søndag 27. september 2009

Innholdsrik og bra uke!!!

Denne uka har eigentleg vore ganske innholdsrik. Den starta ganske bra då!! Fekk ei melding tysdag formiddag som gjorde meg veldig glad. Det skulle vere øving med gruppa på kvelden. Eg gledde meg til å øve og gøy var det!! Liker alltid å spele. Nokre mjuke og nokre stive fingrar møttes for å spele litt. Håper det ikkje blir lenge til vi møtast att!
Torsdagen skulle eg eigentleg berre ein snartur innom skulen på ettermiddagen. Det endte med at eg og Steffen deltok aktivt i fotballkamp med ein skokk av born. Det var gøy det og. Vi blei ganske svett, ja. Alltid gøy å leike med born!! Kvelden blei avslutta med ei hyggeleg øving på klubbhuset.
Fredag var det årsmøte i NPC og pizza + flytandes på kroa. Som dei førre tinga var også dette ganske hyggeleg. Eg var først med musikken før eg "joina" Eve. Vi hadde avtala på forhånd at vi skulle gå ut i lag. Koseleg!
Roger har fått det kjempefint på kroa. Han har fått mykje skryt og det ser ut som han gjer ein bra jobb. Flott! Ikkje minst at han serverer middag kvar dag og tar hensyn til dei eldre kaffedrikkarane som har sakna den stunda på formiddagen. I sommar dreit drivarane både i middag og dei eldre. Det seier seg sjølv at det ikkje går bra. Roger ser på dette som viktig. BRA!!
Lørdag var det fotballspeling på nytt. I heile to timar var vi i aktivitet på skolebana. Då gjorde det godt med indrefilèt på seinettermiddagen!! I tillegg baka eg ei kaka:) Men den overlet eg til dei andre å spise. Ellers er det jo ingen vits i treninga......
I haust har eg holdt eindel på med kortlaging. I dag har eg vore på eit tre timar langt kurs med ei frå Fauske. Lærte mykje!! Det beste var at også dette var skøy!! Så takk til Tone Iversen som maser på meg og drar meg med på dette!!
Litt trim har det blitt i dag og. Litt jogging i regnet og sykling i kjellaren har vel forbrent nokre kaloriar. Det kjennest bra!

Så alt i alt har eg eigentleg holdt på med mykje denne uka.
Nå er det sengetid og kryssordløysing som står for tur. Så håper eg det ikkje blir for lenge til eg får melding att..... :)
Hasta luego!

lørdag 26. september 2009

Saknar deg!!

I går satt eg og spelte piano. Midt inni ein song såg eg plutseleg eit bilete av deg. Då var det gjort. Tårane berre kom ustanseleg.... Det har gått ei stund no, og eg skulle ønske at eg kunne sleppe taket. Men det er ikkje så lett skal eg seie, for du var ingen kven som helst! Det var ikkje utan grunn at kyrkja var heilt fyllt. Det var så mange som var ein del av deg, og det var vanskeleg å dele deg med så mange då du gjekk bort. Eg hadde nok med meg sjølv, og då var det vanskeleg når det var så mange som fortalte kor dei sakna deg. Mange gjer det enno.
Det er mykje som ikkje er det samme. Dei fleste seier at det er ikkje det samme utan deg. Gudane skal vete at dei har rett. For meg vil livet aldri bli det samme att. Slik det ser ut no, må eg berre innfinna meg med at eg ikkje klarer å slippe taket på deg. Bildet av mi hand i di skal alltid vere på grava di!
Kvar dag ser eg at du kommer smilande inn døra mi og spør etter "Beste" sin gut! Det er ikkje så mange som har det samme gode humøret som du. Trur ikkje eg veit om nokon andre som har smilt like mykje som deg. Det har lært meg mykje. Den gleden du utstrålte smitta. Det er beviset på at glede kan smitte. Derfor bør vi smile til folk kvar eeinaste dag. Derfor bør ein smile på arbeid kvar dag. Kvardagen blir så mykje enklare då!
Eg var vant med å vere med deg kvar einaste dag. Då eg var på Nesna, ringte du minst tre gonger dagen berre for å vere sikker på at eg hadde spist middag. Du gjorde alt du kunne for at eg skulle skjønne kor du brydde deg om meg. Aldri har nokon gong trengt å få bekrefta kva eg var for deg. Det viste du meg gjennom handling heile livet. Det er ikkje mange dagane i oppveksten du ikkje ringte meg. Sjølv i vaksen alder blei eg kalla for gulldokka av deg.
Eg har så mange gode minner med deg! Det er berre at eg såg fram til mange gode minner framover også. Då Steffen var baby, bad eg kvar dag om at ingenting måtte skje med deg. Steffen måtte få bli så gammel at han kunne huske deg resten av livet. Eg ville du skulle sette dine spor hos han. Det klarte du. Han var og er enno veldig glad i deg. Han "Beste" var den snillaste i verden. Det stemmer godt det. Eg veit ikkje om nokon snillare person. Du var gjennomføt snill. Du brydde deg om alle. Til og med dei som ikkje hadde noko hjalp du. Eg husker den gongen du stod på trappa og han Aldor kom gåande forbi ute på torget. Du syntes så synd på han og ropte han bort til trappa. Du ba han vente litt og så forsvann du inn. Like etterpå kom du ut med fleire fine dressar og andre klede. Så gav du dei til han. Eg husker enno smilet hans og kor glad han blei for å få ordentlige klede. Det var slik du var. Du hjalp dei svake.
Ikkje likte du at born skreik heller. Eg husker då du var på dei små stuer. Dersom ein unge var lei seg hadde du alltid ein is på lur. Så du blei fort bornas favoritt. Som sagt...det var sånn du var.

