torsdag 29. april 2010

"Musikkens" opprinnelse.

Ikkje veit eg kva tid den første musikken oppstod, og det gjer sannsynlegvis ingen andre med sikkerhet heller. Det som vil vere mest nærliggande å tru er at det har vore sunge og spelt så lenge det har levd mennesker på jorda. I alle høve klarer ikkje eg å sjå for meg at det nokon gong har eksistert ei verd utan song..... Spørsmåla blir då: Korleis var den første musikken? Korleis oppstod den første tonen? Kva instrument var det første? (Sist, men ikkje minst...) På kva kulturtrinn var menneska då? Kanskje det berre var bruksmusikk?

Om eg ønsker å finne svara på desse spørsmåla trur eg nok at eg må leite lenge. Dei som har mest peiling må vel vere musikketnologane og musikkantropologane. Sjølv etter samtaler med slike folk er eg ikkje blitt særleg klokare..... Vel, det stemmer vel ikkje heilt, men eg sit liksom ikkje att med noko fasit.

Eg går sterkt ut ifrå at dei første menneska som levde var naturfolk. Problemet er berre at dei som i dag reknast som naturfolk står på eit ganske anna nivå enn dei første. Likevel......Eg veit at det er gjort undersøkelser blant stammefolk i Afrika, Asia og Amerika. Ein skal vel heller ikkje gløyme å ta med Australia!
Det som er påvist er at i naturfolkenes musikk så har vi noko vi på fint kallar for den magiskkultiske funksjonen. Eit vanskeleg ord for oss vanlege mennesker. Det er eigentleg så enkelt som at mennesket føler seg i tanke og handling knytta til sed og skikk hos forfedrene sine. Livet er gjennomsyra av av mytiske krefter, noko som kan knyttast opp til musikken i den sammenheng at spel og song ofte er uttrykk for sterk bundenhet til overnaturlege makter. I mange samanhenger vil eg påstå at ein kan seie at musikk er magi! Den kan vere eit tryllemiddel som set utøvaren i stand til å hevde seg overfor naturmaktene. Tenk berre på jakt, krig, frukbarhetsdyking o.l.......... berre for å nemne noko. Nokon syng, andre speler, danser eller klapper og tramper. Desse formene må jo ha eksistert bestandig???

I vokalmusikken er det oftast snakk om einstemmig song. Det er gjerne få tonar...... Variasjonane skapes gjennom bruk av ulike stemmeleier, veksling mellom song og skrik i tillegg til dei dynamiske skiftningane. Dette er reint generelt frå alle dei stadane som det er forska på.
I Afrika har dei også møtt eindel på det som har med vekselsong å gjere. Då er det ofte ein forsongar der det vekslar mellom han og ei gruppe.

I instrumentalmusikken er rytmen det viktigaste! Fleire rytmar speles samtidig (på trommer). Vi kaller det for polyrytmikk. Ein kan trygt seie at rytmane som speles er ganske så meir avanserte enn dei rytmane vi er vant til i vår vestlege musikk!!!

Uansett, det er vanskeleg å finne ut kva tid musikken eigentleg oppstod..... Det kommer jo heilt an på kva vi definerer som musikk. Eg hugser eingong eg var med idrettsklassen min og skulle gå over Folgefonna. På tur ned frå fjellet gjekk vi langs ei elv, og heilt ut av det blå sa eg berre "Eg trur denne elva kling i A-dur!" Medelevane mine holdt på å "døy på seg"!! Det blei ein god latter av det, men poenget eg prøver å få fram med dette eksempelet er at akkurat då så definerte eg musikk ut frå elvebrus..... For meg så har musikk med lydar å gjere. Elvebrus er lyd, bilmotorar er lyd....eksempla er mange.
Lydar har alltid eksistert og følgelig må vel musikken alltid ha eksistert??

Sjølv om verda er gamal, fins det musikk vi faktisk kjenner frå langt attende i tid. Ikkje attende til opprinnelsen, men verkeleg oldtid for oss. Vi har jo eit begrep som vi kallar for "Musikken i oldkyrkja". For kykjefedrene var musikken ein religionens tenar. Den skulle åpne sinnet for det kristne bodskapet. Her er det viktig å poengtere at instrumentalmusikk var bannlyst! Vekselsong mellom to kor var i høg grad aktuelt for den tida. Dette er attende til ca det 4.århundre. Det vil eg påstå er ganske oldtid for oss som lever no!

I antikkens Hellas spelte og musikken ei stor rolle. Her var den spesielt viktig for oppdragelsen. Musikken var stort sett vokal. Instrumenter forekom, men dog sjeldent. Ca.500 år f.Kr. skilte tonekunsten lag med diktninga.

Dei landa som har den rikaste musikalske tradisjonen er Kina, Japan, Indonesia, India og Arabia.
Ellers så kjem det jo også fram av Det Gamle Testamentet ein heil del hentydningar til musikk og musikkpraksis som det er vanskeleg å forklare nøyaktig.

