. Det er fordi de hører til treet, som de drikker vann av. Jeg blir trist av det, for jeg vil ikke at noen skal dø. Ja, born ser vel ikkje heilt samanhengen mellom mennesker og blad. Litt søtt.
Då er det ein gut som er rake motsetninga. De dør bare. Det gjør meg glad.................

I Italia finnes hundrevis av oppskrifter med tørrfisk fra Lofoten. Eg veit ikkje heilt om eg likar den tynnlinja som er heilt øverst på sida. Det står noko som "Lag din egen tørrfisk eller ekte lofottorsk - med blåostekake til. Torsk og blåost? Jaja........
No i desse dagar trekk sola seg attende, også frå Svolvær og Henningsvær. Likevel tar ikkje tørrfisken vinterferie.
Hmm......No trudde eg mest at eg skulle skrive om tørrfisk og Italia. Kvifor i alle dagar skriv dei ein slik ingress om det ikkje har noko med hovudinnhaldet å gjere? Hallo! No blei eg heilt forvirra her. Eg trur nesten eg må lese teksten ein gong til. Kanskje eg har oversett noko.
Nei, det står kun om Lofoten. Jaja....... Dårleg journalistikk, igjen!! Ikkje det at det er uinteressant det som står om Lofoten. Lofoten har veldig mange bra "ting" å by på. Tørrfisk/fisk er nok berre eitt moment som freistar. Lofoten får vere Lofoten for denne gong. Det står ikkje noko særleg i teksten som freistar å skrive om.

I følge VG helg blir vi 7 milliardar menneske i verda på måndag. Då har vi fått bekrefta det! Ifølge teksten, blir det født 500 nye verdsborgarar berre på den tida det tar å lese artikkelen. Det står at det er litt skemmande at vi har vokst til å bli så mange på så kort tid. Då passar det jo bra at det skjer på ein dag som halloween. Hovudsaka at det veks så mykje, er nok det at det er fleire og fleire born som overlev dei første åra sine. Før døydde det mange fleire born enn det gjer i dag. Det viser eigentleg at den innsatsen som legges ned i arbeid med dei fattige landa ikkje berre er positiv. No er eg litt redd for at eg kan bli litt misoppfatta her....... Misforstå meg rett.
Det er sjølvsagt positivt, og berre det, at det reddes liv. Det er ikkje det eg meiner med at det ikkje berre er positivt. Jorda skal huse alle desse menneska og jo fleire menneske vi er, jo fleire er det som må ha hjelp. FN sine tusenårsmål er mange. Veldig mange av dei skal vere oppnådd allereie i 2015. Korleis i all verda skal det gå seg til? Med tanke på kor fort folketalet veks........ Dei klarar nok ikkje eit einaste av måla, men dei vil forhåpentlegvis nærme seg litt.

Levealderen på menneska aukar i stor grad. Det står: Om få år vil flertallet av verdens land stirre befolkningsnedgang og eldrebølge i hvitøyet. Det med at vi må sjå befolkningsnegangen i kvitauget, kjem av at dei antar at når vi er blitt rundt 14 milliardar menneske på jorda, så vil talet byrje å synke att. Vi blir sjeldnare og sjeldnare gravid.
Sjølve eldrebølgja har vi vel eigentleg vore klar over lenge at vil kome. Det er nok ikkje nok ungdom idag som kjem til å orke å ta seg av dei eldre når den tid kjem. Med tanke på at fleire og fleire får ferre born no, er det færre til å ta seg av eigne foreldre også. Er det mange søsken. er det lettare å fordele "byrden" seg imellom.
Eg brukte ordet byrde. Det er vel alt anna enn det eg meiner. Det er slett ikkje ein byrde å ta seg av nokon ein er glad i. Langt ifrå. Det gjer ein gladeleg. Eg vil berre poengtere akkurat det, for eg kjem ikkje på noko anna ord som kan erstatte det litt negativt betonte ordet. Poenget er vel mest at eg vil ha fram, at det er lettare å stille opp om det er fleire enn om ein er heilt åleine. Om ein er åleine om ansvaret i år etter år, kan det slite på den det gjeld. Spesielt om ikkje det er nok helsevesen til å stille opp. Det er ei glede å hjelpe andre, men det må ikkje gå på helsa laus. Mange stader gjer sjukepleiarar og hjelpepleiarar ein uvurderleg innsats for mange. Det er ikkje alle som er så heldig at dei har borna sine på same stad som dei sjølv bur. Då er dei avhengige at det er eit helsevesen/tibod som fungerer. Så difor er det nok store utfordringar som ligg og venter nokre år fram i tid. "Alle" er klar over det, men så spørs det kva dei vel å gjere med det.
Det viktigaste i verda må vere å bry seg. Den dagen ein ikkje gjer det, er mykje tapt!

No stod det ikkje så mykje om eldrebølgje osv i avisa. Det var berre nemnt i den setningen som står med utheva skrift lenger opp på sida. Det er berre eg som lufta litt tankar. Eg håpar "problema" dei ser for seg, blir mykje mindre enn dei trur. Eg har i alle høve ikkje vore like effektiv for å sikre mi eiga framtid slik som bror min. Han er jo storprodusent:=)  Det er ikkje lenge sidan tredjemann kom til verda, og no er det berre tre månadar att til nummer fire kjem. Hurtig i vendinga der..........:=)

Alle kan være noens drømmedame! Ja, det er vel ikkje noko nytt. Kristin Spitznogle har no den her "Sex og samliv"-sida si. Denne gongen vil ho poengtere at det er håp for alle!! Så flott! Alle som les desse to sidene i avisa, vil få sjølvtillit og tru at den rette er rett rundt hjørnet. Neida, eg berre jåssar. Eg må no først lese kva det eigentleg er ho skriv om. Det har i alle høve noko med kven vi tiltrekkes å gjere. Sitata hennar får i alle fall fram det som er ganke sikkert, nemleg at ein treng ikkje sjå ut som Harrison Ford og Kevin Costner for å få draget på kvinnfolk. (Likeledes andre vegen også, sjølvsagt).
"Det sies at noen liker mora, og noen liker dattera. Smaken er som kjent som baken, den er delt". Tja, det ordtaket stemmer vel godt, det?! Det skal vi jo vere glade for. Eg seier meg no einig med ho Kristin når ho seier "Selv har jeg ingen vansker med å kunne oppfatte at en mann rent objektivt er vakker og flott, men det betyr ikke nødvendigvis at akkurat han er en mann jeg vil falle for eller finne tiltrekkende". Ein treng nok ikkje sjå ut som ein modell for at nokon skal synes at ein er sexy. Vi har vel alle våre referansepunkter som ho poengterer i teksten, og Harrison Ford (som i utgangspunktet er "hot") er ikkje ein mann eg vil finne attraktiv. Sånn berre for å støtte opp om argumentet hennar.

Menn kan synes at eit kvinnfolk er supersexy. Det er ikkje sikkert at dei tenner på ho av den grunn. Det er forskjell på kva ein syns utsjånadsmessig og kva ein i realiteten tenner på. Amerikanske forskarar har observert og kartlagt litt i forhold til vekt, høgde, bryststørrelse, midje, hofter, kjønnshår og kjønnslepper hos nakenmodellar i Playboy. Eg vil tru det er mange menn som syns ei dame i Playboy er sexy! Desse kvinnene har vore ansett som det ultimate av kvinneleg perfeksjon og kva menn tenner på. Eg vil i stor grad tru at dei aller fleste menn har eit langt breiare register når det kjem til kva dei tenner på. Så ho Kristin og eg er ganske einige der.
Playboy-myten er, ifølge Spitznogle, skapt av Hugh Hefner. Hans estetikk har fenga mange. Likevel, han har jo ikkje akkurat truffe ein puls som representerer alle menn der ute.
Konklusjonen må bli at menn er like forskjellige som kvinnfolk er det. Det heile er svært samansatt og vil alltid forbli eit mysterium. Ein god ting, med andre ord. Så difor passar overskrifta godt. "Alle kan være noens drømmedame".

Klokka bekkar midnatt om eit par minutt, så eg skal slutte av for denne gong. Det er vel på tide å leggje seg.  Harrison Ford er på tv'n akkurat no, så kanskje eg ser den filmen ferdig. Alle filmar han er med i er spenningsfilmar, og dei brukar å vere bra.

No er det ikkje slik at det er ein gut som sit og ventar på å bli lagt her. Eg skreiv jo at det skulle skje når eg logga av. Han har nok funne senga for lenge sidan. Eg tok meg berre ein pause frå skrivinga:=)
Ha ei god natt!! <3

Hasta luego:=)

And if you hold me tight, we'll be riders on the night......
Ooh........Rendezvous.

lørdag 29. oktober 2011

Laurdag 2

Hei igjen:=) Det er ettermiddag og her sløves det verkeleg. Vi har fått trimma litt (men dog sikkert ikkje nok for idag).
Eg har faktisk akkurat hatt ein time på auget og ligg enno henslengt på sofaen. Steffen er nettopp komen inn og har slått på tv'n. "Limbo", heiter programmet han ser. Alt foregår på engelsk, så eg lura først frykteleg på kva det eigentleg er han ser på- Så kopla eg jo........Han kan jo lese, så ergo forstår han jo kva som blir sagt. Tida går alt for fort!!!
Plutseleg sit eg også og ser på. Det er jo spanande! Eg skjønner godt at han syns det er skøy. Det er konkurranse og det handlar om at deltakarane må gjennom ganske krevande øvingar. No kom det heldigvis ein Ole Brum-reklame slik at eg kan fokusere her og ikkje på tv'n.

"Katti begynn diskoteket? E det længe igjen?" Eg har ikkje talet på kor mange gonger eg har svart på nett det. Det var vel også det første han spurte om då han vakna. Han hadde ikkje eingong tid til å seie god morgon (som vi har som ein hyggeleg liten skikk her) for han gler seg sånn til i kveldl. Heile tre timar på disko. Planlegginga om kven han skal ha rolegdans med, er allereie igong.Han har vore med og vunne i det før, og det gløymer han ikkje så lett!
I tillegg er det suuuuuuperhemmeleg kva han skal ha på seg. Gud forby om eg ville nemnt kva for nokon. Ingen skal sjå at det er han. Det er jo kostymekonkurranse. Innimellom kler han kleda på seg for å skremme meg. Då er det berre å jatte med og late som om eg blir redd. DET er gøy, det:=)  (Men dog ikkje så superskøy i lengden...........for meg). Jaja.....herlege born.

Der kom spørsmålet på ny....."Mamma, ka e klokka?" Hjelpe meg...................

I natt skal vi visst stille klokka også. Då blir det ein lysare formiddag i morgon. I alle høve tidlegare.....Det er jo fint, men det betyr jo også at mørkret kjem ein time tidlegare på ettermiddagen. Det blir ein time ekstra fri i helga. Det er lettare med det enn det motsatte. (Med tanke på å få born i seng).

Nei, eg skal ta å karre meg ut av sofaen og gjere litt meir fornuftige ting enn å vere her på dataen. Det er andre gongen i dag. Det er berre ein time til diskotek og då kan det vel vere lurt å få proppa minien med mat. Eg reknar med at det blir eit høgt sukkerinntak (han kjem nok ikkje til å spare på pengane) og då er det vel best å lage eit best mogleg grunnlag før han drar avgarde (og spørsmålet blei stilla på ny).

Ha ein fortsatt fin laurdag!

Hasta luego:=)

! uoy ssim I

Laurdag 29.oktober....

Eg treng ein som kan minne meg på at eg må ansette ein som kan snike seg inn i draumane mine når eg held på å vakne til liv ein laurdags morgon. Eg lærer ALDRI!! Å sjekke kva klokka er når ein kjenner at ein er på tur til å vakne, er aldri lurt. Då blir ein jo det....vaken. Så eg skal ansette ein som snik seg inn og seier "Berre søv vidare, du!!"

Jaja, no storkoser i alle høve Steffen og eg meg med deileg frukost og vi har heeeile dagen foran oss. Til no har vi berre sotte her og registrert at det er veldig mange fuglereir i nærområdet. Vi ser ikkje så mykje til fuglane, men dei må no vere her med tanke på at reira blir bygd. Trærne vaiar, men reira er like stødige:=)
Når trærne vaiar, har eg høyrt at det betyr at det er vind ute. Hmm...... Kva gjer vel det? Eg skal ikkje sitje inne heile dagen for det.