Det er ikkje rart eg saknar deg. Du har satt dine spor. Det er derfor eg tar meg bryet med å tenne lys sjølv i dei lyse tider. Det er ikkje noko bry. Eg og du hadde noko spesielt!

Kvil i fred!!

søndag 20. september 2009

Impulsiv?

Tja...veit ikkje heilt kor grensa for å vere impulsiv går, men trur eg er i nærleiken. For å vere heilt ærleg er det fleire som burde vore ein god del meir impulsiv enn dei er! Uansett.... Eg har vel alltid vore litt impulsiv av meg. Siste nytt på den fronten er visstnok det siste prosjektet mitt. Forrige helg var eg i Bodø og besøkte storebror min. Det er klart ein ikkje drar på noko bytur utan at det går litt pengar! Eg er vel ikkje noko unntak der.
Laurdagen tok vi alle borna med på "lekedilla", eit eldorado for leikelystne born. Etter ei stund lot vi bror sitje att der med alle borna, medan vi andre tok oss ein etterlengta bytur. Der har dei mykje bra! Ikkje minst hadde dei eit flott bilete. Det var berre å dra kortet det!
Då eg kom heim sundags ettermiddag, så eg på stueveggen. Hmm......biletet skulle hatt litt anna farge rundt seg for å gjere susen. Så på null komma null var det bestemt. Med ein overgjett husbond ved sida av seg, var det berre å konstantera at det var einaste moglege utveg. Han var snar med å seie at skulle stua males, så måtte eg berre sørge for å få det gjort på eigenhand. Det var greit nok det... Det første eg gjorde mandagen etter arbeid var å sørge for å få malinga i hus mendan impulsen enno var fersk. Kunne ikkje sørge for at den skulle få sjansetil å gå over!
To vegger med to strøk seinare, var det ein som ikkje kunne halde fingrane sine i ro lengre. Kor blei det av han som sa at eg måtte fikse alt sjølv?? Då han såg kor fint det blei, fekk han blod på tann. Det passa meg utmerka. Ting gjekk mykje raskare med to.
Så no har eg fått ny stue med eit stort, flott bilete på vegen. Temaet på biletet?? Tipp ein gong... Musikk:)

Helga kom og eg var stuptrøtt. Det hadde vore LANGE kveldar heile uka. Då var det godt å kome på hytta. Trur det blir 2 uker til neste gong. Einar har planer om ei guttehelg på hytta. Då skal eg kose meg her heime!

No skal eg gjere noko uvanleg! Klokka er såvidt passert ti og eg skal rett og slett kome meg i seng. Blir farleg utkvilt i måro då!! :) Natta!

onsdag 9. september 2009

Den stille uke....