Uansett kor mykje eg prøver å grave i bøker eller samtale med etnologar, kjem eg ikkje fram til noko konklusjon på spørsmåla eg stilte i byrjinga....... Det lengste eg kjem er Det Gamle Testamentet som i utganspunktet omhandlar tida f.Kr. Som sagt er dette oldtid for oss, men verda har jo eksistert i uendeleg lang tid før det..... Så ikkje veit eg!
Det eg veit er at eg sjølv går rundt og nynner veeeldig ofte. For meg er det utenkeleg at song ein eller annan gong ikkje har vore ein naturleg del av eit menneske. Eg nynner ikkje av di eg absolutt vil, fro det berre kjem av seg sjølv. Spesielt gjennom glede oppstår nynninga:=)

Det som attstår å diskutere må vel då vere "Kva tid blei vi som skapninger definert som menneske?" Fans det mennesker då verda oppstod? Kanskje har ikkje menneskeheta eksistert så uffateleg lenge.... Kva stammer vi frå? Apene?? Ei ape syng vel ikkje? Den lager lyder!!!

Nei, det er vanskeleg å trekke grenser...... Eg får vel aldri fullgode svar på spørsmåla mine! Eg kjem ikkje til å slutte å fundere på dei av den grunn. Det er lett å seie at det er berre å akseptere at det er slik det er , men det vil eg ikkje. Årsak?? Den er enkel den..... Eg finn det intressant!!

Kor er musikken om 50 år???

tirsdag 27. april 2010

Inspirasjon....

Det er mange måtar å skaffe seg inspirasjon på! Til og med ei lita rotte kan vere med på å gjere ei eller anna sjel lukkeleg ein dag. Eg kan sikkert dra det enno litt lengre og kome med forslag som er mykje verre enn ei rotte. Sidan det berre er for å statuere eit eksempel, trur eg nærmast at det er best å la vere....... Det finnes jo alt frå det flotte i den eine enden og det lugubre i den andre. Kvar sin smak heiter det vel:=)


Eg trur eg skal tørre å påstå at eg ikkje henter inspirasjonen min i frå det lugubre. Eg håpar i alle fall ikkje det!! No er det vel dei aller færraste som finn den i ei rotte heller........ Eg har holdt rotter i handa fleire gonger, eg, då eg var yngre. Ikkje noko ekkelt med det. Derimot, spør du ei eller anna kvinneleg kollega av meg, trur eg du vil få eit heilt anna svar. Berre tanken på ei rotte er til å døy av.


For eit par år sidan hadde eg klassen min med meg på hytta vi har på Grunnvoll. Ein veldig vellukka tur på mange områder. Forutan det faglege var det jo lagt inn masse skøy. Deriblant Huldra!! Akkurat den biten var ein god suksess..... Huldra var i dei dagar ei ordentleg inspirasjonskjelde til å gjere uskyldig "djevelskap" med elevane. Trur mange ser attende på det med glede.:=)

Men.......Det var det der med kollega og rotter! Eg reiste jo ikkje inn dit heilt åleine med alle elevane. 18 skt personar stuva vi oss inn på hytta. Om kvelden var det passe mørkt ute, akkurat passe til å kunne skremme dei litt.

Det høge graset som er over store deler der inne passer heilt perfekt til å gøyme seg i. Vi vaksne leika gøymsel med borna..... Det var dei store mot dei små. Sjølv må eg seie eg syns vi var gode til å gøyme oss!! Problemet er berre at når ein ligg gøymt midt i blant masse gras, skal du vere heldig om du klarar å unngå at det er fullt av mus rundt øyrene dine. Vi var ikkje så heldig at vi slapp unna mus i graset.
For det første måtte vi ligge musestille i graset for at vi ikkje skulle bli oppdaga. Då seier det seg sjølv at ein får med seg den minste lyd som oppstår. For det andre skal du ha bra sjølvkontroll om du er redd for mus og likevel klarer å vere stille når du høyrer dei pip.........
Min kjære kollega, som er GRUELEG redd for mus, låg på sida av meg i graset. Eg kjente det dirra i heile ho.....Mi utfordring var jo sjølvsagt å la vere å flire!! Kva i alle dagar skal ei lita mus kunne gjere for galt mot eit stort menneske?? Ei mus er vel heilt ufarleg...! Det meinte tydlegvis ikkje ho og følgeleg låg ho der tappert og hadde det mindre bra. At eg flira gjorde det vel ikkje noko betre. Men hallo......Det er meg det er snakk om!! Å be meg om å la vere å flire når det skjer noko som er skøy (i mine auge)....joda, då flire eg vel berre meire:=)
Innimellom er eg vel litt lettare ondskapsfull også....... Så eg må vel kanskje innrømme at eg kviskra utsagn som "Hysj, der høyrde eg ei mus!" osv. (Uavhengig om eg faktisk høyrde det eller ikkje).
Trur kanskje ho følte dei kraup opp etter ho til slutt. Hehe..... Konklusjon: Lettare ondskapfullhet i "beste meining" er nok ei god inspirasjonskjelde!! Hos meg er det slik at det er den beste inspirasjonskjelden ein kan ha. Veit ikkje kor mange gonger eg får slengt i meg at eg berre finn på djevelskap! That's me, and i like it!!! :=) Ein får det ikkje skøyare enn kva ein sjølv legg opp til.