Først skal eg irritere meg litt over at ni av ti ikkje veit at det er forskjell på "og" og "også". Ein viktig forskjell. "Ni av ti" er min eigen lille statistikk eg har laga. "Æ vil og!" "Vi skal og på tur." "Æ vil ha pepperkaker og." Hallo?? Setninger utan meining!!! Dette er ein typisk feil som også førekjem i avisene våre (der det jobbar journalistar som eigentleg burde vite forskjellen. At den vanlege mann i gata kanskje aldri tenker over det, er ein ting, men når dei som har skriving som yrke ikkje veit det, så er det verre. Fremover er grimm på det, men det gjeld like fullt dei store avisene også. Ein kan jo ikkje slutte ei setning med og. (Hahaha....der gjorde eg det sjølv, utan at det blei feil!!). Og binder jo saman setningsledd og verb. "Æ vil og"? Vil og kva meir?
Skikkeleg stooor sak å ergre seg over ein laurdags morgon i Bakkanvegen 1. Haha!!
Neida......måtte no berre finne på noko:=)

Skavlan gikk svart i Sverige. Det innebærer at det svenske tv-selskapet fekk sendingsproblem og at store delar av det svenske folket ikkje fekk sjå statsministeren vår takke det svenske folket for støtten rundt 22.juli. Jaja...... Dei veit no om at han har takka, og det må no bety litt?!

Kastet seg på panseret. Mann kjørte videre. Wow.....det er i Oslo det skjer! Det er ukjent hva som var foranledningen til den ilske episoden på Grønland i Oslo mellom kvinnen og mannen fredag ettermiddag. Et øyenvitne sier til VG Nett at han oppfattet at mannen hadde tatt penger fra kvinnen.
- Hun hadde åpenbart time i frisørsalongen, for hun hadde masse ruller og sånt i håret. Da hun fikk tak i mannen, kastet han seg inn i bilen og startet motoren, sier øyenvitnet. Så køyrde han visst vidare med ho på panseret.
Eg veit ikkje heilt om eg ville ha kasta meg over panseret ei slik sak. Det er jo opplagt at om han har gjort noko "kriminelt" og skal kome seg unna, så bryr han seg vel neppe om ho som kastar seg over panseret. Litt av eit syn kanskje. Ei kvinne over eit panser og med håret fullt av rullar. Eit nydeleg syn med andre ord og noko å fortelje for borneborna i framtida.

Playboy-Daniela har lyst å danse for Solbakken! Hahaha.......Once in a lifetime experience!!! Det kan han vel ikkje svare nei til??? Ikkje berre danse, men nakendanse!

Slik sminker du deg som Mette-Marit. Nei, eg ser ikkje ut som ho, og har ikkje tenkt å sminke meg slik. Ho har vel proff hjelp, så med mindre ho deler på den, er det ikkje aktuelt.

Tor Milde slakter "Idol"-finalistene. Det var sikkert i går kveld. (Er det ikkje på fredagskveldane dei sender det programmet?). To firere og resten under. Mange toere. Flott:=)  "Tafattige versjoner". "Høy guttefaktor." "Holder neppe til mål." "Ødelegger en fin låt." "Søvnig og uiteressant sangstil." Lovorda hagla!!! Hahahaha...nope. Det er rett og slett ein Milde i sitt ess!! Stå på Tor:=)

Eg lurer på kor mange dagar det er att før vi rundar 7 milliardar menneske i denne verda. No har eg sett talet på menneske stige frå dag til dag. Det skiftar raskare enn kva eg klarar å telle (vel, ikkje heilt) og no har det i fleire dagar stått 6 999 fremst. Akkurat no er det 6 999 635 040. Går eg inn på ny, er det vel auka til 80 på slutten.
Eg berre tullar når eg seier at eg lurar på kva tid det skjer. Eg har berre registrert at det står eit tal der (som heile tida endrar seg) og det kan sjå ut som at det vil stå der "for evig".

Til himmels med analsex. Hmm.......No er ein plutseleg over på Dagbladet her. Tør eg opne denne saka?? Tja, vanskeleg å la vere. "Kan vere snarveien til en utenomjordisk sexopplevelse."
Sitat Dagbladet   :   Baken vår har med seg så mye kulturell bagasje og de fleste av oss er lært opp til at alt som har med baken vår å gjøre er skittent. Men dersom du og din partner kan snakke åpent om sex, ikke glem å snakke litt om bakdelene deres også. Er du usikker på om partneren din er nysgjerrig på analsex, spør først og ikke etterpå, sier Tristan Taormino, kvinnen bak boken The Ultimate Guide to Anal Sex For Women, til nettmagasinet Tango.


Utenomjordiske orgasmer

Analsex er likevel opphissende for mange. Noen menn kan like tanken på at det er trangere der bak, noe som gir et større press rundt penis, mens noen kvinner kan tenne på ideen om å bli fylt opp, eller fylt flere steder samtidig.
Analsex-tilhengere beskriver orgasmene de får ved analsex som utenomjordiske, som fyrverkerier, når temaet er luftet på C-punktet.
- Noen kvinner kan oppleve sterkere orgasmer med analstimulering, og noen kan oppleve rene analorgasmer. Klitoris kan stimuleres indirekte på mange måter og spiller nok også inn i denne sammenhengen. Menn har på sin side den fordelen at de har en prostatakjertel som kan stimuleres ved ulike former for analsex, utdyper psykolog og spesialist i klinisk sexologi, Anita Skrautvol, ved Institutt for Klinisk Sexologi og Terapi (IKST).


Kulturell bagasje??? No har i alle høve eg lært meg eit nytt begrep. Ellers så trur eg kanskje eg berre skulle latt vere å opne "saka", og aller mest latt vere å ta ho med her!!!!.............Shit happens!

Eg trur berre eg skal lukke fana til Dagbladet og seie meg nøgd for denne gong!! Eg kjenner eg blir litt svett her:=)

Ha ein flott laurdag!!

Hasta luego.

In my dreams......

fredag 28. oktober 2011

Fredag og helg:=)

For ein nedtur!!! Her kom eg heim frå arbeid i tretida og var glad for at det no er helg. På bordet såg eg at det låg eit nytt KK og i hovudet mitt såg eg for meg sofaen, KK og eit pledd i tilfelle eg slukna. (Det skjer berre ein eller to gonger i året, men det kunne jo likesågodt vere i dag som alle andre dager.
Joda..... Eg benkra meg i sofaen og la meg vel tilrette. Då kom nedturen. Kva i alle dagar skal eg gidde å lese denne ukas utgåve for?? Eg fann ikkje ein einaste artikkel som var noko særleg. Det mest interessante var ei side kor dei fortel korleis ein får mjuke hender og sterke negler. Juhuu......Kjempeinteressant!! I tillegg kan eg lese meg til den perfekte hårfargen. Jaja, eg trur eg droppar heile lesinga og legg bladet rett i bladhaugen. Så er det berre å vente spent til neste fredag. I mellomtida får anna lesestoff gjere seg gjeldande.

I morgon er det halloween-diskotek, sundagen halloween-party hos klassevenn og måndag er det halloween på ordentleg. Joda, handelstaden har verkeleg skapt iver hos borna. Eg har ikkje hjarte til å nekte Steffen hverken diskotek eller party. Så får ein sjå om den her gåinga på mandag blir aktuelt. Ein blir svett av mindre.
Det er reine lykken for han, på lik line med dei andre borna. Halloween er stooort, noko ein gler seg til heile året. Det er nok komen for å bli, uavhengig om vi er tihengjarar av det eller ikkje. (Eg likar det eigentleg ikkje.....). Berre han ikkje no kjem og ber meg om å sy noko nytt kostyme. Eg har ingen planar om å vere kreativ denne helga. Då er han nok for seint ute.

Det er fredag og eg ser fram til kvelden. Det er enno berre ettermiddag her i huset, så her skal der slappast av. Minstemann er i full aktivitet på si lille fotballbane her utfor. Det er stort sett det som gjeld. Ball, ball, ball. Det er i alle høve ein sunn aktivitet, så då skal ein ikkje klage over at det er liten interesse for biler og maskinar her i garden. Snart blir det vel ballen bytta ut med ski.
Så då har eg huset 100% for meg sjølv. Ikkje ein einaste lyd rundt øyrene. Rett og slett herleg!

Hvis eg skal slappe av, kan eg vel ikkje bruke tida her på dataen. Eg skal skunde meg å slå av med ein gong. Så ha ein fantastisk fin fredagskveld, for det har eg tenkt å ha:=)

Hasta luego:=)

Just a look at you, and.....

torsdag 27. oktober 2011

Torsdag 27.oktober.

Ettermiddagen går litt for fort. Eller.....eigentleg har den gått ganske sakte, for eg har fått holdt på med mykje av det eg har lyst til. (Meir enn normalt). Likevel, no nærmar klokka seg sju og tid for årsmøte i musikken. Då går tida litt for fort att.
Steffen er ute og leiker med venene sine. Om eg ikkje tar heilt feil, går det i gøymsel. Det er jo gøy! Det skjer at eg hiv meg med, eg også, men ikkje i dag. I dag har eg berre holdt på med musikk.
Sidan eg stort sett er åleine heile uka, kan eg sikkert vente meg ein som kjem inn døra 2 minutt på sju. Sånn akkurat tidsnok til at eg kjem meg på møtet. Det held det........Så får eg sjå om eg fullfører heile øvinga i dag, eller om eg kapitulerer litt tidlegare. Eg har liksom ikkje heilt spelemodus i kveld. Formen er heilt fin, men av uforklarlege årsaker kjenner eg berre at eg ikkje har så valdsamt lyst å spele. Det skjer ikkje ofte, men det hender seg.

Ronaldo har forsøkt seg på erotisk dans. Sikkert ikkje noko vakkert syn. Fotballspelarar er ikkje av dei mjukaste.
Så har vi han som ringte politiet av di han trudde at månen var ein UFO. Slå den!
Mote-Vanessa skiller seg. Eg har aldri høyrt om ho....... Sikkert interessant for andre.
De rødgrønne gambler med din pensjon. Javel. Det går vel sikkert bra det også. Det er no akkurat no eg lev. Eg veit vel ikkje eingong om eg nokon sinne får bruk for pensjonen. (Eg håpar jo det). Det bekymrer meg lite med andre ord.
Nordmenn vet for lite. Vi veit ikkje kor mange muslimar som bur i landet. Som om eg føler behov for å vite det??

Nei, klokka er plutseleg ti på sju. Kanskje eg skal kome meg i klærne og gjere meg klar for bilnøkkelskiftehendertid. I morgon er det fredag og helg. Eg gler meg:=)

Ha ein fortreffeleg kveld!!!

Hasta pronto.

I want you tonight......

onsdag 26. oktober 2011

Onsdag 26.oktober totusenogelleve.

Der kom onsdagen på ny. Trur eg skreiv det forrige onsdag også og det føles nesten ut som om det berre er eit par dagar sidan. Det har vore ein hektisk dag som eigentleg har gått i eitt. Eg trur kanskje ikkje eg har rukke så mykje som å opne ein einaste mail idag. Desto rolegare har ettermiddagen vore. Godt er det.
No er det ikkje noko negativt bak det at det har gått i eitt i dag. Det har vore mykje interessant, så det er ingen grunn til å klage. Det var berre litt hektisk å ikkje ha tid til å områe seg i løpet av dagen.

Steffen har besøk av ein kompis og det slår aldri feil. "Mamma, kan du lag skattekart?" Så settes det opp det bedårande fjeset med smil og auge som ser vanvittig uskuldige ut. "Vær så snill." Armane rundt nakken og ein megaklem. Hmm.....Kven klarer eigentleg å seie nei då? Utspekulert....... (Det har han etter mora. Ho kan vere utspekulert ho også). Så eg har laga skattekart og skatten er funnen av to "lykkelege" born. Det blir med det eine skattekartet idag. Det blei godtatt før start. Elles kunne eg risikert spørsmålet: "Kan du ikkje lag ett tell? Vær så snill.....". Dei held det dei lova. Ingen fleire spørsmål. (Det er jo litt koseleg....).
No er det visst bornetv-tid, så då er det sofaen som gjeld. Eg sneik meg likesågodt inn her.