Vel, heile uka kjem vel ikkje til å vere så stille. Det er allereie onsdag og til no har den ikkje utmerka seg på nokon måte, anten den eine eller den andre vegen. Med stille uke meiner eg at frå i kveld og fram til fredag kjem eg til å vere åleine heime. Einar og Steffen skal til Bodø i kveld. Eigentleg skulle ikkje Steffen dra i dag, men Elias ringte i går og sa at han har så lyst at Steffen og skulle komme. Einar har ærend i byen, så han må dra uansett. Steffen blei i hundre tvert då han fikk spørsmålet, så då er eg åleine fram til fredag. Når ein er vant til å ha nokon rundt seg mesteparten av tida, blir det plutselig så stille om ein blir åleine.

Eg ser for meg at det blir litt kjedeleg, men eigentleg blir det heilt sikkert berre deilig.

mandag 7. september 2009

Flott helg!

Det er ikkje alltid vèret som avgjer om ein kan ha det skøy eller ikkje. Målet er vel ikkje akkurat at ein skal ha det skøy heile tida, men det meste kommer an på kva ein velgjer å gjere det til.
Vi har i alle høve vore på hytta i helga. Vèret har langt i frå vore det beste, men det vart likevel ei bra helg. Sjølv om det regna både fredag og laurdag, har vi for det meste oppholdt oss ute. Eg og Steffen har kløyvd ved til den store gullmedaljen. Får håpe ingen klager oss inn for barnearbeid...:) Han er kjempeflink til å arbeide!

Laurdagen hadde eg lyst på ein liten trimtur, så då tok eg joggeskoa fram og sprang til helleristningane. Det er vel ikkje lange trimturen ein får på ein halvtime, men betre enn ingenting. I tillegg til all vedklyvinga så vart det jo litt likevel.

Hyttenaboane hadde selebert besøk. Mannfolka skulle sjå landskamp på Tv, så då heiv "Einar" seg med i tittinga. Det resulterte i at eg fekk ei stille stund for meg sjølv på kvelden. Det var eigentleg ganske deilig. Det er ikkje ofte ein berre kan setje seg ned og ikkje gjere noko som helst og samtidig nyte det. Då kunne heller ikkje nokon klage på at eg løyser så mykje kryssord..:) Det er visst ikkje ein altfor sosial aktivitet det, nei....men "gøy".

Live each day as it's the last, it is over far to fast. Remember when you're here, to show the people that you care.

Hasta luego!

tirsdag 1. september 2009

Saknar Nesna!!

Heilt sidan Trude, frå klassen min på Nesna, byrja å mimre frå musikaltida vår har det lege og murra i bakhovudet mitt. Det beste er at vi den gong spelte inn oppsetningane våre. Problemet mitt har fram til no vore at det er på VHS-film. Med god hjelp av ein kjempegrei ekskollega her i Kjøpsvik har eg no fått lagt filmen vår av "Les Miserables" over på DVD. Så i dag har eg sett den ikkje mindre enn to gonger. Det er som om ein blir satt tilbake i tid tvert!!
På den tida øvde vi kvar ein dag. Enkelte dagar var eg oppe i ti timar. Det tar tid å kome gjennom alle solistane i tillegg til koret. Med tanke på at ei forestilling var nesten to timar lang, og eg speler 98% av tida, er det ikkje rart eg satt der med armen smurt inn med tigerbalsam og støttebandasje. Det var godt når alle framføringane var ferdige. Men du og du kor stille det vart rundt oss når vi ikkje hadde noko mål å øve mot.
Det fins ingen større og betre musikal enn denne. Draumen min har i MANGE år vore å reise til London for å oppleva den live. Kanskje på tide å gjere noko med det snart!

Om vi hadde hatt samme rammene i Kjøpsvik, kunne det vore kjempespanande å gjere noko liknande her.

Om to dagar starter vi opp med korpsøving. Det får helde den næraste tida:) Håper mange dukker opp for å spele. Styret har gjort ein veldig fin jobb med evalueringa av fjoråret og har i samtaler med dirigenten kommet fram til veldig bra endriger og mål med øvingene. Det var enkelte ting som ikkje fungerte så godt i fjor. Det blir det no retta opp i.
Håper alle stiller! :) Ellers blir eg skuffa. Det blir ikkje det same utan enkelte.....