Inspirasjon kan vere så mangt.... Det kommer jo litt an på kva ein skal treng inspirasjonen til. I det her tilfellet er jo målet å komme i godt humør og ha det veldig bra... For det heiter jo at ein god latter forlenger livet...
Om eg skal gå djupt inn i meg og finne den viktigaste inspirasjonskjelda eg har, så trur eg at eg til slutt ender opp med at svaret er musikk. Det er vel eigentleg ingenting som slår det. Uansett humør kan ein finne inspirasjon i musikk.
Dei siste dagane har eg vore superinspirert, og det berre avdi eg har høyrt ein sang av Cliff Richard som eg heilt har falt for. Eg høyrer på den kvar dag, har lært den utenat, rytmen får meg i knallhumør, andre blir glad av den smittandes effekten og eg berre gler meg til å få øve på den i kveld med gutta boys!!! Når ein blir så påverka som eg blir av den låta, kan ein trygt seie at det er ei god inspirasjonskjelde:=)

I'll never make you feel blue!!

mandag 26. april 2010

Måndag 26.april 2010.

Ei ny arbeidsveke er igong. Det er måndag og det er snart mai månad! Berre sjå ut vindauget så ser du det heilt klart.
Eg trur eg blir gal av desse vèromslaga. Det er nesten ingenting som tyder på at det snart er maifeiringer osv....... I går var eg vitne til både snø og hagl! Jaja..... Det er jo fint for dei som enno ikkje har lagt årets ski på hyllene:=) Eg veit det er fleire som går.

Eg skal ikkje klage. Om eg ikkje tar mykje feil, får vi nok mange kjempefine dagar snart..... Det skulle eigentleg vore slik at det var kvoter for soldagar og andre dagar. Som regel er det pyton å sitte inne på eit klasserom i slutten av mai og i juni. Når sola står rett på vindauga, er det vanskeleg å finne motivasjonen. Kvart år har vi hatt mange slike dagar. Så kjem sommaren og vi saknar slike dagar.
I år ser det ut som om vi får "godvèret" litt seinare enn vanleg. Så hadde det vore kvoter på vèret ville vi fått ein fin sommar:=) Vi berre forskyver vèret litt.....

Førstkommande onsdag inviterer Kjøpsvik skule til kulturkveld. Håper det blir masse folk!! Uansett, det blir ein bra kveld. For å ta unna all publikum blir det køyrt to konsertar der elevane frå 5.-9.klasse er aktørar. I tillegg blir det lysbileteshow frå ein del år attende i tid. Sjølv har eg sett nokre av bileta, og tru meg.....det var ei positiv røynsle. Så no veit eg korleis mange av dei som er eldre enn meg såg ut då dei var berre ungdommar:=)

Planen var å skrive eindel no, men det ser ut som om det må vente... Det står visst ein bil utanfor og venter på meg.
Hasta luego!!

I've already fallen.......

torsdag 22. april 2010

Då Didrik tapte kampen!!

Då Didrik vann den norske grandprix-finalen, var eg ganske "lukkeleg". Han var ein klar favoritt hos meg og eg har sjølvsagt uttalt meg diverse om han.......... Han er jo søt, då:=)
Etter å ha høyrt på songen hans eit x antall gonger, har eg innsett ein ting. Songen er knallfin og han synger kjempebra, men det er jo det han skal leve av. Når ein går på den skulen som han går på, er det naturleg å ha forventningar til ein opptreden. Det blir akkurat som at ein mekaniker skal klare å fikse ein mekanisk ting, og det er jo ikkje akkurat så stort.

Eg har bestemt meg......Didrik har tapt!!! Han har tapt for ein med mykje meir sjarm:=) Sjarmen ligger ikkje i stemmen! Han har sikkert gått hos sangpedagog i fleire år, og no studerer han med song som hovudinstrument. Klart han syng bra. Korleis kan han ellers gå på ein så prestisjetung skule??
Eg set meir pris på normal sangstemme og sjarm i fleng. Didrik har då vel aldri blunka til meg!!! Ikkje kjem han til å gjere det heller. Så då får han berre syngje med ein slik følsomhet som får ein til å tru at han er god til litt av kvart...... Han er slått på målstreken! Eg har min eigen favoritt, og han syng songar som er finare eller kulare enn "My heart is yours". End of story!!

I'll never start to freeze......

Torsdag 22.april.

For ein herleg dag!! Sol frå skyfri himmel....... Denne veka har eg fått gjort unna kjempemasse. Elevane er i arbeidspraksis, og deler av tida har eg kunne nytta til å planlegge. Eg har verkeleg fått unnagjort masse. Det er berre så deilig å vite at ein er på forskudd!! I bakgrunnen høyrer eg på flotte songar som "Please, don't tease me" og "Gee Whiz it's you I could easily fall in love with you". Det er Cliff Richard som syng desse:=) Akkurat desse songane er lette å få på hjernen, så for det meste går eg rundt og nynner på dei. Jaja.....det er jo fleire som blir i godt humør av det, så då er det jo ein bra ting.