Amy Winehouse hadde 4,16 i promille då ho døydde. Alkoholforgiftning kallar vi det. Slik får du sexy jeansrumpe. Hahaha, det får eg aldri uansett....... Sexy danse-Atle som smykkemodell. Tja, definer sexy....... Joda, han er sikkert bra "hot", men dog ikkje så altfor mandig. (Sorry, no tergar eg vel på meg halve kvinnfolknoreg). Nå ser 22-åringen fram til å bli den nye reklamemodellen til det italienske merket Police. På de ferske reklamebildene poserer Atle i bar overkropp med både klokker og smykker fra merket. Helt uproblematisk, ifølge Pettersen. Ja, han har i alle høve ein dyr kropp. Ingen tvil om det. Han er jo tegna over det heile. Tatoveringane hans er nok ikkje rimelege. Eg kunne sikkert kjøpt bra med musikkutstyr for same summen.

Mor (38) skal ha drept hele familien sin for forsikringspenger. Steine vere, då er du desperat!! Ein er kanskje ikkje så lykkeleg der ein er om ein gpr til eit så drastisk punkt. Jaja, det er jo ikkje noko nytt at det fins mange sjuke mennesker i denne verda. Eg skulle då vel mykje heller levd under fattiggrensa enn å synke så lavt. Eg reknar med det er snakk om bra mykje pengar. Noko anna vil vere rart. Eg håpar det var verdt å gjere det med tanke på at det både blei oppdaga og at ho må leve vidare med det. Familien er jo eit ord som seier at det er snakk om meir enn ein person. Då er det nok stor sjanse for at det innbefattar born også. Tragisk!!

Smugtitt i sminkepugen til Maya Vik. Javel? Kvifor skal eg ha interesse av det? Hennes sminkepung hjelper ikkje meg i noko særleg grad. Sikkert stort for den som har laga innslaget. Stå på. Då kjem du deg snart opp og fram. Slike tøffingar vil alle aviser ha!! Sånn:=)

Hver tiende norske kvinne utsatt for seksuelle overgrep. (Hevder en amerikansk presse). Det er jo hyggeleg at New York Times interesserer seg for det som skjer i Noreg. Likevel, rart at det er nettopp dei som skal offentleggjere slike tall. Kvar tiande kvinne? Ganske høgt tal, då! Reknar med dei tar høgde for kva som skjer i dei ulike heimane også i den samanhengen. Det er faktisk slik at vi er kjent for å vere eit av dei landa som slit mest for å få ned talet på seksuelle misbruk og valdtekter. Kva grunnlag dei byggjer påstandane på, veit ikkje eg. Om ein skulle la slike tal tale for seg, kunne eg byrje å spekulere i kven eg trur er utsatt. Med tanke på at ein kjenner fleire hundre kvinnfolk her til lands, skal jo då 10 % av desse vere innanfor denne gruppa. Litt creepy å tenke på! Det er berre å la vere å tenke på det.
Om vi hadde vore meir vakne, ville vi kanskje gjennomskua fleire, men eg trur likevel det beste er å ikkje tenke for mykje. Så får ein berre beklaga om det er nokon som går der ute og håpar at vi skal sjå det.

Vi trenger en junkfood-avgift. No er det fleire og fleire som byrjer å sjå på temaet junkfood og kva ein kan gjere med "problemet". Enkelte samanliknat det med alkohol og meiner det på lik linje må kome ei avgift i forhold til dette.
Noreg har i lang tid lege ca 20 år etter Amerika i tid når det gjeld fedme. I Amerika er dei no komen til det stadiet har dei får fleire og fleire som liknar på sumobrytarar. (Fedmerelatert). Der Noreg er no, var Amerika for tjue år sidan, og om vi ikkje gjer noko med det no, vil det segle opp som den største folkesjukdomen nokon gong.
Ein kan jo spørre seg kvifor det er så mange som spiser så mykje junkfood. Det er jo ikkje akkurat så supergodt om ein får det for ofte. Enkelte lev faktisk av det. Dei er innom desse "sjappene" kvar einaste dag. Det er nok alt anna enn sundt. Ikkje fattar eg at dei klarar å ete det i såååå stor grad, men det skjer.
Eg trur nok dei fleste et junkfood ein gong i blant. Det må jo vere lov å kose seg med det også innimellom. Det er vel ikkje så usunt, det? Likevel, eg ser poenget. Butikkane bugnar over av "dårleg" mat.

Det er mange aspekter i ei slik sak. Ta ei så lita bygd som vi har, til dømes. Vi er på ein måte litt privilegiert (om ein kan bruke det ordet). Ikkje bur vi slik til at borna både må bringast eog hentast pga lang skuleveg (sjølv om enkelte vel å gjere det likevel). Fotballtrening, kulturskule, vener......Alt er nært. Ein treng heller ikkje vere redd for å sende borna ut for å leke. Inga frykt for at det skal skje noko kriminelt mot dei. Ergo får vi heller ikkje eit liv som er så stressande som mange andre stader. I byane er dette eit større problem. Bornehagen dei har fått plass i, ligg langt unna heimen. Skulen likeså. Slik kan ein ramse opp ein heil del.
Nettopp desse stressfaktorane er med på å gjere kvardagen til veldig mange ganske hektisk. Då er det lett å ty til junkfood, blant anna. Eller slenge ei grandiosa i omnen osv..... Rett og slett for å få tid. Ein arbeider så langt unna heimen og skulen at det er seint på ettermiddagen før ein er heime. Eg skjønner godt at ein då vel å lage hurtig og enkel mat. Det er liksom viktigast at dei får i seg noko, enn ikkje å spise i det heile. 

Det kunne jo bli litt artig i denne verda om alle blei like runde og vi trilla på besøk til kvarandre.........

Nei, kanskje eg burde finne på noko fornuftig å gjere. Sjølv om eg ikkje heilt veit kva det skal vere. Det er deileg å ikkje gjere noko også:=) Først skal eg ta å avslutte Steffen sin kveld med å sjå Tom og Jerry med han. Han har nokre få minuttar att før badet kallar og kva er vel artigare enn å sjå katta og musa i aksjon? Eg flirer like mykje, eg også:=)

Ha ein kjempefin kveld!

Hasta pronto:=)

I can't stop thinking........

tirsdag 25. oktober 2011

Tysdag 25.oktober.

Akkurat no skulle eg anten ønske at klokka var litt meir, eller rett og slett litt mindre og at eg var ein heil annan stad enn her eg sit. Eg er ikkje så veeeeldig glad i å vere irritert, men kjenner at eg er det litt akkurat no. Det går vel forhåpentlegvis fort over.
Denne dagen har ikkje akkurat vore det ein kallar for heilmaks. Så byrja den rimeleg tidleg, då. Lenge før det eg er vane med. For første gong på leeeeeenge vakna eg av ei vekkerklokke som ikkje er mi. Eg søv som regel over den....... I dag vakna eg av den, klarte i tillegg å gå ut av senga og inn på badet før eg skjønna at det ikkje var på tide å stå opp. Då var eg jo allereie vaken....... Jaja. Eg la meg no under dyna att og slappa av halvannan time før eg karra meg "ut" att.

Ein dag som startar slik, blir som regel ikkje bra. Eg fann sjølvsagt ikkje nøklane mine i morges. Dei er eg ganske avhengig av i løpet av ein heil skuledag.
Så gjekk eg til time utan å ha med meg noko som helst av det eg skulle bruke. Då kjente eg at eg blei heilt varm av frustrasjon, men tenkte også samtidig at "no kan det berre gå oppover".
Eg fann nøklane. Eg hadde dei med meg heile tida utan å vite om det. (Det er til å bli sprø av). Inni ei lomme som var inni ei lomme (eller noko sånt....). Jaja. Eg kom meg no i mål i løpet av dagen.

Så då eg entra stova rundt klokka fire, var son min allereie igong med leksene. Han måtte sjølvsagt spørre om noko han ikkje var sikker på, og det viste seg at han hadde stått opp med akkurat same foten som mora i dag. Hyggeleg. Det er det dei kallar god kombinasjon. Not!!

Jaja, kvelden har vore grei då....... Eg har nok ikkje vore heilt på topp, men ok. Eg har vore på øving og det er alltid gøy, sjølv om det er på ein dag som denne.  Det er i alle høve det mest positive med denne dagen.

Ho-ho-ho-no. Nissen har gått konk. Snakk om dårleg julegåve. Det måtte jo vere det første eg las då eg nett opna linken til Vg.
Byttet ved fødselen - oppdaget etter 12 år. Nei, dette er ein dag der ingenting går min veg. Sukk!
Ikkje det at dei her stakkars borna har så mykje med meg å gjere. Det er berre at det kun er slike saker det står om. Nedtur.......

Det er nesten november og det betyr at det kun er ein månad att til førjulstida startar. Pepperkakenene er allereie komen i butikken. Det er til å bli "klar" av, men litt koseleg også. Det blir vel kjøpt eit par boksar med pepperkaker, men når desember kjem, ja då er det vel likast å lage dei sjølv. I alle høve når ein er småbornsforelder. Det er kjempekoseleg å lage hus og alle dei fine pepperkakefigurane.

5. desember skal eg til Oslo ein tur. Det er ein måndag, så eg vurderer sterkt å reise ned allereie sundagen. Ei natt på hotell og kanskje ein tur langs Karl Johan måndagen er jo ikkje akkurat å forakte. Eg har eigentleg aldri vore særleg mykje i Oslo i førjulstider. Eg reknar med det bere litt meir preg av jul enn her i denne "lille" bygda. (Eg seier ikkje på nokon måte at det eg negativt for bygda......!)
Så spørs det............ Slik tilstandane er i Oslo, ifølge media, veit eg ikkje heilt om eg tør å reise kvelden før. Ei kvinne åleine på bytur. Hmm! Kanskje eg kan kontakte "Spiderman", "Batman" eller "Superman"?? Liksom som min guardian angel......... Byen er jo full av galningar. Likevel, ein skal vel ikkje la seg skremme av slikt. Det er nok ingenting som kan skje meg ein sundagskveld. Då er ein jo litt paranoid. Det blir berre stress å dra tur-retur same dag. Så då blir det vel sundagen:=) Ding dong merrily on high..........

No kjenner eg eigentleg at eg ikkje gidd å vere irritert lenger. Alt ordnar seg med ei natts svevn. Ingen tvil om det. Eg veit nøyaktig kor eg ser for meg at eg vil vere akkurat no, men eg trur nok eg berre skal legge inn årene og krype til køys. Det betyr ei kald dyne......

Ha ei god natt:=)

Hasta luego......

I wanna feel you.....

mandag 24. oktober 2011

Måndag 24.oktober.

Så var uka i  gong. Det er måndag og "har lyst til å finne på noko"-dag. Å vaske tar fort knekken på det, så difor gjorde eg det.... At ein til tider kan vere "svimåt" kom verkeleg til sin fulle rett i dag. Etter at eg hadde vaska ferdig det eg tenkte, satte eg liksågodt jif'n og klorinen i kjøleskapet. Smart!! Så om det er nokon som plutseleg fell om her heime, så veit ein kven som har skulda. Eg har aldri prøvd med litt klorin i sausen før, så ein gong burde jo vere den første. Jaja......

Akkurat no gjer eg det kvinnfolk kan best, nemleg å gjere fleire ting på og same gong. Skrive på pc, mobil, spele på kornetten, spis og ordner trålaus forbindelse som har vore sakna i fleire uker. No er det på stell! :=)

"Heller pappa enn pupp". Jaha...? Det står på nettet. Trur kanskje eg må opne den og sjå kva det dreier seg om. "Skal fedrene ta makta hjemme, må vi mytene om ammingtil livs". Det er likestillingsministeren som talar menna si sak. Puppen står rett og slett i vegen for pappa. Hahaha......
No skal det ikkje lenger vere slik at kvinna skal få velgje borna framføre jobben. No er målet å få menna heim. Lykke til:=)  I følge Lysbakken påstår at dei fleste berre ammar om morgonen og kvelden etter borna er seks månader. Då trur eg kanskje eg skal teie stilt om kor lenge EG amma. Han ville vel aldri tru meg.

Det som før var eit viktig fokus på amming, har gått over til å bli eit hysteri. Dersom neste generasjon får litt mindre pupp og mye mer pappa, er det akkurat det vi trenger for å komme videre med likestillingen. Javel, om han er så sikker på det, så er det vel rett då? Eg veit ikkje svaret og eg treng ikkje bry meg. Eg er ferdig med det for lenge sidan, så det så.........

"Madonna er god for milliarder - broren er uteligger." "Åge forteller om selvmordsforsøk i ny biografi." I tillegg frykta han at faren skulle drepe mora. Hmm.....Oppløftande å lese nettavisa i kveld.
Eg hugser at eg som tenåring las boka om livet hans. Trur kanskje det var mamma som hadde kjøpt denne biografien. Det var ikkje akkurat så oppløftande tekst. Det var mykje mørkt å lese. No er det komen ei ny biografibok og den er visst ikkje meir positiv, den heller. Eg veit ikkje heilt om eg villa ha bretta ut slike ting det står om i boka for "heile verda". Det er jo ganske sterke saker til tider. Ikkje veit eg om foreldra lev enno heller.....

Obama skriver sjekker til amerikanere i nød. Obama mottar over 20 000 brev kvar einaste dag!! Puh...  Han opner fleire av dei og sender faktisk penger til fleire av dei som skildrar nauda si. Eg veit ikkje heilt kva eg syns om det. Eigentleg er det jo kjempebra, men det blir likevel litt feil. Breva burde heller bli brukt på ein slik måte at dei jobbar med å få bukt med dei problema som breva tar opp. Det må jo vere betre å gjere noko for folkegrupper enn å sende ein og annan litt penger som liksom skal "hjelpe". Jaja....Det hjelper jo der og då, men kva med tida etterpå. Då er dei jo attende i det same sporet som før. Førebyggjande arbeid er mykje viktigare.
Amerika er jo veldig stort, så det er nok ikkje berre, berre å få ting gjort. Det er vel så mykje fattigdom der og dårlege reformar som har vore, at dei aldri vil få bukt med problema. Eg er glad eg berre er "den vanlege mann i gata". President blir eg aldri.

Dritthuset hennes er som mitt toalett. Nei og nei.....Er ho godeste Anna Anka eit heitt tema i media enno? Eg trudde det kanskje skulle bli litt stille rundt ho no når ho ikkje lenger er med i "Skal vi danse". Så feil kan ein ta! Anna Ankas realitysirkus ruller videre. - Maria er faen meg dum i hodet. Antydes det at det er ein eller annan feide på gong?? Klikk, klikk på teksten for å lese........
Det er visst ein mediekrangel som har vore lenge. (Mellom Anka og ei anna svensk Hollywood-berte). Det er visst Anka som kjem med dei litt spesielle uttalelsane om toalett osv... Kanskje det er ho sjølv som er dum i hovudet?? Eg skal ikkje uttale meg om det. Eg trur kanskje ikkje eg skal stjele den kommentaren til seinare bruk heller.......Det kan sjå ut som om at det er ein heilt unødvendig dialog dei imellom. Det likaste ville vore å la kvarandre vere i fred. Det er jo berre mi meining, så den tel ikkje i den store samanhengen.
(Eg vil heile tida kalle ho for Kalle Anka. Eg kan ikkje heilt skjønne det. Er ikkje det det same som Donald Duck, eller noko?).

Ha ein super måndagskveld, det som er att av den:=)

Hasta pronto!

There is only a lot of yes inside of me:=)

søndag 23. oktober 2011

Var det eit hint???

Sundag 23.oktober.

Jaja....enkelte kvinnfolk er riktig så heldig i valget av mannfolk (eller akkurat det stikk motsatte). Atle Antonsen og Ole Endresen........... No tenker eg ikkje det at dei er menn å trakte etter, Gud bedre meg, men kjerringene deira må jo ha det fint. To komikarar på tur som berre vil det beste for seg sjølve og damene. Ole er vel kanskje ikkje komiker, men reggisør.
Det har seg slik at dei har tatt turen over sjøen og hamna i London. Det skal visst vere ein filmfestival der som dei skal overvære. Dei har ingen andre planar enn å kose seg. Drikke champagne, sjå på fiffen osv.....
Så kjem kluet! Dei har høyrt rykter om at godeste George Clooney reker rundt i gangane på festivalhotellet. Etter kva eg har høyrt om Clooney tidlegare, har han ville nachspiel. Det har tydlegvis Atle og Ole også høyrt. Eit slikt nachspiel vil dei også vere med på og dei er villige til å gå langt for å få oppfylt den dramumen. Då¨meiner eg veeerkeleg langt. Dei offentleggjer kor langt dei er villige til gå i avisa, før dei i det heile har lufta det for kjerringane sine.
Eikvar kjerring fantaserer om Clooney. Slik er det berre. Atle og Ole tenker at dei skal vere så grei at dei skal tilby Clooney å ha sex med damene deira for å få kome på nachspiel. I følge dei, vil akkurat det vere vinn-vinn. Damene får kost med Clooney, medan Atle og Ole kan skryte av å ha delt dame med han etterpå. Jaha........Tviler på at det er så mange menn som ville ha strukke seg så langt.
Eg trur kanskje eg ville ha takka ja til tilbodet (om Clooney sa ja), og så ville eg ha kvitta meg med mannen min like etterpå. Hahaha.......
Eller kanskje ikkje....... Eg hadde takka nei til Clooney og kvitta meg med mannen likevel:=)

VG side 6......1 av 3 kvinner skulle svart nei! Ei av tre kvinner visste allereie på bryllaupsdagen ar dei ikkje gifta seg med den rette. Dei giftar seg av di den biologiske klokka tikkar, von om at ekteskapet skal gjere forholdet betre eller av di dei tror at det er deira siste sjanse til å gifte seg. Ingen andre vil dukke opp. Sist, men ikkje minst, om det ikkje fungerer, kan dei jo berre ta ut skilsmisse.
Jaja, dersom svara var så enkle...... Det kan jo hende "den rette" allereie var opptatt??
I tillegg giftar mannen seg ofte av den enkle grunn at han ikkje vil såre henne. Jaja, om ein mann ikkje har meir guts enn det..........

Det er sundag og kaldt(!!!!!) ute. (Om det ikkje berre er eg som er grueleg frysen av meg i dag). Det har vore ei fin helg på hytta, men det er godt å kome heim att også. Minstemann har verkeleg kosa seg heile helga, og no håpar han berre at det ikkje er så lenge til han skal møte dei andre hytteborna att. Eg trur nok ikkje det blir hytta med det første. Kven veit? Eg tar no det meste som det kjem:=)

Ute er det halvmørkt og ein merkar det frå dag til dag at det blir tidlegare mørkt. Det er vel ikkje lenge før det mest ikkje er lyst ute i det heile. I dag er det den 23.oktober. I fjor kom snøen faktisk 22.oktober, altså datoen som var i går. Så det er ikkje sikkert det er så lenge att før vinteren slår til for fullt. Snøen må berre kome den, for min del, berre den held seg stabil. Eg har avtalt med meg sjølv at eg skal prøve å få gått eindel på ski denne sesongen. Eg gjekk ein god del i fjor, men trur eg vil auke litt på den biten denne gongen, både med og utan Steffen. Eigentleg kunne eg ha tenkt meg å gått ei heil helg på ski, men eg er jo ikkje akkurat så kjent med kor det går an å gå slike turar.

Jaja........

Ha ein fin sundagskveld:=) I morgn starter ei ny arbeidsuke og då er det berre å bryte seg tidleg ut av dyna.

Hasta luego......

Når dyna varmar kring oss båe to.......

lørdag 22. oktober 2011

Laurdag og overgjett......

Eg er overgjett, men det er ikkje noko som har skjedd her på denne fronten. Eg har ein god dag, eg:=) Det er berre det at eg var ein tur på Storjorda for å kjøpe dagens aviser. Eg har ikkje bladd i dei før no, og det er i same samanhengen eg er blitt overjett. At vaksne folk mange gonger kan oppføre seg som born (i negativ betydning), er ikkje noko nytt. Det kan sikkert eg også gjere ein gong i blant...... Likevel, enkelte ting tar jo heilt av. Dersom ikkje bilete lyg, er det ei sak i Vg som berre blir så teit som det går an å bli. Overkrifta er "Denne granen koster 256 000 kroner!" Vi er hamna i Sandefjord (der folk visstnok ikkje er så tolerante).

Eg har studert biletet og det ser ut for at kvinna, som er forulempa av eit grantre, har god utsikt over store deler v området. Grana som ho meiner skuggar for deler av utsikta står ganske langt unna og den kan umogleg hindre hverken sola eller anna.......
Ein klassisk nabotvist som det fins mange av i dette landet. Uansett, det blir litt teit å ta saka langt opp i systemet for dette. Hadde treet stått mykje nærare enn det gjør, kunne eg sett problemstillinga, men ikkje slik det er no.
Høgsterett nektar å ta opp saka til handsaming av di det ikkje er element i saka som vil fungere som presedens for framtida. Han som eig grana, meiner at saken er feil handsama i første omgang og at Grannelova ikkje er brukt etter lovas intensjonar. Ikkje veit eg kva som står i den lova. Jaja....Så blei eit tre eit viktig element i ei sak som opptar både tid og pengar i samfunnet vårt. Ei tid som kunne blitt brukt på noko mykje viktigare.

Sidan Høgsterett nektar å handsame saka, blir ho no avslutta og eigaren av grana må ut med 256 000 i omkostnadar både for seg sjølv og naboen. Det blei ei dyr gra, vil eg påstå!! Eg håpar ikkje dei må selgje huset for å klare å finasiere dette.

No er det ikkje slik at eg syns at folk ikkje skal ta hensyn til naboane. Langt ifrå! Det er berre at det kan virke som at akkurat denne saka verkeleg gjekk for langt i staheit. I alle høve om eg skal la biletet liggje til grunn. Jaja....Godt det ikkje er eg.
Ikkje har eg vanskelege naboar heller. Dei trærne som er høge rundt oss, skjemmer oss ikkje. Likevel har eigerane sagt at vi berre må seie ifrå om vi ønsker dei fjerna. Det er berre bra med litt trær som stoppar litt av vinden innimellom:=)

Ellers blir Gaddafis lik oppbevart på eit kjølerom som brukes av matbutikkar og restaurantar. Æsj..... Det blir med den lille kommentaren der.

Eg var hos hyttenaboen i stad ein tur. Vi er god til å skravle, men det blei no litt tid til å bla i magasiner også. Eg fann eit KK frå sommaren 2010..... Noko av det første eg såg då eg opna bladet, var tre nakne menn, og eg hugsa plutseleg at eg faktisk har skrive om nett desse tre menna tidlegare. KK sine tre (som alltid). Det var om kva menn synest om sin eigen kropp. Desse tre var jo ganske realistiske. Terningkast fire på dei alle tre. (Sikkert av di dei ikkje turte å gje seg sjølv meir av frykt for å virke blærete. Blærete menn likar vi ikkje!)
Det stod fleire interessante ting i bladet (andre artiklar vel og merke), men eg trur synet av dei tre menna har sørga for at det meste falt bort frå begge sider av hjernen rimeleg kjapt. Hahaha....

Denne ukas KK kom i går. Eg rakk aldri å opne det i går kveld (som planlagt). No har eg gjort det. "Hvor ble det av g-strengen?" Er det nokon av oss som saknar den? Ikkje eg i alle fall!
Det er ikkje så lenge sidan eg rydda i trusehylla og i same slengen kvitta meg med samtlege g-strengar. Det har vel aldri vore særleg behageleg med ei truse som er ein tråd inni "u know where...." Eigentleg er det litt rart at så mange syntes at det var sexy med trusekanten langt over bukselinningen. Det var nok ikkje særleg stilig, men dog trendy.
Eg hugser då det var på sitt mest populære. Elevar langt ned i klassane brukte det. Samtidig las ein om at det var alt anna enn bra å bruke slike truser av di dei blei for "tette". Dette nytta ikkje å messe for borna at soppnfeksjon kunne risikeres om dei berre brukte slike truser, nei. Er det populært, så er det populært.