I går kveld var vi fleire kvinner som samla oss til hyggeleg samvær. Det bruker å vere ganske skøy, for det blir mykje fliring....... I løpet av kvelden kom vi inn på det å vere "lærarunge". Det er ei problemstilling det er lett å kome opp i på ein stad som ikkje er større enn her. Det har aldri vore heldig å ha sin eigen unge på skulen, men i mange tilfeller er det vanskeleg å unngå. Allereie no til hausten vil det dukke opp for min del. Vi er to musikklærarar og begge får kvar sin gut i samme klasse. Følgeleg blir ein av oss å få vår eigen son.


Tidlegare erfaringer hos andre er at mange "lærarungar" har følt det som ganske urettferdig at dei har dei foreldra dei har. Som regel får dei vite om det meste som skjer, medan foreldra til alle dei andre berre får vite det som strengt tatt er nødvendig.

Det er blant anna ikkje lov å kaste snøball i skolegården (bortsett frå namngjette stader). Det vil jo vere urettferdig at eg tar sonen min fatt når han kjem heim, berre av di eg ser han gjennom vindauget der han kaster (om det skjer).... Dette er jo berre eit enkelt eksempel, men det fins mange av dei.


Mi utfordring blir å holde hovudet kaldt heile tida og skille mellom det å vere forelder og lærar. Eg må klare å la vere å ta han fatt så lenge eg ikkje får tilbakemelding frå klassestyrer om at han har gjort noko. Akkurat det kommer til å bli kjempevanskeleg. Eg er no eingong slik at eg må ha ting ut av meg før eg klarer å "slippe taket". Det er både på godt og på vondt.

Ellers så er det ofte slik at ein er redd at andre skal tru at ein forfordeler sin eigen unge, og istadenfor så gjer ein det motsatte. Det blir jo også heilt feil. Med andre ord er det ein hårfin balansegang der. Eg skal sjølvsagt gjere mitt beste for at skulen skal bli ein fristad frå meg når det gjeld sonen min, men eg veit det blir vanskeleg!! Men då ligg problemet hos meg og ikkje han, så det er eg som må jobbe med meg sjølv på det området. Eg får heller svelge eit par kamelar enn å absolutt ta det opp med han urettmessig (i forhold til andre).

Eg gler meg til han byrjer på skulen, men eg gruar meg og!! <3

I dag lærte han seg å sykle på "storsykkelen" sin åleine. Det einaste som skulle til var ein veg utan masse grus og at den ikkje var full av telehiv og anna. Vi har øva utanfor her og her er veien ALT anna enn flat. Ikkje hjalp det med støttehjul pga kulen midt på vegen......... Så kjøpte eg ein stav på mandag, som eg festa på sykkelen slik at eg kunne helde han. Ikkje heilt suksess, men dog betre.
Så........ I dag fann mitt lyse hovud ut at eg bør finne ein stad der alt ligg til rette. Vips...... Eit halvt minutt og han var ferdiglært!! :=) Så spørsmålet er: Kor treig går det an å bli??? At eg ikkje har tenkt så langt før...... Overgitt, JA!! Men sånn er det. No kan han i alle høve sykle overalt utan hjelp. Takk og lov for det:=) Det einaste som attstår no er at faren sit på ferga og at han nesten ikkje kan vente til han kjem heim for å vise fram kunstene sine. Vel...... Det er ikkje berre han sjølv som er litt stolt i dag. Eg er det eg og <3

onsdag 21. april 2010

Onsdag 21.april.

Min kjære kollega kom inn til meg med eit bilete tidlegare. Ho hadde leita i gamle bilete og fann to likeeinse.Då tenkte ho at ho skulle vere snill og la meg få det eine:=)
Det har seg slik at dette biletet er tatt, sånn høveleg bra regna ut, hausten 2000. Vi hadde hausttur med skulen og var ved Storbotnvannet. Ein fin tur skal vite, men det er ikkje det som er så bra med akkurat dette biletet.

For ti år sidan å hadde eg jo ikkje hår på hovudet. Etter ei impulshandling i lag med nokre venninner, som var minst like impulsrike som eg var på den tida, klipte vi først håret veldig kort ein fredagskveld. Laurdagskvelden var ALT borte. Det som stod att var tre millimeter med hårvekst...... Det verste var vel at eg aldri angra på denne impulshanndlinga. Eg trivdes godt utan hår....

Kva gjorde det vel at eg ikkje hadde hår??? Vel, den tanken var ok heilt fram til Tysfjord Kommune ringte pappa og spurte om han kunne avsjå meg litt den sommaren pga at dei hadde mangel på folk i heimesjukepleien og ville spørre meg om å stille opp..... Det blei heimesjukepleie på meg i tillegg til kroa den sommaren. Først då gjekk det opp for meg at eg kanskje måtte vurdere korleis eg såg ut på håret. Sjå for deg alle dei eldre menneska eg skulle besøke og det utan hår. Trur mange av dei ville tenkt litt av kvart om eg ikkje fann den løysinga eg gjorde.
Eg valgte å bruke sjal på hovudet heile tida mend eg var i husa til dei eldre. Varm sommar, sol og blå himmel.....Sjølvsagt var det deilig å gå rundt å sjå ut som ei budeie på hovudet....NOT! Det tok ikkje lange stunda før eg bestemte meg for å la håret vekse (sjølv om det er riktig så godt å vere utan).