I dag er det vel mest vanleg med "hipster". Det er mykje meir sexy enn string-trusene nokon gong kan kome til å bli. I tillegg er det jo hundre gonger meir behageleg!! "Hipster er kult, medan string er liksomsexy".
Så takk til dei som gjekk foran og sørga for at string ikkje var så "in" lenger:=)
(Berre ein slepp å sjå menn i string.......)

Grillen er visst ferdig med innhaldet som ligg på den. Det betyr middag! Difor seier eg berre raskt "Ha ein fantastisk fin laurdagskveld!"
Det er mørkt ute og lys i lyktene. Det gjer ro i kropp og sjel:=)

Hasta luego!

Ei dyne med deg.....

fredag 21. oktober 2011

Tjueførste....

Fredag, helg, hytta......... Eg er så trøytt som det går an å bli. Eg trur ikkje eg har lagt meg i normal tid ein einaste kveld heile uka. Det positive med det, er at eg no veit kven som står bak alle morda i kriminalromanen og sit her heilt i ro og fred utan ein einaste lyd rundt meg. I og med at eg er så trøytt, er det veeeldig greit at dei andre er sosiale og ser på "Idol" lenger oppe i lia. Eg nyter roen.........

I dag, i bilen, då vi var på tur utover mot hytta, spurte plutseleg Steffen: "Mamma, heite jorda Tellus?" Eg svara no ja til det og tenkte ikkje meir over det. Så gjekk det eit minutt før han fortsatte: "Jamen, jorda heite jo Gaia!" Ja, ho gjer jo det........ Så var det å kome seg ned på det nivået att og prøve å forklare. Jorda, Gaia, Tellus........... Sukk, det er jo fredag!
Like etterpå følgjer han opp med dette: "Det e ikkje bære en værden." Neheii?? Eg sa no at vi som levde her på jorda kun kjenner til ei verd. "Jamen, æ veit at det ikkje e bære en værden. Det e sånn det e!" Eg kunne jo ikkje akkurat nekte for det. For alt eg veit, fins det mange av dei, berre ikkje her i vårt system. Det var ikkje akkurat slik eg såg for meg at helga skulle starte.
Det er supert at han engasjerer seg for å lære mykje, og han har utroleg god "husk", men ein fredags ettermiddag med ei mor som aller helst berre vil kople av og sooooove, hmmmm, det seier seg sjølv. Her er gode råd dyre.

Vi kom oss på hytta og naboane var allereie på plass. Vi skulle eigentleg ta same ferga alle saman, men dei hadde litt betre tid enn dei hadde rekna med, så dei tok ei tidlegare ferge. Difor var det særdeles deileg å forlate ei hytte under oppvarming og trø inn i ei som var ferdig oppvarma. Kvifor er det alltid slik at det er varmare ute enn inne i ei hytte som har stått tom nokre uker??
Ein annan ting som er veldig rart, er at når ein kjem i hyggeleg selskap, så plutseleg "poff" er ein ikkje å trøytt likevel. Svupp, så var to timar gått og stakkaren på våres hytte som berre gjekk å venta på meg slik at vi kunne starte på middagen....... Minstemann var berre glad til. Han var jo ute og herja med dei andre borna. Reknar med at vi ikkje kjem til å sjå han så mykje i løpet av helga. Først når magen rumlar etter mat......... og knapt nok då.
Attende på hytta og kroppen to baileys rikare.......zzzzzzzzzzzzzz. "Koffor svara ikkje ho mamma når æ prata tell ho??" Slaktet sovna der og då, dog berre i ti minutt, men så altfor tidleg. Eg er no vaken enno og skal prøve på ein time til. Så lenge ein har noko å finne på, så skal vel det gå greit. Eg og snopposen til Steffen, som han la att her sist vi var på hytta og som han berre sååååå har gløymt av. Så det er berre for meg å ikkje nemne det for han og forsyne meg rikeleg!! Ein gong bitch alltid bitch. Hahaha......

Eg har nok vore i mi eiga verd eindel gonger utover ettermiddagen. "Kor e du nu??" har vore eit gjengangsspørsmål....... "Nei, du kan få mykje, men ikkje desse tankane" er vel det som har blitt svart i ørska. Når tankane er der dei ikkje bør vere.....hehe.

OG DER var freden brutt. Eg som snart skulle setje meg ned med Ipad'n og prøve ut nokre akkordrekker. Telefonen ringte akkurat........"Kor blir du av?? Sjå tell å pell dæ hit ilamme oss ainner!" Det var ikkje noko spørsmål. "Eg er så trøytt", prøvde eg meg. "Hahaha....... Det e borte i samme øyeblikk du er ute av hytta. Snask dæ å kom!" Jaja.......Så no bere det vel opp til hyttenaboane, då. Det blir sikkert veldig koseleg:=) Det blir ikkje nydusja, sminka og solidox-glis, men det funker sikkert utan også.
Så då får eg vel berre ta å slutte av her, så ikkje eg risikerer at eg blir henta. Ha ein fin kveld og ei god natt. Eg veit kva song eg skal lytte til før eg sovnar:=)

Hasta luego!

Du e den finaste eg veit.......

torsdag 20. oktober 2011

Torsdag 20.oktober.

Nå blir det verkeleg tidleg mørkt! Eg kjenner det på kroppen ved at eg er litt meir trøytt enn vanleg. Det er jo ikkje noko nytt det, så det er berre å omstille seg raskt:=)

Så er Gaddafi daud, ifølge media. Ikkje veit eg om det stemmer, men om det som står der er rett, så er det ikkje liv i han lenger. For alle som er imot diktaturstyre, er det jo på ein måte ei gledeleg nyheit (sjølv om det aldri er bra at nokon blir drept). Gaddafi skal ha mistet livet da han forsøkte å flykte fra sin fødeby Sirte, som har blitt overtatt av opprørerne. Fotografier fra Libya viser det som skal være den forhatte diktatoren, blodig og forslått. En amatørvideo viser også det som skal være en død Muammar Gaddafi.

Libyas statsminister vil ikke bekrefte om Gaddafi ble pågrepet i live, og sier omstendighetene vil bli etterforsket.
No har det vore uro så lenge i Libya og det attstår å sjå om det blir rolegare. Det kan jo bli spanande å sjå kva form for regime som vil fortsette der. Vegen er i alle høve lang om dei siktar mot demokratiforma. For at dei skal kunne kalle seg for demokrati, må dei nedfelle det i grunnlova si. Reelt blir det ikkje før dei viser det gjennom frie valg, allmenn stemmerett, ytringsfridom osv..... Som sagt er vegen lang å gå.

Siv Jensen får totalslakt som resultat etter korleis ho håndterte Birkedalsaka. I dag seier ho sjølv at ho gremmes og at ho gjorde alt feil. Det var en kaotisk og stressende situasjon. Vi hadde ikke kontroll. Når jeg har sett på opptak av det i ettertid, så gremmes jeg. Det var definitivt ikke mitt glansnummer, sier Siv Jensen. Jaja, det er jo bra at ho sjølv innrømmer at det ikkje var særleg smart. Det er vel fleire av oss som kunne vore hundre gonger betre enn det vi er til å seie at vi tar feil. Det er mange gonger det sit langt inne, også hos meg sjølv.... Så det er vel ingen av oss som kan kaste den første steinen. Ho er vel menneske ho som alle oss andre og like feilbarlege som vi.

Jeg er ekstremt singel. Hmm...Går det an? Ekstremt singel. Kva er forskjellen på det og berre singel? Det er Taylor Swift det er snakk om. 21-åringen blir kalla amerikansk countryprinseesse. Hvis man er en sånn jente som alltid må erstatte én tapt kjæreste med en ny, så blir det bare en evig rekke med gutter. Jeg vil være den jenta som når hun forelsker seg, opplever at det er noe stort og sjeldent, uttalte Swift. Jaha.....Eg ser likevel ikkje forskjellen. Det er ikkje lenge sidan ho var saman med ein fyr og ein annan rett før et, så kva betyr ordet ekstremt? Vi får vel ikkje svaret på det uansett.....

Klokka gjekk litt raskare framover enn eg hadde tenkt meg at den skulle. Det er korpsøving i kveld og dåe r det bere å stille opp. Det er ikkje så lenge til jul, og då høyrer vel julekonsertar osv med på programmet. Kanskje eg skal ta av flylappen frå instrumentkassa (som viser at eg ikkje har øvd dei siste dagane)?!
Uansett, ha ein fin kveld:=)

Hasta luego!!

I can't help it.....







onsdag 19. oktober 2011

Mittwoch! Again:=)

Så var halve uka (arbeidsuka) passert med fleire timar og det er på ny tid for å tenke helg. Kva kan ein gjere for å skape ei mest mogleg spanande helg? Hmm.....Haha, som om det er noko mål i seg sjølv. Her planlegges det lite eller ingenting. Det er deileg, det!

I dag fann eg ut at eg ville kjøpe meg ei papirutgåve av ei hovudstadsavis. Elle, melle....... Det blei Dagbladet, sjølv om det som regel berre er mykje skit i det. Kanskje eg er heldig i dag? Dei må då ha meir interessante saker enn kven Josh Hartnett har klina med her til lands.

Deni Moore er sjokktynn. Tja, i følge biletet av ho, stemmer det godt.Fleire skuldar på at dei siste ukene har vore tøffe pga rykter om at ekteskapet skrantar. Vel, det kan godt vere ho slit av den grunn, men ein blir ikkje sjokktynn på nokre uker. Så mykje veit vel dei aller fleste. Jaja, det er vel like synd på ho som alle andre. Kanskje meir synd i ho som er kjendis, i og med at kjendisane som regel får heile privatlivet sitt bretta ut i media.

Debattsida stiller dette spørsmålet: Hva har en norsk politiker til felles med en japansk drosjesjåfør?
Det kunne jo ha vore eit interessant tema å diskutere. Eg skal nok ikkje spekulere i akkurat det no, for det kan bli litt for gøy...., men Dagbladet har no i alle høve tatt seg tida til det.
Fortsettinga i linja etterpå er berre ein stooor nedtur. Svaret er liksom : Ikke så mye, men i møte med kriser reagerer se omtrent på samme måte. Eg som såg for meg mykje rart oppi skrotten min. Det er ein lang kronikk og enkelte forventningar dukka opp der oppe. Det kan jo enno vere at dei blir innfridd. Eg har jo ikkje lest alt enno, men med den oppfølgingssetningen, så lover det ikkje så ufatteleg godt om det fortsetter på same måten.
Første parallell som trekkes er tsunamien i Japan. Det vises til ein drosjetur der sjåføren ikkje var heilt på stasjon (som vi brukar å kalle det). Ein japaneser er overmåteleg pliktoppfyllande og nett det holdt på å bli skjebnen til denne sjåføren og kunden hans frå Australia. Han ville ikkje køyre på raudt lys, sjølv om ei seks meter høg bølgje kom i mot dei. Det kallar eg mot!! Han lot til slutt reglar vere reglar og køyrde avgarde. Den norske politikaren har (ifølge kronikken) det same forholdet til kriser og protokollar. Då snakkar ein sjølvsagt kun om dersom politikaren ikkje sjølv er trua.
Eg lurar no litt på kva eksempel Jon Gulbrandsen skal kome med, så her er det berre å lese vidare.
Verden trues av sultkatastrofer, miljøøydelegginger og konfliktar i eit apokalyptisk omfang. Det kjem sikkert på grunn av befolkningsvekst, klimaendringar, overfiske, auka energiprisar og bla, bla, bla....... Så kjem kluet! FN og EU seier vi skal løyse desse problema med lovgjevnad, kontroll, styring, intergrering osv..... medan Erik Solheim seier at vi også bør satse på kvinner og bønder i Afrika. OG der datt eg ut!! No heng eg ikkje med lengre. Denne parallellen er sikkert lett å forstå,. Det er sikkert berre eg som er litt treig i dag (igjen).

Det heile vender uansett heile tida attende til denne drosjesjåføren som tilslutt klarte å bli fornuftig oppi heile kaoset. Ære vere han for det. Kv askjer om vi byttar tsunamien ut med matvarekrisa (her er det berre å halde tunga rett i munnen), sjåføren med FN, og journalisten (kunden i drosja) med ein norsk politiker. Sukk..... Eg veit ikkje heilt om eg skal prøve å finne ei eller anna form for konklusjon her. Du godeste Jon, du kunne då ha brukt eit litt enklare språk??

Nei......Det er fine bilete av han Erik Solheim, Jens Stoltenberg og Kristin Halvorsen. Bileta er visst meir interessant å glo på enn kronikken. Kanskje eg tar den fram seinare i kveld med eit litt meir vakent hovud. Akkurat no er det visst ingenting som fungerer. Like greit.......

På Vg si nettside står det kun om drap og likfunn. Det tar visst heilt av på den fronten, både her og i Sverige, tydlegvis. Oppløftande å lese.......

Som flypassasjerer er det mykje vi som reisande må finne oss i. Høge gebyrer, ekstreme sikkerhetskontroller og vond kaffe, for å nemne noko. (No drikk ikkje eg kaffe, så det siste gjeld ikkje meg).  Reisemagasinet Frommer's tok likesågodt og snudde på flisa. I samarbeid med Airfarewatchdog har dei spurt fleire flyverter om kva det er som irriterer dei mest av det passasjerane gjer, eller ikkje gjer - i lufta. Tja, no har jo eg tatt heile 8 fly dei siste ukene, så eg er spent på om eg sjølv kjem inn under enkelte av kategoriane dei kjem opp med.
Dei har laga ei topp fire- liste. Øverst tronar: Følg med, vi vil berre redde livet ditt! Ikkje vanskeleg å sjå den komme. Den passar heilt perfekt. Eg prøver å følgje med når dei står der og viser det vi treng vite om sikkerheita. Eg må likevel innrømme at det slett ikkje er kvar gong augene er der dei skal. Det hjelper lite å skulde på at ein reiser så mykje at ein kan det i frå før. Hmm..... Vi er vel mange som sviktar der.
«Kva seier du?» Folk som ikkje gidd å ta av seg hovuddtelefonar når dei blir servert. Folk skriker som regel når dei pratar med hovudtelefonar.
Ingen manerer Ordet takk er verkeleg mangelvare. Armlenet blri brukt som fotskammel med dei skitnaste sko. I tillegg er det nok av dei som klipper både fingernegler og tånegler (æsj!!) ombord på flyet.
Hør etter! Passasjerer ignorerer openlyst beskjeder som blir gjevne. Det skaper eindel misnøye.
Kanskje det ikkje er så "feitt" likevel.....det å jobbe ombord i eit fly. Det verste er at verstingane er vaksne folk. (Eg kjem ikkje til å gløyme den om tåneglane. Fisj....... Ikkje det at det er ekkelt md tånegler, berre det skjer heime hos ein sjølv. Hallo? På eit fly med mange andre menneske??).

No har minstemann hatt "damebesøk" heile ettermiddagen. Hmm.....Lover det godt, eller?? Klokka nørmar seg leggjetid og då er det tid for mammakos. (Best i verda!!) <3  Det er berre å leggje frå seg minipc'n og gjere den hyggelegaste "plikta" av alle. Reknar med at eg får same spørsmålet som alle andre kveldar. "Kan æ ikkje få ligg ilamme dæ i natt? Du veit jo at det e så godt å ligg intell dæ..." Synd for han at han så sjeldan når fram i den saka. Klokka fire ligg han nok der uansett, for då vaknar eg av ein fot over magen og ein arm rundt nakken (og klistra opp etter veggen!). Då har han sneke seg inn i det stille.
Dei blir vel fort nok stor, så ein skal vel ikkje klage på akkurat det.

Ha ein flott onsdagskveld. Den er såvidt starta......
Hasta luego:=)

You are great...










tirsdag 18. oktober 2011

Tysdag 18.oktober.

Titt tei....så var eg her att:=) Det er tysdags kveld og ein meget god ein sådan. Eg holdt på å hamne i ei lita knipe. Uheldigvis ordna det seg....... Hahahahaha.!!!

No sit eg og lyttar til eit opptak som blei vesentleg mykje betre enn det høyrtes ut rett etter opptaket. Lyden blei heilt anna når den blei spelt over noko anna enn lydopptakaren. Eg er nok dårleg selskap akkurat no, for det er ein som sit i sofaen og søv.

Samtidig som eg lyttar, skal eg ta snarturen innom Vg.no og sjå kva spanande saker det står om i dag.
Tja....Kva skal eg seie? Kalle Anka (ops...DET skriev eg ikkje. Jezzzzes kor borte vekk går det an å bli.) Kalle??? Nei, Anna Anka (sorry for den) føler seg mobba av danser og meiner ho rauk ut av di ho er svensk. I tillegg er ho veldig nøgd med si utringing. Jaja, då ser vi jo kor hovudfokuset hennar er. Ho meiner sjølv at ho eignetleg fortente å vinne. Kanskje ein overdose med sjølvtillit? Det kan jo vere bra å ha det, innimellom, men den bør dog vere realistisk. Ein har trua på seg sjølv om ein trur at ein ryk ut pga av nasjonalitet. Hadde ho vore ein betre dansar, hadde ho også gått vidare. Eg skal ikkje kalle ho for bimbo (sjølv om eg meiner akkurat det), så får eg ikkje slengt attende at eg er frekk. Haha....Jaja, stå på Anna!!

Datter på ni år kjørte full far på bensinstasjonen. Jaha, det er jo litt spesielt, då. Ingen tvil om det.

VGTV skal sende ein serie som heiter "Sammen". Allereie no etter fem dagar med reklame av karakterane i serien, har det vore over 350 000 besøkande på sida. Kan det hende at det har noko med at reklamebiletet som blir brukt er ein mann med nevëne godt planta rundt dei nakne brysta til eit kvinnfolk, mon tru?? Stor fare for det.....=) Eg kjem ikkje til å gå inn og sjekke denne sida, så det blir nok berre ein kort komentar herifrå.

Slik kan du søke i dei nye skattelistene. Mmmmm, nei, står over den. Er nok ikkje så interessert i kva andre tjener. Sorry. Her kjem ingen saftige opplysningar om naboen min. Eg trur kanskje ikkje at eg sjølv har fått attende sjølvanmeldinga mi. Den kjem vel i desse dagar. Ikkje det at eg trur det er så store overraskingar der.

Big Brother.deltakar kollapsa på direkten. Stakkars gut..... No er ikkje eg så stor fan av Big Brother og ergo kjem eg ikkje til å sjekke årsakane til at han kollapsa. Det kan heller dei som bryr seg om det, gjere. Skal eg derimot tippe, er det vel ikkje så mange alternativ å velgje mellom. Denne sesongen er vel ikkje noko likare enn andre, så det legges sikkert like mykje opp til fyll osv......som før. Eit hardt liv i eit innestengt hus er vel nok å kollapse av. Om eg skulle ha gått uke etter på fylla, ja, då ville eg også ha kollapsa. Men sidan eg no eingong ikkje har vore innom og lest kva det dreiar seg om, skal eg vere forsiktig og ikkje påstå at det er det som har skjedd. Det kan jo vere han er ein roleg festbrems for alt eg veit. Det er vel ikkje berre eg som kan vere det??

Josh Hartnett klinte med norske Sophia. Hørt slikt?! 90% av dei kvinnfolka som les VG.no er garantert grøn av misunning. Josh Hartnett!! Han er jo "hot". (Når han er oppsminka og svett på lerretet vel og merke). Heldige Sophia:=) Håper han hadde dårleg ande!!

Klassekampen-anmelder samanliknar Eia med Breivik. Der er eg nok einig med godeste Eia. Det er rett og slett for drøyt. Det må jo vere den verste å bli samanlikna med, ever. At ein som skriv for ei avis i det heile tør å kome med ei slik ytring. Det er vel ikkje nødvendig å kommentere meir enn det?!
(Eia er ikkje min favoritt - men hallo?).

Jaja. No skal eg prøve å få liv i slaktet der borte. Kanskje han søv litt betre om han får seg ei litt betre stilling i ei seng enn samankrøpen der i sofaen. Det er heldigvis ikkje eg som får problem med ryggen i morgon. Eg kunne sikkert ha vore grei og jaga han tidlegare, men eg blei litt borte i musikken og skrivinga. Eg skal i alle høve leggje meg no. Ingen tvil om det. Augelokka er ganske "heavy'e" akkurat no. Onsdagar er ingen gode dagar å vere trøytt på. Ingen andre heller for den saks skuld. No er det no eingong onsdag i morgon, så vi tar den først. Så difor seier eg fint god natt. Å ønske ein fortsatt fin tysdagskveld vil vere å overdrive. Klokka er trass alt snart midnatt. I alle fall før eg er komen meg under dyna. Då passar teksten om at dyna var kald bra:=)

Hasta luego!

I know what I want.......

mandag 17. oktober 2011

Det er mange stjålne kyss i Wallander. Gid det hadde vore meg:=) (Ikkje med Wallander, då!)

Måndag 17.oktober.

Eg har sommarfuglar i magen......

Det er 75 dagar att av året. 2011. Eit greit år eigentleg. Det har vore fleire tragiske hendingar, men ingen av dei har direkte påvirka meg. Så når det gjeld meg sjølv, har året sett under eitt vore bra.
Det er 17.oktober. Kor mange av dåke veit at akkurat på denne datoen i 1986 fekk Lillemhammer avslag på sin søknad om å arrangere OL? Det er også FN's ofisielle dag for avskaffelse av fattigdom. (For det kjem jo til å skje....).
I dag er den norske epledagen! Et norsk eple er nesten synonymt med norsk matproduksjon, og eplet er den frukten vi alle føler er vår nasjonale frukt. Jaja, det har eg ikkje tenkt så nøye over at det gjer noko. Det stemmer sikkert.
17.oktober er sikkert ein fin dato i mange samanhenger........ Eg veit eigentleg ikkje så mykje om den. Kanskje det har vore nokre store historiske hendingar knytta til akkurat denne datoen? I så fall burde eg kanskje vite det, men eg koplar ikkje no i alle høve. Med andre ord: Det ringer ingen bjeller!:=)

Eg sit her og skal motivere meg opp til å rette prøver. Eg har tatt med meg to klassesett med prøver og eitt med stiler heim for å få unna litt no når eg har vore borte. Heller tvilsamt at eg kjem i mål med alt i kveld, men eit stykke på veg kjem eg vel. Forhåpentlegvis blir det litt tid til å bake også. Om ikkje kake, så i alle fall litt knekkebrød. Etter å ha levd ei uke på loff og noko som liknar på grove rundstykker), men som sikkert berre er loff +, kjenn eg at eg verkeleg vil bake noko grovt. Ingrediensane står no der, så blir det jo "spanande" å sjå kven (ops.....kor var tankane henne no???) KVA ein endar opp med. Kven, kva.......kva er forskjellen?? Jaja......Det er sikkert dei her små sommarfuglane som ikkje vil slutte å vingle med vingane sine:=) Hahaha........

Mjelde gleder seg som ein drittunge til kampen mot Brann. Så flott for han! Håper verkeleg han får ein storaften då:=) (Nope....Håpar jo ikkje det, eg heier meir på Brann...). Det vil sikkert gje han ei form for lykkerus om det skjer.
"Det finnes nok mye husmorporno på låven." "Jakten-Bente" har tydlegvis gjeve ein sex-boks (kva no det inneberer) til ein av frierane. Ho frykta det skulle bli klein stemning av det. Det gjorde det tydlegvis ikkje, sidan det stod "frykta" i fortid. Hallo? Kva mann ville ikkje blitt overraska av ei slik gåve? Dei fleste sikkert i positiv form. Hahaha.....Det er godt ho har guts! - Ragnar fortalte jo at han ikke hadde vært i et fast forhold før. Så da tenkte jeg at han kunne lese seg opp litt, forklarer bonden. Hahaha, så utspekulert. Det kunne jo nesten ha vore meg:=) Men berre nesten. Eg trur kanskje eg ville styrt meg. Litt risky ting å gjere, men dog sikkert bra.

Famefuckers vokser på trær, de er overalt.  Kva i alle dagar er famefuckers. Eg kan sjølvsagt prøve å ressonere meg fram til det, men eg trur kanskje det er best å la vere. Eg veit på førehand kor det vil ende.
Trur kanskje det er noko med at det er vansklegare å halde på kjærleiken om ein er i rampelyset (?). Ha, det var ei forklaring langt innanfor grensa av kva ein kunne ha forventa herifrå! Framskritt!!!