Ti år er gått og eg har heldigvis ikkje hatt same impulshandlinga på nytt....:=) Uansett, biletet vekker minner!! Eg flirte godt då eg såg det. Kanskje like godt at eg ikkje har scanner så det kan puttast inn her. Hehe.......

Ein endrar seg med åra, både på godt og vondt, men slik er det vel for oss alle...... Ha ein fortreffeleg ettermiddag!!

tirsdag 20. april 2010

Har mista a-um'n...........

A-um, a-um, a-um, a-um......... Kor blei det eigentleg av deg?? Har høyrt deg i heile dag og så plutselig så var du borte. Hmmmm! Går det an? Tårene triller og saknet er stort. Du var så uendeleg masse for meg!!
Herremin hatt kor teit det går an å bli!!!!!!! Har kanskje hatt det litt for skøy i dag!?! Vel, det er vel ikkje dumt det...... Skal nok klare meg uten aum'n! LOL.

Om det har rabla for meg? Tja, ikkje langt unna, sannsynlegvis. Eigentleg kunne det sikkert ha vore ganske gøy om rablinga kom...... Det ville ha vore interessant. Uten tvil!

I desse dagar er eg "åleine" heime, og følgeleg må eg nytte høvet til å gjere det eg liker best. Så dagen i dag har for det meste bestått av musikk og litt meir musikk. (Ta det med ro......eg har ofra litt tid på minsten og:=) Sykling og fotball er skøy!!!). Så får eg sjå kva morgondagen bringer av livets gleder. I love surprises!

I'll never change the smile I'm smiling now......Because I could easily fall in love with you.

Det er midnatt og i morgon venter ein ny arbeidsdag. På denne tida av døgeret har eg vel ingenting her å gjere!! Så for ein gongs skuld skal eg la fornuften seire og slutte av:=)

Tidas favoritt er Bjørn Eidsvåg med: ........eg har lyst, men er redd (no går allting rundt). Eg trur eg blir galen!

Hasta luego:=)

mandag 19. april 2010

Next time.....

Når ein får litt daudtid rundt seg, er det fint å lage nye songar. Så her kjem ein eg laga før idag:=)

I walk down the street and there you come.

Some seconds I can watch you then you're gone.

You put a smile to my face.



I wonder if you feel the same.

Some seconds you can watch me then I'm gone.

Do I put a smile to your face??


Next time I see you I'll tell you the truth,
I think.........again.
I guess I know that's a lie to myself.

I start on my walk right back to my home.
I listen to music I've got from you.
You put a smile to my face.

I know the next hours I'll think about you.
I don't wanna do it, but still I do.
You make me feel so good.

Next time I see you I'll tell you the truth,
I think......again.
I guess I know that's a lie to myself.
We'll see!

Aum, aum, aum, aum.........


søndag 18. april 2010

Sommer 2010.

Så nærmar deg seg sommar att.....eller gjer det eigentleg det?? Føles gjerne ikkje slik når ein tittar så smått ut av vindauget her i garden. Uansett, juni kjem snart uavhengig av kva me ønskjer eller ikkje.
For all del.....Ikkje tru at eg er ein av dei som ikkje ønskjer sommaren velkommen! Det er berre det at då eg kom heim frå hytta etter påska, fekk eg veldig vårstemning og heiv meg rundt og vaska og styra. Det var ein skikkeleg deileg følelse! No er det liksom gått nokre veker, og no er eg rett og slett ikkje sikker på kor våren blei av..... Kven er det som skjular han på loftet????? Kom fram med han, for det er ingen gøy lek dette:=)

I dag, då eg gjekk meg ein liten tur, var det litt blå himmel og godvèr. Rett etterpå snødde det og eg såg mest ikkje havet. Ikkje meir enn få minuttar seinare så var det oppledt og fint på nytt, berre for å kome med nytt snøkav og skodde rundt øyrene våre....... For augneblikket er det sol att, enn så lenge.

Jaja, det er vel ikkje ein unik "episode" heller. Vi får sikkërt ein fin sommar. Tenk det, 2010! Allereie..... Det kjennest ikkje ut som om at det er lenge sidan vi var i bryllaup i Spania. Det er faktisk snart gått eit heilt år.
Nytt av året er at eg faktisk ikkje har byrja å bevege dei små grå i retning av kva eg har lyst å gjere i sommar. Det einaste som eg er heilt sikker på er at eg skal vere eindel på Grunnvoll. Ellers er det ganske blankt.... Kanskje like greit,!?! Med dei vulkanutbrota som er i dag, veit eg ikkje kor lurt det er å bestille nokon som helst billettar. Takke seg til at ein har ei hytte ein kan dra til om ikkje anna lar seg gjere:=)

Hyttenaboen min, ei venninne av meg, pleier å dra til syden kvart år. Som regel er dei ein heil gjeng med kvinnfolk som reiser, men i fjor valgte ho å reise heilt mutters åleine. Å vere heilt blond i håret og dra heilt åleine til eit land som Tyrkia.....Ja, eg veit ikkje heilt om eg hadde turt å vere like tøff.
Eg har fleire gonger leika med tanken på det å reise åleine ein stad, men det har alltid enda med tanken. Når tanken blir for skremmande, er det vel best å la vere:=)
Men, kven veit......?

Trur kanskje eg vil ha ein sommar der eg tar alt på sparket. Det er mykje spanande som kan dukke opp i løpet av ein heil slik periode. Kjenner eg meg rett, legg eg vel snart planar!! Det er nok ikkje verre enn at eg er litt seint ute i år. Det er ikkje i såfall ikkje første gongen...

When I need you, I just close my eyes and I'm with you.......

onsdag 14. april 2010

Tannfèen.

Det er no eingong slik at når ein har små born, er det alltid stas første gongen "ting" skjer. Eksempler på det kan vere når dei første stega blir teke, første ordet som blir sagt eller den første tanna som held på å kome. Likeså gjeld det når den første tanna skal ut.

Steffen fekk si første tann seint. Derfor hadde han for kort tid sidan ikkje mista ei einaste av dei enno. Ein etter ein mista venene rundt han tenner. Ei var vel heilt oppe i sju tenner. For ein "liten" kar føltes det ganske urettferdig. "Ka tid får æ møst ei tann?" var eit spørsmål som ofte blei stilt. Han vil jo ikkje byrje på skulen utan å vere storgut.......

Her rett før påske fekk han endeleg ei laus tann. Gleda var stor og tannfèen var det store samtaleemnet......... Syskenbornet hans hadde fortalt han at det luraste er å leggje tenner under puta i senga og ikkje i eit glass med vann/melk. Årsaka til det er at om du legg ei tann i eit glass, så får du berre myntar. Legg du ho derimot under puta, får du ein papirpenge. Pengar har han sjølvsagt peiling på, så det er ikkje vanskeleg å forutsjå kva han vel.

Eg kan vere tøff på mange områder. Det er ikkje måte på kva eg har tort å gjere tidlegare..... Men når det kjem til ei stakkars lita tann, så tør eg ikkje dra ho ut. (Pingle kallar vi det)!! Då det var eit faktum at den første tanna var laus eller nærare sagt så laus så det går an å få ei tann før ho fell ut, gjekk eg rundt og lurte på korleis dette skulle ordne seg. Lure meg trudde at det var lett å kjenne om det plutseleg mangla ei tann i ein munn. Så feil kan ein ta..........
Eg kom i bornehagen for å hente han heim. Eg såg raskt at noko mangla. Eg spurte sjølvsagt kor det var blitt av tanna. Steffen flira og sa at "Den e jo selvfølgelig i munnen, mamma. Veit du ikkje det?". Han hadde ikkje eingong lagt merke til at det var ei tann mindre. Går det an????? Han trudde meg ikkje før han såg det i speilet.
Då eg spurte dei ansatte, blei dei og heilt "paff". Det einaste dei visste var at han hadde spist eit eple ikkje så lenge før eg kom. Så tar eg ikkje mykje feil, så har han svelgt tanna.
Ops....... Ingen tann - ingen tannfe!
Ei heller ingen tann å fylle i miniskrinet det står "Mi første tann" på.

Det var nok ein som blei nedimellom då tanken om tannfèen streifa innom han. Kva godt kunne eg gjere? Joda, vi måtte skrive brev til fèen og forklare det heile. Kanskje fèen kunne vere snill og godta det denne eine gongen!?! Det gjekk bra!! Fèen var kjempesnill og bytta brevet mot penger. Lukka var stor den morgonen.

I påska byrja visst ei ny tann å løysne.... Kva skulle eg gjere denne gongen?? Eg er då vitterleg ikkje blitt noko tøffare på så kort tid. Hallo...Det får då vere måte på!
Så var det berre å følgje godt med. Tanna blei lausare og lausare. I nokre dagar no så har ho vore lausare enn lausast. Eg har prøvd og prøvd for å mote meg opp til å dra ho ut. Ikkje snakk om. Eg trekk meg kvar gong!
Det er berre det at eg har så liten lyst til at han skal svelge alle tennene sine.

I kveld sa eg berre at eg køyrer meg ein tur, og når eg kjem attende skal kveldsen vere ferdig, tenna pussa og den lause tanna skal vere ute av kjeften. Bom basta!!
Eg blei ikkje sviken....:=) Eg kom heim og der lå tanna så fint i eit glass. Lukkeleg var eg!!!

Hurra!! Det gjekk bra denne gongen. Kva skjer neste gong.......? Håper det blir så lenge til at han riklar den laus og ut sjølv!!!

Tannfe! Berre kom i natt, du!! :=)

....And still I dream he comes to me.

lørdag 10. april 2010

Endring av bornelova.....