For dei som ikkje er lei av å sjå Ashton Kutcher naken, fortsetter filmen han er med i denne kveld. Grip sjansen!!! No har eg ikkje sett han naken før, så eg kan vanskeleg vere lei det. Trur likevel eg står over. Det er ein annan eg har meir lyst å sjå naken:=)

Stilte opp fordi det er morsomt å posere. Jau, jau..... Norum-jenta på 22 år syns sikkert det er morosamt. Det står tydlegvis at ho er langt i frå den einaste som syns det. (Det er snakk om veldig lite klede). Jaja.....Det er no vel langt i mellom det å synes det er morosamt, til det å faktisk gjere det offentleg. Det er nok ikkje eg som hadde turt det. Ikkje av di eg bryr meg så mykje om korleis eg ser ut...... Eg trur likevel eg ville forbeholdt slike bilete til enkeltpersonar og ikkje for "alle". Norum-jenta er veldig søt og fin då, men slett ikkje alle er det, så ein må ikkje vere "smekker" for å stille opp.

Du må vere skikkeleg babe......Og ha over C-cup, bleika hår, Harley og ramsalt humor for å være en ekte bikerbabe. Hahaha.....Stakkars meg, eg vil aldri kunne bli ei ekte berte. Det einaste som held meg innanfor krava er cup-størrelsen, så der slit eg. Kva dei meiner med ramsalt humor, veir eg ikkje. Kan jo vere at eg har eit snev av det, då:=) (Burde eg vite kva det begrepet betyr??).

Nei, det her blei så som så..... Eg kjenner eg treng litt frisk luft. Eigentleg har eg lyst å gå ein tur på høgda, men i dette mørkret ville det vore litt tryggare med ei hand å halde i. Så då blir det vel ein kortare tur om ikkje det plutseleg dukkar opp ein spanade person som...........

Ha ein fin måndagskveld!

Hasta luego:=)

The butterflies lived all the way from the store and long time after I arrived at home.........
I'm lost in you.

søndag 16. oktober 2011

Sundag 16.oktober.

Så var det sundag att. I morgon er det attende på arbeid. Det blir greit å kome inn i normale rutinar att, sjølv om eg er fullstendig klar over at det ligg prøvar og stilar og ventar fint på meg.

I går kveld var eg ute og gjekk meg ein tur. Det var godt sjølv om det var litt yr i lufta. Det blir ekstra godt å kome inn då:=)
Eigentleg skulle eg kose meg med musikk og hobbyting i går kveld. Det kunne eg visst berre sjå langt etter. Eg la meg ilag med Steffen for å lese litt for han. Joda....... Eg vakna no sånn cirka rundt kvart på elleve. Det var den kvelden. Ikkje det at det ikkje var godt å sove, men ein laurdagskveld.......... Det blei ikkje så mykje likare resten av kvelden. I halvt koma sat eg meg i sofaen for å sjå ein film. Den var sikkert ikkje så grusomt spanande (sjølv om det var ein thriller), for korleis den enda, ja, det kan ikkje eg svare på. Eg slukna visst der også. (Kanskje det har vore litt rangling likevel den siste uka. Joda, det var jo det sjølv om det oftast gjekk i pepsi:=)  Det tar vel eit par dagar, så er ein nok i normal gjenge att.)
Det var visst berre å kaste inn handkleet og leggje seg. Det er jo inga vits å sitje i ein sofa og sove? Eg røska med meg den nye utgåva av KK og tusla i seng. Eg hugsar eg opna bladet og tenkte: "Herregud, e alle media samstemte no for tida. Dei skriv jo alle om det same." Så vakna eg i morges klokka halv ni. Lyset var slått av, men eg ser ikkje heilt for meg at eg har gjort det sjølv.

No har eg no lest KK og sjekka om det faktisk stod om det same som Vg skreiv i går. Joda....Berre at i bladet brukar dei overskrifta "Den nakne sannhet". Som eg skreiv i går, har folk for lite sex (ifølge VG). KK skildrar det same på ein annan måte. Vi har sjeldnere sex enn hva mange tror. 31% av dei spurte KK-lesarane seier at dei har sex kun 1-3 gonger i månaden. Eg trur ikkje eg hadde orka å bruke energi på å svare på slikt. To av ti ser på porno. Javel, så veit eg det! Eg bryr med vel ikkje om kva andre gjer. Dei færreste drømmer om å fikse på utseendet. Det er jo bra. Drømmevenninnen vår er Mette Marit. Hmm..... Interessant! Har det vært mange alternativ å velgje mellom, eller har folk kunne velgje blant heile verdas innbyggjarar. Eg kjenner meg ikkje att i den slutninga. Joda, ho framstår jo som tilnærmeleg, naturleg, direkte og open. Det er sjølvsagt eigenskapar kvinner set pris på og ofte etterspør. Likevel.....Eg trur ikkje eg har nok vit opp i min lille hjerne til å tenke i dei baner. Anten har ein "connection" eller ikkje.

KK shar avbilda tre kvinnfolk som utbryter: "Hurra, vi er normale". Kva er å vere normal? Det som fleirtalet av lesarane til KK sine 200 intervjuobjekt har svara? Eg trur eg ville vore meir nøgd med å kunne rope: "Hurra, eg er ikkje blant dei normale!" Vært utro? Større pupper? Botox mot rynker? Nesekorreksjon? Hvem betyr mest? Venninner eller mannen? Forholdet til svigermor? Spørsmålslista er uendeleg lang. Kanskje er vi meir opptatt av slike ting enn vi i røyndomen er villig til å avsløre? No har ikkje eg hjerne til å tenke på botox og nesekorreksjon.....Hallo?? Eg har nok med å klare å putte sånn der "stasj" i håret for å få litt frisyre. Berre det er vanskeleg nok. Fy søren om eg då skulle byrje å tenke på leppene og nasen i tillegg. Og dei rynkene som kjem, ja, dei må no berre kome. Enkelte er jo heilt fanatiske.
Eg fekk faktisk sjå silikonpupper "for real" etter å ha hamna i feil rom då vi var på bytur i Barcelona. Ordet BAR (som i pub) har fått ei heilt anna betydning oppe i skrotten min. Trur biletet har brent seg fast på hjernen min. Eg trur ikkje eg skal utdjupe det så mykje meir. Eg kan kanskje seie at eg opplevde noko som kanskje er dei fleste menn sin draum. Ikkje det at det var så spanande, men no har eg no opplevd det også :=)

Ellers så kan eg informere om at Christina Vukicevic er uovervinneleg!! I alle høve er det nettopp det som står skrive her i bladet.
Det uovervinnelege gidd eg ikkje lese om. Jobb utan søknad".Anne Elisabeth fann draumejobben via Facebook. Heldige ho....... Facebook er vel ikkje akkurat det forumet flest arbeidsgjevarar søker etter arbeidskraft (håpar eg). Ikkje det at det ikkje er mykje bra arbeidskraft på Facebook, men likevel....
Det er sjeldan draumejobben dett ned i fanget på folk. Dei fleste må stå på for å få draumejobben.
Draumejobben? Då må ein vel også vere villig til å ofre enkelte ting. Det er ikkje alltid at nett den jobben er forenlig med resten av "livet". Prioriteringar kallar dei det. Eg trur nok dei fleste studievenene mine ville svart ganske likt om eg hadde spurt dei kva draumejobben min måtte vere. Eg veit kva dei ville ha svart. Det toget er uansett gått for lenge sidan og det er mange andre ting eg måtta ha forsaka då. Livet blir kva ein gjer det til.

Det er tid for middag........ Eg håper dei neste dagane blir fylt med litt anna lesestoff enn andres sexvanar. Dei får folk ha for seg sjølv. Eg har ikkje behov for å vite om naboen har seg eller ikkje.

Ha uansett ein fortsatt fin sundag.

Hasta luego:=)

I will always smile at you......

lørdag 15. oktober 2011

Jaja...

"Mens norske menn må jobbe knallhardt for at sexlivet skal fungere, tar kvinnene for lite ansvar." Sitat slutt....Dagens papirutgåve av Vg. Saka dekker faktisk mesteparten av førstesida. Så kvinnfolk, her har vi ein jobb å gjere!! Hmm....... Kva betyr eigentleg det at mannen må jobbe knallhardt?? Jakte, ta initiativ og prestere? Knallhardt arbeid det!!! Ikkje rart dei er sliten etter ei heftig stund i sengehalmen. Då skjønner eg kva dei meiner med hardt arbeid. Nope.....  Kanskje dei må jobbe hardt slik at dei får masse pengar dei kan bruke til å "sjarmere" kvinnene med. Ja, det må det vere!?

Det er grueleg synd i menna. Dei har lyst på meir sex, men kvinnfolk har helseproblem, er sliten, skuldar på borna, hovudverk osv....bla, bla, bla (den gamle leksa).
42,6% av dei som blei spurt, svara ikkje på undersøkinga. Det tolkar dei til føremon for mennas argument. Det kan jo vere at dei ikkje vil svare av di dei er misnøgde med sexlivet? Seriøse professorar som tolkar dette?? Neppe......  Det står ingenting om dei forholda der det faktisk er menna som ikkje vil. Dei forholda fins vel også?

Det antydes at enkelte av haldningane heng att frå gamalt av. Før i tida var det uhørt at kvinna tok initiativ (stakkars kvinner!). I tillegg er det nok slik at menn vil ha meir sex enn kvinner. Høyrt slikt tull!!??! Det må då vitterleg vere individuelt.......

"Sexlivet stopper opp etter en fødsel." Er det tilfelle?? No henger ikkje eg med....... Ja, dei fleste er vel utan sex i ca seks uker, men det er tilrådd at det skal vere slik. Det er logiske årsaker til det.

Etter å ha lest heile artikkelen, står eg att med at å arbeide hardt betyr følgjande: Mannen må heile tida sørge for at seksualakta blir ei vakker oppleving for kvinna, slik at det freistar til gjentaking.

Jaja, om det som står i avisa stemmer, trur eg at eg må lære meg sjølv betre å kjenne. Eg trudde eg gjorde det, men om det berre er eg som er unntak frå det som står der, så er det jo meg det må vere feil med. Eg har tydlegvis ikkje lært at ein kan skulde på helsa, hovudet, born........eller "whatever". Kva gjer ein med det?
Kanskje menn bør lære seg triksa til lett å kome i buksa på kjerringa. La vere å spørre henne. Det er berre å setje seg ned ved sida av ho, ta føtene hennar i fanget og stryk på dei. Så er det berre å nærme seg litt etter lit. Då er ho solgt før ho sjølv er klar over at ho har gått i fella. Det er jo ikkje akkurat slik at det berre er å slå på ein brytar for å få lyst heller. Av/på-knapp fins ikkje på eit menneske. Då må mannen gje kjerringa lyst. Ikkje berre spørre "Skal vi pule?" Jaja.......

Det er visst ei trend for dei over 30 år. Så dåke som er under 30 år enno, stå på no medan dåke har sjansen. Statistikken seier at det går nedover med dåke etterpå. Hahaha...... Sååååå teit.
Eg skjønner at det er eit problem mange slit med, og det er ikkje noko å le av. Likevel, noko må ha skjedd "på vegen" for at eit par utviklar se i den retninga. Eg kjøper ikkje det argumentet som nesten seier rett ut at det er kvinna si skuld. Det er ho som ikkje vil. Vel.......Kvifor vil ho ikkje?? Begge har vel eit ansvar der.
Om sex er limet i eit forhold, som artikkelen seier, ja, då må ein kanskje leggje ned litt meir innsats på fleire andre områder for å hindre at så skjer. Det fins sikkert fleire nøkler. Eg nektar å tru at lysta berre forsvinn heilt av seg sjølv. Det er jo ein naturleg ting i livet.
Om årsaka er at mannen sovnar rett etterpå av di han er sliten, eller at ho ikkje vil av di ho er sliten, ja, då bør dei vel sjå på sjansen til å arbeide litt mindre. Ein må ta vare på kvarandre på mange andre måtar også. Det kan vere å lage eit godt måltid til den andre om ein har vore ute på reis. Det er alltid koseleg å kome heim til det. Ein kan vise at ein bryr seg gjennom språket. Er ein "frekk" i kjeften heile tida mot kjerringa, avlar det ikkje akkurat så mykje lyst at det gjer noko. Mannen må ta på kjerringa innimellom (på ein god måte), fortelje ho at han er glad i ho (ikkje berre etter nokre øl) og rett og slett behandle ho med respekt. Då trur eg mykje er gjort. Ber ho om fotmassasje.....Ja, gje ho det for svarten:=) 
Dette gjeld sjølvsagt begge vegar. Kvinnfolket må jo også gjere dei same tinga. Det er klart.