Så er bornelova endra. Det er laga nye regler som etter sigende skal skjerme borna for det meste........ Veit ikkje heilt kva eg skal meine om ho, eg. For det meste blir eg vel eigentleg berre forvirra!! Spørsmålet eg sit att med etter å ha lest innholdet er: Korleis blir dagens born som vaksne??

At eit born ikkje skal utsettast for vold er sjølvsagt ein viktig ting å gripe fatt i. Det trur eg nok dei fleste er einige i. Lova er endra til at det også skal gjelde lette klaps. Jaja...greit nok. Det vil vel ikkje vere så vanskeleg å følgje akkurat det opp sjølv om eg eigentleg ikkje er 100% einig i det.
Eg skjønnar jo at dette er eit ledd i det å sikre dei borna som lever i heimar der dette er eit problem, men korleis skal vi få alle borna til å høyre etter om ingenting er lov? For det har seg nemleg sånn at lova også omfattar det å straffe borna, eller det som dei kallar for trusler om straff. Då lurar eg på kva dei meiner med uttrykket "truslar om straff".

Hvis min gut ikkje oppfører seg, bruker eg å seie kva konsekvensen blir dersom han ikkje skjerper seg. Det kan vere seg at han må gå å sette seg i trappa eller at han ikkje får Bakugaen eg lova han osv...... Det kjem an på kva det er han gjer og situasjonen sjølvsagt.
Betyr den nye lova at eg ikkje har lov til det??????? Er det at han må sitte i trappa det dei kallar for straff? Er det at han får beskjed om at Bakugaen heng i ein tynn tråd ein trussel om straff? Kva meiner dei eigentleg? Er det rart eg er forvirra?

Eg har alltid meint at konsekvensetikk har vore ein bra ting. Skal borna lære "alt" gjennom samtalar no? Det fungerer jo godt på ALLE borna....... Borna skal jo lære å ta ansvar. Då må dei jo skjønne kva det innebærer. Gjer dei noko gale så må dei ta konsekvensen av det!

I går overhøyrde eg ein elev som hadde kommet 27 minuttar for seint heim kvelden før. Konsekvensen av at vedkommende ikkje hadde fulgt opp innetida si blei at han fekk inndratt pc'n sin i 27 dagar. Så kan ein spørre: Er det lov i følge bornelova å gjere det?

Audun Lysbakken! Joda, bornelova di er til hjelp for mange, men eg trur du har tatt steget litt for langt.
Eg kjem fortsatt til å sende guten min i trappa og eg kjem fortsatt til å true med å la vere å kjøpe Bakugaen, som han har så lyst på, om eg føler det er det rette å gjere. Så attstår det å sjå om eg blir anmeldt for omsorgssvikt av desse grunnane. Då lurer eg på kor i all verda framtida skal ende. Er det ingen som ser galskapen??

Kanskje det er eg som mistolkar alt?? Ikkje veit eg. Eg veit berre at eg har lest det eg har lest.!!

Fasinerande!!!

Heilt sidan eg var ei lita jente har eg visst om korleis ein fugl lagar reiret sitt. Ikkje akkurat noko nyhende det, då:=) Det er berre det at eg aldri i løpet av mitt nesten femogtredve år lange liv har vore vitne til ei slik hending.
I dag var vi oppover ein tur og fann ut at vi skulle gå på kroa og spise litt kake...... Medan vi satt der, blei eg plutseleg merksam på ei sjur som satt i treet i Thindberggården. Først var det ikkje noko spesielt med å sjå ei sjur. Det har ein sett nok av i løpet av åra. Etterkvart skjønna eg at den faktisk holdt på med eit heilt stykke arbeid! Ho flaug frå kvist til kvist i det store treet. Med nebbet sørga ho for å brekke av kvister og slapp alle kvistene ned på samme sted på bakken. Ganske fasinerande å sjå på. Det var fantastisk å sjå på teknikken ho bruka på å knekke kvistene. Skulle tru ho aldri har gjort anna...:=)

Etter å ha fulgt med ei stund, tok sjura seg ein liten pause der ho leita etter noko å spise. Etterpå kom ho attende, og det viste seg at ho holdt på å byggje seg reir rett nedi gata. Ho var nesten ferdig, og dei kvistane ho skaffa seg utfor kroa tok ho med seg for å fullføre reiret sitt. Utroleg!

Det er mykje som er utroleg, men ein tenker ikkje over det før ein ser det med eigne auge. Men så heiter det dog seg at det er maura som er det sterkaste "dyret" som finnes. Vi veit alle kva ei maur er i stand til......

mandag 5. april 2010

Måndag 5.april 2010.

Som tidlegare sagt trudde dei fleste at då fredsavtalen kom og Tyskland fekk Sudetenlandet så var krisa over. Så feil dei tok....... Hitler hadde ingen planar om å stoppe der. Hitler gjorde mykje rart i tida som kom, men synd for han så må han nøye seg med å spele andrefiolin i dag. For mykje lengre sidan enn 2.v.kr. var det ein "større" mann som levde. Eg rettar takka mi dit for at vi av den grunn år etter år har fine "feriedagar" (i alle høve dei som har dei rette yrka...). I dag må Hitler vike hos meg til føremoner for Jesus.

Øhhhhhhh.........Det høyrdes litt feil ut. Eg har ikkje tenkt å misjonere her på denne sida, men det er no eingong slik at det er ein grunn til at vi feirar påska. Så får kvar enkelt stå for sine eigne meininger og tankar i høve til det.
Mitt bidrag vil avgrensa seg til noko så enkelt som at det har vore ei kjempefin påske med nydeleg påskesol og masse god mat:=)For min del byrja hyttepåskekosen forrige helg. Då hadde sonen min og eg late dagar åleine på hytta....Eller, late?? Vil vel kanskje ikkje påstå akkurat det. Det var nok av snø som måtte måkast av den store verandaen. Puh... I tillegg så er det vel slik at når ein er åleine så kan ein ikkje lite på andre. Då er ein nøydd til å gjere alt sjølv:=) Likevel var det late dagar! Det seier eg av di at sjølv om det var eindel å gjere, så kunne ein styre alt i akkurat det tempoet ein sjølv ønska. Null stress!!!

Ettkvart fyltest det opp på alle hyttene, seks i talet. Vi er ei av tre hytter som har funne det gode selskap i lag. Alle saman er trivelege folk, og det at det er born på alle tre hyttene gjer at borna har nok å gjere. Sjølv om det er deilig å slappe av på slike dagar, er det alltid gøy med fellesaktiviteter. Denne påska var intet unntak......... Ikkje eingong sola svikta oss. Det kallar eg hell:=)

På vår hytte var vi først fulltallige onsdagskvelden. Det var ein liten gut som var salig i blikket då han blei fulgt i seng av begge søstrene sine. Nøgd, ja!!! Trur det var "Tom og Jerry" som blei lest den kvelden. Eigentleg rart at ikkje bladet tok fyr i løpet av påska, for det var nettopp ""Tom og Jerry" som blei lest varm desse dagane. (Då snakkar eg om berre EI historie!! Eg kan ikkje fatte og begripe kva som er så gøy at det må lesast fleire hundre gonger før det blir kjedeleg........ Var eg slik som unge??? Eg berre lurar på det).

Skjærtorsdagen var ein deilig dag. Å vakne til godvèr denne dagen var berre så flott. Spesielt med tanke på at vi hadde planlagt skitur på Ulvsvågskaret denne dagen. Heilt ok mengde snø, men det skal seiast at føret ikkje var noko særleg å skryte av. Det var rett og slett tungt å gå i den "våte" snøen. Ikkje fekk vi noko fart då vi skulle ned fjellsida heller. Men, men......Det var uansett verdt turen!

Eg gløymte sjølvsagt å nemne "Påskeharen"!! Det var jo det viktigaste denne dagen. Haren hadde jo vore på hytta hos oss om natta. På utsida av baderomsvindauget hang det jo ein ballong med eit skriv frå haren på. Haren hadde mista pakken på sin veg mellom trærne, så vi måtte ut i skogen for å hjelpe til å leite etter pakken. Vi fann den........ Lurer du på kor?? Sjekk biletet og sjå om du ser den....
Joda, pakken kom til rette, den:=) Ein som berre var i pysjen ennå var overlykkeleg for at haren hadde kommet med ein kjempestor pakke.

Langfredag var det skikonkurranse for borna. Løpypa blei laga mellom hyttene og det var premie til alle deltakarane. Dommaren var snill og lot meg og delta!! Verandakos høyrer alltid med etter ei slik stund......... Den årlege rattkjelkekonkurransen blandt dei vaksne gjekk ut i år pga altfor våt snø..... Vi kommer sterkt tilbake seinare. Alle kan vel sjå for seg Åshild og meg i vill positur nedover bakken. Alvor er rette ordet. Om ein så skal blø, skal ein vere først ned!!! Trur kanskje Kari-Ann slo meg på målstreken sist gong......Det kan eg ikkje vedkjennast, så neste gong blir det kamp!! End of story:=)

Ellers har sjølve påskehelga vore prega av det gode vèret. Det har vore vanskeleg å få Steffen til å lausrive seg frå stigespel og yatzy, men det har likevel blitt masse utetid.

Det har vore kjempefint å gå turer i fjæra, blant anna. Det har vore deilig med påskeferie, men det skal sanneleg vere deilig å kome i normal modus att også!!
Sjølv om det store hendte for eit par tusen år sidan, er det framleis Hitler og hans gjerningar som opptek meg for tida...... Det er berre å innsjå det. Hitler var ein drittsekk av dei store, men ein interessant ein sådan. Korleis hadde verda sett ut i dag utan han, eller meir viktig, korleis hadde det sett ut om dei ikkje hadde klart å stoppe han? Hadde vi då feira påske på Korsnes??
Vi skal vere glad for det no, for det er ikkje sikkert det er slik seinare. Framtida er vel det einaste vi ikkje har heilt kontroll over......
My heart is still yours!