Eg trur ikkje dei kjerringene som seier nei, har mista lysta. Langt ifrå. Eg trur berre dei ikkje har lyst på sex med sin eigen mann. På trass av at kjærleiken kanskje er tilstades, trur eg mykje ligg der. Det er ein grunn til at mykje skjer på hoteller rundt om landet når det arrangeres kurs. Mange får merksemd hos det motsatte kjønn, ei merksemd dei har sakna å få heime. Eg kan sjå for meg at det kan slå ut i feile handlingar. Men dette er berre tankar eg gjer meg om temaet. Eg er ikkje i nokre av desse kategoriane sjølv, så eg veit vel ingenting, sånn sett. Hovudverk får andre ta seg av.
Kvinnfolk generelt kan sikkert ta meir initiativ, men det er for lett å snevre det inn til det. Det er ikkje vanskeleg å vere god med kvarandre.
Kanskje burde fleire forhold vore avvikla? Om ein ikkje har "connection" med kvarandre, er det jo ikkje så supert å bu saman heller. (Akkurat det er vel lettare sagt enn gjort - eg veit det, men det er berre tanker).

Vg kunne godt ha funne noko anna til å slå stooort opp på forsida. Tre av fire ekspertar som er brukt i artikkelen er kvinner. Har dei same problemet, dei også? (Sidan dei eigentleg er ganske samstemt)....
Nei, sex er godt, så det er berre å stå på. Så får vi håpe det kjem ei ny trend snart då:=) Kanskje Vg klarer å omvende enkelte kvinner etter å ha tatt det opp som tema i avisa? Kven veit? Eg leser den og gjer meg opp mi meining, men mitt eiga liv blir nok ikkje påvirka av den. Eg gjer som eg sjølv vil, og det kan ingen gjere noko med. Sånn er den saka:=)

Velkommen heim, Beathe...... Første mediadag slo verkeleg til. Gjett om eg har sakna dei dårlege hovudstadsavisene våre...... Nope!!

(PS.......Serier som "Skal vi danse" gjer at kjendisforhold ryker. Det viser tydeleg at intimitet skaper litt av kvart. Eindel av dansane er ganske intime og all den nærleiken til kvarandre skaper nok ein viss porsjon graskap hos enkelte.)

Hasta luego:=)

I wanna be close to you.....

fredag 14. oktober 2011

9999 meter oppe i lufta.

Norwegian er sikker ikkje så treffsikker at dei er på akkurat 10 000, så vi slår av ein god meter for ein kjenning. Om du vil angje meg for det, så vær så god:=)
Vi sit no her, om ikkje halvvegs i koma, så i alle høve veldig nært det ein kallar stuptrøytt. Det er ikkje berre nordlendingar som kan ta av på tur. Eg trur dei nordmenna som kom ned i går, er hakket verre. Dei har altså styra på "heile" natta, så det hjalp jo særs mykje på nattesvevnen. Jaja....... Det gjorde seg då ekstra godt med den herlege frukosten vi blei servert. 1.klasses mat!!! Loffskiver med ost og skinke......og det hadde berre stått klart til oss sidan rett før midnatt. Det er jo berre 7 timar før den skulle hentes. Digg!! Spesielt godt syntes vår kjære venninne at det var då ho først spiste skinkeskiva FØR ho oppdaga at det var ost også lenger ned i pakken.

No sit vi og ventar på ny frukost på flyet. Kjempeutvalg!!! Vi er superpositive. Ingen over inge under. Juhuu.... Eg fekk også nettopp vite at ein av karane var millimeter frå å trø på ein kakkerlakk på flyplassen. Det skulle vore deileg å fått med seg heim. Vi satser på at den holdt seg på flyplassen og ikkje hat hamna i ein bag som skal til herlege og regnfulle nord. Det er stor forskjell på Frankrike(?) som vi er over no og på ei nordlandsbygd som snart er klar for vinter. Det er rart med det. Dei fleste som spurte kor vi kom frå, fulgte alltid opp med eit ekstra spørsmål etter å ha fått svaret. "Er det der det er så kaldt?" Så store deler av Europa trur vi har det så kaldt heile året. Enkelte trudde vi hadde sol i ein månad og snø resten. Lenge leve Norge!

Vi har vore i Spania, men vi måtte vere forsiktige og ikkje seie at vi var i Spania. Vi har vore i Catalonia. Det viser seg at der likar dei ikkje å bli kalla for spanjolar. Det var ikkje berre, berre å hugse på at ein ikkje kunne plystre eller syngje på "E viva Espana". Då satt dei "styggaugene" i deg. Om ein nemnte Spania i teltet, så fekk ein ikkje med seg lokalbefolkninga i stemningsstigninga. Kanskje det blir ei lausriving der?? Ikkje veit eg, men nasjonalfølelen er ikkje den største. Så mykje har eg skjønna. Då har eg jo lært noko nytt også...:=)

Kofferten var godt innanfor grensa. Eg kunne faktisk ha hatt med meg tre kilo til. Så då har eg ikkje handla for meir enn maks 5 kilo. Det er jo ikkje ille....Trur eg:=) I handbagasjen har eg to maracas og ein tamburin. Eg skulle eigentleg kjøpe meg bongos og congas også, men eg var usikker på korleis eg skule klare å få dei med meg. Det får bli neste gong.

I følge Dagbladet.no utdannes det for mange forskere. Det er jo berre å utvide (få fleire tema) kva dei skal forske på. Eg kan vere forslagsgjevar!!
Jon Almaas blir inspirert av ei mannerompe.... Den tør eg ikkje opne og lese:=)  Hahaha...... .. No er jo han komiker, så det er ikkje berre å trekke slutninger ut av den setninga.
Miranda Kerr har 2,5 millinar dollar på brystet....... Så vidt eg kan sjå på biletet, står ho der i bikini. Så då er det ikkje kontantar det er snakk om! Silikon koster vel ikkje såååå mykje. Ho har riktignok store bryst, men hallo....... Vi får håpe ho lever lenge, slik at pengane ikkje er heilot bortkasta
"Se hva som skjer når vi løsner bh'n".... Hmm...... den trur eg at eg hoppar over. Eg viet ikkje heilt om eg vil vite svaret på det.
Kelsey Grammar si fødselsdagsgåve til kjerringa var å gjere ho berømt. Det viser seg at det meir var ei avskjedsgåve. Han sørga for å få ho ei filmrolle før han annonserte skilsmissen for ho. Hyggjeleg........ Mon tru om eg ville fått eit slikt tilbod?? Tja, ei filmrolle ville ikkje vore å forakte:=) Eg trur kjerringa til herr Grammar ikkje blei så glad då ho skjønna kvifor ho fekk den. (Grammar er han som som er kjent som Frasier).
Dagbladet er slett ikkje betre innhaldsmessig enn Vg. Dei har med mykje teite saker. No las eg akkurat denne overskrifta: "Prompet en fyr i ansiktet". Jeeeeezes....... Evangeline Lilly, frå serien "Lost", har tydelegvis avslørt ei mindre delikat side ved seg sjølv. Sjølvsagt noko å blåse stort opp i media.  Det interesserer meg midt i ræva.
Nei, eg trur eg sluttar av før eg får for mykje kunnskap av desse nettstadane. Eg kan heller sitje her og studere dei trøytte andleta rundt meg. Riktig så skjønne..........

Det kjem vel eit nytt KK i posten i dag, så når eg kjem heim i kveld, ligg det vel der og ventar på meg. Kamskje dei har noko interessant  å fortelje der? I såfall vil det vises her i løpet av helga. Håper på heftige saker!! Det kunne vore interessant om det stod om kor ulike mennesker som finnes. Vi har utroleg mange forskjellige mennesketyper og for å nemne nokre........ "Storytoppers" (dei lyg - legg på mykje meir enn kva sant er - skryt er vel meir korrekt), "low-talkers" (dei som prater stille og er vi heldig, så høyrer vi kva dei seier), "close-talkers" (dei som skal heilt opp i augene på deg når dei pratar), og dei som heng rundt halsen på deg (gjerne etter eindel øl og kanskje går under close-talkers" også. Så har vi dei som spyttr grusomt mykje medan dei snakkar. Eitt vått andlet er resultatet etter det. I tillegg har vi dei som omtalar seg sjølv i 3.person. Det blir for eksempel slik at om eg snakkar med ei venninne, så seier eg "No skal Beathe gå heim"....osv..... Alle kjenner vi vel personar som er heilt "ikkje sant" eller "vett du".
Andre gjennomgår ei enorm personlegheitsendring med eit par øl innabords. (Dei fleste gjer jo det, men eg tenker på dei mest ekstreme). Dei er heilt stille og seier lite eller ingenting...... Så plutseleg er dei så verdsvant at det ikkje er måte på. På facebook er det ei eiga gruppe som heiter noko sånt som "Vi som iriiterer oss over at dorullen blir hengt feil vei". Hahaha......Notoriske avbrytarar (er det noko som heiter det?) fins det maaaaaange av. Så, som sagt, det er mange ulike mennesker.... Denne lista er kort i forhold til kva den kunne blitt. Det kunne vore spanande å spørre kva "grupper" av mennesker vi har, berre for å sjå kor mange ulike forslag som dukkar opp. (Og kor mange sprø, herlege eller teite forslag det ville vært).

No skal eg opne mi nye "Einsteinveske" og ta fram boka mi. Det er lesetid. Eg vil nok ikkje finne nokre forslag der.....

Hasta luego:=)

Soon and very soon......

torsdag 13. oktober 2011

Torsdags kveld (ikkje i Nydalen!).

Jaja......så bruker eg kvelden til å vere festbrems. Det er eigentleg heilt greit det. Eg er ferdig med pakkinga (for lengst), så eg har ikkje så mykje brubare unnskyldningar for ikkje å vere med dei andre i teltet. Det er faktisk så enkelt som at eg er så skuffa over mi eiga speling i kveld at eg  heller har tenkt å leggje meg. Eg er berre ein snartur på nettet og ser..........

Det er vel ikkje dei store sakene å berette om. Hmm...... sjekka ut akkurat det. Det er visst gjort eit nytt likfunn (i skogkanten). Eg kjenner eg blir litt "stressa" av det. Det byrjer å bli litt mykje drap her til lands. Berre i Oslo har det vore fire på kort tid.
I dag er det også ein ny galning på motorsykkel. Berre at denne gongen var det ein unge på tre år innblanda. Det fins altså så mange tullingar i denne verda. Tenk å køyre rundt på sin eigen son.....UTAN hjelm. Han er jo ikkje riktg rett. Jaja....... Mykje rart i denne verda. (England).
Du har kanskje oppdaga at eg har valgt seriøse saker? Konklusjonen blir vel då at humøret påvirker ein. Det gjeld nok for meg også. Likevel, eg gidd ikkje nemne fleire saker av di dei virker demotiverande å skrive om.

Eg veit at ein har "ups and downs", men eg treng kanskje ikkje gjere det verre enn det er. Eg skal heller gå opp på rommet og vere småsur for meg sjølv. Det er fleire av dei andre som er dukka opp her no og fleire spør om eg vil ha noko å drikke. Det blir teit å vere høfleg av "plikt", så det likaste er at eg går for meg sjølv. Det har vore ei kjempefin uke. Berre så synd at avslutninga ikkje blei så bra som eg eigentleg hadde forventa. Eg overlever det også.

Vi har ein lang dag foran oss i morgon. Vi blir henta allereie klokka kvart på sju. Så får vi fleire timar å trø på Gardermoen. Er ein heldig, så kanskje ein treff kjenningar?!
Jaja....Sjølv om eg har ein dårleg aften, så håper eg dåke har ein fin kveld. Ha ei god natt:=)

Hasta luego:=)  (Jada, eg skal finne eit anna uttrykk snart)......

A thousand empty miles with space is between us.......
Well, not exactly.......Your in my head.